1 Innleiing
Havbruksnæringa er ei viktig næring i vekst. Regjeringa ynskjer å legge til rette for ei berekraftig og konkurransedyktig næring som kan bidra til aktivitet og verdiskaping langs kysten. Siste kapasitetstildeling fann stad i 2011 då Troms og Finnmark fekk 5 prosent kapasitetsauke, i form av auka MTB (maksimal tillaten biomasse) per løyve. Kapasitetsvekst i resten av landet vart utsett, grunna lakselussituasjonen fleire stader langs kysten. I Prop. 1 S (2012-2013) for Fiskeri- og kystdepartementet er det opplyst at det ville bli gjort ei ny vurdering av spørsmålet om kapasitetsvekst i løpet av 2012.
Fiskeri- og kystdepartementet har i samråd med Miljøverndepartementet bedt om faglege statusrapportar frå relevante direktorat og institutt. Rømmingssituasjonen er vurdert av Havforskingsinstituttet (HI) og Norsk institutt for naturforsking (NINA). Sjukdom og smitte er vurdert av HI, Veterinærinstituttet og NINA, medan HI også vart bedt om å vurdere situasjonen for forureining og utslepp. Fiskeridirektoratet, Mattilsynet, Klima- og forureiningsdirektoratet og Direktoratet for naturforvaltning vart bedne om å gi vurderingar innanfor sine kompetansefelt.
Regjeringa meiner at det er rom for vekst i havbruksnæringa i 2013. Regjeringa vil opne for å tildele inntil 45 nye grøne løyve, for å stimulere til utvikling av nye teknologiske løysingar som legg til rette for å redusere miljøutfordringane i næringa.