4 Oppsummering
Det er i dag svært få som får pensjon frå statskassa. Ut frå ei samla vurdering meiner departementet at det ikkje er tungtvegande grunnar for å endre denne praksisen. Pensjon frå statskassa blir gitt berre unnataksvis, og representerer ein viktig sikringsventil som har stor verdi for dei få det gjeld. Etter departementet si vurdering bør Stortinget også i framtida kunne å gi pensjon frå statskassa i særlege høve.