4 Innspel frå høyringsinstansane
Alminneleg høyring av forslaget til endring i akvakulturloven vart avslutta 29. september 2009. Nedanfor gjer vi greie for hovudelementa i høyringsfråsegnene.
Dei fleste høyringsinstansane er positive til forslaget. Fellesforbundet uttalar at:
«Når en oppdretter blir tildelt ei løyve er det rimelig at samfunnet får noe tilbake i form av et vederlag.»
Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening«er kritisk til at havbruksnæringen i motsetning til andre næringer skal betale for vekst og utvikling. FHL ser imidlertid ingen prinsipiell forskjell på salg av nye konsesjoner og salg av økt MTB-volum.» Dei uttalar vidare at:
«FHL deler derfor Regjeringens oppfatning om at det bør kunne kreves vederlag også for vekst i form av økning i MTB.»
Norske Sjømatbedrifters Landsforening meiner at ein auke i MTB «må gis vederlagsfritt», og uttalar vidare at:
«Endring av produksjonsvilkår knyttet til konsesjonene, som for eksempel økning i fôrkvoter eller økt MTB, har ikke tidligere vært sett på som en ny rettighet, og derfor heller ikke vært heftet med vederlag. NSL ser ikke at det finnes argumenter for at dette bør endres ved en økning i MTB for 2010».
Fleire høyringsinstansar, mellom anna Troms fylkeskommune og Sør-Troms Regionråd, er ikkje negative til prinsippet om vederlag for auka MTB, men ønskjer at høvesvis deler eller heile vederlaget bør tilfalle aktuelle fylke eller kommunar.
Finansnæringens Hovedorganisasjonog Sparebankforeningener samde i at aktørane skal betale noko tilbake til samfunnet, men ønskjer at ein vurderer «å fjerne konsesjonsordningen i sin nåværende form.» Samstundes peiker dei på at:
«Før det ilegges nye særegne skatter og avgifter på oppdrettsnæringen bør det etter vårt syn gjennomføres en prinsipiell vurdering av den samlede skattleggingen av oppdrettsnæringen, der en tar hensyn til konkurransekraft og lokalsamfunn.»
Fiskeridirektoratet har lovtekniske innspel, og peiker mellom anna på at ordlyden i føresegna kan forenklast.
Departementet vil presisere at spørsmålet om korleis vederlaget skal nyttast blir vurdert i samband med den enkelte tildelingsrunden og det aktuelle statsbudsjettet. Prinsippet om vederlag er ikkje nytt, og forslaget inneber ikkje ein gjennomgang av ordninga med løyve for havbruksverksemd eller skatte- og avgiftsnivå. Når det giast rett til auka produksjonskapasitet, er det rimeleg at det kan takast vederlag for auken. Forslaget inneber difor at det, på lik linje med vederlag for nye løyve, òg vil vere mogleg å ta vederlag for auka MTB. I praksis betyr dette at det blir ein alternativ metode for gjennomføring av kapasitetsauke – i tillegg til tildeling av nye løyve, som seinast i tildelingsrunden i 2009.
Departementet er samde med Fiskeridirektoratet i at det er tenleg å forenkle ordlyden, og departementet har endra ordlyden samanlikna med høyringsforslaget.