1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Kulturdepartementet legg med dette fram eit forslag til lov om endring i lov 28. august 1992 nr. 103 om pengespill (pengespilloven).
Regjeringa ønskjer å endre fordelingsnøkkelen for tippeoverskotet (tippenøkkelen) for å styrkje idretten og kulturformål utanfor statsbudsjettet.
Etter gjeldande tippenøkkel går 45,5 pst. av speleoverskotet frå Norsk Tipping AS til idrettsformål, 36,5 pst. til kulturformål og 18 pst. til samfunnsnyttige og humanitære formål. Av midlane til kulturformål blir 2/3 fordelt av Stortinget og 1/3 av Kongen.
Departementet foreslår å fordele speleoverskotet frå Norsk Tipping AS etter ny tippenøkkel i 2013 med 47,9 pst. til idrettsformål, 14,6 pst. til kulturformål utanfor statsbudsjettet, 19,5 pst. til kulturformål (som blir ført til inntekt i statsbudsjettet) og 18 pst. til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar.
Forslaget i lovproposisjonen er i samsvar med forslag til vedtak til løyving i Prop. 1 S (2012-2013).