Prop. 1 S Tillegg 3 (2010–2011)

For budsjettåret 2011 — Endring av Prop. 1 S om statsbudsjettet for 2011 (tilleggsløyve etter tildelingsrunden 2009 og tiltak for berekraftig havbruk)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Våren 2009 vart det lyst ut 65 nye løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure, jf. St.prp. nr. 1 tillegg nr. 4 og Budsjett-innst. S. I (2008-2009). Tilsegn på nye løyve vart gitt av Fiskeridirektoratet sine regionkontor sommaren 2009. Det kom i ettertid inn mange klager på tildelingsrunden til Fiskeridirektoratet i Bergen som var klageinstans. Klagehandsaminga har teke lang tid, i nokre tilfelle over eit år.

Talet på løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure er avgrensa. Det inneber at når ein søkjar får medhald i sin klage og dermed får eit løyve, vil ein av dei som tidlegare har fått tilsegn samstundes måtte miste sitt løyve.

Til forsida
Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.