Tilråing
Finansdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til å setje i kraft ein overenskomst mellom Kongeriket Noreg og Macaos Spesielle Administrative Region i Folkerepublikken Kina om opplysninger i skattesaker, underskriven i Paris 29. april 2011.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til å setje i kraft ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Macaos Spesielle Administrative Region i Folkerepublikken Kina om opplysningar i skattesaker, underskriven i Paris 29. april 2011 i samsvar med eit vedlagt forslag.