5 Pensjonar og ytingar frå folketrygda
Alderspensjon under utbetaling blir regulert i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 prosent. Satsane for minste pensjonsnivå blir regulerte i samsvar med lønnsauken og deretter justerte for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar i reguleringsåret. Grunnbeløpet og alderspensjon under opptening blir regulerte i samsvar med lønnsauken. Uførepensjon, ytingar til gjenlevande, arbeidsavklaringspengar og overgangsstønad blir regulerte i tråd med endringar i grunnbeløpet.
Under kap. 2670 Alderspensjon blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 3 334 mill. kroner, fordelt med 1 126 mill. kroner på post 70 Grunnpensjon, 2 057 mill. kroner på post 71 Tilleggspensjon og 151 mill. kroner på post 73 Særtillegg.
Under kap. 2655 Uførheit blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 1 530 mill. kroner, fordelt med 578 mill. kroner på post 70 Grunnpensjon, 894 mill. kroner på post 71 Tilleggspensjon, 56 mill. kroner på post 72 Særtillegg og 2 mill. kroner på post 76 Yrkesskadetrygd.
Under kap. 2680 Ytingar til gjenlevande ektefellar blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 58 mill. kroner, fordelt med 31 mill. kroner på post 70 Grunnpensjon, 25 mill. kroner på post 71 Tilleggspensjon og 2 mill. kroner på post 72 Særtillegg.
Under kap. 2651 Ytingar under arbeidsavklaring post 70 Arbeidsavklaringspengar blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 881 mill. kroner.
Under kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far post 70 Overgangsstønad blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 61 mill. kroner.