Prop. 13 S (2013–2014)

Endringar i statsbudsjettet 2013 under Justis- og beredskapsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag om endringar

Kap. 400 Justis- og beredskapsdepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker ordinære driftsutgifter i Justis- og beredskapsdepartementet.

Det vert foreslått å redusere løyvinga under kap. 400, post 01 med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under kap. 430, post 01, jf. omtale under kap. 430.

For å sikre riktig postbruk vert det foreslått å auke løyvinga med 2,3 mill. kroner knytt til utgifter for konsulentar og utval under kap. 400, post 01 mot tilsvarande reduksjon under kap. 440, post 01.

Oppsummering

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 400, post 01 med 1,3 mill. kroner.

Kap. 410 Tingrettane og lagmannsrettane

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker utgifter til faste og variable lønnsutgifter og lønnsutgifter til tilkalla og ekstraordinære dommarar.

I samanheng med Stortingets vedtak i Innst. 275 L (2010–2011)om innføring av datalagringsdirektivet, vert løyvinga til domstolane auka med 12 mill. kroner til ei vaktordning ved Oslo tingrett. Tidspunktet for når lova trer i kraft er utsett.

På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 410, post 01 med 12 mill. kroner.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga dekker utgifter som etter rettsgebyrlova er inkludert i rettsgebyret, jf. kap. 3410. Dette er m.a. kunngjeringsutgifter, nødvendige utgifter ved tvangsforretningar, registrering m.m. under offentleg bubehandling og forkynning som er nødvendig etter lova. I enkelte saker blir utgifter til meddommarar og rettsvitne dekte. Løyvinga dekker også arbeidsgjevaravgift av godtgjering til meddommarar og tolkar i sivile saker kor partane sjølv dekker godtgjeringa.

I samanheng med at det lovbestemte kravet om kunngjering blei fjerna, er halvårsverknaden av innsparinga på 26,5 mill. kroner. På grunn av etterslep av fakturering for kunngjeringane, vert innsparing for 2013 mindre enn forventa.

På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga med 5,9 mill. kroner.

Det vert foreslått ei delvis inndekning gjennom ei nedjustering av kap. 460, post 01 med 0,2 mill. kroner, kap. 468, post 01 med 1,3 mill. kroner, kap. 470, post 72 med 0,5 mill. kroner, kap. 472, post 01 med 1 mill. kroner, kap. 473, post 01 med 1,1 mill. kroner og kap. 474, post 01 med 0,5 mill. kroner. I sum vert det foreslått ei inndekning på 4,6 mill. kroner.

Kap. 3410 Rettsgebyr

Post 01 Rettsgebyr

På posten vert det ført inntekter frå gebyrpliktige oppgåver i domstolane i samband med sivile saker, tinglysing, skjønn, tvangsforretning, skifte, konkurs m.m.

I Prop. 1 S (2012–2013) blei det foreslått å gebyrlegge notarialforretningar inkl. vigslar i domstolane og oppbevaring av testament i domstolane frå 1. april 2013. Løyvinga under kap. 3410, post 01 blei derfor auka med 20,6 mill. kroner i Saldert budsjett 2013.

Forseinkingar med lovarbeidet gjorde at lova trådde i kraft først frå 1. juli 2013. Som eit resultat av utsetjinga og noko høgare gebyrsatsar i det endelege lovforslaget i Prop. 148 L (2012–2013) blei løyvinga redusert med 2 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett 2013.

I samanheng med Stortingets behandling av Prop. 148 L blei det avgjort at vigslar likevel ikkje skal gebyrleggast. Dette fører til ein årleg inntektsreduksjon på 12 mill. kroner (Prop. 148 L). Halvårsverknaden er 6 mill. kroner. Rekneskapstala viser i tillegg ein nedgang i inntektene som det også må takast høgde for.

Det vert på denne bakgrunnen foreslått å nedjustere løyvinga med 24 mill. kroner.

Kap. 413 Jordskiftedomstolane

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker faste og variable lønnsutgifter.

Løyvinga vert foreslått auka med 3 mill. kroner, til kjøp av teknisk utstyr til jordskiftedomstolane.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Jordskifteretten har heimel til å kreve inn sideutgifter i visse saker. Sideutgiftene skal dekke det tekniske arbeidet i desse sakene. Utgiftene vert førd i eigne saksrekneskap, og utgifter og inntekter skal vere i balanse når saka er fullstendig. Løyvinga på posten samsvarer med tilsvarande utgifter over kap. 3413, post 02.

På bakgrunn av rekneskapstal vert løyvinga under kap. 3413, post 02 foreslått auka med 3 mill. kroner. Kap. 413, post 21 vert følgeleg foreslått auka med tilsvarande sum.

Kap. 3413 Jordskiftedomstolane

Post 01 Saks- og gebyrinntekter

Løyvinga på posten omfattar inntekter ved at partane i saka betaler gebyr.

I samanheng med overgang til eit felles rekneskapssystem, er det inntektsført 6 mill. kroner ekstra som jordskiftedomstolane har hatt som reserve tidlegare. Følgeleg vert løyvinga foreslått auka med 6 mill. kroner.

Post 02 Sideutgifter

Løyvinga på posten er knytt til tilsvarande utgifter under kap. 413, post 21.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 3413, post 02 foreslått auka med 3 mill. kroner.

Kap. 430 Sentralforvaltninga for kriminalomsorga

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker ordinære driftsutgifter i kriminalomsorga.

Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03. Inntektene under kap. 3430, post 03 er venta å bli høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2013. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 430, post 01 og kap. 3430, post 03 med 2 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3430, post 03.

Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 04. Inntektene under kap. 3430, post 04 er venta å bli høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2013. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 430, post 01 og kap. 3430, post 04 med 0,6 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3430, post 04.

Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) vart skild ut frå Justis- og beredskapsdepartementet i juni 2013. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2013 vart det følgjeleg overført 20 årsverk til direktoratet. Seinare er det bestemt at tre årsverk i tillegg skal overførast KDI.

Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 430, post 01 med 1 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon under kap. 400, post 01, jf. omtale under kap. 400.

Oppsummering

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 430, post 01 med 3,6 mill. kroner.

Post 60 Refusjonar til kommunane, forvaringsdømde mv., kan overførast

Løyvinga dekker refusjonar til kommunale omsorgstiltak for prøvelauslatne frå forvaring og varetektssurrogat. I 2013 er det venta ein reduksjon i utgiftene under kap. 430, post 60. Årsaka er i hovudsak at kriminalomsorga rekna med at forvaring vart forlenga for nokre personar slik at dei framleis ville kome inn under refusjonsordninga, mens retten valde å ikkje forlenge forvaringa. Dette førte til lågare utbetaling enn berekna. I tillegg fant ikkje retten å ville lauslate frå fengsel der kriminalomsorga hadde rekna med dette. Dette har også ført til redusert forbruk på posten.

Det vert derfor foreslått å redusere løyvinga under kap. 430, post 60 med 36 mill. kroner.

Kap. 3430 Sentralforvaltninga for kriminalomsorga

Post 03 Andre inntekter

Løyvinga dekker mellom anna leigeinntekter for teneste- og leigebustadar, refundert kost og husleige, klientavhengige driftstilskot til overgangsbustadene og tilskot frå andre offentlege verksemder til gjennomføring av prosjekt. Inntektene på posten er venta å verte høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2013. Dette skuldast mellom anna større eingongstilskot frå andre offentlege verksemder, mellom anna frå Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) (kompetansemidlar).

Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 3430, post 03 med 2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke i løyvinga under kap. 430, post 01, jf. omtale under kap. 430, post 01.

Post 04 Tilskot

Løyvinga dekker tilskot til deltaking i internasjonalt fengselssamarbeid under EØS finansieringsmekanismane.

Tilskot til samarbeid med EØS er venta å bli høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2013. Prosjektmidlar blir gjort tilgjengeleg for kriminalomsorga etterskotsvis etter innsendt dokumentasjon av utgifter. Utbetalingane i 2013 er venta å bli 2,7 mill. kroner.

Det vert derfor foreslått å auke løyvingane under kap. 3430, post 04 og kap. 430, post 01 med 0,6 mill. kroner, jf. omtale under kap. 430, post 01.

Kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 441, post 01

Løyvinga dekker alle ordinære driftsutgifter ved Politidirektoratet, politidistrikta (ikkje Oslo politidistrikt), politireserven og politiet sine særorgan (ikkje Politihøgskulen).

Omdisponeringar

Det vert foreslått å redusere løyvinga med 2,3 mill. kroner knytt til utgifter for konsulentar og utval, jf. omtale under kap. 400, post 01.

I samband med felleskostnadar for politiet vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 32,7 mill. kroner, mot ein reduksjon under kap. 441, post 01 på 31,9 mill. kroner og ein reduksjon under kap. 442, post 01 på 0,8 mill. kroner.

Det vert foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 1,4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 441, post 01, jf. omtale under kap. 441, post 01.

Fleire uttransporteringar

Regjeringa vil styrke returarbeidet og auke innsatsen for retur av kriminelle utlendingar. For å kunne auke talet på uttransporteringar av utlendingar utan lovleg opphald med ytterlegare 700, vert det foreslått å auke løyvinga til saman 16,1 mill. kroner, av dette 3,1 mill. kroner under kap. 440, post 01. Sjå òg omtale under kap. 440, post 21 og kap. 490, post 72.

Registrering av asylsøkjarar

Politiets Utlendingseinig må auke innsatsen på registrering når det kjem fleire asylsøkjarar. Prognosane syner at det vil kome 2 000 fleire asylsøkjarar i 2013 enn tidlegare lagt til grunn. Justis- og beredskapsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga med til saman 8,6 mill. kroner, av dette 4,9 mill. kroner under kap. 440, post 01, jf. omtale under kap. 440, post 21.

Parallelljusteringar

Salsinntekter

Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 03. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling i 2013 vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 18,6 mill. kroner.

Gebyr- vaktselskap

Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 04. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling i 2013, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 440, post 01 med 9,2 mill. kroner, jf. omtale under kap. 441, post 01 og kap. 3440, post 04.

Gebyr – utlendingssaker

Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 06. Som følgje av redusert gebyr og sakstilgang, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 440, post 01 med 3,6 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3440, post 06.

Oppsummering

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 45,6 mill. kroner.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Uttransporteringar

Løyvinga dekker sideutgifter som politi- og lensmannsetaten har i samband med asylsaker, under dette utgifter til uttransportering i asylsaker og andre utlendingssaker. Måltalet for uttransporteringar med tvang var 4 700 i saldert budsjett 2013. Etter ei tilleggsløyving i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2013 vart måltalet auka med 400, til 5 100. Regjeringa foreslår å auke måltalet med ytterlegare 700 i 2013, til 5 800. Det vert foreslått å auke løyvinga med til saman 16,1 mill. kroner, av dette 13 mill. kroner under kap. 440, post 21, jf. tilsvarande reduksjon under kap. 490, post 72. Sjå også omtale under kap. 440, post 01 og kap. 490, post 72.

Registrering av asylsøkjarar

Politiet må auke innsatsen på registrering når det kjem fleire asylsøkjarar, jf. omtale under post 01. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga med til samen 8,6 mill. kroner, av dette 3,7 mill. kroner under kap. 440, post 21. Sjå også omtale under kap. 440, post 01.

Soningsoverføringar

Regjeringa vil styrke innsatsen for soningsoverføring og retur av kriminelle utlendingar. Regjeringa foreslår å avsette midlar til å finansiere heimtransport av 15 innsette slik at dei kan halde fram med soning i heimlandet (soningsoverføring). Det vert derfor foreslått å auke løyvinga med 0,5 mill. kroner.

Oppsummering

Samla vert løyvinga under kap. 440, post 21 foreslått auka med 17,2 mill. kroner.

Post 22 Søk etter omkomne på havet, i innsjøar og vassdrag, kan overførast

Løyvinga dekker utgifter til søk etter omkomne på havet, i innsjøar og vassdrag. Løyvinga på posten dekker også nokre personellutgifter og eventuelle utgifter til å betre søkjemetodane.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 22 med 1,9 mill. kroner.

Post 23 Sideutgifter i samband med sivile gjeremål

Løyvinga dekker sideutgifter i samband med dei sivile gjeremåla. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 23 med 7 mill. kroner.

Kap. 3440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

Post 03 Salsinntekter

Løyvinga dekker inntekter frå innbyte og sal av utskifta køyretøy m.m. Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 03. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3440, post 03 med 18,6 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440, post 01.

Post 04 Gebyr – vaktselskap

Løyvinga dekker eingongsgebyr til dekking av utgifter ved behandling av søknader og gebyr ved feilalarmar der politi- og lensmannsetaten rykkjer ut. Posten dekker også gebyr for Oslo politidistrikt. Justis- og beredskapsdepartementet har fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 04. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3440, post 04 med 9,2 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440, post 01.

Post 06 Gebyr – utlendingssaker

Løyvinga dekker gebyr i samband med søknader om statsborgarskap, familieinnvandring og løyve for arbeid, busetting og utdanning. Som følge av redusert gebyr og sakstilgang, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3440, post 06 med 3,6 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440, post 01.

Kap. 441 Oslo politidistrikt

Post 01 Driftsutgifter

Omdisponeringar

Løyvinga dekker alle ordinære driftsutgifter ved Oslo politidistrikt. På bakgrunn av forslag om å redusere løyvinga under kap. 3440, post 04, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 441, post 01 med 1,4 mill. kroner mot tilsvarande auke av løyvinga under kap. 440, post 01, jf. omtale under kap. 440, post 01 og kap. 3440, post 04.

Det vert foreslått å overføre 31,9 mill. kroner frå kap. 441, post 01 til kap. 440, post 01 knytt til felleskostnadar for politiet.

Oppsummering

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 441, post 01 med 33,3 mill. kroner.

Bestillingsfullmakt

Oslo politidistrikt har fått midlar til ulike anskaffingar for køyretøy, helikopterutstyr og spesialutstyr i 2013. For at Oslo politidistrikt skal kunne foreta bestillinger av nytt materiell som kjem til utbetaling neste år vert det foreslått ei bestillingsfullmakt på 25 mill. kroner under kap. 441, post 01, jf. forslag til vedtak.

Kap. 442 Politihøgskulen

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker lønnsutgifter og andre driftsutgifter ved Politihøgskulen.

På bakgrunn av endra inntektsanslag under kap. 3442, post 03, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 442, post 01 med 5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3442, post 03.

Vidare vert det foreslått å overføre 0,8 mill. kroner frå kap. 442, post 01 til kap. 440, post 01 knytt til felleskostnadar for politiet.

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 442, post 01 med 4,2 mill. kroner.

Kap. 3442 Politihøgskulen

Post 03 Inntekter frå Justissektorens kurs- og øvingssenter

Løyvinga dekker inntekter frå drifta av Justissektorens kurs- og øvingssenter i Stavern. På bakgrunn av endra inntektsanslag vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3442, post 03 med 5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 442, post 01.

Kap. 451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Post 21 Særskilte driftsutgifter, kan overførast.

DSB administrerer helikopterberedskapen for skogbrann i Noreg. Løyvinga dekker kostnadane tilknytta flytimar. Vidare dekker posten tilskot til SINTEF/Norges brannlaboratorium.

Skogbrannane i Noreg har medført meirutgifter på 0,5 mill. kroner som følge av meir omfattande bruk av skogbrannhelikopter enn venta. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga på kap. 451, post 21 med 0,5 mill. kroner.

Kap. 455 Redningstenesta

Post 21 Redningsutgifter

Løyvinga dekker utgifter til å engasjere private selskap, til dømes helikopterselskap, og frivillige redningsorganisasjonar i det enkelte redningstilfellet, refusjon til frivillige hjelparar for innsats i redningstenesta, forbruk og erstatning av tapt materiell mv. Forbruket på posten er vanskeleg å anslå. Utgiftene varierer med mengde og omfang av redningsaksjonar. Det har m.a. vore ei generell auke i talet på hendingar.

Rekneskapstal hausten 2013 visar at det har vore eit vesentleg meirforbruk på posten i siste halvår 2013. Dette skuldast at hendingane har kravd større bruk av sivile helikopter- og flyressursar enn før. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 455, post 21 med 5 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga dekker diverse investeringar til Hovudredningssentralen, og enkelte investeringar knytt til COSPAS-SARSAT. Løyvinga dekker også investeringar i redningshelikoptertenesta. Investeringane under posten er ein føresetnad for å ivareta dei nasjonale og internasjonale forpliktingane i redningstenesta.

Stortinget samtykka i desember 2011 å gå til kjøp av 16 nye redningshelikopter med tilhøyrande reservedelar, utstyr- og treningspakkar, jf. Prop. 146 S (2010–2011) innkjøp av nye redningshelikoptre mv. i perioden 2013–2020, jf. Innst. 82 S (2010–2011). Dette er ei stor og viktig investering i redning og beredskap i Noreg, og vil på vesentlege område betre redningshelikoptertenesta si evne til å løyse samfunnsoppgåver som søk, redning, luftambulanse og andre viktige oppgåver. Kostnadsramma for dette og tilknytte anskaffingar i infrastruktur er inntil 16,8 mrd. målt i 2011-kroner.

Regjeringa har vedteke å innleie sluttforhandlingar med selskapet AgustaWestland Ltd. om levering av nye redningshelikoptre til erstatning for Sea King-helikopter i redningstenesta i dag. Det er eit mål å inngå kontrakt innan utgangen av 2013.

Justis- og beredskapsdepartementet vil utarbeide forslag til ny styrings- og kostnadsramme som skal gjennom ei ekstern kavlitetssikring (KS 2) som må bli forenkla av den grunn at det føreligg ein undertekna kontrakt. Regjeringa vil koma attende til Stortinget med forslag om redusert kostnadsramme i lys av ny informasjon etter gjennomført konkurrane.

I budsjettet for 2013 er det tatt høgde for utbetaling i samband med inngåing av kontrakt om nye redningshelikopter i samsvar med vanlig prosedyre i slike avtalar. Løyvinga er lagt til kapittel 2309 tilfeldige utgifter grunna forhandlingane.

På bakgrunn av oppdaterte anslag på utbetalingar knytt til inngåing av kontrakt vert løyvinga på kap. 455, post 45 foreslått auka med 939 mill. kroner. Løyvinga på kapittel 2309 vert foreslått redusert i samsvar med oppdatert anslag.

Post 71 Tilskot til frivillige organisasjonar i redningstenesta

Løyvinga dekker tilskot til dei frivillige organisasjonane i redningstenesta.

I Prop. 77 S (2012–2013), jf. Innst. 448 S (2012–2013) vart dei frivillige organisasjonane tatt opp som brukarar i Naudnett, og får dekt sine kostnadar knytt til Naudnett.

Kjøpet av radioterminalar til dei frivillige organisasjonane i Naudnett i 2013 er avslutta, men det er ikkje forventa at faktura vil forfalle til betaling i 2013, jf. nærmare omtale under kap. 456. På denne bakgrunn vert det foreslått at løyvinga under kap. 455, post 71 blir redusert med 3,246 mill. kroner.

Post 72 Tilskot til nød- og sikkerheitstenesta

Løyvinga dekker mellom anna tilskot til Telenor for den samfunnspålagde tenesta som Telenor utfører i samanheng med Kystradioen si naud- og sikkerheitsteneste.

Det er venta eit mindreforbruk på 1,3 mill. kroner på posten. På denne bakgrunn vert det foreslått redusere løyvinga med 1,3 mill. kroner.

Kap. 456 Direktoratet for naudkommunikasjon

Investeringa i nytt digitalt radiosamband over heile landet er ei stor satsing på samfunnstryggleik. Det nye naudnettet gir betre kommunikasjon internt i politiet, brannvesen og helsevesen og mellom naudetatane. Dette gir dermed raskare og betre koordinert hjelp til publikum ved ulykker og kriser. Ved å skifte ut gammalt utstyr og nyttiggjere moglegheitane i ny teknologi, vert naudetatane si daglege operative verksemd styrka.

Naudnett trinn 1 er ferdig utbygd og i full drift. DNK betaler driftskostnader til leverandøren og kundane vert fakturerte for abonnementskostnader i tråd med inngåtte avtaler. Utbygginga i resten av landet (trinn 2) er i full i gang og Naudnett tas i bruk i fyrste del av trinn 2, dvs. politidistrikta Hedmark, Vestoppland og Gudbrandsdalen i år. Politiet har, med unntak av dei nordlege fylka kor denne delen av leveransen blir tatt i bruk i 2014, tatt i bruk kommunikasjonssentralane sine i Naudnettleveransen.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker staten sine kostnader knytt til drift av DNK og staten sine plikter som følgje av utbygging og drift av Naudnett. Som følge av Stortinget sitt vedtak om landsdekkande Naudnett omfattar løyvinga m.a. kostnader til prosjektering i direktoratet knytt til trinn 2, driftskostnadar for innføringsprosjekt brann, tilleggselement innan brann og helse og drift av nettet i trinn 2 i utbyggingsperioden. Kostnader til drift av Naudnett inkluderer kostnader til leige av datalinjer og innplassering av nytt utstyr i eksisterande basestasjonar.

Når det gjeld utbygging av basestasjonar, har progresjonen i fyrste del av trinn 2 vore noko lågare enn planlagd, noko som har ført til at einskilde betalingstidspunkt har blitt utsett. Leverandøren meiner at målet om å vere ferdig innan utgangen av 2015 er realistisk og oppnåeleg, og har ikkje varsla DNK om forseinka sluttdato. Utbygginga vert følgd nøye opp av DNK og departementet. DNK opplyser at dei betalingstidspunkta i kontrakten som ikkje vert nådd i fjerde kvartal 2013 som budsjettert, vil forfalle til betaling i 2014.

Forslag om redusert løyving medfører ikkje endringar i kostnadsramma på 4 700 mill. kroner, der styringsramma utgjer 3 950 mill. kroner (2010).

Justis- og beredskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 456, post 01 med totalt 25,183 mill. kroner som ein konsekvens av usikkerheit rundt utbetalingstidspunkt. Av dette er 5 mill. kroner knytt til driftskostnadane for Naudnett trinn 2. 20 mill. kroner er knytt til lågare utgifter til upårekna forhold enn lagt til grunn i Gul bok 2013.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast.

Løyvinga dekker staten sine utgifter knytt til investering i radionett og utstyr til naudetatane sine kommunikasjonssentralar- og terminalar i 2013. Det er vidare sett av midlar til støtte til naudetatane sine innføringsprosjekt.

Justis- og beredskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 456, post 45 med totalt 295 mill. kroner i 2013. Av dette er 65 mill. kroner knytt til at leverandøren ikkje når alle planlagde betalingstidspunkt, jf. kap. 456, post 01. 50 mill. kroner er knytt til forseinka ferdigstilling av basestasjonar. Vidare er 5 mill. kroner knytt til utsett kjøp av kommunikasjonssentral til HRS til 2014 og 5 mill. kroner er knytt til at kjøpet av radioterminalar til dei frivillige organisasjonane i Naudnett i 2013 er avslutta, men at det ikkje er forventa at faktura vil forfalle til betaling i 2013. Løyvinga vert og foreslått redusert med 170 mill. kroner som følge av mindre bruk av forventa tillegg enn lagt til grunn i budsjettet.

Kap. 3456 Direktoratet for naudkommunikasjon

Post 01 Brukarbetaling

Løyvinga dekker brukarbetaling knytt til utgifter til drift av Naudnett.

Som følge av forsinka innføring av frivillige organisasjonar i Naudnett vert det foreslått at løyvinga på kap. 3456, post 01 vert redusert med 3,1 mill. kroner, jf. omtale under kap. 456, post 01.

Post 02 Variable refusjonar

Løyvinga dekker refusjonar frå brukarar av Naudnett i samband med at DNK har variable drifts- og utbyggingsutgifter som vert initiert av brukarane.

Som følge av forsinka innføring av frivillige organisasjonar i Naudnett vert løyvinga på kap. 3456, post 02 foreslått redusert med 0,2 mill. kroner, jf. omtale under kap. 456, post 01.

Kap. 460 Spesialeininga for politisaker

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker driftsutgifter til Spesialeininga for politisaker.

Det vert foreslått å redusere kap. 460, post 01 med 200 000 kroner mot ei lik oppjustering av kap. 410, post 21, jf. postomtale under kap. 410.

Kap. 466 Særskilde straffesaksutgifter m.m.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker utgifter til salær og reise- og kostgodtgjering til forsvararar, bistandsadvokatar, tolkar og sakkunnige som er oppnemnd av retten i den einskilde saka eller av Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker. Løyvinga dekker òg tapt arbeidsforteneste til tolkar og sakkunnige som ikkje har krav på salær i straffesaker. Løyvinga dekker vidare visse utgifter til Den rettsmedisinske kommisjon, som honorar/godtgjering og reise- og kursutgifter. Løyvinga dekker dessutan salær og reise- og opphaldsutgifter til aktor i militære straffesaker, visse utgifter i sivile saker og utgifter i Justis- og beredskapsdepartementet til omsetting i rettsoppmodings- og utleveringssaker.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 466, post 01 med 47 mill. kroner

Kap. 467 Norsk Lovtidend

Post 01 Driftsutgifter

Norsk Lovtidend inneheld kunngjeringar av lover, forskrifter og ein del andre vedtak. Løyvinga på posten dekker utgifter til tilverking av manuskript og arbeidet med den elektroniske utgåva av Norsk Lovtidend.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 467, post 01 med 1 mill. kroner.

Kap. 468 Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker godtgjersle til kommisjonens medlemer og anna godtgjersle, lønn til medarbeidarane til sekretariatet samt andre driftsutgifter knytt til sekretariatet til kommisjonen.

Det vert foreslått å redusere kap. 468, post 01 med 1,3 mill. kroner mot ei lik oppjustering av kap. 410, post 21, jf. omtale under kap. 410.

Kap. 470 Fri rettshjelp

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker utgifter til sakkunnige og meddommarar m.m. i saker der det er gitt fri sakføring. Grunna ordninga sin karakter er det vanskeleg å vurdere utgiftene.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 470, post 01 med 2 mill. kroner.

Post 70 Fri sakførsle

Løyvinga dekker utgifter til advokat m.m. i saker der det er gitt heil eller delvis fri sakførsle.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 470, post 70 med 38 mill. kroner.

Post 71 Fritt rettsråd

Løyvinga dekker utgifter til advokatar og rettshjelparar i saker der det er gitt fritt rettsråd.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470, post 71 med 13,5 mill. kroner.

Post 72 Tilskot til særskilde rettshjelpstiltak

Løyvinga dekker primært tilskot til rettshjelpsverksemd.

Det vert foreslått å redusere løyvinga under kap. 470, post 72 med 0,5 mill. kroner mot ei lik oppjustering av kap. 410, post 01, jf. postomtale under kap. 410.

Kap. 3470 Fri Rettshjelp

Post 01 Tilkjende sakskostnader m.m.

Sakskostnader tilkjend staten i benefiserte saker vert førd under denne posten.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å nedjustere løyvinga under kap. 3470, post 01 med 2 mill. kroner.

Kap. 471 Statens erstatningsansvar

Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving

Utbetalingar som følger av at staten er erstatningsansvarleg etter dei alminnelege erstatningsreglane eller har inngått forlik utan å vedgå ansvar, vert belasta denne posten. Løyvinga dekker ikkje utbetalingar som følger av staten sitt ansvar i kontrakttilhøve og ansvar i samband med staten si forretningsdrift.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 471, post 71 med 55 mill. kroner.

Kap. 472 Valdsoffererstatning og rådgiving til offer for kriminalitet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker driftsutgifter til Kontoret for valdsofferserstatning og Rådgivingskontora for offer for kriminalitet.

Det vert foreslått å redusere kap. 472, post 01 med 1 mill. kroner mot ei lik oppjustering av kap. 410, post 21, jf. omtale under kap. 410.

Post 70 Erstatning til offer for vald, overslagsløyving

Løyvinga er ei regelstyrd overslagsløyving og skal gå til erstatning i saker etter valdsoffererstatningslova, m.a. sakskostnader i samband med søknaden og klagebehandlinga.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 472, post 70 med 178 mill. kroner.

Kap. 473 Statens sivilrettsforvaltning

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker driftsutgifter til Statens sivilrettsforvaltning og godtgjersle, reise- og kursutgifter til medlemer av utvala for rettferdsvederlag og Erstatningsnemnda for valdsoffer, samt driftsutgifter til Den rettsmedisinske kommisjon.

Det vert foreslått å redusere kap. 473, post 01 med 1,1 mill. kroner mot ei lik oppjustering av kap. 410, post 21, jf. omtale under kap. 410.

Det vert foreslått å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner, jf. postomtale under kap. 3473, post 01.

Samla vert det foreslått å redusere kap. 473, post 01 med 0,9 mill. kroner.

Kap. 3473 Statens sivilrettsforvaltning

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene på posten er refusjonar som skal dekke utgifter som Den rettsmedisinske kommisjon har i samanheng med kurs og eventuelle andre inntekter.

Det vert foreslått å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner, jf. omtale under kap. 473, post 01.

Kap. 474 Konfliktråd

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker drifta av 22 konfliktråd og Sekretariatet for konfliktråda.

Det vert foreslått å redusere løyvinga under kap. 474, post 01 med 0,5 mill. kroner mot ei lik oppjustering av kap. 410, post 21, jf. omtale under kap. 410.

Justis- og beredskapsdepartementet har fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 474, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3474, post 02. Kap. 3474, post 02 er foreslått redusert med 2,1 mill. kroner, forslaget for kap. 474, post 01 vil derfor vere tilsvarande.

I sum vert det foreslått å redusere kap. 474, post 01 med 2,6 mill. kroner.

Kap. 3474 Konfliktråd

Post 02 Refusjonar

Inntekter på posten er refusjonar som skal dekke utgiftene til konfliktråda i samband med kurs og konferansar.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3474, post 02 med 2,6 mill. kroner, jf. omtale under kap. 474, post 01.

Kap. 475 Bubehandling

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker staten sine regelstyrte utgifter i samband med behandling av saker om tvangsoppløysing av aksjeselskap og saker om konkurs etter konkurslova § 73.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 475, post 01 med 12 mill. kroner.

Kap. 490 Utlendingsdirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker utgifter til drift av Utlendingsdirektoratet (UDI).

UDI sine oppgåver med uttak av overføringsflyktningar er mellom anna knytt til å førebu og gjennomføre uttakskommisjonar (tilsette reiser til opphaldsland), intervju av flyktningane, saksarbeid og vedtaksfatning, og dessutan samarbeid med International Organization for Migration (IOM) i samband med flyktningane si reise til Noreg. På bakgrunn av den stadig meir dramatiske situasjonen i Syria, og dei særs vanskelege forholda for flyktningar frå Syria og for nabolanda, vert det foreslått ein tilleggskvote på 500 plassar for flyktningar frå Syria som er anerkjente som flyktningar av UNHCR, jf. Prop. 1 S Tillegg nr. 1 (2013–2014). Det vil også vere for rom å prioritere fleire flyktningar frå Syria innafor den totale mengda overføringsflyktningar i 2014.

Det er ønskeleg at uttaket kan skje så raskt som mogleg, og at arbeidet derfor vert sett i gang i 2013. UNHCR vil ha problem med å fremje saker tidleg nok til at heile prosessen vert gjort ferdig i 2013.

UDI vil bli påført betydeleg administrativt meirarbeid som følge av tilleggsuttaket. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 490, post 01 med 3,9 mill. kroner i 2013 slik at UDI kan setje i gang arbeidet med tilleggsuttaket.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, statlege mottak

Løyvinga dekker staten sine utgifter til drift av statlege mottak for asylsøkjarar.

Som følge av lågare driftskostnader ved ordinære mottaksplassar og høgare utnytting av kapasiteten enn det som er lagt til grunn for 2013, er det forventa eit mindreforbruk under kap. 490, post 21. Mindreutgiftene som følger av dette, vert anslått til 108 mill. kroner.

Gjeldande løyving er basert på eit gjennomsnittleg belegg i mottak på 15 900, blant desse 330 einslege mindreårige, jf. Prop. 149 S (2012–2013). Nyare prognoser viser at gjennomsnittleg belegg i mottak er venta å verte 16 270, blant desse 310 einslege mindreårige. Meirutgiftene som følger av dette knytt til drift av asylmottak, vert anslått til 29,1 mill. kroner.

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490, post 21 med 78,9 mill. kroner.

Post 22 Særskilde driftsutgifter, tolk og omsetting

Løyvinga dekker utgiftene UDI har til tolking og omsetting i samband med handsaminga av asylsaker.

UDI har ikkje kapasitet til å handsame alle innkomne asylsaker i 2013. Det har også vore noko lågare gjennomsnittlege utgifter per intervju enn forventa. Som følge av dette vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490, post 22 med 4 mill. kroner.

Post 60 Tilskot til vertskommunar for statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar

Løyvinga dekker kommunane sine gjennomsnittlege utgifter til helse, barnevern, tolk og administrasjon i samband med drift av mottak.

Det er forventa eit meirforbruk under posten som følge av fleire bebuarar i mottak. Det vert foreslått å auke løyvinga under kap. 490, post 60 med 0,6 mill. kroner.

Post 70 Økonomiske ytingar til bebuarar i asylmottak

Løyvinga dekker utgifter til økonomiske ytingar til asylsøkjarar og flyktningar i tida dei oppheld seg i mottak. Satsane for økonomiske ytingar er differensierte på bakgrunn av søknadsstatus, familiestatus o.a.

Som omtalt under kap. 490, post 21 vert det gjennomsnittlege talet på bebuarar i mottak i 2013 høgare enn det som tidlegare har vore lagt til grunn. Det gir eit venta meirforbruk på om lag 11,8 mill. kroner. På den andre sida er det lågare gjennomsnittlege kostnader per bebuar enn lagt til grunn, hovudsakleg som følge av endra samansetning av bebuarar i mottak. Dette gir eit venta mindreforbruk på 2,4 mill. kroner. Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 490, post 70 med 9,4 mill. kroner.

Post 72 Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, kan overførast

Løyvinga dekker både individuell økonomisk støtte ved tilbakevending, og tilskot til prosjekt som støttar opp under retur og tilbakevending.

Det har så langt i 2013 vorte brukt mindre midlar under post 72 enn venta. Dette skuldast blant anna at færre har nytta seg av tilbodet om assistert frivillig retur enn tidlegare lagt til grunn.

Det vert foreslått å redusere løyvinga under kap. 490, post 72 med 16,1 mill. kroner, mot å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 3,1 mill. kroner og kap. 440, post 21 med 13 mill. kroner for å auke talet på uttransporteringar, jf. omtale under kap. 440, post 01 og 21.

Post 73 Vern til flyktningar utanfor Noreg mv, støttetiltak, kan nyttast under kap. 821, post 60

Løyvinga dekker støttetiltak i samband med UNHCR og eventuelt andre organisasjonar sitt arbeid med gjenbusetting av flyktningar.

Høgkommissæren for flyktningar (UNHCR) sitt arbeid knytt til uttak av overføringsflyktningane er blant anna knytt til identifisering av saker, registrering, intervju, asylvurdering, førebu søknader om gjenbusetting etc. Uttak av 500 ekstra overføringsflyktningar vil medføre betydeleg meirarbeid for UNHCR.

Det vert foreslått å auke løyvinga under kap. 490, post 73 med 3,6 mill. kroner for å understøtte UNHCR sitt arbeid med uttaket i dei aktuelle landa.

Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet

Post 01 Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, ODA-godkjende utgifter

Løyvinga dekker inntekter i samband med at nokre av utgiftene som er knytt til retur og tilbakevending for flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

På bakgrunn av forslag om reduksjon i løyvinga under kap. 490, post 72, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490, post 01 med 16,1 mill. kroner.

Post 04 Statlege mottak, ODA-godkjende utgifter

Løyvinga dekker inntekter i samband med at nokre av utgiftene som er knytt til mottak for asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

På bakgrunn av at talet på asylsøkjarar som har budd meir enn eitt år i mottak har auka, og endringar i løyvinga under kap. 490, post 21, post 60 og post 70, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490, post 04 med 138,8 mill. kroner.

Post 06 Gjenbusetting av flyktningar – støttetiltak, ODA-godkjende utgifter

Løyvinga dekker inntekter i samband med at nokre av dei innanlandske utgiftene knytt til gjenbusetting av flyktningar i samsvar med OECD/DAC sitt statistikkdirektiv kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp.

Jf. omtale under kap. 490, post 73 vert det foreslått ein auke av inntektene under kap. 3490, post 06 med 3,6 mill. kronar.

Kap. 491 Utlendingsnemnda

Post 21 Særskilde driftsutgifter, nemndbehandling

Løyvinga dekker utgifter knytt til handsaming av saker i nemndmøte, og er særleg avhengig av talet på asylsøkjarar og kor stor del av sakene som vert handsama i nemndmøte.

På grunn av lågare utgifter til nemndhandsamingar enn tidlegare lagt til grunn, er det venta eit mindreforbruk på 2 mill. kroner under kap. 491, post 21. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 491, post 21 med 2 mill. kroner.