Del 2
Klargjering av praksis og lovtekniske justeringar
7 Retting av feil i innleiinga til folketrygdlova
7.1 Innleiing og bakgrunn
Då rehabiliteringspengar, attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad blei erstatta av arbeidsavklaringspengar fekk folketrygdlova kapittel 12 nytt namn. Ved ein feil blei innleiinga til folketrygdlova (”Hvordan folketrygdloven er oppbygd”) ikkje endra i samsvar med dette. Departementet foreslår at dette blir retta opp.
7.2 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar
Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.
Forslaget har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.
8 Presisering av arbeidsinntekt i folketrygdlova §§ 4-4 og 4-11
8.1 Innleiing og bakgrunn
Departementet foreslår endringar i folketrygdlova §§ 4-4 og 4-11 for å gjere det klårt at det er brutto løn som skal reknast som arbeidsinntekt.
Bakgrunnen for forslaget er at lova kan lesast som om det er netto utbetalt arbeidsinntekt som skal reknast med.
8.2 Departementet si vurdering og forslag
Tidlegare arbeidsinntekt har betyding for om ein person har rett til dagpengar og for størrelsen på dagpengane.
For å ha rett til dagpengar må ein arbeidslaus ha ”hatt utbetalt en arbeidsinntekt” av eit visst omfang, jf. folketrygdlova § 4-4 første ledd bokstavane a og b.
I § 4-11 andre ledd står det at ”Dagpengegrunnlaget fastsettes ut fra medlemmets utbetalte arbeidsinntekt.”
Uttrykka ”hatt utbetalt en arbeidsinntekt” i § 4-4 og ”utbetalte arbeidsinntekt” i § 4-11 kan bli oppfatta feil, då det kan sjå ut som om det er netto løn som blir lagt til grunn. Utbetalt inntekt kan lesast som netto inntekt. Meininga har vore at det er brutto løn som skal reknast med. Dette har også vore praksis. Departementet meiner dette bør komme klårt fram av lova, og foreslår at ”har hatt utbetalt en arbeidsinntekt” i § 4-4 første ledd bokstavane a og b blir endra til ”har hatt en brutto arbeidsinntekt” og at ”medlemmets utbetalte arbeidsinntekt” i § 4-11 andre ledd blir endra til ”medlemmets brutto arbeidsinntekt”.
8.3 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar
Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.
Forslaget har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.
9 Retting av feil i folketrygdlova § 4-26
9.1 Innleiing og bakgrunn
Folketrygdlova § 4-26 gir reglar om samordning med ytingar utanfor folketrygda. Etter første ledd bokstav d blir dagpengane redusert når medlemmen får utbetalt vartpengar. Reglane om vartpengar følgjer av lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens Pensjonskasse. Ved ein feil er det vist til lov av 28. juni 1949 nr. 26 om Statens Pensjonskasse.
Departementet foreslår at ”juni ” i § 4-26 første ledd bokstav d blir retta til ”juli”.
9.2 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar
Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.
Forslaget har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.
10 Lovteknisk justering i folketrygdlova § 8-3
10.1 Innleiing og bakgrunn
Etter folketrygdlova § 8-3 tredje ledd ”ytes ikke sykepenger fra det tidspunktet det er godtgjort at yrkesaktiviteten skulle vært avsluttet fordi vedkommende har nådd pensjonsalderen, eller har trukket seg tilbake fra yrkeslivet.” Regelen gjeld for eksempel når ein har inngått avtale om opphør av arbeidsforhold og har trekt seg tilbake frå yrkeslivet. Det same gjeld når ein har satt i verk disposisjonar som viser at ein har tenkt å slutte i inntektsgivande arbeid.
I det nye pensjonssystemet, der ein kan ta ut alderspensjon frå folketrygda fleksibelt i alderen 62 – 75 år forsvinner omgrepet fast pensjonsalder. Det har då ikkje lenger nokon meining å knytte bortfall av sjukepengerett til at man har nådd pensjonsalderen. Departementet foreslår derfor at ” har nådd pensjonsalderen” skal takast ut av § 8-3 tredje ledd.
10.2 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar
Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.
Forslaget har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.
11 Retting av feil i folketrygdlova § 11-14
11.1 Innleiing og bakgrunn
I forskrift om arbeidsretta tiltak mv. av 11. desember 2008 nr. 1320 er det som tidlegare heitte arbeidsmarknadstiltak erstatta av ”arbeidsretta tiltak”. Dette omgrepet blei derfor også brukt i kapittel 11 i folketrygdlova. Ved ein feil står det i § 11-14 første ledd andre punktum likevel ”arbeidsmarkedstiltak”. Departementet foreslår at det blir erstatta med ”arbeidsrettede tiltak”.
11.2 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar
Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.
Forslaget har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.
12 Ta bort regel om tidsavgrensa uførestønad
12.1 Innleiing og bakgrunn
I § 12-12 om revurdering av uføregraden andre ledd tredje punktum finst det ein særskilt regel for mottakarar av tidsavgrensa uførestønad.
Tidsavgrensa uførestønad blei frå 1. mars 2010 erstatta av arbeidsavklaringspengar. Dermed treng ein ikkje lenger ein særskilt regel for desse tilfella. Departementet foreslår derfor at § 12-12 andre ledd tredje punktum blir oppheva.
12.2 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar
Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.
Forslaget har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.
13 Utbetaling av grunnstønad og hjelpestønad til fosterforeldre
13.1 Innleiing
Departementet foreslår at det blir presisert i ny § 22-3 b i folketrygdlova at grunn- og hjelpestønad til barn i fosterheim skal utbetalast til fosterforeldra. Dette vil sikre at hjelpestønad til barn blir utbetalt til dei som faktisk utfører slik særskilt tilsyn og pleie. Tilsvarande vil grunnstønad til barnet gå til dei som har den daglege omsorga for det.
13.2 Bakgrunn
Personar som på grunn av varig sjukdom, skade eller lyte treng særskilt tilsyn eller pleie, kan få hjelpestønad etter folketrygdlova § 6-4. Vilkåret er at det er etablert ei privat pleieordning eller at hjelpestønaden kan gjere det mogleg å etablere ei slik ordning. ”Privat pleie” vil seie at pleieoppgåvene blir utførte av ektemake, sambuar, foreldre, barn, grannar eller av leigd hjelp. Tilsyn og pleie av barn i ein fosterheim etter barnevernlova § 4-14 er likestilt med privat pleie. Dekning av hjelpebehov etter andre lover eller i andre tilfelle gir ikkje rett til hjelpestønad.
I saker der foreldra har mista omsorga for barnet, og barnet er plassert i ein fosterheim i samsvar med barnevernstenestelova §§ 4-12 og 4-14, kan fosterforeldra søkje om og få utbetalt hjelpestønad til seg. I dei fleste tilfella er dette uproblematisk, men i nokre saker går dei biologiske foreldra imot, og det blir då spørsmål om kven som kan setje fram krav om hjelpestønad og kven som skal få ytinga utbetalt.
Etter folketrygdlova § 22-1 skal utbetaling skje til han eller ho som fyller vilkåra og soleis har rett til ytinga. Ytingar til mindreårige skal utbetalast til han eller ho som er verje for barnet, og dette er normalt dei som har foreldreansvaret etter barnelova, jf. verjemålslova § 3. Etter barnelova kapittel 5 omfattar foreldreansvaret mellom anna det å ta seg av dei økonomiske tilhøva til barnet. Etter plassering i ein fosterheim kan foreldreansvaret framleis vere hos dei biologiske foreldra, og formelt er det dei som skal ha hjelpestønad til barnet utbetalt til seg. Dette sikrar ikkje at ytinga blir nytta til beste for barnet. Til samanlikning har fosterforeldra rett til barnetrygd etter barnetrygdlova § 2 andre ledd, og barnetrygd blir derfor utbetalt til fosterforeldra.
13.3 Departementet si vurdering og forslag
Departementet ser det slik at hjelpestønad til barnet i regelen bør utbetalast til dei som faktisk utfører særskilt tilsyn og pleie. Tilsvarande bør grunnstønad til barnet gå til dei som har den daglege omsorga for det. For å sikre dette i sakene der dei biologiske foreldra vil ha ytinga utbetalt til seg, foreslår departementet at det blir presisert i ein ny § 22-3 b i folketrygdlova at grunn- og hjelpestønad til barn i fosterheim skal utbetalast til fosterforeldra. Det er mangel på fosterheimar, slik at mange blir plasserte i statlege eller kommunale beredskapsheim eller mellombels heim før plassering i endeleg fosterheim. Ved slik plassering bør utbetaling skje til det kommunale barnevernet.
I samband med dette foreslår departementet eit nytt strekpunkt i innleiinga til folketrygdlova kapittel 22.
Departementet viser til forslaget til ny § 22-3 b i folketrygdlova.
13.4 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar
Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.
Forslaget er ei lovfesting av praksis og har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.
14 Tilbakekrevjing av feilutbetalte arbeidsavklaringspengar – retting av feil
14.1 Innleiing og bakgrunn
Folketrygdlova § 22-15 tredje ledd gir heimel for å krevje tilbake attføringspengar, tidsavgrensa uførestønad og dagpengar i tilfelle der mottakaren har fått etterbetalt løn eller erstatning for løn for tidsrom det allereie er utbetalt ytingar frå trygda for.
Attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad blei frå 1. mars 2010 erstatta med arbeidsavklaringspengar. Etter dette tidspunktet blir det berre utbetalt arbeidsavklaringspengar, men personar som hadde rett til dei ytingane som blei opphevde får arbeidsavklaringspengar berekna etter overgangsreglar.
Det finst ikkje tilsvarande reglar for mottakarar av rehabiliteringspengar. Bakgrunnen for det er at det ikkje var heimel for å redusere rehabiliteringspengane pga. løn eller anna godtgjersle frå arbeidsgjevar. Etter § 11- 19 skal alle økonomiske ytingar frå noverande og tidlegare arbeidsgjevarar som blir gitt i samband med overgang til arbeidsavklaringspengar eller i samband med oppseiing, fråtreden eller reduksjon av arbeidstid, føre til at arbeidsavklaringspengane blir reduserte med same beløp. Departementet meiner derfor at det også må vere ein korresponderande heimel for å krevje tilbake arbeidsavklaringspengar som er utbetalte på feil grunnlag.
Departementet viser til forslaget til endring i folketrygdlova § 22-15.
14.2 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar
Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.
Forslaget har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.
15 Rettingar av feil i arbeidsmarknadslova
15.1 Innleiing og bakgrunn
I arbeidsmarknadslova § 19 er det gitt regler om opplysingsplikt overfor Arbeids- og velferdsetaten. Det er her lista opp kven som kan påleggjast slik opplysingsplikt. I Ot.prp. nr. 2 (2006-2007) Om lov om endringer i folketrygdloven og i enkelte andre lover (samleproposisjon høsten 2006), blei det lagt fram forslag om lovendring slik at Posten Norge AS blei nemnt særskilt. Ved ein feil fall då arbeidsgivarane ut av opplistinga i § 19. Departementet foreslår at arbeidsgivarane blir tekne inn igjen i § 19.
Kapittel 9 i arbeidsmarknadslova gir reglar om sanksjonar. I overskrifta til § 29 om høvet til å straffe dei som har gitt uriktige opplysingar eller som ikkje har gitt tvingande opplysingar, er ordet ”uriktige” stava feil. Departementet foreslår å rette skrivefeilen.
15.2 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar
Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.
Forslaget har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.
16 Rettingar av feil i lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga
16.1 Innleiing og bakgrunn
Stortinget vedtok 18. desember 2009 lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga. Vedtaket bygde på Innst. 87 L (2009-2010) og Prop. 13 L (2009-2010), jf Ot.prp. nr. 103 (2008-2009) Om lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen.
Etter at vedtak var fatta og lova var trådd i kraft, blei det oppdaga to feil i lovteksten.
I § 2 Lovens virkeområde, blir første ledd innleidd med ”Loven bestemmelser […]” Dette er ein trykkfeil, og skal sjølvsagt være ”Lovens bestemmelser […]”. Departementet foreslår at denne feilen blir retta, slik at lovteksten blir grammatisk riktig.
I § 29 Kvalifiseringsprogram, er det reglar i første ledd om kven som er målgruppa for deltaking i programmet. Her står det ”[…]og ingen eller begrensede ytelser til livsopphold […]”. § 5A-1 i lov om sosiale tjenester mv, som regelen er ein direkte vidareføring av, lyder ”[…] og ingen eller svært begrensede ytelser til livsopphold […].
Sjølv om ordet ”svært” er borte allereie i utkastet til lovteksta i høyringsnotatet, har det ikkje vore meininga å endre dette kriteriet. Dette kjem fram i både høyringsnotatet, og i proposisjonane. I høyringsnotatet står det om kvalifiseringsprogram:
”Kapittel 5 i lovforslaget er en direkte videreføring av sosialtjenesteloven kapittel 5A uten at det er gjort endringer.”
Kapittelinndelinga ble endra etter høyringa, slik at desse reglane no går fram i kapittel 4 i lova.
I Ot.prp. nr. 103 (2008-2009) Om lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen står det:
”Departementet foreslår å videreføre bestemmelsene i sosialtjenesteloven kapittel 5 og 5A om økonomisk stønad og kvalifiseringsprogram uten endringer, med unntak av den foreslåtte endringen i bestemmelsen om bruk av vilkår ved tildeling av økonomisk stønad,[…].”
I same proposisjon, i merknader til dei enkelte paragrafane står det:
”Til § 29 - § 40 om kvalifiseringsprogram og kvalifiseringsstønad. Bestemmelsene er en videreføring av sosialtjenesteloven kapittel 5A.”
I Innst. 87 L (2009-2010) står det:
”Det foreslås å videreføre bestemmelsen i sosialtjenesteloven kapittel 5 og 5A om økonomisk stønad og kvalifiseringsprogram uten endringer,[…].”
Det går fram av dette at det aldri har vore lovgivar si meining å endre vilkåret om at ein for å ha rett til kvalifiseringsprogram skal ha ”ingen eller svært begrensede ytelser til livsopphold etter folketrygdloven eller arbeidsmarkedsloven.”
Departementet foreslår at ordet ”svært” blir teke inn i lovteksten, slik at regelen blir som han var før 1. januar 2010, og slik lovgivar hadde tenkt.
16.2 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar
Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.
Forslaget inneber ikkje endringar av realiteten, og har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar. Arbeids- og velferdsdirektoratet og fylkesmennene fikk tidleg melding om at det ikkje var meininga at ”svært” som vilkår skulle ut av § 29, og har tolka vilkåra i samsvar med dette.
17 Merknader til dei enkelte paragrafane
17.1 Merknader til endringane i folketrygdlova
Til oversikt over korleis folketrygdlova er bygd opp:
Namnet på kapittel 12 er retta opp. Sjå punkt 7.
Til § 4-4
I første ledd er det presisert at det er brutto arbeidsinntekt som blir lagd til grunn ved utrekninga av kvalifikasjonsgrunnlaget. Dette er ikkje meint å endre rettstilstanden. I andre ledd er foreldrepengar, svangerskapspengar og svangerskapsrelaterte sjukepengar likestilt med arbeidsinntekt i kvalifikasjonsgrunnlaget. Sjå punkt 2 og 8.
Til § 4-11
Det er presisert at det er brutto arbeidsinntekt som blir lagd til grunn ved utrekninga av dagpengegrunnlaget. Det er ikkje meint å endre rettstilstanden. Sjå punkt 8.
Til § 4-17
Opphevinga av særreglane for dagpengemotakarar på 64 år eller meir har samanheng med innføringa av fleksibel alderspensjon frå folketrygda. Sjå punkt 3.
Til § 4-24
Opphevinga av reglane i andre ledd om samordning mot alderspensjon frå folketrygdlova har samanheng med innføringa av fleksibel alderspensjon frå folketrygda. Sjå punkt 4.
Forslaget i tredje ledd avklarar tilhøvet mellom AFP og dagpengar. Etter forslaget blir det presisert at ugradert avtalefesta pensjon, som i dag, skal føre til at retten til dagpengar fell bort, men slik at det blir gjort unntak for ny AFP i privat sektor etter AFP-tilskottslova kapittel 2 og 3. Med ugradert pensjon er meint pensjon som ikkje er sett ned på grunnlag av arbeidsinntekt eller arbeidstid. Andre grunnar til at det blir gitt mindre enn full pensjon, til dømes reduksjon på grunn av manglande oppteningstid, skal ein sjå bort frå i denne samanhengen. Ein person i den aktuelle gruppa som ikkje er i arbeid, skal ikkje ha rett til dagpengar sjølv om han eller ho har halv pensjon på grunn av kort trygdetid eller kort tid i arbeid i statleg eller kommunal verksemd.
Med ”arbeidstid” siktar ein spesielt til ordninga for kommunale arbeidstakarar over 65 år som har avtalefesta pensjon rekna som tenestepensjon. Dersom pensjonisten framleis er i arbeid i offentleg sektor, skal reduksjonen i pensjonen skje ut frå kor stor del av full stilling pensjonisten framleis har.
Til § 4-25
Opphevinga av reglane i første ledd om samordning mot alderspensjon frå folketrygdlova har samanheng med innføringa av fleksibel alderspensjon frå folketrygda. Sjå punkt 4.
Forslaget i tredje ledd avklarar tilhøvet mellom AFP og dagpengar. Etter forslaget blir det presisert at mottak av avtalefesta pensjon som er gradert på grunnlag av arbeidsinntekt eller arbeidstid, skal samordnast med dagpengar.
Sjå merknaden til endringa i § 4-24 tredje ledd og punkt 4.
Til § 4-26 første ledd bokstav d)
Forslaget gjeld retting av feil, og endrar ikkje rettstilstanden. Sjå punkt 9.
Til § 8-3 første ledd
Det er teke inn i regelen at pensjonsgivande inntekt likevel ikkje gir rett til sjukepengar til personar over 70 år. Vidare skal det vere ein avgrensa rett til sjukepengar til personar mellom 67 og 70 år som då er sikra alderspensjon minst tilsvarande minste pensjonsnivå. Sjå punkt 5.
Til § 8-3 tredje ledd
Omgrepet ”nådd pensjonsalder” er teke ut. Sjå punkt 10.
Til § 8-12 fjerde ledd
Regelen er endra i samsvar med forslaget om ein avgrensa rett til sjukepengar frå trygda til personar mellom 67 og 70 år uavhengig av om det er teke ut alderspensjon. Sjå punkt 5.
Til § 8-51
Regelen om at det ikkje blir gitt sjukepengar til et medlem som får utbetalt alderspensjon er teken ut. Det kan etter forslaget gis sjukepengar etter kapittel 8 til personar mellom 62 og 70 år uavhengig av om det er teke ut alderspensjon eller ikkje. Retten til sjukepengar mellom 67 og 70 år blir då ikkje avhengig av om ein har teke ut alderspensjon eller ikkje. Avgrensinga er at ein som i dag, kan få sjukepengar frå trygda i inntil 60 sjukepengedagar. Regelen om at sjukepengegrunnlaget skal fastsettast ut frå arbeidsinntekta er overflødig og er derfor teke ut. Sjå punkt 5.
Til § 8-52
Paragrafen gir reglane om rett til sjukepengar for personar med avtalefesta pensjon. Sjå punkt 5.
Første ledd første punktum svarar til gjeldande første ledd, men ordet ”hel” er bytta ut med ”ugradert”. Med ugradert pensjon er meint pensjon som ikkje er sett ned ut frå arbeidsinntekt eller reduksjon i arbeidstid. Andre grunnar til at det blir gitt mindre enn full pensjon, til dømes reduksjon på grunn av manglande oppteningstid, skal ein sjå bort frå i denne samanhengen. Ein person i den aktuelle gruppa som ikkje er i arbeid, skal ikkje ha rett til sjukepengar sjølv om han eller ho har halv pensjon på grunn av kort trygdetid eller kort tid i arbeid i statleg eller kommunal verksemd.
Med ”reduksjon i arbeidstid” siktar ein spesielt til ordninga for kommunale arbeidstakarar over 65 år som har avtalefesta pensjon rekna som tenestepensjon. Dersom pensjonisten framleis er i arbeid i offentleg sektor, skal reduksjonen i pensjonen da skje ut frå kor stor del av full stilling som pensjonisten framleis har.
I første ledd andre og tredje punktum blir det bestemt at personar med AFP etter dei nye reglane i privat sektor (AFP etter AFP-tilskottslova kapitla 2 og 3) skal ha sjukepengar etter reglane i § 8-51, sjå merknadene til denne paragrafen. Det same skal gjelde – i høve til inntekt i privat sektor - for personar som har fylt 65 år og har ein pensjon frå ei kommunal ordning som er rekna som tenestepensjon.
Andre ledd omhandlar gradert avtalefesta pensjon og svarar til noverande andre ledd, men det blir presisert at leddet gjelder pensjon som er ”gradert ut frå arbeidsinntekt eller arbeidstid”, sjå merknadene til første ledd første setning.
Til § 11-13 tredje ledd
Det kan gis arbeidsavklaringspengar i inntil seks månader sjølv om personen ikkje fyller vilkåret om at arbeidsevna skal vere sett ned i ein slik grad at han eller ho blir hindra i å behalde eller skaffe seg inntektsgjevande arbeid, eller ikkje fyller vilkåret om at ein skal ha behov for bistand til å skaffe seg eller behalde arbeid. Sjå punkt 6.
Til § 11-14 første ledd andre punktum
Omgrepet ”arbeidsmarknadstiltak” blir erstatta av ”arbeidsrettede tiltak”. Det er ikkje meint å endre rettstilstanden. Sjå punkt 11.
Til § 11-23 andre ledd
Opphevinga av reglane om samordning mot alderspensjon frå folketrygdlova har samanheng med innføringa av ny alderspensjon frå folketrygda. Sjå punkt 4.
Til § 11-24 tredje ledd
Opphevinga av reglane om samordning mot alderspensjon frå folketrygdlova har samanheng med innføringa av fleksibel alderspensjon frå folketrygda. Sjå punkt 4.
Til § 12-12 andre ledd tredje punktum
Regelen blir oppheva fordi ytinga tidsavgrensa uførestønad er avvikla og endrar ikkje rettstilstanden. Sjå punkt 12.
Til endringane i innleiinga i kapittel 22
Endringane har si årsak i at ein foreslår ein ny § 22-3 b om utbetaling av grunnstønad og hjelpestønad til barn i fosterheim, sjå punkt 13.
Til ny § 22-3 b
Den nye paragrafen gjer det klart at grunnstønad og hjelpestønad til barn som er plasserte i fosterheim etter barnevernlova § 4-14, skal utbetalast til fosterforeldra. Ved mellombels plassering i påvente av fosterheim, skal utbetaling skje til barnevernet. Sjå punkt 13.
Til § 22-15 tredje ledd
Heimelen for tilbakekrevjing etter feilaktig utbetaling skal gjelde for arbeidsavklaringspengar som frå 1. mars 2010 m.a. erstatta attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad. Sjå punkt 14.
17.2 Merknader til endringane i arbeidsmarknadslova
Til § 19
Arbeidsgivarar blir tekne inn igjen i opplistinga over kven som kan påleggjast opplysingsplikt overfor Arbeids- og velferdsetaten. Forslaget gjeld retting av feil, og endrar ikkje rettstilstanden. Sjå punkt 15.
Til § 29
Forslaget gjeld retting av feil, og endrar ikkje rettstilstanden. Sjå punkt 15.
17.3 Merknader til endringane i lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltinga
Til § 2
Forslaget gjeld retting av feil, og endrar ikkje rettstilstanden. Sjå punkt 16.
Til § 29
Forslaget gjeld retting av feil, og endrar ikkje rettstilstanden. Sjå punkt 16.