Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet 2013 under Forsvarsdepartementet (Investeringar i Forsvaret og andre saker)
I
Stortinget samtykkjer i at Forsvarsdepartementet i 2013 kan starte opp nye investeringsprosjekt, medrekna større eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt, omtala i kapittel 2 Nye prosjekt for godkjenning i den framlagde proposisjonen, innanfor dei gjevne kostnadsrammene.
II
Tingingsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Forsvarsdepartementet i 2013 kan gjere tingingar ut over dei gjevne løyvingane. Den samla ramma for nye tingingar og gammalt ansvar skal ikkje overstige følgjande beløp:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
1761 | Nye kampfly med baseløysing | ||
45 | Store nyskaffingar, vert auka med | 12 900 000 000 | |
frå kr. 3 500 000 000 til kr 16 400 000 000. |
III
Stortinget samtykkjer i at Forsvarsdepartementet kan opprette ei felles leiing for Forsvarets spesialstyrkar og overføre Forsvarets spesialkommando/Hærens jegerkommando og Marinejegerkommandoen frå respektive Hæren og Sjøforsvaret til Forsvarets spesialstyrkar.