Prop. 18 S (2011–2012)

Endringar i statsbudsjettet for 2011 under Justis- og politidepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag om endringar

Kap. 400 Justisdepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga under kap. 400, post 01 skal i hovudsak dekke utgifter til løn til tilsette i Justisdepartementet, utgifter til løn og drift til medlemer i kommisjonar, råd og utval samt midlar til engasjement og ekstrahjelp.

Opprettinga av ein ny Schengen notatbase er eit samarbeidsprosjekt mellom Utanriksdepartementet og Justisdepartementet. Oppfølging av kontrakt og utbetaling til leverandør vil skje frå Utanriksdepartementet. På den bakgrunn vert det foreslått å overføre 2,3 mill. kroner frå kap. 400, post 01 til kap. 100 Utanriksdepartementet, post 01 Driftsutgifter.

Løyvinga under kap. 400, post 01 vart auka med 27,6 mill. kroner som følgje av Stortinget si handsaming av Prop. 154 S (2010-2011) Tilleggslbevilgninger i statsbudsjettet 2011 i forbindelse med angrepene mot regjeringskvartalet og på Utøya, jf. Innst. 21 S (2011-2012). I ettertid har det vist seg at det er eit ytterlegare meirbehov i 2011 på 10,5 mill. kroner. Årsaka til dette er mellom anna at departementet ikkje hadde full oversikt over kor mykje nytt utstyr som måtte skaffast.

Oppsummering

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 400, post 01 med 8,2 mill. kroner.

Kap. 413 Jordskiftedomstolane

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Jordskifteretten har heimel til å kreve inn sideutgifter i visse saker. Sideutgiftene skal dekke det tekniske arbeidet i desse sakene. Utgiftene vert ført i eigne saksrekneskap, og utgifter og inntekter skal balansere når saka er avslutta.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 413, post 21 foreslått auka med 2,5 mill. kroner.

Kap. 3413 Jordskiftedomstolane

Post 02 Sideutgifter

Løyvinga på posten samsvarar med tilsvarande utgifter under kap. 413, post 21.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 3413, post 02 foreslått auka med 2,5 mill. kroner.

Kap. 414 Forliksråd og andre domsutgifter

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker godtgjering og tapt arbeidsforteneste til meddommarar, lagrettemedlemer, vitne, rettsvitne og reiseutgifter til desse. Løyvinga på posten dekker også utgifter til vitne som møter eller på anna måte gir forklaring for Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker samt naudsynte blodprøver og DNA-testar i arbeidet til kommisjonen.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 414, post 01 foreslått auka med 10 mill. kroner.

Kap. 430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker ordinære driftsutgifter i kriminalomsorga.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03. Inntektene under kap. 3430, post 03 er venta å verte lågare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2011. Justisdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 430, post 01 og kap. 3430, post 03 med 2 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3430, post 03.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 04. Tilskot til deltaking i internasjonalt fengselssamarbeid i 2011 er venta å bli høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga for 2011. På denne bakgrunn vert det foreslått at løyvinga under kap. 430, post 01 vert auka med 0,9 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3430, post 04.

Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 430, post 01 med 2,353 mill. kroner, jf. omtale under kap. 430, post 21.

Oppsummering

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 430, post 01 med 3,453 mill. kroner.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Posten omfattar m.a. utgifter arbeidsdrifta har til materiale og vanleg utskifting av mindre maskiner og utstyr. I løyvinga inngår også arbeidspengar til dei innsette.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 21 mot ei tilsvarande meirinntekt under kap. 3430, post 02. I 2011 er det venta ein auke i inntektene under kap. 3430, post 02 på 6,437 mill. kroner samanlikna med tilgjengeleg løyving. Samstundes er det venta at utgifter under kap. 430, post 21 aukar med 8,79 mill. kroner. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga med ytterlegare 2,353 mill. kroner under kap. 430, post 21, jf. omtale under kap. 430, post 01.

Oppsummering

Samla foreslår Justisdepartementet å auke løyvinga under post 21 med 8,79 mill. kroner.

Post 60 Refusjonar til kommunane, forvaringsdømte o.a., kan overførast

Løyvinga på posten dekker refusjonar til kommunale omsorgstiltak for personar som er sette fri frå forvaring, psykisk utviklingshemma med sikringsdom og varetektssurrogat.

I 2011 er det venta ein auke i utgiftene under kap. 430, post 60. Aukinga skuldast høgare utbetalingar til dei kommunale tiltaka, og at fleire av sakene har fått heilårseffekt i 2011. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga under kap. 430, post 60 med 6,343 mill. kroner.

Kap. 3430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning

Post 02 Inntekter frå arbeidsdrifta

Løyvinga på posten dekker inntekter frå sal av arbeidsdrifta si produksjon og drifts- og vedlikehaldsoppgåver som vert gjort på bestilling frå Statsbygg.

Inntektene under kap. 3430, post 02 er venta å verte høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2011. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 21 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 02. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga under kap. 3430, post 02 med 6,437 mill. kroner mot ein tilsvarande auke i løyvinga under kap. 430, post 21, jf. omtale under kap. 430, post 21.

Post 03 Andre inntekter

Løyvinga på posten dekker m.a. leigeinntekter for teneste- og leigebustad, refundert kost og husleige samt klientavhengige driftstilskot til overgangsbustadane.

Inntektene under kap. 3430, post 03 er venta å verte lågare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2011. Dette skuldast bortfall av inntekter frå Husbanken til bustadkonsulentar ved fleire regionar i 2011, bortfall av eingongstilskot og midlar til prosjekt frå eksterne verksemder og lågare inntekter frå overgangsbustadane.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03. Justisdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 3430, post 03 med 2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 430 post 01, jf. omtale under kap. 430, post 01.

Post 04 Tilskot

Løyvinga på posten dekker tilskot til deltaking i internasjonalt fengselssamarbeid.

Tilskot til internasjonalt fengselssamarbeid er venta å verte høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2011. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 04. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 430, post 01 og kap. 3430, post 04 med 0,9 mill. kroner, jf. omtale under kap. 430, post 01.

Kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 441, post 01

Løyvinga dekker alle ordinære driftsutgifter ved Politidirektoratet, politidistrikta (ikkje Oslo politidistrikt), politireserven og politiet sine særorgan (ikkje Politihøgskulen).

Flaum og naturskadetakstar

Flaumane i 2011 har påført politi- og lensmannsetaten meirarbeid med naturskadetakstar. Justisdepartementet foreslår å auke løyvinga under kap. 440 post 01 med 0,9 mill. kroner.

Passproduksjon

Det er venta ein auke i talet på produserte pass. Dette vil gi auka utgifter til politiet på 3,2 mill. kroner. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 3,2 mill. koner, jf. omtale under kap. 3440, post 01.

Auka innsats for retur og soningsoverføring

I saldert budsjett for 2011 er måltalet for tvangsreturar 4 600 uttransporteringar. Personar utan lovleg opphald skal returnere raskt, helst frivillig, men om naudsynt med tvang. Rask retur er humant fordi det gjer at menneske kan fortsette sine liv i heimlandet, og ikkje sette det på vent i Noreg. Rask retur bidrar også til å førebygge kriminalitet, redusere presset på kapasitet i statlege asylmottak og ikkje minst sikre legitimitet for asylinstituttet.

På denne bakgrunn vil Justisdepartementet intensivere innsatsen retta mot returarbeidet ytterlegare i 2011, og auke måltalet for uttransporteringar med 100, til 4 700. Dette skal skje gjennom meir grensenære og territoriale kontrollar, og auka innsats særleg i Østfold politidistrikt, Romerike politidistrikt og Oslo politidistrikt samt nokre andre utvalde politidistrikt. Den auka innsatsen i Oslo politidistrikt vil også rette seg mot det opne rusmiljøet, særleg på nedre Grünerløkka. I tillegg skal Politiets utlendingseinig gjennomføre eit restanseprosjekt for å førebu ytterlegare returar. Dette arbeidet skjer ved bruk av overtid og midlertidig tilsetting av nyutdanna studentar frå Politihøgskulen.

For å kunne auke innsatsen retta mot returarbeid og måltalet for uttransporteringar i 2011 til 4 700, vert det samla foreslått å auke løyvinga med 7,25 mill. kroner, fordelt med 4,625 mill. kroner på kap. 440, post 01, 2 mill. kroner på kap. 440, post 21 og 0,625 mill. kroner på kap. 441, post 01, jf. omtale under nemnde postar og kap. 490, post 72.

Regjeringa vil også auke innsatsen for å få gjennomført fleire soningsoverføringar i 2011. Noreg har mellom anna nyleg inngått bilaterale avtalar om soningsoverføring med Romania, Litauen og Latvia. Justisdepartementet foreslår å sette av midlar slik at Noreg tilbyr seg å finansiere 10-15 transportar til soning i heimlandet (normalt skal mottakarlandet sjølv betale for dette). Dette vil bidra til å dempe presset på soningskapasiteten i kriminalomsorga. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 0,75 mill. kroner.

Oppsummering

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 9,475 mill. kroner.

Bestillingsfullmakt

Justisdepartementet har for 2011 fått fullmakt til å bestille varer for inntil 40 mill. kroner utover den gitte løyvinga under kap. 440, post 01, jf. romertalsvedtak III i Prop. 1 S (2010-2011) for Justisdepartementet. På bakgrunn av auka bemanning i livvakttenesta og slitasje på utstyr og materiell ved denne tenesta, treng departementet fullmakt i 2011 til at Politiets tryggingsteneste kan foreta bestillingar av nytt materiell og utstyr for 30,4 mill. kroner som kjem til utbetaling neste år. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke bestillingsfullmakta under kap. 440, post 01 med 30,4 mill. kroner i 2011, til 70,4 mill. kroner, jf. forslag til vedtak.

Oppgradering av Trandum utlendingsinternat

Tilstrekkeleg kapasitet ved Trandum er ein av føresetnadane for at personar som ikkje oppfyller vilkåra for opphald i landet skal returnere raskt. I tråd med Prop. 12 S (2010-2011) er det sett i gang eit arbeid med å oppgradere sikkerheita ved Trandum, samtidig som kapasiteten ved Trandum vert utvida ved bruk av modulbygg. Statsbygg skal stå som eigar av modulbygga. Arbeidet er i rute, og det er venta at ein kan ta i bruk dei nye plassane i løpet av januar 2012, jf. Prop. 120 S (2010–2011). Auka kapasitet ved utlendingsinternatet vil legge til rette for at satsinga på retur kan halde fram.

Justisdepartementet vil i tillegg etablere ein ny modul 2 til erstatning for plassane i det eksisterande internatet. Ein slik modul vil truleg kunne vere ferdigstilt til bruk innan første halvår 2012. Trandum vil med dette få ein kapasitet på 136 plassar, inkludert ti plassar i eksisterande sikkerheitsavdeling, dvs. 16 fleire plassar enn føresetnaden i Prop. 12 S (2010-2011). Løysinga vil bidra til å auke tryggleiken for innsette og tilsette på Trandum, gi eit betre tilbod for dei innsette og ivareta omsynet til borna sitt beste betre enn i dag. Etablering av ein ny modul 2 vil også ivareta krav om universell utforming og legge til rette for ei meir effektiv ressursutnytting ved Trandum. Tiltaket kan gjennomførast innafor eit uendra løyvingsnivå.

Det er departementet si målsetting at barnefamiliar i minst mogleg grad skal opphalde seg på Trandum. Løysinga med ein modul 2 vil omfatte ei spesialtilpassa avdeling for born og bornefamiliar og einslege kvinner innanfor perimetersikringa, skjerma frå dei andre avdelingane. Løysinga vil bidra til at behovet til desse gruppene, og særleg til borna, vert ivaretatt på ein betre måte enn i dag.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker sideutgifter som politi- og lensmannsetaten har i samband med asylsaker, medrekna utgifter til uttransportering i asylsaker og andre utlendingssaker.

For å kunne auke talet på uttransporteringar (av bortviste/utviste) med 100 i 2011, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 21 med 2 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440, post 01.

Post 23 Sideutgifter i samband med sivile gjeremål

Løyvinga på posten dekker sideutgifter i samband med dei sivile gjeremåla. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 23 med 8,5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3440, post 07.

Kap. 3440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

Post 01 Gebyr – pass og våpen

Løyvinga på posten dekker inntekter frå gebyr for pass og våpenløyve. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3440, post 01 med 15 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440, post 01.

Post 06 Gebyr – utlendingssaker

Løyvinga på posten dekker gebyr i samband med søknader om statsborgarskap, familieinnvandring og løyve for arbeid, busetting og utdanning.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3440, post 06 med 0,192 mill. kroner.

Post 07 Gebyr – sivile gjeremål

Løyvinga på posten dekker gebyrinntekter i samband med den sivile rettspleia på grunnplanet – dvs. gebyr for tvangsforretning og forliksrådshandsaming. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3440, post 07 med 35 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440, post 01 og post 23.

Kap. 441 Oslo politidistrikt

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 440, post 01

Posten dekker alle ordinære driftsutgifter ved Oslo politidistrikt.

I samband med den auka innsatsen retta mot returarbeidet i 2011, og at Oslo politidistrikt også skal auke innsatsen retta mot det opne rusmiljøet, særleg på nedre Grünerløkka, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 441, post 01 med 0,625 mill. kroner, jf. nærmare omtale under kap. 440, post 01.

Kap. 442 Politihøgskulen

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker lønsutgifter og andre driftsutgifter ved Politihøgskulen.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 442, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3442, post 02 og post 03. På bakgrunn av endra inntektsanslag under kap. 3442, post 02 og post 03, vert det samla foreslått å auke løyvinga under kap. 442, post 01 med 9 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3442, post 02 og post 03.

Kap. 3442 Politihøgskulen

Post 02 Diverse inntekter

Løyvinga på posten dekker inntekter frå Politihøgskulen si kursverksemd, utleige, kantinesalg m.m. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3442, post 02 med 1 mill. kroner, jf. omtale under kap. 442, post 01.

Post 03 Inntekter frå Justissektorens kurs- og øvingssenter

Løyvinga på posten dekker inntekter frå drifta av Justissektorens kurs- og øvingssenter i Stavern. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3442, post 03 med 8 mill. kroner, jf. omtale under kap. 442, post 01.

Kap. 445 Den høgare påtalemakta

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker alle ordinære driftsutgifter ved Den høgare påtalemakta og statsadvokatembeta.

Hovudforhandlingane etter terroranslaga 22. juli er planlagt gjennomført på eit tidlegare tidspunkt enn først venta. For å sikre ei god førebuing av saka er det derfor naudsynt å auke arbeidsinnsatsen allereie frå november i år. Dei ekstraordinære meirutgiftene i 2011 er anslått til 0,75 mill. kroner. På den bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 445, post 01 med 0,75 mill. kroner.

Kap. 450 Sivile vernepliktige

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker alle mannskapsrelaterte utgifter som dagpengar, dimisjonsgodtgjering, forsørgjartillegg, butillegg, påklednad, kost og andre stønader til sivile vernepliktige mannskap.

Det er fremma eit erstatningskrav frå eit mannskap som tidlegare har vore inne til avtening av sivil verneplikt (1991). Kravet er fremma etter yrkesskadeforsikringslova med tilhøyrande forskrift om standardisert erstatning. Mannskapet er tidlegare innvilga menerstatning av Siviltenesta samt gitt erstatning for individuelle inntektstap i perioden frå 1991 og fram til no. På bakgrunn av konklusjonane til trygdemyndigheten, vil det no kunne settas sluttstrek for erstatningssaka ved fastsetting av ein eingongserstatning for tap i framtidig erverv. Siviltenesta som rett vedtaksorgan har akseptert kravet på om lag 2,5 mill. kroner. Meirutgifter på 1,5 mill. kroner dekkast innanfor budsjettet. På den bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 450, post 01 med 1 mill. kroner.

Kap. 3450 Sivile vernepliktige, driftsinntekter

Post 01 Inntekter av arbeid

Oppdragsgivarar må betale for bruk av sivile vernepliktige mannskap. Inntektene av arbeidet vert ført under denne posten.

Prognose for dei samla inntektene under posten tilseier at løyvinga for 2011 bør oppjusterast. Det var ved årsskiftet 2010/2011 eit særs høgt mannskapstal. Dette utløyste ei meirinntekt. Det har i tillegg vore avsett færre betalingsfrie mannskap til VOKT-tenesta. Normalt vil Siviltenesta i regnskapsavslutninga ha uteståande inntekter hos oppdragsgivarar. Som følgje av forslaget om avvikling av Siviltenesta, vil ein søke å få inn alle inntekter i 2011, slik at det ikkje skal vere uteståande beløp hos oppdragsgivarar etter dette tidspunkt. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3450, post 01 med 2 mill. kroner.

Kap. 451 Samfunnstryggleik og beredskap

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekke alle ordinære driftsutgifter og investeringar for Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap med underliggande driftseiningar.

I samband med Stortingets handsaming av Prop. 154 S (2010-2011) Tilleggsbevilgninger i statsbudsjettet 2011 i forbindelse med angrepene mot regjeringskvartalet og på Utøya, jf. Innst. 21 S (2011-2012), vart det løyva 4,05 mill. kroner til Sivilforsvaret knytt til meirutgifter til sikring av regjeringskvartalet og 20,7 mill. kroner til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap i samband med meirutgifter som følgje av arrangementa på Utøya 19. og 20. august og 1. oktober.

Kostnader for arrangementa på Utøya har auka med 3 mill. kroner i forhold til tidlegare anslag. I tillegg har Sivilforsvaret sin innsats på arrangementa ført til meirutgifter på til saman 1,25 mill. kroner utover det som vart løyva i samband med Prop. 154 S (2010-2011).

Oppsummering

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 451, post 01 med 4,25 mill. kroner.

Kap. 456 Direktoratet for naudkommunikasjon

Investeringa i nytt digitalt radiosamband over heile landet er ei stor satsing på samfunnstryggleik. Det nye naudnettet gir betre kommunikasjon internt i politi, brannvesen og helsevesen og mellom naudetatane. Dette gir dermed raskare og betre koordinert hjelp til publikum ved ulykker og kriser. Ved å skifte ut gamalt utstyr og nyttiggjere mogeligheitene i ny teknologi, vert naudetatane si daglege operative verksemd styrka.

Som opplyst i Prop. 100 S (2010-2011) utgjer tidsplanen i trinn 2 ein vesentleg risikofaktor, sia det i kontrakten berre er avsett 30 månader til utbygging i resten av landet. Erfaringar frå trinn 1 tilseier at dette er svært stramt tidsmessig. Planlegging, tilrettelegging og førebuing for utbygging skjer i tråd med Innst. 371 S (2010-2011). Direktoratet for Naudkommunikasjon (DNK) tek sikte på at revidert utbyggings- og innføringsplan og eventuelle tillegg til kontrakten vil verte ferdigstilt i løpet av 2011. Justisdepartementet tek sikte på å kome tilbake til Stortinget i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2012 med oppdatert informasjon om utbyggings- og innføringsplanar, konsekvensar for løyvinga samt status for starta utbygging og utrulling av utstyr.

Post 01 Driftsutgifter

På posten vert det ført utgifter til drifta av DNK og kostnader til drift av Naudnettets første utbyggingstrinn. Med Stortinget sitt vedtak om landsdekkande Naudnett, jf. Innst. 371 S (2010-2011) og Prop. 100 S (2010-2011), omfattar posten også ei auking av løyvinga til Naudnett i 2011.

Løyvinga på post 01 knytt til første utbyggingsområde av Naudnett (trinn 1) vert foreslått redusert med 13 mill. kroner i 2011. Justeringa relaterer seg til betaling for driftskostnader for Naudnett og inngår som ein del av avslutninga for kontrakten for trinn 1. Det er venta at utgiftene vil kome til utbetaling i 2012. Justisdepartementet vil ev. kome tilbake til saka i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2012.

Løyvinga dekker også kostnader knytt til vedtaket om landsdekkande utbygging av Naudnett (trinn 2) i 2011. Av løyvinga for trinn 2 på totalt 71,9 mill. kroner, vil DNK nytte 21 mill. kroner til å dekke kostnader til prosjektering i direktoratet. Vidare vil DNK nytte 2 mill. kroner til å dekke drift av landsdekkande driftsorganisasjon for brannvesena i 2011. Som følgje av pågåande forhandlingar med leverandøren om m.a. revidert tidsplan for trinn 2 for å ivareta staten sine samla interesser og redusere risikoen knytt til tidsplanen, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 456, post 01 med 48,9 mill. kroner i 2011.

Oppsummering

Samla vert det foreslått at løyvinga på post 01 vert redusert med til saman 61,9 mill. kroner i 2011.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

Løyvinga under posten tek høgde for investeringar i radionett og utstyr til naudetatane sine kommunikasjonssentralar og terminalar.

Av løyvinga til trinn 2 på totalt 413,1 mill. kroner, vil DNK nytte 35 mill. kroner i 2011. 30 mill. kroner vil verte brukt til å dekke investeringar i radionettstrukturen og 5 mill. kroner skal dekke investeringar til etablering av landsdekkande driftsorganisasjon for brannvesena og etablering av ein testsentral for kommunikasjonssentralsystema til brannvesena. Vidare vil Justisdepartementet nytte 1,3 mill. kroner i 2011 til å dekke pågåande arbeid knytt til mulige endringar i driftsorganiseringa på staten si side for å sjå om m.a. ytterlegare konsentrasjon av oppgåver vil kunne gje fordelar samla sett, og arbeidet med gevinstrealiseringsplanar i Naudnettprosjektet.

På bakgrunn av pågåande drøftingar med leverandøren om m.a. revidert tidsplan for trinn 2, samt Justisdepartementets arbeid med oppfølginga av Naudnettprosjektet, vert løyvinga under kap. 456, post 45 foreslått redusert ned med 376,8 mill. kroner i 2011.

Kap. 3456 Direktoratet for naudkommunikasjon

Post 01 Brukarbetaling

Løyvinga under posten gjeld betaling frå brukarar av Naudnett. Forventa brukarbetaling er basert på prinsipp det vart gjort greie for i Prop. 100 S (2010-2011).

Ved etablering av driftssentralløysing for brannvesena vil det i andre halvår 2011 kome inntekter frå 110-sentralane i trinn 1-området. Fordi driftsorganisasjonen til brannvesena vart overdratt til DNK seinare enn tidlegare planlagt, vert det foreslått at løyvinga under kap. 3456, post 01 vert redusert med 2 mill. kroner i 2011.

Det er behov for å justere ned løyvinga knytt til brukarbetalinga for Naudnett for trinn 1. Erfaringa viser at det så langt er færre brukarar som tek Naudnett i bruk i brann og helse enn tidlegare lagt til grunn. I tillegg har delar av brukarane frå brann og helse valt å utsette å ta leveransen i bruk. På denne bakgrunn vert det foreslått at løyvinga vert redusert med 4 mill. kroner i 2011.

Oppsummering

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3456, post 01 med til saman 6 mill. kroner.

Kap. 466 Særskilde straffesaksutgifter m.m.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker utgifter til salær og reise- og kostgodtgjering til forsvararar, bistandsadvokatar, tolkar og sakkunnige som er oppnemnd av retten i den einskilde saka eller av Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker. Løyvinga dekker også tapt arbeidsforteneste til tolkar og sakkunnige som ikkje har krav på salær i straffesaker. Løyvinga dekker vidare visse utgifter til Den rettsmedisinske kommisjon, som honorar/godtgjering og reise- og kursutgifter. Løyvinga dekker dessutan salær og reise- og opphaldsutgifter til aktor i militære straffesaker, visse utgifter i sivile saker og utgifter i Justisdepartementet til omsetting i rettsoppmodings- og utleveringssaker.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 466, post 01 med 40 mill. kroner.

Kap. 469 Verjemålordninga

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker utgifter til eit prosjekt som forbereder omorganiseringa som er naudsynt for at ny verjemålslov kan tre i kraft.

På bakgrunn av at venta forbruk i 2011 vil vere mindre enn opphavleg lagt til grunn, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 469, post 01 med 12,5 mill. kroner.

Kap. 470 Fri rettshjelp

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til sakkunnige og meddommarar m.m. i saker der det er gitt fri sakføring. Grunna ordninga si karakter er det vanskeleg å anslå utgiftene.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 470, post 01 med 1 mill. kroner.

Post 70 Fri sakførsel

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til advokat m.m. i saker der det er gitt heil eller delvis fri sakførsel.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 470, post 70 med 15 mill. kroner.

Post 71 Fritt rettsråd

Løyvinga på posten dekker utgifter til advokatar og rettshjelparar i saker der det er gitt fritt rettsråd.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470, post 71 med 35 mill. kroner.

Kap. 3470 Fri rettshjelp

Post 01 Tilkjende sakskostnader m.m.

Sakskostnader tilkjend staten i benefiserte saker vert ført under denne posten.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3470, post 01 med 2 mill. kroner.

Kap. 471 Staten sitt erstatningsansvar

Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving

Utbetalingar som følgjer av at staten er erstatningsansvarleg etter dei alminnelege erstatningsreglane eller har inngått forlik utan å vedgå ansvar, vert belasta denne posten. Unnateke er utbetalingar som følgjer av staten sitt ansvar i kontrakttilhøve og ansvar i samband med staten si forretningsdrift.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 471, post 71 med 30 mill. kroner.

Kap. 472 Valdsoffererstatning og rådgiving til offer for kriminalitet

Post 70 Erstatning til offer for vald, overslagsløyving

Posten er ei regelstyrt overslagsløyving og skal gå til erstatning i saker etter valdsoffererstatningslova, m.a. sakskostnader i samband med søknaden og klagehandsaminga.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 472, post 70 med 30 mill. kroner.

Kap. 480 Svalbardbudsjettet

Post 50 Tilskudd

Justisdepartementet foreslår å auke løyvinga under kap. 480, post 50 med 0,214 mill. kroner i samband med oppfølginga etter hendingane 22. juli 2011. Meirutgiftene består av bemanning av ungdomsklubben, reiser, oppfølging frå fagpersonell samt overtid hjå Sysselmannen og tilsette i kyrka.

Kap. 490 Utlendingsdirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til drift av Utlendingsdirektoratet (UDI).

UDI har i 2011 motteke eit krav frå Skatteetaten på meirverdiavgift ved kjøp av tenester frå utlandet i perioden 2003 til 2010. Meirbehovet (inkl. renter og tilleggskrav) er anslått til 6,4 mill. kroner. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 490, post 01 med 6,4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 490, post 72.

UDI har fått tilsegn om ein refusjon på 3,5 mill. kroner frå EUs yttergrensefond, knytt til utvikling av teknologiske løysingar for tilgang til Visa Informations System (VIS) i 2010 (jf. EFFEKT-programmet). På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 490, post 01 med 3,5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3490, post 05.

Oppsummering

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 490, post 01 med 9,9 mill. kroner.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, statlege mottak, kan nyttast under post 60

Løyvinga på posten skal dekke staten sine utgifter til drift av statlege mottak for asylsøkjarar.

Gjeldande løyving er basert på eit gjennomsnittleg belegg i mottak på 16 620, og at det vil kome 11 000 asylsøkjarar til Noreg i 2011, jf. Prop. 120 S (2010-2011). Nyare prognoser viser at gjennomsnittleg belegg i mottak er venta å verte 16 520, og at det vil kome om lag 10 000 asylsøkjarar til Noreg i 2011. Mindreutgiftene som følgjer av dette knytt til drift av asylmottak vert anslått til 10,368 mill. kroner.

Reduksjon i talet på einslege mindreårige asylsøkjarar i mottak har ført til eit forventa mindreforbruk på 150 mill. kroner.

Vidare vert det foreslått å overføre 15 mill. kroner til alternativ mottaksplassering (AMOT) under kap. 490, post 60, jf. omtale under kap. 490, post 60.

Oppsummering

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490, post 21 med 175,368 mill. kroner.

Post 22 Særskilte driftsutgifter, tolk og omsetting

Løyvinga på posten skal dekke utgiftene UDI har til tolking og omsetting i samband med handsaminga av asylsaker. Posten dekker også opplæring og rekruttering av verjer for einslege mindreårige.

Det er venta eit mindreforbruk på posten som følgje av at UDI har overtatt registreringssamtalene frå politiet og at det i nokre saker ikkje er behov for eit ordinært asylintervju i tillegg. Vidare er det forventa færre intervju som følgje av at dei nye prognosane anslår 1 000 færre asylsøkjarar i 2011 enn kva som tidlegare er lagt til grunn.

På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490, post 22 med 6 mill. kroner.

Post 60 Tilskot til vertskommunar for statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar

Løyvinga på posten skal dekke kommunane sine gjennomsnittlege utgifter til helse, barnevern, tolk og administrasjon i samband med drift av mottak.

På bakgrunn av samansettinga av og talet på bebuarar i asylmottak vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490, post 60 med 2,566 mill. kroner. Særleg er det venta færre einslege mindreårige asylsøkjarar i 2011 enn tidlegare lagt til grunn, og ein kan dermed redusere den øyremerka delen til verjeordninga.

Utgiftene til barnehage for asylsøkjarbarn vert om lag 15 mill. kroner lågare enn venta pga. færre barn i målgruppa og fordi ikkje alle barna i målgruppa har tilbod om plass i barnehage.

Justisdepartementet foreslår å budsjettere midlane til alternativ mottaksplassering (AMOT) under post 60, slik det også er lagt opp til for 2012. Tiltaket vert no rekneskapsført under post 60, men budsjettert på post 21, jf. stikkordet «kan nyttast under post 60». På denne bakgrunn vert det foreslått å overføre 15 mill. kroner frå kap. 490, post 21 til kap. 490, post 60, jf. omtale under post 21.

Oppsummering

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490, post 60 med 2,566 mill. kroner.

Post 70 Økonomiske ytingar til bebuarar i asylmottak, kan nyttast under post 60

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til økonomiske ytingar til asylsøkjarar og flyktningar i tida dei oppheld seg i mottak. Satsane for økonomiske ytingar er differensierte på bakgrunn av søknadsstatus, familiestatus o.a.

Som omtalt under kap. 490, post 21 vert det gjennomsnittlege talet på bebuarar i mottak i 2011 noko lågare enn det som tidligare har vorte lagt til grunn. Det gir eit venta mindreforbruk på 3,072 mill. kroner.

Endringar i bebuarsamansetninga, særleg ein større del personar med såkalla dublin-status (personar som ikkje får realitetshandsama asylsøknaden sin i Noreg) og endeleg avslag, utgjer eit ytterlegare forventa mindreforbruk på 10 mill. kroner.

Oppsummering

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490, post 70 med 13,072 mill. kroner.

Post 72 Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, kan overførast

Løyvinga på posten skal dekke både individuell økonomisk støtte ved tilbakevending og tilskot til prosjekt som støtter opp under retur og tilbakevending. Formålet med tilskotsordninga er å legge til rette for at flyktningar kan vende tilbake til heimlandet når det er trygt, og til å motivere asylsøkjarar med endeleg avslag og andre personer utan lovleg opphald i Noreg til å returnere frivillig.

Det er venta eit mindreforbruk under posten på 28,4 mill. kroner i 2011 knytt til forsinkingar i framdrifta med etablering av omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar i opphavslandet, etablering av tilbaketakingsavtaler samt enkelte prosjekt i Noreg.

Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 490, post 72 med 8 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440, post 01, kap. 440, post 21 og kap. 441, post 01.

Vidare vert det foreslått ein reduksjon i løyvinga under kap. 490, post 72 med 6,4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 490, post 01.

Oppsummering

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490, post 72 med 28,4 mill. kroner.

Post 75 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast

Løyvinga på posten skal dekke reiseutgifter for overføringsflyktningar, familiemedlemer til personar med vern og flyktningar som drar tilbake til heimlandet.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490, post 75 med 4,95 mill. kroner.

Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet

Post 01 Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, ODA-godkjende utgifter

Nokre av utgiftene som er knytt til retur og tilbakevending for flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

På bakgrunn av forslag om reduksjon i løyvinga under kap. 490, post 72, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490, post 01 med 28,4 mill. kroner.

Post 03 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, ODA-godkjende utgifter

Nokre av utgiftene som er knytt til retur og tilbakevending for flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

På bakgrunn av forslag om reduksjon i løyvinga under kap. 490, post 75, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490, post 03 med 0,939 mill. kroner.

Post 04 Statlege mottak, ODA-godkjende utgifter

Nokre av utgiftene som er knytt til mottak for asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

På bakgrunn av at talet på asylsøkjarar som har budd meir enn eitt år i mottak har auka, og reduksjon i løyvinga under kap. 490, post 21, post 60 og post 70, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490, post 04 med 326,226 mill. kroner.

Post 05 Tilfeldige inntekter

Posten er knytt til refusjon for fellestenester frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) og refusjon for andre verksemder sin bruk av IKT-systemet DUF.

UDI har fått tilsegn om ein refusjon på 3,5 mill. kroner frå EUs yttergrensefond knytt til utvikling av teknologiske løysningar for tilgang til VIS i 2010. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3490, post 05 med 3,5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 490, post 01.

Kap. 491 Utlendingsnemnda

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til drift av Utlendingsnemnda (UNE), irekna sakshandsamingsutgifter, men ikkje utgiftene til sjølve sakshandsaminga i nemndmøte.

Justisdepartementet foreslår å auke løyvinga under kap. 491, post 01 med 3 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 491, post 21, jf. omtale under kap. 491, post 21. Dette gjer det mogleg å auke saksavviklinga i UNE i 2011.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, nemndhandsaming

Løyvinga på posten skal dekke utgifter knytt til handsaming av saker i nemndmøte, og er særleg avhengig av talet på asylsøkjarar og kor stor del av sakene som vert handsama i nemndmøte.

På grunn av færre nemndhandsamingar enn tidlegare lagt til grunn er det venta eit mindreforbruk på 3 mill. kroner under kap. 491, post 21. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 491, post 21 med 3 mill. kroner, jf. omtale under kap. 491, post 01.

Til forsida