Prop. 156 S (2012–2013)

Ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

I

Stortinget samtykkjer i at:

  1. bompengeselskapet får løyve til å krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av E134 Stordalstunnelen i Hordaland. Vilkåra går fram av denne proposisjonen.

  2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga av E134 Stordalstunnelen.

  3. bompengeselskapet får løyve til å krevje inn bompengar til delvis finansiering av Samferdselspakke for Kristiansandsregionen fase 1. Vilkåra går fram av denne proposisjonen.

  4. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå tilleggsavtale med bompengeselskapet om delvis finansiering av Samferdselspakke for Kristiansandsregionen fase 1 og fastsetje nærare reglar for innkrevjinga.

  5. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å gjennomføre investeringsprosjekta under Statens vegvesen innafor dei kostnadsrammene som er fastsette i denne proposisjonen.

  6. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å gjennomføre investeringsprosjekta under Jernbaneverket innafor dei kostnadsrammene som er fastsette i denne proposisjonen.

  7. Samferdselsdepartementet kan i 2013, for det materiellet som inngår i staten si rammeavtale med NSB AS, gi NSB AS ytterlegare restverdigaranti for oppgraderingar og nyinvesteringar innafor ei ramme på inntil 1 955 mill. kr.