2 Forslag til løyvingar
2 Forslag til løyvingar
Programområde 02 Utanriksforvaltning
Kap. 100 Utanriksdepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Det blir gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 900 000 kroner.
Forslaget er knytta til sekondering av stilling til NATO og delfinansiering av stilling i Murmansk i samband med bortfall av finansiering frå Innovasjon Norge.
Tilleggsløyvinga er foreslått finansiert ved at løyvingane på kap. 100, post 71 Diverse tilskot og kap. 118, post 70 Nordområdetiltak og prosjektsamarbeid med Russland blir reduserte tilsvarande, jf. nærmare omtale nedafor.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Det blir gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 2,3 mill. kroner.
Etablering av ein ny Schengen notatbase er eit samarbeidsprosjekt mellom Utanriksdepartementet og Justisdepartementet, der Utanriksdepartementet skal dekke 1,55 mill. kroner av investeringsutgiftene og Justisdepartementet skal dekke 2,3 mill. kroner. Dei løpande driftsutgiftene vil bli dekka over Utanriksdepartementet sitt budsjett. I denne samanhengen foreslås det å overføre 2,3 mill. kroner frå kap. 400 Justisdepartementet, post 01 Driftsutgifter til kap. 100 Utenriksdepartementet, post 21 Spesielle driftsutgifter.
Post 71 Diverse tilskot
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 400 000 kroner.
Det blir vist til forslaget om auka løyving til dekking av lønnsutgifter, jf. omtale under kap. 100, post 01 ovafor. 400 000 kroner av denne tilleggsløyvinga blir foreslått omdisponert frå kap. 100, post 71 Diverse tilskot.
Kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar
Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar
Det blir gjort framlegg om reduksjon i løyvinga på 119,71 mill. kroner.
Reduksjonsforslaget på netto 119,71 mill. kroner skuldast reviderte budsjett, herunder endra valutakurs for m.a. kontingentar til FN (- 26,6 mill. kroner), FNs fredsoperasjonar (- 47 mill. kroner), EFTA (-28,437 mill. kroner), FAO, WHO og ILO (-1,6 mill. kroner), NATO (-18 mill. kroner), Europarådet (-3,5 mill. kroner), OECD (-1,84 mill. kroner), Østersjørådet (- 90 000 kroner), Nordisk Ministerråd, (+ 2,435 mill. kroner), WTO (+ 2,125 mill. kroner), IAEA (+ 1,6 mill. kroner), Den internasjonale straffedomstol (+ 461 000 kroner), Kommisjonen for bevaring av marine ressurser (+ 53 000 kroner), Organisasjonen for omfattende prøvestans CTBTO (+433 000 kroner) og Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (+250 000 kroner).
Kap. 117 EØS-finansieringsordningane
Samla forslås det ein reduksjon i løyvingane under kap. 117 EØS-finansieringsordningene på 322 mill. kroner fordelt på følgjande postar:
Post 72 EØS-finansieringsordninga 2004-2009, kan overførast
Det blir gjort framlegg om reduksjon i løyvinga på 40 mill. kroner.
Noreg, Island og Liechtenstein sitt sekretariat for EØS-finansieringsordningane i Brussel - Financial Mechanism Office (FMO) - som forvaltar ordninga har utarbeidd nye prognosar for kva som vil bli utbetalt under avtalen i 2011. Dei nye prognosane tilseier at løyvinga i år kan reduserast med 40 mill. kroner. Reduksjonen skuldast innsparingar i prosjektgjennomføringane, nedskalerte prosjekt og prosjekt som ikkje blir ferdige, og endra valutakurs.
Post 73 Den norske finansieringsordninga 2004-2009, kan overførast
Det blir gjort framlegg om reduksjon i løyvinga på 200 mill. kroner.
FMO i Brussel som forvaltar ordninga har utarbeida nye prognosar for utbetaling under avtalen i 2011. Nye prognosar tilseier at løyvinga i år kan reduserast med 200 mill. kroner. Reduksjonen skuldast innsparingar i prosjektgjennomføringane, nedskalerte prosjekt og prosjekt som ikkje blir ferdige, og endra valutakurs.
Post 74 Bilaterale samarbeidsprogram med Bulgaria og Romania 2007- 2009, kan overførast
Det blir gjort framlegg om reduksjon i løyvinga på 82 mill. kroner.
Nye prognosar for utbetaling under samarbeidsprogramma for 2011 frå Innovasjon Norge som forvalter ordninga, tilseier at løyvinga under ordninga kan reduserast med 82 mill. kroner. Forslaget til reduksjon skuldast i hovudsak innsparingar i prosjektgjennomføringa, nedskalerte prosjekt, prosjekt som ikkje blir ferdige, og endra valutakurs.
Kap. 118 Nordområdetiltak m.m.
Post 70 Nordområdetiltak og prosjektsamarbeid med Russland, kan overførast
Det blir gjort framlegg om reduksjon i løyvinga på 500 000 kroner.
Forslaget er knytta til delfinansiering av stilling i Murmansk, jf. omtale ovafor under kap. 100, post 01.
Post 71 Støtte til utvikling av samfunn, demokrati og menneskerettar m.m., kan overførast
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 6 mill. kroner.
Dekking av visse utgifter til anti-terrortiltak kan i følge OECD/DAC sitt regelverket ikkje klassifiserast som offisiell utviklingshjelp (ODA), jf. omtale under kap. 164, post 72 nedafor. Hittil har enkelte slike utgifter vore løyvde over budsjettet for utviklingshjelp under kap. 164, post 72. Det blir i denne proposisjonen gjort framlegg om at antiterrortiltak skal dekkast av løyvinga under kap. 118, post 71 under programområde 02.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 6 mill. kroner, som blir foreslått omdisponert frå kap. 164, post 72/03-området., jf. omtale under posten nedafor.
2 Forslag til løyvingar
Programområde 03 Internasjonal utviklingshjelp
Kap. 163 Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar
Post 71 Humanitær hjelp, kan overførast
Det blir gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 44,4 mill. kroner.
Uroa i verdsøkonomien bidrar til at ulike land si økonomiske støtte til FN, Raude Kross og andre humanitære organisasjonar går attende. Mange av dei store humanitære aktørane har ikkje ledig kapital og opplever finansiell krise. Mot slutten av året er det særleg behov for å fylle på med ikkje-øremerka midlar til FNs naudhjelpsfond, dei store humanitære FN-organisasjonane som UNHCR, WFP, UNICEF og OCHA i tillegg til Den internasjonale Raudekrosskomiteen (ICRC).
Midlane er tenkt nytta til tiltak i land der Noreg i lengre tid har hatt eit humanitært engasjement; som Sudan, Sør-Sudan, Afghanistan, Somalia, Den demokratiske republikken Kongo og dei okkuperte palestinske områda. I tillegg er det behov for humanitær hjelp til Libya, Elfenbeinskysten, Liberia, Afrikas Horn og Pakistan.
Kap. 164 Fred, forsoning og demokrati
Post 72 Utvikling og nedrustning, kan overførast
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 10 mill. kroner. 4 mill. kroner av dette er knytta til mindrebehov på posten i år, og 6 mill. kroner er knytta til antiterrortiltak. Antiterrortiltak er ikkje klassifisert som offisiell utviklingshjelp (ODA), jf. OECD/DAC sitt regelverk og vil såleis ikkje inngå i løyvingane under programområde 03 Internasjonal utviklingshjelp. I denne proposisjonen blir det difor gjort framlegg om å omdisponere 6 mill. kroner til kap. 118, post 71 under programområde 02, jf. nærmare omtale under kap. 118, post 71 ovafor.
Kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjent som utviklingshjelp (ODA)
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Det blir gjort framlegg om reduksjon i løyvinga på 444,4 mill. kroner.
Løyvinga på denne posten omfattar utgifter til flyktningar i Noreg som etter OECD sine retningslinjer kan klassifiserast som offisiell utviklingshjelp. Dette er ordningar under Kunnskapsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Justisdepartementet, men den delen av utgiftene som kan klassifiserast som utviklingshjelp blir dekka over budsjettet for utviklingshjelp.
Nye prognosar for 2011, tilseier at løyvinga på posten kan reduserast med 444,4 mill. kroner. 144,4 mill. kroner av desse innsparte midlane blir i denne proposisjonen foreslått omdisponert til andre tiltak/postar på budsjettet for utviklingshjelp. Resterande reduksjon på 300 mill. kroner på kap. 167, post 21 skal dekke tilleggsløyvinga på 300 mill. kroner til hjelp til naudlidande på Afrikas Horn under kap. 163 Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar, post 70 Naturkatastrofer, jf. Prop. 152 S (2010-2011).
Kap. 170 FN-organisasjonar m.m.
Post 76 Tilleggsmidlar via FN-systemet m.m., kan overførast
Det blir gjort framlegg om ein auke i løyvinga på 34,3 mill. kroner.
Auka midlar foreslås i hovudsak gitt til UNFPA og Unicef sitt felles fond mot kjønnslemlesting og til styrking av FN sine utviklingsaktivitetar på landnivå innafor ramma av Eitt FN.
Post 78 Bidrag andre FN-organisasjonar m.m., kan overførast
Løyvinga på posten foreslås redusert med 10,3 mill. kroner grunna mindrebehov i 2011 pga. valutakursutviklinga. Innsparte midlar foreslås omdisponert til tiltak under kap. 170, post 76 ovafor.
Kap. 171Multilaterale finansinstitusjonar
Post 72 Samfinansiering via finansinstitusjonar
Det blir gjort framlegg om ein auke i løyvinga på 50 mill. kroner.
Forslaget gjeld auka satsing på utdanning gjennom støtte til Global Partnership for Education (tidlegare Fast Track Initiative). Programmet vil spesielt vere retta mot grunnutdanning til jenter, barn i sårbare statar og heving av kvaliteten på utdanning.
Kap. 172 Gjeldslette og gjeldsrelaterte tiltak
Post 70 Gjeldsslette, betalingsbalansestøtte og kapasitetsbygging, kan overførast
Det blir gjort framlegg om ein auke i løyvinga på 30 mill. kroner.
Midlane foreslås nytta til gjeldsslette gjennom det internasjonale initiativet for sletting av gjelda til dei fattigaste og mest gjeldstynga landa, HIPC-initiativet.