Prop. 14 S (2012–2013)

Samtykke til å setje i kraft ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Hans Majestet Sultanen og Yang Di-Pertuan av Brunei Darussalam om opplysningar i skattesaker underskriven i Paris 27. juni 2012

Til innhaldsliste

Tilråing

Finansdepartementet

tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til å setje i kraft ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Hans Majestet Sultanen og Yang Di-Pertuan av Brunei Darussalam om opplysningar i skattesaker, underskriven i Paris 27. juni 2012.

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om samtykke til å setje i kraft ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Hans Majestet Sultanen og Yang Di-Pertuan av Brunei Darussalam om opplysningar i skattesaker, underskriven i Paris 27. juni 2012 i samsvar med eit vedlagt forslag.