5 Framlegg om endringar
Regjeringa gjer framlegg om å auke låneramma i Husbanken med 2 mrd. kr i 2009, frå 14 mrd. kr til 16 mrd. kr, jf. framlegg om endra løyving og framlegg til romartalsvedtak.
Kap. 2412 Den norske stats husbank
Post 90 Lån til Husbanken, overslagsløyving
Løyvinga på kapittel 2412 post 90 er knytta til Husbanken sitt brutto finansieringsbehov i samband med utlånsverksemda, det vil seie utbetaling av nye lån og rentestønad. Utbetalingar av lån er i statsbudsjettet for 2009 budsjettert til 11 082 mill. kr.
På bakgrunn av framlegget om å auke låneramma til 16 mrd. kr i 2009, gjer regjeringa framlegg om å auke løyvinga på posten med 83 mill. kr, slik at samla løyving på posten blir 11 165 mill. kr i 2009.