1 Endringar i statsbudsjettet 2013 under Fiskeri- og kystdepartementet
Kap. 1030 Fiskeridirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Det vart overført 4,1 mill. kroner for lite til Fiskeridirektoratet frå 2012 til 2013. Fiskeri- og kystdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1030, post 01 med 4,1 mill. kroner i 2013.
Kap. 4030 Fiskeridirektoratet
Post 13 Inntekter vederlag oppdrettskonsesjonar
Løyvinga over kap. 4030, post 13 er på 450 mill. kroner i 2013. Innbetaling av vederlag vil ikkje skje før saksbehandlinga er sluttført. Saksbehandlinga vil ta lengre tid enn berekna, og alle vederlaga vil bli innbetalt i 2014. Fiskeri- og kystdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 4030, post 13 med 450 mill. kroner.
Kap. 1050 Diverse fiskeriformål
Post 60 Tilskot til fylkeskommunar
Løyvinga på kap 1050, post 60 er på 180 mill. kroner i 2013. Det vises til omtale under kap. 4030, post 13 der det framgår at vederlag for oppdrettskonsesjonar ikkje vil bli innbetalt før i 2014. Tilskot vil derfor ikkje bli utbetalt før i 2014.
I Prop. 1 S Tillegg nr. 1 er det lagt til grunn at 40 pst. av vederlaget for oppdrettskonsesjonane som er lyst ut 1. juli 2013 skal tilfalle vertskommunane for dei nye konsesjonane, ikkje fylkeskommunane. Alle vederlaga vil bli innbetalt i 2014.
Fiskeri- og kystdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 1050, post 60 med 180 mill. kroner.
Kap. 1062 Kystverket
Post 01 Driftsutgifter
I 2011 vart det avdekka eit omfattande underslag i Kystverket. Det er anslått eit tap knytt til Kystverket si løyving til navigasjonsinnretningar på om lag 19 mill. kroner.
I revidert budsjett 2013 vart løyvinga på kap. 1062, post 01 auka med 2,5 mill. kroner, samtidig som løyvinga på kap. 4062, post 02 vart auka tilsvarande, for at tilbakebetalte midlar kunne brukast til å dekkje utgifter til inndriving av krav mv. og for å redusere tapet som skuldast underslaget.
Ein eigendom i Thailand er no seld for 2,9 mill. kroner. Fiskeri- og kystdepartementet foreslår at desse inntektene på same måte brukast til å dekkje utgifter til inndriving av krav og for å redusere tapet som skuldast underslaget. Fiskeri-og kystdepartementet foreslår derfor at løyvinga på kap. 1062, post 01 aukast med 2,9 mill. kroner, samtidig som inntektsløyvinga på kap. 4062, post 02, aukast tilsvarande.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten dekkjer utgiftar til aksjonar for å bekjempe akutt forureining og redusere faren for forureining ved å fjerne drivande gjenstandar i leia som er til fare for skipsfarten. I tillegg dekkjer posten utgifter til utgreiingar og undersøkingar knytt til handteringa av u-båten U-864 utanfor Fedje. For å kunne overføre mindreforbruk på posten, foreslår Fiskeri- og kystdepartementet at kap. 1062, post 21 tilføyast stikkordet «kan overførast» i 2013.
Kap. 4062 Kystverket
Post 02 Andre inntekter
Løyvinga på kap. 4062, post 02 foreslås auka med 2,9 mill. kroner, jf. omtale under kap 1062, post 01.
Kap. 2540 Stønad under arbeidsløyse til fiskarar og fangstmenn
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Løyvinga over kap. 2540, post 70 er på 65 mill. kroner i 2013. Oppdaterte anslag frå Garantikassen for fiskarar viser behov for ei løyving på 100 mill. kroner i 2013. Ordninga er finansiert gjennom produktavgifta.
Fiskeri- og kystdepartementet foreslår å auke løyvinga over kap. 2540, post 70 med 35 mill. kroner til 100 mill. kroner i 2013.