3 Andre saker
Auka tilsegnsfullmakt, naturskade
Kap. 1148, post 71 er ei overslagsløyving, og skadeerstatningar blir gitte etter nærare fastsette reglar. Oppdaterte prognoser viser at det vil bli gitt tilsegn om erstatningar i 2012 som ikkje vil komme til utbetaling same året. Landbruks- og matdepartementet foreslår derfor å auke tilsegnsfullmakta for 2012 med 65 mill. kroner, til 142 mill. kroner.