Prop. 23 S (2010–2011)

Endringar i statsbudsjettet 2010 under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 820 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

BLD arrangerer i 2010 fire folkemøte som skal skape dialog og engasjement rundt politikken på området og gi innspel om erfaringar og idear personar i lokalmiljøet har. Departementet føreslår å flytte midlar for å dekkje utgifter til folkemøte frå kap. 821, post 71 til kap. 820, post 01.

BLD føreslår etter dette å auke løyvinga under kap. 820, post 01 med 400 000 kroner mot å redusere løyvinga tilsvarande under kap. 821, post 71.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

174 024

Løyving 2010

173 592

Forslag til tilleggsløyving

400

Rekneskapstala for 2009 er flytta frå kap. 650 kor utgiftene var rekneskapsførte for 2009

Kap. 821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

Post 60 Integreringstilskot, kan overførast

Integreringstilskotet skal dekkje dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har ved busetjing og integrering av flyktningar i busetjingsåret og dei neste fire åra. Tilskotet skal medverke til at kommunane gjennomfører eit planmessig og aktivt busetjings- og integreringsarbeid.

Løyvinga er basert på at 8 300 personar utløyser integreringstilskot for det første året i 2010. Talet er no venta å bli 7 850 personar. Utgifter til integreringstilskot for det første året blir dermed redusert. Utgifter til tilskot ved busetjing av personar med alvorlege, kjende funksjonshemmingar og åtferdsvanskar er høgare enn det som tidlegare blei lagt til grunn.

Samla er det venta ein auke i behovet for løyvinga på posten.

BLD føreslår å auke løyvinga med 5,6 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

3 307 659

Løyving 2010

3 945 355

Forslag til tilleggsløyving

5 600

Rekneskapstala for 2009 er flytta frå kap. 651 kor utgiftene var rekneskapsførte for 2009

Post 62 Kommunale innvandrartiltak

BLD føreslår å nytte 500 000 kroner for å styrkje integreringsarbeidet for utsette grupper i innvandrarbefolkninga med utgangspunkt i rapporten om levekår for norsksomaliarar. Midla blir føreslått flytta frå kap. 821, post 71. Føremålet for bruk av midla er uendra, men mottakaren vil vere ein kommune eller bydel, og ikkje ein frivillig organisasjon.

BLD føreslår å auke løyvinga under kap. 821, post 62 med 500 000 kroner mot å redusere løyvinga tilsvarande under kap. 821, post 71.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

97 947

Løyving 2010

86 193

Forslag til tilleggsløyving

500

Rekneskapstala for 2009 er flytta frå kap. 651 kor utgiftene var rekneskapsførte for 2009

Post 71 Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd

Det er eit mindrebehov på 400 000 kroner til støtte til frivillige organisasjonar som driv førebyggjande og haldningsskapande arbeid mot tvangsekteskap. Det blir føreslått at mindrebehovet blir nytta til utgifter til folkemøte, sjå omtale under kap. 820, post 01.

I saldert budsjett 2010 er det sett av 2 mill. kroner på posten til innsats for særleg utsette innvandrargrupper i samsvar med tiltaksplan mot fattigdom. 500 000 kroner av desse midla føreslår BLD å nytte til å styrkje integreringsarbeidet for utsette grupper av innvandrarar med utgangspunkt i rapporten om levekår for norsksomaliarar, sjå omtale under kap. 821, post 62.

BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 821, post 71 med 900 000 kroner mot å auke løyvinga med 400 000 kroner under kap. 820, post 01 og med 500 000 kroner under kap. 821, post 62.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

49 959

Løyving 2010

47 488

Forslag til tilleggsløyving

-900

Rekneskapstala for 2009 er flytta frå kap. 651 kor utgiftene var rekneskapsførte for 2009

Kap. 822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Post 22 Norskprøver for vaksne innvandrarar

Løyvinga skal dekkje utgifter til gjennomføring av norskprøver for vaksne innvandrarar, og behovet er no venta å bli lågare enn føresett i 2010.

BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 822, post 22 med 1,4 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

11 027

Løyving 2010

14 450

Forslag til tilleggsløyving

-1 350

Rekneskapstala for 2009 er flytta frå kap. 653 kor utgiftene var rekneskapsførte for 2009

Post 60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap skal sikre at kommunane tilbyr opplæring til vaksne innvandrarar med rett og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Målet er at den enkelte lærer tilstrekkeleg norsk til å fungere i yrkes- og samfunnslivet i løpet av dei første fem åra i landet.

Løyvinga for 2010 er basert på at 13 400 personar er i målgruppa for opplæring i norsk og samfunnskunnskap i 2010 og vil utløyse førsteårs tilskot. Talet på personar i målgruppa som vil utløyse førsteårs tilskot er no venta å bli 11 500 personar. I tillegg blir fleire tilskot utbetalt seinare enn venta. Talet på asylsøkjarar som kjem inn under ordninga for opplæring i norsk i mottak er lågare enn det som tidlegare blei lagt til grunn for 2010.

BLD føreslår å redusere løyvinga under kap 822, post 60 med 150,8 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

1 496 267

Løyving 2010

1 607 663

Forslag til tilleggsløyving

-150 800

Rekneskapstala for 2009 er flytta frå kap. 653 kor utgiftene var rekneskapsførte for 2009

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Godtgjersla til meklarar utanom familievernet i 2010 er rekna til 13,1 mill. kroner, 315 000 kroner mindre enn løyvinga.

BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 841 post 21 med 315 000 kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

12 523

Løyving 2010

13 416

Forslag til tilleggsløyving

-315

Post 22 Opplæring, forsking, utvikling mv.

BLD føreslår å auke posten med 177 000 kroner for å dekkje inn meirutgifter til godtgjersle til tilsyn under samvær mot tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 842 post 21, jf. omtale under posten.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

6 113

Løyving 2010

6 314

Forslag til tilleggsløyving

177

Post 71 Tiltak etter samlivsbrot for barn i konfliktfylte familiar

Av løyvinga er 400 000 kroner sett av til finansiering av prosjektleiar i Bufdir, 265 000 og 135 000 kroner er sett av til høvesvis dei offentlege og dei kyrkjelege familievernkontora.

BLD føreslår at midlane til prosjektleiar og midlane som skal nyttast av dei offentlege familievernkontora, til saman 665 000 kroner, blir flytta til kap. 858 post 01 og at 135 000 kroner blir flytta til kap. 842 post 70, jf. omtale under desse postane.

BLD føreslår på denne bakgrunn å redusere løyvinga under posten med 800 000 kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

Løyving 2010

3 000

Forslag til tilleggsløyving

-800

Kap. 842 Familievern

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Det ligg an til eit mindreforbruk under kap. 842, post 21 på om lag 200 000 kroner. BLD føreslår å flytte 177 000 kroner av desse midlane til kap. 841 post 22, jf. omtale under posten.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

4 851

Løyving 2010

7 280

Forslag til tilleggsløyving

-177

Post 70 Tilskot til kyrkja si familievernteneste mv., kan nyttast under post 01

BLD føreslår å flytte 135 000 kroner til kap. 842, post 70 frå kap. 841, post 71, jf. omtale under posten. Midlane skal nyttast av dei kyrkjelege familievernkontora til tiltak for barn i konfliktfylte familiar ved samlivsbrot.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

122 954

Løyving 2010

124 107

Forslag til tilleggsløyving

135

Kap. 844 Kontantstøtte

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utgiftene til kontantstøtte i 2010 er anslått til 1 390 mill. kroner, 50 mill. kroner lågare enn løyvinga.

Mindrebehovet kjem av færre barn med kontantstøtte enn føresett i vedteke budsjett som følgje av at fleire nye eitt- og toåringar har fått plass i barnehage enn tidlegare lagt til grunn.

BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 844, post 70 med 50 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

1 514 046

Løyving 2010

1 440 000

Forslag til tilleggsløyving

-50 000

Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utgiftene til barnetrygd i 2010 er anslått til 14 860 mill. kroner, 30 mill. kroner lågare enn løyvinga i vedteke budsjett for 2010.

Mindrebehovet kjem mellom anna av reduserte anslag på utbetalingar av ordinær barnetrygd.

BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 845, post 70 med 30 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

14 782 318

Løyving 2010

14 890 000

Forslag til tilleggsløyving

-30 000

Kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50

Det er behov for å auke løyvinga på posten i hovudsak som følgje av meirutgifter knytt til Kvinnepanelet og Likestillingsutvalet som vart sett ned i 2010.

BLD føreslår å dekkje meirbehovet gjennom flytting frå kap. 846, post 50 Forsking med 1,1 mill. kroner, post 70 Tilskot med 1,7 mill. kroner og post 79 Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid med 1,9 mill. kroner, jf. omtale under desse postane.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

11 509

Løyving 2010

16 093

Forslag til tilleggsløyving

4 656

Post 50 Forsking, kan nyttast under post 21

Anslått mindreforbruk på 1,1 mill. kroner blir føreslått nytta til å delvis dekkje meirforbruket under kap. 846, post 21, i samsvar med stikkordsfullmakta kan nyttast under post 21, jf. omtale under post 21.

BLD føreslår å redusere løyvinga på kap. 846, post 50 med 1,1 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

9 939

Løyving 2010

11 348

Forslag til tilleggsløyving

-1 102

Post 70 Tilskot

Anslått mindreforbruk på 1,7 mill. kroner blir føreslått nytta til å dekkje delar av meirforbruket på kap. 846 post 21, jf. omtale under posten.

BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 846, post 70 med 1,7 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

15 579

Løyving 2010

16 108

Forslag til tilleggsløyving

-1 661

Post 79 Tilskot til internasjonalt familie- og likestillingsarbeid, kan overførast

BLD føreslår å nytte 1,9 mill. kroner av venta mindreforbruk under post 79 til inndekning av resterande meirbehov under kap. 846, post 21, jf. omtale under denne posten.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

4 551

Løyving 2010

10 247

Forslag til tilleggsløyving

-1 893

Kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

I samband med overføring av oppgåver frå Helsedirektoratet til Bufdir frå 1.6.2010 vil BLD dekkje eingongsutgifter som følgje av auka bemanning i Bufdir. Desse utgiftene er rekna til 1,7 mill. kroner.

BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 847, post 21 med 1,7 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke i løyvinga under kap. 858, post 01.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

28 692

Løyving 2010

28 121

Forslag til tilleggsløyving

-1 740

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til ulike førebyggjande tiltak, mellom anna kjøp av tenester innanfor utvikling og implementering av nye metodar i barnevernet. BLD føreslår å auke løyvinga på kapittel 854, post 21 med 2 mill. kroner mot ein reduksjon på kapittel 854, post 50 med 1,7 mill. kroner og ein reduksjon på kapittel 854, post 71 med 0,3 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

48 565

Løyving 2010

36 846

Forslag til tilleggsløyving

2 000

Post 50 Forsking, kan nyttast under post 71

Posten skal i hovudsak stimulere til forsking og forsøks- og utviklingsverksemd om utsette familiar og utsette barn og unge. For å få ein meir riktig bruk av posten, foreslår BLD å redusere løyvinga på kapittel 854, post 50 med 1,7 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kapittel 854, post 21.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

13 294

Løyving 2010

13 719

Forslag til tilleggsløyving

-1 700

Post 64 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

Posten dekkjer det særskilte tilskotet som blir utbetalt til kommunane når einslege mindreårige flyktningar og asylsøkarar blir busette.

Basert på ein prognose med 850 nye busette, vil det vere behov for å auke løyvinga med 18,8 mill. kroner.

BLD føreslår derfor å auke løyvinga på posten med 18,8 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

147 871

Løyving 2010

238 721

Forslag til tilleggsløyving

18 800

Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

Løyvinga skal dekkje refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak inkludert utgifter til bufellesskap og refusjon av utgifter for plassering i statlege tiltak eller ved kjøp av private plassar. Refusjonsordninga omfattar òg Oslo kommune.

Utgiftsnivået på posten avheng av kor mange barn som blir busette i kommunane og kor stor del av alle einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar som har behov for barnevernteneste.

Basert på nye prognosar for 2010, føreslår BLD å auke løyvinga på posten med 127 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

289 032

Løyving 2010

372 762

Forslag til tilleggsløyving

127 000

Post 71 Utvikling og opplysningsarbeid o.a., kan nyttast under post 50

Posten dekkjer tilskotet til ulike tiltak innanfor barnevernet, tilskot til formål som dekkjer særlege behov for tilbod hos utsette barn, unge og familiar. For å få ein meir riktig bruk av posten, føreslår BLD å redusere løyvinga på kapittel 854, post 71 med 0,3 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kapittel 854, post 21.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

56 504

Løyving 2010

48 048

Forslag til tilleggsløyving

-300

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

Det har vore ein auke i talet barn og unge som etaten mottek refusjon for. Auken i talet på einslege, mindreårige flyktningar som er busette i kommunane og plassert i statlege eller private institusjonar fører til auka utgifter til det statlege barnevernet.

BLD føreslår å auke posten med 32 mill. kroner, jf. tilsvarande meirinntekter under kap. 3855, post 03.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

3 210 059

Løyving 2010

3 333 165

Forslag til tilleggsløyving

32 000

Post 45 Større nyanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

BLD føreslår å redusere post 45 med 31 mill. kroner som inndekning for mindreinntekter under kap. 3855, post 01 med 9 mill. kroner og kap. 3855, post 60 med 22 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

31 329

Løyving 2010

64 977

Forslag til tilleggsløyving

-31 000

Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855 post 01

BLD føreslår at midlane til prosjektleiar og midlane som skal nyttast av dei offentlege familievernkontora knytt til tiltak etter samlivsbrot for barn i konfliktfylte familiar på 665 000 kroner blir flytta til posten frå kap. 841, post 71.

BLD føreslår òg å auke løyvinga under kap. 858, post 01 med 1,7 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 847, post 21, jf. omtale under posten.

Bufdir overtok frå 01.06.2010 oppgåver og om lag 23 årsverk frå Helsedirektoratet. I samband med overføringa er det knytte nokre meirutgifter som ikkje er dekte frå før. BLD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 858, post 01 med 770 000 kroner.

BLD føreslår samla å auke kap. 858, post 01 med 3,2 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

176 455

Løyving 2010

179 226

Forslag til tilleggsløyving

3 175

Post 22 Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar

Kapittel 858, post 22 skal dekkje utbetalingar til pensjonskasser der tilsette i Bufetat var medlemmer før staten overtok det fylkeskommunale barne- og familievernet. Reguleringspremien blir rekna årlig ut frå endringane i lønns- og trygdeoppgjøret og førre års avkastning frå premiefond. Reguleringspremien varierer følgjeleg kvart år. I tillegg til premien skal det reknast arbeidsgivaravgift av premiebeløpet.

BLD føreslår å auke kap. 858, post 22 med 4,1 mill. kroner som følgje av meirutgifter til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

29 148

Løyving 2010

29 197

Forslag til tilleggsløyving

4 100

Kap. 2530 Foreldrepengar

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2010 er anslått til 13 660 mill. kroner, 30 mill. kroner lågare enn løyvinga i vedteke budsjett for 2010.

Færre barn i aktuell alder og redusert overslag på generell lønnsvekst frå 2009 til 2010 forklarar mindrebehovet.

BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 2530, post 70 med 30 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

12 992 338

Løyving 2010

13 690 000

Forslag til tilleggsløyving

-30 000

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Ein ventar nokre fleire utbetalingar av eingongsstønad i 2010 enn lagt til grunn i vedteke budsjett for 2010, som tilseier ein auke i utgiftsbehovet på 0,5 mill. kroner.

BLD føreslår å auke løyvinga under kap. 2530 post 71 med 0,5 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

418 446

Løyving 2010

409 500

Forslag til tilleggsløyving

500

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Vanlegvis vil det meste av feriepengane vere utbetalte per juni månad. Utbetalingane hittil i år overstig budsjettet med 5 mill. kroner.

BLD føreslår å auke løyvinga under kap. 2530, post 72 med 5 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

358 805

Løyving 2010

380 000

Forslag til tilleggsløyving

5 000

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Utgiftene til foreldrepengar ved adopsjon i 2010 er anslått til 100 mill. kroner, 15 mill. kroner meir enn løyvinga i vedteke budsjett for 2010.

Ved utgangen av tredje kvartal var talet på mottakarar av foreldrepengar ved adopsjon 16,5 prosent høgare enn i same periode i fjor.

BLD føreslår å auke løyvinga under kap. 2530, post 73 med 15 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

80 695

Løyving 2010

85 000

Forslag til tilleggsløyving

15 000

Kap. 3821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar

Post 01 Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter

Nokre utgifter knytte til busetjing av overføringsflyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). Det er lagt til grunn at 100 prosent av overføringsflyktningane kjem frå ODA-godkjende land og at 50 prosent av utgiftene som blir dekka av første års integreringstilskot er ODA-godkjende. Integreringstilskotet har ulik sats for det første året mellom barn og vaksne. Endring i samansetjinga av barn og vaksne er årsaka til at løyvinga er venta å bli redusert.

BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 3821, post 01 med 450 000 kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

71 767

Løyving 2010

78 120

Forslag til tilleggsløyving

-450

Rekneskapstala for 2009 er flytta frå kap. 3651 kor inntektene var rekneskapsførte for 2009

Kap. 3822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Post 01 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter

Nokre utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter). 95 prosent av utgiftene til norskopplæring i mottak blir rekna som ODA-godkjende utgifter. Ein reduksjon i talet på asylsøkjarar som kjem inn under ordninga for opplæring i norsk i mottak fører til ein reduksjon i utgifter til opplæring og ein reduksjon i ODA-godkjende utgifter.

BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 3822, post 01 med 29,7 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

142 844

Løyving 2010

112 572

Forslag til tilleggsløyving

-29 700

Rekneskapstala for 2009 er flytta frå kap. 3653 kor inntektene var rekneskapsførte for 2009

Kap. 3854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nye anslag tyder på at dei ODA-godkjende utgiftene vil utgjere om lag 44,5 mill. kroner i 2010, noko som er 11,8 mill. kroner høgare enn tidlegare lagt til grunn.

BLD foreslår å auke kap. 3854, post 04 med 11,8 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

44 900

Løyving 2010

32 746

Forslag til tilleggsløyving

11 800

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 01 Diverse inntekter

Inntektsanslaget på posten er 26 mill. kroner. Ei framskriving av venta inntekter gir ei inntekt på 17 mill. kroner, som er 9 mill. kroner mindre enn inntektsanslaget. Posten omfattar i all hovudsak refusjonar for utlegg for kommunen.

BLD føreslår å redusere på kap. 3855 post 01 med 9 mill. kroner, jf. ein tilsvarande reduksjon av kap. 855 post 45.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

23 355

Løyving 2010

25 868

Forslag til tilleggsløyving

-9 000

Post 03 Refusjon for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar

Posten omfattar refusjonar for utgifter utover den kommunale eigendelen til einslege mindreårige flyktningar som er busette i kommunane og plasserte i statlege eller private institusjonar. Refusjonane motsvarer utgiftene som blir rekneskapsførte på kapittel 854, post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslige mindreårige asylsøkarar og flyktningar.

BLD føreslår å auke inntektene på posten med 32 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kap. 855 post 01.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

110 406

Løyving 2010

73 060

Forslag til tilleggsløyving

32 000

Post 60 Kommunale eigendelar

På posten er det budsjettert med kommunale eigendelar i samband med opphald i barneverninstitusjonar, fosterheim eller hjelpetiltak i heimen.

Ein ventar 22 mill. kroner mindre i inntekter enn det som blei lagt til grunn i vedteke budsjett.

BLD føreslår å redusere inntektene på kap. 3855 post 60 med 22 mill. kroner, jf. ein tilsvarande reduksjon på kap. 855 post 45.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

865 629

Løyving 2010

896 746

Forslag til tilleggsløyving

-22 000

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan i samsvar med OECD/DACs statistikkdirektiv godkjennast som offisiell utviklingshjelp. I tråd med tidlegare berekningar legg BLD til grunn at om lag 74 prosent av utgiftene per plass vil godkjennast som ODA-midlar. Reduksjonen i dei ODA-godkjende utgifter utgjer 40,6 mill kroner.

BLD føreslår å redusere kap. 3856, post 04 med 40,6 mill. kroner.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2009

293 000

Løyving 2010

311 466

Forslag til tilleggsløyving

-40 600

Til forsida