1 Samandrag
Under programområde 02 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om auka løyvingar til kontingentar i internasjonale organisasjonar som Noreg er medlem i. Det er m.a. eit mindrebehov knytta til FN-kontingentar, men eit meirbehov til fredsbevarande operasjonar og NATO.
Under programområde 03 Internasjonal utviklingshjelp blir det gjort framlegg om auka løyving til hjelpetiltak på Filippinane, auka løyving til opphaldsutgifter m.m. for asylsøkjarar og flyktningar i Noreg og enkelte omfordelingar.