Prop. 124 S (2011–2012)

Endringar i statsbudsjettet for 2012 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar samt bruk av midlar til styrking av fastlegeordninga)

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet for 2012 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar samt bruk av midlar til styrking av fastlegeordninga)

I

Stortinget samtykker i at Helse- og omsorgsdepartementet får fullmakt til å gjere endringar i løyvingane til trygderefusjonane for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2012 på grunnlag av eventuelle avtalar med Den norske legeforening, Norsk Psykologforening og Norsk Fysioterapeutforbund frå same dato.