1 Om endringar i statsbudsjettet for 2011 under Fiskeri- og kystdepartementet
Kap. 1020 Havforskingsinstituttet
Post 01 Driftsutgifter
Innleige av erstatningsfartøy til økosystemtokt
Forskingsfartøyet ”G.O.Sars” måtte takast ut av drift ein periode hausten 2011 på grunn av motorproblem. Det har ikkje vore mogleg å omdisponere dei andre forskingsfartøya for å dekkje planlagte tokt med ”G.O.Sars” i den perioden fartøyet var ute av drift. Havforskingsinstituttet måtte derfor leige inn eit erstatningsfartøy for å kunne gjennomføre økosystemtokt i Barentshavet. Dette toktet er heilt naudsynt for å oppfylle dei forskings- og overvakingsoppgåvene instituttet har. Fiskeri- og kystdepartementet foreslår derfor at kap. 1020, post 01 blir auka med 5,1 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Periodiseringsavvik for oppdrag under Havforskingsinstituttet
Havforskingsinstituttet hadde både i 2009 og 2010 eit større kontant uheimla meirforbruk ved årsslutt sjølv om det var tilstrekkelege kontraktfesta oppdragsinntekter til å dekkje meirforbruket. Avviket skuldast at ein del av dei kontraktfesta prosjektinntektene blir innbetalt etterskotsvis, slik at noko av inntektene knytt til prosjektutgifter i budsjettåret blir innbetalt året etter.
Havforskingsinstituttet arbeider for at det kontante periodiseringsavviket blir så lite som mogleg. Instituttet bereknar likevel at løyvinga på kap. 1020, post 21 vil vere 15 mill. kroner for låg til å dekkje utgifter som er kome til i 2011.
Fiskeri- og kystdepartementet foreslår derfor at løyvinga under kap. 1020, post 21 Spesielle driftsutgifter blir auka med 15 mill. kroner i 2011. Fiskeri- og kystdepartementet vil foreslå ein tilsvarande auke av inntektsløyvinga på kap. 4020, post 03 i samleproposisjonen som blir lagt fram i samband med revidert nasjonalbudsjett 2012.
Kap. 1021 Drift av forskingsfartøy
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Budsjettmessig handtering av oppdragsverksemda
For å sikre at eventuelle større kontante samla mindreforbruk for oppdragsverksemda ut over 5 pst. av løyvinga på posten kan overførast, foreslår Fiskeri- og kystdepartementet at stikkordet ”kan overførast” blir tilføya posten, jf. forslag til romartalsvedtak.
Kap. 1022 Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Budsjettmessig handtering av oppdragsverksemda
For å sikre at eventuelle større kontante mindreforbruk for oppdragsverksemda ut over 5 pst. av løyvinga på posten kan overførast, foreslår Fiskeri- og kystdepartementet at stikkordet ”kan overførast” blir tilføya posten, jf. forslag til romartalsvedtak.
Kap. 1062 Kystverket
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald
Bestillingsfullmakt fornying av fartøy
I Kystverkets handlingsplan for 2010-2019 er det lagt til grunn at det skal byggjast fem nye fartøy. Det vart lyst ut anbod på det første fartøyet i 2010, som eit kombinert vedlikehalds- og oljevernfartøy. Etter anbodskonferansen vart kostnaden for dette fartøyet 117 mill. kroner. I tillegg kom oljevernutstyr for 11,5 mill. kroner knytt til fartøyet, som vart dekt over avsetninga til beredskap mot akutt forureining. I kontrakten for bygging av det første fartøyet ligg det ein opsjon for bygging av eit andre fartøy som må utløysast før 31. desember 2011. Dersom opsjonen ikkje blir utløyst, må det gjennomførast ein ny anbodsrunde.
Kystverket vurderer utgiftene til det andre fartøyet til totalt 153 mill. kroner, av dette utgjer oljevernutstyr 11,5 mill. kroner. Det er gjort framlegg om ei løyving på 77,9 mill. kroner til fornying av fartøy i statsbudsjettet for 2012. Byggjetida for eit slikt fartøy er to år.
Det er behov for bestillingsfullmakt for den delen av kostnaden som er del av entreprisen, det vil seie kostnader utanom prosjektkostnader og oljevernutstyr. Fiskeri- og kystdepartementet foreslår derfor at bestillingsfullmakta under kap. 1062, post 45 i 2011 blir auka med 134 mill. kroner til 137 mill. kroner.
Kap. 5575 Sektoravgifter under Fiskeri- og kystdepartementet
Post 74 Sektoravgifter Kystverket
Som følgje av lønnskompensasjon på kap. 1062, post 01 på avgiftsfinansierte områder på kap. 1062, post 01 må kap. 5575 post 74 aukast med 4,361 mill. kroner. På denne bakgrunn foreslår Fiskeri- og kystdepartementet å auke kap. 5575 post 74 med 4,361 mill. kroner i 2011.