2 Framlegg til endringar i løyvingar under kapittel og postar i 2013
Kap. 1115 Mattilsynet
Post 01 Driftsutgifter
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 1,6 mill. kroner ved omdisponering frå kap. 1115, post 23. Departementet har også mottatt ei innbetaling på 3 mill. kroner som inntil vidare er postert på mellomrekneskapskonto. Det blir gjort framlegg om at dette beløpet blir overført til kap. 4115, post 02, mot tilsvarande auke av kap. 1115, post 01.
Det blir gjort framlegg om ei samla auke av posten på 4,6 mill. kroner til Mattilsynet sitt arbeid med husdyrregisteret, felles ID-nummer og innføring av RFID-merking (strekkode) av storfe.
Post 22 Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskassar
Alle etterbetalingar som følge av forliket mellom staten og Overføringsavtalens Sikringsordning om reguleringspremie for ansatte i tidlegare kommunale næringsmiddeltilsyn, er effektuert.
På bakgrunn av oppdaterte prognosar blir det gjort framlegg om at løyvinga på posten blir auka med 2 mill. kroner.
Post 23 eSporingsløysinga
Arbeid finansiert under post 23 eSporingsløysinga er i hovudsak avslutta. Det blir gjort framlegg om at løyvinga på posten blir omdisponert med 1,6 mill. kroner til Mattilsynet sitt driftsbudsjett og 1,5 mill. kroner til Noregs forskingsråd, sjå omtale under kap. 1115, post 01 og kap. 1137, post 50.
Samla gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga på posten med 3.1 mill. kroner.
Post 71 Tilskott til erstatningar
På posten blir lovbestemte betalingsforpliktelsar for staten ført. Dette omfattar bl.a. dekning av utgifter til naudhjelp til dyr utan kjent eigar og utgifter som ikkje kan inndrivast frå den som etter lova har betalingsplikt. Posten er ei overslagsløyving.
Det har vore større utbetalingar til erstatningar enn forutsatt. For å sikre ei meir realistisk budsjettering foreslår departementet å auke posten med 3,3 mill. kroner, til 4,4 mill. kroner.
Kap. 1137 Forsking og innovasjon
Post 50 Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd
Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga på kap. 1137, post 50 med 1,5 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjon under kap. 1115, post 23. Auken er retta mot etablering av eit matpilot-anlegg i regi av UMB og NOFIMA med nødvendig utstyr som er viktig for forskinga på mattryggheit.
Kap. 1148 Naturskade – erstatningar
Post 71 Naturskade, erstatningar
Løyvinga for 2013 er på 190 mill. kroner. Perioden 2011 til 2013 har vore prega av fleire store naturskadehendingar. Det blir gitt tilsegn om erstatning med ein utbetringsfrist på 3 år, medan utbetaling skjer når skaden er gjenoppretta. Mange av sakene etter ekstremvera «Berit» og «Dagmar» i november og desember 2011 har først komme til utbetaling i 2013. I tillegg har mange saker etter flaumskadane i Indre Troms, Buskerud og Vestfold sommaren 2012 komme til utbetaling i inneverande år. Ein del av sakene etter storflaumen på Austlandet i pinsen 2013 vil også bli handsama i 2013. Mesteparten av desse sakene vil imidlertid først bli handsama i 2014 og seinare. Desse skadehendingane har til saman resultert i langt fleire gitte tilsegn om erstatning og større erstatningsutbetalingar enn i eit normalår.
På bakgrunn av oppdaterte prognosar gjer departementet framlegg om å auke løyvinga på posten med 64 mill. kroner.
Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
Post 71 Tilskott til erstatningar m.m.
Basert på gjeldande prognosar ligg det an til eit overforbruk på 68,4 mill. kroner.
Overforbruket er basert på registrerte søknadar for tilskott til reparasjon av overvintringsskadar på eng, og prognosar frå fylkesmennene for dei øvrige delordningane. Løyvinga over posten er ei overslagsløyving, og erstatningar blir gitte i tråd med regelverk fastsett av Stortinget. Formålet med å gi tilskott til reparasjon av vinterskadd eng er å oppnå avlingar inneverande år slik at utbetalingane for avlingsskadar blir begrensa. Svært mange produsentar fekk i år store overvintringsskadar på eng. Ein stor del av desse skadane skjedde i Rogaland og på Vestlandet, men nesten heile Sør-Noreg var berørt. Vidare var det ein svært nedbørrik vår med flaum, vannskadar og forseinka våronn over store områder i Sør-Noreg. Det er betydeleg avlingssvikt både på korn og gras i fleire områder, men også bærproduksjonen har fått store klimaskadar i enkelte fylker.
Departementet gjer framlegg om å auke kap. 1150, post 71 med 68,4 mill. kroner.
Post 73 Pristilskott
Basert på gjeldande prognosar ligg det an til eit underforbruk på posten tilsvarande 108,2 mill. kroner.
Dei reviderte prognosane for post 73 viser noko større utbetalingar av distriktstilskott til kjøtt og melk enn i budsjettet. Det skuldast noko auka volum, som følgje av fleire slakt og høgare slaktevekter enn det som blei lagt til grunn i budsjettet. I plante- og fruktproduksjonen har låge avlingar medført reduserte prognosar for utbetaling av pristilskott over store delar av landet. Dette gjeld både distrikts- og kvalitetstilskott til frukt, bær og grønnsaker, matkorntilskott og prisnedskrivingstilskott til norsk korn.
Departementet gjer difor framlegg om ein reduksjon i løyvinga tilsvarande 108,2 mill. kroner, til 2 294,1 mill. kroner.
Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen
Post 51 Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet
Grunna eit mindreforbruk på post 75 under samme kapittel og eit behov for å styrkje Reindriftens utviklingsfond, blir det gjort framlegg om å ompostere 5 mill. kroner til post 51.
Det blir gjort framlegg om at kap. 1151, post 51 blir auka med 5 mill. kroner.
Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott
I tråd med omtale under kap. 1151, post 51 blir det gjort framlegg om at kap. 1151, post 75 blir redusert med 5 mill. kroner.
Kap. 4115 Mattilsynet
Post 01 Gebyr m.m.
Revidert prognose for posten er 102 mill. kroner. Dette er 22,7 mill. kroner lågare enn løyvinga. Dette gjeld hovudsakleg lågare proveny frå gebyr for kjøttkontroll. Departementet gjer framlegg om å redusere posten med 22,7 mill. kroner for inneverande budsjettår for å sikre realistisk budsjettering.
Post 02 Driftsinntekter og refusjonar mv.
Etter ei tilbakebetaling, jf. omtale under kap. 1115, post 01, står det 3 mill. kroner på ein mellomreknekapskonto. Det blir gjort framlegg om at desse midlane blir tilført Mattilsynet sitt inntektskapittel 4115, post 02, mot tilsvarande auke på kap. 1115, post 01.
Departementet gjer framlegg om å auke inntekstposten med 3 mill. kroner.
Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
Post 85 Marknadsordninga for korn
Verdsmarkedsprisane på proteinråvarer har vore så høge gjennom heile året at det ikkje er ilagt prisutjamningsbeløp på soya og fiskemel i 2013. Dette vil innebere ei mindreinntekt på vel 59 mill. kroner samanlikna med budsjett 2013.
Departementet gjer framlegg om å redusere posten med 59,5 mill. kroner.
Kap. 4162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap
Post 90 Avdrag på lån
Posten gjeld tilbakebetaling av det statlege lånet Statskog SF fekk i samband med kjøpet av Orkla sine skogeigedommar i 2010. Statskog SF forventar at delar av inntektene frå arronderingssalget i 2013 ikkje vil komme før i 2014, og forventa avdrag frå salgsinntektene i 2013 blir difor redusert frå 50 mill. kroner til 25 mill. kroner. I tillegg har foretaket innbetalt 200 mill. kroner som eit ekstraordinært avdrag på lån i 2013.
Det blir gjort framlegg om at løyvinga på kap. 4162, post 90, blir redusert med 25 mill. kroner, til 225 mill. kroner.
Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet
Post 85 Utbytte
For å sikre realistisk budsjettering blir det gjort framlegg om ei auke av løyvinga på posten med 6,1 mill. kroner knytta til utbytte frå Graminor AS, Kimen Såvarelaboratoriet AS og Veso.