2 Forslag om endringar
Kap. 400 Justisdepartementet
Post 01 Driftsutgifter
I samband med overføringa av Norsk Eiendomsinformasjon as frå Justisdepartementet til Nærings- og handelsdepartementet frå 1. juli 2010, vert det foreslått å overføre 75 000 kroner frå kap 400, post 01 til kap. 900 Nærings- og handelsdepartementet, post 01 Driftsutgifter.
Kap. 410 Tingrettane og lagmannsrettane
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer utgifter som etter rettsgebyrlova er inkludert i rettsgebyret, jf. kap. 3410 Rettsgebyr, til dømes kunngjeringsutgifter, naudsynte utgifter ved tvangsforretning, registrering m.m. under offentleg bubehandling, forkynning som er naudsynt etter lova og utgifter til rettsvitne.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 410, post 21 foreslått redusert med 10 mill. kroner.
Kap. 3410 Rettsgebyr
Post 01 Rettsgebyr
På posten vert det ført inntekter frå gebyrpliktige oppgåver i domstolane i samband med sivile saker, tinglysing, skjønn, tvangsforretning, skifte, konkurs m.m.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3410, post 01 med 5 mill. kroner.
Kap. 413 Jordskiftedomstolane
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Jordskifteretten har heimel til å krevje inn sideutgifter i visse saker. Sideutgiftene skal dekkje det tekniske arbeidet i desse sakene. Utgiftene vert ført i eigne saksrekneskap, og utgifter og inntekter skal balansere når saka er avslutta.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 413, post 21 foreslått auka med 2 mill. kroner.
Kap. 3413 Jordskiftedomstolane
Post 02 Sideutgifter
Løyvinga på posten samsvarar med tilsvarande utgifter under kap. 413, post 21.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 3413, post 02 foreslått auka med 5 mill. kroner.
Kap. 414 Forliksråd og andre domsutgifter
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer godtgjering og tapt arbeidsforteneste til meddommarar, lagrettemedlemer, vitne, rettsvitne og reiseutgifter til desse. Løyvinga på posten dekkjer også utgifter til vitne som møter eller på annan måte gir forklaring for Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker samt naudsynte blodprøver og DNA-testar i arbeidet til kommisjonen.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 414, post 01 foreslått auka med 10 mill. kroner.
Kap. 430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer ordinære driftsutgifter i kriminalomsorga.
Kontroll av urinprøver er eit viktig verkemiddel for å hindre narkotika i fengsla. Kriminalomsorga sine kostnader til kontroll av urinprøvar har auka. For å dekkje deler av meirutgiftene vert det foreslått å omdisponere 1,08 mill. kroner frå kap. 430, post 70 Tilskot, jf. omtale under kap. 430, post 70.
Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03. Inntektene under kap. 3430, post 03 er venta å verte høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2010. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 430, post 01 med 5,5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke i løyvinga under kap. 3430, post 03, jf. omtale under kap. 3430, post 03.
Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 04. Som følgje av at tilskot frå Utanriksdepartementet til internasjonalt fengselssamarbeid i 2010 er lågare enn det som var lagt til grunn for løyvinga for 2010, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 430, post 01 med 424 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 3430, post 04, jf. omtale under kap. 3430, post 04.
Oppsummering
Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 430, post 01 med 6,156 mill. kroner.
Post 70 Tilskot
Løyvinga dekkjer tilskot til frivillig verksemd i kriminalomsorga.
Innafor løyvinga er det sett av 1,08 mill. kroner til tilskot til Tyrilistiftinga Frankmotunet. Tilskotet vert ikkje nytta i 2010. Det vert foreslått å redusere løyvinga under kap. 430, post 70 med 1,08 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga under kap. 430, post 01, jf. omtale under kap. 430, post 01. Midlane vil under kap. 430, post 01 verte nytta til kontroll av urinprøvar.
Kap. 3430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning
Post 02 Inntekter frå arbeidsdrifta
Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå sal av arbeidsdrifta sin produksjon.
Inntektene som vert ført under posten er venta å verte høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2010. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 3430, post 02 med 7 mill. kroner.
Post 03 Andre inntekter
Løyvinga på posten dekkjer m.a. leigeinntekter for teneste- og leigebustad, refundert kost og husleige samt klientavhengige driftstilskot til overgangsbustadane.
Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03. Inntektene som vert ført under posten er venta å verte høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2010. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 3430, post 03 med 5,5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke i løyvinga under kap. 430, post 01, jf. omtale under kap. 430, post 01.
Post 04 Tilskot
Løyvinga på posten dekkjer tilskot til deltaking i internasjonalt fengselssamarbeid.
Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 04. Ettersom tilskot frå Utanriksdepartementet til internasjonalt fengselssamarbeid er lågare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2010, vert det foreslått å redusere løyving under kap. 3430, post 04 med 424 000 kroner mot tilsvarande reduksjon under kap. 430, post 01, jf. omtale under kap. 430, post 01.
Kap. 432 Kriminalomsorga sitt utdanningssenter
Post 01 Driftsutgifter
Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 432, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3432, post 03. Inntektene under kap. 3432, post 03 er venta å verte lågare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2010. Det vert derfor foreslått å redusere løyvinga under kap. 432, post 01 med 362 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 3432, post 03, jf. omtale under kap. 3432, post 03.
Kap. 3432 Kriminalomsorga sitt utdanningssenter
Post 03 Andre inntekter
Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 432, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3432, post 03. Inntektene som vert ført under posten er venta å verte lågare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2010. Det vert derfor foreslått å redusere løyvinga under kap. 3432, post 03 med 362 000 kroner mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 432, post 01, jf. omtale under kap. 432, post 01.
Kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 441, post 01
Løyvinga dekkjer alle ordinære driftsutgifter ved Politidirektoratet, politidistrikta (ikkje Oslo politidistrikt), politireserven og politiet sine særorgan (ikkje Politihøgskulen).
Det er venta ein nedgang i talet på produserte pass. Dette vil gje reduserte utgifter på 4,3 mill. kroner. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 440, post 01 med 4,3 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3440, post 01.
Inntektene under kap. 3440, post 03 er venta å verte høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2010. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 20 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3440, post 03.
Løyvinga for 2010 vart auka med 8 mill. kroner i samband med endringar i lov om vaktverksemd, jf. Prop. 1 S (2009–2010) og Innst. 6 S (2009–2010). Forskrifta vil ikkje tre i kraft før i 2011, og det vert på denne bakgrunn foreslått å redusere løyvinga under kap. 440, post 01 med 8 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3440, post 04 og kap. 441, post 01.
Då politi- og lensmannsetaten tok over ansvaret for den sivile rettspleia på grunnplanet i 2006 fekk Statens innkrevjingssentral (SI) ansvar for saksbehandlingssystemet SIAN. Dei siste åra har det vore ei auke i talet på utleggssaker, og dette har ført til auka saksmengde i SIAN. Det vert på denne bakgrunn foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 2,79 mill. kroner til dekking av politiet sin kompensasjon til SI i samband med dei auka utgiftene.
Justisdepartementet har for 2010 fått fullmakt til å bestille varer for inntil 40 mill. kroner utover den gitte løyvinga under kap. 440, post 01, jf. romertalsvedtak III i Prop. 1 S (2009-2010) for Justisdepartementet. Det vert foreslått å auke bestillingsfullmakta med 28 mill. kroner til 68 mill. kroner, jf. forslag til vedtak.
Oppsummering
Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 10,49 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer sideutgifter som politi- og lensmannsetaten har i samband med asylsaker, under dette utgifter til uttransportering i asylsaker og andre utlendingssaker.
Måltalet for uttransporteringar med tvang var 3 700 i saldert budsjett 2010. Etter ei tilleggsløyving i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2010 vart måltalet auka med 500 til 4 200.
For å kunne auke talet på uttransporteringar av utlendingar utan lovleg opphald ytterlegare i 2010, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 21 med 3,5 mill. kroner.
I oktober vart det avgjort å stanse returar til Hellas for søkjarar som er omfatta av Dublin II-forordninga. Søknadene frå denne gruppa skal prioriterast med sikte på rask retur til heimlandet i staden for Hellas.
Post 22 Søk etter omkomne på havet, i innsjøar og vassdrag, kan overførast
Løyvinga på posten skal dekkje utgifter til søk etter omkomne på havet, innsjøar og vassdrag.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 22 med 3 mill. kroner.
Post 23 Sideutgifter i samband med sivile gjeremål
Løyvinga på posten dekkjer sideutgifter i samband med dei sivile gjeremåla.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 23 med 8,5 mill. kroner.
Post 73 Tilskot til EUs yttergrensefond
Noregs tilskot til EUs yttergrensefond for 2009 og 2010 er betalt, og det skal ikkje kome ytterlegare utbetalingar i 2010. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 440, post 73 med 14,679 mill. kroner.
Kap. 3440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten
Post 01 Gebyr – pass og våpen
Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå gebyr for pass og våpenløyve.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3440, post 01 med 20 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440, post 01.
Post 03 Salsinntekter
Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå innbyte og sal av utskifta køyretøy m.m.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3440, post 03 med 20 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440, post 01.
Post 04 Gebyr – vaktselskap
Løyvinga på posten omfattar eingongsgebyr til dekking av utgifter ved behandling av søknader og gebyr ved feilalarmar der politi- og lensmannsetaten rykker ut.
Løyvinga for 2010 vart auka med 10 mill. kroner i samband med endringar i lov om vaktverksemd. Forskrifta vil ikkje tre i kraft før i 2011, og det vert på denne bakgrunn foreslått å redusere løyvinga under kap. 3440, post 04 med 10 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440, post 01 og kap. 441, post 01.
Post 07 Gebyr – sivile gjeremål
Løyvinga på posten dekkjer gebyrinntekter i samband med den sivile rettspleia på grunnplanet – dvs. gebyr for tvangsforretning og forliksrådsbehandling.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3440, post 07 med 110 mill. kroner.
Kap. 441 Oslo politidistrikt
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 440, post 01
Løyvinga på posten dekkjer alle ordinære driftsutgifter ved Oslo politidistrikt.
Løyvinga for 2010 vart auka med 2 mill. kroner i samband med endringar i lov om vaktverksemd. Forskrifta vil ikkje tre i kraft før i 2011, og det vert på denne bakgrunn eit mindrebehov under kap. 441, post 01 på 2 mill. kroner i 2010, jf. omtale under kap. 440, post 01 og kap. 3440, post 04.
Vidare vert det eit meirbehov under kap. 441, post 01 på 2 mill. kroner knytt til drift av personalbarnehagen, jf. omtale under kap. 3441, post 05.
Oppsummering
Samla vert det ikkje foreslått endringar i løyvinga under kap. 441, post. 01.
Kap. 3441 Oslo politidistrikt
Post 05 Personalbarnehage
Løyvinga på posten omfattar foreldreinnbetaling og statstilskot til personalbarnehage.
På bakgrunn av venta auke i inntektene frå personalbarnehagen, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3441, post 05 med 2 mill. kroner, jf. omtale under kap. 441, post 01.
Kap. 442 Politihøgskulen
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer lønnsutgifter og andre driftsutgifter ved Politihøgskulen.
På bakgrunn av endra inntektsanslag under kap. 3442, post 03, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 442, post 01 med 9,5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3442, post 03.
Kap. 3442 Politihøgskulen
Post 03 Inntekter frå Justissektorens kurs- og øvingssenter
Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå drifta av Justissektorens kurs- og øvingssenter i Stavern.
På bakgrunn av endra inntektsanslag vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3442, post 03 med 9,5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 442, post 01.
Kap. 455 Redningstenesta
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer m.a. utgifter til den offentlege redningshelikoptertenesta.
På bakgrunn av eit meirbehov under kap. 455, post 21, vert det foreslått å omdisponere 900 000 kroner frå kap. 455, post 01 til kap. 455, post 21, jf. omtale under kap. 455, post 21.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til å engasjere private selskap, til dømes helikopterselskap, og frivillige redningsorganisasjonar i det enkelte redningstilfelle, refusjon til frivillige hjelparar for innsats i redningstenesta, forbruk og erstatning av tapt materiell.
Forbruket på posten er vanskeleg å anslå, då utgiftene varierar med tal på hendingar og omfang av redningsaksjonar. Forutan ein generell auke i tal på hendingar, har fleire av hendingane innebore større bruk av sivile helikopter- og flyressursar enn tidlegare. Refusjonar til frivillige organisasjonar har også auka utover ordinær prisutvikling.
På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 455, post 21 med totalt 6 mill. kroner. 1,9 mill. kroner av dette vert foreslått motsvara av reduserte utgifter under kap. 455, post 01 og kap. 455, post 45.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til investeringar til Hovudredningssentralen. Posten dekkjer også enkelte investeringskostnader knytt til det internasjonale, satellittbaserte naudmeldesystemet COSPAS-SARSAT.
På bakgrunn av eit meirbehov på kap. 455, post 21, vert det foreslått å omdisponere 1 mill. kroner frå kap. 455, post 45 til kap. 455, post 21, jf. omtale under kap. 455, post 21.
Kap. 456 Direktoratet for nødkommunikasjon
Med bakgrunn i framdrifta i Nødnettprosjektet og kontraktsoppfølginga med leverandøren, er det avtalt endringar på tidspunkt for leverings- og betalingsmilepælar. Det er vidare avklart moment av teknisk, juridisk og økonomisk karakter knytt til avslutninga av fyrste utbyggingsområde. Det er også søkt tatt omsyn til brannetaten og helsevesenet sine ynskje for leveransar og innføring samt planlagde evalueringar i desse to etatane. Som følgje av dette og kravet til realistisk budsjettering, er det behov for endringar i periodiseringa av utgiftene mellom 2010 og 2011. For at staten skal overhalde kontrakten er det behov for å foreslå å redusere løyvinga under kap. 456 og kap. 3456 i 2010, mot ein tilsvarande auke av løyvinga i 2011. Samla ramme for fyrste utbyggingsområde vert ikkje endra som følgje av dette.
Regjeringa tar sikte på å kome attende til Stortinget med forslag om tilleggsløyving i 2011.
Vidare vil Regjeringa i tråd med opplysningar gitt i Prop. 1 S (2010-2011) kome attende til Stortinget med ei nærare vurdering av spørsmålet om landsdekkande utbygging av Nødnett når evaluering og kvalitetshandsaming føreligg.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer statens kostnader til drift av DNK, og kostnader til leverandøren for dei områda som er bygd ut og sett i drift i 2008, 2009 og 2010, inkludert kostnader til leige av datalinjer og innplassering av nytt utstyr i eksisterande radiostasjonar.
Det vert foreslått å redusere løyvinga underkap. 456, post 01 med 101,1 mill. kroner i 2010. Hovuddelen av behovet for redusert løyving i 2010 utgjer akkumulerte driftsutgifter for radionettverket attende til 2008 og fram til no samt operatør- og vedlikehaldskostnader som fyrst forfell til betaling for staten når leverandøren formelt har oppnådd milepælar for radionettverket og i kommunikasjonssentralleveransen til naudetatane.
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga på posten dekkjer investering i radionett, utstyr til naudetatanes kommunikasjonssentralar og terminalar for det fyrste utbyggingsområdet.
Det vert foreslått å redusere løyvinga under kap. 456, post 45 med 88,8 mill. kroner. Forslaget om redusert løyving knyter seg i hovudsak til investeringar i radionettstrukturen som forfell på kontraktuelle milepælar ved årsskiftet 2010/2011. Ein liten del av forslaget til redusert løyving er knytt til siste del av leveransane til etatane sine kommunikasjonssentralar som forfell til betaling når krav i kontrakten med tillegg er oppfylt på ein milepæl i fyrste tertial 2011.
Den foreslegne reduksjonen av løyvinga under kap. 456, post 45 fører også med seg forslag om å redusere løyvinga under kap. 3456, post 02 Refusjonar, jf. omtale nedanfor.
Kap. 3456 Direktoratet for Nødkommunikasjon
Post 02 Refusjonar
Løyvinga på posten gjeld refusjon av driftsutgifter som er vidarefakturert naudetatane. Det vert foreslått å redusere løyvinga under posten med 16,3 mill. kroner i 2010, jf. omtale under kap. 456, post 45. Forslaget følgjer av eit redusert behov for vidarefakturering av driftskostnader i 2010. Behovet for å redusere løyvinga skuldast i hovudsak at driftskostnader for kommunikasjonssentralane som naudetatane skal betale, fyrst kjem til utbetaling i 2011 samt bestilte endringar frå etatane som vert levert i 2011.
Kap. 466 Særskilde straffesaksutgifter m.m.
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til salær og reise- og kostgodtgjering til forsvararar, bistandsadvokatar, tolkar og sakkunnige som er oppnemnd av retten i den einskilde saka eller av Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker. Løyvinga dekkjer òg tapt arbeidsforteneste til tolkar og sakkunnige som ikkje har krav på salær i straffesaker. Løyvinga dekkjer vidare visse utgifter til Den rettsmedisinske kommisjon, som honorar/godtgjering, og reise- og kursutgifter. Løyvinga dekkjer dessutan salær og reise- og opphaldsutgifter til aktor i militære straffesaker, visse utgifter i sivile saker og utgifter i Justisdepartementet til omsetting i rettsoppmodings- og utleveringssaker.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 466, post 01 med 52 mill. kroner.
Kap. 5630 Aksjar i Norsk Eiendomsinformasjon as
Post 85 Utbytte
Gjeldande løyving under posten i 2010 er 3,3 mill. kroner. Det er vedteke ein utbyttepolitikk for selskapet kor utbytte vert fastsett til 80 pst. av årsoverskotet etter skatt. På generalforsamling til Norsk Eiendomsinformasjon as i 2010 vart det vedteke eit utbytte på 7,665 mill. kroner for rekneskapsåret 2009. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 5630, post 85 med 4,365 mill. kroner.
Kap. 470 Fri rettshjelp
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekkje utgifter til sakkunnige og meddommarar m.m. i saker der det er gitt fri sakføring. Grunna ordninga si karakter er det vanskeleg å anslå utgiftene.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 470, post 01 med 1 mill. kroner.
Kap. 3470 Fri rettshjelp
Post 01 Tilkjende sakskostnader m.m.
Sakskostnader tilkjend staten i benefiserte saker vert ført under denne posten.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3470, post 01 med 5 mill. kroner.
Kap. 471 Staten sitt erstatningsansvar
Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving
Utbetalingar som følgjer av at staten er erstatningsansvarleg etter dei alminnelege erstatningsreglane eller har inngått forlik utan å vedgå ansvar, vert belasta denne posten. Unnateke er utbetalingar som følgjer av staten sitt ansvar i kontrakttilhøve og ansvar i samband med staten si forretningsdrift.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 471, post 71 med 10 mill. kroner.
Post 72 Erstatning etter strafforfølging, overslagsløyving
Etter straffeprosesslova kapittel 30 og 31, jf. forskrift om standardsatsar for erstatning etter strafforfølging, har ein sikta rett til erstatning for økonomisk tap og til oppreising etter faste satsar for krenking eller anna skade av ikkje-økonomisk art viss vedkommande vert frifunnen, forfølginga vert innstilt eller vedkommande har vore pågripen eller fengsla i strid med sentrale menneskerettskonvensjonar.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 471, post 72 med 32 mill. kroner.
Kap. 474 Konfliktråd
Post 01 Driftsutgifter
Justisdepartementet har fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 474, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3474, post 02.
På bakgrunn av at venta inntekt i 2010 under kap. 3470, post 02 er auka, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 474, post 01 med 1,5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3474, post 02.
Kap. 3474 Konfliktråd
Post 02 Refusjonar
Inntekter på posten er refusjonar som skal dekkje utgiftene til konfliktråda i samband med kurs og konferansar.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3474, post 02 med 1,5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 474, post 01.
Kap. 475 Bubehandling
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer staten sine regelstyrte utgifter i samband med behandling av saker om tvangsoppløysing av aksjeselskap og saker om konkurs etter konkurslova § 73.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 475, post 01 med 11 mill. kroner.
Kap. 490 Utlendingsdirektoratet
Post 21 Spesielle driftsutgifter, statlege mottak, kan nyttast under post 60
Løyvinga på posten skal dekkje staten sine utgifter til drift av statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar. Behovet for løyving er avhengig av kor mange personar det er som bur i mottak. Dette heng saman med kor mange som søkjer asyl, saksbehandlingstida i asylsaker, talet på løyve og avslag, busetjingstakta, uttransporteringar og kor mange som reiser frå mottaka på eiga hand.
Gjeldande løyving på posten er 2 434 mill. kroner, basert på eit gjennomsnittleg belegg i mottak på 19 840, og at det vil kome 13 500 asylsøkjarar til Noreg i 2010, jf. Prop. 125 S (2009-2010). Nyare prognoser viser at det vil kome om lag 10 000 asylsøkjarar i 2010 (3 500 færre enn det som er lagt til grunn for gjeldande løyving), og gjennomsnittleg belegg i mottak er venta å verte 17 890 (1 950 plassar lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga). Mindreutgiftene som følgje av dette vert anslått til 202,312 mill. kroner.
I sommar vart det utført omfattande hærverk ved Lier og Fagerli ventemottak som har påført UDI meirutgifter. Det har vore naudsynt å setje i verk omfattande strakstiltak for å ivareta tryggleiken og få kontroll over situasjonen. Dette vart primært gjort gjennom å auke bemanninga, ein auka bruk av innleidde vektarar og kjøp av plassar i private bu- og omsorgsløysingar. På denne bakgrunn er det behov for å auke løyvinga under kap. 490, post 21 med 20 mill. kroner.
Oppsummering
Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490, post 21 med 182,312 mill. kroner.
Post 22 Spesielle driftsutgifter, tolk og oversetting
Løyvinga på posten skal dekkje utgiftene UDI har til tolking og oversetting i samband med behandlinga av asylsaker.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490, post 22 med 7,786 mill. kroner.
Post 60 Tilskot til vertskommunar for statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar
Vertskommunetilskotet skal dekkje kommunane sine gjennomsnittlege utgifter til helse, barnevern, tolk og administrasjon i samband med drift av mottak i kommunen.
Som omtalt under kap. 490, post 21 er behovet for mottaksplassar i 2010 lågare enn tidlegare lagt til grunn. Talet på kommunar med asylmottak som det skal utbetalast vertskommunetilskot til i 2010 vert derfor også lågare enn venta. Mindreutgiftene som følgje av dette vert anslått til 28,943 mill. kroner.
På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490, post 60 med 28,943 mill. kroner.
Post 70 Økonomiske ytingar til bebuarar i asylmottak, kan nyttast under post 60
Løyvinga på posten skal dekkje utgifter til økonomiske ytingar til asylsøkjarar og flyktningar i tida dei oppheld seg i mottak. Satsane for økonomiske ytingar er differensierte på bakgrunn av søknadsstatus, familiestatus o.a.
Som omtalt under kap. 490, post 21 vert det gjennomsnittlege talet på bebuarar i mottak i 2010 lågare enn det som tidlegare har vorte lagt til grunn.
På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490, post 70 med 16,115 mill. kroner.
Post 72 Retur og tilbakevending for flyktningar, kan overførast
Løyvinga på posten skal dekkje både individuell økonomisk støtte ved tilbakevending og tilskot til prosjekt som støtter opp under retur og tilbakevending.
Det er venta eit mindreforbruk på posten med om lag 20 mill. kroner i 2010. Dette følgjer særleg av at arbeidet knytt til etablering av omsorgs- og utdanningssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar i deira opphavsland (Afghanistan og Irak) har vore meir tidkrevjande enn venta, og forsinka framdrift i etablering av migrasjonspartnarskap i regi av EU.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490, post 72 med 20 mill. kroner.
Post 75 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast
Løyvinga på posten skal dekkje reiseutgifter for overføringsflyktningar, familiegjenforente (med personar som har fått asyl) og for flyktningar som drar tilbake til heimlandet.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490, post 75 med 2,67 mill. kroner.
Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet
Post 01 Retur og tilbakevending for flyktningar, ODA-godkjende utgifter
Nokre utgifter knytt til retur og tilbakevending for flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). På bakgrunn av forslag om reduksjon av løyvinga under kap. 490, post 72, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490, post 01 med 20 mill. kroner.
Post 03 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, ODA-godkjende utgifter
Nokre reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). På bakgrunn av forslag om reduksjon av løyvinga under kap. 490, post 75, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490, post 01 med 2,643 mill. kroner.
Post 04 Statlege mottak, ODA-godkjende utgifter
Nokre utgifter knytt til mottak for asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). På bakgrunn av forslag om reduksjon av løyvinga under kap. 490, post 21, 60 og 70, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490, post 04 med 117,447 mill. kroner.
Kap. 491 Utlendingsnemnda
Post 21 Spesielle driftsutgifter, nemndbehandling
Løyvinga på posten skal dekkje utgifter knytt til behandling av saker i nemndmøte, og er særskilt avhengig av talet på asylsøkjarar og kor stor del av sakene som vert behandla i nemndmøte.
Det har vore færre saker behandla i nemndmøte enn venta, og det har også vore ein vesentleg nedgang i utbetalingane i samband med § 36-saker. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 491, post 21 med 6 mill. kroner.