10 Personopplysningar i saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag – lovforslaget § 15
Ved høyringa i 2009 meinte Datatilsynet at det var vanskeleg å vurdere forslaget med omsyn til personvern, og bad om at ein gjer grundig greie for personvernimplikasjonane ”slik at det blir mulig å ta stilling til hvilke konsekvenser forslagene vil medføre for den enkelte”. Departementet vil her berre ta opp spørsmåla som reiser seg når det gjeld vurderinga av å halde tilbake ytingar og barnebidrag til barnebortføraren. Dei andre tilhøva som lova tek opp, reiser ikkje nye spørsmål.
I samband med avgjerda om ein skal halde tilbake ytingar og barnebidrag, må Arbeids- og velferdsetaten samle og handsame personopplysningar som for ein stor del er av sensitiv art, til dømes helseopplysningar og opplysningar om tilhøva mellom medlemane i familien. For ein del vil det dreie seg om å bruke opplysningar som etaten har fått i samband med krav om ytingar, til dømes ved handsaminga av eit krav om uførepensjon. Tilsvarande gjeld for opplysningar frå etatar som familievernkontora og barnevernet. Opplysningar kan med andre ord bli brukte til eit anna formål enn det dei er samla inn for.
Kva slag opplysningar som er aktuelle, vert avgjort av situasjonen i den konkrete saka. Det er vanskeleg å definere dette nærare enn at det må vere opplysningar som kan verke inn på avgjerda av spørsmålet om å halde tilbake ytingar og barnebidrag. I forslaget til § 8, sjå punkt 2.7.4, er det nemnd dei opplysningane som ein til vanleg kan hente inn i desse sakene. Det vert presisert i lovforslaget at ein før ein hentar inn opplysningar, skal vurdere om opplysningane er naudsynte for avgjerda.
Etter lovforslaget § 9 kan organet som skal treffe vedtak etter § 7 be om at ein sakkunnig vurderer om det er forsvarleg å halde tilbake ytingar og barnebidrag, dersom opplysningane i saka gjev grunn til det. Denne vurderinga vil i særleg grad ta opp personlege tilhøve av sensitiv art. For å gje ei god erklæring i saka, vil den sakkunnige venteleg ha behov for å hente inn sensitive opplysningar, og lovforslaget legg opp til at den sakkunnige skal ha den same retten til dette som avgjerdsorganet i Arbeids- og velferdsetaten. Også den sakkunnige vil difor samle og behandle personsensitive opplysningar etter innføring av ordninga.
Sakene etter lova vil starte med ei melding frå Justis- og beredskapsdepartementet eller politiet om at eit barn er bortført frå Noreg til utlandet. I samband med dette vil det venteleg også kunne vere aktuelt å gje nærare opplysningar om saka til organet som skal treffe avgjerd om å halde tilbake ytingar og barnebidrag. Den kommunale delen av arbeids- og velferdsforvaltninga og Husbanken skal også ha melding om barnebortføringar, men opplysningane skal her vere avgrensa til identifikasjon av personane det gjeld og endringa i opphaldsstad, slik at desse organa kan vurdere om vilkåra for ytingane deira er oppfylte etter bortføringa.
Heimelen for å halde tilbake ytingar og barnebidrag gjer det naudsynt med utveksling av opplysningar mellom personar og instansar. Det vil også i stor grad dreie seg om personopplysningar av sensitiv art. Det er difor viktig at det vert lagt opp til at utvekslinga skjer på ein trygg måte, og på ein måte som sikrar at opplysningane ikkje går til andre enn dei som har behov for dei. Tilsvarande må opplysningar som er samla med sikte på avgjerda etter lovforslaget § 7, sikrast mot innsyn frå andre enn dei som skal treffe avgjerda. Departementet reknar med at dette vil bli ein svært avgrensa krins av personar. Det vil også vere behov for å sikre ei trygg behandling og lagring av opplysningar som ein sakkunnig får eller hentar inn når han eller ho blir beden om å gje ei vurdering av saka etter lovforslaget § 9.
Iverksetjinga av eit vedtak om å halde tilbake ytingar og barnebidrag, og utbetaling av ytingar og bidrag som er haldne tilbake, vil likevel føre til at andre personar i etaten enn dei som treffer vedtaket får kjennskap til at det er skjedd ei barnebortføring og kven det gjeld.
Departementet foreslår at det vert presisert i den nye lova at reglane i personopplysningslova gjeld ved innhenting, handsaming og lagring av opplysningar i saker etter §§ 7 til 11.
Departementet vil gje forskrift som regulerer handsaminga av personsopplysningar i saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag, sjå forslaget til § 16 bokstav f. Ein viser til lovforslaget § 15 og til merknaden til paragrafen.