Prop. 174 S (2012–2013)

Endringar i statsbudsjettet for 2013 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar)

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet for 2013 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar)

I

Stortinget samtykker i at Helse- og omsorgsdepartementet får fullmakt til å gjere endringar i løyvingane til trygderefusjonane for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2013. Endringane vil bli gjort på grunnlag av eventuelle avtalar med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening og den pågåande høyringsprosess for endringar i forskrift om stønad til dekning av fysioterapi.