1 Innleiing
Den 23. juni 2010 blei ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Fyrstedømmet Monaco om opplysningar i skattesaker underskriven i Paris. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg resolusjon av 11. juni 2010. Overenskomsten blei på vegne av Norge underskriven av ambassadør Tarald O. Brautaset og på vegne av Fyrstedømmet Monaco av utenriksminister Franck Biancheri. Overeinskomsten vil tre i kraft 30 dager etter at begge partane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft. Avtala får verknad for straffbare skattesaker frå denne dato og for andre saker frå og med det skatteår som byrjar på eller etter 1. januar i det kalenderåret som fylgjer etter det året da avtala trer i kraft.