Prop. 1 S (2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014 — Utgiftskapittel: 20–51 og 1600–1650 Inntektskapittel: 3021–3051, 4600–4638, 5341, 5580, 5605 og 5692–5693

Til innhaldsliste

Del 2
Budsjettframlegget for 2014

5 Nærare omtale av løyvingsframlegga m.m.

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

Programkategori 00.30 Regjeringa

Utgifter under programkategori 00.30, fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

20

Statsministerens kontor

128 517

91 450

95 600

4,5

21

Statsrådet

150 794

147 800

151 300

2,4

24

Regjeringsadvokaten

72 857

71 700

79 000

10,2

Sum kategori 00.30

352 168

310 950

325 900

4,8

Om Statsministerens kontor, Statsrådet og Regjeringsadvokaten

Statsministerens kontor og Statsrådet

Statsministerens kontor hjelper statsministeren med å leia og samordna arbeidet til regjeringa, m.a. ved å førebu, gjennomføra og følgja opp regjeringskonferansane.

Visse saker vert behandla i Statsrådet under Kongen si leiing. Det gjeld til dømes framlegg til nye lover, budsjettframlegg og andre framlegg til vedtak i Stortinget. Statsministerens kontor har saman med fagdepartementa ansvar for å førebu, gjennomføra og følgja opp Statsrådet sine møte hos Kongen. Vidare samordnar kontoret regjeringsmedlemmane si deltaking i debatter og spørjetimar på Stortinget. Kontoret skal òg stø statsministeren i internasjonalt arbeid. Dessutan har kontoret løns- og arbeidsgjevarfunksjonar overfor regjeringsmedlemmane og andre politikarar i departementa.

Statsministerens kontor har tre avdelingar (ei administrativ avdeling, ei innanriksavdeling og ei internasjonal avdeling) og ein kommunikasjonsseksjon. Regjeringas bilteneste høyrer inn under den administrative avdelinga.

Regjeringsadvokaten

Hovudoppgåvene til Regjeringsadvokaten er å føra sivile rettssaker på vegner av staten og å gje fråsegner om rettslege spørsmål. Regjeringsadvokaten har som mål at staten får dekt sitt behov for advokattenester på ein god måte og slik at dei tildelte ressursane vert utnytta best mogleg sett under eitt. Brukarane skal oppfatta embetet som serviceinnstilt, målretta og effektivt. Saksbehandlinga skal vera rask og god.

Brukarane til Regjeringsadvokaten er dei statlege organa, dvs. regjeringa, departementa og verksemdene under departementa. Saksfeltet omfattar alle område av staten si verksemd. Viktige område er domstolskontroll av offentlege styresmakter (skatt, trygd, konsesjonar, ekspropriasjon m.m.), skadebotsaker, eigedomssaker, saker om arbeids- og tenestetilhøve m.m. I tillegg fører Regjeringsadvokaten saker for internasjonale domstolar, t.d. Menneskerettsdomstolen i Strasbourg og domstolane i EU og EØS.

Kap. 20 Statsministerens kontor

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

98 596

91 450

95 600

21

Spesielle driftsutgifter, 22. juli-kommisjonen, kan overførast

29 921

Sum kap. 0020

128 517

91 450

95 600

Rapport 2012

Post 01 Driftsutgifter

Statsministerens kontor har hjelpt statsministeren med å leia og samordna arbeidet til regjeringa, m.a. ved å førebu, gjennomføra og følgja opp regjeringskonferansane. I 2012 vart den administrative staben styrkt med to stillingar, og biltenesta med ei sjåførstilling. I 2012 var det framleis ekstra utgifter etter terroråtaket mot regjeringskvartalet i 2011. Dette dreiar seg mellom anna om auka lønsutgifter og naudsynte investeringar m.a. i inventar og møblar som følgje av at Statsministerens kontor har flytta til lokalar på Akershus festning.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, 22. juli-kommisjonen

Etter 22. juli 2011 vart det sett ned ein uavhengig kommisjon (22. juli-kommisjonen) som skulle gå gjennom og dra lærdom av åtaka mot regjeringskvartalet og Utøya 22. juli 2011. Kommisjonen leverte rapport til statsministeren 13. august 2012 og vart så oppløyst.

Budsjett 2014

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga under kapittel 20 Statsministerens kontor dekkjer vanlege driftsutgifter for kontoret. Framlegget inneber ein reell auke i budsjettramma med 3 mill. kroner og gjeld vidareføring av midlar fremja i nysalderinga i 2012. Regjeringa si bilteneste vart styrkt med ei ny stilling og den administrative staben vart styrkt med to nye stillingar. Dette ressursbehovet vil vara ved, og departementet føreslår difor at styrkinga vert vidareført for 2014.

Kap. 3020 Statsministerens kontor

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

16

Refusjon av foreldrepengar

997

18

Refusjon av sjukepengar

578

Sum kap. 3020

1 575

Kap. 21 Statsrådet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

150 794

147 800

151 300

Sum kap. 0021

150 794

147 800

151 300

Post 01 Driftsutgifter

Rapport 2012

I 2012 auka lønsutgiftene til politikarar, mellom anna fordi talet på politiske stillingar i departementa vart utvida med ein statssekretær og tre politiske rådgjevarar. Det vart òg utbetalt etterløn til politikarar som gjekk av. Utgiftene til Regjeringa si bilteneste auka på grunn av fleire køyreoppdrag og fordi departementskontora vart spreidde.

Budsjett 2014

Løyvinga under kapittel 21 Statsrådet skal dekkja lønsutgifter for regjeringsmedlemmane, statssekretærane og dei politiske rådgjevarane og ein del andre utgifter knytte til den politiske leiinga i departementa. Det gjeld m.a. utgifter til bustad for pendlarar, heimreiser og besøksreiser for familie, diett ved utgifter til dobbelt hushald og barnehagetilbod for den politiske leiinga.

Løyvinga dekkjer dessutan generelle driftsutgifter for den politiske leiinga i departementa, irekna utgifter til tenestereiser og alle driftsutgifter knytte til Regjeringas bilteneste.

Nærare reglar om kva for ytingar den politiske leiinga kan få dekt, finst i «Reglement om arbeidsvilkår for politisk leiing», fastsett ved kgl.res. 28. mars 2003. Reglementet er supplert og utfylt i «Håndbok for politisk leiing», som vert gjeve ut av Statsministerens kontor.

Framlegget inneber ein reell auke i budsjettramma med 2 mill. kroner, og gjeld vidareføring av midlar til ein ekstra bil i året til regjeringa si bilteneste. På grunn av kraftig oppdragsauke trengst det nytt materiell og utskifting av gamle bilar for at biltenesta skal vera i stand til å møta dei auka utfordringane.

Fullmakt til overskriding

I samråd med politiet set Statsministerens kontor i verk visse tryggingstiltak for regjeringa. Det er vanskeleg å budsjettera tiltaka, og dei kan endra seg i løpet av budsjettåret òg. Difor gjer departementet framlegg om samtykkje til at Statsministerens kontor i 2014 kan overskrida løyvinga på kapittel 21 Statsrådet, post 01 Driftsutgifter for å setja i verk naudsynte tryggingstiltak for regjeringa, jf. framlegg til romartalsvedtak III.1.

Kap. 3021 Statsrådet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Leigeinntekter

312

300

300

16

Refusjon av foreldrepengar

1 515

Sum kap. 3021

1 827

300

300

Post 01 Leigeinntekter

Posten omfattar inntekter ved framleige av ledige pendlarbustader. Departementet gjer framlegg om same løyving for 2014 som for 2013.

Kap. 24 Regjeringsadvokaten

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

56 268

54 800

61 500

21

Spesielle driftsutgifter

16 589

16 900

17 500

Sum kap. 0024

72 857

71 700

79 000

Rapport 2012

I 2012 kom det inn 896 nye saker til Regjeringsadvokaten. Sakene er generelt meir komplekse enn før og krev stadig meir ressursar til førebuing og gjennomføring.

Utviklinga går òg i retning av at både fråsegnssaker og rettssaker vert større og meir kompliserte. Det har særleg samanheng med at rettskjeldematerialet er meir omfattande og samansett, og at sakene oftare har eit internasjonalt tilsnitt. Difor aukar behovet for spesialkompetanse innan menneskerettar, EØS-rett og allmenn folkerett.

Av dei nemnde sakene er 675 rettssaker, 119 rådgjevande fråsegner og 102 høyringar. Blant rettssakene utgjer områda trygd, psykisk helsevern og utlendingssaker framleis ein stor del. Talet på trygdesaker og saker om psykisk helsevern er om lag som i 2011. Utlendingssakene ligg framleis på eit høgt nivå. Talet for 2012 (140) er ein reduksjon på 24 saker frå 2011.

Arbeidsmengda for dei tilsette hos Regjeringsadvokaten er aukande. Noko vert løyst ved å setja ut saker til private advokatar og ved noko bruk av eigenprosedyre i etatane. Sakene som vert sette ut til private advokatar, er helst slike som det er mange relativt like av. Dei fleste krevjande sakene og ankesaker må behandlast av Regjeringsadvokaten.

Budsjett 2014

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal fyrst og framst dekkja løns- og driftsutgifter hos Regjeringsadvokaten. For å sikra eit kvalifisert advokatkorps i ei tid der sakene stadig vert meir innfløkte, er Regjeringsadvokaten meir enn før nøydd til å halda på dei mest røynde advokatane, særleg dei som har møterett for Høgsterett. Embetet har arbeidd for, og greidd, å behalda mange av desse advokatane. Sedan advokatar kjem i ein høgare lønnskategori når dei får møteretten, har dette følgjar for dei samla lønsutgiftene.

Regjeringsadvokatens advokatar er svært ettertrakta i den private advokatmarknaden, der lønene er høge. Når embetet dessutan tapar i lønsutviklinga i samanlikning med andre delar av stats- og kommuneforvaltninga og domstolane, skapar det utfordringar i lønsadministrasjonen. Kompleksiteten i porteføljen gjer at det ikkje er enkelt å erstatta røynde tilsette som sluttar.

Embetet har òg behov for å styrkja budsjettet under post 01 for å dekkja auka husleige, eit etterslep på vedlikehald og naudsynte IKT-investeringar.

Departementet gjer framlegg om å auke post 01 Driftsutgifter med 6,0 mill. kroner utover løns- og prisjusteringar.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje prosessutgifter og utgifter til leige av advokatar. Nokre sakstypar slik som utlendings- og trygdesaker, er tyngjande fordi det er så mange einskildsaker. Talet på utlendings- og trygdesaker er stabilt høgt. Difor gjer departementet framlegg om at ramma for 2013 vert ført vidare i 2014.

Kap. 3024 Regjeringsadvokaten

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Vederlag for utgifter i rettssaker

14 675

13 400

13 900

16

Refusjon av foreldrepengar

893

18

Refusjon av sjukepengar

658

Sum kap. 3024

16 226

13 400

13 900

Post 01 Vederlag for utgifter i rettssaker

Inntektsframlegget dekkjer inntekter som følgjer av at staten vert tilkjend sakskostnader i sivile saker der Regjeringsadvokaten har vore prosessfullmektig. Departementet gjer framlegg om at ramma for 2013 vert ført vidare i 2014.

Programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar

Utgifter under programkategori 00.40, fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

41

Stortinget

1 062 414

1 131 900

1 220 800

7,9

42

Ombodsmannsnemnda for Forsvaret

6 250

6 600

6 800

3,0

43

Stortingets ombodsmann for forvaltninga

52 040

54 350

63 300

16,5

44

Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste

9 101

10 100

10 400

3,0

51

Riksrevisjonen

463 697

481 600

476 400

-1,1

Sum kategori 00.40

1 593 502

1 684 550

1 777 700

5,5

Kap. 41 Stortinget

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

717 510

793 600

862 000

32

Kjøp av leilegheiter, kan overførast

84 609

51 000

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

99 837

115 300

180 900

70

Tilskot til partigruppene

148 624

158 600

165 000

72

Tilskot til Det Norske Nobelinstituttets bibliotek

1 400

1 400

1 500

73

Kontingentar, internasjonale delegasjoner

10 434

12 000

11 400

Sum kap. 0041

1 062 414

1 131 900

1 220 800

Hovudoppgåver og organisasjon

Oppgåvene til Stortinget som konstitusjonelt organ er nedfelte i Grunnlova, lov, stortingsvedtak og konstitusjonell praksis. Stortingets konstitusjonelle hovudoppgåver er å vedta lover, løyve pengar til rådvelde for regjeringa og føre kontroll med regjering og forvaltning.

Stortingets administrasjon skal leggje til rette for det parlamentariske arbeidet som stortingsrepresentantane er valde til å utføre som folkevalde i det norske folkestyret. Administrasjonen skal bidra til å auke kunnskapen om og styrkje omdømet til Stortinget som parlamentarisk institusjon, og skal forvalte Stortingets bygningar som ei moderne nasjonalforsamling og som kulturarv.

Stortingets administrasjon bidreg til at arbeidsoppgåvene i samband med den parlamentariske verksemda i stortingssalen og i komiteane kan bli gjennomførte korrekt og effektivt.

Gjennom ulike støtte- og servicefunksjonar legg administrasjonen til rette for at stortingsrepresentantane kan ha ein god arbeidssituasjon og kan konsentrere seg om dei politiske verva sine.

Det administrative arbeidet skal utførast slik at det sikrar omdømet til Stortinget på best mogleg måte. Administrasjonen skal opplevast som relevant, profesjonell, effektiv og samfunnsmedviten av stortingsrepresentantane og andre målgrupper.

Direktøren er den øvste administrative leiaren for Stortinget og står direkte under Stortingets presidentskap. Administrasjonen er organisert i fem avdelingar: konstitusjonell avdeling, drifts- og serviceavdelinga, forvaltningsavdelinga, informasjons- og dokumentasjonsavdelinga og internasjonal avdeling. I tillegg er det eit leiingssekretariat.

Rapport 2012

Stortinget har i 2012 halde 105 møte. Det blei behandla 399 innstillingar frå presidentskap og komitear i plenum. Vidare blei det svara på 2 028 skriftlege spørsmål i tillegg til spørsmåla i munnleg spørjetime og behandla 92 interpellasjonar. Hausten 2012 blei det sett fram 42 grunnlovsforslag.

Regjeringa gav 10 utgreiingar i Stortinget.

Stortinget løyver kvart år tilskot til partigruppene. Tilskotet skal nyttast i samsvar med retningslinene, og partigruppene leverer revidert årsrekneskap til Stortingets presidentskap. Partigruppene bruker tilskotet hovudsakleg til å løne politiske rådgjevarar og sekretærar. Tilskotet er sett saman av eit årleg grunntilskot per gruppe og eit representanttilskot per representant. Grupper i opposisjon får i tillegg eit årleg opposisjonstilskot. For 2012 var både grunntilskotet og opposisjonstilskotet på 2 357 407 kroner. Representanttilskotet var 731 268 kroner.

Ny pensjonsordning

Det blei vedteke ny pensjonsordning for stortingsrepresentantar i desember 2011. Stortingsrepresentantar som har under tre års opptening før 1.10.2009, får all opptening etter ny ordning. Frå 2012 tener stortingsrepresentantar opp tenestepensjonen i ei pensjonsbehaldning, der alle åra på Stortinget blir talde med. Det betyr at dess større pensjonsbehaldninga er, dess høgare blir pensjonen. Det blir gitt pensjonsopptening av godtgjering opp til 12 G. Ein kan ta ut pensjonen fleksibelt frå 62 til 75 år. Alderspensjonen i den nye ordninga er basert på same prinsipp som ny alderspensjon i folketrygda. Det er ei nettoordning. Det vil seie at tenestepensjonen kjem i tillegg til andre pensjonar, og at han ikkje blir samordna med andre pensjonar. Pensjonen blir levealderjustert og regulert. Representantar som hadde opptent rettar etter tidlegare ordning, får med seg desse. Det gjeld også retten etter 75-årsregelen, men etter 1.1.2012 er det ikkje mogleg med vidare opptening etter denne regelen. Stortingsrepresentantar kan derfor få betalt ut pensjon både etter ny og tidlegare ordning. Summen av pensjon i tidlegare og ny ordning skal ikkje kunne bli høgare enn om all opptening hadde skjedd i tidlegare ordning. Det er Statens pensjonskasse som administrerer pensjonsordninga.

Kjøp av leilegheiter

I 2011 blei det det gjort avtale om å kjøpe 38 leilegheiter i Maridalsveien 17. Dei skal vere ferdige i 2013. Avtala blei delbetalt i 2012 med 84,6 mill. kroner, og restbeløpet skal betales i 2013. Like mange leilegheiter vil deretter bli selde.

Rehabilitering av bygningsmassen

Det er sett i gang fleire større rehabiliteringsprosjekt for bygningsmassen i Akersgata og Prinsens gate 26 i 2012. Utviklingsplanane til prosjekta strekkjer seg fram til 2019.

Grunnlovsjubileet 2014

I 2012 blei det etablert eit sekretariat som skal ivareta dei nasjonale fellesoppgåvene til Hovudkomiteen for 200-årsjubileet for Grunnlova. Den viktigaste oppgåva i 2012 har vore å utvikle eit breitt offisielt program for jubileet. Programmet blir lansert i 2013.

Desse oppgåvene og prosjekta er gjennomførte på vegne av Hovudkomiteen og Stortinget i 2012:

  • Det er utforma og presentert eit måldokumentet for grunnlovsjubileet i 2014. Dokumentet tek føre seg visjon, hovudmål og sentrale tema ved jubileet.

  • Det er utvikla ein visuell profil for grunnlovsjubileet. Profilen kan brukast til ikkje-kommersielle aktivitetar frå 2013. Profilen skal bidra til engasjement og ein heilskapleg profil ved jubileet.

  • Det er utvikla nye permanente nettsider for grunnlovsjubileet, blant anna ein digital arrangementskalender.

Både stortingspresidenten og sekretariatet har vore med på ei rekkje møte og faglege arrangement knytte til grunnlovsjubileet. Det har vore god og aukande mediedekning om jubileet i media i 2012.

Stortinget har sett i gang eit eige forskings- og bokprosjekt om Stortingets historie i perioden 1964–2014. Stortinget har sekretariatsfunksjonen for redaktørane, professor Knut Heidar, Universitetet i Oslo, og professor Tore Grønlie, Universitetet i Bergen.

Det er arbeidd med Stortingets seminarserie «Grunnlova og deg». Dette er seminar leia av stortingspresidenten om nasjon og folkestyre fram mot jubileet i 2014. Eitt seminar blei halde i 2012. Det blir arbeidd med planar for opp til 8 seminar i 2013.

Støtte til den parlamentariske saksbehandlinga

I 2011 fekk alle stortingsrepresentantane nettbrett som arbeidsverktøy. Etter dette har Stortingsbiblioteket arbeidd med å leggje til rette ulike typar innhaldstenester på nettbrett, blant anna nyheitsvarsling. I 2012 fantes det 340 ulike nyheitsprofilar. Det vil seie lenkjer til førehandsdefinerte nyheitssøk, som dekte alle representantar, statsrådar, parti, komitear og utvalde tema. Rundt 300 personar på Stortinget abonnerte på tenesta.

I 2012 gjorde administrasjon i Stortinget ei avtale med ein ekstern leverandør om å utvikle nytt intranett. Intranettet skal vere lagt til rette for plattformuavhengig formidling til mobile einingar. Oppstartinga av arbeidet blei noko forseinka, men ein første versjon (Beta) av intranettet blei levert i desember 2012. Det er venta at utviklingsprosjektet blir avslutta mot slutten av 2013.

Administrasjonen og Brussel-kontoret har samarbeidd for å auke interessa for EU/EØS-saker på Stortinget. Det er gjennomført informasjonsinnhenting og relevante kompetansetiltak. Det er også lagt til rette for møteplassar mellom stortingsrepresentantane og folkevalde i Europaparlamentet. Dette dannar basis for ei evaluering av Stortingets Brusselkontor som blir ferdig om kort tid.

Verksemdsstyring og leiarskap

Gjennom 2012 arbeidde administrasjonen i Stortinget med å førebu godkjenning av nytt økonomiregelverk for administrasjonen. Administrasjonen vil setje i verk Statens reglement for økonomistyring frå 1.1.2013, med nokre tilpassingar for Stortinget.

Arbeidet med å etablere eit einskapleg og heilskapleg system for internkontroll innanfor økonomiområdet, blei vidareført i 2012. Dette omfattar blant anna enkelttiltak innanfor økonomiforvaltning, styrande dokument, roller og ansvar.

Arbeidet med å forbetre og vidareutvikle verksemdsstyringa blei ført vidare i 2012. Administrasjonen har blant anna etablert ei styringsside på intranettet til Stortingets administrasjon, Løveporten. Her finst all informasjon om strategi og verksemdsstyring. Det blei arbeidd med å gjere økonomistyringa i administrasjonen enklare og meir einskapleg. Dette blir gjort blant anna ved å standardisere budsjetteringa og rapporteringa ytterlegare, lagt til rette direkte på Stortingets intranett.

I 2011 blei det sett i gang eit toårig leiarutviklingsprogram. Dette er ført vidare i 2012. Det blei gjennomført fleire samlingar og temamøte, og det er innført ein månadleg «leiarlunsj». Det blei også arbeidd med å utvikle eit introduksjonsprogram for nye leiarar. Det vil bli gjennomført i 2013. Arbeidet med å utvikle ei samla leiarplattform er ført vidare med blant anna felles leiingsprinsipp og rolleanalysar.

Organisasjonskultur og internkommunikasjon

I 2012 starta arbeidet med eit nytt opplegg for medarbeidarsamtaler. Arbeidet blir ferdig og implementert i 2013. Ei breitt samansett arbeidsgruppe leverte i desember 2012 ein rapport om gjennomføringa av ei medarbeidarundersøking i 2013. Ein eigen medarbeidardag er planlagt primo 2013.

Personalpolitikk og kompetanse

I 2012 blei det utarbeidd eit system og verktøy for kompetansekartlegging og -planlegging, og ein pilot blei gjennomført. I 2013 vil det bli implementert for heile administrasjonen. Det er gjennomført fleire kurs og seminar for å styrkje kunnskapen til administrasjonen om konstitusjonelle spørsmål, blant anna kursserien «Stortingskunnskap» om lovarbeid, budsjettarbeid og Stortingets kontrollarbeid, i tillegg til Grunnlovsseminar til førebuingane til feiringa av grunnlovsjubileet i 2014.

I samband med møta i Europautvalet og EØS/EU-utgreiinga til Utanriksministeren i Stortinget blei det utarbeidd «informasjonspakker». Stortingsbiblioteket utformar informasjonsbrev om EØS- og EU-saker, og frå 2012 blei det mogleg for eksterne å abonnere på denne tenesta.

Tenestekvalitet og servicenivå

Administrasjonen heldt i 2012 fram arbeidet med å synleggjere innhaldet i dei tenestene som blir utførte. Vidare har ein fortsatt arbeidet med å kvalitetssikre om dette er i tråd med behovet hos brukarane. Det blei arbeida med å dokumentere tenester og servicenivå, og første versjonen av ein tenestekatalog på IKT-området er ferdigstilt.

Brukarrådet

Brukarrådet for representantordningar er eit viktig organ for administrasjonen i arbeidet med å avstemme behov til brukarane mot tenestene til administrasjonen. I 2012 blei det etablert mandat og rutinar for Brukarrådet.

Brukarrådet for stortingsrepresentantane er sett saman av seks representantar.

For stortingsperioden 2009–2013 har presidentskapet oppnemnt desse medlemmane:

  • Kari Henriksen, A, leiar

  • Bård Hoksrud, FrP

  • Øyvind Halleraker, H

  • Øyvind Håbrekke, KrF

  • Irene Lange Nordahl, Sp

  • Ingvild Boe Hornburg, V (sekretariatsleiar)

Brukarrådet representerer stortingsrepresentantane i dialogen med administrasjonen om alle saker som gjeld administrative rutinar, regelverk for representantordningar, IKT-spørsmål og andre saker som verkar inn på arbeidssituasjonen til stortingsrepresentantane.

Det er gjennomført eit utviklingsprosjekt for å effektivisere arbeidet med å behandle reiserekningar og utvikle det elektroniske reiserekningssystemet vidare. Arbeidet blir ført vidare i 2013.

Tryggleik

Administrasjonen har etablert tryggingstiltak for å betre tryggleiken for representantar, tilsette og myndigheitspersonar som er i Stortinget. Det inneber både fysiske sperringar på Løvebakken og tiltak for å hindre at køyretøy blir plasserte i Akersgata. I tillegg har ein endra rutinane for tilgang for gjester. I 2012 starta administrasjonen det planlagde arbeidet med ein heilskapleg risikoanalyse for tryggleiken i og ved Stortinget. Det blei gjennomført og presentert ei heilskapleg risikovurdering for Stortinget. Tryggingstiltaka vil bli utvikla kontinuerleg og i takt med ny kunnskap som kjem fram i risikoanalysar. Dei viktigaste statlege etatane innanfor tryggingsområdet er med i arbeidet, som omfattar både verdivurderingar, trusselvurderingar og tolegrenseanalysar. Rapporten skal gje Stortinget nødvendige råd og forslag til tiltak som er aktuelle for å redusere eller fjerne tryggleiksrisikoar.

I 2012 vedtok ein å etablere eit nytt beredskapsplanverk for Stortinget. Dette vil bli sett ut i livet i 2013.

Miljø

Administrasjonen jobber kontinuerleg for eit «Grønt Storting», blant anna med miljøstasjonar ved alle kopirom. Dermed kan ein sortere avfallet på ein meir effektiv og rasjonell måte, som fører til reduserte kostnader. Det er også lagt til rette for totalt 10 ladestasjonar for el-bil i garasjeanlegget til Stortinget.

Ekstern informasjon og kommunikasjon

I 2011 blei det utvikla nye kommunikasjonsretningsliner for administrasjonen. Retningslinene blei tekne i bruk i 2012. Gjennom det nyoppretta leiingssekretariatet legg ein opp til at ein følgjer opp alle førespurnader til den politiske og administrative leiinga i Stortinget på ein profesjonell og serviceorientert måte, og at omdømet for dei enkelte embeta, verva og for Stortinget som institusjon, blir sikra.

Prosjektet «DigiStorting» som skal digitalisere og publisere Stortingsforhandlingane 1814–2001, heldt fram i 2012. Resultatet av prosjektet vil bli lansert i 2013.

Dei ulike opplevingssentra til Stortinget blei godt besøkte også i 2012. I 2012 blei det blant anna laga informasjonsfilmar, quiz for skolen og nyhendebrev for lærarar. I tillegg gjennomførte ein for første gong Ungdommens storting. Det er gjennomført teknisk oppgradering for å sikre stabil drift av MiniTinget.

Mål og budsjett 2014

Strategien til Stortinget for 2010–2013 er lagt til grunn for mål og tiltak i 2014. Ein ny strategi vil bli utarbeidd for perioden frå 2014.

Støtte til den parlamentariske saksbehandlinga

Administrasjonen skal sikre god kvalitet og kontinuitet i støtta til presidentskapet og representantane gjennom bistand under saksbehandlinga i plenum, komitear og delegasjonar.

Administrasjonen vil utvikle søkbare tenester på intranettet blant anna for å gjere regelverket for den parlamentariske saksbehandlinga meir tilgjengeleg for brukarane. Dei elektroniske systema som støttar den parlamentariske prosessen, vil bli utvikla vidare og tilpassa ulike elektroniske plattformer.

Verksemdsstyring og leiarskap

Drifta og dei administrative løysningane til Stortinget skal utviklast vidare for å leggje betre til rette for ei moderne og økonomisk optimal verksemd.

Den interne styringa skal vere enkel og heilskapleg med god økonomistyring. Leiarane i administrasjonen skal ha tilgang til god og relevant styringsinformasjon når dei treng det. Systema og verktøya for styring, innsyn og kontroll som leiarane har til rådvelde, skal vidareutviklast, og ein tek sikte på å kjøpe inn og implementere systemstøtte for leiingsinformasjon og verksemdsstyring.

Stortingets administrasjon skal strekkje seg mot å vere ei føregangsverksemd i heilskapleg leiarskap, medrekna god styring og medarbeidarutvikling. Når det gjeld leiing, vil det seie at det er behov for tydeleg målstyring og prioritering av ressursar, med god forankring i overordna strategi.

Organisasjonskultur og internkommunikasjon

Stortingets administrasjon skal ha ein kultur der dei etiske retningslinene og verdiane våre blir reflekterte i haldningane og innstillinga til den enkelte. Internkommunikasjonen skal være god og effektiv.

Personalpolitikk og kompetanse

Stortingets administrasjon skal arbeide kontinuerleg med å skaffe fram, ta vare på og vidareutvikle kompetanse i takt med nye behov. Det vil i 2013 bli etablert ein HR-strategi som ein vil følgje opp vidare i 2014.

Administrasjonen tek sikte på å implementere eit program for kompetanseutvikling og vurdere å innføre e-læringsverktøy når nye medarbeidarar og leiarar skal lærast opp. Administrasjonen vil vidareføre arbeidet med leiarutvikling gjennom eit revidert og oppdatert leiarutviklingsprogram. Medarbeidarundersøkinga som blei gjennomført i 2013, vil bli følgt opp med tiltak innanfor etikk, varsling, omstilling og endring, kultur og konflikthandtering.

Stortingets administrasjon vil vidareføre og vidareutvikle ordningar for lærlingar.

Tenestekvalitet og servicenivå

Stortingets administrasjon skal gjere tenester og servicenivå tydeleg. Administrasjonen skal utvikle tenesteporteføljen ved å levere relevante tenester med rett nivå og omfang. Administrasjonen skal følgje opp og forbetre elektroniske system og rutinar for administrative støttefunksjonar og representantordningar, som reiseoppgjer og telefondekking.

Det blir teke sikte på å etablere eit elektronisk oppslagsverk over dei lovene og reglane som regulerer administrative saker for representantane.

Servicetilbodet vil bli styrkt og gjort lettare tilgjengeleg ved å samlokalisere tenestene som er knytte til dagens servicesenter.

Administrasjonen skal vidareutvikle kompetanse og arbeidsformer for å imøtekome krav og forventningar til tenesteleveransar og forvaltning. Det blir sett i verk fleire sikringstiltak som følgje av risikovurderinga i 2013. Den generelle utviklinga innanfor fleire ansvarsområde fører til at mange oppgåver aukar i omfang og kompleksitet. Det krev at kompetansen blir heva på fleire fagområde.

Det skal implementerast verktøy og rutinar for fleirårig planlegging av større innkjøp og vedlikehaldsaktivitetar for at det skal vere lettare å føreseie og styre kostnadene og ressursane.

Det er planlagt krevjande bygningsmessige oppgåver i 2014, blant anna sikringstiltak rundt Stortinget og i Stortingets bygningar, førebuingar til oppstart av rehabiliteringa av Prinsens gate 26 og bygging av nytt post- og varemottak. I samband med ombyggingsprosjektet i Prinsens gate 26 blir publikumsmottaket for stortingsarkivet og stortingsbiblioteket og innhaldet i magasina flytta.

Målet om eit «grønt storting» skal vere ein av premissane for utviklingsarbeidet i Stortinget.

Forholdet til omverda

Stortingets kommunikasjon med omverda skal vere relevant og god og vere med på å skape eit godt omdøme.

Dei interaktive spela, MiniTinget og «2050 – valet» er ditt, blir oppgraderte.

Stortinget.no blir vidareutvikla med prioritering av eit nytt digitalt videoarkivsystem for publisering av lyd og bilete. Stortinget.no blir tilrettelagt med plattformuavhengig design tilpassa mobile einingar.

Europarådets konferanse for parlamentspresidentane i medlemslanda i 2014 skal haldast i Oslo og bli opna i stortingssalen.

Innkjøpspolicy

Dei ytre ramane for innkjøp i Stortingets administrasjon styrast av lov og forskrift om offentlege anskaffingar. Regelverket legg opp til at det det skal foretas samfunnseffektive anskaffingar der tilbydarane opplever like og føreseielege spillereglar, og der prinsippane om konkurranse, likebehandling, forutberegnelighet og ikkje-diskriminering blir ivaretatt. Dei konkurransemessige sidene er strengt regulert, og brot på disse prinsippa vil raskt medføre at vi som oppdragsgivar blir tvunge til å avlyse ein konkurranse og starte på nytt.

I tillegg til dei klassiske konkurranseprinsippa føreset loven at det skal tas omsyn til krav knytta til blant anna miljø og universell utforming. Stortingets administrasjon nytter også muligheita til å stille ytterlegare krav, f.eks. til etikk i produksjonsledd og til at leverandørar er medlem av ei lærlingeordning. Forskriften opner for at det kan stilles krav til tilbyders vandel, og slikt krav er tatt inn i Stortingets malar.

Grunnlovsjubileet 2014

Stortinget har det overordna ansvaret for feiringa av 200-årsjubileum til Grunnlova i 2014. Hovudkomiteen for 200-årsjubileum til Grunnlova vil ivareta ein del nasjonale fellestiltak som offisielt program, jubileumsprofil, nettsider, digital arrangementskalender og formidlingstiltak. Stortinget har etablert eit eige sekretariat for oppgåvene til Hovudkomiteen ved jubileet.

Definerte hovudmål for feiringa av jubileet:

  • Byggje meir kunnskap om Grunnlova og kva ho har å seie

  • Skape auka deltaking og engasjement i demokratiske prosessar.

  • Vere ein brei og inkluderande folkefest i heile landet.

Stortinget har ansvaret for to nasjonale hovudarrangement ved Eidsvoll 1814/Eidsvollsbygningen i jubileumsåret. Dei blir haldne 16. februar og 17. mai. Det skal utviklast større publikumsarrangement som skal leggjast til rette for TV-sendingar. For å utvikle og gjennomføre arrangementa vil Stortinget inngå avtale med eit arrangementsselskap. Det er foreslått ei budsjettramme på inntil 20 millionar kroner til arrangementstenester i 2014.

Hovudarrangementa skal bidra til meir blest om jubileet i pakt med hovudmåla for jubileet.

I budsjettforslaget for 2014 er det også sett av midlar til fullføring av forskings- og bokprosjektet om Stortingets historie 1964–2014.

I Stortinget blir det utstilling i Historisk sal, og omvisningsaktiviteten skal styrkjast og utvidast til nye målgrupper.

Som følgje av ein vedteken langtidsplan for større investeringar er budsjettposten auka vesentleg i 2014. Prosjektet med rehabilitering av Prinsens gate 26 har gått gjennom ei utvikling som blant anna er grunngjeven i resultata frå ein risikoanalyse som Stortinget har fått utarbeidd. Dette har ført til at prosjektet har endra karakter. No er det eit totalrenoveringsprosjekt, der ein byggjer eit nytt bygg innafor dei eksisterande fasadane. Prosjektet er utvida med eit nytt post- og varemottak som skal plasserast under Wessels plass. Dette prosjektet har ei kostnadsramme på 660 mill. kroner per mai 2013. Vidare er det under planlegging ei ny alternativ nedkøyring til garasjen for å betre den samla tryggleiken ved Stortinget. Denne innkøyringa vil også bli tilkomsten til det nye post- og varemottaket. Endeleg plassering og kostnadsramme for ny innkjøring til garasjen og post- og varemottaket er under utarbeiding. Ombyggingsarbeida er planlagde ferdig i 2017.

Budsjett 2014

Budsjettet omfattar den parlamentariske aktiviteten, medrekna Stortingets deltaking i internasjonale parlamentarikarforsamlingar, reiser elles og godtgjerslene til stortingsrepresentantane. Budsjettet omfattar den administrative drifta og vedlikehaldet av Stortinget.

Stortingets budsjettkapittel viser ein total vekst på 88,9 mill. kroner (7,9 pst.) frå 2013 til 2014.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar løn og godtgjersler for stortingsrepresentantar og tilsette, og utgifter til Stortingets kjøp av varer og tenester. Vidare omfattar posten utgifter til reiser, og deltaking i faste internasjonale parlamentarikarforsamlingar. Utgifter til trykking av Stortingets publikasjonar, drift av Stortingets bibliotek og arkiv, og vedlikehald og drift av bygningane og tenestebustadene til Stortinget er også med i denne posten.

Post 32 Kjøp av leilegheiter, kan overførast

Posten omfattar kjøp av pendlarbustader.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfatta kjøp av teknisk utstyr, fornying og vidareutvikling av Stortingets ikt-system, kjøp av kunst, ombyggingsarbeid og større vedlikehaldsarbeid i Stortinget. I 2014 vil prosjektet med rehabilitering av Prinsens gate 26 starte opp, og ein vil inngå avtaler for prosjektperioden.

Post 70 Tilskot til partigruppene

Posten omfattar tilskota frå Stortinget til gruppesekretariata til partia. Tilskotet til kvar stortingsgruppe er avhengig av representasjonen til partiet på Stortinget. Det blir gjeve eit fast, felles grunntilskot til kvar partigruppe og eit tillegg per stortingsrepresentant.

Post 72 Tilskot til Det Norske Nobelinstituttets bibliotek

Posten omfattar tilskot til biblioteket ved Nobelinstituttet.

Post 73 Kontingentar, internasjonale delegasjonar

Posten omfattar kontingentane til Nordisk Råd, OSSE og IPU.

Kap. 3041 Stortinget

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Salsinntekter

8 530

7 540

7 600

03

Leigeinntekter

1 870

1 660

1 000

40

Sal av leilegheiter

20 000

105 000

Sum kap. 3041

10 400

29 200

113 600

Under dette kapittelet blir blant anna salsinntekter, sal av pendlarbustader og leigeinntekter budsjetterte. Salsinntektene kjem stort sett frå kafeteriaene.

Kap. 42 Ombodsmannsnemnda for Forsvaret

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

6 250

6 600

6 800

Sum kap. 0042

6 250

6 600

6 800

Hovudoppgåver

Ombodsmannsnemnda skal bidra til å sikre dei allmennmenneskelege rettane for personellet i Forsvaret og ved arbeidet sitt prøve å medverke til å effektivisere Forsvaret. Leiaren for nemnda er kalla Ombodsmannen for Forsvaret, er årslønt og leier Ombodsmannens administrasjon.

Vernepliktige mannskap, verva og tilsette i Forsvaret kan føre alle typar saker inn for Ombodsmannen, dersom dei meiner dei er urettmessig, urimeleg eller urettferdig behandla av dei ordinære forvaltningsorgana i Forsvaret. Talet på førespurnader til Ombodsmannen er mange, og dei fleste førespurnadene blir løyste ved dialog og på det lågast moglege nivået. Talet på førespurnader frå vernepliktige, tilsette og veteranar til Ombodsmannen innanfor det ein kan rubrisere som «rådgjevande og rettleiande funksjon», har dei siste åra vist ein aukande tendens, det same har førespurnader frå personellorganisasjonane.

Ombodsmannen er på ei rekkje besøk til militære avdelingar og tenestestader og underviser blant anna på kurs for dei tillitsvalde. Ombodsmannen får ei rekkje førespurnader frå tenestemannsorganisasjonar, forsvarsrelaterte frivillige organisasjonar, veteranorganisasjonar, veteranar og familiane deira, etterlatne og pårørande, og hjelper personell i eller etter teneste i fleire samanhengar og saker.

Saker av prinsipiell karakter eller som har særleg allmenn interesse, blir lagde fram for nemnda etter at Ombodsmannen har førebudd dei. Som ledd i tilsyn og kontroll av tenesteforholda i Forsvaret har Ombodsmannsnemnda rutinemessige inspeksjonar (synfaringar) til avdelingar, garnisonar og fartøy. Stortinget, forsvarsministeren og forsvarssjefen kan leggje fram saker for Ombodsmannen og Ombodsmannsnemnda til fråsegn.

Ombodsmannen bidreg i eit internasjonalt arbeid i regi av Geneva Centre for the Democratic Control of Armed Forces og deltek i eit internasjonalt samarbeidsforum for ombodsmenn innan hovudsakeleg NATO/OSSE. I 2013 er Ombodsmannen for Forsvaret vert for ein årleg konferanse i Oslo.

Melding til Stortinget

Ombodsmannsnemnda sender årleg melding om verksemda si til Stortinget (Dokument 5). Gjenpart av meldinga blir send Forsvarsdepartementet og Forsvarets organ og avdelingar. Ombodsmannen og nemnda kan også, når dei finn det ønskjeleg, sende melding til Stortinget om enkeltsaker i løpet av året.

Av meldinga for 2012–2013 går det fram at det samla talet på klager held seg stabilt, men enkelte førespurnader og klagesaker omfattar grupper av personell, og talet på personar som er involverte i sakene, er langt høgare enn talet på saker. Dei fleste førespurnadene/sakene blir løyste gjennom rettleiing og råd ved besøk av Ombodsmannen ved avdeling eller pr. telefon/samtale. Desse sakene blir ikkje registrerte som klagesaker. Meldinga inneheld ei rekkje synfaringsrapportar og ein del faste årlege rapportar som blant anna gjeld Tillitsmannsordninga, HMS, Forsvarets sanitet, Vernepliktsverket, Bustad- og Velferdstenesta, Vaksenopplæringa, Generaladvokaten – og dessutan verksemda og saker hos Ombodsmannen.

Klagesakene hos Ombodsmannen er blant anna knytte til spørsmål vedrørande utsetjing av førstegongsteneste, utsetjing av øvingar, økonomiske ytingar som bustøtte, sosial stønad, økonomisk erstatning, medisinske vedtak, tannpleie, trygd, legevedtak, dei tilsette sine rettar, forbigåing, ytringsfridom, disiplinærsaker, teneste i internasjonale operasjonar, tenestefråsegner, ferie, fritid, m.m.

Kap. 43 Stortingets ombodsmann for forvaltninga

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

52 040

54 350

63 300

Sum kap. 0043

52 040

54 350

63 300

Føresegner om Sivilombodsmannen er gjevne i lov av 22. juni 1962, sist endra 2. desember 2011, og i Stortingets instruks for ombodsmannen av 19. februar 1980, sist endra 12. juni 2007.

Hovudoppgåver

Som Stortingets tillitsmann skal Sivilombodsmannen føre kontroll med at det i den offentlege forvaltninga ikkje blir gjort urett eller feil mot den enkelte borgaren. Ombodsmannen skal også bidra til at forvaltninga respekterer og sikrar menneskerettane. Desse oppgåvene blir først og fremst varetekne gjennom undersøkingar og behandling av klager frå enkeltpersonar, organisasjonar og selskap. Ombodsmannen tek også opp saker på eige initiativ, i hovudsak basert på kjennskap til forhold i forvaltninga som det kan vere grunn til å ta opp særskilt. Han er på besøk til offentlege etatar, fylkesmenn, kommunar og lukka institusjonar. Der det er behov for det, blir besøka følgde opp for å betre forholda. For borgarane er Sivilombodsmannen eit alternativ og eit supplement til domstolskontrollen med forvaltninga. Gjennom meldingane til Stortinget gjev Sivilombodsmannen informasjon om korleis Grunnlova, lover og Stortingets vedtak i praksis blir brukte i forvaltninga.

Oppgåva som nasjonal førebyggjande mekanisme (NMF) i samband med ratifikasjon og gjennomføring av frivillig protokoll til FNs torturkonvensjon (OPCAT) er frå 2013 lagd til Sivilombodsmannen, jf. Innst. 225 S (2012–2013) til Prop. 56 S (2012–2013). Formålet med protokollen er å førebyggje tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff gjennom regelmessige besøk frå eit uavhengig organ til stader for fridomstap.

Rapport for 2012

Ombodsmannens årsmelding for 2012 blei overlevert Stortinget i mars 2013. Meldinga er teken inn i Dokument 4 (2012–2013). I tillegg til at viktige, prinsipielle enkeltsaker er omtalte i meldinga, blir det også i år orientert om generelle utviklingstrekk i forvaltninga basert på ombodsmannens erfaringar med klagesaksbehandlinga i 2012. Det er lagt vekt på å vise breidda i klagesaksbehandlinga, også utover dei klagene som resulterer i kritikk frå ombodsmannen.

Klagesaksbehandling

Veksten i talet på klagesaker har over tid vore stor, og sakene er til ein viss grad også meir arbeidskrevjande. Det kan synast som om veksten i talet på klagesaker har minka noko no. Det kom inn 3 011 saker i 2012, mot 2995 året før. Det blei teke opp 35 saker på eige initiativ i 2012, mot 33 i 2011. Samla tilgang på saker var dermed 3 046 i 2012, mot 3 028 året før. Saksavviklinga har vist ei positiv utvikling, dvs. totalt sett blei ein god del fleire saker ferdigbehandla i 2012 enn året før (høvesvis 3 167 og 3 007 saker). Det er derfor ein nemneverdig nedgang i saksbehaldninga, som ved slutten av året var på 419 saker mot 536 i 2011. Om lag 53 prosent av førespurnadene blei realitetsbehandla, og 47 prosent av sakene blei avviste, mot 49 prosent for høvesvis realitetsbehandla og 51 prosent for avviste saker året før.

Saksbehandlingstid

Saksbehandlingstida er dels eit uttrykk for den interne effektiviteten i klagesaksbehandlinga og dels eit uttrykk for kor raskt forvaltninga responderer på førelegg frå ombodsmannen. Dessverre har saksbehandlingstida gått noko opp for saker som har vore tekne opp med forvaltninga. For andre sakstypar har saksbehandlingstida gått noko ned. Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida var 16 dagar for saker som blei avviste på formelt grunnlag, 46 dagar for saker som blei avslutta utan å ha vore tekne opp med forvaltninga, og 210 dagar for saker som blei avslutta etter å ha vore tekne opp med forvaltninga. Det er framleis ønskjeleg å få redusert saksbehandlingstida, og arbeidet med dette er prioritert.

Arbeidet med internasjonale spørsmål og menneskerettar

Sivilombodsmannen skal bidra til at forvaltninga respekterer og sikrar menneskerettane. I tillegg til anna arbeid på dette feltet arrangerte Sivilombodsmannen eit menneskerettsseminar i 2012. Tema for seminaret var «Nytt besøksorgan for forebygging av tortur ved frihetsberøvelse, frivillig protokoll til FNs torturkonvensjon (OPCAT)». Ombodsmannen deltek også aktivt i fleire internasjonale nettverk.

Mål og budsjett for 2014

Ombodsmannen og medarbeidarane hans skal på bakgrunn av klager frå borgarane undersøkje saka og gjere ei rettsleg vurdering av dei spørsmåla som klagene måtte reise. Ombodsmannen står likevel fritt til å ta opp dei spørsmåla han meiner er av interesse. Undersøkinga og vurderinga skal gjerast på ein formålstenleg, effektiv og rasjonell måte. Ein skal avgjere omfanget av undersøkinga ut frå om det ser ut som det er nødvendig for å få avklart om det har vore gjort urett eller feil. Det er viktig at ombodsmannen avgrensar omfanget av undersøkinga til det som klaga og saksdokumenta gjev grunnlag for. For å oppfylle desse krava må ombodsmannen heile tida ha ei organisering og arbeidsform som fremmer god flyt i saksbehandlinga.

Eit viktig mål for 2014 er å ha fokus på at saksavviklinga er effektiv. I 2014 ønskjer ombodsmannen framleis å arbeide med å ta opp fleire saker av eige tiltak. Ombodsmannen vil halde fram med å besøkje forvaltninga. Målet med besøka er å skaffe seg kunnskap om forholda i den typen institusjonar som ombodsmannen får klager på.

Eit anna viktig mål for verksemda i 2014 er å arbeide vidare med å sikre prioritering av dei viktigaste sakene, arbeide for ei effektiv saksbehandling, god juridisk kvalitet og tillit i samfunnet, gode og effektive interne rutinar og støtteaktivitetar og å vidareutvikle ombodsmannskontoret som ein god arbeidsplass. I 2014 tek ein sikte på å setje i verk ei endring av strukturen og verkemåten til organisasjonen.

Eit særskilt mål i 2014 blir å utvikle oppgåva som nasjonal førebyggjande mekanisme (NMF) som blei etablert hos ombodsmannen i 2013. NFM-avdelinga skal på regelmessige besøk til stader der menneske har mista fridomen, for eksempel fengsel, politiarrestar, psykiatriske institusjonar og barnevernsinstitusjonar. Det skal årleg rapporterast til Stortinget og til FNs underkomité for førebygging (SPT) om verksemda. Det er behov for budsjettmidlar på 6,2 mill. kroner til drifta av besøksordninga.

Budsjettveksten for 2014 er i hovudsak knytt til heilårsdrift av den nye funksjonen som nasjonal førebyggjande mekanisme. Det omfattar også ein auke for å vareta klagesaksbehandlinga hos ombodsmannen tilstrekkeleg.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønnsutgifter og utgifter til Sivilombodsmannens kjøp av varer og tenester.

Kap. 3043 Stortingets ombodsmann for forvaltninga

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

16

Refusjon av foreldrepengar

485

18

Refusjon av sjukepengar

152

Sum kap. 3043

637

Kap. 44 Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

9 101

10 100

10 400

Sum kap. 0044

9 101

10 100

10 400

Rapport 2012

Stortingets kontrollutval (EOS-utvalet) har i 2012 gjennomført 30 inspeksjonar av ulike etatar og avdelingar. Av desse er 17 inspeksjonar haldne av verksemdene sentralt, ti i dei ytre einingane og lokale ledd og to i institusjonar som hjelper Politiets tryggingsteneste (PST), og ein umeld inspeksjon som ledd i undersøkinga av ei klagesak. Det er halde 23 interne arbeidsmøte. I 2012 har det kome inn 21 klagesaker til utvalet, og utvalet har teke opp 22 saker av eige tiltak.

Nærare opplysningar om verksemda er gjevne i årsmeldinga for utvalet for 2012 (Dokument 7:1 (2012–2013)).

Mål 2014

Hovudoppgåva til utvalet er å føre løpande kontroll med EOS-tenestene. Kontrollen skal gjennomførast i form av inspeksjonar, behandling av klagesaker og behandling av saker som blir tekne opp av eige tiltak. Den faglege verksemda til utvalet blir i hovudsak styrt av det som kjem fram gjennom inspeksjonsverksemda og klagesaker, og av dei signala som Stortinget gjev ved behandlinga av årsmeldinga frå utvalet.

Rammene for verksemda til utvalet er fastsett i lov og instruks om kontroll med etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste. Etter kontrollinstruksen § 11 nr. 2 skal den årlege tilsynsverksemda til utvalet minst omfatte halvårlege inspeksjonar av E-tenesta sentralt, kvartalsvise inspeksjonar i Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM), seks inspeksjonar av PST sentralt og tre inspeksjonar av Forsvarets tryggingsavdeling. I tillegg skal utvalet utføre inspeksjonar av PST-einingar i minst fire politidistrikt, minst to av stasjonane til E-tenesta og/eller tryggings- og etterretningsfunksjonar ved militære stabar og avdelingar og av personelltryggingstenesta ved minst to departement eller etatar utanfor NSM.

Som ledd i tilsynsarbeidet vil utvalet i 2014 halde fram med prosjektretta undersøkingar. Det har den seinare tida vore aukande merksemd mot verksemda og regelverket til tenestene, og utvalet vil framleis følgje med på utviklinga i EOS-tenestene. Utvalet vil stadig nytte teknisk sakkyndige for å halde seg oppdatert på den teknologiske utviklinga i EOS-tenestene. Utvalet vil framleis oppretthalde kontakten med andre kontrollmyndigheiter og relevante fagmiljø både i Noreg og internasjonalt.

Kap. 51 Riksrevisjonen

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

463 697

481 600

476 400

Sum kap. 0051

463 697

481 600

476 400

Hovudoppgåver og organisering

Riksrevisjonen blir leia av eit kollegium som er sett saman av fem riksrevisorar som er valde av Stortinget for ein periode på fire år. Riksrevisjonens formål, oppgåver og rammevilkår følgjer av lov om Riksrevisjonen av 7. mai 2004 nr. 21 og instruks om verksemda til Riksrevisjonen av 11. mars 2004. Riksrevisjonen skal gjennom revisjon, kontroll og rettleiing bidra til at inntektene til staten blir innbetalte slik det er føresett, og at midlane og verdiane til staten blir brukte og forvalta på ein økonomisk forsvarleg måte og i samsvar med Stortingets vedtak og føresetnader, jf. riksrevisjonslova § 1.

Riksrevisjonen kan også etter avtale ta på seg revisjons-, kontroll og bistandsoppdrag internasjonalt. Stortinget kan påleggje Riksrevisjonen å setje i gang særlege undersøkingar. Oppgåvene er nærare utdjupa i instruksen om verksemda til Riksrevisjonen.

Riksrevisjonen er organisert i sju avdelingar, med fire rekneskapsrevisjonsavdelingar, to forvaltningsrevisjonsavdelingar, ei administrasjonsavdeling og ein stabsseksjon direkte knytt til revisjonsråden.

Rapport 2012

Riksrevisjonen har ein fireårig strategisk planperiode. Den gjeldande strategiske planen går frå 2010 til 2014. Visjonen for perioden er «å bidra effektivt til Stortingets kontroll og fremme god forvaltning». Det er definert fem strategiske hovudmål for perioden:

  • Riksrevisjonen har allmenn tillit, og rolla og oppgåvene er godt kjende i Stortinget og forvaltninga.

  • Revisjonen blir gjennomført på ein einskapleg måte og har høg fagleg kvalitet.

  • Riksrevisjonen har kompetanse til å gjennomføre arbeidsoppgåvene på ein effektiv og tilfredsstillande måte.

  • Riksrevisjonen er ein leiande aktør innanfor utvikling av offentleg revisjon internasjonalt.

  • Riksrevisjonen er ein god arbeidsplass som tiltrekkjer seg og beheld kompetente og engasjerte medarbeidarar.

Rapporteringa for 2012 viser at revisjonen i hovudsak er gjennomført i tråd med planen. Uføresette forhold medfører likevel alltid eit behov for enkelte omprioriteringar av ressursane. Omprioriteringane er baserte på ei vurdering av vesentlegheit og risiko for feil og manglar.

I 2013 vil ein arbeide med å fastsetje ein ny strategisk plan for perioden 2014–2018.

Hausten 2010 vedtok kongressen for den internasjonale organisasjonen av riksrevisjonar, INTOSAI, nye internasjonale standardar for finansiell revisjon, etterlevingsrevisjon og forvaltningsrevisjon (ISSAI). Riksrevisjonen har i 2012 vidareført arbeidet med å implementere standardane, medrekna å oppdatere interne revisjonsfaglege dokument. I 2012 er det også brukt store ressursar på å utvikle og implementere eit nytt elektronisk revisjonsstøtteverktøy. Dette legg til rette for betre intern samhandling og informasjonsdeling, som ein ventar vil heve kvaliteten i revisjonsarbeidet. Det nye verktøyet blei teke i bruk 1. mai 2012 og vil vidareførast og optimaliserast i 2013. I 2012 er også eit elektronisk saksbehandlingssystem implementert og teke i bruk i heile organisasjonen.

I 2012 blei 65 prosent av ressursane brukte på revisjonsfaglege aktivitetar, 4 prosent på internasjonale aktivitetar, 9 prosent på kompetanseutvikling og 22 prosent på administrasjon og andre støttefunksjonar, som IKT, økonomi, personell, arkiv, bibliotek, reinhald, resepsjon og sentralbord. Den delen av ressursane som er brukt til revisjonsfaglege aktivitetar, har gått ned med 3 prosentpoeng samanlikna med 2011. Samtidig er delen av ressursane til kompetanseutvikling auka betydeleg, frå 5 til 9 prosent. Dette kjem av den omfattande opplæringa i samband med internasjonale revisjonsstandardar, nytt elektronisk revisjonsstøttesystem og innføringa av elektronisk saksbehandling.

Riksrevisjonen har i samarbeid med Norges kommunerevisorforbund etablert eit vidareutdanningsprogram i offentleg revisjon. Formålet med ei slik utdanning er å styrkje kvaliteten på offentleg revisjon gjennom å skape eit felles fagleg grunnlag. Oppdraget med å levere tilbod til utdanningsprogrammet blei lyst ut våren 2012, og Norges Handelshøyskole (NHH) er vald som samarbeidspartnar. Vidareutdanninga startar opp hausten 2013.

Riksrevisjonen har i samband med bistand til institusjonsutvikling av andre riksrevisjonar innrapportert 10,7 mill. kroner som bistandsmidlar (DAC-midlar) til OECD via Norad i 2012. I 2011 var dette talet 9,4 mill. kroner.

Ei detaljert orientering om verksemda blei lagd fram i Dokument 2 (2012–2013).

Mål og budsjett for 2014

I 2014 vil det vere etablert ein ny strategisk plan for Riksrevisjonen for neste planperiode. Ein må likevel vente at Riksrevisjonens oppgåver og oppgåveløysing i hovudsak blir vidareført som i dag, og med det same ressursbehovet. Når budsjettforslaget for 2014 likevel er noko lågare enn for 2013, kjem dette av at det også i 2013 var sett av eit betydeleg beløp til kjøp av eksterne konsulentar i samband med utviklinga av nytt elektronisk revisjonsstøttesystem.

Riksrevisjonens utviklingssamarbeid med riksrevisjonar i andre land vil bli vidareført, og Riksrevisjonen vil framleis samarbeide tett med IDI (INTOSAI Development Initiative), spesielt når det gjeld å bidra til å styrkje regionale INTOSAI-organisasjonar.

Det ser framleis ut til å vere eit visst behov for tilpassingar og eventuell vidareutvikling av blant anna revisjonsverktøy, metodestøtte, malar mv.

I 2016 går leigeavtalen for Riksrevisjonens hovudkvarter i Pilestredet 42 ut. Riksrevisjonen vil i samband med dette prøve å samle alle tilsette i Oslo under eitt tak. Dette kan medføre endra ressursbehov.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønnsutgifter og utgifter til Riksrevisjonens kjøp av varer og tenester. Ein ventar at lønnsutviklinga i Riksrevisjonen vil følgje lønnsutviklinga elles i staten.

Kap. 3051 Riksrevisjonen

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Refusjon innland

1 774

2 100

1 800

02

Refusjon utland

733

650

650

15

Refusjon arbeidsmarknadstiltak

152

16

Refusjon av foreldrepengar

4 947

18

Refusjon av sjukepengar

4 717

Sum kap. 3051

12 323

2 750

2 450

Riksrevisjonen vil få refusjonar i samband med inngått leigeavtale med IDI-sekretariatet og internasjonale revisjonsoppdrag.

Programområde 23 Finansadministrasjon

Programkategori 23.10 Finansadministrasjon

Utgifter under programkategori 23.10, fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

1600

Finansdepartementet

369 854

376 900

393 000

4,3

1602

Finanstilsynet

325 569

333 800

339 800

1,8

1605

Direktoratet for økonomistyring

389 055

378 400

366 500

-3,1

1608

Tiltak for å styrkja statleg økonomi- og prosjektstyring

16 200

16 400

17 000

3,7

Sum kategori 23.10

1 100 678

1 105 500

1 116 300

1,0

Kap. 1600 Finansdepartementet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

316 051

313 500

321 800

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

42 003

51 200

58 600

70

Forsking på og allmennopplysning om finansmarknaden

11 800

12 200

12 600

Sum kap. 1600

369 854

376 900

393 000

Hovudoppgåver

Arbeidsoppgåvene til Finansdepartementet kan delast inn i fem hovudområde:

  1. Samordning av den økonomiske politikken, som omfattar:

    • overvaking og analyse av den økonomiske utviklinga

    • finanspolitikk

    • penge- og valutakurspolitikk

    • inntekts- og fordelingspolitikk

    • strukturpolitikk, mellom anna verkemåten til arbeidsmarknaden og produktmarknadene

    • samordning av regjeringa sitt arbeid med berekraftig utvikling og staten sine kjøp og sal av klimakvotar

    • internasjonalt økonomisk samarbeid

    • offisiell statistikk, irekna overordna styring av Statistisk sentralbyrå

  2. Arbeidet med formues- og gjeldsforvalting, som omfattar:

    • investeringsstrategien til Statens pensjonsfond utland og Statens pensjonsfond Noreg, mellom anna retningsliner for ansvarlege investeringar

    • oppfølging og vidareutvikling av rammeverket for forvaltinga av Statens pensjonsfond

    • rammeverket for og oppfølginga av forvaltinga av Statens obligasjonsfond

    • statleg gjeldsforvalting

  3. Arbeidet med statsbudsjettet, som omfattar:

    • utgifter og inntekter på statsbudsjettet under dei einskilde fagdepartementa

    • effektivitet og ressursbruk i statsforvaltninga, økonomiske og administrative verknader av offentlege utgifter og ordningane for kvalitetssikring av større statlege investeringsprosjekt

    • forvalting og utvikling av regelverket for økonomistyring i statsforvaltninga, tiltak for å leggja til rette for økonomistyringa i verksemdene og overordna styring av Direktoratet for økonomistyring

    • saker frå fagdepartementa med økonomiske og administrative følgjer

  4. Arbeidet på skatte- og avgiftsområdet, som omfattar:

    • skatte- og avgiftsframlegg som ledd i den samla finanspolitikken

    • utvikling av regelverk for skattar, avgifter og toll

    • fordelingsverknadene av skatte- og avgiftssystema og verknader på inntektene til det offentlege og ressursutnyttinga i økonomien

    • styring av Skatteetaten, Toll- og avgiftsetaten og Statens innkrevjingssentral

    • internasjonalt samarbeid på skatte-, toll- og avgiftsområdet

  5. Arbeidet med finansmarknadsspørsmål, som omfattar overordna styring av Finanstilsynet og utforming av regelverk for og overvaking av:

    • finansinstitusjonane (bankar, andre kredittinstitusjonar, forsikringsselskap, m.m.)

    • verdipapirmarknaden og infrastrukturføretaka for verdipapirmarknaden (autoriserte marknadsplassar, verdipapirregister m.m.)

    • eigedomsmeklarar, rekneskapsførarar og revisorar

    • struktur- og konkurransepolitikk for finansmarknaden

    • finansiell stabilitet

Rapport

Økonomisk politikk, forvaltning av statsgjelda og statleg handel med klimakvotar

Arbeidet med å utforma og samordna den økonomiske politikken til regjeringa er ei av hovudoppgåvene til Finansdepartementet, jf. nasjonalbudsjettet og revidert nasjonalbudsjett. Politikken og dei analysane han byggjer på, får brei omtale i budsjettdokumenta til Stortinget.

Sidan sommaren 2009 har det vore vekst i norsk økonomi att, og sysselsetjinga har teke seg opp. Arbeidsløysa har så langt i 2013 halde seg rundt 3 ½ pst. av arbeidsstyrken. Det er lågare enn gjennomsnittet for dei siste 25 åra og langt under nivået i dei fleste andre industriland. I 2013 har merksemda konsentrert seg om å ta vare på desse gode resultata ved å tilpassa bruken av oljeinntekter slik at vi dempar presset på konkurranseutsette næringar og held ved lag handlefridomen i finanspolitikken. Stoda i fleire europeiske land viser kor viktig det er å føra ein ansvarleg og langsiktig finanspolitikk, med orden i eige hus.

Forvaltinga av statsgjelda er omtalt i den årlege lånefullmaktsproposisjonen. I den årlege finansmarknadsmeldinga står det meir om korleis departementet vurderer utøvinga av pengepolitikken.

Prosessen med innkjøp av klimakvotar har gått føre seg jamt og trutt sidan hausten 2007. Finansdepartementet er i ferd med å få levert den mengda av kvotar ein treng for å overoppfylla Noregs skyldnad knytt til den fyrste Kyoto-perioden (2008–2012) med 10 pst., jf. omtale i kapitla 1638 og 4638 i denne proposisjonen.

Formuesforvalting

Departementet rapporterte om forvaltinga av Statens pensjonsfond i 2012 i Meld. St. 27 (2012–2013) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2012.

I meldinga vart det ikkje lagt opp til endringar i strategien for SPU. Derimot drøfter meldinga fleire sider ved strategien, og vedtak frå dei seinare åra vert følgde opp. Meldinga inneheldt dessutan analysar av resultata i forvaltinga for 2012 og ei brei omtale av arbeidet med ansvarlege investeringar. Stortinget hadde meldinga oppe 13. juni 2013.

Sjå elles omtale i proposisjonen sin del I, pkt. 2.1 Statens pensjonsfond.

Arbeidet med statsbudsjettet og økonomistyring i staten

Finansdepartementet har eit ansvar for effektiv ressursbruk i statsforvaltninga. Dette vert ivareteke mellom anna ved å fastsetja og forvalta sams prinsipp og normer for økonomistyring i staten (økonomiregelverket m.m.) og ved ulike tiltak for å leggja til rette for økonomistyringa i statlege verksemder.

Direktoratet for økonomistyring (DFØ) har fullmakt til å forvalta hovuddelen av økonomiregelverket, med unntak for fagområdet etatsstyring, som er igjen i departementet. Finansdepartementet og DFØ legg til rette for fagleg utvikling og overføring av kompetanse i staten i god verksemds- og økonomistyring.

Finansdepartementet leiar eit fagleg nettverk for etatsstyring med deltakarar frå alle departementa. Her utvekslar ein informasjon og byggjer kompetanse på tvers av departementsfellesskapen. Finansdepartementet har følgd opp framlegget om å utvikla rekneskapsføringa i statsforvaltninga, jf. omtale i Gul bok 2013. Arbeidet vert leia av DFØ på oppdrag frå departementet. I 2010 vart det utarbeidd ein standardkontoplan for statlege verksemder. Kontoplanen vart fastsett av Finansdepartementet som ei friviljug ordning frå 1. januar 2011, med sikte på obligatorisk innføring i 2014 etter ei nærare vurdering. Røynslene med innføringa av standardkontoplanen for dei fyrste innføringskulla har vore gode. Difor har Finansdepartementet hausten 2012 fastsett kontoplanen som obligatorisk med verknad frå 2014.

Finansdepartementet har frå 1. januar 2010 fastsett tilrådde men ikkje obligatoriske rekneskapsstandardar for statlege verksemder som i samråd med departementet sitt har valt å føra periodisert verksemdsrekneskap i tillegg til kontantrekneskapen. Stortingets løyvingsvedtak og rapportane frå dei statlege verksemdene til statsrekneskapen skal framleis byggja på kontantprinsippet. I 2010 utarbeidde DFØ eit tilbod om tenester og støtte til verksemder som tek i bruk ny kontoplan og eventuelt endrar føringsprinsipp i verksemdsrekneskapen.

DFØ har i 2012 utvikla standardar for oppstilling av årsrekneskap for statlege verksemder på grunnlag av tala som vert rapporterte til statsrekneskapen. Eit viktig mål med standardisering av rekneskapsoppstillinga er å gje brukarane av rekneskapen ei samla framstilling og innsikt i økonomiske disposisjonar og bruk av fullmakter i verksemdene. Eit anna mål er å utnytta moglegheitene som ligg i den nye standard artskontoplanen for å samanlikna rekneskapsinformasjonen i ulike verksemder.

Etter ei høyring har Finansdepartementet hausten 2013 fastsett allmenne krav til innhald, struktur og publisering av årsrapportar og årsrekneskapar i staten. Verksemdene skal laga og publisera årsrapporten sin etter ein sams mal. Informasjon frå rekneskapen skal leggjast fram i strukturert form som ein del av årsrapporten. Årsrekneskapen skal framleis byggja på kontantprinsippet og på tal som er rapporterte til statsrekneskapen. Verksemder som i samråd med sitt departement har valt å følgja andre rekneskapsprinsipp i den interne rekneskapen, skal presentera denne i tillegg.

Skatte- og avgiftsområdet

Informasjonsutvekslingsavtalar

I samarbeid med dei andre nordiske landa har Finansdepartementet forhandla fram avtalar om å utveksla informasjon på skatteområdet med dei fleste jurisdiksjonane som har lova OECD å utveksla slik informasjon. Det nordiske prosjektet vart forlenga til utløpet av 2013. Departementet reknar då med at avtalar vil vera klåre med alle jurisdiksjonane som står att.

Høyring – skatteplikt for kommunar som driv avfallstenester i ein marknad

Departementet sende 24. april 2013 på høyring eit framlegg om å innføre skatteplikt for kommunar som utfører avfallstenester i ein marknad. Kommunar er med heimel i lov pålagde å sørgja for at avfall frå innbyggjarar i kommunen vert teke hand om. Nokre kommunar utfører tenesta sjølv, medan andre kommunar set tenesta ut på anbod. Kommunar som vel å ta hand om avfallet sjølve, får framleis skattefritak. Kommunar kan også velja å driva verksemd som tilbyr avfallstenester til næringslivet og andre kommunar. Finansdepartementet gjer framlegg om at kommunar skal vera skattepliktige for desse tenestene. Framlegget sikrar likebehandling av kommunar og private og kommunale selskap som leverer avfallstenester i same marknad. Framlegget sikrar òg at Noreg oppfyller forbodet mot offentleg støtte i EØS-avtalen. Høyringsfristen var 1. juli 2013, og forslaget vert lagt fram i Prop. 1 LS (2013–2014).

Høyring – endringar i kraftskattereglane

Finansdepartementet sende 22. mars 2013 på høyring eit framlegg om endringar i kraftskattereglane (reglane om fråkobling), med høyringsfrist 22. juni 2013. Endringa vil gjera grunnrenteskatten meir nøytral og hindra skattemotivert fråkobling av kraftverk i delar av inntektsåret. Forskriftsendringa vil gjelda frå og med inntektsåret 2014.

Høyring – fordeling av gjeld og gjeldsrentefrådrag mellom Noreg og utlandet

Finansdepartementet sende 5. april 2013 på høyring eit framlegg om at personar busette i Noreg som eig bustad eller fritidsbustad i EØS-land der skatteavtalen med Noreg nyttar unntaksmetoden (fordelingsmetoden) for å unngå dobbel skattlegging, i større grad skal få trekkja frå gjeld og gjeldsrenter ved likninga. Med dette vil ein ved skattlegginga av personar busett i Noreg ha same behandling av gjeld og gjeldsrenter uansett om bustaden eller fritidsbustaden er i Noreg eller eit EØS-land der skatteavtalen med Noreg nyttar unntaksmetoden for å unngå dobbel skattlegging. Det vil vera eit vilkår for frådrag at skattytaren ikkje òg får frådrag for dei same gjeldsrentene i landet der eigedomen ligg. Høyringsfristen var 20. juni 2013, og framlegg kjem i i Prop. 1 LS (2013–2014). Etter framlegget skal lovendringa gjelda frå og med inntektsåret 2013.

Forskrift om skatt på kundeaksjar m.m. som vert forvalta av livsforsikringsselskap og pensjonsføretak

Ved behandlinga av budsjettet for 2013 vedtok Stortinget at fritaksmetoden ikkje skal omfatta avkastning av kundeaksjar m.m. som vert forvalta av livsforsikringsselskap og pensjonsføretak. I Prop. 1 LS (2012–2013) kapittel 5 gjorde departementet framlegg om å forskriftsfesta eit sjablongfrådrag slik at inntekt frå kundemidlar som selskapet tek i mot, får om lag same skatt som inntekt frå selskapet sine eigne aksjar. Sjablongfrådraget er etter høyring fastsett av departementet i forskrift som gjeld frå og med inntektsåret 2012.

Endringar i petroleumsskatten

Ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2013 vedtok Stortinget å redusera satsen i friinntekta i særskatten frå 7,5 pst. til 5,5 pst. av kostpris for driftsmiddel som vert avskrivne under petroleumsskattelova § 3 b (produksjonsinnretningar og røyrleidningar). Reduksjonen i friinntektssatsen får verknad for kostnader til erverv av driftsmiddel pådregne frå og med 5. mai 2013, då framlegget vart kunngjort. Satsen ved tilbakeføring av friinntekt ved realisasjon og uttak av driftsmiddel vart endra tilsvarande. Stortinget vedtok òg ein overgangsregel til endringa i friinntektssatsen.

Utviding av fritak for formuesskatt på forsikring og erstatning til barn og unge

I Prop. 70 L (2012–2013) gjorde Finansdepartementet framlegg om å utvida fritaket for skatt på formue for erstatningsutbetalingar til barn og unge for personskade eller tap av forsørgjar til òg å omfatta forsikringsutbetalingar ved det same. Framlegget var på alminneleg høyring og vart vedteke i Stortinget 18. mars 2013. Endringa tek til å gjelda med verknad allereie frå og med 1. januar 2012. I Prop. 150 LS kom departementet med framlegg om å utvida plikta til å gje oppgåve i likningslova § 6-7 til å gjelda generelt for utbetaling av erstatning og tap av forsørgjar. Framlegget vart vedteke 17. juni 2013.

Avgrensing av frådraget for renter til nærståande långjevar

Departementet sende 11. april 2013 på høyring eit framlegg om å avgrensa frådraget for renter som vert betalte til nærståande långjevar. Hovudføremålet er å redusera høve fleirnasjonale selskap har til å nytta rentefrådraget til å flytta overskot ut av landet og dermed redusera skattegrunnlaget. Framlegget vil òg styrkja rammevilkåra for verksemder som konkurrerer med fleirnasjonale selskap som driv omfattande skattetilpassing. Høyringsfristen var 24. juni 2013, og lovframlegget vert gjort i Prop. 1 LS (2013–2014).

Skatteordninga for reiarlag – solidarisk skyldnad for arbeidsgjevarplikter

Departementet sende 19. mars 2013 på høyring eit framlegg om å endra reglane i skattelovforskrifta om kvalifisert verksemd i den særskilde skatteordninga for reiarlag. Bakgrunnen for framlegget var det tidlegare framlegget frå Nærings- og handelsdepartementet om å få reiarlagsselskaps solidariske skyldnad for arbeidsgjevarplikter lovfest i ei ny skipsarbeidslov. Skyldnaden inneber at reiarlagsselskapet er solidarisk ansvarleg med arbeidsgjevaren for utbetaling av løn, feriepengar, sjukepengar o.a. Den nye skipsarbeidslova tok til å gjelda 20. august 2013. Endringa i skattelovforskrifta vart vedteken av departementet 16. august 2013.

Skatt ved uttak frå norsk skattleggingsområde

Finansdepartementet sende 21. desember 2012 og 24. april 2013 på høyring framlegg om endringar og presiseringar i skattelovforskrifta om skattlegging ved uttak frå norsk skattleggingsområde. Reglane inneber at urealisert vinning og tap vert skattlagt når ein eigedel mister tilknytninga til Noreg. Det vart føreslått utfyllande føresegner om korleis ein skal rekna ut skatten. Framlegga innebar oppfølging av endringar i reglane om skattlegging ved uttak frå norsk skattleggingsområde som kom ved lov 22. juni 2012 nr. 40, og som mellom anna har samanheng med utviklinga i EØS-retten. Forskriftsendringane vart vedtekne av departementet 9. september 2013 .

Skattlegging av under- og overkursobligasjonar

Departementet sende 30. mai 2013 på høyring eit framlegg om å endra reglane for skattlegging av obligasjonar som er mengdegjeldsbrev, og som er utferda med eit anna pålydande beløp enn kjøpskursen (under- eller overkurs). Under- og overkurs er i røynda renter. Skattlegginga skjer i dag etter ein komplisert metode der under- og overkurs vert fordelt til årleg skattlegging eller frådrag over løpetida for obligasjonen. Risikoen for at skattereglane er så kompliserte at dei ikkje vert følgde har gjort at høvet til å skriva ut obligasjonar med underkurs er avgrensa. Etter framlegget i høyringsnotatet skal skattlegging eller frådrag fyrst gjennomførast når mengdegjeldsbrevet er realisert (selt eller løyst inn). Dette vil leggja grunnlag for å oppheva restriksjonane på utferding av obligasjonar med underkurs. Høyringsfristen var 12. august 2013, og lovframlegget vert gjort i Prop. 1 LS (2013–2014 ).

Ny skattlegging av uførepensjon

Nye reglar for skattlegging av uførepensjon vart lagt fram i Prop. 1 LS (2012–2013) Skatter, avgifter og toll 2013. Departementet føreslo å skattleggja uførepensjon på same måten som lønsytingar. Endringane skal etter planen gjelda frå inntektsåret 2015.

Meirverdiavgift – endringar i representantordninga

Frå 1. juli 2013 vart ordninga for meirverdiavgiftsrepresentantar endra. For det fyrste vart representanten sitt ansvar for betaling av meirverdiavgift oppheva. Dette gjeld dersom den næringsdrivande høyrer heime i ein stat som Noreg har avtale med om informasjonsutveksling og hjelp til innkrevjing av meirverdiavgift. For det andre vart kravet om å senda salsdokumentasjon gjennom representanten oppheva. Sjå nærare om endringane i Prop. 150 LS (2012–2013) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga, punkt 6. Sjå også omtale under Budsjett 2014 nedanfor.

Meirverdiavgift – fast eigedom

Den generelle ordninga for friviljug registrering i Meirverdiavgiftsregisteret av verksemd med utleige av fast eigedom til avgiftspliktige leigetakarar, kan gje visse uheldige utslag. Dette heng mellom anna saman med at den friviljuge ordninga føreset ei aktiv handling frå den næringsdrivande. Ved behandlinga av Dokument 8:75 S (2011–2012) slutta finanskomiteen seg til at det er fleire gode grunnar for å innføra ei generell meirverdiavgiftsplikt ved utleige av fast eigedom til avgiftspliktig verksemd, men at det er naudsynt å sjå konsekvensar og moglege lovendringar i ein større samanheng, sjå Innst. 277 S (2011–2012). Finanskomiteen bad difor regjeringa arbeida vidare med problemstillinga, slik at eventuelle endringar kunne leggjast fram for Stortinget i samband med statsbudsjettet for 2014. Sjå omtale under Budsjett 2014 nedanfor.

Unntak i advokatar si teieplikt på skatte- og avgiftsområdet

I Prop. 150 LS (2012–2013) gjorde departementet framlegg om unntak i advokatars teieplikt på skatte- og avgiftsområdet. Framlegget hadde vore på høyring våren 2013 og vart vedteke av Stortinget 21. juni 2013. Føremålet er å hindra at skattytarar og avgiftssubjekt kan unngå kontroll frå skatte- og avgiftsstyresmaktene ved at pengeoverføringar går via konti som høyrer til advokatar og andre tredjepartar med lovbestemt teieplikt, eller at dei oppbevarer middel på konti som høyrer til slike tredjepartar. Endringa tok til å gjelda 1. juli 2013.

FATCA – nye opplysningsplikter om finansielle tilhøve

Den amerikanske kongressen vedtok i 2010 ei lov om at institusjonar utanfor USA skal rapportere opplysningar om finansielle forhold for skattepliktige til USA til amerikanske skattestyresmakter. Lova er kjend under namnet «Foreign Account Tax Compliance Act (FATCA)». Noreg har inngått ein avtale med USA om gjennomføringa av FATCA, sjå Prop. 138 S (2012–2013) «Samtykke til å sette i kraft en avtale mellom Kongeriket Norge og Amerikas Forente Stater om forbedret internasjonal overholdelse av skattelovgivningen og gjennomføring av FATCA, undertegnet i Oslo 15. april 2013». Etter avtalen skal norske institusjonar ikkje rapportera direkte til amerikanske skattestyresmakter, men gje naudsynte opplysningar til dei norske skattestyresmaktene, som så sender dei vidare til dei amerikanske. For at Noreg skal oppfylla avtala må norsk regelverk endrast, sjå framlegg til nye lovreglar i Prop. 1 LS (2013–2014).

Heimel for skattekontoret til å gjera om vedtak

Departementet gjorde i Prop. 150 LS (2012–2013) framlegg om at skattekontoret skal få heimel til å gjera om vedtak til fordel for skattytaren under den førebuande klagesaksbehandlinga. Saka hadde vore på høyring våren 2013, og ei lovendring vart vedteke av Stortinget 21. juni 2013. Lovendringa skal mellom anna få ned talet på klagesaker som skatteklagenemnda må avgjera. Tidlegare måtte nemnda behandla saka sjølv om skattekontoret meinte at skattytaren skulle få medhald i klaga. Endringane tok til å gjelda straks.

Nytt regelverk for tollkontroll

Personopplysningar i kontrollstøttesystema (datasystema) til Toll- og avgiftsetaten vert nytta til å planleggja og gjennomføra ein effektiv og målretta grensekontroll. Datatilsynet har gjeve mellombels konsesjon for dei tre kontrollstøttesystema til Toll- og avgiftsetaten. Konsesjonen gjeld fram til 15. oktober 2013.

Ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2013 vedtok Stortinget endringar i tollova for å avklara kva rett etaten har til å henta inn, lagra, bruka og samanstilla personopplysningar når han planlegg, målrettar og gjennomfører kontrollar. Toll- og avgiftsetaten har òg heimel til å behandla visse sensitive personopplysningar og ikkje-verifiserte opplysningar frå ulike tredjepartar. Endringane har vore på høyring.

Nytt kontrollregelverk for skatt og meirverdiavgift

I Prop. L 141 (2011–2012) kom Finansdepartementet med framlegg om nye kontrollreglar i likningslova og meirverdiavgiftslova. Framlegget er ei oppfølging av utgreiinga frå skatteunndragingsutvalet. Departementet føreslo at reglane i dei to lovene vart mest mogleg like og ei meir allmenn plikt til å gje opplysningar etter krav frå skatte- og avgiftsstyresmaktene for å gjera kontrollane meir effektive. Endringane vart vedtekne av Stortinget 26. april 2013 og tok til å gjelda 1. juli 2013.

Personalliste

Finansdepartementet har i Prop. 141 L (2011–2012) kome med framlegg om å følgja opp framlegg frå Skatteunndragelsesutvalget om å påleggja bokføringspliktige i bransjane serveringsverksemd, frisørverksemd, skjønnheitspleie, bilverkstad og bilpleie å føra ei dagleg oppdatert oversikt over kven som til kvar tid er på jobb (personalliste). Føremålet med reglane er å motverka svart arbeid. Skattekontoret skal kunna ileggja eit gebyr til den som ikkje oppfyller plikta. Naudsynte lov- og forskriftsreglar vil tre i kraft 1. januar 2014.

Høyring – nytt regelverk for kassasystem

Finansdepartementet sende 15. februar 2012 Skattedirektoratet si utgreiing med framlegg til nytt regelverk for kassasystem på høyring. Det vert føreslått at berre kassasystem med nærare oppførte funksjonar vert tillatne. Det vil medføra at leverandørar av kassasystem må oppgradera det systemet dei har i dag, og koma med ei produkterklæring til skattekontoret som syner at funksjonskrava er oppfylte. Den 16. august 2013 vart framlegget sendt på høyring i EØS-området etter EØS-høyringslova § 4.

Høve til å gjennomlysa personar ved grensekontroll

Det er utfordrande og tidkrevjande for tollstyresmaktene å avdekkja smugling av narkotika og valuta i holrom i kroppen. For å kunne effektivisera denne kontrollen endra Finansdepartementet 10. desember 2012 tollforskrifta slik at tollstyresmaktene ved hjelp av såkalla lågdoserøntgenmaskiner får høve til å gjennomlysa personar. Framlegg om slik endring hadde vore på høyring. Det er stilt krav om mistanke om innvendig smugling og samtykke frå den kontrollerte før tollstyresmaktene kan ta til med slik kontroll. Toll- og avgiftsdirektoratet vil i fyrste omgang gjennomføra eit pilotprosjekt med lågdoserøntgenmaskin i grensekontrollen på Oslo lufthamn.

Ny lov om Statens innkrevjingssentral

Finansdepartementet kom i Prop. 127 L (2011–2012) med framlegg om ei særskild lov om Statens innkrevjingssentral (SI) som inneheld dei sentrale reglane om innkrevjingssentralen si utanrettslege innkrevjingsverksemd. Lova vart vedteken av Stortinget 11. januar 2013 og gjord gjeldande frå 1. juni 2013. Samstundes med at lova vart gjort gjeldande, fastsette Finansdepartementet forskrift 1. juni 2013 nr. 0565 om Statens innkrevingssentral (SI-lova).

Finansmarknadsområdet

Regelverksarbeidet på finansmarknadsområdet har i stortingssesjonen 2012–2013 resultert i desse lovframlegga:

Stortinget vedtok 13. desember 2012, etter framlegg i Prop. 11 L (2012–2013), nokre endringar i finanstilsynslova, banksikringslova og føretakspensjonslova. Etter endringane slår finanstilsynslova fast at Finanstilsynet har ansvar for å sikra interessene og rettane til forbrukarane i finansmarknadene. Etter endringa i banksikringslova skal medlemmene av Bankenes sikringsfond kvart år betala full avgift til sikringsfondet, same kor stort fondet er. Endringane i føretakspensjonslova er ein del av arbeidet med å tilpassa pensjonslovene for privat sektor til dei nye reglane om alderspensjon i folketrygda. Endringane gjer mellom anna at eigarar av fripolisar kan velja å forvalta fripolisane sine med investeringsval. Endringane i lovene vart sette i verk 1. januar 2013 unntatt dei reglane i føretakspensjonslova som gjeld fripolisar med investeringsval.

Stortinget vedtok 19. april 2013, etter framlegg i Prop. 48 L (2012–2013), endringar i rekneskapslova og nokre andre lover (rapportering om samfunnsansvar m.m.). I proposisjonen vart det tilrådd at selskap som er store etter definisjonen i rekneskapslova, årleg skal leggja fram kva dei gjer for menneskerettar, arbeidstakarrettar, sosiale tilhøve, det ytre miljøet og motarbeiding av korrupsjon. I proposisjonen vart det òg tilrådd å ta bort plikta til å utarbeida konsernrekneskap for selskap som berre har mindre viktige dotterselskap. Endringane vart sette i verk 1. juni 2013 med verknad for rekneskapsår som byrja etter 31. desember 2012.

Stortinget vedtok 22. juni 2012, etter framlegg i Prop. 107 L (2011–2012), nokre endringar i bokføringslova, verdipapirhandelslova, eigedomsmeklingslova m.m. Endringane i bokføringslova følgde opp framlegget i delrapport 2 frå Bokføringsstandardstyret.

Etter endringane kan bokføringspliktige fritt velja oppbevaringsmedium, og lova inneheld ei lemping på krava til spesifikasjon. Det vart ikkje gjort framlegg om endringar i oppbevaringstida for rekneskapsdokumentasjon. Departementet viste til at det trengst meir kartlegging av kostnadene som oppbevaringstida medfører for næringslivet, og at ein vil gjennomføra ei slik kartlegging og deretter leggja vurderingane og eventuelle forslag fram for Stortinget.

Det vart òg gjort endringar i verdipapirhandellova, mellom anna slik at føretak som yter mellommannsteneste i tilknyting til delar i selskap regulerte av selskapslova, til dømes kommandittselskap og indre selskap, som hovudregel må ha løyve. Stortinget vedtok òg endringar i verdipapirregisterlova, mellom anna at politiet skal få elektronisk tilgang til opplysningar i verdipapirregisteret. Endringane vart sette i verk 1. juli 2012.

Ved lov 22. juni 2012 nr. 35 vart det òg gjort ei endring i revisorlova og rekneskapsførarlova. Endringa gjeld krav om dokumentasjon av vandel ved søknad om godkjenning som revisor eller rekneskapsførar. Etter lovendringa må ein ha ordinær politiattest etter politiregisterlova § 40.

Stortinget vedtok vidare 22. juni 2012, etter framlegg i Prop. 107 L (2011–2012), endringar i lov 29. juni 2007 nr. 73 om eiendomsmegling (eigedomsmeklingslova). Endringane klårgjer at lova omfattar formidling av kjøparposisjon til fast eigedom. Dessutan gjev lova medhjelparar som har greidd særskild eksamen i oppgjer, utvida høve til å stå for det økonomiske oppgjeret i eigedomshandlar. Endringane vart sette i verk 1. juli 2012.

Stortinget vedtok 14. juni 2013, etter framlegg i Prop. 96 L (2012–2013), lovframlegg om nye kapitalkrav for bankar mv. Endringane vart vedtekne av Stortinget 10. juni 2013, sanksjonerte 14. juni 2013 og sette i verk 1. juli 2013.

Budsjett 2014

I kap. 2, del I av denne proposisjonen er det omtalt fleire prioriterte oppgåver for Finansdepartementet i 2014. Dessuten går det fram av rapportdelen ovanfor at fleire av dei sakene som er omtalte der, krev oppfølging i seinare år.

Økonomisk politikk, forvaltning av statsgjelda og statleg handel med klimakvotar

Arbeidet med å utforma og samordna den økonomiske politikken til regjeringa vil vera ei hovudoppgåve for Finansdepartementet i 2014 òg. Politikken og dei analysane den byggjer på, vil få ein brei omtale i dei løpande budsjettdokumenta til Stortinget. Sjå nærare omtale i Meld. St. 1 (2013–2014) Nasjonalbudsjettet 2014.

Regjeringa sin økonomiske politikk byggjer på prinsippet om berekraftig utvikling. Finansdepartementet har eit ansvar for å samordna regjeringa sin politikk for berekraftig utvikling. I Nasjonalbudsjettet 2014 er det ein nærare omtale av arbeidet på dette feltet. Klimaarbeidet, både internasjonalt og heime, vil stå høgt på dagsordenen i 2014 òg, og det skal arbeidast med oppdaterte utsleppsframskrivingar.

Kjøp og sal av klimakvotar er nærare omtalt under kapitla 1638 og 4638 i denne proposisjonen.

Formuesforvalting

Departementet sitt arbeid med forvaltinga av Statens pensjonsfond er styrkt i takt med at fondet har auka i verdi. Departementet sitt arbeid med fondet omhandlar å utvikla den langsiktige investeringsstrategien til fondet, fastsetja og følgja opp retningsliner for forvaltinga, og å ta vare på fondet si rolle som ansvarleg investor. I tillegg til eigne ressursar nyttar departementet eksterne fagmiljø i inn- og utland.

Arbeidet med å utvikla investeringsstrategien for fondet i 2014 tek utgangspunkt i dei måla som er skildra i Meld. St. 27 (2012–2013). Ein vil utvikla den ansvarlege investeringspraksisen vidare. Vidare tek ein sikte på å gjennomføra ein brei gjennomgang av Noregs Banks forvaltning av SPU, i tråd med at det i Meld. St. 10 (2009–2010) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2009 vart varsla breie, regelmessige gjennomgangar av Noregs Banks forvalting av SPU i byrjinga av kvar stortingsperiode. Det vil verta følgt opp i 2014.

Sjå nærare omtale i proposisjonen sin del I, pkt. 2.1 Statens pensjonsfond, og Meld. St. 1 (2013–2014) Nasjonalbudsjettet 2014.

Arbeidet med statsbudsjettet og økonomistyring i staten

Finansdepartementet og Direktoratet for økonomistyring (DFØ) vil i 2014 arbeida vidare med å leggja til rette for fagleg utvikling og overføring av kompetanse i verksemds- og økonomistyring i staten.

Finansdepartementet vil gjennom Faggruppa for etatsstyring halda fram arbeidet med å utveksla informasjon og byggja kompetanse om styring av underliggjande verksemder på tvers av departementsfellesskapen.

I samarbeid med DFØ vil Finansdepartementet halda fram med å vidareutvikla rekneskapsføringa i statsforvaltninga. I 2014 vert det mange endringar. Den nye artskontoplanen skal takast i bruk av alle verksemdene, og dei skal rapportera til statsrekneskapen etter denne kontoplanen kvar månad.

Når året er omme skal verksemdene laga og publisera årsrapporten sin etter ein sams, overordna mal. Informasjon frå rekneskapen skal leggjast fram i strukturert form som ein del av årsrapporten. Årsrekneskapen skal framleis byggja på kontantprinsippet og på tal som er rapporterte til statsrekneskapen. Verksemder som i samråd med overordna departement har valt å følgje andre rekneskapsprinsipp i den interne rekneskapen sin, skal presentera denne i tillegg.

DFØ vil gje råd og støtte til verksemdene i dette arbeidet, og det vil verta laga rettleiarar og malar som vil vera til nytte for dei som skal ta i bruk dei nye reglane om årsrapport og årsrekneskap.

Finansdepartementet og DFØ vil arbeida vidare med å få fram ein samla presentasjon av utgiftene og inntektene etter art, no som denne informasjonen vert rapportert til statsrekneskapen frå 2014.

Finansdepartementet vil følgja opp arbeidet med å kvalitetssikra større statlege investeringsprosjekt, jf. omtale under kap. 1608 Tiltak for å styrkja statleg økonomi- og prosjektstyring.

Skatte- og avgiftsområdet

Skatteforvaltningsprosjektet

I Prop. 1 LS (2011–2012) varsla Finansdepartementet fleire tiltak for å styrkja rettstryggleiken for skattytarane. Eit av tiltaka som vart varsla, var ein gjennomgang av forvaltningsreglane på området til Skatteetaten, fyrst og fremst skatt, arbeidsgjevaravgift og meirverdiavgift. Dette vil omfatta emne som opplysningsplikt for skatte- og avgiftspliktige, kontrollreglar, partsinnsyn, dekking av sakskostnader m.m. Siktemålet med gjennomgangen er å samla forvaltningsreglane i ei særskild skatteforvaltningslov. Departementet tek sikte på å utarbeida eit høyringsnotat om nye skatteforvaltningsreglar i løpet av 2014.

Enklare reglar for skattlegging av deltakarlikna selskap

I Meld. St. 11 (2010–2011) varsla Finansdepartementet at det vil arbeida vidare med moglege forenklingar og forbetringar av reglane for skattlegging av deltakarlikna selskap. Det er m.a. aktuelt å sjå på reglane om utrekning av innskota frå deltakarane og om frådragsavgrensing for kommandittistar. Departementet arbeider med desse spørsmåla med sikte på å senda ut eit høyringsnotat med moglege forenklingsframlegg.

Gjennomgang av NOKUS-reglane

Departementet har sett i gang eit arbeid med å gjennomgå reglane for skattlegging av norsk-kontrollerte utanlandske selskap (NOKUS). NOKUS-reglane går fram av skattelova §§ 10–60 flg. og inneber med visse unntak at norske eigarar som har kontrollerande innverknad på eit selskap som høyrer heime i eit lågskatteland, vert skattlagde løpande til Noreg for sin del av overskotet til selskapet. Det er mange ulike omsyn å ta ved vurderinga av NOKUS-reglane, m.a. er det viktig å verna det norske skattegrunnlaget. Reglane skal dessutan medverka til kapitaleksportnøytralitet. Samstundes bør reglane vera i tråd med norsk utviklingspolitikk.

Meirverdiavgift – endringar i representantordninga

Frå 1. juli 2013 vart ordninga for meirverdiavgiftsrepresentantar endra, sjå omtalen under Rapport ovanfor. I ei grunngjeven fråsegn 19. september 2012 har EFTAs overvåkingsorgan (ESA) konkludert med at ordninga er i strid med EØS-avtalen artikkel 11 og 36 i dei tilfella Noreg har inngått avtale om informasjonsutveksling og hjelp til innkrevjing av meirverdiavgift med ein EØS-stat der den næringsdrivande er etablert. Departementet har difor sett i gang ein større gjennomgang av heile representantordninga. Dette er utgreiingar som krev ein del tid, men som er prioritert av departementet.

Meirverdiavgift og fast eigedom

Departementet vil sjå nærare på merverdiavgiftsreglane for fast eigedom. Dette er eit omfattande arbeid, som òg krev grundig analyse av provenyverknadene og konsekvensane for de ulike aktørane. Som ledd i arbeidet har Skattedirektoratet fått i oppdrag å greia ut om meirverdiavgiftsplikta kan utvidast. Fristen for Skattedirektoratets utgreiing er sett til desember 2013. Finansdepartementet vil deretter vurdera saka nærare og leggja henne fram for Stortinget. Departementet vil senda eventuelle regelendringsframlegg på høyring før lovframlegg vert sendt til Stortinget. Sjå omtale i Prop. 1 LS (2013–2014).

Meirverdiavgift og mellombels innførsel av anleggsmaskiner

Departementet vurderer kva som eventuelt kan bøta på den likviditetsulempa som kan oppstå for innanlandske næringsdrivande ved mellombels innførsel av anleggsmaskiner. Den næringsdrivande vert belasta med innførselsmeirverdiavgift ved grensepassering, og tollkreditten kan forfalla til betaling før den næringsdrivande får avgiftsoppgjer frå skattekontoret for den aktuelle avgiftsterminen. Siktemålet er å finna ei løysing som tek omsyn både til den næringsdrivande og til det skatte- og avgiftstekniske. Sjå omtale i Prop. 1 LS (2013–2014).

Den generelle kompensasjonsordninga for kommunesektoren

Finansdepartementet har vurdert behovet for einskilde presiseringar og eventuelle endringar i den generelle kompensasjonsordninga for meirverdiavgift som gjeld for kommunesektoren, med sikte på å gjera regelverket klårare og meir brukarvenleg. Etter nokre avklaringar i domstolane har departementet førebels ikkje funne det naudsynt å føreslå regelendringar. Departementet vurderer likevel dette jamleg, sjå omtale i Prop. 1 LS (2013–2014).

Finansmarknadsområdet

I 2014 vil mellom anna desse lovsakene krevja særleg innsats på finansmarknadsområdet:

Ny finanslovgjeving

Banklovkommisjonen overleverte si utreiing NOU 2011: 8 Ny finanslovgivning til Finansdepartementet 27. mai 2011. I utgreiinga har kommisjonen gått gjennom finansinstitusjonslovgjevinga med sikte på modernisering, samordning og revisjon. Banklovkommisjonen har utarbeidd eit utkast til ei ny, samla lov om finansføretak og finanskonsern som kan erstatta det meste av gjeldande lover på bank- og forsikringsområdet. Lovutkastet inneheld òg utkast til nye reglar for å gjennomføra EØS-reglar som svarer til EUs nye solvensregelverk for forsikringsselskap (Solvens II-regelverket) og EUs nye regelverk om kapital- og likviditetskrav for kredittinstitusjonar og verdipapirføretak (CRD IV-regelverket). Utgreiinga har vore på høyring. Finanstilsynet har utarbeidd to høyringsnotat om gjennomføring av Solvens II-regelverket og CRD IV-regelverket. Finansdepartementet sende dei ut i oktober 2011. I samband med denne høyringa uttalte departementet at det legg opp til å gjennomføra Solvens II-regelverket og CRD IV-regelverket i ei ny finansføretakslov som byggjer på utkastet i NOU 2011: 8.

Finansdepartementet arbeider no med framlegg til ny lov om finansføretak og finanskonsern som byggjer på Banklovkommisjonens utgreiing, dei andre høyringsutkasta og dessutan merknadene frå høyringsinstansane. Departementet vil òg førebu naudsynte forskriftsendringar.

Ny kollektiv tenestepensjonsforsikring

Banklovkommisjonen la 28. juni 2012 fram si utgreiing nr. 26, NOU 2012: 13 Pensjonslovene og folketrygdreformen II, med utkast til ny kollektiv tenestepensjonsforsikring. Utgreiinga er fase II i Banklovkommisjonens arbeid med tilpassing av regelverket for tenestepensjonsordningane i privat sektor til ny folketrygd. Fase III i Banklovkommisjonens arbeid er NOU 2013: 3. I den har kommisjonen gjort framlegg om overgangsordningar frå dagens ytingsbaserte pensjonsordningar etter føretakspensjonslova til det nye produktet som Banklovkommisjonen har gjort framlegg om. Begge utgreiingane frå Banklovkommisjonen har vore på høyring, og den siste høyringsfristen gjekk ut 12. april 2013.

Departementet visar til at Prop. 199 L (2012–2013) vart lagt fram 4. oktober 2013.

Sikringsordning og soliditetssvikt

EU-kommisjonen kom i juni 2012 med framlegg til nytt EU-direktiv om handtering av økonomiske problem i finansinstitusjonar. Direktivframlegget er no til forhandling i Kommisjonen, Europaparlamentet og Rådet. Det er klår samanheng mellom Kommisjonens framlegg til revisjon av EUs innskotsgarantidirektiv, som vart fremja i 2010, og framlegget om eit krisehandteringsdirektiv. EU vedtok i 2009 endringar i innskotsgarantidirektivet. Dei innebar mellom anna ei fullharmonisering av dekningsnivået i EU-landenes innskotsgarantiordningar til 100 000 euro frå 1. januar 2011. Denne fullharmoniseringa er deretter teke inn i revisjonsframlegget til nytt innskotsgarantidirektiv som vart fremmja i 2010, og som framleis er til behandling. Dersom EUs fullharmoniserte regel om dekningsnivå skulle vorte gjennomført i Noreg, måtte vi redusert nivået på den norske innskotsgarantiordninga, som er opptil 2 mill. kroner per innskytar per bank. I februar 2012 vedtok Europaparlamentet ein direktivtekst som opna for at Noreg kunne vidareføra det gjeldande norske dekningsnivået. Kommisjonen, Rådet og Europaparlamentet diskuterer framleis direktivframlegget. Regjeringa har arbeidet for at Noreg skal kunne vidareføra den norske innskotsgarantiordninga med noverande dekningsnivå. Banklovkommisjonen er i ferd med å utarbeida framlegg til nye reglar for banksikring. Sjå også omtale av dette seinast i pkt. 3.2.5 i Meld. St. 30 (2012–2013) Finansmarknadsmeldinga 2012 og til finanskomiteens merknader og støtte til dette i Innst. 423 S (2012–2013).

Andre nye rettsakter frå EU

EU-kommisjonen har dei siste åra gjort framlegg om ei rekkje nye EØS-relevante rettsakter på finansmarknadsområdet. Til dømes er det gjort framlegg om eit nytt konsolidert rekneskapsdirektiv, endringar i revisjonsdirektivet og om ei ny forordning om revisjon av allmennyttige føretak, nytt kvitvaskingsdirektiv, revisjon av betalingstenestedirektivet, endringar i ei rekkje rettsakter som gjeld verdipapirmarknaden, mellom anna MiFID, rapporteringsdirektivet og markedsmisbruksdirektivet, nytt direktiv om forvaltarar av alternative investeringsfond og ny forordning om oppgjerssentralar og pliktig clearing av OTC-derivatar. Finansdepartementet vil i 2014 arbeida med å gjennomføra ei rekkje av dei EØS-relevante rettsaktene i norsk rett.

Samfunnstryggleik og beredskap

På ansvarsområdet til Finansdepartementet skal det arbeidast systematisk med samfunnstryggleik. Beredskapen for å kunna handtera ekstraordinære hendingar skal vera god. Departementet og dei underliggjande etatane har eit beredskapsplanverk for å kunna handtera uynskte hendingar.

Finansdepartementet har inngått ein ny og utvida avtale for utflytting av verksemda dersom departementet må evakuere G-blokka i regjeringskvartalet. Avtalen vil sikra departementet kontorplassar og tilgang til fellesareal. Med denne avtalen er departementet betre i stand til å ta hand om avgjerande funksjonar etter ei evakuering. Den tidlegare avtalen medverka til at Finansdepartementet fungerte tilfredsstillande i dei to vekene frå terroraksjonen 22. juli 2011 og fram til departementet flytta attende til lokala i regjeringskvartalet. Alle viktige beredskapsplanar og varslingslistar vert oppdatert jamleg.

Ei hovudutfordring i finanssektoren er å halde betalingsformidlinga ved lag slik at samfunnet får dekt behovet for betalingstenester. Finanssektoren vert meir og meir sårbar for svikt i drifta av IKT-system og i tilgangen på telekommunikasjon og straum, jf. skildringa i kapittel 5 i Meld. St. 30 (2012–2013) Finansmarknadsmeldinga 2012. Dei siste åra har det vorte arbeidd med å effektivisera og tilpassa beredskapen i finanssektoren med tanke på kor sårbart eit moderne betalingssystem er. I 2000 vart det såleis skipa eit eige beredskapsutval for finanssektoren (BFI). BFI skal sikra ei best mogleg samordning av beredskapsarbeidet i den finansielle infrastrukturen, og utvalet vurderer m.a. driftsstabilitet, risiko og sårbarheit. Utvalet skal koma fram til og samordna tiltak for å førebyggja og løysa krisesituasjonar og andre situasjonar som kan gje store forstyrringar i den finansielle infrastrukturen. Medlemmene i utvalet representerer dei mest sentrale aktørane i den norske finansinfrastrukturen. Finanstilsynet har ansvaret for leiing og sekretariat. Finansdepartementet er observatør på møta.

I fyrste halvdel av 2013 var det to ordinære møter i BFI, og eit til er planlagt seinare i 2013. Det er òg planlagt 1–2 øvingar i utvalet i 2013, slik som i tidlegare år. Det er planlagt minst like stor aktivitet i 2014.

Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet arbeider jamleg med overvaking og regelverksutvikling for å bidra til finansiell stabilitet.

Finansdepartementet har dei seinare åra rapportert til Stortinget om utsiktene for finansiell stabilitet to gonger i året: i finansmarknadsmeldinga (som kjem i april/mai) og i nasjonalbudsjettet (som kjem i oktober). Mange av tiltaka på dette området skjer gjennom regelverksutviklinga. I den siste finansmarknadsmeldinga, Meld. St. 30 (2012–2013) Finansmarknadsmeldinga 2012, er det i kapittel 6 gjort greie for regelverksendringar som vart gjorde i 2012. I kapittel 3 i meldinga er det gjort greie for pågåande arbeid med regelverksendringar, så som nye kapitalkrav for finansinstitusjonar (sjå s. 24–32), nye reglar for forsikring og pensjon (sjå s. 37–39) og regelverksutvikling i verdipapirmarknadene (sjå s. 41–44). Kapittel 4 i meldinga handlar om tvisteløysing mellom finansføretak og deira kundar, medan kapittel 5 gjev eit oversyn over sårbarheit i den finansielle infrastrukturen. I kapittel 5 er det òg vist til at Finanstilsynet har fått i oppdrag å vurdera behovet for regelverksendringar på dette området (sjå s. 72). Finansdepartementet har gjort greie for utsiktene og arbeidet for finansiell stabilitet i kapittel 2 i meldinga. I tillegg er dette omtalt mellom anna i Meld. St. 1 (2012–2013) Nasjonalbudsjettet 2013 (sjå s. 69–77), Meld. St. 12 (2012–2013) Perspektivmeldinga 2013 (sjå s. 86) og Meld. St. 2 (2012–2013) Revidert nasjonalbudsjett 2013 (sjå s. 50–56).

Også Noregs Bank og Finanstilsynet publiserer jamleg rapportar om utsiktene for finansiell stabilitet og om risikotilhøva i finanssystemet. Noregs Bank legg fram «Pengepolitisk rapport med vurdering av finansiell stabilitet» fire gonger i året, og «Årsrapport om betalingssystem» ein gong i året. Finanstilsynet legg fram to årlege rapportar om utsiktene for finansiell stabilitet, kalla «Finansielt utsyn» og «Finansielle utviklingstrekk», og ein årleg rapport om arbeidet med IKT-tryggleik i finanssektoren.

Fleire etatar under Finansdepartementet forvaltar omfattande produksjonssystem som behandlar store informasjonsmengder, inkludert Folkeregisteret som er eit sentralt grunndataregister for personinformasjon. Det vert arbeidd med å modernisera Folkeregisteret. Arbeidet har ein tidshorisont på fleire år, men tryggleiken i det noverande registeret vert løpande vurdert etter det trugselbiletet som gjeld.

Post 01 Driftsutgifter

Driftsløyvinga dekkjer lønsutgifter og andre utgifter til drift av departementet. Finansdepartementet hadde per 1. mars 2013 ei bemanning tilsvarande 303 årsverk. Lønsutgifter m.m. utgjer vel 70 pst. av budsjettet. Av andre driftsutgifter utgjer lokalleige den største einskildposten. For 2014 føreslår departementet ei løyving på 321,8 mill. kroner. Det er 8,3 mill. kroner høgare enn saldert budsjett for 2013. Om lag halvparten av auken gjeld løns- og prisjustering. Det er òg sett av middel til ombyggingsarbeid i departementet. Det er elles lagt opp til om lag same aktivitetsnivå som i 2013.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Posten omfattar hovudsakleg utgifter til forskingsoppdrag, utgreiingsarbeid og ein del særlege innkjøp. Forskingsmidlane vert særleg brukte til program i regi av Noregs forskingsråd, m.a. knytte til skatteøkonomi. Sjå nærare omtale av måla for Forskingsrådet i Prop. 1 S (2013–2014) for Kunnskapsdepartementet, kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.

Løyvinga dekkjer utgifter til kjøp av utviklingstenester frå Statistisk sentralbyrå òg. Ei viktig oppgåve som Statistisk sentralbyrå utfører for departementet, er å vedlikehalda det økonomiske modellapparatet som vert brukt i arbeidet med den økonomiske politikken. I tillegg vert midlane på posten brukte til ei rekkje særskilte utgreiingsoppgåver, m.a. kjøp av eksterne konsulenttenester i samband med departementet si oppfølging av Statens pensjonsfond. Dessutan skal det no verta utvikla ein særskild statistikk om gåver m.m. frå sparebankar og sparebankstiftingar.

For 2014 føreslår departementet ei løyving på 58,6 mill. kroner, som er 7,4 mill. kroner høgare enn saldert budsjett for 2013. Det er rekna med noko større kjøp av utviklingstenester o.l. enn i 2013.

Finansdepartementet får refusjonar frå andre offentlege verksemder som departementet samarbeider med. Sidan det er uvisst kor store refusjonane vert, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskrida løyvinga under kap. 1600, post 21 Spesielle driftsutgifter med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4600, post 02 Ymse refusjonar, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Post 70 Forsking og allmennopplysning om finansmarknaden

I samband med statsbudsjettet for 2002 vart det vedteke å bruka ein del av provenyet frå omdanning og sal av Oslo Børs til å skipa eit finansmarknadsfond med ei fondsavsetning på 90 mill. kroner (Finansmarknadsfondet). Føremålet med Finansmarknadsfondet er å medverka til auka kunnskap om og forståing for verkemåten til finansmarknadene, mellom anna regulering av marknader og marknadsaktørar, og å fremja innsikt og auka medvitet om etikk på finansmarknadsområdet. Fondet skal medverka til forsking, utdanning og allmenn opplysning om finansmarknadsspørsmål.

Fram til utgangen av 2012 var kapitalen i Finansmarknadsfondet plassert som tre kontolån med 10 års løpetid til staten. Fondsutbytet vart ført som inntekt i statsbudsjettet og gav grunnlag for ei utgiftsløyving til dei nemnde føremåla. Utbytet frå fondskapitalen året før vart ført som inntekt i statsbudsjettet året etter.

I samband med statsbudsjettet for 2013 vart det vedteke å skipa ein ny modell for løyvingar til Finansmarknadsfondet, slik at sjølve fondet vart avvikla 1. januar 2013. Fondskapitalen vart tilført statskassa og erstatta med vanlege utgiftsløyvingar over statsbudsjettet frå og med budsjettåret 2013, sjå side 48–50 i Prop. 1 S (2012–2013) for Finansdepartementet. Bakgrunnen for den nye løyvingsmodellen var at løyvingane til fondet truleg ville ha vorte monaleg mindre i åra framover om den tidlegare løyvingsmodellen hadde vorte vidareført. Utviklinga i det generelle rentenivået, kombinert med den generelle prisstiginga, ville innebore lågare løyvingar og følgjeleg mindre verksemd etter kvart som kontolåna ville ha vorte bytte ut ved forfall. Med den nye løyvingsmodellen legg ein opp til å halda tildelingane om lag like store som dei var under den tidlegare modellen, målt i faste prisar. For 2012, siste gongen med den tidlegare modellen, vart det løyva 11,8 mill. kroner. For 2013, fyrste året med den nye modellen, vart løyvinga basert på løyvinga for 2012, justert for prisstigninga, slik at ein løyvde 12,2 mill. kroner.

For 2014 føreslår departementet i samsvar med modellen difor å løyva 12,6 mill. kroner på kap. 1600, post 70. Justert for prisstigning er dette som for 2013.

Fullmakt til å retta opp uoppklåra differansar og feilføringar i statsrekneskapar frå tidlegare år

Frå tid til anna oppstår det differansar i rekneskapen hos rekneskapsførarane i staten. Nokre av differansane vert ikkje oppklåra trass i ein monaleg innsats for å finna ut av kva dei kjem av. Det hender òg at beløp vert tilviste og posterte feil i statsrekneskapen, og at feilen fyrst vert funnen etter at årsrekneskapen er avslutta.

På grunn av eittårsprinsippet vil retting av slike feil, med motsett postering i rekneskapen for eit seinare år, medføra at den rekneskapen òg vert galen. Slik Finansdepartementet ser det, er det mest korrekt at uoppklåra differansar og andre feil vert retta opp i statsrekneskapen med posteringar over kontoen for forskuvingar i balansen. Då vil desse posteringane ikkje påverka løyvingsrekneskapen det året rettinga vert gjord. Rettinga må skje etter ei posteringsoppmoding frå vedkomande departement og i) etter at ein har gjort det ein kan for å oppklåra differansen og ii) berre når feilposteringa ikkje kan rettast på nokon annan måte.

Det må hentast heimel frå Stortinget i kvar sak før posteringsoppmoding kan sendast til Finansdepartementet. For mindre beløp bør Finansdepartementet ha fullmakt.

Stortinget vedtok ved behandling av Innst. S. nr. 252 (1997–98), jf. St.prp. nr. 65 (1997–98), å gje Finansdepartementet ei fullmakt for budsjett- og rekneskapsåret 1998. Denne fullmakta er teken opp att i budsjettdokumenta kvart år sidan. Departementet gjer framlegg om same fullmakt for budsjett- og rekneskapsåret 2014, jf. framlegg til romartalsvedtak IX.

Kap. 4600 Finansdepartementet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

02

Diverse refusjonar

2 547

2 000

1 000

16

Refusjon av foreldrepengar

5 375

18

Refusjon av sjukepengar

1 683

85

Avkastning frå Finansmarknadsfondet

11 816

7 400

95

Fondskapital

206 700

Sum kap. 4600

21 421

216 100

1 000

Post 02 Diverse refusjonar

Posten omfattar refusjonar frå andre offentlege verksemder som Finansdepartementet samarbeider med.

Post 85 Avkastning frå Finansmarknadsfondet og post 95 Fondskapital

Kapitalen i Finansmarknadsfondet var ved utgangen av 2012 om lag 206,7 mill. kroner. Utbytet for året før vart fram til 2013 ført som inntekt i statsbudsjettet og gav grunnlag for ei utgiftsløyving til føremåla for fondet. Utbytet i 2012 vert rekna til om lag 7,4 mill. kroner. Det beløpet vart ført som inntekt under kap. 4600, post 85 i 2013. Den nye løyvingsmodellen frå 2013 av er omtalt under kap. 1600, post 70 Forsking og allmennopplysning om finansmarknaden. Fondskapitalen vert i februar 2013 postert som inntekt i statsrekneskapen på kap. 4600 Finansdepartementet, post 95 Fondskapital.

Kap. 1602 Finanstilsynet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

317 480

321 800

327 500

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

8 089

12 000

12 300

Sum kap. 1602

325 569

333 800

339 800

Føremål og hovudoppgåver

Oppgåvene til Finanstilsynet er fastlagde i lov 7. desember 1956 nr. 1 om tilsynet med finansinstitusjoner mv. (finanstilsynslova), og i dei ulike særlovene for områda under tilsyn. Finanstilsynslova § 1 slår fast kva institusjonar det skal førast tilsyn med, og i § 3 er det gjeve nokre overordna føresegner om verksemda til Finanstilsynet:

«Tilsynet skal se til at de institusjoner det har tilsyn med, virker på hensiktsmessig og betryggende måte i samsvar med lov og bestemmelser gitt i medhold av lov samt med den hensikt som ligger til grunn for institusjonens opprettelse, dens formål og vedtekter. Tilsynet skal se til at institusjonene under tilsyn i sin virksomhet ivaretar forbrukernes interesser og rettigheter.»

Finanstilsynet vedtok hausten 2010, etter at eit utkast hadde vore lagt fram for Finansdepartementet, ein overordna strategi for perioden fram til 2014. Finanstilsynets hovudmål etter denne strategien er «…å bidra til å sikre finansiell stabilitet og velfungerende markeder».

Dette er i strategien konkretisert i dei følgjande delmåla:

  • solide og likvide finansinstitusjonar

  • god overvaking av risiko i økonomi og marknader

  • forbrukarvern gjennom god informasjon og rådgjeving

  • god leiing og verksemdsstyring i føretaka

  • robust infrastruktur som sikrar betaling, handel og oppgjer

  • tilstrekkeleg og påliteleg finansiell informasjon

  • god marknadsåtferd

  • effektiv krisehandtering

For å nå måla for verksemda, brukar tilsynet ei rekkje verkemiddel, anten kvar for seg eller i kombinasjon. Verkemidla er:

  • tilsyn og overvaking

  • forvaltning

  • regelverksutvikling

  • informasjon og kommunikasjon

Finansiell stabilitet og velfungerande marknader er hovudføremåla for Finanstilsynet, og båe desse er naudsynte for å sikra tillit til det finansielle systemet, ei stabil økonomisk utvikling og for å verna brukarane av finansielle tenester. Finansiell stabilitet inneber at det finansielle systemet er solid nok til å formidla finansiering, utføra betalingar og omfordela risiko på ein tilfredsstillande måte, både i oppgangs- og nedgangstider. Finanstilsynet skal særleg prioritera institusjonar og område som har størst innverknad for finansiell stabilitet og velfungerande marknader, herunder IKT-systema.

Forbrukarvern er grunnleggjande i heile tilsynsverksemda. Finanstilsynet legg særleg vekt på at dei som tilbyr finansielle tenester og produkt, oppfyller krava til god kunderådgjeving. Dette tryggjer at kundane forstår risikoen i dei produkta dei vert tilbodne, og at rådgjevinga varetek behova til den einskilde kunden på ein god måte.

Finanstilsynet har definert fleire utfordringar og tiltak på tilsynsområdane. Desse er nærare beskrive i strategiplanen, mellom anna under punktet «utfordringer og tiltak på tilsynsområdene».

Med dette som utgangspunkt, og basert på utviklingstrekka i finansmarknadene, set Finansdepartementet nærare mål for verksemda i det enkelte år gjennom tildelingsbrev, som er gjeve på bakgrunn av budsjettdokumenta og føringane gitt av Stortinget.

Finanstilsynet er leia av eit styre på fem medlemmar, supplert med to representantar frå dei tilsette ved behandling av administrative saker. Medlemmene og varamedlemmene vert peika ut av Finansdepartementet for ein periode på fire år. Leiargruppa i Finanstilsynet består av seks personar. Verksemda hadde per 1. mars 2013 ei bemanning tilsvarande 265 årsverk.

Rapport 2012

Nedanfor følgjar ei nærare skildring av arbeidet i Finanstilsynet i 2012.

Tabell 5.1 Ressursbruken i Finanstilsynet, fordelt på tilsynsområde

Tilsynsområde

Rekneskap 2011

Rekneskap 2012

Plantall 2013

Årsverk

Prosent

Årsverk

Prosent

Prosent

Bankar

63,2

25,1

68,1

26,2

22,7

Finansieringsselskap og kredittføretak

6,9

2,7

6,9

2,6

3,2

Betalingsføretak

2,5

1,0

0,9

Forsikring

47,4

18,8

47,1

18,1

18,3

Pensjonskasser og fond

9,1

3,6

9,4

3,6

4,0

Verdipapirmarknaden

52,9

21,0

52,8

20,3

22,6

Prospektkontrollen

11,5

4,6

12,1

4,6

4,7

Eigedomsmeklarar

11,2

4,5

10,3

3,9

4,0

Inkassoføretak

4,9

1,9

4,2

1,6

1,6

Revisorar og rekneskapsførarverksemd

33,0

13,1

32,3

12,5

12,4

Rekneskapskontroll

8,6

3,4

8,8

3,4

3,9

Andre

3,2

1,3

5,5

2,2

1,7

Sum

252

100

260

100

100

Allment

Ressursbruken auka med åtte årsverk frå 2011 til 2012, jf. tabell 5.1. Bruken av ressursar på dei fleste tilsynsgruppene auka eller var uendra frå 2011 til 2012. Unntaket var forsikring, eigedomsmeklarar, inkassoføretak og revisorar og rekneskapsførarverksemnd, der det var ein liten nedgang i ressursbruken.

Finanstilsynet har fastsett mål for saksbehandlingstid for eit utval forvaltningssaker og for tilsynsrapportar og tilsynsmerknader. For dei fleste forvaltningssakene er målet at 90 pst. skal vera ferdig behandla innan 30 dagar. For ein del innfløkte sakstypar er det sett lengre frist. Fristen for tilsynsrapportar og -merknader varierer mellom dei ulike tilsynsområda. På alle område, med unntak av tilsynsrapportar, vart det registrert forbetring frå 2011 til 2012. I 2012 var måloppnåinga for forvaltningssaker under eitt 85 pst., mot 77 pst. i 2011.

For å auka effektiviteten og betra grunnlaget for tilsynsarbeidet har ein prioritert utviklinga av både nye og eksisterande tekniske løysingar. Finanstilsynet har meir og meir brukt Altinn til innrapportering. Nye skjema er laga i Altinn II, og mottaksløysinga er vidareutvikla for å kunna ta i bruk nye funksjonar i Altinn II.

Nedanfor følgjar eit kort oversyn over aktiviteten i 2012. Ein meir detaljert gjennomgang finst i Meld. St. 30 (2012–2013) Finansmarknadsmeldinga.

Bank og finans

Stadleg tilsyn er viktige for å avdekkja problem i ein bank tidleg. Gjennomføringa av stadlege tilsyn byggjer på Finanstilsynets risikomodular, som er baserte på internasjonale tilsynsstandardar. Inspeksjonane tek utgangspunkt i dokument som føretaka har sendt til Finanstilsynet etter varsel om inspeksjon. Risikomodulane er tilgjengelege på nettstaden til Finanstilsynet.

I 2012 vart det gjennomført 46 inspeksjonar i bankar og finansieringsføretak. Fem av inspeksjonane var tematilsyn om bankane si etterleving av retningslinene for forsvarleg utlånspraksis for bustadlån. I tillegg vart det gjennomført fem tematilsyn på IKT-området. I dei mindre og mellomstore bankane vart det i dei fleste tilfella gjennomført generelle inspeksjonar som dekkjer alle hovudrisikoområda, men likevel med spesiell merksemd på kreditt- og likviditetsrisiko. I tilsynsarbeidet vart det lagt vekt på å sikra at bankane har tilstrekkelege likviditetsbufferar og ein langsiktig finansieringsstruktur gjennom god innskotsdekning og langsiktig marknadsfinansiering.

I arbeidet med kredittrisikoen i dei større bankane vart det i 2012 lagt særleg vekt på utlånsporteføljar som kan vera spesielt påverka av finanskrisa. Dette gjeld mellom anna shipping, næringseigedom og oppkjøpsfinansiering. Tilsynet påpeika høg risiko i utlånsporteføljane til somme bankar. Risikoen gjaldt ofte einskildbransjar eller einskildengasjement. Bankane vart bedne om å innføra strammare rammer for slik eksponering. Finanstilsynet påpeika overfor fleire bankar at dei bør betra likviditeten ytterlegare og auka innskotsdekninga. Det vart òg påpeika at bankane må ha klårare rammer for storleiken på likviditetsbufferen og for kvaliteten på dei likvide midla i bufferen.

Forsikring og pensjon

Finanstilsynet følgjar utviklinga i forsikringsselskapa gjennom stresstestar, analysar og stadlege tilsyn. I 2012 vart det gjennomført stadlege tilsyn i fem livsforsikringsselskap, seks pensjonskasser, tre skadeforsikringsselskap og tre forsikringsformidlingsføretak.

Tre av tilsyna var tematilsyn på forsikringsområdet og eitt var IT-tilsyn.

I tilsyna med livforsikringsselskapa vart det lagt vekt på styrings- og kontrollsystem på overordna nivå. Kapitalsituasjonen, kostnadsoverskridingar innanfor somme bransjar og produkttypar, auka levealder og behov for større avsetjingar i 2012 var av sakene som vart tekne opp.

I tilsynet med pensjonskassene avdekte Finanstilsynet mellom anna brot på kapitaldekningskravet og solvensmarginkravet. Det vart òg peika på svak risikostyring og behov for ei samla risikovurdering.

Eitt av skadeforsikringsselskapa hadde svakt resultat. Her la Finanstilsynet vekt på kapitalsituasjonen, forretningsplanen og om det var mogleg for selskapet å få tilført ny kapital frå eigar.

I tilsynet med forsikringsformidlingsføretaka vart det avdekt veik risikostyring og internkontroll.

Verdipapirmarknaden

I 2012 vart det gjennomført 16 stadlege tilsyn i verdipapirføretak. I tillegg vart det gjennomført eitt tilsyn særleg retta mot IKT-løysingane til verdipapirføretaka. Tilsynet la vekt på om investeringsrådgjevinga høvde for kundane og hadde ivareteke interessene deira. Tilsynet retta òg merksemda mot kontrollfunksjon i føretak og om oppbygging og organiseringa av verksemda var eigna for å avgrense eventuelle interessekonfliktar. Etter gjennomført stadlege tilsyn vedtok Finanstilsynet i 2012 å kalla tilbake løyva for to verdipapirføretak.

I 2012 vart det gjennomført tre stadlege tilsyn i forvaltingsselskap for verdipapirfond. Tilsyna omfatta styring og kontroll, behandling av kundetilhøve, informasjonsplikt og sjølve forvaltinga av fonda. Forvaltningsselskapa si oppfølging av reglane om kapitaldekning og store engasjement vart kontrollerte gjennom det dokumentbaserte tilsynet.

Finanstilsynet tok i 2012 opp mange saker for å sjå etter moglege brot på dei allmenne åtferdsreglane for verdipapirmarknaden.

Det vart meldt fem saker der det var mistanke om ulovleg innsidehandel eller brot på teieplikta, og éi sak om marknadsmanipulasjon. Vidare ila Finanstilsynet ni gebyr for brot på flaggeplikt og ti gebyr for brot på meldeplikt.

Revisjon og rekneskapsføring

Det vart gjennomført 48 stadlege tilsyn innanfor revisjon i 2012, og det vart gjort 36 vedtak om tilbakekall av autorisasjon frå revisorar.

Det vart gjennomført 60 stadlege tilsyn av rekneskapsførarverksemder i 2012, og det vart vedteke tilbakekall av autorisasjon for 10 rekneskapsførarar og 45 rekneskapsførarselskap.

Eigedomsmekling og inkasso

Det vart i 2012 gjennomført 43 stadlege tilsyn med eigedomsmeklingsføretak og med advokatar som driv eigedomsmekling. Finanstilsynet har særleg kontrollert korleis meklingsføretaka og advokatane har innretta internkontrollen, behandlinga av klientmidlar og føring av bodjournal. Finanstilsynet kalla tilbake tre løyve til å driva eigedomsmekling og fire rettar til å vera ansvarleg meklar.

I 2012 vart det gjennomført 10 stadlege tilsyn i framandinkassoføretak med vekt på ein brei gjennomgang av rutinane til dei større føretaka. Det vart òg avdekt ein del tilfelle av ulovleg inkassoverksemd i Noreg frå utanlandske føretak. Her vart det lagt ned forbod. Finanstilsynet kalla tilbake eit løyve til å driva inkassoverksamd.

IT-tilsyn

I 2012 gjennomførte Finanstilsynet 17 IT-tilsyn og tilsyn med system for betalingstenester i bankar, forsikringsselskap, finansieringsføretak og verdipapirinstitusjonar, og hos revisorar og rekneskapsførarar og i eigedomsmeklings- og inkassoføretak. IT-tilsyna omfatta dessutan tilsyn hos IKT-leverandørar med grunnlag i § 12 i IKT-forskrifta om utkontraktering av IKT-verksemd. I tillegg vart det gjennomført 45 forenkla IT-tilsyn som ein del av vanlege tilsyn.

Aktuelle tema var katastrofe- og beredskapsopplegg, elektroniske betalingstenester, samt styring og kontroll med infrastrukturen for IKT. Under tilsyn vart det avdekkja manglar ved etterlevinga av regelverket for styring og kontroll. Ved utkontraktering vert ikkje alltid tekniske endringar hos tenesteytar varsla til dei ansvarlege føretaka slik at dei kan vurdera risikoen og påverknaden på sine eigne system. Dette kan auka faren for feil. Det vart òg avdekkja manglar ved sikringa av kontinuitets- og katastrofeløysingane.

Finanstilsynet har påpeika faren med at banksystema til dels har vorte svært innfløkte. Fleire bankar ser at risikoen ved dei gamle og komplekse kjernesystema har auka, samtidig som det kan vera vanskeleg å rekruttera personell med kompetanse i teknologien som er nytta. Stadig fleire ser at det krevst store investeringar for å fornya og rasjonalisera kjernesystema.

Budsjett 2014

Finansiell stabilitet og velfungerande marknader er hovudføremåla for Finanstilsynet. Finanstilsynet må difor til kvar tid innanfor gjeldande budsjettramme prioritera oppgåver som bidreg til desse hovudmålane.

Finanstilsynet skal i 2014 særleg prioritera arbeid med finansiell stabilitet. For å sikra den finansielle stabiliteten skal Finanstilsynet mellom anna peika på utviklingstrekk i økonomi, marknader og institusjonar som kan truga den finansielle stabiliteten, og rapportera jamleg om utviklinga til allmenta og Finansdepartementet. Finanstilsynet skal òg på eige initiativ setja i verk tiltak overfor enkeltinstitusjonar der det er naudsynt og i tråd med regelverket Finanstilsynet er sett til å forvalta.

For å byggja opp under Finanstilsynet sitt arbeid med finansiell stabilitet og velfungerande marknader, understrekar departementet i det følgjande nokre sentrale oppgåver for Finanstilsynet i 2014.

Finanstilsynet skal særleg prioritera arbeid på bank- og finansområdet. Finanstilsynet skal mellom anna:

  • gjennomføra nytt soliditetsregelverk og CRD IV-rapportering for bankar og følgja opp likviditetstyring deira og risikomodellane for berekning av kapitalkrav

  • følgja opp soliditeten, risikoen og risikohandteringa i føretaka gjennom stadlege og dokumentbaserte tilsyn, med vekt på dei institusjonane og områda som har mest å seia for finansiell stabilitet og velfungerande marknader, herunder følgja opp institusjonane sin operasjonelle risiko i infrastruktur, oppgjerssystem og ved eventuell utkontraktering

  • innføra EØS-baserte krav til institusjonane sine krisehandterings- og avviklingsplanar og andre krav som følgje av det komande krisehandteringsdirektivet frå EU

  • følgja opp administreringa og forvaltninga av midlar i sparebankstiftingane

Finanstilsynet skal særleg prioritere arbeid på forsikrings- og pensjonsområdet. Finanstilsynet skal mellom anna:

  • følgja opp soliditeten og behovet for å auka reservane til livsforsikringsføretaka og førebu innføringa av nytt soliditetsregelverk og Solvens II-rapportering

  • følgja opp innføringa av nye dødelegheitstariffar og nye pensjonsprodukt

Hovedprioriteringane på andre tilsynsområde er:

  • verdipapirområdet skal Finanstilsynet i 2014 særleg:

    • følgja opp strukturendringane i verdipapirhandelen, medrekna infrastrukturen

    • leggja vekt på tilsyn med fond og andre kollektive investeringar, medrekna nye tilsynseiningar og oppgåver som følgjar av gjennomføringa av AIFM-direktivet om forvaltning, administrasjon og marknadsføring av alternative investeringsfond.

    • leggja vekt på forbrukarvern

  • På området for revisorar og rekneskapsførarar skal Finanstilsynet i 2014 særleg:

    • følgja opp risikoområda på rekneskaps- og revisjonsområda, mellom anna ved tematilsyn

  • På området for eigedomsmeklarar og inkasso skal Finanstilsynet i 2014 særleg:

    • følgja opp reglar for å stilla sikkerheit og reglar for budgjeving i eigedomsmekling

  • På området for IT og system for betalingstenester skal Finanstilsynet i 2014 særleg:

    • følgja opp den operasjonelle risikoen i samband med betalingssystem, oppgjerssystem og institusjonane sine IKT-system

  • forbrukarområdet skal Finanstilsynet i 2014 særleg:

    • medverka til forsvarleg forbrukarvern gjennom å følgja opp føretaka si etterleving av reglar for god forretningsskikk, og reglar for sal og rådgivingsverksemd

  • Av andre oppgåver skal Finanstilsynet i 2014 leggja vekt på å:

    • opplysa føretak under tilsyn om nye EØS-forordringar som skal gjennomførast i norsk rett, og om kva krav det vert lagt særleg vekt på i tilsynssamanheng

    • førebu og medverka i FATF-evalueringa av Noreg og vera med på å utarbeida ei nasjonal risikovurdering på kvitvaskings- og terrorfinansieringsområdet, sjå til at tilsynsverksemda er i tråd med FATF sine tilrådingar og gjennom rettleiing og tilsyn, sjå til at subjekt som er underlagd tilsyn av Finanstilsynet, etterlever pliktene sine etter kvitvaskingslova og fryspliktene i forskrift 22. desember 1999 nr. 1374 om sanksjoner mot Usama bin Laden, Al-Qaida og Taliban, forskrift 9. februar 2007 nr. 149 om sanksjonar mot Iran, forskrift 15. desember 2006 nr. 1406 om sanksjonar mot Nord-Korea og straffeprosesslova 202 d

    • førebu tilsynssubjekt på endringar i regelverk som følgje av venta endringar i det nye kvitvaskingsdirektivet

Den føreslegne løyvinga skal brukast i samsvar med strategien, oppgåvene og prioriteringane som er omtalte ovanfor. Departementet føreslår å setja budsjettramma til Finanstilsynet for 2014 til 339,8 mill. kroner. Reelt sett er budsjettramma uendra sidan 2013, og Finanstilsynet må difor prioritera strengt innanfor ramma for å følgja opp dei ulike tilsynsområda som er omtalte ovanfor.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønsutgifter og andre driftsutgifter. For 2014 føreslår departementet å løyva 327,5 mill. kroner under post 01. Det er ein auke på 1,8 pst. frå saldert budsjett for 2013. Auken kjem av løns- og prisjustering. Finanstilsynet får stadig nye og endra oppgåver. Tilsynet må til kvar tid kunna løysa aktuelle oppgåver innanfor løyvingsramma. Finanstilsynet må òg arbeida for å sikra rasjonell og effektiv drift.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar utviklingstiltak for IKT-systema i Finanstilsynet. For 2014 gjeld det m.a. utvikling av ei datavarehusløysing for bank- og forsikringsområdet. Denne skal leggja til rette for betre utdrag frå og analysar av innrapporterte data, innrapporteringsløysingar for forsikring i samband med Solvens II, innrapporteringsløysingar for bank i samband med CRD IV, tilrettelegging til EØS-krav på verdipapirområdet og vidareutvikling av Altinn II-rapportering.

For 2014 gjer departementet framlegg om å løyva 12,3 mill. kroner. I samband med nokre av dei ovannemnde prosjekta kan det vera behov for å tinga for meir enn det som er løyvt. Difor ber departementet om ei tingingsfullmakt på 10 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak IV.

Kap. 4602 Finanstilsynet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Framlegg 2014

03

Prospektkontrollgebyr

6 565

10 000

10 000

16

Refusjon av foreldrepengar

2 110

18

Refusjon av sjukepengar

2 052

86

Vinningsavståing og gebyr for regelbrot m.m.

3 403

500

500

Sum kap. 4602

14 130

10 500

10 500

Post 03 Prospektkontrollgebyr

Posten omfattar gebyr frå den operative prospektkontrollen for omsetjelege verdipapir. Dei kostnadene som Finanstilsynet har til prospektkontrollen, vert dekte ved at utferdaren betaler eit gebyr til Finanstilsynet. Eventuelle avvik mellom dei ilagde gebyra og kostnadene til Finanstilsynet vert fordelte året etter på dei noterte utferdarføretaka, anten som ei tilleggsutlikning eller som ei nedsetjing av utlikninga til andre tilsynsutgifter. Slike etterutrekningar vert av praktiske årsaker førte på kap. 5580 Sektoravgifter under Finansdepartementet, post 70 Finanstilsynet, tilskot frå tilsynseiningane.

Post 86 Vinningsavståing og gebyr for regelbrot m.m.

Posten omfattar inntekter frå vinningsavståing for brot på verdipapirhandellova. Her vert dessutan ført inntekter frå gebyr som er ilagde ved for sein innlevering av rekneskap eller brot på føresegnene om melde- og flaggeplikta i verdipapirhandellova. Dessutan kan ein her føra ein del andre regelbrotsgebyr som Finanstilsynet har lovfest rett til å ileggja. Inntekter som vert førte på denne posten, kan ikkje disponerast av Finanstilsynet.

Kap. 5580 Sektoravgifter under Finansdepartementet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

70

Finanstilsynet, bidrag frå tilsynseiningane

292 872

323 800

329 800

Sum kap. 5580

292 872

323 800

329 800

Utgiftene til Finanstilsynet vert fullt ut dekte av dei institusjonane som er under tilsyn etter finanstilsynslova § 1 eller annan lovheimel. Utlikninga vert gjord av Finanstilsynet og godkjend av Finansdepartementet. Inndekkinga av utgiftene er heimla i finanstilsynslova § 9. Det samla tilskotet frå tilsynseiningane i 2014 er budsjettert til 327,3 mill. kroner. Utrekninga og betalinga av tilskotet frå kvar tilsynseining skjer etterskotsvis. Dei budsjetterte inntektene for 2014 vert difor inntektsførte i 2015. Grunnen er at det samla utlikningsbeløpet ikkje vil vera klårt før på slutten av budsjettåret, og at oversynet over kva for einingar som skal utliknast, fyrst ligg føre når året er omme. Dette gjeld ikkje prospektkontrollen, der hovudregelen er at prospektutferdarane betaler same året som kontrollen vert gjord, og at inntekta vert ført på kap. 4602 Finanstilsynet, post 03 Prospektkontrollgebyr.

Sidan 2005 har utgifter til tilsyn med filialar av føretak som høyrer heime i andre EØS-land, vorte utlikna mellom desse føretaka. Fordi tilsynsoppgåvene som er retta mot filialane, er mindre omfattande enn dei som gjeld norske selskap, betaler filialane ei redusert tilsynsavgift.

Kap. 1605 Direktoratet for økonomistyring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

341 016

330 700

338 200

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

14 068

19 300

8 400

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

33 971

28 400

19 900

Sum kap. 1605

389 055

378 400

366 500

Føremål, hovudmål og organisering

Direktoratet for økonomistyring (DFØ) er statens ekspertorgan for økonomi- og verksemdsstyring i staten. Med utgangspunkt i Reglement for økonomistyring i staten og Bestemmelser om økonomistyring i staten skal DFØ leggja til rette for god styring. DFØ skal syta for ei heilskapleg tilnærming på området. Visjonen til direktoratet er effektiv ressursbruk i staten. Hovudmåla for DFØ er å leggja til rette for gode fellesløysingar og styring i statlege verksemder. DFØ skal

  • forvalta økonomiregelverket i staten (så nær som føresegnene om departementa si styring av underliggjande verksemder, etatsstyring); vurdera og eventuelt føreslå endringar for Finansdepartementet slik at regelverket er oppdatert og relevant

  • forvalta og formidla kunnskap om korleis verksemdene skal etterleva økonomiregelverket i staten; syta for at statlege verksemder får eit godt tilbod om kompetansebygging og røynsleoverføring på fagområdet til direktoratet

  • forvalta konsernsystema for statsrekneskapen og statens konsernkontoordning

  • levera fellestenester på økonomiområdet som gjev synergiar og stordriftsføremoner for staten; vega omsynet til direkte gevinstar frå standardiserte fellesløysingar mot behovet for spesialtilpassa løysingar for statlege einskildverksemder eller grupper av verksemder

  • gjennomføra analysar og utgreiingar som grunnlag for utvikling av statleg styring

Dette er måla for DFØ:

  • DFØs kompetanseoverføring representerer beste praksis innanfor styring og samfunnsøkonomisk analyse.

  • DFØs fellestenester er korrekte, rettidige og nyttige.

  • DFØs tenester gjev synergiar og stordriftsføremoner.

DFØ har ei sentral eining i Oslo og seks kontorstader – i Tromsø, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Drammen og på Hamar. Det er dessutan eit kontor i Vadsø under kontorstad Tromsø. DFØ hadde per 1. mars 2013 ei bemanning tilsvarande 352 årsverk.

Mål og resultat 2012

Hovudmål 1: DFØs kompetanseoverføring representerer beste praksis innanfor styring og samfunnsøkonomisk analyse

DFØ tilbyr kompetansetiltak, metodeutvikling, rettleiing og rådgjeving i tillegg til analyse og informasjonsformidling innanfor sitt ansvarsområde. Det omfattar mellom anna fagområda

  • mål- og resultatstyring, resultatmålingar og resultatinformasjon

  • verksemdsstyring og risikostyring

  • tilskotsforvalting

  • evalueringar på styringsområdet

  • samfunnsøkonomiske analysar

  • statsrekneskap og verksemdsrekneskap

  • statleg betalingsformidling

DFØ har levert tenester på alle desse områda i 2012. Tenestene er tilgjengelege for alle statlege verksemder og skal vera til hjelp i arbeidet med betre verksemds- og økonomistyring.

DFØs metodar og kompetansetiltak byggjer på prinsippa og standardane i regelverket for økonomistyring i staten. I 2012 har DFØ ikkje gjeve ut større rettleiingar. Spesifikt arbeid med hjelp til sjølvhjelp har vore prioritert. Eit døme er arbeid og rådgjeving overfor fleire departement i samband med Stortingets behandling av tilskot frå departementa.

I 2012 vart det halde 38 kurs og seminar og 13 nettverksmøte i regi av DFØ. I tillegg har DFØ drive omfattande informasjons- og motivasjonsarbeid retta mot leiarar og medarbeidarar i statlege verksemder. Meir enn 700 statlege leiarar og fagfolk frå alle delar av forvaltninga deltok på DFØs årskonferanse om god verksemds- og økonomistyring i staten.

Tabell 5.2 Omfang av tenester og aktiviteter i DFØ – antall

DFØs kompetansetiltak

2010

2011

2012

Nye rettleiingar

7

3

1

Rapportar

3

3

4

Kurs og seminar

38

42

38

Pådrivaraktivitetar

38

59

58

Møte i faglege nettverk

11

10

13

Deltakarar på kurs og seminar og i nettverk

1 450

1 220

1 387

Deltakarar i pådrivaraktivitetar1

1 400

2 600

800

Nye rådgjevingsoppdrag

31

34

51

1 Talet for 2011 omfattar òg føredragsverksemd på andres arrangement med deltakarar frå statlege verksemder.

DFØ opna Evalueringsportalen i november 2010. Sjølve databasen er i Nasjonalbiblioteket. Etter pliktavleveringslova § 4 har statlege verksemder plikt til å melda inn alle evalueringsrapportar når dei er gjorde tilgjengelege for allmenta. Ved utgangen av 2012 var det registrert om lag 1 300 evalueringar i databasen. I 2012 har det vore eit mål å betra tenesta ved å auka mengda evalueringsrapportar i databasen. Det er òg eit mål å auka bruken av portalen. Talet på evalueringar har auka, mellom anna som følgje av betra informasjon til verksemdene og fordi Nasjonalbiblioteket har gjennomført kontrollaktivitetar på vegner av DFØ. Det var drygt 18 000 besøk og 80 000 sidevisingar i databasen i 2012.

I 2012 gjennomførte DFØ ei kartlegging for å få oversyn over behov for kompetanseheving innanfor fagområdet økonomistyring i statlege verksemder. Kartlegginga har òg omfatta etatsstyring i departementa. Funna vart presenterte i ein eigen rapport våren 2013.

Hovudmål 2: DFØs fellestenester er korrekte, rettidige og nyttige

DFØs løns- og rekneskapstenester

DFØ tilbyr økonomitenester på friviljug basis til verksemder i statsforvaltninga. I 2012 vart løn utbetalt korrekt og til rett tid, og alle rekneskapane var avstemte korrekt. Kundane var like nøgde som året før, og rundt 80 pst. seier at dei alt i alt er nøgde med DFØ som leverandør.

Omfanget av tenester har auka noko i 2012. Ein av grunnane er at den elektroniske fakturabehandlinga framleis aukar i omfang. DFØ si satsing på elektronisk fakturabehandling i statlege verksemder har gjeve administrative innsparingar og betre økonomistyring hos kundane. Auken i fakturavolumet er no flytta til elektronisk format, og det var færre papirfakturaer i 2012 enn i 2011. Utviklinga tyder på at ei endring i regelverket frå 1. juli 2012 har verka godt inn.

DFØ har utvikla ei e-handelsløysing som integrerer heile innkjøpsprosessen frå ordre til godkjend faktura. Løysinga samhandlar med e-handelsplattforma til Direktoratet for forvaltning og IKT og er ein integrert del av DFØs tenester på rekneskapsområdet. Ved utgangen av 2012 hadde sju verksemder teke løysinga i bruk. Løysinga vart evaluert i 2012, og ein av konklusjonane var at e-handelstenesta frå DFØ er viktig for effektiviseringa og forbetringa av offentlege innkjøpsprosessar.

DFØ har eit eige budsjett til utviklingstiltak på IKT-området. Det er sett i gang fleire prosjekt som lèt DFØ tilby kundane oppgraderte og moderne løysingar.

Eit døme på dette er ei ny tenesteløysing for refusjonar frå Nav som er utvikla, testa og teke i bruk hos 194 verksemder i 2012. Refusjonsløysinga gjev betre kontroll og oppfølging av inntektene i tråd med økonomiregelverket. Det er framleis fleire ledd i prosessen som må utførast manuelt, mellom anna på grunn av Nav sine noverande rutinar og system. Dei komande åra vil refusjonsløysinga verta vidareutvikla parallelt med utviklinga av EDAG og endra system og rutinar i Nav.

Ved utgangen av 2012 er det utvikla og teke i bruk sju e-skjema til DFØs fullservicekundar. E-skjema erstattar papirblankettar. Dei gjev meir effektive prosessar i lønssystemet av di ein slepp dobbeltregistreringar, prosesstida for lønsdata vert redusert, og kvaliteten på innlagde data stig. Dei neste fasane i det samla arbeidet med å automatisere DFØs tenester vert å ta i bruk e-skjema for tilsette hos basis- og delservicekundar og å utvikla løysing for eksterne lønsmottakarar.

Statsrekneskapen, konserntenestene og regelverksforvaltinga

DFØ har ansvaret for å forvalta økonomiregelverket, med unntak av fagansvaret for etatsstyring, som er forvalta av Finansdepartementet.

I 2012 kom det 11 søknader om unntak frå det statlege økonomiregelverket. Av dei vart 9 godkjende. Ved utgangen av 2012 var det 53 gyldige unntak frå regelverket. Av dei er 7 varige.

DFØ har ansvaret for forvalting og drift av statsrekneskapen. I 2012 var 99,4 pst. av rapportane frå verksemdene til statsrekneskapen fullstendige og kom inn før fristen. Det er på same nivået som i 2011.

DFØ forvaltar rammeavtalar med bankar om betalingstenester i staten. Kvar statlege verksemd får tilgang til tenestene ved å tinga dei frå ein av leverandørane som DFØ har inngått rammeavtale med. Det er obligatorisk for statlege verksemder å bruka avtalane. Dei gjeldande avtalene vart inngått i 2010 og går ut 31. desember 2013. Etter det kan DFØ forlengja avtalene med eitt år.

I 2010 vedtok Finansdepartementet å innføra ein sams standard kontoplan på verksemdsnivå for statlege verksemder. Kontoplanen vart innført som ei friviljug ordning frå 1. januar 2011 med sikte på obligatorisk innføring i 2014. Røynslene med den pågåande innføringa av kontoplanen for dei fyrste innføringskulla er gode. Finansdepartementet har såleis hausten 2012 fastsett kontoplanen som obligatorisk med verknad frå 1. januar 2014.

DFØ har i 2012 vidareført rekneskapsprogrammet i staten. Gjennom dette programmet skal det utviklast eit tenestetilbod som er tilpassa den nye kontoplanen. DFØ skal òg gje rettleiing til verksemdene om føring av rekneskapen, anten dei brukar kontantprinsippet eller periodiseringsprinsippet. I perioden 2010 til 2014 tilbyr DFØ puljevis, friviljug innføringshjelp til statlege verksemder som vil ta i bruk ny kontoplan og/eller nye rekneskapsprinsipp.

Direktoratet har i 2012 og 2013 hatt omfattande oppgåver i samband med revideringa av Bestemmelser om økonomistyring i staten, som gjeld frå 1. januar 2014. Sjå avsnittet nedanfor om utfordringar i året som kjem.

Hovudmål 3: DFØs tenester gjev synergiar og stordriftsføremoner

DFØ skal oppnå stordriftsføremoner for staten ved å tilby standardiserte tenester innanfor budsjett og rekneskap og løns- og personaladministrasjon. Nærare 73 000 fast tilsette i statlege verksemder vart lønte med DFØs lønstenester i 2012, og det vart utarbeidd nærare 166 000 løns- og trekkoppgåver for fast- og honorarlønte i staten. Voluma til DFØ held fram å auka, mest fordi sysselsetjinga i staten aukar, men òg fordi stadig fleire verksemder vel å bruka tenestene til DFØ. Mange av kundane er små og mellomstore verksemder. Ved utgangen av 2012 leverte DFØ lønstenester til 176 statlege verksemder. Dette er 78 pst. av alle verksemdene i staten. 139 verksemder eller 62 pst. fekk rekneskapstenester leverte frå DFØ.

Tabell 5.3 DFØs løns- og rekneskapskundar – oversyn

Kundeavtalar

Tilsette

Verksemder

Kundeavtalar løn og rekneskap:

Løn

237

72 603

176

Rekneskap

164

33 500

139

Med store volum på løns- og rekneskapstenestene kan DFØ samle eit større fagmiljø på dette området enn dei fleste andre statlege verksemder kan. Store fagmiljø kan gje betre høve til faglege diskusjonar, raskare avklaring av problemstillingar og meir og betre utvikling av tenestene. Vidare gjer dei store voluma at DFØ kan forsvara investeringar som ei statleg verksemd åleine ikkje kan forsvara, og som gjev verknader utover stordriftsgevinstane.

I arbeidet med å formidla og overføra kompetanse innanfor statleg økonomistyring legg direktoratet vekt på å utvikla og tilby tenester som kan nå mange, såkalla ein-til-mange-løysingar. Det kjem mellom anna til uttrykk i DFØs kurs og rettleiingar, som utgjer grunnstammen i kompetansetilbodet frå direktoratet.

Utfordringar

Betre statlege fellestenester

I ei rekkje europeiske land er det store nedskjeringar i det offentlege tenestetilbodet og i offentlege organisasjonar. Den utløysande årsaka er ofte statsfinansielle vanskar. Arbeidet med å effektivisera den offentlege sektoren er intensivert i andre land. Mellom anna vert det i aukande grad utvikla fellesløysingar innanfor statleg internadministrasjon. Med sine økonomitenester er DFØ den største leverandøren i staten på dette området.

I ein rapport frå juli 2013 («Value for Money in Government Norway 2013») kjem OECD med fleire framlegg til endra organisering av fellestenestene i den norske statsforvaltinga. Rapporten peikar mellom anna på at det kan løna seg med færre tenestestader i kvar verksemd som tilbyr fellestenester.

DFØs visjon er «effektiv ressursbruk i staten». Direktoratet hjelper verksemdene med å styrkja kompetansen i effektiv og god styring og leverer fellestenester i store volum, noko som er meir effektivt enn om dei statlege verksemdene skulle utføra oppgåvene kvar for seg. Talet på lønskundar hos DFØ aukar jamt og omfattar no fire av fem statlege verksemder. Tenestene frå DFØ er meir effektive enn tenester frå andre, tilsvarande verksemder i andre land. Med ei friviljug løysing har ein såleis fått til viktige stordriftsføremoner i staten.

DFØ kan likevel utvikla seg vidare både på dette området og når det gjeld rekneskapstenester. Samstundes som ein får nye kundar, er det naudsynt å utvikle både sjølve tenestene og organiseringa av dei med sikte på mest mogleg effektiv drift.

Tryggleik, styring og internkontroll

DFØ forvaltar informasjon om ei stor mengd brukarar. Verksemda yter òg kritiske fellestenester til dei fleste verksemdene i staten. Finansdepartementet legg stor vekt på informasjonstryggleiken i dei underliggjande etatane. DFØ har gått gjennom internkontrollen og tryggingsrutinane sine på dette tenesteområdet og har lagt ein plan for vidare utvikling og forbetring. Dette arbeidet vil krevja ressursar i 2014 òg.

Samfunnsøkonomiske analysar

Avgjerder om ressursbruk må byggja på gode analysar. DFØ har ansvar for kompetansetiltak, metodeutvikling, rettleiing og rådgjeving om samfunnsøkonomisk analyse i staten. Hausten 2012 kom innstillinga frå ekspertutvalet som har gått i gjennom rammeverket for samfunnsøkonomisk analyse (NOU 2012: 16). DFØ har fått ansvar for å utforma ei ny rettleiing i samfunnsøkonomisk analyse. Saman med eit nytt rundskriv frå Finansdepartementet vil rettleiinga gje eit nytt rammeverk for samfunnsøkonomiske analysar i Noreg. DFØ er statens ekspertorgan for samfunnsøkonomisk analyse, og direktoratet vil i 2014 arbeida målretta for at slike analysar skal brukast som grunnlag for fleire vegvalg og vedtak i staten.

Verksemds- og økonomistyring

DFØ skal utvikla den faglege fellesskapen innanfor verksemds- og økonomistyring i staten. Ansvaret for verksemds- og økonomistyringa ligg i kvar einskild verksemd. DFØ si oppgåve er å vidareutvikla eksisterande kompetansetenester og utarbeida nye. Kompetanse må byggjast og haldast ved lag i verksemdene. Det er ei utfordring for forvaltninga å bruka dei ulike friviljuge kompetansetiltaka, metodane og rettleiarane frå DFØ i tilstrekkeleg grad.

DFØ gjennomførte i 2012 ei brei kartlegging av kompetansen i statlege verksemder på ansvarsområdet til direktoratet. Kompetansekartlegginga skal hjelpe DFØ til å rette inn kompetanse- og tenestetilbodet i åra framover.

Periodiserte verksemdsrekneskapar

Frå 1. januar 2010 har Finansdepartementet fastsett tilrådde, men ikkje obligatoriske standardar for føring av periodiserte verksemdsrekneskapar i staten. I samråd med det overordna departementet avgjer verksemdene sjølve om dei vil bruka desse standardane. DFØ skal i 2014 halda fram arbeidet med å hjelpa verksemder som vil ta i bruk periodiserte verksemdsrekneskapar i tråd med dei statlege rekneskapsstandardane (SRS).

Revidert økonomiregelverk

Det er no ti år sidan den førre store revisjonen av staten sitt økonomiregelverk. I september 2013 fastsette Finansdepartementet viktige endringar i Bestemmelser om økonomistyring i staten. DFØ vil i 2014 følgja opp med informasjon og rettleiing knytt til dei nye føresegnene.

Ny standard kontoplan for alle verksemder

Frå 1. januar 2014 skal statlege verksemder rapportera rekneskapstal til statsrekneskapen på grunnlag av både inndelinga i kapittel og postar og ein ny sams artskontoplan som vert obligatorisk frå dette tidspunktet. Med den nye kontoplanen vert det ein standard for heile staten der kvar verksemd før kunne velja sin eigen kontoplan. Den nye kontoplanen er mykje meir detaljert enn postane som vert nytta i dag, og gjev difor meir informasjon om utgifter og inntekter i verksemdene. Det er viktig å gjera denne informasjonen tilgjengeleg på ein god måte.

Ny standard for årsrapport og årsrekneskap i statlege verksemder

Den samla rekneskapen for staten vert kvart år lagd fram i Meld. St. 3 Statsrekneskapen.

Årsrapportar og årsrekneskapar på verksemdnivå har til no ikkje vore standardiserte, og varierer difor mykje i innhald, struktur og omfang. Alle vert heller ikkje publiserte. Årsrapportar og -rekneskapar skal gje oversyn over korleis verksemder har nytta budsjettet sitt, og kva resultat dei har nådd i året som er gått. Dei er eit viktig grunnlag for departementa si styring med verksemdene. Desse dokumenta kan òg vera gode informasjonskjelder for allmenta.

Etter eit framlegg frå DFØ og ein omfattande høyringsrunde har Finansdepartementet hausten 2013 fastsett allmenne krav til innhald, struktur og publisering av årsrapportar og årsrekneskapar i staten. Verksemdene skal skriva og publisera årsrapporten sin etter ein sams overordna mal. Rekneskapen skal presenterast i strukturert form som ein del av årsrapporten. Årsrekneskapen skal framleis vera basert på kontantprinsippet og på tal som er rapporterte til statsrekneskapen. Verksemder som i samråd med overordna departement har valt å følgja andre rekneskapsprinsipp i den interne rekneskapen sin, skal òg leggje fram denne.

Den nye standarden skal gjelda frå 1. januar 2014 og vil regulera årsrapportar og årsrekneskapar som vert lagde fram våren 2015.

Innføringa av ein standard for årsrapport og obligatoriske oppstillingar i årsrekneskapen vil i byrjinga krevja noko meirarbeid og behov for kompetansebygging i verksemdene. DFØ vil i 2014 ha ei sentral rolle i innføringa av dei nye standardane, og det vil krevja mykje arbeid. DFØ vil mellom anna få ansvaret for å utvikla og tilby kurs og rettleiingsmateriell for verksemdene på dette området.

Mål og budsjett 2014

Sjå omtale av DFØs hovudmål ovanfor òg.

Den underliggjande målstrukturen og dei kvalitative og kvantitative resultatmåla vart fastsette i styringsdialogen mellom Finansdepartementet og DFØ i samband med utforminga av tildelingsbrevet for 2010. Det vert ikkje lagt opp til store endringar i styringsparametrane i 2014. Dei tilsikta resultata i 2014 skal jamt over vera minst like gode som resultata i 2012, jf. rapportomtalen ovanfor.

Løyvinga skal brukast i samsvar med dei føremåla og hovudoppgåvene som er omtalte ovanfor. Departementet gjer framlegg om å setja budsjettramma til DFØ for 2014 til 366,5 mill. kroner.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønsutgifter, utgifter til opplæring, utgifter til leige og drift av kontorlokale, reiser, drift og innkjøp av kontorutstyr og drift og innkjøp av IKT-utstyr m.m. Beløpet omfattar dessutan direkte utgifter til lønskøyring for andre statlege verksemder hos ein ekstern leverandør i tillegg til utgifter til vidareutvikling av rekneskapsområdet i statlege verksemder. Departementet gjer framlegg om å løyva 338,2 mill. kroner under post 01. Om lag halve auken frå saldert budsjett 2013 gjeld pris- og lønsjustering og den andre halvparten nye kundar.

DFØ har inntekter frå tenester som etaten utfører for andre statlege verksemder. Etaten har nokre andre inntekter òg. Sidan det er uvisst kor store inntektene vert, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskrida løyvinga under kap. 1605, post 01 Driftsutgifter med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4605, post 01 Økonomitenester, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Post 21 Særlege driftsutgifter, kan overførast

Posten omfattar utgifter til rekneskapsprogrammet. Departementet gjer framlegg om å løyva 8,4 mill. kroner under post 21. Programmet er i tillegg delvis finansiert over kap. 1608 Tiltak for å styrkja statleg økonomi- og prosjektstyring.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar utviklingstiltak for systema og infrastrukturen til DFØ på IKT-området, medrekna naudsynte oppgraderingar, vidareutvikling av systemløysingar og forprosjekt m.m. Posten omfattar dessutan utgifter til ei e-handelsløysing for DFØ sine kundar og utgifter til vidareutvikling av rekneskapsområdet i statlege verksemder. Departementet gjer framlegg om å løyva 19,9 mill. kroner under post 45.

Kap. 4605 Direktoratet for økonomistyring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Økonomitenester

46 938

44 900

45 900

15

Refusjon arbeidsmarknadstiltak

4

16

Refusjon av foreldrepengar

2 943

18

Refusjon av sjukepengar

4 725

Sum kap. 4605

54 610

44 900

45 900

Post 01 Økonomitenester

Posten omfattar i hovudsak betaling frå kundar når DFØ vidarefakturerer utgifter i samband med elektronisk fakturabehandling, programvarevedlikehald og teknisk drift av lønssystemet. Dessutan omfattar posten kostnader ved produksjon av løns- og reiseslippar og løns- og trekkoppgåver.

Kap. 1608 Tiltak for å styrkja statleg økonomi- og prosjektstyring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

16 200

16 400

17 000

Sum kap. 1608

16 200

16 400

17 000

Løyvinga under kap. 1608 går til ulike sams tiltak for å styrkja økonomistyringa i staten og til særlege utviklingstiltak innanfor styring av store statlege investeringsprosjekt.

Økonomistyring

Finansdepartementet sitt arbeid med statleg økonomistyring omfattar mellom anna å fastsetja og forvalta reglement for økonomistyringa i staten og andre sams prinsipp og normer for god økonomistyring, og ulike tiltak for å leggja til rette for økonomistyringa i statlege verksemder. Føremålet med tiltaka er å betra rekneskapsføringa og økonomistyringa i verksemdene og leggja til rette for best mogleg utnytting av ressursane.

I 2012 vart løyvinga og det overførte beløpet frå 2011 mellom anna brukt på DFØ sitt arbeid med aggregering av rekneskapsinformasjon i staten og tilrettelegging av tenestetilbodet til verksemdene, jf. omtale i Gul bok 2012.

Til saman 8,5 mill. kroner av den føreslegne løyvinga vil gå til å styrkja den statlege økonomistyringa. Merksemda vil i 2014 særleg vera retta mot gjennomføring av dei nye føresegnene om årsrapportering og oppstilling av årsrekneskap. Finansdepartementet og DFØ vil òg arbeida vidare med å få fram ein samla presentasjon av utgiftene og inntektene etter art, no som denne informasjonen vert rapportert til statsrekneskapen frå 2014 av.

Sjå omtalen av statleg økonomistyring i Gul bok 2014, kap. 9.

Prosjektstyring

I 2000 vart det innført ei ordning med kvalitetssikring av kostnadsoverslaget og styringsunderlaget for alle statlege investeringsprosjekt (så nær som SDØE) med ein kostnad som er rekna til over 500 mill. kroner. Frå 1. januar 2003 vart det i tillegg gjort unntak for helseføretaka. Terskelverd er frå 2011 auka til 750 mill. kroner. Dette er likevel ikkje til hinder for at kvalitetssikringa kan gjennomførast for prosjekt med lågare kostnadsoverslag. Kvalitetssikringa vert utført i to steg:

  • kvalitetssikring av konseptvalet når forstudien er fullført (KS 1)

  • kvalitetssikring av kostnadsoverslag og styringsunderlag når forprosjektet er fullført, eller i detaljprosjekteringsfasen for einskilde prosjekt (KS 2)

Kvalitetssikringa skal utførast av særleg kvalifiserte private verksemder som etter tevling har fått ein rammeavtale med Finansdepartementet. Det vart inngått ny rammeavtale 4. mars 2011 med fem ulike føretakskonstellasjonar for tidsrommet fram til 31. desember 2012 med opsjon på to års forlenging. Opsjonen vart løyst ut innan fristen 1. oktober 2012. Etter dette vil rammeavtala av 4. mars 2011 gjelda fram til 31. desember 2014. Det kan gjerast unntak frå KS 1 for prosjekt som ikkje har viktige konseptuelle sider, og unntak frå KS 2 for prosjekt der risikoen for ikkje å lukkast med prosjektet er rekna som liten. Som følgje av forvaltingsreforma er fylkesvegnettet utvida ein heil del. Prosjekt på fylkesvegnettet som ligg over terskelverdet, og som heilt eller delvis skal finansierast med bompengar, skal kvalitetssikrast.

Under den gjeldande rammeavtalen frå 4. mars 2011 er det sett i gang om lag 75 oppdrag, og det er levert sluttrapport for om lag 60 av dei.

Investeringsprosjekta og kvalitetssikringsarbeidet har sidan 2002 vore følgt opp av eit eige tverrfagleg forskingsprogram: Concept-programmet. Programmet er organisatorisk forankra ved NTNU, og tilhøvet mellom institusjonen og Finansdepartementet er formalisert i ein samarbeidsavtale. I brev om gjennomføring stiller departementet til rådvelde løyvingar til Concept-programmet over kap. 1608.

Concept-programmet arbeider med følgjeforsking på store offentlege investeringar. Det tyder å trekkja ut røynsler frå tilrettelegginga og kvalitetssikringa av prosjekta og forska på problemstillingar som er relevante for å betra dette arbeidet. Målet er å oppnå større samfunnsøkonomisk nytte av investeringane. Dette arbeidet skal vidareførast i 2014.

Etter kvart som tidlegare kvalitetssikra prosjekt vert fullførte, vert røynsledata som kan samanliknast på tvers av prosjekt og sektorar, samla for å gje kunnskap og råd til dei som skal ta avgjersler og stå for kvalitetssikring. I 2012 var etterhandsevalueringar ein av hovudaktivitetane for programmet. Resultata frå arbeidet er samla i mellom anna Concept-rapport nr. 30, Etterevaluering av statlige investeringsprosjekter. Konklusjoner, erfaringer og råd basert på pilotevaluering av fire prosjekter (Volden og Samset, 2013). I tida som kjem, skal det leggjast meir vekt på å gjennomføra etterhandsevalueringar (såkalla ex-post-evalueringar) sett både i eit KS 1- og eit KS 2-perspektiv.

Evaluering av KS 1 gjeld verknadene av prosjekta. Her skal ein sjå i kva mon samfunns- og effektmåla vart nådde, og om den samfunnsøkonomiske nytta er verkeleggjort etter føresetnadene. For å få meiningsfulle evalueringar med overføringsverd til andre prosjekt, skal det gjerast effektevalueringar nokre år etter at prosjekta er sette i drift. Det skal takast omsyn til seinare drifts-, vedlikehalds- og oppgraderingskostnader, endringar i nyttebiletet og kor levedyktig investeringa er sett under eitt.

I eit KS 2-perspektiv skal ein sjå om resultatmåla vart nådde, dvs. om innhaldet i prosjektet vart som føresett, og om leveransen skjedde innanfor budsjett- og tidsrammene.

Til no har ingen prosjekt som har vore gjennom både KS 1 og KS 2, kome langt nok til at effektane kan evaluerast. Concept-programmet har likevel utvikla evalueringsformatet og prøvd det ut slik at ein kan evaluera effektane etter kvart som prosjekta når driftsfasen.

Forskingsresultata og publikasjonane til Concept-programmet er fritt tilgjengelege og kan lastast ned frå nettsidene til programmet.

Gjennomføring av systematiske prosjektevalueringar er i pilotfasen. Evalueringane kjem til å krevja auka innsats i åra som kjem. Samstundes skal følgjeforsking, arbeid med kompetansebyggjing, undervisning og rettleiing av studentar, røynsleutveksling nasjonalt og internasjonalt og forskingsformidling vidareførast på same nivå som før.

For 2014 er det lagt opp til at 8,5 mill. kroner av den føreslegne løyvinga under kap. 1608, post 21 går til Concept-programmet.

Programkategori 23.20 Skatte- og avgiftsadministrasjon

Utgifter under programkategori 23.20, fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

1610

Toll- og avgiftsetaten

1 526 036

1 533 800

1 572 400

2,5

1618

Skatteetaten

4 971 630

5 009 000

5 127 400

2,4

Sum kategori 23.20

6 497 666

6 542 800

6 699 800

2,4

Organisering og ansvarsområde

Finansdepartementet har ansvaret for å forvalta skatte- og avgiftssystema. Det omfattar arbeidet med skatte- og avgiftslovgjevinga og styringa av den statlege delen av skatte-, avgifts- og tolladministrasjonen (Skatteetaten og Toll- og avgiftsetaten). Skatteoppkrevjarane høyrer administrativt til kommunane, men dei er underlagde fagleg instruksjon frå Finansdepartementet og Skatteetaten når det gjeld kontrollfunksjonar overfor arbeidsgjevarane og innkrevjing av skatt og folketrygdavgifter. Staten har ansvaret for kontroll og revisjon av skatteoppkrevjarfunksjonen ved høvesvis Skatteetaten og Riksrevisjonen.

Finansdepartementet og skatte- og avgiftsadministrasjonen elles skal mellom anna arbeida for at regelverket for skattar, avgifter og toll blir følgt. Etatane har som hovudoppgåver å fastsetja, krevja inn og kontrollera. Ved sida av regelverksutvikling, informasjon og rettleiing er verdikjeda i skatte- og avgiftsadministrasjonen slik det er vist i figur 5.1.

Figur 5.1 Arbeidet til skatte- og avgiftsadministrasjonen med fastsetjing og innkrevjing av skattar og avgifter

Figur 5.1 Arbeidet til skatte- og avgiftsadministrasjonen med fastsetjing og innkrevjing av skattar og avgifter

Målet for etatane er å leggja til rette for inntekter til fellesskapet og ei rettferdig fordeling gjennom rett fastsetjing og rettidig innbetaling av skattar, avgifter og toll. I tillegg skal Toll- og avgiftsetaten motverka ulovleg inn- og utførsel av varer. Skatteetaten skal dessutan arbeida for eit korrekt og oppdatert folkeregister. Ei nærare omtale av hovudmåla og resultata til etatane m.m. finst under kap. 1610 Toll- og avgiftsetaten og kap. 1618 Skatteetaten.

For åra 2010–2012 fordelte skatte- og avgiftsinntektene seg slik det er vist i tabell 5.4.

Tabell 5.4 Innbetaling av skattar, avgifter og toll

Rekneskapstal (mill. kroner)

20101

20112

20123

Skatt på inntekt og formue

199 335

229 404

235 232

Arbeidsgjevaravgift

130 416

138 542

147 537

Trygdeavgift

91 936

102 436

104 279

Skatt og avgift på utvinning av petroleum

159 168

209 678

232 707

Meirverdiavgift

196 809

208 747

220 713

Andre avgifter

92 506

65 673

96 584

Tollinntekter, medrekna sal av tollkvotar

2 522

2 747

3 070

Sum skatte-, avgifts- og tollinntekter over statsbudsjettet

837 692

987 227

1 040 122

Kommune- og fylkeskommuneskatt på inntekt og formue4

138 226

135 519

145 178

Samla skatte-, avgifts- og tollinntekter

1 010 918

1 122 746

1185300

1 Jf. Meld. St. 3 (2010–2011)

2 Jf. Meld. St. 3 (2011–2012)

3 Jf. Meld. St. 3 (2012–2013)

4 Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Innbetalingsprosenten har dei siste åra vore jamn og høg for dei viktigaste skattane og avgiftene. Dette vert omtalt nærare under kap. 1610 Toll- og avgiftsetaten og kap. 1618 Skatteetaten.

Kap. 1610 Toll- og avgiftsetaten

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

1 444 830

1 479 100

1 507 500

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

81 206

54 700

64 900

Sum kap. 1610

1 526 036

1 533 800

1 572 400

Føremål, hovudoppgåver og organisering

Toll- og avgiftsetaten har som mål å motverka ulovleg inn- og utførsel av varer, å leggja til rette for rett fastsetjing og rettidig innbetaling av toll og avgifter og å yta god service. Hovudoppgåvene er å

  • leggja til rette for effektiv inn- og utførsel av varer

  • kontrollera gods, reisande og transportmiddel på grensa

  • forvalta deklarerings-, fastsetjings- og innkrevjingssystema som syter for toll- og avgiftsinntekter til staten

  • kontrollera grunnlaget for avgifter og toll for å avdekkja unndraging

  • forvalta regelverket, mellom anna ved å informera og rettleia brukarane

Etaten består av eit sentralt direktorat og seks underliggjande tollregionar. Regiontollstaden er det administrative senteret i kvar tollregion. Regiontollstadene er i Fredrikstad, Oslo, Kristiansand, Bergen, Trondheim og Tromsø. Toll- og avgiftsetaten er òg lokalisert 32 andre stader i landet. I tillegg utfører svenske og finske tollstader på grensa oppgåver for norske tollstyresmakter. Per 1. mars 2013 hadde etaten ei bemanning på 1 841 årsverk.

Mål og resultat 2012

Driftsresultata til Toll- og avgiftsetaten vert vurderte ut frå fire fastsette hovudmål for verksemda, jf. nedanfor. Måla er dels skrivne som visjonar for arbeidet. I den praktiske oppfølginga av etaten tek ein høgd for at det er operasjonelle risikoar som det kan vera for dyrt å gardera seg fullt ut imot. Ein må likevel vera medviten om kor store feil og manglar ein kan tola.

Hovudmål 1: Hindra ulovleg inn- og utførsel av varer

Etaten baserer i stor grad grensekontrollen på risikoanalysar og etterretning for å avdekkja alvorlege lovbrot og profittmotivert smugling. Beslaga varierer frå år til år, og einskildbeslag kan gjera store utslag på årsresultatet.

Tabell 5.5 Toll- og avgiftsetaten – statistikk frå grensekontrollen

År

2010

2011

2012

Kontrollerte objekt

206 482

215 837

216 947

Tal på treff

23 950

25 229

26 187

Treffprosent

11,6

11,7

12,1

Treffprosent i kontroll av reisande

13,2

13,1

13,4

Treffprosent i godskontrollen

5,0

5,8

6,7

Tal på beslag (eitt treff kan omfatta fleire beslag)

33 607

35 519

35 879

Tal på lovbrot melde til politiet

6 254

6 568

6 889

Tal på alvorlige lovbrot melde til politiet

818

762

750

Tal på skanna objekt

9 745

8 891

9 445

Tal på treff på skanna objekt

656

669

667

Toll- og avgiftsetaten har dei siste åra auka kontrollaktiviteten gradvis. Talet på kontrollerte objekt i 2012 var om lag 217 000, med ein treffprosent på 12,1 pst. Treffprosenten er høgast i kontrollen av reisande og i kontrollen av transportmiddel. Fleire av beslaga i godskontrollen er store.

Dei 750 alvorlege lovbrota som vart melde til politiet, utgjorde ein stor del av beslaga. Dette er beslag som er knytte til profittmotivert smugling, og aktørane er ofte profesjonelle i organiserte nettverk. Det vart òg skrive ut 18 900 forenkla førelegg i 2012. Det er ein auke på om lag 2 pst. frå 2011.

Frå 2011 til 2012 var det ein markant auke på heile 17,8 pst. i talet på beslag av narkotika. Det vart gjort 200 beslag av syntetiske narkotika. Mykje av stoffet vart i stor grad kjøpt på internett. Dei siste åra er det òg gjort fleire beslag enn før av narkotika som har vore smugla inni kroppen. Talet er nokså stabilt frå 2011 (60) til 2012 (64). Innvendig smugling er ei utfordring for Toll- og avgiftsetaten fordi slik smugling er så vanskeleg og ressurskrevjande å avdekkja.

Beslaget av øl og vin har gått noko ned frå 2011 til 2012. Beslaget av brennevin har derimot auka i 2012. Mykje av varene vart beslaglagde ved grensa til Sverige og var meint for vidaresal.

Tabell 5.6 Toll- og avgiftsetaten – grensekontroll – beslagsstatistikk

År

2010

2011

2012

Antall narkotikabeslag

2 513

2 511

2 959

Cannabis (i kg)

449,0

1 636,31

1 253,0

Heroin (i kg)

83,0

11,3

35,8

Amfetamin (i kg)

123,3

54,2

110,3

Kokain (i kg)

74,4

47,4

20,7

Ecstasy (i stk. tabl.)

2 794

180

4 031

Dopingmidler (enheter)

106 752

130 034

205 842

Brennevin2 (i liter)

52 230

41 973

50 027

Sprit3(i liter)

14 250

437

5 869

Vin (i liter)

54 863

71 729

49 435

Øl (i liter)

388 938

414 844

401 288

Sigaretter (stk.)

7 227 188

9 061 907

10 149 568

Skytevåpen (stk.)

17

22

4

Valuta NOK4

18 991 630

16 810 000

8 804 142

1 Ved en feil stod det her 1 480,1 i Prop. 1 S (2012–2013)

2 Alkoholvarer med alkoholprosent over 22 pst. t.o.m. 60 pst.

3 Brennevin med mer enn 60 pst. alkohol

4 Valuta som er beslaglagd pga. mistanke om straffbare tilhøve

Etaten disponerte i 2012 fire skannarar, tre mobile og ein som er fast plassert på Svinesund. Den fjerde skannaren fekk tollregion Oslo og Akershus i juni 2012. Etaten vil i 2013 kjøpa ein ny mobil skannar for å erstatta den ti år gamle mobile skannaren i Tollregion Aust-Noreg. Skannaren skal leverast i 2014. Med skannarane kan ein undersøkja om det er andre varer på lasta enn det som er opplyst, og dei er difor eit effektivt verktøy for å velja ut kontrollobjekt. Næringslivet har òg stor nytte av desse skannarane, sidan kontrollane kan gjennomførast raskare og smidigare.

Talet på skanna objekt auka med 6,2 pst. frå 2011, og det vart beslaglagt ulike typar narkotika, sprit, vin, øl og sigarettar. Treffprosenten gjekk ned frå 17,1 pst. i 2011 til 15,5 pst. i 2012.

I 2012 avdekte etaten brot på deklarasjonsplikta for betalingsmiddel som tilsvarte 46 mill. kroner, fordelt på om lag 800 tilhøve. Tala for 2011 var 56 mill. kroner og om lag 900 tilhøve. Det vart skrive ut gebyr for manglande deklarering av betalingsmiddel i 663 saker, og det vart kravd inn slike gebyr for 7,8 mill. kroner i 2012. Dei alvorlegaste sakene, der Toll- og avgiftsetaten har mistanke om at betalingsmidla er knytte til straffbare tilhøve, vart melde til politiet. I 2012 vart 91 tilhøve melde til politiet og om lag 8,8 mill. kroner beslaglagde etter mistanke om straffbare tilhøve.

Hovudmål 2: Rett fastsetjing av avgifter og toll

Skal Noreg halda lovnadene som er gjevne i internasjonale avtalar, er etaten nøydd til å behandla og kontrollera inn- og utførselsdeklarasjonane. Det er dessutan grunnlaget for det meste av dei statsinntektene som kjem inn gjennom Toll- og avgiftsetaten. Deklarasjonane vert dessutan brukte i statistikken for norsk utanrikshandel, og dei utgjer behandlings- og avgjerdsgrunnlag for andre etatar som Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Miljødirektoratet og Statistisk sentralbyrå.

I 2012 tok Toll- og avgiftsetaten imot om lag 6,4 mill. inn- og utførselsdeklarasjonar, mot 6,3 mill. i 2011. I 2010 var talet 6 mill. deklarasjonar, jf. tabell 5.7.

Alle deklarasjonane vert behandla i TVINN (TollVesenets INformasjonssystem med Næringslivet). 177 100 deklarasjonar vart tekne ut til dokumentkontroll, mot 175 000 i 2011 og 183 000 i 2010.

Fysisk kontroll av dei deklarerte varene vart utført i 10 500 tilfelle, mot 9 800 i 2011 og 10 000 i 2010. Ved kontrollane vart informasjonen i deklarasjonane halden opp mot underliggjande dokumentasjon eller den fysiske vara. Kontrollane i 2012 medførte at deklarasjonane vart korrigerte med 327 mill. kroner til føremon for statskassa, mot 203 mill. kroner i 2011. Auken i korrigert beløp i deklarasjonskontrollen til føremon for staten har truleg si årsak i meir treffsikre kontrollmaskar i TVINN, godt etterretnings- og analysearbeid og målretta kontrollar mot særavgiftspliktige varer.

Etaten gjennomførte 1 317 kontrollar i toll- og avgiftsrekneskapane til verksemder og kontrollar retta mot ulovleg disponering av motorkøyretøy og innførsel av kapitalvarer. Dette førte til at det vart etterrekna 745 mill. kroner i toll, særavgifter og meirverdiavgift, mot 467 mill. kroner i 2011 og 465 mill. kroner i 2010.

Frå 2010 til 2012 auka talet på særavgiftsoppgåver med om lag 10 pst. I 2012 vart det behandla rundt 11 100 særavgiftsoppgåver, og om lag 5 pst. av oppgåvene vart kontrollerte. Som ei følgje av dette vart det korrigert 10,5 mill. kroner til føremon for staten i 2012, mot 3,1 mill. kroner i 2011. Eit nytt system for elektronisk innrapportering av særavgiftsoppgåver vart innført hausten 2011. Ved utgangen av 2012 nytta 1 203 av totalt 1 731 særavgiftspliktige verksemder dette systemet. Målet er at alle registrerte særavgiftspliktige skal nytta det elektroniske innrapporteringssystemet. Særavgiftsoppgåvene som kjem elektronisk, held høgare kvalitet enn dei papirbaserte. Det gjer at etaten kan nytta meir ressursar på målretta økonomiske kontrollar.

Kontrollane av deklarasjonar og særavgiftsoppgåver gav, saman med kontrollar av toll- og avgiftsrekneskapane til verksemder, 1 082 mill. kroner i korreksjonar til føremon for staten. Det tilsvarande talet var 672 mill. kroner for 2011 og 730 mill. kroner for 2010. Den økonomiske kontrollen som Toll- og avgiftsetaten utøver, er viktig for å motverka økonomisk kriminalitet i samfunnet og for å sikra rett betaling av toll- og avgifter til staten.

Dei økonomiske kontrollane til etaten avdekte 183 alvorlege lovbrot i 2012, mot 192 i 2011 og 159 i 2010. 30 av sakene vart melde til politiet, mot 36 i 2011 og 34 i 2010.

Satsinga på kontroll med forfalska merkevarer og andre krenkingar av immaterielle rettar (IPR-varer) førte til at 281 varesendingar vart haldne att i 2012, mot 533 i 2011 og 318 i 2010. Om lag 279 000 einingar vart haldne att i 2012, mot 159 500 i 2011 og 220 000 i 2010.

Nivåendringane kan truleg forklarast med ei dreiing mot meir privat import, og at aktørane finn vegar inn som etaten til no i mindre grad har klart å avdekkja.

Etaten arbeider jamt for at dei immaterielle rettane vert følgde, til dømes ved å gjera rettshavarar og potensielle kjøparar meir kjende med regelverket

Til saman avdekte dei økonomiske kontrollane vel 1,3 mrd. kroner i 2012.

Tabell 5.7 Toll- og avgiftsetaten – økonomisk kontroll – kontrollstatistikk

År

2010

2011

2012

Tal på innførselsdeklarasjonar

4 774 306

5 028 580

5 231 002

Tal på dokumentkontrollar ved innførsel

160 070

151 550

154 707

Treffprosent i innførselskontrollen

32,1

29,1

32,7

Tal på utførselsdeklarasjonar

1 234 808

1 249 633

1 177 232

Tal på dokumentkontrollar ved utførsel

23 260

23 327

22 379

Treffprosent i utførselskontrollen

45,5

41,9

36,9

Tal på oppgåvekontrollar av registrerte særavgiftspliktige

585

558

557

Tal på kontrollar av verksemder1

1 335

1 419

1 319

Tal på avdekte alvorlege lovbrot

159

192

183

1 I tillegg utfører etaten årleg om lag 150–200 kontrollar for tollstyresmakter i andre land.

Hovudmål 3: Rettidig innbetaling av avgifter og toll

Toll- og avgiftsetaten er ansvarleg for innkrevjinga av om lag 16 pst. av alle staten sine inntekter. Etaten har arbeidd målretta med å utvikla si innkrevjing og kan dei seinare åra visa til gode resultat på dette området.

I 2012 vart det innbetalt 210 mrd. kroner til etaten, jf. tabell 5.8. Dette er ein auke på 5,8 mrd. kroner (2,8 pst.) meir enn i 2011. Hovudgrunnen er ein auke i inntektene frå meirverdiavgifta ved innførsel på 4,7 mrd. kroner (4,1 pst.) i same periode som følgje av meir import og litt høgare importprisar.

Utviklinga i etaten sine inntekter er nærare omtalt i Prop. 1 LS (2013–2014) Skatter, avgifter og toll 2014.

Etaten har stabilt låge restansar, sjølv om dei i 2012 var litt høgare enn i 2011. 99,86 pst. av alle beløp med forfall i 2012 vart betalt, medan tilsvarande tal for 2011 og 2010 var høvesvis 99,90 pst. og 99,89 pst.

Tabell 5.8 Toll- og avgiftsetaten – inntekter og restansar

     

(mill. kroner)

År

2010

2011

2012

Inntekter:1

191 846

204 256

210 077

– tollinntekter2

2 416

2 537

2 877

– meirverdiavgift ved innførsel3

105 086

115 374

120 071

– avgift på motorvogner4

46 948

31 912

33 213

– andre særavgifter4

37 396

54 433

53 916

Akkumulerte restansar5

597

572

661

Nye restansar i året5

316

288

345

1 Eit meir detaljert oversyn finst i Prop. 1 LS (2013–2014) Skatter, avgifter og toll 2014.

2 Unnateke sal av tollkvotar.

3 For meirverdiavgiftspliktige næringsdrivande gjev den meirverdiavgifta som vert kravd inn ved innførsel, rett til frådrag i meirverdiavgiftsoppgjeret mellom dei og skattekontora, jf. fotnote til tabell 5.9 og, under kap. 1618 Skatteetaten.

4 Motorvognavgifter omfattar kapittel/post: 5536/71 Eingongsavgift, 5536/72 Årsavgift, 5536/73 Vektårsavgift, 5536/75 Omregistreringsavgift. Frå 2011 vart bensinavgifta og autodieselavgifta overført til kapittelet for vegbruksavgift, og vert difor no førte under andre særavgifter. Talet for 2011 er korrigert i samsvar med ny føring.

5 Medrekna kontrollkrav.

Hovudmål 4: Yta god service til brukarane

Toll- og avgiftsetaten arbeider jamt og trutt med å yta betre service til brukarane. Etaten har som mål at nettsidene toll.no skal vera den informasjonskanalen brukarane går til fyrst. I 2012 hadde nettsidene litt over 1,7 mill. treff. Det er om lag 13 pst. meir enn i 2011. Særleg populære tenester er kalkulatoren for innførsel av køyretøy og ordninga for at køyretøyeigarar sjølve kan hente KID-nummeret dei treng for å betala årsavgifta.

Dei regionale informasjonssentera tok imot om lag 116 000 spørsmål i 2012, mot 115 000 i 2011 og 122 000 i 2010. Om lag 80 pst. av spørsmåla kjem telefonisk, resten hovudsakleg per e-post.

Etaten har som mål at saksbehandlingstida skal vera kort, samtidig som kvaliteten skal betrast. Nokre søknadstypar frå næringslivet er høgt prioriterte, til dømes søknader om tollkreditt. Behandlingstida per søknad var kortare enn to veker i 98,6 pst. av tilfella, medan talet for 2011 var 98,7 pst.

Toll- og avgiftsetaten skal ha høg kvalitet på behandlinga av klagesaker, og saksbehandlingstida skal vera kort. For 2012 var målet at minst 60 pst. av alle særavgiftsklagene skulle vera behandla innan seks månader. Toll- og avgiftsdirektoratet behandla i 2012 68,7 pst. innan fristen. Tilsvarande tal for 2011 var 61,4 pst. Direktoratet har lenge arbeidd målretta for å betre kvaliteten på saksbehandlinga i tollregionane. Dette arbeidet held fram i 2014

Samla resultatvurdering

Ut ifrå hovudmåla som er sette for Toll- og avgiftsetaten vurderer Finansdepartementet driftsresultata i 2012 jamt over som gode, med ei god resultatutvikling dei siste åra. Etaten kan visa til gode resultat i grensekontrollen samanlikna med tidlegare år. Beslaget av øl og vin har gått noko ned, medan talet på narkotikabeslag har auka. Finansdepartementet er nøgd med resultata på fastsetjingsområdet, der dei aller fleste resultatmåla vart nådde. På innkrevjingsområdet har det vore auke frå 2011 i alle inntektsgrupper, og restansane held seg låge. Departementet vurderer servicen overfor brukarane som gjennomgåande god, og etaten når dei fastsette servicemåla for saksbehandlingstid.

Sentrale utfordringar og tiltak

Tiltak mot toll- og avgiftsunndraging

Den økonomiske kontrollen til Toll- og avgiftsetaten skal avdekkja og førebyggja toll- og avgiftsunndraging. Spennet i kontrollobjekt er stort. Den jamlege kontrollen av dei store avgiftsbetalarane og kontrollane for å avdekkja alvorlege og medvitne lovbrot er viktige for innbetaling avgifter til staten.

Kontrollane skal i størst mogleg grad siktas inn mot aktørar som ikkje rettar seg etter regelverket. Internasjonale tollstrategiar, fastsette av EU og WCO, legg òg auka vekt på bruk av risikovurderingar av varesendingar og aktørar. Dei siste åra har etaten styrkt arbeidet med risikovurderingar og analyse ved hjelp av betre arbeidsmetodar og betre grunnlagsmateriale. Dette arbeidet skal halda fram i 2014.

Den økonomiske kriminaliteten vert meir samansett og innfløkt, og stadig fleire varer kryssar grensene. Overføringa av informasjon er i stor grad elektronisk, og informasjonen om varestraumen aukar i omfang og vert meir og meir detaljert. Dei siste åra har det vore ein kraftig auke i handelen på Internett. Mange freistar å unndra avgifter ved å setja verdien på varen lågare enn den reelle verdien. I tillegg vert også varer som det er knytt restriksjonar og forbod til, smugla inn via postsendingar. Desse utfordringane set store krav til analysekompetansen i Toll- og avgiftsetaten og til etaten sin bruk av ny teknologi i kontrollverksemda.

Den økonomiske kontrollen skal utviklast vidare i 2014 ved at etaten utviklar og betrar metodane for kontroll på utvalde risikoområde innanfor deklarasjonskontrollen. Røynsler frå kontrollresultat skal brukast systematisk, og informasjon frå eigne og eksterne kjelder skal utnyttast betre.

I kampen mot skatte- og avgiftsunndraging skal etaten samarbeida med andre etatar, som Skatteetaten, politiet, ØKOKRIM og Fiskeridirektoratet. Samarbeidet omfattar utveksling av informasjon og sams kontrollar. Etaten skal framleis vera ein aktiv deltakar i Fiskeriforvaltningas analysenettverk (FFA), som arbeider mot ulovleg, ikkje rapportert og uregulert fiske.

Grensekontrollen

Gjennom kontrollen på grensa gjer Toll- og avgiftsetaten ein viktig del av arbeidet med å redusera den risikoen som straumen av varer, transportmiddel og personar inneber. Det internasjonale rammeverket legg viktige føringar på grensekontrollen. Ein vernar samfunnet mest effektivt ved å møta potensielle trugsmål allereie på grensa.

For å kunne lukkast med grensekontrollen må ein velja dei rette kontrollobjekta i ein stadig aukande straum av varer, køyretøy og personar. Difor er kontrollen innretta etter vesentlegheit og risiko, mellom anna ved hjelp av internasjonale kontaktverk, etterretningsinformasjon, risikoanalysar og annan relevant informasjon.

For å betra utnyttinga av kontrollressursane i Toll- og avgiftsetaten, vert Måløy ekspedisjons- og kontrolleining og Vadsø kontrolleining lagde ned. Nedleggingane skal ikkje medføra oppseiingar, og stillingane vert flytte til nærliggjande einingar.

Etaten har i 2012 satt ut elektronisk utstyr med kamera og skiltattkjenning på grenseovergangar. Systemet varslar og overfører bilete når aktuelle køyretøy passerer ein grenseovergang. I ein prøveperiode i 2011 fungerte systemet effektivt og medverka til fleire store narkotikabeslag. Ved revidert budsjett våren 2012 fekk etaten ein auke i løyvinga på 20 mill. kroner, mellom anna for å auka bruken av elektronisk utstyr ved grensa. Etaten vil arbeida vidare med det nye systemet i 2014.

For å styrkja grensekontrollen vil departementet setja av til saman 23 mill. kroner. Dette skal nyttast til meir bruk av elektronisk verktøy i grensekontrollen, mellom anna ei utviding av det elektroniske nærværet til etaten med bruk av kamera og skiltavlesingutstyr til einskilde ubemanna grenseovergangar i Tollregion Midt-Noreg og Tollregion Nord-Noreg og til ferjekaiane i Kristiansand og Sandefjord. Styrkinga vil òg gå til ei betre tilrettelegging for bruk av naudnett i etaten og til utskifting av ein av dei mobile skannarane. Toll- og avgiftsetaten skal i 2014 gjennomføra eit pilotprosjekt med bruk av elektroniske apparat («sniffarar») i grensekontrollen. Dette er utstyr for å kunne avdekkja ulovlege eller farlege stoff med analysar av prøver frå bagasje, klede m.m.

Etaten skal halda fram arbeidet mot innførsel av forfalska varer (IPR-varer). Denne handelen har sterke band til svart økonomi. Mange IPR-varer er utrygge eller farlege. Innsatsen mot slike varer tener både forbrukarane og fremjar like konkurransevilkår i næringslivet. Etaten skal vera særleg merksam på forfalska kopiar som trugar helse, miljø og tryggleik.

Etaten arbeidar kontinuerleg for å gjera kontrollane mot valutasmugling meir treffsikre. Brot på plikta til å deklarera valuta og andre betalingsmiddel er i dag eit internasjonalt problem. Etaten vil styrkja innsamling av relevant informasjon, etterretningar og samarbeidet med andre instansar, mellom anna Skatteetaten, politiet og Nav. Etaten har hundar som er spesialtrena til å lukta seg fram til pengesetlar. Dei har synt seg å vera eit nyttig hjelpemiddel for å finna valuta som er forsøkt smugla.

Toll- og avgiftsetaten har registert ein auke i beslaga av dopingmiddel. I 2012 vart det gjort over 205 000 beslag. Etaten inngjekk difor hausten 2012 ein samarbeidsavtale med Antidoping Norge, og vil arbeida vidare med å utvikla arbeidet mot dopingmiddel i 2014.

Prøveprosjekt utrykkingsstatus

Toll- og avgiftsetaten har dei siste åra sett ei klår profesjonalisering av smuglarverksemda. Det vert meir og meir vanleg at smuglarar er organiserte i nettverk og bruker kontraspaning, følgjebilar og sambandsutstyr for ikkje å verta stansa. Beslagsstatistikken til etaten syner at det stadig oftare vert smugla over ubemanna grenseovergangar. I 2012 passerte drygt 8,5 mill. køyretøy over landegrensene inn til Noreg, over dei til saman 11 bemanna eller ein av dei 58 ubemanna grenseovergangane.

Toll- og avgiftsetaten gjennomfører eit prøveprosjekt med bruk av utrykkingskøyretøy og blålys, jf. Prop. 1 S (2012–2013) for Finansdepartementet. Prøveprosjektet starta sommaren 2013.

Prøveprosjektet vert gjennomført i Tollregion Aust-Noreg. Toll- og avgiftsdirektoratet skal evaluera prøveprosjektet etter to år. Det vil gje eit godt grunnlag for å vurdera permanent utrykkingsstatus for Toll- og avgiftsetaten

TVIST

Toll- og avgiftsetaten sine system for fastsetjing, innkrevjing og kontroll av særavgifter (TVIST-systema) er utvikla i ein teknologi som nærmar seg slutten av si levetid. På oppdrag frå Finansdepartementet har Toll- og avgiftsdirektoratet laga ei utgreiing om alternative framtidige løysingar. Det er i 2012 og 2013 gjennomført ei ekstern kvalitetssikring (KS1) etter Finansdepartementet sine krav til kvalitetssikring av store statlege prosjekt. På bakgrunn av tilrådingane frå kvalitetssikrar skal det hausten 2013 mellom anna gjennomførast ein ekstern gjennomgang av IKT-området i etaten. Toll- og avgiftsetaten skal i 2014 arbeida vidare med utgreiing og planlegging av framtidige løysingar.

Utvikling av inn- og utførselsprosessar

I prosjektet Nye Tvinn identifiserte Toll- og avgiftsetaten ei rekkje prosessforbetringstiltak ved inn- og utførsel av varer med ulike transportformer, jf. Prop. 1 S (2011–2012).

Etaten har difor arbeidd med eit prosjekt for «Forbedring av tollvesenets inn- og utførselsprosesser». Etter at forbetringsframlegga er vurderte, vil etaten arbeida vidare med å utvikla prosedyrar, regelverk og teknologiske løysingar.

Toll- og avgiftsetatens tilpassingar til nytt Autosys

Nytt Autosys er eit prosjekt i regi av Vegdirektoratet, jf. omtale i Prop. 1 S (2012–2013) for Samferdselsdepartementet.

Dagens Autosys er kjelderegister for motorvognavgiftene, og det er avgjerande for rett fastsetjing av avgiftene at data frå registeret er korrekte. Den framtidige utforminga av motorvognavgiftene er òg avhengig av at registeret inneheld tilstrekkelege opplysningar om køyretøy og eigar.

Eit nytt Autosys skal vera fleksibelt med tanke på tilpassingar til endringar i lovverk og andre formelle tilhøve, halda den generelle IKT-tryggleiken ved lag, opna for utvikling av gode sjølvbetenings- og brukartenester og halde høg datakvalitet.

Det må gjerast tilpassingar i Toll- og avgiftsetatens IT-system som følgje av nytt Autosys.

Toll- og avgiftsetaten vil tilpassa si deltaking i Autosys-prosjektet etter at det er teke avgjerd om vidare plan for framdrifta av prosjektet.

Auka sjølvbetening og publikumsservice på toll.no

Brukarane ventar å finna informasjon og tenester på Internett enkelt og raskt. Særleg no når det er vorte vanleg med Internett på mobiltelefonar og nettbrett. Nettstaden toll.no er Toll- og avgiftsetaten sin viktigaste kommunikasjonskanal. Ein ventar at bruken vil auke sterkt i åra som kjem, så det er avgjerande at nettstaden dekkjer brukarane sitt informasjonsbehov på ein god måte.

For å møta desse utfordringane skal Toll- og avgiftsetaten i 2014 lansera ein ny nettstad. Nettsidene får betre utforming slik at brukarane lett finn fram. Alt innhaldet vil vera tilgjengeleg på mobiltelefonar og nettbrett, det gjeld òg kalkulatorar og nettskjema. Nettstaden skal byggjast på ein moderne plattform, der alt ligg klart for utvikling av nye tenester, kalkulatorar og funksjonar.

Internasjonalt samarbeid

Oppgåvene til Toll- og avgiftsetaten vert meir og meir prega av den internasjonale utviklinga. Etaten må difor prioritera oppgåvene sine etter det.

Størstedelen av norsk handel med utlandet er med andre europeiske land. Difor er det viktig at regelverk, prosedyrar og kontrollmetodar er godt avstemde med dei europeiske handelspartnarane våre. Etaten følgjer med på og freistar å påverka standardane og regelverket som vert utvikla gjennom Verdas handelsorganisasjon (World Trade Organization, WTO), Verdas tollorganisasjon (World Customs Organization,WCO) og frihandels- og samarbeidsavtalar som Noreg forhandlar om. Toll- og avgiftsetaten hjelper òg WCO med tollfagleg ekspertise i ein del utviklingsland, med sikte på innføring av internasjonalt godkjende standardar for tollbehandling, handelsforenkling og god forvaltningsskikk.

Noreg deltek aktivt i frihandelsforhandlingane som vert førte i regi av EFTA. Toll- og avgiftsetaten skal støtta Finansdepartementet og andre departement, særleg Nærings- og handelsdepartementet og Utanriksdepartementet, i dette arbeidet. Tiltak for letting av varepassering over grensene er òg eit viktig tema i multilaterale forhandlingar om frihandelsavtalar. Toll- og avgiftsdirektoratet skal saman med Finansdepartementet og Utanriksdepartementet ta del i forhandlingane om handelsforenkling i Doha-runden i WTO.

Noreg har inngått ei rekkje bilaterale tollsamarbeidsavtalar om gjensidig administrativ støtte. Det er viktig at Toll- og avgiftsdirektoratet kontinuerleg vurderer behovet for nye avtalar og gjev tilråding til Finansdepartementet der ein av tollfaglege grunnar bør få innleidd forhandlingar eller endra inngåtte avtalar.

Mål og budsjett 2014

Finansdepartementet har fastsett desse hovudmåla for Toll- og avgiftsetaten for 2014:

  • motverking av ulovleg inn- og utførsel av varer

  • rett fastsetjing av avgifter og toll

  • innbetaling av avgifter og toll til rett tid

  • god service overfor brukarane

Måla er dels skrivne som visjonar for arbeidet. I den praktiske oppfølginga av etaten tek ein høgd for at det er operasjonelle risikoar som det kan vera for dyrt å gardera seg fullt ut imot. Ein må likevel vera medviten om kor store feil og manglar ein kan tola.

Den underliggjande målstrukturen vert fastsett i styringsdialogen mellom Finansdepartementet og Toll- og avgiftsetaten i samband med utforminga av tildelingsbrevet frå departementet til etaten. Resultata i 2014 skal jamt over vera minst like gode som resultata i 2012. Resultata må ikkje gå på kostnad av sentrale utviklingsoppgåver og fornying av etatens IKT-infrastruktur.

Toll- og avgiftsetaten arbeider jamt og trutt med å løysa oppgåvene sine betre. Heilt feilfri saksbehandling er likevel eit urealistisk mål. I praksis må etaten vega kvalitet mot effektivitet.

Departementet føreslår å setja utgiftsramma til Toll- og avgiftsetaten til 1 572,4 mill. kroner. Reelt er dette litt høgare enn saldert budsjett 2013.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønsutgifter og andre driftsutgifter og er budsjettert til 1 507,5 mill. kroner. Det er ein auke på 1,9 pst. frå saldert budsjett 2013. Det meste av auken kjem av løns- og prisjustering.

Finansdepartementet ber om fullmakt til å overskrida løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, postane 01 Særskilt vederlag for tolltenester og 04 Ymse refusjonar, jf. nærare omtale under.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar større vedlikehald, utskiftingar og kjøp til IT-føremål. Posten er budsjettert med 64,9 mill. kroner. Løyvinga skal mellom anna nyttast til å skifta ut ein mobil skannar, rekna til om lag 15 mill. kroner.

I samband med visse kjøp og prosjekt kan det vera behov for å tinga for meir enn det som er løyvt. Departementet ber difor om ei tingingsfullmakt på 40 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak IV.

Kap. 4610 Toll- og avgiftsetaten

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Særskilt vederlag for tolltenester

5 994

6 400

6 200

02

Andre inntekter

2 203

2 400

2 500

03

Refunderte pante- og tinglysingsgebyr

2 026

2 000

2 000

04

Diverse refusjonar

3 542

3 100

3 200

11

Gebyr på kredittdeklarasjonar

186 595

32 100

20 000

15

Refusjon arbeidsmarknadstiltak

94

16

Refusjon av foreldrepengar

11 385

17

Refusjon lærlingar

52

18

Refusjon av sjukepengar

19 993

85

Gebyr for regelbrot – valutadeklarering

7 809

5 000

6 000

Sum kap. 4610

239 693

51 000

39 900

Post 01 Særskilt vederlag for tolltenester

Posten omfattar gebyr for privatrekvirert tollbehandling og ekspedisjonsgebyr for utført tollforretning utanfor kontorstad og ekspedisjonstid. For å dekkja dei meirkostnadene som denne behandlinga og ekspederinga fører med seg ved høgare aktivitetsnivå enn det som er føresett, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskrida løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, post 01 Særskilt vederlag for tolltenester, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Satsane for privatrekvirert tollbehandling vert auka til 390 kroner for 50 pst. overtid og til 520 kroner for 100 pst. overtid. Ekspedisjonsgebyret skal som i 2013 vera på 200 kroner per påbyrja halvtime.

Post 02 Andre inntekter

Posten omfattar fleire typar inntekter, som til dømes gebyr for avskilting, inntekter frå auksjonssal av overliggjande inndregne varer, innkravde sakskostnader og agio. Gebyret for avskilting på 900 kroner er noko høgare enn det kostnadene til etaten tilseier, slik at det òg skal verka preventivt.

Toll- og avgiftsetaten har ein del direkte utgifter i samband med auksjonssal, særleg til kunngjeringar, provisjon til nettauksjonsstaden og til taksering av særskilde varer, til dømes teppe og smykke. Slike utgifter er med på å gje høgare salsinntekter. For å få eit meir korrekt uttrykk for salsresultatet føreslår departementet at slike direkte utgifter kan dragast frå brutto salsbeløp (nettoposterast), jf. framlegg til romartalsvedtak X.1.

Post 03 Refunderte pante- og tinglysingsgebyr

Posten omfattar refusjon av pante- og tinglysingsgebyr som Toll- og avgiftsetaten tidlegare har betalt ved tvangsinnkrevjing av restansar, utført av dei alminnelege namsmennene.

Post 04 Ymse refusjonar

Posten vert brukt til inntekter som er ei direkte følgje av og av same slag som den tilsvarande utgifta. Det gjeld mellom anna tilskot til prosjekt etter oppdrag frå Norad og tilskot frå andre statlege etatar til konkrete prosjekt, kompetansetiltak m.m., inntekter frå kursverksemd for næringslivet, inntekter frå framleige av lokale ved Svinesund tollstad til spedisjonsføretak og provisjonar til dekning av meirutgifter som etaten har ved innkrevjing av gebyr o.l. for andre.

Det er nær samanheng og samvariasjon mellom desse inntektene og dei tilhøyrande utgiftene på kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, og inntektene varierer ein del frå år til år. Finansdepartementet ber difor om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, post 04 Ymse refusjonar, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Post 11 Gebyr på kredittdeklarasjonar

Frå og med 2013 vart gebyrordninga lagt om, noko som medførte at gebyrinntektene minka monaleg. I månader der ein importør har gjort seg nytte av tollkredittordninga, vil han få eit gebyr på 100 kroner. Samla gebyrinntekter svarer til dei kostnadene som Toll- og avgiftsetaten har med tollkredittordninga. Omlegginga i 2013 gav ein kostnadsreduksjon for dei aller fleste av dei om lag 23 000 som kan bruka tollkredittordninga.

Post 85 Gebyr for regelbrot – valutadeklarering

Posten omfattar inntekter frå gebyr som vert ilagde ved ulovleg ut- og innførsel av valuta. Ordninga er nærare omtalt i Prop. 1 L (2009–2010) Skatte- og avgiftsopplegget 2010 mv. – lovendringer. Valuta og andre betalingsmiddel med ein verdi på meir enn 25 000 kroner skal meldast og leggjast fram for Toll- og avgiftsetaten ved inn- og utførsel i samsvar med tollova med forskrifter. Når det er konstatert brot på deklareringsplikta, kan det ileggjast eit gebyr, eventuelt kan tilhøvet meldast til politiet. Gebyret kan utgjera opp til 20 pst. av det ikkje-deklarerte beløpet.

Kap. 1618 Skatteetaten

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

4 601 842

4 487 300

4 554 000

21

Spesielle driftsutgifter

157 701

150 000

167 200

22

Større IT-prosjekt, kan overførast

129 100

275 200

298 800

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

82 987

96 500

104 400

70

Tilskot

3 000

Sum kap. 1618

4 971 630

5 009 000

5 127 400

Føremål, hovudoppgåver og organisering

Skatteetaten skal leggja til rette for rett fastsetjing og innbetaling av skattar og avgifter, syta for eit oppdatert folkeregister og yta god service. Hovudoppgåvene til etaten er å:

  • skriva ut forskotsskatt

  • sikra skatte- og avgiftsprovenyet, mellom anna ved å kontrollera grunnlaget for oppgåvene frå skatte- og avgiftspliktige og tredjepart

  • fastsetja og kontrollera folketrygdavgifter og skatt på formue og inntekt

  • fastsetja, kontrollera og krevja inn meirverdi- og arveavgift

  • kontrollera og føra tilsyn med korleis dei kommunale skatteoppkrevjarane krev inn direkte skattar og arbeidsgjevaravgift

  • forvalta folkeregisteret

  • forvalta regelverk, som òg inneber å informera og rettleia publikum

Skatteetaten består av eit sentralt direktorat, fem skatteregionar (Skatt nord, Skatt Midt-Noreg, Skatt vest, Skatt sør og Skatt aust), Oljeskattekontoret og Skatteopplysninga. Skatteregionane har per 1. juni 2013 til saman 117 skattekontoreiningar. I tillegg har Skatteetaten 50 serviceavtalar med andre offentlege kontor. Etaten hadde per 1. mars 2013 ei bemanning tilsvarande 5 926 årsverk.

Mål og resultat 2012

Driftsresultatet til Skatteetaten vert vurdert ut frå fire fastsette hovudmål, jf. nedanfor. Måla er dels skrivne som visjonar for arbeidet. I den praktiske oppfølginga av etaten tek ein høgde for at det er operasjonelle risikoar som det kan vera for dyrt å gardera seg fullt ut imot. Ein må likevel vera medviten om kor store feil og manglar ein kan tola.

Hovudmål 1: Skattane skal fastsetjast rett og til rett tid

I 2012 vart det fastsett 917,1 mrd. kroner i direkte og indirekte skattar på ansvarsområdet til etaten. Det utgjorde til saman 82,7 mrd. kroner meir enn i 2011, jf. tabell 5.9 og fotnote 1. Auken kjem for det meste av at petroleumsskatten vart 51,8 mrd. kroner høgare enn året før. Trygdeavgifta og arbeidsgjevaravgifta auka med høvesvis 10,1 og 7,1 mrd. kroner. Meirverdiavgifta auka med til saman 11,7 mrd. kroner frå 2011. Meirverdiavgifta på import, fastsett av Toll- og avgiftsetaten, auka med 3,6 mrd. kroner, og meirverdiavgifta fastsett av Skatteetaten auka med 8,1 mrd. kroner. Det vart utlikna 1,7 mrd. kroner i arveavgift i 2012, same beløp som i 2011.

Nærare omtale finst i Prop. 1 LS (2013–2014) Skatter, avgifter og toll 2014.

Tabell 5.9 Fastsette skatter og avgifter – oversyn

     

(mill. kroner)

2010

2011

2012

Skatt på inntekt og formue

324 600

347 900

353 500

Trygdeavgift

89 600

93 400

103 500

Petroleumsskatt

145 100

174 400

226 200

Sum fastsett ved likningsbehandlinga

559 300

615 700

683 200

Arbeidsgjevaravgift, unnateke sentralt utrekna arbeidsgjevaravgift

119 800

123 800

130 900

Meirverdiavgift1

198 500

209 200

220 900

Arveavgift

2 000

1 700

1 700

Sum fastsette skattar og avgifter

879 600

950 400

1 036 700

Sum fastsette skattar og avgifter unnateke meirverdiavgift fastsett av Toll- og avgiftsetaten

773 200

834 400

917 100

1 Beløpet omfattar meirverdiavgift som Toll- og avgiftsetaten krev inn ved innførsel. Det utgjer 119,6 mrd. kroner for 2012 og 116,0 mrd. kroner for 2011. For meirverdiavgiftspliktige næringsdrivande gjev meirverdiavgifta som vert kravd inn ved innførsel, rett til frådrag i meirverdiavgiftsoppgjeret mellom dei og skattekontora, jf. fotnote 3 i tabell 5.8 under kap. 1610 Toll- og avgiftsetaten.

Arbeidet med likninga kan delast inn i fire hovudbolkar; utskriving og endring av skattekort (grunnlaget for skattetrekk), innhenting av grunnlagsdata, produksjon og behandling av sjølvmeldingar og utsending av skattoppgjer.

Utskriving og endring av skattekort for inntektsåret 2012

For inntektsåret 2012 vart det i desember 2011 skrive ut vel 3,6 mill. skattekort. Av desse vart 8,1 pst. endra i løpet av desember 2011 og januar 2012. Dette er ein nedgang på 0,6 pst. frå eitt år tidlegare. Nedgangen heng truleg saman med at fleire pensjonistar fekk feil skattekort for 2011 som følgje av pensjonsreforma. I løpet av 2012 vart 23,7 pst. av skattekorta endra. Tilsvarande tal var 24,4 pst. i 2011 og 21,8 pst. i 2010.

Likning for inntektsåret 2011

I 2012 behandla Skatteetaten sjølvmeldingar for inntektsåret 2011 frå om lag 3,6 mill. lønstakarar og pensjonistar, 373 000 personleg næringsdrivande og 241 000 selskap, jf. tabell 5.10.

Innhenting av omfattande grunnlagsdata, som vert førehandsutfylte i sjølvmeldinga, gjev høgare kvalitet på sjølvmeldinga enn om skattytaren sjølv skulle ha fylt ut. Grunnlagsdata er tredjepartsopplysningar som Skatteetaten får frå til dømes bankar, arbeidsgjevarar og frå offentleg forvaltning. Betre og fleire grunnlagsdata gjer det lettare å fastsetja skattane rett. Skatteetaten fekk inn 57,9 mill. oppgåver med grunnlagsdata i samband med likningsarbeidet i 2012. Det er 3,7 mill. fleire oppgåver enn i 2011. I alt 98,9 pst. av oppgåvene med grunnlagsdata kom inn med fastsett kvalitet innan produksjonsstarten for sjølvmeldinga. Det er ein nedgang på 0,7 prosentpoeng frå 2011 som stort sett kjem av for seint leverte løns- og trekkoppgåver. Kvaliteten på grunnlagsdata vert mellom anna målt ved andelen uidentifiserte grunnlagsdataoppgåver. Målet for 2012 var at den skulle vera mindre enn 1,5 pst. Resultatet vart 0,29 pst.

Tabell 5.10 Tal på behandla sjølvmeldingar m.m.

2010

2011

2012

Sjølvmelding lønstakarar og pensjonistar

3 483 600

3 551 500

3 556 000

Sjølvmelding personleg næringsdrivande

305 000

324 000

373 000

Sjølvmelding etterskotspliktige selskap

234 000

240 000

241 000

Grunnlagsdata (løns- og trekkoppgåver, bankoppgåver m.m.)

52 500 000

54 150 000

57 885 000

Produksjonen og kvaliteten på likninga for inntektsåret 2011 var stort sett god, men med nokre fleire feil enn tidligare år i samband med produksjon av sjølvmeldinga, førebels skatteutrekning og skatteoppgjeret. Hovudårsaka til dei fleste feila var krevjande tilpassingar hos oppgåvegjevarar og Skatteetaten som følgje av pensjonsreforma. Skatteetaten har i 2012 gjort et stort arbeid for å unngå liknande feil. Per september 2013 er det rapportert om få feil på dei nemnde områda for inntektsåret 2012.

Ordninga med leveringsfritak for sjølvmeldinga vart innført frå inntektsåret 2007. I 2009 valde 58,3 pst. av lønstakarane og pensjonistane å gjera seg nytte av leveringsfritaket. Talet auka til 67,1 pst. i 2012. Av dei som leverte sjølvmelding, leverte 63,5 pst. elektronisk i 2012, mot 62,2 pst. i 2011.

90,6 pst. av upersonlege skattytarar og personlege skattytarar som driv næring leverte sjølvmeldinga til rett tid i 2012. I 2011 var andelen 92,3 pst. Målet er at minst 95 pst. skal levera i tide. Fleire tiltak vert vurderte for å betra situasjonen. Av dei som leverte sjølvmelding, leverte 83,1 pst. elektronisk i 2012, mot 81,4 pst. i 2011.

Likning ved Sentralskattekontora

Sentralskattekontoret for storbedrifter (SFS), som er underlagt Skatt aust, er oppretta for å behandla skattlegging og kontroll av verksemder med omsetnad over ei viss grense. Kontoret likna i 2012 om lag 4 500 selskap, og det vart fastsett skatt for om lag 26,5 mrd. kroner. Det er ein nedgang på 7 mrd. kroner frå 2011. Talet på likna selskap har auka med om lag 260. Sentralskattekontoret liknar i tillegg alle kraftverk med yting over 5 500 kVA, til saman 132 kraftproduserande selskap. Frå 1. januar 2014 vil SFS òg behandla meirverdiavgift og arbeidsgjevaravgift for verksemdene i manntalet til SFS. SFS skal leggjast inn under Skattedirektoratet, med tre kontoreiningar. Dette er ei følgje av at Skatteetaten satsar på arbeidet med storbedrifter.

Sentralskattekontoret for utanlandssaker, som er underlagt Skatt vest, er oppretta for å ta seg av visse område innanfor skattlegging av utanlandske selskap og arbeidstakarar med mellombels tilknyting til landet. Kontoret likna 61 000 lønstakarar og sjømenn i 2012. Det er ein auke på 8 pst. frå 2011. Ved den ordinære likninga for 2011 vart det fastsett 2,9 mrd. kroner i skatt for forskotspliktige. Det var 500 mill. kroner meir enn ved likninga for 2010. Kontoret likna til saman 644 selskap og nærare 2 500 forskotspliktige næringsdrivande ved ordinær likning i 2012. Fastsett skatt for etterskotspliktige ved ordinær likning for inntektsåret 2011 var 572 mill. kroner. Det er ein nedgang på 432 mill. kroner frå 2011.

Oljeskattekontoret, som er underlagt Skattedirektoratet, skattlegg petroleumsverksemda. Kontoret likna 69 selskap i 2012 og fastsett skatt var 226,2 mrd. kroner. Det er ein auke på 51,8 mrd. frå 2011, jf. tabell 5.9. Den samla produksjonen av olje og gass på norsk sokkel var om lag 2 pst. høgare i 2012 enn i 2011.

Skatteoppgjeret for inntektsåret 2011

I 2011 vart det innført ei ordning med å produsera skatteoppgjer i juli og september for delar av gruppene lønstakarar og pensjonistar. Denne ordninga vart vidareført i 2012 og utvida med at skatteoppgjer vart produsert kvar veke frå august og fram til medio oktober. Skattytarar fekk då skatteoppgjeret etter kvart som dei og/eller ektefellen vart ferdig likna. Skatteoppgjeret for inntektsåret 2011 vart klårt i juni 2012 for om lag 83,5 pst. av lønstakarane og pensjonistane. Året før var talet 81 pst. Ordninga vart utvida slik at òg personleg næringsdrivande kunne få tidlegare skatteoppgjer frå august og utover. I 2012 fekk 79 pst. personleg næringsdrivande skatteoppgjeret før oktober. Etterskotspliktige skattytarar (selskap m.m.) får alltid skatteoppgjeret i oktober.

Forskotspliktige skattytarar med restskatt auka frå 18,9 pst. til 19,6 pst. (770 000 skattytarar) frå 2011 til 2012. Det gjennomsnittlege restskattebeløpet var om lag 21 000 kroner, det same som i 2011. Talet på skattytarar med beløp til gode var om lag som i 2011. Om lag 2,9 mill. (73,5 pst) skattytarar hadde beløp til gode i 2012. Gjennomsnittleg beløp til gode var om lag 12 400 kroner eller til saman 36 mrd. kroner. Det er ein liten auke frå 2011.

Fastsetjing av meirverdiavgift og arveavgift

Ved utgangen av 2012 var det registrert om lag 344 400 verksemder i meirverdiavgiftsmanntalet, og det vart behandla knapt 1,6 mill. omsetnadsoppgåver i løpet av 2012. 90,4 pst av oppgåvene vart leverte til rett tid. Det er tilnærma same resultat som i 2011. Om lag 87 pst. av skjønsfastsetjingane skjedde innan to månader. Det er ei betring på om lag 2 prosentpoeng frå 2011. Målet er 90 pst. Dei siste åra har resultata i arbeidet med fastsetjing av meirverdiavgift vorte betre.

I 2012 vart det innført pliktig elektronisk levering av meirverdioppgåva, med dispensasjonsordning for dei som ikkje kan levere elektronisk. 1 2012 vart 98,4 pst. av meirverdioppgåvene levert elektronisk, mot 92,2 pst. 2011.

I 2012 fekk Skatteetaten om lag 46 000 arve- og gåvemeldingar. Det er ein auke på 3 000 meldingar. For 2012 vart etaten målt etter behandlingstid frå melding var motteken, og ikkje som tidlegare etter kor stor del av restansane som er yngre enn 6 månader. Resultata i 2011 og 2012 kan difor ikkje samanliknast direkte. Dei sakene som vert behandla innan seks månader, utgjorde 67,6 pst. ved utgangen av 2012. Resultatmålet er 90 pst. Resultatet er ikkje tilfredsstillande, og tiltak er iverksett.

For å styrkja fagmiljøet er arbeidet med arve- og gåvemeldingar samla ved tre skattekontor.

Kontroll av skattytarar og næringsdrivande

Ein stor del av Skatteetatens kontroll med næringslivet vert utført i samband med den årlege likningsbehandlinga og ved behandlinga av omsetnadsoppgåver. I tillegg gjennomfører Skatteetaten og dei kommunale skatteoppkrevjarane ei rekkje kontrollaktivitetar, mellom anna etterkontrollar (avdekkingskontrollar m.m.).

Skatteetaten har innført målretta kontrollstrategiar der ulike kontrolltypar og andre verkemiddel vert vurderte i samanheng med sikte på eit best mogleg resultat. For etaten er det dessutan viktig å arbeida førebyggjande, mellom anna gjennom målretta informasjon og rettleiing, for å oppnå mest mogleg korrekt skatte- og avgiftsberekning. Det må informerast om resultata av kontrollane, slik at opplevd risiko for oppdaging aukar. Frå 2013 har departementet gått bort frå å styra på talet på etterkontrollar og oppgåvekontrollar av meirverdiavgift. Det er meininga å styra meir etter effektmål. Som eit ledd i utviklinga på dette området skal Skatteetaten vurdera nye parametrar og forklaringsvariablar som kan måle effektar av etaten sitt arbeide.

Det har vore krevjande for Skatteetaten å omdisponera ressursar frå likningsarbeid til tyngre kontrollar av næringsdrivande og selskap. Særleg dei utvida kontrollane av næringsdrivande under likninga har det vorte færre av dei siste åra. I 2012 har utviklinga snudd, og etaten har klart å flytta ressursar. Departementet er nøgd med utviklinga.

Til saman vart det i 2012 gjennomført drygt 16 000 etterkontrollar og formal- og informasjonskontrollar. Det er om lag 1 200 meir enn i 2011. Om lag 7 100 av kontrollane vart gjennomførte av skattekontora, noko som er ein auke på drygt 900 frå 2011. Dei kommunale skatteoppkrevjarane gjennomførte litt over 9 000 kontrollar, som òg er litt meir enn året før (8 700 i 2011). Skatteoppkrevjarane vert oppmoda til å skapa større kontrollmiljø, og mange kommunar har skipa interkommunale kontrollordningar.

Skatteetaten gjennomførte i 2012 fleire etterkontrollar enn i 2011, og resultatmålet vart nådd. Kontrollane har avdekt om lag same beløp som i 2011. Resultatmåla for gjennomsnittleg avdekt beløp per kontroll for inntekt og meirverdiavgift vart nådde. I gjennomsnitt vart det avdekt 153 000 kroner ved kontroll av inntekt og 63 500 kroner ved kontroll av meirverdiavgift. Dei store sakene er viktige både for provenyet, for den opplevde oppdagingsrisikoen og for etterlevinga.

I 2012 vart om lag 20 800 omsetnadsoppgåver for meirverdiavgift kontrollerte og resultatmålet nådd. Dette er om lag som i 2011, men monaleg meir enn åra før. I gjennomsnitt vart det avdekt 20 300 kroner. Dette er om lag som i 2011, men noko under målet for 2012.

Ei god samansetjing av kontrollane etaten gjennomfører, skal dekkja både dei store, tunge sakene og dei meir typiske kontrollaksjonane der synleggjering av kontrollinnsatsen er eit av måla. Skatteetaten har mellom anna valt å måla kontrollarbeidet opp mot opplevd oppdagingsrisiko. I 2011 viste KRISINO-undersøkinga (Kriminalitets- og sikkerhetsundersøkelsen i Noreg) at 29 pst. av dei næringsdrivande opplevde låg eller svært låg risiko for å verta oppdaga ved unndraging av skattar og avgifter. Ei anna ikkje heilt tilsvarande undersøking, gjort av Skatteetaten i 2012, viste at 20 pst. av dei næringsdrivande meinte at det var låg risiko for å verta oppdaga ved unndraging av skattar og avgifter. Dei to undersøkingane kan ikkje samanliknast direkte.

Sjå elles omtalen nedanfor av arbeidet etaten gjer for å motverka skattekriminalitet.

Hovudmål 2: Skattane skal betalast til rett tid

Innkrevjing av inntekts- og formuesskatt og avgifter til folketrygda (trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift) er lagt til dei kommunale skatteoppkrevjarane, med Skatteetaten som fagleg overordna styresmakt. Skatteetaten er eineansvarleg for innkrevjing av innanlands meirverdiavgift, petroleumsskatt og arveavgift.

Innkrevjing av skatt og arbeidsgjevaravgift

Per 31. desember 2012 utgjorde samla innbetalingar i forskotsordninga 99,9 pst. av dei fastsette krava for inntektsåret 2011 (forskotsordninga er summen av forskotstrekk og forskotsskatt personar), jf. tabell 5.11. Innbetalinga av restskatt frå personar for inntektsåret 2010 var heile 1 prosentpoeng høgare enn for inntektsåret 2009. Av arbeidsgjevaravgift fastsett i 2011, vart heile 99,8 pst. innbetalt. Innkrevjingsresultatet til skatteoppkrevjarane har utvikla seg godt for alle skatteartar som dei har ansvar for å krevja inn. Departementet vurderer resultata samla sett som gode.

Tabell 5.11 Skatt og arbeidsgjevaravgift for inntektsåra 2009–2011

(mill. kroner)

Inntektsår1

2009

2010

2011

Forskotstrekk2

Sum krav

319 651

336 991

358 556

Innbetalt

99,9 pst.

99,9 pst.

99,9 pst.

Aktiv restanse

212

175

82

Forskotsskatt (personar)2

Sum krav

26 649

28 242

29 331

Innbetalt

98,6 pst.

98,9 pst.

99,2 pst.

Aktiv restanse

365

315

223

Forskotsskatt (upersonlege skattytarar)2

Sum krav

46 366

54 373

54 863

Innbetalt

99,8 pst.

99,9 pst.

99,9 pst.

Aktiv restanse

109

55

32

Restskatt (upersonlege skattytarar)3

Sum krav

17 782

22 941

Innbetalt

98,2 pst.

98,8 pst.

Aktiv restanse

211

90

Restskatt (personar)3

Sum krav

14 011

15 467

Innbetalt

93,0 pst.

94,0 pst.

Aktiv restanse

971

861

Arbeidsgjevaravgift2

Sum krav

119 856

123 629

130 876

Innbetalt

99,8 pst.

99,8 pst.

99,8 pst.

Aktiv restanse

224

192

76

1 Inntektsåret kjem eitt år før likningsåret.

2 Målt per 31. desember – 1 år etter inntektsåret.

3 Målt per 31. desember – 2 år etter inntektsåret.

Heile talgrunnlaget i tabellen er endra frå rapporteringstidspunkt per 30.6 til 31.12 for alle år og kan difor ikkje samanliknast direkte med tidlegare rapporteringar i proposisjonar til Stortinget. Med aktiv restanse er meint restanse unnateke krav i konkursbu, utsette krav, krav knytte til gjeldsforhandlingar og utgiftsførte krav.

Innkrevjing av meirverdiavgift

Per 31. desember 2012 var 99,4 pst. av meirverdiavgifta som var fastsett for avgiftsåret 2011, innbetalt, medan 73,2 pst. av krav til tvangsinnkrevjing vart tvangsinnkravde. Resultatet er litt betre enn for åra før. Etaten har nådd resultatmåla, og departementet er nøgd med resultata.

Tabell 5.12 Meirverdiavgift for avgiftsåra 2009–2011

(mill. kroner)

Avgiftsår

2009

2010

2011

Sum krav1

190 488

199 680

208 462

Innbetalt1

99,2 pst.

99,3 pst.

99,4 pst.

Aktiv restanse2

485

533

453

1 Målt per 31. desember – 1 år etter avgiftsåret.

2 Unnateke konkursbo, restkrav, avskrivingar og ettergjevingar. Restansen gjeld berre avgiftsåret.

Samla aktiv restanse – skatt og meirverdiavgift

Samla aktiv restanse var 27,4 mrd. kroner per 31. desember 2012, om lag 2,0 mrd. kroner mindre enn året før, jf. tabell 5.13.

Tabell 5.13 Skatteetaten – samla aktiv restanse1

(mill. kroner)

2010

2011

2012

Skatt og arbeidsgjevaravgift

25 553

23 543

20 974

Meirverdiavgift2

5 416

5 420

5 945

Arveavgift

322

533

517

Samla aktiv restanse

31 290

29 496

27 435

1 Med aktiv restanse er meint restanse medrekna krav i konkursbu, men unnateke utsette krav.

2 Omfattar ikkje innførselsmeirverdiavgift som er fastsett av Toll- og avgiftsetaten, eller krav på tilbakebetaling av meirverdiavgift.

Skatteoppkrevjarfunksjonen for kommune 2312 – Skatteoppkrevjar utland

Sentralskattekontoret for utanlandssaker er likningsstyresmakt for sokkelkommunen (kommune 2312), medan skatteinnkrevjinga vert utført at Skatteoppkrevjar utland. Båe kontora er underlagde Skatt vest. Arbeidstakarar og oppdragsgjevarar som har mellombels opphald eller oppdrag på land eller sokkel i Noreg, og som ikkje har tilknyting til andre kommunar, vert knytte til kommune 2312.

Arbeidsoppgåvene til Skatteoppkrevjar utland er særleg krevjande fordi debitorane er så kort tid i Noreg. Stort sett når kontoret resultatmåla for innkrevjing, og resultata er betre enn i 2011. Likevel syner totalrestansen ved Skatteoppkrevjar utland ein auke på om lag 244 mill. kroner i løpet av 2012. Av den samla restansen gjeld om lag 283 mill. kroner nokre få verksemder som er under tett oppfølging.

Samla sett er departementet nøgd med resultatutviklinga ved Skatteoppkrevjar utland, men ventar at direktoratet framleis følgjer opp dette området særskilt.

Kontrollen av skatterekneskapen og den faglege oppfølginga av skatteoppkrevjarane

Kontroll av skatterekneskapen vert utført av regionale kontrolleiningar ved skattekontora. I 2012 vart alle rekneskapane kontrollerte, og det vart gjennomført stadleg kontroll av skatterekneskapen i alle kommunar med meir enn 25 000 innbyggjarar. I tillegg kjem stadleg kontroll ved minst eitt av verksemdsområda til skatteoppkrevjarane (skatterekneskap, innkrevjing eller arbeidsgjevarkontroll). Andelen skatteoppkrevjarkontor der Skatteetaten har hatt stadleg kontroll, var i 2012 på 78 pst. Resultatet er over målet på 75 pst., men likevel lågare enn i 2011 (82,6 pst.).

Hovudmål 3: Folkeregisteret skal ha høg kvalitet

I 2012 vart det registrert om lag 220 000 nye personar i Folkeregisteret. Av desse er 60 000 fødde i Noreg, 80 000 er innvandra og 80 000 fekk d-nummer.

Eit oppdatert folkeregister er avgjerande for ei rekkje sentrale samfunnsfunksjonar. Eit godt folkeregister føreset at Skatteetaten får inn korrekte opplysningar frå andre instansar, og at endringar vert melde raskt. I 2012 vart resultatmåla for saksbehandlinga nådde for fem av i alt sju styringsparametrar.

Tabell 5.14 Behandla meldingar i Skatteetaten – resultat

2010

2011

2012

Innflytting og flytting innanfor kommunen – innan 4 dagar

72,0 pst.

72,8 pst

70,3 pst.

Inn- og utvandring – innan 9 dagar

56,0 pst.

53,4 pst.

51,6 pst.

Skilsmål, separasjon, vigsel og dødsmelding – innan 9 dagar

68,4 pst.

68,6 pst.

69,3 pst.

Fødsel – innan 20 dagar

98,4 pst.

97,7 pst.

97,9 pst.

Fyrstegongs namnesaker – innan 4 dagar

92,2 pst.

92,2 pst.

93,2 pst.

Prøving av ekteskapsvilkår – 14 dagar

89,4 pst.

80,6 pst.

87,5 pst.

Skatteetaten har samarbeidd med mellom anna Statens kartverk og Statistisk sentralbyrå for at fleire personar i fleirbustadhus skal få eintydig bustadadresse. Det har medført at målet om 95 pst. bustadnummerdekning på landsnivå vert nådd alt i 2010. Resultatet er halde ved lag i seinare år.

Det er andre krav til innhald og registerkvalitet no enn då Folkeregisteret vart skipa. Dette viser seg mellom anna i møtet med fri rørsle av arbeidskraft innanfor EØS og i dei tilfella der personar som kjem til Noreg for å arbeida eller busetja seg, nyttar falske identitetspapir. Ein må ha fødselsnummer eller d-nummer for å kunna samhandla med norske styresmakter og verksemder. Registrering i det norske folkeregisteret er attraktivt for mange, og det er ein fare for at nokon skal tileigna seg fødsels- eller d-nummer på feil grunnlag. Ein god ID-kontroll ved søknad om fødsels- eller d-nummer er difor viktig. Skatteetaten omorganiserte og styrkte i 2012 ID-kontrollen for å minka risikoen for dette. ID-kontrollen er no samla på 42 skattekontor over heile landet. I 2012 avdekte Skattetaten 66 falske ID-dokument, ein auke på 38 frå 2011.

Hovudmål 4: Brukarane skal få god service

Skatteetaten legg stor vekt på å yta god service og gje god informasjon til dei skattepliktige, mellom anna for å sikre høg tillit til skattesystemet og etaten. Etaten har dei siste åra styrkt rettleiinga og servicen overfor skattytarane. I 2012 har Skatteetaten prioritert å rusta opp etatens hovudkanal for service, skatteetaten.no.

Brukargranskingar

Skatteetaten gjennomfører jamleg brukargranskingar mellom lønstakarar og pensjonistar og hos næringslivet. Brukargranskingane syner at publikum stort sett er nøgde med servicen frå Skatteopplysninga. 74 pst. av skattytarane som har hatt kontakt med Skatteetaten, synest etatens service er god.

Skatteopplysninga

Den landsdekkjande Skatteopplysninga har vore i drift frå 2008 og fekk nesten 2,2 mill. telefonoppringingar i 2012. Det er om lag 500 000 færre enn i 2011. Resultatmålet til etaten om at oppringingane til Skatteopplysninga (unnateke tilbakeringing) minst 70 pst. av tilfella skal svarast innan 2 minutt, vart ikkje nådd i 2012. Resultatet i 2012 var 62 pst., ein nedgang på 12 prosentpoeng frå 2011. Den gjennomsnittlege ventetida på telefon auka òg noko frå 2011 til 2012. Skatteetaten har i 2012 gjennomført fleire tiltak for å heva kvaliteten på svara. For 2013 er styringsparameteren endra frå måling av svartid til måling av kor nøgde brukarane er med servicen.

Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar (SUA)

SUA i Oslo, Stavanger og Kirkenes hadde nesten 120 000 brukarar i 2012, mot 110 000 i 2011 og 102 000 i 2010. Her kan både arbeidsgjevarar og utanlandske arbeidstakarar få rettleiing og behandling av søknader.

Skattehjelpa

Arbeidet retta mot vanskelegstilte skattytarar er vidareført i 2012. I alle regionar er det oppretta særskilde einingar, Skattehjelpa, som særleg arbeider med denne målgruppa. Skattehjelpa har ansvaret for å samordna innsatsen i regionen overfor skattytarar som av ulike årsaker ikkje er i stand til å oppfylla skyldnadene sine og/eller gjera seg nytte av rettane sine overfor skattestyresmaktene.

Skattehjelpa arbeider førebyggjande og vurderer saker som inneber endring av tidlegare fastsetjing eller gjeld heil eller delvis ettergjeving av skatte- eller avgiftskrav. Saker med skjønsfastsette krav (manglande sjølvdeklarering) vert prioriterte. Skattehjelpa kan vurdera alle slags saker innanfor gjeldande lover og retningsliner, men har ikkje fullmakt til å gjera vedtak.

Skattehjelpa har i 2012 teke 1 234 saker opp til vurdering. I 484 saker (39 pst.) har resultatet vorte endra fastsetjing eller at krav er ettergjevne. 85 pst. av sakene er behandla innan 6 månadar.

Behandling av klager på skatte- og arveavgiftsvedtak

Tabell 5.15 syner talet på klagesaker som er vortne behandla ved skattekontora og i nemndene.

Talet på klager som vart behandla ved skattekontora i 2012, auka med nesten 5 000 frå 2011. I 2012 vart om lag 87 pst. av klagane på likningsbehandlinga behandla innan 3 månader etter at klaga vart motteken. Dette er noko under resultatmålet på 90 pst. og ein nedgang på 5 prosentpoeng frå 2011.

Saksbehandlinga i Klagenemnda for meirverdiavgift har hatt ei positiv utvikling i fleire år. Ved utgangen av 2012 var 85,1 pst. av sakene til Klagenemnda for meirverdiavgift behandla innan 6 månader. Det er ei betring frå 2011 (80,3 pst.), men framleis under målet på 90 pst. Talet på saker som vart behandla i skatteklagenemndene er om lag som i 2011. Saksbehandlingstidene ved skatteklagenemndene må ned. Skatteetaten følgjer opp klagenemndene nøye med sikte på dette.

Tabell 5.15 Tal på behandla klager på skattevedtak

2010

2011

2012

Behandla av skattekontoret sjølv i 1. instans1

89 711

87 568

92 408

Behandla i dei regionale skatteklagenemndene

3 852

3 848

3 941

Behandla i Riksskattenemnda

6

118

4

Behandla i Klagenemnda for petroleumsskatt

36

45

23

Behandla i Klagenemnda for meirverdiavgift

237

304

281

1 Tallet omfattar både saker som er omgjorde etter klage og etter eige initiativ.

Skatteetaten har ikkje nådd resultatmålet for saksbehandlingstid for klager på arveavgiftsvedtak, men det går framover. I 2011 og 2012 vart høvesvis 63,7 pst. og 77,0 pst. av klagene i arvesaker behandla innan 3 månader, medan målet var 80 pst. Departementet ventar at resultata for 2014 vert endå betre.

Samla resultatvurdering

Finansdepartementet vurderer resultata i 2012 på fastsetjingsområdet som stort sett tilfredsstillande. Kvaliteten på opplysningane som etaten får inn som grunnlag for likninga, vert betre, og grunnlagsdata vert i stort mon rapporterte elektronisk. Dei store produksjonane er gjennomførte til rett tid og med tilfredsstillande kvalitet, men det var nokre fleire feil i produksjonen av sjølvmeldinga og skatteoppgjeret for inntektsåret 2011 enn tidlegare år.

Skatteetaten har i 2012 gjennomført fleire etterkontrollar. Det er utfordrande å finna den rette balansen mellom kontrolltypane, men departementet er nøgd med at etaten har dreia ressursbruken mot større kontrollar og meir komplekse saker, og at det vert avdekt større beløp enn før.

Resultata på innkrevjingsområdet er stort sett gode, men etaten må arbeida for å snu den negative utviklinga i restansar innafor meirverdiavgift. Utviklinga i resultata til Skatteoppkrevjar utland har i hovudsak vore god i 2012, men restansane auka likevel. Arbeidet med innkrevjing frå Skatteoppkrevjar utland skal framleis følgjast opp særskilt.

Dei fleste resultata på folkeregisterområdet i 2012 oppfyller måla, men saksbehandlingstida for nokre av meldingstypane kan framleis kortas ned.

Brukargranskingar syner at publikum er godt nøgd med rettleiinga frå Skatteopplysninga, og at skattytarane er nøgde med servicen til etaten. På nokre område må ein likevel få saksbehandlingstida ned, særleg ved klagenemndene og ved behandling av arve- og gåvemeldingar.

Departementet vurderer resultata til Skatteetaten for 2012 som gode sett under eitt.

Sentrale utfordringar og tiltak

Tiltak mot skatte- og avgiftsunndraging

Skatte- og avgiftsunndraging råkar fellesskapen og svekkjer grunnlaget for velferdsstaten. Det er dessutan grunn til å tru at omfattande skatte- og avgiftsunndraging i eit samfunn er med på å svekkja den allmenne lojaliteten til skattesystemet. Arbeidet med å redusera omfanget av skatteunndraging er difor eit av Skatteetatens viktigaste tiltaksområde.

Regjeringa har i mange år prioritert arbeidet mot skatte- og avgiftskriminalitet høgt. Skatteetaten har difor i perioden 2009–2012 fått auka løyvingar mellom anna til arbeidet innanfor meirverdiavgiftsområdet og med skatteparadis, kontroll av utanlandsk arbeidskraft, bransjekontrollar og kontroll av mindre aksjeselskap Regjeringa sin handlingsplan mot økonomisk kriminalitet (2011–2014) legg viktige premissar for arbeidet til Skatteetaten på dette området.

Unndragingar på Skatteetatens forvaltingsområde skjer stadig oftare gjennom organiserte nettverk. Samfunnstilhøva har endra seg, og teknologien har utvikla seg mykje dei seinare åra. Auka aktivitet over landegrensene, konsern med verksemder i fleire land, nettenester m.m. gjer sakene som Skatteetaten arbeider med, større og meir innfløkte. Det gjer òg skatte- og avgiftsunndragingane vanskelegare å avdekkja. Mykje av unndraginga krev omfattande organisering eller skjer i store, samansveisa nettverk, ofte kombinert med annan kriminalitet. Det er viktig at dei kriminelle ikkje får økonomisk vinst av handlingane sine. Skatteetaten prioriterer difor å sikra og krevja inn skatte- og avgiftskrav. Skatteetaten vil òg ha merksemda retta mot bakmenn og medhjelparar som har medverka til skatte- og avgiftskriminalitet, mellom anna ved å melda dei til politiet. Stortinget vedtok våren 2013 å endra og utvida kontrollheimlane til Skatteetaten slik at dei svarer betre til dei utfordringane etaten står overfor. Lovendringa gjeld frå 1. juli 2013. Det vart òg vedteke å innføra ei ordning med personalliste i utvalde bransjar. Denne lovendringa gjeld frå 1. januar 2014.

Skatteetaten har dei seinare åra lagt vekt på å skaffa seg betre kunnskap om skatte- og avgiftsunndraging slik at verkemidla kan gjerast meir varierte og målretta. For etaten er det viktig å vera tidleg ute med målretta informasjon og rettleiing for å oppnå mest mogleg korrekt skatte- og avgiftsutrekning. Der vert arbeidd med å utvikla betre risiko- og trugselvurderingar av alvorleg skattekriminalitet. På område der det er avdekt store unndragingar, vert det arbeidd med å analysera omfang, årsaker og kjenneteikn.

Mange unndragingar skjer gjennom bruk av skatteparadis og flytting av skattefundament ut av landet. For å førebyggja og avdekkja skatte-, avgifts- og tollunndraging følgjer Skatteetaten, saman med Toll- og avgiftsetaten, med på straumen av pengar, varer og tenester inn og ut av landet. Det er etablert gode informasjonsutvekslingsavtalar med dei fleste såkalla skatteparadisland, og det vil snart ligge føre eit komplett nettverk av slike avtalar. Arbeidet med internprising og i Skatteetatens e-handelsprosjektet er viktige delar av satsinga på dette området, jf. òg avsnittet nedanfor om internasjonalt arbeid.

Meirverdiavgiftssystemet er bygt på tillit mellom styresmaktene og næringslivet. Den næringsdrivande deklarerer sjølve den avgifta som skal betalast eller refunderast. Både i utlandet og i Noreg vert det kvart år avdekt omfattande meirverdiavgiftssvindel. Det ser ut til at avgiftsunndraginga stadig oftare skjer gjennom transaksjonar i organiserte kriminelle miljø. Den målretta kontrollen som går føre seg i Skatteetaten, og i samarbeid med Toll- og avgiftsetaten, er difor viktig. I tillegg til det internasjonale samarbeidet må Skatteetaten òg kontinuerleg vurdera kor godt meirverdiavgiftsregelverket fungerer i møte med svindel gjennom profesjonelle nettverk. Eit viktig tiltak i denne samanhengen er at Skatteetaten arbeider med å følgja og kartleggja utviklinga i desse miljøa.

Bransje- og temakontrollar er effektive og får ofte stor merksemd. Dei verkar allmennpreventivt. Skatteetaten skal difor halda fram med desse kontrollane og auka omfanget av dei førebyggjande tiltaka.

I bygg- og anleggsbransjen er det avdekt mykje økonomisk kriminalitet. Undersøkingar syner at aktørane her ikkje er redde for å verta oppdaga av skattestyresmaktene. Seriøse verksemder innanfor bygg og anlegg er svært utsette for konkurransevriding fordi konkurrentar bruker svart arbeidskraft og ikkje betaler skatt og avgift. Dessutan viser kontrollar at det er mykje svindel med meirverdiavgift der ein nyttar falske fakturaer til å skjula unndragingar. Mange av desse problema har ein òg avdekt i reinhaldsbransjen. Skatteetaten vil følgja opp desse bransjane særskilt, særleg med tanke på svindel med meirverdiavgift.

Skatteetaten samarbeider med ei rekkje arbeidslivs- og bransjeorganisasjonar, mellom anna gjennom «Samarbeidsforum mot svart økonomi» og «Seriøsitet i byggenæringen». Dette fremjar seriøsiteten i næringslivet og får fleire til å følgja reglane. Samarbeidet held fram i 2014 og skal utviklast vidare. Det same gjeld samarbeidet med Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF) og Revisorforeininga.

Analysar viser at det er feil- og underrapportering av omsetnaden i kontantintensive bransjar. Skatteetaten vil framover målretta tiltak som kan avdekkja skatte- og avgiftsunndraging i slike bransjar. Utviklinga dei siste åra syner at metodane som vert brukte for å halda omsetnaden utanfor rekneskapen, er vortne meir avanserte og omfattar bruk av spesialtilpassa teknologi. Ein arbeidsgrupperapport frå Skattedirektoratet med framlegg til regelverk om kassasystem var på høyring i 2012, og framlegget vart i august 2013 i samsvar med krava i EØS-høyringslova send på høyring i EØS-området. Føremålet med framlegget er å hindra unndraging av skattar som skjer ved manipulasjon og annan urett bruk av kassasystem.

Kvaliteten på rekneskapane til dei verksemdene som har fått høve til å velja bort revisjon, må følgjast opp særskilt. Det er inngått avtale med Handelshøgskolen BI om å evaluera utfallet av ordninga med unntak frå revisjonsplikt for små aksjeselskap. Sluttrapport skal liggje føre i desember 2014.

For å medverka til effektiv etterforsking i melde skatte- og avgiftssaker vert den landsdekkjande ordninga med bistandsrevisorar vidareført. Ordninga inneber at skatterevisorar ytar politiet bistand i behandlinga av slike saker. Det operative samarbeidet med politiet bør utviklast vidare.

Kvalitet på register og grunnlagsdata

Betre og fleire grunnlagsdata gjer det lettare å fastsetja skattane rett. Skatteprovenyet vert rettare, og rettstryggleiken til skattytarar aukar. Gode register, både etaten sine eigne og dei som andre forvaltar, er òg heilt avgjerande for å få gode resultat på både skatte- og avgiftsområdet og folkeregisterområdet. Skatteetaten vil halda fram med å heva kvaliteten på grunnlagsdata og eigne register.

Utviklinga i finansmarknaden med stadig nye produkt og nye handelsplassar skapar stort rom for unndraging. Finansdepartementet ynskjer å få rapportert inn fleire finansielle produkt til Skatteetaten. Ei slik rapportering frå aktørar som forvaltar og omset finansielle produkt, vil gjera det lettare for skattytarar å oppfylla pliktene sine. Dette føreset at opplysningane kan utfyllast på førehand i sjølvmeldinga og krev utvikling av regelverk, prosessar og system. Skatteetaten har i påvente av betre løysingar for rapportering, sett i gang eit nasjonalt prosjekt som rettar merksemda mot etterleving på finansområdet.

I 2013 underteikna Norge ein avtale med USA om standardisert utveksling av informasjon på det finansielle området (FATCA). Avtalen vil i løpet av nokre år gje Skatteetaten fleire opplysningar om nordmenn med investeringar i utlandet. Noreg ynskjer å inngå tilsvarande avtalar med andre land. Noreg er òg i samtalar med EU om å knyte Noreg til EUs sparedirektiv.

Våren 2013 vart framlegg om lovheimlar som etablerer grunnlag for gjennomføring av FATCA i norsk rett, sendt på høyring. Samtidig vart det føreslått å gjera reglane generelle slik at finansinstitusjonane får ei utvida opplysningsplikt om finansielle aktiva for alle sine kundar. Nærare omtale står i Prop. 1 LS (2013–2014) Skatter, avgifter og toll 2014.

Internprising

Internprising er framleis eit av dei viktigaste tema innanfor internasjonal skattlegging. Mange internasjonale konsern driv skatteplanlegging slik at dei kan betala minst mogleg skatt globalt. Norsk lovgjeving og våre internasjonale skatteavtalar krev at internprising skal skje i samsvar med prisar og vilkår som uavhengige partar ville ha avtalt under liknande omstende. Finansdepartementet innførde frå 2008 ei særskild oppgåve- og dokumentasjonsplikt for transaksjonar i interessefellesskap. Dette er ein reiskap for både utveljing til og gjennomføring av bokettersyn på området.

Internasjonalt arbeid

Skatteetaten legg stor vekt på samarbeid med andre skatteadministrasjonar. Dei nordiske skatteadministrasjonane samarbeider godt. Skatteetaten samarbeider òg med skattestyresmaktene i andre land, mellom anna om innkrevjing og utveksling av kontrollopplysningar om formue og inntekt. Etaten tek òg aktivt del i OECD og Samarbeidsorganisasjon for europeiske skatteadministrasjonar (IOTA).

Dei seinare åra er det gjort eit omfattande arbeid med skatteavtalar og avtalar om informasjonsutveksling for at Skatteetaten skal få innsyn i internasjonale transaksjonar og disposisjonar som er viktige for norsk skattlegging. Noreg har per i dag skatteavtalar med 86 land og 40 avtalar om informasjonsutveksling med såkalla skatteparadis. I tillegg har vi administrativt skattesamarbeid med fleire land gjennom den multilaterale nordiske bistandsavtalen og den multilaterale avtalen om gjensidig administrativ bistand i skattesaker som er utarbeidd av OECD og Europarådet. Målet er å gjera slike avtalar med alle land der ein kan gøyma midlar utan å skatta av dei. Avtalane har både preventiv verknad og vert nytta for å henta inn relevante opplysningar i einskildsaker som Skatteetaten behandlar.

Riksprosjekt

På utvalde område der det krevst langvarig og systematisk innsats for å auka etterlevinga, har Skatteetaten organisert arbeidet i såkalla riksprosjekt. Prosjekta er nasjonale, men vert leidd og samordna av ein einskild region. I 2013 er det sett i gang riksprosjekt mellom anna på områda fisk, elektronisk handel, internprising og kontanthandel. I 2014 vert det sett i gang riksprosjekt om finans og transaksjonar mellom nærståande.

Kunnskap basert på forsking

Forskingsbasert kunnskap om skatt og etterleving av skatteregelverk er viktig for samfunnet og for det arbeidet Skatteetaten gjer med å halda ved lag den høge etterlevinga i Noreg. Skatteetaten skal vera ein profesjonell samarbeidspartnar for forskingsmiljøa og integrera relevant forsking i utviklinga av tenestene sine.

I 2012 skipa Noregs handelshøgskole (NHH) eit senter for skatteforsking (Norwegian Center for Taxation) med finansiering frå mellom anna Skatteetaten og det skatteøkonomiske forskingsprogrammet til Noregs forskingsråd. Skatteetaten samarbeider òg med skatteadministrasjonane i dei nordiske landa for å utveksla røynsler.

Modernisering av folkeregisteret

Skattedirektoratet vil modernisera folkeregisteret slik at det betre kan møta behova i samfunnet, jf. Prop. 1 S (2012–2013). Viktige område i denne samanhengen er aukande migrasjon, ID-kriminalitet, overgang til digital kommunikasjon og ein meir effektiv samhandling i og mellom offentleg sektor og private verksemder. Skattedirektoratet har gjennomført ei konseptutgreiing for å kunna avgjera kva for konsept for folkeregisteret det skal arbeid vidare med. I 2014 skal det utviklast eit forprosjekt med meir detaljerte planar og kostnadsoverslag for moderniseringa.

Skattedirektoratet har òg sendt departementet eit framlegg til ny personidentifikator.

For 2014 er det sett av 10,5 mill. kroner til vidareføring av eit forprosjekt for moderniseringa.

Bruk av formuesskattegrunnlag i den kommunale eigedomsskatten

Frå og med 2014 kan kommunane velja å bruka Skatteetatens formuesgrunnlag for bustad som utgangspunkt ved taksering for eigedomsskatteføremål. Ordninga inneber ei meir effektiv utnytting av tilgjengeleg offentleg informasjon og reduserer kostnadene med taksering av bustader. Særleg vil opphevinga av kravet om særskild synfaring av bustadeigedommane og tilrettelegginga for bruk og uthenting av data kunna gje innsparingar for kommunane. Dette er omtalt nærare i Prop. 1 LS (2012–2013).

Skatteetaten utviklar ein nettportal der kommunane kan henta ut grunnlaget for formue, relevante eigedomsdata o.a. til bruk i eiga fastsetjing av eigedomsskatt. Det vert òg utvikla ei løysing der kommunane kan henta denne informasjonen frå sine eigne saksbehandlingssystem.

Modernisering av grunnlagsdata (MAG)

Dagens mange grunnlagsdatasystem i Skatteetaten skal bytast ut med eitt sams grunnlagsdatasystem, jf. Prop. 1 S (2012–2013). Grunnlagsdata er tredjepartsopplysningar som Skatteetaten får inn frå næringslivet, til dømes bankar og arbeidsgjevarar, og frå offentleg forvaltning. For Skatteetaten vert det ei stadig større og viktigare oppgåve å leggja til rette for at informasjonen som vert henta inn, er fullstendig og er god nok.

Betre og fleire grunnlagsdata gjer det lettare å fastsetja skattane rett. Skatteprovenyet vert rettare, og rettstryggleiken til skattytarane aukar. Over tid vil det styrkja legitimiteten til skattesystemet og omdømet til etaten. I tillegg kjem samfunnsmessige gevinstar ved at meir førehandsutfylling av sjølvmeldinga lettar arbeidet for skattytarane, og ved at fleire kan nytta leveringsfritak.

MAG vert grunnstammen i etatens løysingar for elektronisk innhenting av informasjon frå næringslivet. Den nye systemløysinga vert mellom anna eit viktig fundament for nye fellestenester for arbeidsgjevarane ved realiseringa av EDAG – sjå omtale nedanfor. På grunn av det nære sambandet mellom MAG og EDAG og for å redusera gjennomføringsrisikoen i båe prosjekta, er det vedteke å forlengja MAG-prosjektet med eitt år, ut 2016. Det medfører at det i 2014 kan setjas av større ressursar til leveransar som er avgjerande for gjennomføringa av EDAG, ved at nokre ordningar vert flytta frå inntektsåret 2014 til 2015. Grunnlagsdataordningar som er viktige for provenyet og der det ikkje er rapporteringsordningar i dag, vert ikkje forskuva som følgje av forseinkinga. Forlenginga medfører lågare kostnader for MAG-prosjektet i 2014, men ikkje endringar i den totale kostnadsramma.

Den fyrste ordninga i MAG vart sett i drift vinteren 2013. Ordninga omfattar mottak av saldo- og renteopplysningar frå bankar og finansinstitusjonar. I 2014 er det planlagt å innføra rapportering av mellom anna taxi, gåver, tilskott og pass og stell av barn.

For 2014 er det sett av 36,6 mill. kroner til utviklinga av eit nytt sams grunnlagsdatasystem. Den prisjusterte kostnadsramma for prosjektet er 231,3 mill. kroner for perioden 2012–2016. I tillegg kjem 29 mill. kroner som er den berekna ressursbruken til Skattedirektoratet sin linjeorganisasjon i samband med prosjektet. MAG-prosjektet skal utvikla funksjonalitet for innrapportering etter lov om arbeidsgivers innrapportering av ansettelses- og inntektsforhold m.m. (a-opplysningslova). Det arbeidet kjem i tillegg og vert finansiert gjennom løyvinga til EDAG-prosjektet.

Ny sams ordning for rapportering frå arbeidsgjevarane av tilsetjings- og inntektstilhøve m.m. (EDAG)

I 2012 vart det vedteke å innføra ei ny sams ordning for rapportering frå arbeidsgjevarane av tilsetjings- og inntektstilhøve m.m. til Skatteetaten, Arbeids- og velferdsetaten (Nav) og Statistisk sentralbyrå (SSB), jf. Prop. 111 S (2011–2012) og lovframlegg i Prop. 112 L (2011–2012). Ordninga er omtalt som EDAG (Elektronisk dialog med arbeidsgjevarane). Målet med ordninga er å samkøyra informasjonskrava frå styresmaktene til arbeidsgjevaren i éi sams ordning og gjera det lettare for arbeidsgjevaren å oppfylla opplysningsplikta si. Det er planlagt å setja ordninga i verk i januar 2015. Sjå tidlegare omtalar av EDAG i Prop. 1 S (2011–2012) og Prop. 1 S (2012–2013).

Ordninga vedkjem regelverka og ansvarsområda til ulike etatar, og ho er difor forankra i ei særskild lov (a-opplysningslova) som gjer regelverket lett tilgjengeleg for arbeidstakarar og mottakarar av løn, pensjon m.m. Lova vil regulera opplysningsplikta til arbeidsgjevaren, forvaltinga av ordninga og måten etatane hentar inn opplysningar på. Skattedirektoratet har hatt eit framlegg om forskrift om rapportering frå arbeidsgjevarar av tilsetjings- og inntektstilhøve m.m. (a-opplysningsforskrifta) på høyring. Framlegget er fremma på vegne av dei tre etatane som deltar i EDAG-prosjektet. Det vert samtidig gjort framlegg om endringar i skattelova, skattebetalingslova, folketrygdlova, likningslova, bokføringslova og a-opplysningslova.

Hausten 2012 sette Skatteetaten, Nav og SSB i gang EDAG hovudprosjekt. Føremålet med prosjektet er å utforma og gjennomføra den nye ordninga. Skattedirektoratet har det overordna ansvaret for at EDAG hovudprosjekt vert gjennomført på ein god måte. Hovudprosjektet omfattar utviklingsarbeid og tilrettelegging av innføringa, etatsvise mottaksprosjekt, skiping av eit sams forvaltningsapparat og det fyrste året med drift i 2015. Den prisjusterte kostnadsramma for prosjektet er på 611,9 mill. kroner for perioden 2012–2015, medrekna ei uvissavsetning på 140,7 mill. kroner. Uvisseavsetninga må mellom anna sjåast på bakgrunn av at prosjektet er innfløkt, involverer fleire etatar, krev at leverandørane av lønssystema tilpassar dei til den nye ordninga og at regelverket er på plass. Det meste av utviklingsarbeidet skal gjerast i Skattedirektoratet. For å sikra at EDAG kan gjennomførast som planlagt frå 1. januar 2015 vil det i 2014 vere noko høgare utviklingsaktivitet i EDAG-prosjektet – sjå omtale under MAG ovanfor. Dei auka kostnadene i 2014 vert dekte av eit tilsvarande mindreforbruk i MAG-prosjektet. Endringa påverkar ikkje den totale kostnadsramma til prosjekta. For 2014 er det sett av 219,6 mill. kroner. Av dette beløpet er 191,8 mill. kroner satt av til Skatteetaten.

Modernisering av systema for forskotsutskriving og skatteutrekning

Skatteetaten skal i 2014 starta arbeidet med å modernisera systema for forskotsutskriving og skatteutrekning. Desse systema er gamle, og det er auka risiko for feil i utrekningane. Dessutan er det ressurs- og kostnadskrevjande å forvalta systema og teknologiplattforma er utdatert. Blant måla er raskare oppgjer, færre feil og meir riktig proveny.

Moderniseringa vil gjera desse systema mindre sårbare og meir brukarvenlege og informative for skattytarane. Forskotsutskrivinga vert dessutan meir presis. Moderniseringa legg det tekniske grunnlaget for å gje skattytarane eit raskare skatteoppgjer. Moderniseringa vil i tillegg gje meir brukarvenlege tenestar ved at forskotstrekk vert justert automatisk og færre skattytarar vil dermed få restskatt. Moderniseringa vil òg gje raskare behandling av skattytarar med skatteforhold i fleire land og sikra meir riktig proveny. Kostnadsramma til prosjektet er 283,5 mill. kroner i perioden 2014–2017. Det er i 2014 sett av 47,5 mill. kroner til arbeidet.

Elektronisk skattekort (eSkattekort)

Frå inntektsåret 2014 vert det innført elektroniske skattekort, jf. Prop. 1 S (2012–2013). Elektronisk skattekort inneber at arbeidsgjevaren mottek opplysningar om skattekort elektronisk. Det gjer det enklare for både arbeidsgjevar og arbeidstakar. Arbeidsgjevaren vil få opplysningane beint inn i løns- og personalsystemet sitt. For arbeidstakaren fell plikta til å levera skattekort bort. Arbeidstakaren vil i staden få ei melding med informasjon om mellom anna skattetrekk og grunnlaget for utrekning. Kommunikasjonen vil vera heildigital for dei som ynskjer det. Ordninga vil med tida letta arbeidet for Skatteetaten.

Forenkla sjølvmelding for næringsdrivande med enkle skattemessige forhold

Sjølvmeldinga for næringsdrivande er bygd opp etter ein skjemastruktur som er lik for alle næringsdrivande. Rapporteringsplikta inneber utfylling av ei sjølvmelding med næringsoppgåve og eitt eller fleire av om lag 40 ulike vedleggsskjema. Det er arbeidskrevjande å setja seg inn i korleis skjemaverket er bygd opp, og det er vanskeleg å fylla ut alle skjema korrekt. Det vert difor gjort mange feil ved utfyllinga. Skatteetaten skal utvikla ei ny, forenkla sjølvmelding for næringsdrivande med enkle skattemessige forhold. Det er rekna med at om lag 200 000, eller ein tredel av alle næringsdrivande, kan nytta ei slik sjølvmelding. Den forenkla sjølvmeldinga skal tilpassast dei digitale prosessane for rekneskap og årsoppgjer. Det vert òg vesentleg enklare for næringsdrivande som skriv inn informasjonen manuelt og sender inn elektronisk. Med digital behandling og omgåande tilbakemeldingar frå Skatteetaten til skattytar vil den forenkla sjølvmeldinga gje gevinst både for dei næringsdrivande som kan nytta den, og for etaten. Det er grunn til å tru at verksemder som kan nytta den forenkla sjølvmeldinga, kan få monaleg lågare administrative kostnader. Ei forenkla sjølvmelding vil gje færre feil, raskare behandling og på sikt truleg redusert ressursbehov i likningsbehandlinga. Den alternative sjølvmeldinga er eit fyrste skritt i arbeidet med ei fullstendig fornying av sjølvmeldinga for alle grupper næringsdrivande. Kostnadsramme for prosjektet er 25 mill. kroner. Det er i 2014 sett av 15 mill. kroner til arbeidet.

Elektronisk løysing for berekning av vinst/tap ved sal av eigedom

Skatteetaten skal i 2014 utvikla ei elektronisk løysing for berekning av vinst/tap ved sal av eigedom. Løysinga byggjer på at etaten tek kontakt med skattytar med ein gong eit sal av bustad eller fritidseigedom er gjennomført, og at dialogen med skattytar vert ført elektronisk. Når eit eigedomssal er registrert, får skattytar brev frå Skatteetaten med rettleiing om reglane og får eit skjema med førebels oppsett over vinstberekninga. Skattytar kan då føra inn frådragsgodkjende kostnader ved sal av eigedomen, og Skatteetaten kan førehandsutfylla vinsten eller tapet i sjølvmeldinga. Løysinga vil gje eit meir riktig proveny. Det er sett av 14,5 mill. kroner i budsjettet for 2014 til utvikling av løysinga.

Nye sjølvbeteningsløysingar

Skatteetaten vil òg utvikla elektroniske sjølvbeteningsløysingar for tinging av likningsverdiar til salsoppgåver o.a. og for tinging av ein ny, sams skatteattest for meirverdiavgift og skatt. Skatteattestane må i dag tingast ved førespurnad til Skatteopplysninga, eit skattekontor eller til skatteoppkrevjaren. Skattytaren får så tilsendt ein attest for meirverdiavgift og ein for skatt, båe på papir. Dette er lite brukarvenleg.

Dei nye sjølvbeteningsløysingane vil gjera det enklare for skattytarar og næringsdrivande og er i tråd med regjeringas ambisjonar om digitalt fyrsteval. Løysingane vil òg redusera kostnadene til næringslivet. Det er i 2014 sett av 8 mill. kroner til arbeidet.

Tilpassing av eksisterande og nye tenester i Altinn

I regjeringa sitt program for å digitalisere offentleg sektor er Altinn-løysinga framheva som eit viktig grunnlag og ei sams teknisk plattform for digitale tenester. Med løysinga kan ein få betre ressursbruk og samordning i både offentleg og privat sektor. Brønnøysundregistra eig og forvaltar Altinn-løysinga, jf. Prop. 1 S (2013–2014) for Nærings- og handelsdepartementet.

Altinn er ein integrert del av produksjonssystema til Skatteetaten. Etaten tek sikte på å vidareutvikla dei elektroniske tenestene retta mot publikum og næringslivet. I 2013 vart sjølvmeldinga flytta til Altinn II-plattforma. Skatteetaten skal gjera sitt til at plattforma kan oppnå den ytinga, fleksibiliteten og brukskvaliteten som trengst.

I 2014-budsjettet er det sett av 10,9 mill. kroner til Skatteetatens arbeid med tilpassing av eksisterande og nye tenester i Altinn.

Metadataløysing for elektronisk samhandling

I regjeringa sitt arbeid med å fornya den offentlege sektoren og gjera han enklare overfor næringslivet og innbyggjarane står ombruk og elektronisk samhandling sentralt. For å få til endå meir samhandling i åra framover må offentlege verksemder ha eins data- og omgrepsdefinisjonar (metadata). Utviklinga av sams metadataløysing for elektronisk samhandling (SERES) i Altinn vert leidd av Brønnøysundregistra. Sjå elles omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Nærings- og handelsdepartementet.

Skatteetaten skal òg i 2014 byggja opp strategisk og operativ kompetanse på fagfeltet for metadataløysingar og hjelpa Brønnøysundregistra i utgreiinga av sams metadataløysing for elektronisk samhandling i Altinn.

For 2014 er det sett av 3,7 mill. kroner til Skatteetatens arbeid med sams metadataløysing for elektronisk samhandling.

Utvikling av elektronisk ID (eID) og signatur (e-signatur)

Skattedirektoratet stør Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) i utviklinga av offentleg eID på tryggingsnivå tre og fire. Skattedirektoratet vil saman med Difi testa ut nye løysingselement, til dømes for elektronisk signatur i samsvar med utviklingsplaner i Difi.

Sjå omtale i Prop. 1 S (2013–2014) for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.

Nytt analysesystem for gassalsavtalane til oljeselskapa

Ved behandlinga av Prop. 126 LS (2009–2010) Endringar i skatte- og avgiftsreglane mv., vart det innført ei føresegn i petroleumsskattelova som pålegg oljeselskapa å gjeva Oljeskattekontoret opplysningar om sal av gass frå norsk sokkel.

Lovendringa med forskrifter tok til å gjelda 1. juli 2012. Utviklinga av databasen skjer i to fasar. Løysinga for å rapportera inn tilhøyrande analysegrunnlag (fase ein) vart sett i produksjon i 2012. Fase to vil etter planen ta til ved årsskiftet 2013–2014, etter at ein har fått røynsle med å henta inn og analysera denne typen data. I fase to vil ein mellom anna vurdera om det er behov for å endra dataformatet, mellom anna med sikte på forbetring av datakvalitet og forenkla rapporteringa for selskapa. Ein vil òg vurdera moglege forbetringar av analysane. Prosjektet skal vera ferdig i 2014.

Sjå òg Prop. 1 S (2012–2013), der det vart gjort greie for behovet for eit nytt analysesystem for oljeselskapa sine gassalsavtalar.

Mål og budsjett 2014

Finansdepartementet har fastsett desse hovudmåla for Skatteetaten for 2014:

  • Skattane skal fastsetjast rett og til rett tid.

  • Skattane skal betalast til rett tid.

  • Folkeregisteret skal ha høg kvalitet.

  • Brukarane skal få god service.

Måla er dels skrivne som visjonar for arbeidet. I den praktiske oppfølginga av etaten tek ein høgde for at det er operasjonelle risikoar som det kan vera for dyrt å gardera seg fullt ut imot. Ein må likevel vera medviten om kor store feil og manglar ein kan tola.

Den underliggjande målstrukturen vert fastsett i styringsdialogen mellom Finansdepartementet og Skatteetaten i samband med utforminga av tildelingsbrev til etaten for 2014. Resultata i 2014 skal jamt over vera minst like gode som resultata i 2012, jf. elles omtalen ovanfor, der det mellom anna går fram kva som er satsingsområde og område som kan betrast.

Skatteetaten arbeidar jamt og trutt med å løyse oppgåvene sine betre. Heilt feilfri saksbehandling er likevel eit urealistisk mål. I praksis må etaten vega kvalitet mot effektivitet.

Budsjettramma for Skatteetaten er sett til 5 127,4 mill. kroner i 2014. Det er ein auke på i underkant 2,4 pst. frå saldert budsjett 2013.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar mellom anna lønsutgifter, utgifter til opplæring, utgifter til leige og drift av kontorlokale, reiser, kontorutstyr m.m. Posten omfattar òg utgifter til rekneskapsføring, innkrevjing og kontroll av skatt frå oppdrags- og arbeidstakarar som er skattepliktige i Noreg, men som ikkje har tilknyting til nokon kommune. Posten dekkjer mellom anna drift og forvalting av IT-systema til etaten, tiltak mot svart økonomi og skattekriminalitet og arbeid med utanlandske arbeidstakarar. For 2014 er det gjort framlegg om å løyva 4 554 mill. kroner under post 01. Det er ein auke på 1,5 pst., det meste kjem av løns- og prisjustering.

Skatteetaten har nokre inntekter frå sal av tenester til andre statsinstitusjonar og kommunar, og nokre andre inntekter. Fordi det er uvisst kor store inntektene vert, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskrida løyvinga under kap. 1618, post 01 Driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4618, post 02 Andre inntekter, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Post 21 Særlege driftsutgifter

Posten omfattar Skatteetatens utgifter til innkrevjing av meirverdiavgift m.m., Skatteetatens del av dei kommunale skatteoppkrevjarane sine utgifter til innkrevjing av arbeidsgjevaravgift, skatt og trygdeavgift, og kostnader med tvangsforretning, tinglysing og garantistilling. For 2014 er det gjort framlegg om å løyva 167,2 mill. kroner under post 21.

Post 22 Større IT-prosjekt, kan overførast

Posten omfattar mellom anna løyving til etaten sitt eige arbeid med forvaltinga av Altinn, utvikling av sams grunnlagsdatasystem (MAG), EDAG hovudprosjekt og modernisering av systema for forskotsutskriving og skatteutrekning. Prosjekta er nærare omtalte ovanfor. For 2014 er det gjort framlegg om å løyva 298,8 mill. kroner under post 22.

For desse investeringsprosjekta kan det trengast avtalar som går utover budsjettåret. Departementet ber difor om at Skatteetaten får fullmakt til å inngå slike avtalar innanfor dei kostnadsrammene som er gjevne ovanfor, jf. framlegg til romartalsvedtak VI.2.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar ei avsetning til IT-føremål, medrekna utgifter til større IT-utskiftingar i etaten. Posten kan òg brukast til vedlikehald av programvara til etaten. For 2014 er det gjort framlegg om å løyva 104,4 mill. kroner under post 45.

I samband med visse kjøp og prosjekt kan det vera behov for å tinga for meir enn det som er løyvt. Difor ber departementet om ei tingingsfullmakt på 30 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak IV.

Posten 70 Tilskot

Posten omfattar tilskot til Norwegian Center for Taxation (NoCeT) ved Noregs handelshøgskole i Bergen, jf. omtale ovanfor. For 2014 er det gjort framlegg om å løyva 3 mill. kroner under post 70.

Kap. 4618 Skatteetaten

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Refunderte utleggs- og tinglysingsgebyr

80 121

75 000

82 000

02

Andre inntekter

37 167

6 600

25 800

05

Gebyr for utleggsforretningar

26 794

23 000

28 000

07

Gebyr for bindande førehandsfråsegner

1 819

1 500

1 500

15

Refusjon arbeidsmarknadstiltak

1 105

16

Refusjon av foreldrepengar

40 169

17

Refusjon lærlingar

36

18

Refusjon av sjukepengar

86 191

85

Gebyr for regelbrot

100

Sum kap. 4618

273 402

106 100

137 400

Post 01 Refunderte utleggs- og tinglysingsgebyr

Posten omfattar refusjon av gebyr ved utleggsforretningar som vert utførte av dei alminnelege namsmennene, og staten sin del av dei refusjonane som skatteoppkrevjarane får inn frå debitorane, jf. kap. 1618, post 21.

Post 02 Andre inntekter

Posten omfattar mellom anna refusjonar for datatenester som er utførte for andre statlege verksemder, gebyr for folkeregisteropplysningar og nokre andre refusjonar.

Skatteetaten framleiger ein del lokale. På grunn av den nære samanhengen som det her er mellom utgifter og inntekter, vil nettoføring gje det beste uttrykket for dei økonomiske realitetane. Finansdepartementet ber difor om fullmakt til å nettoføra refusjonane som utgiftsreduksjon under kap. 1618 Skatteetaten, post 01 Driftsutgifter, jf. framlegg til romartalsvedtak X.2.

Post 05 Gebyr for utleggsforretningar

Posten omfattar gebyrinntekter frå utleggsforretningar som skattekontora utfører sjølve.

Post 07 Gebyr for bindande førehandsfråsegner

Posten omfattar inntekter frå gebyr for bindande førehandsfråsegner frå Skattedirektoratet og skattekontora.

Post 85 Gebyr for regelbrot

Posten omfattar inntekter frå gebyr for regelbrot som kan ileggjast arbeidsgjevarar som ikkje kan leggja fram ei oppdatert personalliste. Nye lovføresegner om plikt til å ha personalliste gjeld frå 1. januar 2014. Inntektene her er særs uvisse.

Tilsegnsordninga ved oppfølging av konkursbu

For å sikra og følgja opp krav i konkursbu som ledd i det offentlege innkrevjingsarbeidet vart det for 2012 gjeve fullmakt til å gje nye, vilkårsbundne tilsegner om dekking av kostnader ved vidare bubehandling for opp til 8 mill. kroner. Ved utgangen av 2012 låg det føre slike tilsegner for vel 9,8 mill. kroner. Tilsegnsfullmakta er knytt til kap. 1610 Toll- og avgiftsetaten, post 01 Driftsutgifter og kap. 1618 Skatteetaten, post 21 Spesielle driftsutgifter. Vidare har skatteoppkrevjarane etter § 4-6 i skatteoppkrevjarinstruksen høve til å gje tilsegn om opp til 0,5 G til dekking av utgifter til vidare bubehandling. Tilsegna kan utvidast til opp til 1 G etter godkjenning frå skattekontoret. Når det er ein skatteoppkrevjar som gjev tilsegna, vert utbetalinga skuldskriven skatterekneskapen. Tilsegner frå skatteoppkrevjarane er ikkje omfatta av rapporteringa her.

Vanlegvis vert det gjeve tilsegn når ein reknar med at vidare bubehandling kan tilføra eit konkursbu aktiva, men buet ikkje har evne til å bera risikoen for kostnadene. I særlege tilfelle er tilsegna grunngjeven med preventive omsyn. Det gjeld mellom anna når mistanke om økonomisk kriminalitet tilseier at konkursbuet forfølgjer tilhøvet privatrettsleg eller overfører saka til påtalemakta. Ordninga medverkar dessutan til å avsløra brot på skatte-, avgifts- og rekneskapslovgjevinga og motverka økonomisk tapping av verksemder.

Føremålet med tilsegnsordninga er å tilføra skatte- og avgiftskreditorane verdiar som gjev betre dekning av skatte- og avgiftskrav som er melde i buet. Skatteetaten opplyser at skatte- og avgiftskreditorane får ei meirdekning i konkursbu der det er gjeve tilsegn om midlar til vidare bubehandling.

Finansdepartementet ser på tilsegnsordninga som viktig med tanke på både innkrevjing og allmennprevensjon. Ansvaret for å gje nye tilsegner er delegert til Skattedirektoratet og Toll- og avgiftsdirektoratet. Departementet gjer framlegg om å vidareføra ordninga i 2014 ved å gje Skattedirektoratet og Toll- og avgiftsdirektoratet fullmakt til å gje nye vilkårsbundne tilsegner om dekking av kostnader ved vidare bubehandling for opp til 8 mill. kroner innanfor ei samla fullmakt for nye og gamle tilsegner på 25,9 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak VIII. Finansdepartementet vil fordela fullmakta mellom dei to direktorata.

Tabell 5.16 Tilsegnsordninga ved oppfølging av konkursbu

(i 1 000 kr)

Tilsegner

Samla ansvar per 1. januar 2012

9 209

Nye tilsegner i 2012

3 933

Tilsegnsreduksjonar som følgje av utbetalingar i avslutta bu

–376

Tilsegnsreduksjonar som følgje av utbetalingar i ikkje avslutta bu

–1 334

Differanse mellom tilsegner og utbetalingar i avslutta bu

–1 606

Samla ansvar per 31. desember 2012

9 826

Fullmakt til nye tilsegner i 2013

8 000

Framlegg til fullmakt til nye tilsegner i 2014

8 000

Framlegg til samla fullmakt i 2014 for nye og gamle tilsegner

25 826

Programkategori 23.30 Offisiell statistikk

Utgifter under programkategori 23.30

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

1620

Statistisk sentralbyrå

763 491

732 800

745 900

1,8

Sum kategori 23.30

763 491

732 800

745 900

1,8

Kap. 1620 Statistisk sentralbyrå

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

528 382

521 600

527 400

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

228 240

201 200

208 300

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

6 869

10 000

10 200

Sum kap. 1620

763 491

732 800

745 900

Hovudoppgåver

Statistisk sentralbyrå har hovudansvaret for å dekkja behovet for statistikk om det norske samfunnet og driv dessutan omfattande forskingsverksemd. Offisiell statistikk dekkjer dei fleste samfunnsområde og gjev viktig kunnskap om korleis samfunnet er oppbygt, korleis det verkar og korleis det utviklar seg. Statistikken er eit viktig grunnlag for planlegging og styring. Oppgåvene til Statistisk sentralbyrå er regulerte i statistikklova og omfattar:

  • å kartleggja og prioritera behova samfunnet har for offisiell statistikk

  • å samordna statistikk som vert utarbeidd av forvaltningsorgana

  • å utvikla statistiske metodar og nytta statistikken til analyse og forsking

  • å gje opplysningar til statistisk bruk for forskingsføremål og offentleg planlegging

  • å ha det norske hovudansvaret for internasjonalt statistisk samarbeid

Statistikklova slår fast at Statistisk sentralbyrå er ein fagleg uavhengig institusjon, administrativt underlagd Finansdepartementet. Sjølvstendet i høve til styresmakter og interessegrupper er avgjerande for den tillita og autoriteten offisiell statistikk må ha. Samstundes er datatryggleik og personvern avgjerande føresetnader for tillit hos oppgåvegjevarane og dermed for verksemda til Statistisk sentralbyrå.

Internasjonalt statistisk samarbeid får stadig større omfang. Samarbeidet legg føringar på verksemda i Statistisk sentralbyrå og er med på å heva kvaliteten på norsk statistikk. EØS-avtalen sikrar at Noreg får delta i alle saksførebuande komitear og ekspertgrupper i regi av statistikkbyrået i EU. Gjennom EØS-avtalen må Noreg òg oppfylla EUs statistikk- og rapporteringskrav og innføra EØS-relevante rettsakter knytt til statistikk i norsk rett. Den europeiske statistikklova, som inneheld retningsliner for utvikling, produksjon og formidling av europeisk statistikk, er gjord gjeldande i norsk rett med ei forskrift til statistikklova. Desse retningslinene utgjer, saman med FNs grunnleggjande prinsipp for offisiell statistikk, eit internasjonalt rammeverk for produksjonen til Statistisk sentralbyrå.

Det internasjonale utviklingssamarbeidet for statistikk har over dei siste åra fått større merksemd og omfang både internasjonalt og i Noreg. Statistisk sentralbyrå sitt utviklingssamarbeid byggjer for det meste på samarbeid med Utanriksdepartementet. Statistisk sentralbyrå medverkar til utvikling av nasjonale statistiske system og kapasitetsutvikling i utviklingsland og reformland gjennom institusjonelt samarbeid med systerorganisasjonar i utvalde land.

Organisering

Ved utgangen av 2012 hadde verksemda 958 tilsette, og av dei arbeidde 587 i Oslo og 371 på Kongsvinger. Statistisk sentralbyrå hadde dessutan 220 intervjuarar som arbeider med spørjeundersøkingar. Utanom intervjuorganisasjonen svarar bemanninga per 31. mars 2013 til 891 årsverk.

Med heimel i statistikklova oppnemner Finansdepartementet styret for Statistisk sentralbyrå for periodar på opp til fire år. I styret sit leiaren, nestleiaren og fem ordinære medlemer, m.a. ein representant for dei tilsette, i tillegg til varamedlemer.

I samsvar med statistikklova fører styret alminneleg tilsyn med utviklinga i offisiell statistikk og med verksemda til Statistisk sentralbyrå. Styret behandlar og godkjenner strategiar og det årlege arbeidsprogrammet til byrået etter framlegg frå administrerande direktør. Styret behandlar og godkjenner årsrapporteringa og budsjettframlegga, og legg årsrapporten fram for departementet med ei særskild fråsegn frå styret. Departementet har utarbeidd ein instruks for styret som vert gjord gjeldande frå 1. januar 2014. Instruksen vil klårgjera ansvaret og styrkja rolla til styret, jf. òg omtale i Prop. 1 S (2012–2013) Finansdepartementet.

Statistikkrådet er eit rådgjevande organ for Statistisk sentralbyrå og andre produsentar av statistikk i Noreg. Rådet skal etter mandatet medverka til å samordna produksjon og formidling av offisiell statistikk. Statistikkrådet representerer for tida 25 statistikkprodusentar og registereigarar og vert leidd av administrerande direktør i Statistisk sentralbyrå. Statistikkrådet legg fram ein årleg rapport om verksemda si.

Statistisk sentralbyrå har tett dialog og utvekslar informasjon med representantar for brukarar og oppgåvegjevarar. Representantane gjev òg råd om mål og prioriteringar innanfor ulike statistikkområde gjennom ei rekkje rådgjevande utval.

Behandlinga av oppdrag knytte til mikrodata er sentralisert slik at all relevant kompetanse frå og med 2013 er samla i ein ny seksjon for utlån av mikrodata. Føremålet er å effektivisera behandlinga av slike og andre tverrfaglege oppdrag.

Sentrale arbeidsområde

Strategiplanen til Statistisk sentralbyrå gjev retning for korleis verksemda skal utvikla seg dei neste åra. Den gjeldande strategien vart vedteken i 2007. Prioriterte område i strategien er:

  • statistikk som speglar samfunnet

  • forsking av høg kvalitet

  • nøgde brukarar og motiverte oppgåvegjevarar

  • samarbeid som gjev betre statistikk

  • kvalitet i alle ledd

Statistisk sentralbyrå har byrja arbeidet med ny strategiplan.

Rapport 2012

Nedanfor følgjer ein nærare omtale av sentrale resultatindikatorar for statistikkproduksjonen i 2012.

Aktualitet

Som mål på aktualiteten til statistikken nyttar ein talet på veker frå referanseperioden går ut til statistikken vert publisert. Som det går fram av tabell 5.17, var produksjonstida for månadsstatistikkane den same i 2012 som i 2011, men ho auka samla sett for kvartalsstatistikkane. For årsstatistikken var aktualiteten litt betre.

Tabell 5.17 Aktualiteten til statistikken – talet på veker frå utgangen av referanseperioden til publisering

2008

2009

2010

20111

2012

Månedsstatistikk

3,5

3,4

3,4

4,3

4,3

Kvartalsstatistikk

9,0

8,2

8,0

8,7

9,3

Årsstatistikk

41,5

40,6

37,2

38,9

38,0

1 Frå 2011 er det teke i bruk ein ny målemetode. Omlegginga har ført til brot i tidsrekkja og til lengre registrert gjennomsnittleg produksjonstid, særleg for månadsstatistikkane frå 2011

Punktleg statistikkpublisering

Det er eit krav at tidspunktet for publisering skal annonserast på førehand. Det vert gjort i ein årleg kalender på nettsida til SSB. Det er sett som mål at statistikken skal publiserast på det tidspunktet som går fram av publiseringsplanen. I 2012 vart målet nådd for 87 pst. av statistikkane. Av statistikkane med avvik kom 1/3 tidlegare enn varsla og 2/3 seinare.

Tabell 5.18 Frigjeving av statistikk – avvik frå varsla tidspunkt

2008

2009

2010

2011

2012

Andel avvik frå varsla tidspunkt (i pst.)

10

12

11

12

13

Svarprosentar

For at statistikken skal halda høg nok kvalitet, er det viktig at svarprosenten er høg. Statistikklova gjev Statistisk sentralbyrå heimel til å bruka oppgåveplikt og eventuelt tvangsmulkt ved innhenting av data. Svarprosentane for Statistisk sentralbyrå sine undersøkingar med oppgåveplikt er gjennomgåande høge og stabile, jf. tabell 5.19. Målsetnaden for 2012 vart stort sett nådd. For dei friviljuge undersøkingane er svarprosentane lågare. Utviklinga dei siste åra tyder på at svarprosentane går ned, noko statistikkbyråa i fleire andre land òg har erfart. I 2012 var svarprosenten i dei friviljuge undersøkingane 63 prosent. Det er eit noko betre resultat enn året før, men likevel lågare enn målet som var sett.

Statistisk sentralbyrå arbeider målretta for å snu den nedgåande trenden i svarprosentane. Byrået arbeider òg for å finna metodar som kan gjera mindre utval meir representative, slik at tala vert meir utsegnskraftige.

Tabell 5.19 Svarprosentar i undersøkingar frå Statistisk sentralbyrå

Undersøkingar:

2006

2007

2008

2009

2010

2011

2012

Med oppgåveplikt

95

95

95

95

96

94

94

Friviljuge

75

73

72

74

67

61

63

Oppgåvebør

Berekningar frå Oppgåveregisteret syner at arbeidet med rapportering til Statistisk sentralbyrå svarer til i underkant av 2 prosent av den samla oppgåvebøra for næringslivet. Som tabell 5.20 syner, har oppgåvebøra, målt i årsverk, gått klårt ned dei siste åra.

Tabell 5.20 Oppgåvebør ved rapportering til Statistisk sentralbyrå

2006

2007

2008

2009

2010

2011

2012

Samla (årsverk)

177

177

177

146

137

126

134

- Næringslivet i alt

94

108

107

103

100

86

90

- Andre

81

69

70

43

37

40

44

I alt 15 prosent av alle føretak i privat sektor vart bedne om å rapportera til Statistisk sentralbyrå i ei eller fleire undersøkingar i 2012. Nivået var det same som året før, men klart lågare enn i 2010. Dei fleste føretaka i privat sektor (94 prosent) har færre enn 10 tilsette, og av desse fekk berre 11 prosent skjema frå Statistisk sentralbyrå. Av føretak med 10-19 tilsette fekk 74 prosent tilsvarande skjema. Føretak med fleire enn 50 tilsette er ein liten del av populasjonen (1 prosent). I denne gruppa deltok 98 prosent i minst éi undersøking i 2012. Det var berre små endringar i fordelinga av oppgåvebøra frå 2011 til 2012.

Elektronisk rapportering frå næringslivet

Satsinga på elektronisk rapportering gjer m.a. at det ikkje lenger vert sendt ut papirskjema til verksemder og føretak i fyrstegangsførespurnader. Oppslutninga om dei elektroniske løysingane aukar framleis, jf. tabell 5.21. I 2012 vart i alt 84 prosent av skjema frå næringslivet til Statistisk sentralbyrå leverte elektronisk.

Tabell 5.21 Prosentdel av oppgåvegjevarane som rapporterer elektronisk

2005

2006

2007

2008

2009

2010

2011

2012

Elektronisk innrapportering

33

36

48

53

63

65

77

84

Frigjevne statistikkar

I 2012 vart det i alt publisert 967 statistikkar frå Statistisk sentralbyrå. Det var 13 færre enn året før, jf. tabell 1.6. Det var i alt 7 nye statistikkfrigjevingar i 2012.

Tabell 5.22 Frigjevne statistikkar

2006

2007

2008

2009

2010

2011

2012

Frigjevne statistikkar

855

977

1009

993

951

980

967

Anna rapportering

Folke- og bustadteljinga 2011

Folke- og bustadteljinga 2011 var fullt ut basert på administrative og statistiske register. Teljingstidspunktet var 19. november 2011. Tal for utviklinga i folketal vart publisert i juni 2012, og tal for hushald vart publisert i desember same år. Folke- og bustadteljinga 2011 er heimla i ei EØS-relevant EU-forordning og gjeld såleis for dei andre EØS-landa òg.

Statistikkproduksjon og formidling

Statistisk sentralbyrå arbeider systematisk med å heva kvaliteten på statistikkprodukt og gjera dei meir tilgjengelege. Ein nyttar m.a. brukarundersøkingar, jamleg brukarkontakt og analysar av brukaråtferd. Statistisk sentralbyrå har til dømes hatt ein kvalitetsgjennomgang av 18 statistikkar dei siste to åra der ein i tillegg til å vurdera produksjonsprosessane, har nytta fokusgrupper med utvalde brukarar. Denne gjennomgangen har resultert i ei rekkje betringsframlegg som vert følgde opp. Arbeidet med å digitalisera alle publikasjonane til Statistisk sentralbyrå vart fullført i 2012.

Nettstaden til Statistisk sentralbyrå, ssb.no, vart opna i 1995. Prosjektet Nye ssb.no vart sett i gang i 2007 for å vidareutvikla og modernisera den elektroniske formidlingstenesta. Prosjektet har vorte forseinka, og lanseringa vart utsett fleire gonger, jf. nærare omtale i Prop. 1 S (2012–2013).

Mellom anna som resultat av ei evaluering som Det Norske Veritas (DNV) gjorde av prosjektet våren 2012, vart planane for sluttføring endra. Det reviderte prosjektet følgde dei måla som var sett for både tidsbruk og kostnader. Den nye nettstaden vart lansert i fyrste kvartal 2013. Sjølve prosjektet vart avslutta i juni 2013, og ssb.no har no kome over på ei ny og moderne plattform. Nettstaden skal framleis vera den sentrale kanalen for formidling av statistikk frå Statistisk sentralbyrå. DNV har òg evaluert den avsluttande fasen av prosjektet. I tillegg skal det gjerast ei effektevaluering av prosjektet. Brukarundersøkingar vil vera viktig informasjon i denne evalueringa. Det vart òg gjennomført brukarundersøkingar i prosjektperioden, og dei vart nytta i arbeidet med den nye nettstaden.

Statistikkbanken er utgangspunkt for publisering av tabellar og datasett. Statistisk sentralbyrå utvidar statistikkbanken fortløpande med fleire tabellar og lengre tidsseriar. Alle data er fritt tilgjengelege og kan enkelt lastast ned i ulike format.

Tenesteytande verksemd

Arbeidet med å laga nye prisindeksar for tenesteytande næringar vart fullført i 2012. Kvaliteten på indeksane og metodane som vert nytta, skal evaluerast i 2013.

Elektronisk datafangst

Moderniseringa av datafangsten i Statistisk sentralbyrå har resultert i mellom anna meir effektive arbeidsprosessar og betre kvalitet på statistikken. I 2012 tok Statistisk sentralbyrå i bruk fleire nye rammeverksløysingar for datafangst. Dei nye løysingane understøttar sams rapportering frå Altinn II-plattforma. Mottak og handtering av data vert utbygd vidare for å behandla store datamengder (registerkjelder), mellom anna gjennom etableringa av EDAG, jf. nærare omtale i kap. 1618. EDAG er eit samarbeidsprosjekt med Skatteetaten og Nav for å henta inn data om løn og sysselsetjing frå arbeidsgjevarane. Eit sentralt mål er at næringslivet berre skal rapportera informasjon til dei offentlege etatane éin gang.

Forskingsverksemda

Forskinga i Statistisk sentralbyrå skal gje ny kunnskap om økonomisk åtferd og økonomiske verknader, mellom anna av politiske tiltak. Kunnskapen skal gje positive tilskot til det norske samfunnet og betra kvaliteten på statistikken, analyseverktøya og resultata til bruk for offentlege organ og allmennta. Forskinga skal òg halda eit høgt fagleg nivå internasjonalt sett. Hovudlinene i forskingsverksemda vart vidareførte i 2012. Forskinga skal mellom anna syrgja for utvikling og drift av ei rekkje økonomiske modellar. Publiseringsnivået for forskinga var høgt i 2012. Talet på artiklar i tidsskrift var i 2012 7 pst. høgare enn gjennomsnittet for dei tre føregåande åra. Auken var særleg stor for publisering i internasjonale vitskaplege tidsskrift. I 2012 vart 7 doktorgradsavhandlingar sluttførte.

Internasjonalt samarbeid

Eit viktig mål med det internasjonale samarbeidet på statistikkområdet er at det skal verta lettare å samanlikna statistikk mellom land. Det internasjonale arbeidet har auka mykje over tid. Samarbeidet inneber at det vert sett særskilde krav til innhald, omfang og kvalitet i statistikkane. For å møta slike krav må ein stadig utvikla nye statistikkar, og ein må tilpassa eksisterande statistikkar til internasjonale krav.

Det europeiske samarbeidet har størst omfang. Statistisk sentralbyrå var representert på ei rekkje møte i det statistiske samarbeidet i EØS i 2012. Relevante statistikkforordningar som er vedtekne av EU, vert tekne inn i EØS-avtalen og deretter innarbeidde i norsk rett. Ved utgangen av 2012 var i alt om lag 310 slike forordningar innarbeidde i norsk rett. EØS-komiteen tok 10 nye rettsakter inn i vedlegget til EØS-avtalen i 2012.

Internasjonalt utviklingssamarbeid

I tråd med norske utanriks- og bistandspolitiske målsetjingar er hovudmålet for Statistisk sentralbyrå sitt utviklingssamarbeid å stø opp om demokratibygging og arbeid mot fattigdom. Det er brei semje i Noreg og internasjonalt om at statistikk og eit uavhengig nasjonalt statistikkbyrå må til for å stø opp om utviklingsretta politikk.

Statistisk sentralbyrå har heilt sidan 1960-talet stødd statistikkutvikling i utviklingsland og i framveksande økonomiar. Samstundes har Noreg auka innsatsen når det gjeld kapasitetsutvikling av offisiell statistikk i samarbeidslanda. Statistisk sentralbyrå bidreg med teknisk rådgjeving i samband med utvikling og iverksetjing av nasjonale strategiar for statistikk- og kapasitetsutvikling i samarbeidslandas eigne statistikkbyrå. Arbeidet vert i all hovudsak organisert gjennom institusjonssamarbeid med systerorganisasjonar i sør og vert finansiert over bistandsbudsjett. I 2012 utførde Statistisk sentralbyrå om lag 20 årsverk innanfor internasjonalt utviklingssamarbeid.

Oppdrag finansiert av brukarar

I tillegg til grunnløyvinga over statsbudsjettet (statsoppdraget) vert verksemda til Statistisk sentralbyrå finansiert ved at offentlege og private oppdragsgjevarar betaler direkte for utvikling og tilrettelegging av statistikk og analysar. Departementa og andre statlege verksemder er dei viktigaste oppdragsgjevarane. Brukarfinansierte oppdrag utgjorde om lag 28 prosent av dei samla inntektene i 2012. Dette er om lag som i åra før.

Sentrale utfordringar og prioriteringar i statistikkproduksjonen i 2014

Statistisk sentralbyrå arbeider systematisk med å vidareutvikla og forbetra statistikken. Dei overordna prioriteringane til Statistisk sentralbyrå for 2014 tek utgangspunkt i eigne hovudmål og internasjonale krav til statistikkproduksjonen, særleg EØS-forordningar.

Følgjande hovudmål gjeld for verksemda til Statistisk sentralbyrå:

  • å utvikla statistikk for område som har mangelfull dekning

  • å halda oppe omfanget av statistikkproduksjonen med minst like god kvalitet og aktualitet som før

  • å halda oppgåvebøra så låg som mogleg

  • å halda forskingsstandarden på eit høgt internasjonalt nivå

  • å vidareutvikla brukarvenleg og effektiv formidling av statistikk og forskingsresultat

Etterspurnaden etter ny og betre statistikk og analysar aukar. Samstundes skal eksisterande statistikk halda minst like god kvalitet og vera like aktuell som før. På ei rekkje område må statistikken produserast i samsvar med internasjonale krav og retningsliner.

Det er eit mål å utvikla effektive metodar slik at oppgåvebøra for personar og føretak vert så låg som råd er. Statistisk sentralbyrå skal òg nytta eigne ressursar på ein mest mogleg effektiv måte, og har sett i gang eit arbeid for å auka produktiviteten. Ny struktur på prosjekt- og porteføljestyring er døme på tiltak som skal gje gevinstar og rom for nye satsingar. Arbeidet med å auka produktiviteten vil halda fram i 2014.

Informasjonstryggleik

Statistisk sentralbyrå arbeider med å vidareutvikla rutinar for tryggleik og beredskap på alle område. Verksemda er tilpassa krav og retningsliner i personopplysningslova og tryggingslova. Det skal haldast øvingar og kontrollar for å sikra at retningslinene vert følgde. Arbeidet med datatryggleik vert òg i 2014 høgt prioritert.

Næringsstatistikken

I aukande grad legg føretak produksjon og anna økonomisk verksemd til fleire land. Dette gjer det meir krevjande å berekne produksjonen.

Statistisk sentralbyrå vil gjera eit arbeid for å betra oversynet over dei globale verdikjedene slik at ein skal kunna ta omsyn til globalisering i dei årlege strukturstatistikkane. Betre kvalitet på desse statistikkane vil òg gje betre kvalitet på nasjonalrekneskapen.

Ei omlegging av det europeiske lovverket og produksjonssystemet for nærings- og handelsstatistikk i det såkalla FRIBS-programmet (Framework Regulation for Integrating Business Statistics), set nye krav til næringsstatistikken. Statistisk sentralbyrå skal førebu innarbeidinga av desse krava i 2014.

Sysselsetjings- og lønsstatistikken

Sysselsetjings- og lønsstatistikken skal utviklast vidare i samband med satsinga på EDAG, jf. omtale ovanfor. Kvaliteten på grunnlagsdata vil verta betre, og mellom anna sysselsetjingsstatistikken vil verta meir aktuell. I 2014 er det planlagt ein pilot med datafangst frå eit utval av arbeidsgjevarar før den planlagde lanseringa av EDAG i 2015. Statistisk sentralbyrå vil testa produksjonssystemet sitt basert på denne piloten i 2014. Vidare vil ein sjå på korleis ein kan tilpassa statistikkar der ein i dag hentar inn data av same slag som dei ein vil få gjennom EDAG. Målet er redusert oppgåvebør og ressursbruk og meir konsistente data.

Ei undersøking om arbeidskraftskostnader i 2012 vert ferdigstilt i 2014 med rapportering til Eurostat, i tråd med ei forordning på området.

Aktualiteten til inntektsstatistikken og formuesstatistikken for hushald er betra med 4 månader. Årsstatistikk vert no presentert i det påfølgjande året. Dette har gjort det mogleg å oppdatera skatte- og pensjonsmodellane tidlegare enn før. Utfordringar i 2014 og framover er å innarbeida opplysningar om private tenestepensjonar, berekna inntekt av eigen bustad og å inkludera verdiar for offentlege tenester som del av inntektsomgrepet.

Periodisk forbruksundersøking

Fram til og med 2009 var forbruksundersøkinga ei årleg friviljug utvalsundersøking med eit utval på 2 200 hushald. Statistikken vart produsert på grunnlag av tre årgongar. I 2009 vart det bestemt å leggja om til ei større periodisk undersøking. I 2012 vart undersøkinga gjennomført etter ny modell med eit utval på 7 000 hushald. Statistisk sentralbyrå vil publisera resultata frå denne undersøkinga hausten 2013.

Store, ressurskrevjande undersøkingar som forbruksundersøkinga må kontinuerleg vurderast og forbetrast. Statistisk sentralbyrå ser no på røynslene frå den siste undersøkinga. Planlegginga av den neste forbruksundersøkinga er i gang. Forbruksundersøkinga kan opplevast som ei tung bør for respondentane, og svarprosenten har vorte stadig lågare. Det er difor viktig å sjå på alternative metodar for datafangst og vurdera om det er mogleg å nytta elektronisk innsamling av data i større grad. Statistisk sentralbyrå siktar mot å gjennomføre undersøkinga i 2015.

Samarbeidet i EØS og andre internasjonale krav

Talet på krav i samband med EØS-samarbeidet har auka sterkt gjennom fleire år. Særleg har rapporteringskrava auka for helse og levekår innan personstatistikken og for nasjonalrekneskap. På miljøområdet kom det nye rettsaktar i 2012, og det kjem tre til dei neste åra. Å innlema desse rettsaktene i den norske statistikken vil krevja mykje arbeid i Statistisk sentralbyrå og vil isolert sett gje næringslivet auka oppgåvebør.

Det kjem ei ny forordning på konsumprisområdet. Forordninga gjeld ein harmonisert konsumprisindeks der ein korrigerar for verknader av endringar i avgifter.

På området personstatistikk krev dei nye forordningane omlegging av eksisterande statistikk. Mellom anna vert det kravt meir omfattande intervjuundersøkingar og heilt nye datainnsamlingar. Krava vil gje betre statistikk og dekkja einskilde av behova til brukarane.

Statistisk sentralbyrå skal introdusera nye internasjonale retningsliner i systemet for nasjonalrekneskap frå hausten 2014. Dette gjeld retningslinene for føring av nasjonalrekneskap (2008 SNA – System of National Accounts) og Eurostats retningsliner 2010 ESA – (European System of Accounts). Samstundes vert det sett i verk ei ny EU-forordning om utanriksrekneskap som òg inkluderer utvida statistikk for internasjonal tenestehandel, direkte investeringar i utlandet samt krav og gjeld overfor utlandet. Fleire av endringane er baserte på krav og nye definisjonar frå IMF og OECD. Krava frå EU inneber òg eit omfattande tabellprogram.

Svalbardstatistikk

Arbeidet med å skildra samfunnsutviklinga og miljøsituasjonen på Svalbard skal vidareførast. Nasjonal statistikk som er fordelt på regionar, vil ta med Svalbard som eigen region der det er naturleg. Det skal òg gjennomførast særskilde undersøkingar for Svalbard. I 2014 vil dette gjelda næringsaktivitet, folketal, prisar, reiseliv og samferdsle i tillegg til offentleg sektor. Dessutan skal det publiserast meir statistikk for miljøområdet. Publikasjonen «Dette er Svalbard» skal oppdaterast med nye resultat.

Datafangstportal m.m.

Innarbeiding av forordningar frå EU for personstatistikk krev vidareutvikling av SSBs løysingar for datafangst frå personar og hushald. Nye løysingar må på ein effektiv måte kombinera ulike metodar for datainnsamling med eit samla rammeverk for administrasjon, mottak og kontroll av data. Gode datafangstløysingar kan auka effektiviteten og betra datakvaliteten. Framtidig datainnsamling for personar og hushald vil i stor grad nytta fleire metodar i kombinasjon, til dømes i leigemarknadsundersøkinga.

Flytting til nye lokale for SSB-Oslo

Statistisk sentralbyrås avdeling i Oslo skal flytta til nye lokale i februar 2014. Husleigekostnadene i vert om lag som før. Sjølve flyttinga vil gje nokre ekstrakostnader, mellom anna til IT-utstyr.

Forsking og analyse i 2014

Forskingsverksemda i Statistisk sentralbyrå skal gje ny kunnskap om økonomisk åtferd og økonomiske verknader av ulike hendingar, mellom anna politiske tiltak. Forskinga skal dessutan medverka til å utvikla statistikken vidare. Forskingsinnsatsen i 2014 held fram om lag som i tidlegare år, men vil òg behandla enkelte nye problemstillingar, mellom anna innvandring og økonomiske verknader av den. Prioriteringa innanfor forskinga er nærare omtalt nedanfor.

Skatteanalysar, offentleg økonomi og mikroøkonometriske analysar

Skatte- og pensjonsmodellane skal oppdaterast og utviklast, mellom anna gjennom eit prosjekt om evaluering av pensjonsreforma. Analysar av offentlege finansar på lang sikt held fram. Tenester for forvaltninga og partia på Stortinget skal haldast ved lag.

Mikroøkonomiske analysar

Bruken av Statistisk sentralbyrås mikrodata for økonometriske analysar av åtferda til bedrifter, føretak, individ og hushald skal vidareførast. Mikroøkonometrisk forsking gjev innsikter om åtferda til individ, hushald og bedrifter, mellom anna om korleis dei tilpassar seg offentlege tiltak og skatteendringar og korleis endringar i ulike trygdeordningar kan påverka sysselsetjinga. Skatteforskinga held fram med nokså stort omfang framover. Innanfor dette området vert to større prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd.

Ressurs- og miljøøkonomi

Ein vil studera verknader av avtalar og bruken av verkemiddel i miljø- og energipolitikken. Modellapparatet for energimarknader skal haldast vedlike og vidareutviklast.

Makroøkonomiske analysar

Arbeidet med konjunkturanalyse er ein viktig del av forskinga i Statistisk sentralbyrå. Som eit ledd i den vidare utviklinga på dette feltet vil ein studera røynsler med tilsvarande verksemd i andre land. Ein vil òg analysera konsum- og spareåtferd, bustadinvesteringar, gjeld og finansformue. Arbeidet med å forstå samspelet mellom innvandring og makroøkonomi skal prioriterast, jf. òg neste punkt.

Analysar av befolkning og levekår

Forsking som kan nyttast i framskrivingar av befolkninga vil verta prioritert, og koplinga mellom forskinga og desse framskrivingane skal styrkjast. Særleg gjeld dette analysar av faktorar som påverkar migrasjon og moglege konsekvensar for befolkningsutviklinga. Analysar av innvandring og koplingar til økonomiske drivkrefter vil framleis prioriterast. Samspelet mellom demografi og levekår og sosial ulikskap skal studerast med utgangspunkt i Statistisk sentralbyrås mikrodata.

Budsjett 2014

Departementet gjer framlegg om ei budsjettramme for Statistisk sentralbyrå i 2014 på 745,9 mill. kroner. Framlegget inneber om lag same reelle løyvingsnivå som for 2013.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar utgifter til løn, opplæring, leige og drift av kontorlokale, reiser, kontorutstyr o.a. For 2014 gjer departementet framlegg om ei løyving på 527,4 mill. kroner under post 01.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Spesielle driftsutgifter er knytte til brukarfinansierte oppdrag. Posten omfattar utgifter til løn, opplæring, leige og drift av kontorlokale, reiser, kontorutstyr o.a. For 2014 gjer departementet framlegg om ei løyving på 208,3 mill. kroner.

Ved brukarfinansierte oppdrag vert utgiftene posterte på kap. 1620 Statistisk sentralbyrå, post 21 Spesielle driftsutgifter. Inntekta frå slike oppdrag skal dekkja utgiftene og vert postert på kap. 4620 Statistisk sentralbyrå, post 02 Oppdragsinntekter.

Statistisk sentralbyrå kan overskrida løyvinga til oppdragsverksemda på kap. 1620, post 21 Spesielle driftsutgifter, med eit beløp som svarer til meirinntektene på kap. 4620, post 02 Oppdragsinntekter. Eventuelle unytta meirinntekter kan reknast med ved utrekning av beløp som kan overførast på post 21, jf. framlegg til romertalsvedtak II 2.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga vil i hovudsak dekkja investeringar til vidareutvikling av datatryggleik og utvikling av Statistisk sentralbyrås teknologiske plattform.

Kap. 4620 Statistisk sentralbyrå

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Framlegg 2014

01

Salsinntekter

605

300

300

02

Oppdragsinntekter

207 310

201 200

208 300

15

Refusjon arbeidsmarknadstiltak

269

16

Refusjon av foreldrepengar

4 976

17

Refusjon lærlingar

47

18

Refusjon av sjukepengar

11 299

85

Tvangsmulkt

13 225

10 000

10 000

Sum kap. 4620

237 731

211 500

218 600

Post 02 Oppdragsinntekter

Se omtale under kap. 1620, post 01.

Post 85 Tvangsmulkt

Statistisk sentralbyrå har med heimel i statistikklova høve til å ileggja tvangsmulkt. Inntektene frå tvangsmulkt er budsjetterte til 10 mill. kroner.

Programkategori 23.40 Andre føremål

Utgifter under programkategori 23.40, fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

1632

Kompensasjon for meirverdiavgift

16 464 779

20 170 000

21 490 000

6,5

1634

Statens innkrevjingssentral

313 728

294 200

301 000

2,3

1637

EU-opplysning

5 000

1638

Kjøp av klimakvotar

207 254

638 700

530 700

-16,9

1645

Statens finansfond

2 000

10 600

3 000

-71,7

Sum kategori 23.40

16 992 761

21 113 500

22 324 700

5,7

Kap. 1632 Kompensasjon for meirverdiavgift

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

61

Tilskot til kommuner og fylkeskommunar, overslagsløyving

14 893 027

18 500 000

19 800 000

72

Tilskot til private og ideelle verksemder, overslagsløyving

1 571 752

1 670 000

1 690 000

Sum kap. 1632

16 464 779

20 170 000

21 490 000

Post 61 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, overslagsløyving

Med verknad frå 1. januar 2004 vart det innført ei allmenn ordning der kommunar og fylkeskommunar vert kompenserte for meirverdiavgift på kjøp av varer og tenester. Føremålet med ordninga er at meirverdiavgifta i minst mogleg mon skal påverka avgjerdene som kommunane tek om anten å produsera avgiftspliktige tenester med eigne tilsette eller å kjøpa dei frå private. Ordninga er finansiert med ein reduksjon i dei frie inntektene til kommunane. Den allmenne kompensasjonsordninga kom i staden for ei avgrensa kompensasjonsordning som vart innført i 1995.

Som nemnd under kap. 1600, Budsjett 2014, har departementet vurdert justeringar av regelverket her, men kome fram til at dette førebels ikkje er naudsynt.

I saldert budsjett for 2013 vart det lagt til grunn ei utgift på 18 500 mill. kroner i momskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar.

Som ein del av skatteopplegget for 2013 vart meirverdiavgiftsfritaka for omsetnad av tenester som gjeld offentleg veg og baneanlegg, oppheva med verknad frå 1. januar 2013. Denne endringa har også verknader for 2014. Innføring av meirverdiavgift på tenester til offentleg veg vil gje auka meirverdiavgiftskostnader for kommunar og fylkeskommunar som dei får att gjennom momskompensasjonsordninga.

Samla momskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar i 2014 er rekna til 19 800 mill. kroner.

Kommunane sender inn oppgåver over meirverdiavgiftskompensasjon til avgiftsstyresmaktene annankvar månad slik som i det ordinære meirverdiavgiftssystemet, men det er òg mogleg å levera årsoppgåver. Utbetalingane skjer etter kvart og innan tre veker etter innsending. Dokumentasjonskrava i samband med innsending av kompensasjonskrav er forenkla ved at krava berre skal ha stadfesting frå revisor. Kompensasjonskrav frå private tenesteprodusentar kan sendast direkte til avgiftsstyresmaktene. Det er ei minstegrense på 20 000 kroner for kompensasjonsbeløp per år for at verksemder skal koma inn under ordninga. Ordninga gjeld nokre private og ideelle verksemder òg. Det er ein eigen tilskotspost for desse, jf. post 72.

Post 72 Tilskot til private og ideelle verksemder, overslagsløyving

For ikkje å medverka til konkurransevriding mellom kommunal og privat produksjon av sentrale velferdstenester er private og ideelle verksemder òg omfatta av ordninga. Det gjeld private og ideelle verksemder som utfører slike sosiale tenester og helse- og undervisningstenester som kommunane ved lov er pålagde å utføre. Det er på desse områda ein reknar med at kompensasjonsordninga i størst mon vil kunna gje kommunane ein konkurranseføremon framfor private verksemder utan avgiftsplikt. Dei private og ideelle verksemdene som er omfatta av ordninga, skal senda krav etter dei same kriteria som kommunane.

I saldert budsjett for 2013 vart det lagt til grunn ei utgift på 1 670 mill. kroner på denne posten. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 690 mill. kroner under denne posten for 2014.

Kap. 1634 Statens innkrevjingssentral

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

285 137

278 100

284 500

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

28 591

16 100

16 500

Sum kap. 1634

313 728

294 200

301 000

Føremål, hovudoppgåver og organisering

Statens innkrevjingssentral (SI) skal syta for effektiv og rett innkrevjing på vegne av oppdragsgjevaren og yta god service. SI har som hovudoppgåve å krevja inn straffekrav som er utferda av justisstyresmaktene, og avgifter, gebyr og misleghaldne krav for andre statlege verksemder. Verksemda skal òg drifta og vidareutvikla eit sams saksbehandlarsystem for SI og dei alminnelege namsmennene (SIAN), forvalta ein database for samordning av utleggstrekk og levera økonomitenester til politi- og lensmannsetaten (PLØS).

Verksemda ligg i Mo i Rana og hadde per 1. mars 2013 ei bemanning som tilsvara 338 årsverk. Per 1. januar 2013 hadde SI 32 statlege oppdragsgjevarar og 175 ulike slags krav til innkrevjing.

Ny lov om Statens innkrevjingssentral (SI-loven) vart vedteken 11. januar 2013 og tok til å gjelda 1. juni 2013.

Mål og resultat 2012

Driftsresultata til SI vert vurderte etter fire fastsette hovudmål for verksemda, jf. nedanfor. Måla er dels skrivne som visjonar for arbeidet. I den praktiske oppfølginga av etaten tek ein høgd for at det er operasjonelle risikoar som det kan vera for dyrt å gardere seg fullt ut imot. Ein må likevel vera medviten om kor store feil og manglar ein kan tola.

Hovudmål 1: Innkrevjinga skal vera effektiv

SI skal syta for ein høg innkrevjingsgrad for både straffekrav utferda av justisstyresmaktene, og for avgifter, gebyr og misleghaldne fordringar som andre statlege verksemder har krav på.

SI skal ha god ressursutnytting.

Tabell 5.23 Statens innkrevjingssentral – registrerte krav og innkravd beløp per år

2010

2011

2012

Talet på registrerte krav (i heile 1 000)

1 211

1 190

1 207

– Straffekrav

338

316

317

– Andre slags krav

873

874

890

Samla innkravd beløp (i mill. kroner)

3 482

3 785

3 779

– Straffekrav

1 405

1 357

1 321

– Andre slags krav

2 077

2 428

2 458

Tabell 5.23 syner ein auke i talet på registrerte krav frå 2011 til 2012. Talet på registrerte straffekrav har auka med drygt 1 000, medan talet på andre slags krav har auka med rundt 15 000. Størst auke var det for kravtypane finanstilsynsavgift og rettsgebyr. Talet på krav frå NRK auka òg, medan talet på trafikantsanksjonar gjekk mykje ned.

Det innkravde beløpet gjekk litt ned, sjølv om talet på registrerte krav auka.

I 2013 vart utleggsdatabasen komplett, med inkludering av krav frå Nav innkrevjing. Alle utleggsforretningar, så nær som utleggsforretningar haldne av SI med resultatet «inkje til utlegg», vert no overførte frå Utleggsdatabasen til Lausøyreregisteret, slik at registeret vert eit godt verktøy for kredittvurderingar. Utleggsdatabasen vil medverka til effektiv innkrevjing for SI, men òg vera med på å sikra rettstryggleiken for skyldnarar.

Føremålseffektivitet

For å kunna vurdera kor føremålseffektiv verksemda er, er det sett mål for kor stor del av kvar kravtype som er oppgjord (løysingsprosent) og innbetalt (innbetalingsprosent) i perioden. Definisjonen av styringsparametrar for føremålseffektivitet vart noko endra i 2012.

Tabell 5.24 Statens innkrevjingssentral – innkrevjingseffektivitet (løysings1- og innbetalingsprosent2)

Kravtype

Løysingsprosent

Innbetalingsprosent

Resultat 2011

Resultat 2012

Resultatmål 2012

Resultat 2011

Resultat 2012

Resultatmål 2012

Bøter

58,2

58,3

58,9

55,6

55,8

56,3

Erstatningar

5,5

4,4

7,6

4,1

3,9

4,8

Inndragingar

16,2

9,1

16,9

13,5

6,7

14,2

Misleghaldne studielån

10,7

9,8

11,4

5,5

5,5

6,2

Regresskrav

18,0

15,0

18,7

15,2

13,8

15,9

Forseinkingsgebyr etter rekneskapslova

38,9

34,0

39,6

31,5

27,7

32,2

Trafikantsanksjonar

61,4

58,1

62,1

58,5

56,9

59,2

Gebyr etter skipstryggleikslova

91,3

91,0

92,0

Misleghalden årsavgift på motorvogn

38,6

39,7

39,3

Misleghalden kringkastingsavgift

32,2

34,8

32,9

1 Del av beløp til innkrevjing som er oppgjord (innbetalt og avskriven) per kravtype i perioden.

2 Del av beløp til innkrevjing som er innbetalt per kravtype i perioden.

Departementet vurderer føremålseffektiviteten i innkrevjinga ved SI som tilfredsstillande. Resultata i 2012 låg gjennomgåande litt under dei fastsette måla, men i stor grad på same nivå som i 2011. Dei største avvika heng saman med mindre tilfang av nye krav i 2012 enn i 2011. Eldre krav er generelt vanskelegare å krevja inn enn nyare krav, og kravtilfanget vil difor påverka det samanlagde resultatet.

Kostnadseffektivitet

For 2012 vart det brukt to produktivitetsindikatorar for å kasta lys over kostnadseffektiviteten til verksemda, jf. tabell 5.25. Hovudmålet er at produktiviteten skal auka.

Tabell 5.25 Statens innkrevjingssentral – produktivitetsutvikling

Indikator

Resultat 2010

Resultat 2011

Resultat 2012

Innkravd beløp per årsverk (i mill. kroner)

12,2

12,7

12,8

Kostnad per innkravde 1 000 kr1

63,54

63,55

1 Kostnad = kostnad etter periodiseringsprinsippet. SI har sidan 2011 levert verksemdsrekneskap etter periodiseringsprinsippet, i tillegg til kontantrekneskapen. SI har dermed ikkje kostnadstal frå tidlegare år.

Den fyrste indikatoren syner ein viss framgang frå 2010 til 2012. Kostnad per innkravde tusen kroner i 2012 var på same nivå som i 2011. Departementet meiner resultata sett under eitt tyder på at drifta framleis er kostnadseffektiv.

Hovudmål 2: Innkrevjingsarbeidet skal ha god kvalitet

SI skal leggja vekt på rettstryggleik og lik behandling i innkrevjingsarbeidet.

Tabell 5.26 Rett saksbehandling

Indikator

2011

2012

Minst 95 pst. av saksbehandlinga ved friviljug innkrevjing skal vera feilfri

95,0

94,4

Minst 99 pst. av saksbehandlinga ved tvangsinnkrevjing skal vera feilfri

98,2

98,5

Resultatmålet for kvalitet vart ikkje nådd i 2012, men avvika er små. SI har planlagt og sett i verk fleire tiltak for å betre resultata. Departementet er stort sett nøgd med resultata på dette området.

Hovudmål 3: Verksemda skal vera serviceorientert

SI skal i saksbehandlinga balansera omsynet til oppdragsgjevaren mot omsynet til skyldnaren. Verksemda skal yta god service i innkrevjingsarbeidet.

Tabell 5.27 Statens innkrevjingssentral – servicegrad

Kategori

Resultatmål

Resultat 2010

Resultat 2011

Resultat 2012

Telefon, fyrsteline

Minst 75 pst. av oppringingane skal svarast på innan 1 minutt

77 pst.

68 pst.

Behandlingstida for skriftlege førespurnader maks. 3 veker

Innan fristen

Innan fristen

Innan fristen

Tvangsinnkrevjing

Behandlingstida for klagesaker maks. 3 veker

Få avvik

Få avvik

Innan fristen

Annan innkrevjing

Handsamingstida for skriftlege førespurnader maks. 4 veker

Innan fristen

Innan fristen

Få avvik

Departementet er stort sett nøgd med resultata på dette området.

Hovudmål 4: Driftssentralfunksjonane skal ha god kvalitet

SI skal arbeida for at økonomitenestene som verksemda leverer til politi- og lensmannsetaten, held god kvalitet. Dette gjeld politiets økonomisystem (PLØS), systemet for rekneskapsføring av ikkje-statlege midlar (RIM), systemet for elektronisk fakturabehandling (CI), saksbehandlarløysinga for SI og dei alminnelege namsmennene (SIAN) og forvaltinga av utleggsdatabasen (UB). Dei fastsette måla for fagleg utøving av denne delen av verksemda i 2012 vart nådde. Svarprosenten på telefonoppringingar til PLØS har i gjennomsnitt vore 99, medan svarprosenten på telefonoppringingar til SIAN og UB var 97. Av registrerte saker vart høvesvis 96 pst. (PLØS) og 97 pst. (SIAN og UB) løyste innan ei veke. Det vart gjennomført brukargranskingar i 2012 for både PLØS og SIAN. Desse granskingane synte at brukarane stort sett var nøgde med tenestene.

Departementet vurderer SI sine driftssentralfunksjonar for PLØS, SIAN og UB som tilfredsstillande.

Samla resultatvurdering

Departementet vurderer driftsresultata i 2012 som ganske tilfredsstillande, men resultata kunne vore betre på nokre område. Føremålseffektiviteten i innkrevjingsarbeidet var noko svakare i 2012 enn 2011. Departementet vurderer drifta av SI som kostnadseffektiv. Kvaliteten på saksbehandlinga og lovbruken er god, sjølv om resultata for feilfri innkrevjing ikkje vart nådde heilt. SI har innarbeidd gode rutinar for å halda fristane for saksbehandlingstid. SI nådde målet for svarprosent i fyrstelina for telefontenesta, men ikkje på servicegrad; berre 68 pst. av oppringingane vart svara på innan eit minutt, jf. målsetnaden på 75 pst. Det er viktig at verksemda prioriterer ei god og effektiv svarteneste. Departementet er likevel stort sett nøgd med SIs service overfor skyldnarane. Alle mål er nådde for svarprosent og servicegrad for økonomisystemtenestene til politiet og lensmannsetaten, saksbehandlingsløysinga for dei alminnelege namsmennene og utleggsdatabasen.

Sentrale utfordringar og tiltak

Elektronisk samhandling ved tvangsfullføring

SI har utarbeidd ei løysing for elektronisk samhandling (elektroniske sendingar) mellom alminnelege namsmenn og større inkassobyrå i samband med kravsmål og forliksklagar, jf. orienteringa i Prop. 1 S (2012–2013) for Finansdepartementet. Løysinga gjev gevinstar for staten, mellom anna kortare registreringstid, raskare innkrevjing, betre kvalitetssikring og færre feilregistreringar, lågare portoutgifter og fjerning av fysisk arkiv. Inkassobransjen får mindre utgifter til porto og papir når han går over til elektronisk registrering.

Sjølv om det er eit stort potensial for effektivisering med elektronisk samhandling, har det vist seg at inkassobyråa må gjera store endringar i datasystema sine for at saksbehandlinga skal verta digital. Dette har forseinka innføringa. Arbeidet med å få fleire inkassobyrå til å nytta tenesta vil halda fram i 2014.

Elektroniske tenester

SI starta i 2010 et omfattande arbeid med å utvikla elektroniske tenester på nett. Forvaltninga skal leggja til rette for at borgarane vil velja digitale løysingar i møte med det offentlege. SI har med utgangspunkt i dette utvikla ein ny nettstad der brukarane kan få effektiv og funksjonell sjølvbetening, og råd og rettleiing som er tilpassa deira situasjon. I utviklinga av dei digitale tenestene har det vore viktig for SI å setja brukarbehova i sentrum. I 2012 fekk SI prisen for brukarvennlegheit frå Den norske dataforening for arbeidet med nettstaden.

Dei elektroniske tenestene på nett skal vera for både debitorar (skyldnarar), kreditorar (oppdragsgjevarar) og trekkpliktige (arbeidsgjevarar og Nav) i tillegg til opne tenester. Tenestene for debitorar vart sette i drift i mai 2012. Modulen for elektroniske tenester for oppdragsgjevarar er under utvikling og skal etter planen setjast i drift i andre halvår 2013. Deretter vil arbeidet med dei andre tenestene halde fram.

Mål og budsjett 2014

Finansdepartementet har fastsett desse hovudmåla for Statens innkrevjingssentral for 2014:

  • Innkrevjinga skal vera effektiv.

  • Innkrevjingsarbeidet skal ha god kvalitet.

  • Verksemda skal vera serviceorientert.

  • Driftssentralfunksjonane skal ha høg kvalitet

Den underliggjande målstrukturen vert fastsette i styringsdialogen mellom Finansdepartementet og SI i samband med utforminga av tildelingsbrev til verksemda for 2014. Departementet ventar jamt over minst like gode resultat i 2014 som i 2012. Statens innkrevjingssentral arbeider heile tida for å løysa oppgåvene sine betre. Heilt feilfri saksbehandling er likevel et urealistisk mål. I praksis må SI vega kvalitet mot effektivitet.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønsutgifter og andre driftsutgifter. For 2014 gjer departementet framlegg om å løyva 282,6 mill. kroner under post 01. Det er ein auke på 1,6 pst. frå saldert budsjett for 2013. Auken gjeld løns- og prisjustering.

Statens innkrevjingssentral har utgifter til tenester for eksterne oppdragsgjevarar. Finansdepartementet ber om fullmakt til å overskrida løyvinga under kap. 1634, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4634, post 02 Refusjonar, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar kjøp til IT-føremål, medrekna større vedlikehald og utskiftingar i IT-infrastruktur til verksemda. For 2014 gjer departementet framlegg om å løyva 16,5 mill. kroner.

I samband med visse kjøp kan det vera behov for å tinga for meir enn det som er løyvt. Difor ber departementet om ei tingingsfullmakt på 5 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak IV.

Kap. 4634 Statens innkrevjingssentral

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

02

Refusjonar

44 864

35 700

41 400

16

Refusjon av foreldrepengar

2 323

18

Refusjon av sjukepengar

7 578

85

Misleghaldne lån i Statens lånekasse for utdanning

261 224

240 000

240 000

86

Bøter, inndragingar m.m.

1 290 947

1 300 000

1 300 000

87

Trafikantsanksjonar

74 881

70 000

70 000

88

Forseinkingsgebyr, Rekneskapsregisteret

234 109

200 000

200 000

Sum kap. 4634

1 915 926

1 845 700

1 851 400

Inntektene på kap. 4634 Statens innkrevjingssentral er jamt over vanskelege å budsjettera. Hovudgrunnen er at dei krava som skal inndrivast, vert ilagde av andre. Særleg varierer straffekrav frå politi og domstolar mykje frå år til år.

Post 02 Refusjonar

Posten omfattar refusjonar for utgifter verksemda har til tenester for oppdragsgjevarane. Det gjeld fyrst og fremst innkrevjing av misleghalden kringkastingsavgift.

Post 85 Misleghaldne lån i Statens lånekasse for utdanning

Posten omfattar inntekter frå innkrevjing av misleghaldne lån som er tapsførte i Statens lånekasse for utdanning.

Post 86 Bøter, inndragingar m.m.

Posten omfattar inntekter frå bøter (forenkla førelegg, vanlege førelegg og bøter som er ilagde ved dom), inndragingar og sakskostnader.

Post 87 Trafikantsanksjonar

Posten omfattar inntekter frå trafikkgebyr, parkeringsgebyr og overlastgebyr, utferda av politiet og Statens vegvesen.

Post 88 Forseinkingsgebyr, Rekneskapsregisteret

Posten omfattar innbetaling av forseinkingsgebyr ilagde av Rekneskapsregisteret.

Kap. 1638 Kjøp av klimakvotar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter, kan overførast

6 141

8 700

9 200

21

Kvotekjøp, generell ordning, kan overførast

197 808

630 000

520 000

22

Kvotekjøp, flyreiser for tilsette i staten, kan overførast

3 305

1 500

Sum kap. 1638

207 254

638 700

530 700

Rapport

Bakgrunn

Regjeringa sitt mål i klimapolitikken er å redusera nasjonale klimagassutslepp samstundes som Noreg medverkar internasjonalt i forhandlingar og gjennom direkte tiltak til å redusera utsleppa av klimagassar i andre land. Deltaking i EU sitt kvotesystem (EU-ETS), CO2-avgift og andre klimagrunngjevne skattar og avgifter er hovudverkemidla i arbeidet med å redusera nasjonale klimagassutslepp.

Gjennom Kyoto-avtalen har Noreg fått tildelt klimakvotar som tilsvarar eit utsleppsnivå på 50,1 mill. tonn per år i perioden 2008–2012. Det svarer til Noregs utsleppsskyldnad under Kyoto-protokollen. Noreg har av eige tiltak varsla at ein vil overoppfylla Kyoto-avtalen for inneverande periode (2008–2012) med 10 pst., noko som svarer til om lag 5 mill. tonn per år. I tillegg har Regjeringa valt å overoppfylla med 1,5 mill. tonn CO2 ekstra per år ved å la vera å bruka kvotar som stammar frå tilvekst av skog.

Når ein tek omsyn til dei kvotane som Noreg har fått tildelt gjennom Kyoto-avtalen, og dei kvotane som dei kvotepliktige verksemdene må levera som oppgjer for sine utslepp, har Noreg eit overskot på kring 2,9 mill. kvotar som eit årleg gjennomsnitt for perioden 2008–2012. Noreg overoppfyller dermed den norske skyldnaden i Kyoto-avtalen for perioden 2008–2012, sjølv utan at staten kjøper kvotar. Mellombelse overslag tyder på at staten har behov for 21,5 mill. kvotar for å nå målet om ei overoppfylling på 10 pst. Staten sine kvotekjøp frå klimaprosjekt i andre land fører til ein nettoreduksjon av dei globale utsleppa av klimagassar.

Kvotehandel skjer på grunnlag av dei fleksible mekanismane i Kyoto-avtalen, fyrst og fremst Den grøne utviklingsmekanismen (Clean Development Mechanism, CDM), som er eit prosjektsamarbeid i utviklingsland. Den grøne utviklingsmekanismen medverkar til å utvikla karbonmarknadene i verda og stimulerer til klimavenlege investeringar i land der det elles ikkje er ein pris på utslepp av CO2. Denne mekanismen fremjar såleis klimavenlege investeringar i utviklingsland.

Finansdepartementet kjøper berre FN-godkjende kvotar. Kvotane vert som regel betalte når dei er godkjende og utferda av FN og overførte til staten sin konto i kvoteregisteret. FN gjer bruk av ein grundig og difor tidkrevjande prosess for å kontrollera at utsleppsreduksjonar er oppnådde i samsvar med dei godkjende prosjektdokumenta. FN krev at utsleppsreduksjonane er verifiserte av ein uavhengig tredjepart som er førehandsgodkjend av FN. Gjennomføringa av prosjekt vert overvaka systematisk gjennom målingar og bokføring av relevante data. CDM-prosjekt og verifiserte utsleppsreduksjonar må godkjennast av styret i CDM (CDM Executive Board), som òg utferdar kvotane.

Kontraktsporteføljen

Finansdepartementet har i alt inngått 218 kontraktar, men mange av dei har av ulike grunnar vorte avslutta utan levering av kvotar. Sjølv om stadig fleire prosjekt i kontraktsporteføljen som knyter seg til perioden 2008–2012 er godkjende av FN, er det framleis noko uvisse om kor mange kvotar som faktisk vil verta leverte. Det er avhengig av utviklinga i kvart einskilt prosjekt. Kontraktsporteføljen vert analysert jamleg for å få eit overslag over kva volum prosjekta i porteføljen kjem til å levera, men ein reknar no med at staten vil ha rundt 21,5 mill. kvotar til disposisjon, noko som svarer til behovet for kvotar i denne perioden. Oppgjeret for den fyrste skyldnadsperioden i Kyoto-protokollen skjer fyrst i 2015.

Finansdepartementet har òg gjort avtalar om levering av kvotar som vert genererte etter 2012. Desse kvotane kjem fyrst og fremst frå fond som Finansdepartementet deltek i, mellom anna to fond som Verdsbanken administrerer, og eitt som er administrert av Det nordiske miljøinvesteringsselskapet (NEFCO); det gjeld høvesvis Prototype Carbon Fund (PCF), Carbon Partnership Facility (CPF) og NEFCO Carbon Fund (NeCF). Totalt om lag 35 mill. euro er bundne i CPF og 10,7 mill. euro i NeCF. Ettersom ein reknar med at mange av kvotane skal koma frå fond som er under utvikling, særleg CPF, er det vanskeleg å gje eit samla overslag over kor mange kvotar som vil verta leverte i perioden etter 2012.

Kvotar som Finansdepartementet tek imot frå PCF, er førehandsbetalte over budsjettet til Utanriksdepartementet med til saman 10 mill. USD. Ein ventar at dette fondet vil levera om lag 1,2 mill. kvotar for perioden 2008–2012. Per 31. august 2013 er om lag 836 000 av desse kvotane leverte til statens konto i kvoteregisteret. Finansdepartementet har òg teke over ansvaret for oppfølginga av The Baltic Sea Region Testing Ground Facility (TGF), som vert forvalta av NEFCO. Kvotar frå dette fondet er førehandsbetalte over Olje- og energidepartementet sitt budsjett med til saman 19 mill. kroner. Ein ventar levering av om lag 280 000 kvotar frå fondet. Per 31. august 2013 er om lag 92 000 av dei leverte til statens konto i kvoteregisteret. Kvotar frå andre fond og prosjekt vert stort sett betalte fyrst når dei vert leverte til statens konto i kvoteregisteret.

Eit oppdatert oversyn over inngåtte kontraktar ligg på heimesida til Finansdepartementet.

Sal av kvotar i EUs kvotesystem

Etter det reviderte kvotedirektivet skal Noreg frå 2013 delta i ei sameuropeisk auksjonsplattform der kvotane skal seljast på auksjon til høgstbydande. På grunn av uavklarte EØS-rettslege spørsmål har Noreg enno ikkje teke til å selja kvotar på den sams auksjonsplattforma, jf. omtalen under kap. 4638.

Staten selde i april 2013 den resterande delen av kvotereserven som ikkje vart nytta i perioden 2008–2012. Dette gav ei inntekt på nær 4,8 mill. kroner.

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Posten omfattar utgifter til kjøp av eksterne tenester og andre driftsutgifter i samband med arbeidet med kjøp og sal av kvotar. Departementet føreslår at det vert løyvd 9,2 mill. kroner under post 01.

Ved sal av klimakvotar vil det koma til transaksjonskostnader som er vanskelege å rekna ut på førehand. Finansdepartementet har difor frå 2009 hatt fullmakt til å overskrida løyvinga under kap. 1638, post 01 Driftsutgifter, tilsvarande salsutgiftene. Frå 2013 må staten selja kvotane gjennom eit auksjonssystem som er sams for dei fleste EU-landa. Kostnadene med det er ikkje endeleg avklara. Vidare kan det som ledd i forvaltinga av kontraktsporteføljen verta aktuelt å selja CDM/JI-kvotar, jf. omtalen under post 21. Driftsutgiftene til sal av klimakvotar er difor usikre, og departementet ber om same fullmakt for 2014 òg, jf. framlegg til romartalsvedtak III.2.

Post 21 Kvotekjøp, generell ordning, kan overførast

Kjøpsstrategi i perioden (2013–2020)

Strategien for kjøp av klimakvotar er drøfta i Revidert nasjonalbudsjett 2013. Regjeringa legg vekt på at staten gjennom sitt kvotekjøp skal medverka til utviklinga og truverdet til den internasjonale marknaden for klimakvotar. Regjeringa vil byggja på FN-systemet og føra vidare innkjøpspolitikken frå fyrste Kyoto-periode. Regelverket for FN-godkjenning, og praktiseringa av dette er stramma inn. Marknaden for klimakvotar er no prega av overskotstilbod og låge prisar. Resultatet er at fleire klimaprosjekt som allereie er godkjende, avviklar drifta, og at det vert registrert få nye prosjekt. Det er uvisst om partane til klimakonvensjonen vil verta einige om ein meir omfattande avtale som kan sikra større etterspurnad etter klimakvotar i framtida.

Regjeringa vil i perioden 2013–2020 vidareføra gjeldande retningsliner for kjøp av klimakvotar. På grunn av situasjonen i marknaden inneber dette, i samsvar med drøftinga i Revidert nasjonalbudsjett 2013, at staten berre bør kjøpa kvotar frå prosjekt som står i fare for å avvikla drifta, og frå nyutvikla prosjekt. Ei slik innretting av kvotekjøpa er ei tilpassing til ein endra, men usikker situasjon i kvotemarknadene og i tråd med dei omsyna som vart trekte fram i Prop.1 S (2009–2010). I samsvar med EUs avgrensing i sine kvotekjøp vil staten ikkje kjøpa kvotar frå hydrofluorkarbon-prosjekt. Staten vil heller ikkje kjøpa kvotar frå kolbasert energiproduksjon utan karbonfangst og -lagring. Finansdepartementet legg til grunn at staten framleis kan kjøpe kvotar frå FNs tilpassingsfond, eit fond som finansierer tiltak i utviklingsland for å førebyggje skadar som følgje av klimaendringar.

Regjeringa har inngått ein avtale med Det Nordiske Miljøinvesteringsselskapet NEFCO om operativ forvalting av kvotekjøp. NEFCO sitt mandat er fyrst og fremst knytt til kjøp av kvotar frå prosjekt som står i fare for å avvikle drifta under dagens låge kvoteprisar. Kjøp av kvotar frå nye prosjekt skjer i dag gjennom eksisterande fond, men det kan òg verta aktuelt med endringar i denne forvaltningspraksisen. Regjeringa legg vekt på å ha god kontakt med organisasjonane på området. Ein vil difor halda årlege dialogmøte på politisk nivå med miljøorganisasjonane og dei største aktørane i marknaden.

Arbeidet med å sikra leveranse av kvotar for perioden etter 2012 har gått føre seg parallelt med kjøpet av kvotar for Kyoto-perioden 2008–2012. Den gjeldande fullmakta til å gjera avtalar om levering av kvotar når Kyoto-perioden 2008–2012 er ute, er på 1 000 mill. kroner. Ved utgangen av august 2013 var det gjort avtalar om framtidige leveransar for om lag 360 mill. kroner innanfor denne fullmakta. Marknaden for klimakvotar er prega av stor uvisse og utsikter til at det vert fleire kvotar enn det er etterspurnad for. Prisane er for tida låge. Ein reknar med at låge prisar gjer at det vert sett i gang få nye klimaprosjekt. Finansdepartementet vil framleis berre kjøpa kvotar som er godkjende av FN, eller kvotar frå prosjekt der det er utsikter til at prosjekttypen vil verta godkjend i framtida. Godkjenningskrava til FN byggjer m.a. på at det berre er prosjekt som elles ikkje hadde vorte realiserte, som vert godkjende.

Som hovudregel skal kvotar fyrst betalast når dei vert sertifiserte for levering og leverte til statens konto i kvoteregisteret. Som omtalt i Finansdepartementet sin budsjettproposisjon for 2010, side 106, ynskjer ein likevel å kunna betala ein viss del på forskot, mellom anna ved deltaking i fond under Verdsbanken. I samsvar med tidlegare praksis kan det òg verta aktuelt å betala eit mindre forskotsbeløp for å dekkja ymse administrasjonskostnader for andre kjøp. I CPF-fondet til Verdsbanken prøver ein òg ut nye mekanismar der det er risiko for at kvotar som vert leverte, ikkje vert godkjende av FN. Forvaltningskostnader til NEFCO, Verdsbanken og eventuelle andre forvaltar vert førde på denne posten.

Det kan ta lang tid frå kontraktar vert avtalte, til kvotane vert leverte. Sjølv om ein legg opp til at det i 2014 skal underteiknast kontraktar om kjøp av kvotar, reknar ein med at berre ein del vert leverte og betalte i 2014. For å dekkja behovet for kvotar i perioden 2013–2020 føreslår departementet på usikkert grunnlag ei fullmakt til å gjera nye avtalar om levering av kvotar i denne perioden på 2 000 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak V.

Det kan visa seg føremålstenleg å endra samansetjinga av porteføljen til staten. Det kan gjerast ved å vidareselja kontraktar om einskilde prosjekt, ved å selja framtidige volum frå einskilde prosjekt som eit andrehandssal mellom Finansdepartementet og ein motpart, eller ved å selja uspesifiserte kvotar i marknaden for kvotar med garantert levering (andrehandsmarknaden). Den slags sal kan vera ynskjeleg for å gjera tilpassingar i porteføljen, til dømes for å få betre risikospreiing ved å kjøpa frå prosjekttypar og land som er underrepresenterte i porteføljen, eller for å tilpassa volumet til oppdaterte overslag over levering og kjøpsbehov. Som varsla i Prop. 1 S (2009–2010) for Finansdepartementet kan det òg verta aktuelt å styra denne eksponeringa gjennom avleidde instrument, til dømes byteavtalar. Finansdepartementet ber difor om fullmakt til å selja kvotar og å bruka salsinntekta til å kjøpa nye kvotar utover det som er løyvt, jf. framlegg til romartalsvedtak III.3.

Post 22 Kvotekjøp, flyreiser for tilsette i staten, kan overførast

Frå 2012 vart dei fleste flygingane med avgang eller landing i EØS-området underlagde kvoteplikt gjennom det europeiske kvotesystemet. Dei aller fleste tenestereisene skjer difor på strekningar der flyselskapa må svara kvotar for utslepp. For andre flygingar føreslår regjeringa at staten kjøper kvotar. Som opplyst i Prop. 149 S (2012–2013) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2013 vedtok EU i november 2012 å utsetja ordninga. Dersom EU lukkast i å gjennomføre det opphavelege tiltaket med kvotar for alle flygingar med avgang eller landing i EØS-området, vil ordninga med kvotekjøp for statstilsette sine flyreiser verta avvikla, jf. omtalen i budsjettet for 2013 (Prop. 1 S (2012–2013)). Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 1,5 mill. kroner for 2014 til å dekkja statstilsettes flyreiser.

Kap. 4638 Sal av klimakvotar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag L 2014

01

Salsinntekter

530 790

345 000

539 600

Sum kap. 4638

530 790

345 000

539 600

EUs reviderte kvotedirektiv, med underordna rettsakter, vart innlema i EØS-avtalen i juli 2012. Reglane for kvotetildeling er frå 2013 harmoniserte på EU-nivå og inneber m.a. at kvoteplikta skal utvidast til å gjelda fleire sektorar og klimagassar. Kvotar som ikkje vert tildelte gratis, skal seljast i den europeiske marknaden. Kommisjonen har fordelt mengda av kvotar som skal seljast etter ein bestemt fordelingsnøkkel. Noregs del av totalt salsvolum i EU/EFTA er anslått til 0,75 pst.

Etter det reviderte kvotedirektivet skal sal av EU-kvotar frå 2013 skje ved auksjonar. Frå 2013 skal Noreg delta på ei felleseuropeisk auksjonsplattform der kvotane vert selde til høgstbydande gjennom auksjonar. På grunn av uavklarte EØS-rettslege spørsmål har Noreg enno ikkje kunna starta sal av kvotar på auksjonsplattforma. Det er svært uvisst om dette vert avklart slik at ein vil kunna selja kvotar i 2013. Ein har difor budsjettert med at EU-kvotane som skulle seljast i 2013, fyrst vert selde i 2014 saman med 2014-volumet. Basert på Kommisjonens anslag vert det no lagt til grunn eit samla sal på 15,9 mill. kvotar i 2014. Følgjene av forseinka sal av EU-kvotar i 2013 vil ein koma tilbake til i framlegget til ny saldering av statsbudsjettet 2013.

Med utgangspunkt i prisane sommaren 2013 har ein i budsjettet lagt til grunn ein pris på 34 kroner, noko som gjev ei inntekt på om lag 540 mill. kroner i 2014. Prisane i denne marknaden svingar sterkt, og anslaget er difor usikkert.

Finansdepartementet skal levera kvotar til den statlege ordninga for friviljuge kvotekjøp som er oppretta av Klima- og forureiningsdirektoratet, no Miljødirektoratet, jf. omtale i St.prp. nr. 59 (2007–2008). Inntektene frå kvotesal til dette føremålet vert førte under kap. 4638, post 01. Utgiftene knytte til kjøp til dette føremålet vil i prinsippet påverka overslaga under kap. 1638, postane 01 og 21. Ein reknar med at desse utgiftene vil utgjera eit beløp som ligg innanfor uvissemarginen i overslaga.

Kap. 1645 Statens finansfond

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

70

Tilskot til drift

2 000

10 600

3 000

Sum kap. 1645

2 000

10 600

3 000

Statens finansfond vert skipa ved lov 6. mars 2009 nr. 12 om Statens finansfond. Samtykke til opprettinga av fondet vart gjeve ved stortingsbehandling 26. februar 2009 av St.prp. nr. 40 og Innst. S. nr. 158 (2008–2009). Sjå også nærare omtale i Meld. St. 30 (2012–2013) Finansmarknadsmeldinga 2012, kap. 10.

Dei største driftsutgiftene for Statens finansfond er løn, husleige, kontordrift og konsulenthjelp. Per 1. juli 2013 hadde fondet to tilsette, båe i deltidsstillingar.

Statens finansfond utbetalte i 2009 kapitalinnskot til 28 bankar på til saman om lag 4,1 mrd. kroner. Tre bankar tilbakebetalte innskota innan utgangen av 2012. Ved utløpet av 2012 stod det att kapitalinnskot på om lag 508 mill. kroner. Ytterlegare tilbakebetalingar er gjorde i 2013.

Finansdepartementet legg opp til at Statens finansfond vert avvikla i løpet av fyrste kvartal 2014. Finansdepartementet tek sikte på at eventuelle engasjement i bankar som ikkje er innløyste per årsskiftet 2013/2014, vert overførte til Folketrygdfondet for forvaltning.

Finansdepartementet gjer framlegg om eit driftstilskot på 3,0 mill. kroner for 2014. Løyvinga skal nyttast til utgifter i samband med avvikling av fondet og utarbeiding av rekneskap og årsmelding for 2013.

Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.

Programkategori 24.1 Statsgjeld, renter og avdrag m.m.

Utgifter under programkategori 24.10, fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

Pst. endr. 13/14

1650

Statsgjeld, renter m.m.

12 848 603

12 836 900

10 178 600

-20,7

1651

Statsgjeld, avdrag og innløysing

66 544 000

-100,0

Sum kategori 24.10

12 848 603

79 380 900

10 178 600

-87,2

Det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet, slik det er berekna ved nysalderinga av budsjettet, vert finansiert med overføring frå Statens pensjonsfond utland. Finansieringsbehovet i statsbudsjettet, m.a. avdrag på statsgjelda, netto utlån og kapitalinnskot til statsbankane, vert dekt med låneopptak i marknaden og/eller ved trekk på staten si kontantbehaldning.

Det er lagt opp til at finansieringsbehovet til staten skal dekkjast ved å ta opp nye langsiktige lån innanlands. Av omsyn til statspapirmarknaden vert det vanlegvis lagt opp til å glatta ut den langsiktige opplåninga over fleire år. Den kortsiktige opplåninga skal sikra at staten har tilstrekkeleg likviditet til å dekkja daglege betalingar. Finansdepartementet si fullmakt til å låne i marknaden vert fastsett av Stortinget på grunnlag av den årlege stortingsproposisjonen om lånefullmakter, jf. Prop. 1 Tillegg 3 (2012–2013).

Statsgjelda auka sterkt etter at ein i 2008 etablerte ordninga der staten sel statskassevekslar i byte mot obligasjonar med fortrinnsrett (OMF). På det meste var det utferda statskassevekslar for 229 mrd. kroner under byteordninga. Ved utgangen av fyrste halvår 2013 var det nær 94 mrd. kroner uteståande vekslar i denne ordninga. Dei siste byteavtalane forfell i juni 2014.

Tabell 5.28 syner den innanlandske statsgjelda per 31. desember 2012, medrekna kontolån frå ordinære fond i statskassa.

Tabell 5.28 Innanlandsk statsgjeld per 31. desember 2012

Type lån

Beløp (mill. kr)

Faste innanlandske lån

274 406

Statskassevekslar

197 402

Kortsiktige kontolån

145 437

Kontolån frå ordinære fond1

63 918

Sum

681 163

1 Gruppe 81 i Statsrekneskapen. Er ikkje omfatta av dei ordinære lånefullmaktane.

Kap. 1650 Statsgjeld, renter m.m.

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

01

Driftsutgifter

29 462

36 700

33 000

89

Renter og provisjon m.m. på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving

12 819 141

12 800 200

10 145 600

Sum kap. 1650

12 848 603

12 836 900

10 178 600

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar driftsutgifter som staten har i samband med gjelds- og likviditetsforvalting. Det gjeld m.a. utgifter til informasjons- og analysesystem, utgifter som Noregs Bank og verdipapirsentralen (VPS) har i samband med behandlinga av staten sine lån, og utgifter knytte til ratingbyråa si vurdering av Noreg. Posten dekkjer òg betaling til Noregs Bank for tenester som banken yter Finansdepartementet i samband med forvaltinga av gjelda og likviditeten til staten, og drift og forvalting av statens kontoar i Noregs Bank.

For 2014 gjer departementet framlegg om å redusera løyvinga med snaue 4 mill. kroner til 33 mill. kroner.

Post 88 Renter og provisjon m.m. på utanlandsk statsgjeld, overslagsløyving

Det siste utanlandslånet forfall i 2004. Departementet har ikkje bedt om fullmakt til å ta opp nye lån i utanlandsk valuta, og det er difor ikkje budsjettert med rentebetalingar på denne posten.

Dei fleste utanlandslåna var ihendehavarlån, og midlar knytte til uavhenta obligasjonar og rentekupongar står hos betalingsagentar. Ved forelding av lånet skal agenten tilbakeføra uavhenta midlar. Slike midlar skal førast som inntekter på kap. 1650, post 88. Eventuelle seinare krav frå obligasjonseigarane etter at foreldingsfristen er gått ut, skal førast som utgifter på denne posten.

Post 89 Renter og provisjon m.m. på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving

(mill. kr)

Underpost

Underpostens betegnelse

Rekneskap 20121

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

89.11

Faste lån

9 177

9 029

7 227

89.12

Gjenkjøps- og rentebyteavtalar

-2 008

–2 464

-2 475

89.13

Kontolån

176

40

32

89.14

Kontolån frå ordinære fond

1 484

1 690

1 615

89.15

Statskassevekslar

3 989

3 014

1 847

89.17

Nye faste lån

1 492

1 900

Sum kap. 1650, post 89

12 819

12 800

10 146

1 I rekneskapen vert faste lån og nye faste lån ført samla.

Til grunn for overslaget for renteutgiftene under kap. 1650, post 89 ligg dels eksisterande lån og dels overslag over behovet for låneopptak i 2013 og 2014. Renteutgiftene vert påverka av omfanget av ny opplåning, førtidig innfriing og endringar i statens portefølje av rentebyteavtalar. Renteutgiftene vert òg påverka av utviklinga i marknadsrentene. Overslaget over renteutgifter er usikkert.

Underpost 89.11 Faste lån

Under denne posten vert det budsjettert renteutgifter på obligasjonslån som er tekne opp før 1. januar 2013. Ved opptak av statsobligasjonslån kan det på grunn av skilnad mellom kupongrenta på det aktuelle lånet og marknadsrenta på lånetidspunktet oppstå ein over- eller underkurs. For å gje eit meir korrekt bilete av dei årlege finansieringskostnadene for staten, vert ein slik over- eller underkurs ikkje inntekts- eller utgiftsført på lånetidspunktet, men avrekna mot ein balansekonto i statsrekneskapen (gruppe 77) og inntekts- eller utgiftsført på post 89.11 over den løpetida som står att for lånet. Renteutgiftene på faste lån i 2014 kjem dermed fram som kupongrenta, justert for den delen av over- eller underkursen som vert inntekts- eller utgiftsført i 2014.

Finansdepartementet kjem under denne posten òg med framlegg om inntektsføring av unytta avsetningar som er førte på konto 84.00.16 i statsrekneskapen. Bakgrunnen er at det vart gjort avsetningar for å dekkja utbetalingar under spareobligasjonsordninga. Indeksoppskriving, bonus, renter og provisjon på spareobligasjonane vart belasta budsjettet etter kvart. Ved utgangen av kvar budsjettermin vart unytta beløp overførte til depositakonto 84.00.16. Siste lån vart forelda i 2001, og departementet gjer framlegg om å inntektsføra den resterande avsetninga på 8,4 mill. under post 89.11.

Renteutgiftene på faste lån er anslått til 7 227 mill. kroner i 2014.

Underpost 89.12 Gjenkjøps- og rentebyteavtalar

Posten omfattar renteutgifter i samband med utlån av statspapir til primærmeklarane (gjenkjøpsavtalar). Staten betaler rente på kontantinnskotet som primærmeklarane stiller som sikkerheit i utlånsperioden. I tillegg vert nettoeffekten på renteutgiftene frå rentebyteavtalar i norske kroner ført på denne posten. Staten mottek ei fast langsiktig rente og betaler ei kortsiktig pengemarknadsrente i desse avtalane. Ettersom ein ventar låge pengemarknadsrenter framover, reknar ein med ei nettoinntekt på denne posten på 2 475 mill. kroner i 2014.

Underpost 89.13 Kontolån

Statsinstitusjonar og statlege fond skal etter avtale plassere ledige midlar som innskot (kontolån) i statskassa. For dei fleste av desse innskota betaler staten rente. Kontolånsplasseringar som kjem frå overskotslikviditet i samband med skatte- og avgiftsbetalingar, vert ikkje forrenta. Renteutgiftene på kontolån er anslått til 32 mill. kroner i 2014.

Underpost 89.14 Kontolån frå ordinære fond

Inneståande kontolån frå ordinære fond (gruppe 81 i Statsrekneskapen) var ved utgangen av 2012 på nær 64 mrd. kroner (medrekna kapitaliserte renter). Fond for vel 80 mrd. vart avvikla med verknad frå 2013. For 2014 vert rentene på kontolån frå ordinære fond anslått til 1 615 mill. kroner.

Underpost 89.15 Statskassevekslar

Den ordinære kortsiktige opplåninga i marknaden skjer gjennom auksjon av statskassevekslar. Dette er renteberande papir utan kupongrente, der rentekostnaden følgjer av underkursen som papira vert lagde ut til. Den effektive renta på statskassevekslane er såleis avhengig av kursen som staten oppnår i auksjonane.

Ordninga med byte av statspapir mot obligasjonar med fortrinnsrett (OMF) inneber at staten og bankane byter statskassevekslar mot OMF. Bankane får utbetalt statskassevekselrenta frå staten i heile avtaleperioden, og den vert ført som utgift under post 89.15. Eventuell førtidig innfriing av byteavtalar er ikkje talfest, sidan omfanget av desse transaksjonane er uvisst.

Dei samla renteutgiftene til staten under denne posten er anslått til 1 847 mill. kroner i 2014.

Underpost 89.17 Nye faste lån

Underposten omfattar renteutgifter på innanlandske obligasjonslån med faste rente- og avdragsterminar tekne opp etter 1. januar 2013. Kupongrenta vert betalt årleg og etterskotsvis, og difor er det lagt til grunn i utrekninga at faste lån som er tekne opp i 2013 ikkje gjev renteutgifter i 2014. Over- eller underkurs er budsjettert som omtalt under post 89.11. For 2014 er renteutgiftene på nye faste lån anslått til 1 900 mill. kroner.

Kap. 1651 Statsgjeld, avdrag og innløysing

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

98

Avdrag på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving

66 544 000

Sum kap. 1651

66 544 000

Post 98 Avdrag på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving

Posten omfattar avdrag på langsiktige statsobligasjonslån. Det er ikkje mogleg å gi noko godt overslag over omfanget av eventuelle tilbakekjøp og førtidige innfriingar, og ein har difor ikkje innarbeidd dette i budsjettet. Det er heller ikkje ynskjeleg å gå ut med talfesta overslag, sidan det kan gje staten mindre handlefridom i marknaden. Det er ikkje forfall av statsobligasjonslån i 2014, og det er difor ikkje rekna med avdrag i 2014.

Programkategori 24.20 Statlege krav, avsetningar m.m.

Den nordiske investeringsbanken (NIB)

Den nordiske investeringsbanken (NIB) vart skipa i 1975 etter avtale mellom regjeringane i dei nordiske landa. Avtalen er seinare revidert etter semje 23. oktober 1998. Frå 1. januar 2005 vart Estland, Latvia og Litauen medlemer av banken. NIB har hovudkontor i Helsingfors i Finland.

Nærare om låne- og garantiordningane i NIB

Hovudtyngda av verksemda til banken er vanlege investeringsutlån og garantiar. Dei vanlege utlåna vert finansierte med grunnkapitalen til banken. Utanom vanlege utlån og garantiar yter banken lån til prosjektinvesteringar utanfor Norden (PIL) og miljølån til prosjekt i nærområda til medlemslanda (MIL).

Grunnkapitalen

Grunnkapitalen er dels innbetalt kapital og dels garantikapital frå medlemslanda. Noregs garantiskyldnad overfor NIB er 1 243 659 651 euro. Finansdepartementet tilrår at Stortinget gjev Finansdepartementet fullmakt til å gje garantiar i 2014 for Noregs del av grunnkapitalen til NIB, fråtrekt innbetalt kapital, innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 1 243 659 651 euro, jf. framlegg til romartalsvedtak VII.1.

Prosjektinvesteringslån (PIL)

Gjennom PIL gjev banken lån til finansiering av prosjekt i land med relativt god betalingsevne, fyrst og fremst i Asia, Sentral- og Aust-Europa, Latin-Amerika og Afrika. NIB rapporterer jamleg om engasjementa under PIL. NIB gjev dessutan lån til bedriftsinvesteringar innanfor OECD-området.

Utlånsramma for prosjektlåneordninga (PIL) er 4 000 mill. euro. Garantiansvaret til medlemslanda er avgrensa til 90 pst. av kredittrisikoen ved kvart lån innanfor eit samla beløp på 1 800 mill. euro. Styret i NIB har vedteke at banken skal dekkja eventuelle tap under PIL, opp til ein viss sum som er avsett i eit eige fond. Fondet er bygt opp gradvis. I 2008 sette banken av 43,7 mill. euro av overskotet i 2007 til dette fondet.

Finansdepartementet tilrår at Stortinget for 2014 gjev departementet fullmakt til å gje garantiar for lån frå NIB i samband med PIL innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 329 309 000 euro, jf. framlegg til romartalsvedtak VII.2.

Samla avsetningar til tapsfond for prosjektlåneordninga er på 16 mill. kroner.

Miljølåneordninga (MIL)

Gjennom MIL gjev NIB lån til miljøprosjekt i nærområda til medlemslanda. Ordninga vert garantert 100 pst. av medlemslanda. Finansdepartementet tilrår at Stortinget gjev departementet fullmakt til å gje garantiar i 2014 for lån frå NIB under MIL innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 61 324 000 euro, jf. framlegg til romartalsvedtak VII.3.

Samla avsetningar til tapsfond for miljølåneordninga er på 45 mill. kroner, noko som utgjer snautt 10 pst. av Noregs garantiansvar for ordninga.

Den nordiske investeringsbanken er eit sams nordisk-baltisk tiltak. Reglar for økonomiforvaltninga i den norske statsforvaltninga kan difor ikkje utan vidare gjerast gjeldande. Forvaltinga av Noregs garantiskyldnader under PIL-ordninga og MIL-ordninga oppfyller ikkje føresegnene i økonomireglementet om forvalting av statlege garantiar. Dette gjeld reglane om at garantiordninga skal vera sjølvfinansierande og at staten skal stilla som enkel kausjonist, og krava om lineær nedtrapping av garantiansvaret, pro rata risikofordeling og valutaslag.

I tabell 5.29 er det gjeve ei samla oversikt over garantiordningane for Den nordiske investeringsbanken.

Tabell 5.29 Garantiordningar for Den nordiske investeringsbanken

(i 1 000 kr)

Utbetalt pga. tap i 2012

Samla garantiansvar 31.12.20121

Samla fullmakt i 2013 for nye og gamle garantiar2

Samla fullmakt i 2014 for nye og gamle garantiar2

1. Grunnkapital fråtrekt innbetalt kapital frå Den nordiske investeringsbanken

-

9 129 705

10 022 653

10 022 653

2. Prosjektinvesteringslån gjennom Den nordiske investeringsbanken

-

2 417 4573

2 653 901

2 653 901

3. Miljølån gjennom Den nordiske investeringsbanken

-

450 1793

494 210

494 210

Sum garantiar under Finansdepartementet

-

11 997 341

13 170 764

13 170 764

1 Omrekna frå euro 31. desember 2012 (kurs 7,341)

2 Omregna frå euro 28. august 2013 (kurs 8,059)

3 Ved ein feil vart det oppgjeve for høgt ansvar i Prop. 1 S (2012–2013) og i Meld. St. 3 (2012–2013) Statsrekneskapen 2012

Kap. 5341 Avdrag på uteståande fordringar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

91

Vanlege fordringar

3 188

95

Avdrag på lån til andre statar

216

200

300

98

Avdrag på eigenbehaldning statsobligasjonar

6 000 000

Sum kap. 5341

3 404

6 000 200

300

Post 91 Vanlege fordringar

På denne posten vert det ført eventuelle avdrag på lån, m.a. til næringsverksemd.

Post 95 Avdrag på lån til andre statar

I 1983 vart det gjeve lån til Jugoslavia på 40 mill. norske kroner, jf. St.prp. nr. 92 (1982–83) og Innst. S. nr. 262 (1982–83). Lånet var eit avdragslån med endeleg forfall i august 1999. Det vart betalt avdrag til og med terminen 1. februar 1991 og renter til og med terminen som forfall 1. februar 1992.

Etter oppløysinga av Jugoslavia vart lånet fordelt på dei enkelte republikkane. Låneskyldnadene for Kroatia, Slovenia og Bosnia-Hercegovina er gjort opp. Etter ein avtale i Paris-klubben fekk Serbia og Montenegro sletta 51 pst. av gjelda i 2002 og tok til å betala renter i 2003. Etter den same avtalen vart 30 pst. til av gjelda sletta i byrjinga av 2006. Det fyrste avdraget på lånet vart betalt i 2008. For 2014 er avdraga rekna til 0,3 mill. kroner.

Post 98 Avdrag på eigenbehaldning statsobligasjonar

Posten omfattar avdrag som staten får innbetalt på eigenbehaldning av statsobligasjonar som vert nytta til marknadspleie. Det er ikkje forfall av obligasjonslån i 2014, og det er difor ikkje rekna med avdrag i 2014.

Kap. 5351 Overføring frå Noregs Bank

Etter retningslinene for årsoppgjersdisposisjonane til Noregs Bank, fastsette i kgl.res. 21. desember 2000, skal eit eventuelt overskot setjast av til kursreguleringsfondet til banken til dess fondet utgjer ein viss prosentdel av dei av bankens innanlandske og utanlandske aktiva som inneber ein kursrisiko for han. Eit eventuelt overskot etter avsetningar til kursreguleringsfondet skal setjast i eit overføringsfond. Etter retningslinene skal ein tredel av overføringsfondet ved kvart årsoppgjer overførast til statskassa .

Etter berekning av risikoen for svingingar i resultatet til Noregs Bank i åra framover er storleiken på kursreguleringsfondet sett til 40 pst. av netto internasjonale krav og 5 pst. av banken si behaldning av innanlandske verdipapir. Retningslinene er nærare omtalte i St.prp. nr. 40 (2002–2003). Rekneskapen for 2012 tilseier at kursreguleringsfondet må byggjast opp til 110,0 mrd. kroner før det vert overført midlar til overføringsfondet. Ved utgangen av 2012 var kursreguleringsfondet på 73,3 mrd. kroner. Det er per i dag ikkje midlar i overføringsfondet, og det er ikkje venta overføringar frå Noregs Bank til statskassa korkje i 2013 eller 2014.

Kap. 5605 Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

80

Av statskassas foliokonto i Noregs Bank

642 031

1 002 200

233 200

81

Av verdipapir og bankinnskot i utanlandsk valuta

263

300

300

82

Av innanlandske verdipapir

1 496 578

1 097 200

1 579 500

83

Av alminnelige fordringar

27 214

30 000

30 000

84

Av driftskreditt til statsverksemder

174 191

201 700

309 800

85

Renteinntekter frå byteavtaler m.m.

4 500 336

3 265 800

790 300

86

Renter av lån til andre statar

386

400

200

87

Renteinntekter m.m. frå Statens finansfond

57 725

38 700

16 700

89

Garantiprovisjon

69 934

45 400

40 100

Sum kap. 5605

6 968 658

5 681 700

3 000 100

Post 80 Av statskassas foliokonto i Noregs Bank

Ved utgangen av 2012 var staten si kontantbehaldning i Noregs Bank om lag 131 mrd. kroner, mot 82 mrd. kroner ved utgangen av 2011.

Alle betalingar til og frå staten vert avrekna mot staten sin foliokonto i Noregs Bank. Det er store daglege svingingar på kontoane til staten, m.a. som følgje av skatteinnbetalingar og overføringar til Statens pensjonsfond utland. Utviklinga i kontantbehaldninga er heller uviss.

Renta av det inneståande på foliokontoen vert rekna ut på bakgrunn av den renta som Noregs Bank får på sine utanlandske krav. For 2014 er dei samla renteinntektene under denne posten anslått til 233 mill. kroner.

Post 81 Av verdipapir og bankinnskot i utanlandsk valuta

Posten omfattar m.a. renter på staten sine bankinnskot til bruk på utanriksstasjonane. For 2014 er renteinntektene under denne posten anslått til 0,3 mill. kroner.

Post 82 Av innanlandske verdipapir

Posten omfattar for det meste renteinntekter som staten får på eigenbehaldninga av statspapir som vert nytta til marknadspleieføremål.

For å gje eit meir korrekt bilete av dei årlege renteinntektene på eigenbehaldninga og dermed av dei årlege netto finansieringskostnadene til staten, vert over- eller underkurs ført etter dei same prinsippa som for statsgjelda, jf. omtale under kap. 1650, post 98. For 2014 er renteinntektene under denne posten anslått til 1 579 mill. kroner.

Post 83 Av alminnelege fordringar

Posten omfattar renteinntekter av innskot frå statens rekneskapsførarar i bankar utanom konsernkontoordninga, utlån som vert forvalta av Finansdepartementet og andre departement, og andre renteinntekter av alminnelege krav.

Inntektene på denne posten er vanskeleg å føreseia. På usikkert grunnlag er det for 2014 ført opp inntekter på 30 mill. kroner.

Post 84 Av driftskreditt til statsverksemder

Dei regionale helseføretaka kan ta opp lån i statskassa til investeringsføremål. Føretaka skal ikkje betala renter i opptrekksperioden. Rentene i denne perioden skal i staden kapitaliserast og leggjast til låna gjennom ei særskild låneløyving for opptrekksrenter under Helse- og omsorgsdepartementet, jf. kap. 732, post 83 og kap. 732, post 91. Post 84 her er den motsvarande inntektsposten. Etter opptrekksperioden skal rentene på låna innbetalast av føretaka og inntektsførast på særskilde postar under fagdepartementet.

I 2009 vart dei regionale helseføretaka sine driftskredittar i private bankar omgjorde til driftskredittar i staten, jf. kap. 732, post 86 under Helse- og omsorgsdepartementet. Føretaka betaler renter av trekka på driftskredittramma, og desse rentene vert òg inntektsførte under post 84.

For 2014 er renteinntektene under denne posten anslått til 310 mill. kroner.

Post 85 Renteinntekter frå byteavtalar m.m.

Ordninga med byte av statspapir mot obligasjonar med fortrinnsrett (OMF) inneber at staten og bankane byter statskassevekslar mot OMF i ein periode på opp til fem år. Deltakarane får utbetalt den løpande statskassevekselrenta frå staten i heile avtaleperioden, jf. kap. 1650, post 89, og betaler ei marknadsrente basert på NIBOR. Renteinntektene vert førte under kap. 5605, post 85. Eventuell førtidig innfriing av byteavtalar er ikkje talfest, sidan det er vanskeleg og lite føremålstenleg å anslå omfanget av desse transaksjonane.

Dei siste avtala under denne ordninga forfell i løpet av først halvår 2014, og ein anslår difor ein nedgang i staten sine inntekter under denne posten.

For 2014 er staten sine inntekter under denne posten anslått til 790,3 mill. kroner.

Post 86 Renter av lån til andre statar

Renteinntekter av lån til Serbia og Montenegro, jf. kap. 5341, post 95, vert førte under denne posten. For 2014 er renteinntektene anslått til 0,3 mill. kroner.

Post 87 Renteinntekter m.m. frå Statens finansfond

Statens finansfond vart skipa ved lov 9. mars 2009 nr. 12 om Statens finansfond.

Som varsla i Meld. St. 30 (2012–2013) legg Finansdepartementet opp til å avvikla Statens finansfond fyrste kvartal 2014 og overføra eventuelle resterande engasjement ved årsskiftet 2013/2014 til Folketrygdfondet for forvalting. Av dei 15 bankane som per 1. januar 2013 hadde gjenståande kapitalinnskot frå fondet, hadde 9 løyst inn per 1. september 2013. Det er tidlegare varsla at fleire vil løysa inn i løpet av hausten 2013. Til grunn for renteoverslaget for 2014 ligg reint teknisk at ikkje fleire løyser inn i 2013. Ved eventuell innløysing vert òg rentene betalte. Renteinntekter for 2014 er mot denne bakgrunnen vanskeleg å berekna presist.

Post 89 Garantiprovisjon

Island gjorde 19. november 2008 ein avtale med Det internasjonale valutafondet (IMF) om eit stabiliseringsprogram. For å finansiera programmet gjekk Noreg saman med Danmark, Finland og Sverige om å tilby langsiktige lån på til saman 2,5 mrd. USD. Det norske lånet er organisert som eit lån frå Noregs Bank til den islandske sentralbanken med garanti frå den islandske og den norske staten. Stortinget gav 14. mai 2009 Finansdepartementet fullmakt til å gje statsgaranti, jf. St.prp. nr. 47 (2008–2009) og Innst. S. nr. 221 (2008–2009). Låneavtalane vart underskrivne 5. juli 2009.

Det samla beløpet for dei nordiske lånetilsegnene er omrekna til euro og fastsett til 1 775 mill. euro. Den norske delen utgjer 480 mill. euro, dvs. om lag 3 868 mill. kroner ut frå valutakursen per 28. august 2013. Dei nordiske låna har like vilkår. Løpetida er 12 år med fem års avdragsfridom. Staten får ein garantiprovisjon på 2,5 pst. per år av uteståande lånebeløp.

I løpet av fyrste halvår 2012 valde Island å betala tilbake litt meir enn halvparten av de nordiske låna. Noregs Bank tok i mot til saman 281 mill. euro i ekstraordinære avdrag, fordelt på 99 mill. euro i mars og 182 mill. euro i juni dette året. Det uteståande beløpet er etter dette 199 mill. euro. Sidan Island betalte avdrag før tida, er neste ordinære avdrag på lånet forskuva frå siste kvartal 2014 til fyrste kvartal 2019.

Ut frå valutakursen per 28. august 2013 vert garantiprovisjonen til staten rekna til om lag 39,5 mill. kroner i 2013 og 40,1 mill. kroner i 2014.

Kap. 5692 Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

85

Utbyte

77 200

Sum kap. 5692

77 200

Den nordiske investeringsbanken betaler utbyte til medlemslanda i høve til den innskotne kapitalen. Storleiken på utbytet vert vedteken av styret i banken på grunnlag av resultatet av verksemda året før. For å styrkja eigenkapitalen vedtok styret at det ikkje skulle utbetalast utbyte for åra 2008–2011. Overskotet til banken var på 209 mill. euro i 2012, og styret vedtok eit utbyte til den norske stat på 9,5 mill. euro. Basert på same utbyte i 2014 som i 2013 og valutakursen per 28. august 2013 gjer departementet framlegg om å føra opp eit utbyte på 77,2 mill. kroner for 2014.

Kap. 5693 Utbyte av aksjar i ymse selskap m.m.

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2012

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

85

Utbyte frå Folketrygdfondet

987

900

1 100

Sum kap. 5693

987

900

1 100

Det er tidlegare lagt til grunn at staten skal ha normalt utbyte av den innskotne ansvarlege kapitalen i Folketrygdfondet, jf. Prop. 1 S (2009–2010) for Finansdepartementet. I tråd med dette er det for 2013 fastsett eit utbytekrav på 1 160 000 kroner. Utbytekravet er fastsett med utgangspunkt i ei femårig statsobligasjonsrente. For 2014 er det difor budsjettert med eit utbyte på 1,1 mill. kroner.

Til forsida