Prop. 23 S (2012–2013)

Endringar i statsbudsjettet 2012 under Justis- og beredskapsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag om endringar

Kap. 410 Tingrettane og lagmannsrettane

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker utgifter til faste og variable lønnsutgifter og lønnsutgifter til tilkalla og ekstraordinære dommarar.

Domstolanes løyving blei auka med 97,7 mill. kroner til gjennomføring av straffesaka etter terrorangrepa 22. juli 2011. Dei faktiske utgiftene i samband med fyrsteinstansbehandlinga var på 94,4 mill. kroner. Samtidig har det vore utgifter knytt til førebuingar av ei mogeleg ankeinstansbehandling på til saman 2,6 mill. kroner.

På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 410, post 01 med 0,7 mill. kroner.

I samband med innføring av datalagringsdirektivet er det fastsett at domstolane skal behandle alle krav om utlevering av teletrafikkdata. Løyvinga til domstolane er i år auka med 7 mill. kroner til vaktordninga. Innføring av datalagringsdirektivet er nå utsett til 2013. Midlane til vaktordninga vil derfor vere ubrukt i 2012. Det foreslås at midlane nyttast til IKT-formål i domstolane.

Kap. 413 Jordskiftedomstolane

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Jordskifteretten har heimel til å krevje inn sideutgifter i visse saker. Sideutgiftene skal dekke det tekniske arbeidet i desse sakene. Utgiftene vert ført i eigne saksrekneskap, og utgifter og inntekter skal balansere når saka er avslutta.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 413, post 21 foreslått auka med 1 mill. kroner.

Kap. 3413 Jordskiftedomstolane

Post 02 Sideutgifter

Løyvinga på posten samsvarar med tilsvarande utgifter under kap. 413, post 21.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 3413, post 02 foreslått auka med 1 mill. kroner.

Kap. 414 Forliksråd og andre domsutgifter

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker godtgjering og tapt arbeidsforteneste til meddommarar, lagrettemedlemer, enkelte sakkyndige, vitne, rettsvitne og reiseutgifter til desse. Løyvinga på posten dekker også utgifter til vitne som møter eller på anna måte gir forklaring for Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker samt naudsynte blodprøver og DNA-testar i arbeidet til kommisjonen.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 414, post 01 foreslått auka med 10 mill. kroner.

Kap. 430 Sentralforvaltninga for kriminalomsorga

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker ordinære driftsutgifter i kriminalomsorga.

Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03. Inntektene under kap. 3430, post 03 er venta å bli lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2012. Justis- og beredskapsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 430, post 01 og kap. 3430, post 03 med 3 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3430, post 03.

Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 04. Inntektene under kap. 3430, post 04 er venta å bli høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2012. Justis- og beredskapsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga under kap. 430, post 01 og kap. 3430, post 04 med 1,934 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3430, post 04.

Siviltenesta blei avvikla frå 1. juli 2012. Som ein del av omstillingsprosessen er dei tilsette i siviltenesta overført til politi- og lensmannsetaten, konfliktråda og kriminalomsorga. På denne bakgrunn foreslår Justis- og beredskapsdepartementet å auke løyvinga under kap. 430, post 01 med 0,57 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon av løyvinga under kap. 450, post 01, jf. omtale under kap. 450, post 01.

Oppsummering

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 430, post 01 med 0,496 mill. kroner i 2012.

Post 60 Refusjonar til kommunane, forvaringsdømde mv., kan overførast

Løyvinga på posten dekker refusjonar til kommunale omsorgstiltak for prøvelauslatne frå forvaring og varetektssurrogat.

I 2012 er det venta ein reduksjon i utgiftene under kap. 430, post 60. Årsaka er hovudsakeleg at ein person blei satt inn att i fengsel, noko som førte til lågare utbetaling enn berekna. I tillegg fant retten ikkje å kunne gje samtykke til prøvelauslating der kriminalomsorga hadde rekna med dette. Justis- og beredskapsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 430, post 60 med 8 mill. kroner.

Kap. 3430 Sentralforvaltninga for kriminalomsorga

Post 03 Andre inntekter

Løyvinga på posten dekker mellom anna leigeinntekter for teneste- og leigebustadar, refundert kost og husleige, klientavhengige driftstilskot til overgangsbustadene og tilskot frå andre offentlege verksemder til gjennomføring av prosjekt.

Inntektene på posten er venta å verte lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2012. Dette skuldast mellom anna bortfall av inntekter frå Husbanken til bustadkonsulentar, bortfall av eingongstilskot og prosjektmidlar frå eksterne verksemder og lågare inntekter frå overgangsbustadane som følgje av fleire i straffegjennomføring i skule.

Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03. Justis- og beredskapsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 3430, post 03 med 3 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 430, post 01, jf. omtale under kap. 430, post 01.

Post 04 Tilskot

Løyvinga på posten dekker tilskot til deltaking i internasjonalt fengselssamarbeid.

Tilskot til internasjonalt fengselssamarbeid og samarbeid med EØS er venta å bli høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2012. EØS-samarbeidet blei etablert i 2011. Prosjektmidlar blir gjort tilgjengeleg for kriminalomsorga etterskotsvis etter innsendt dokumentasjon av utgifter. Utbetalingane i 2012 er venta å bli 1,934 mill. kroner. I tillegg har kriminalomsorga mottatt tilskot frå Utanriksdepartementet til internasjonalt fengselsarbeid, slik at det samla tilskotet på posten er venta å bli 3,996 mill. kroner i 2012. Justis- og beredskapsdepartementet foreslår derfor å auke løyvingane under kap. 3430, post 03 og kap. 430, post 01 med 1,934 mill. kroner, jf. omtale under kap. 430, post 01.

Kap 432 Kriminalomsorgas utdanningssenter (KRUS)

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten omfattar lønnsutgifter til personale ved Kriminalomsorgas utdanningssenter (KRUS), lønn til aspirantar og drifts- og husleigeutgifter for skulebygget.

Inntekter frå konferansar og sal av opplæringstenester til Politiets utlendingseining (Trandum utlendingsinternat) under kap. 3432, post 03 er venta å bli høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2012. Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 432, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3432, post 03. Justis- og beredskapsdepartementet foreslår derfor å auke løyvingane under kap. 432, post 01 og kap. 3432, post 03 med 1,088 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3432, post 03.

Kap 3432 Kriminalomsorgas utdanningssenter (KRUS)

Post 03 Andre inntekter

Løyvinga på posten omfattar mellom anna inntekter frå aspirantane sin del av utgifter til skulebøker.

Inntektene under kap. 3432, post 03 er venta å bli høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2012. Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 432, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3432, post 03. Justis- og beredskapsdepartementet foreslår derfor å auke løyvingane under kap. 432, post 01 og kap. 3432, post 03 med 1,088 mill. kroner, jf. omtale under kap. 432, post 01.

Kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 441, post 01

Løyvinga dekker alle ordinære driftsutgifter ved Politidirektoratet, politidistrikta (ikkje Oslo politidistrikt), politireserven og politiet sine særorgan (ikkje Politihøgskulen).

Passproduksjon

Det er venta ein nedgang i talet på produserte pass. Dette vil gi reduserte utgifter til politiet på 2,3 mill. kroner i 2012. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 440, post 01 med 2,3 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3440, post 01.

Salsinntekter

Inntektene under kap. 3440, post 03 Salsinntekter er venta å bli høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2012. Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 03. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 17,8 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3440, post 03.

Gebyr – vaktselskap

Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 04. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling i 2012, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 440, post 01 med 9,2 mill. kroner, jf. omtale under kap. 441, post 01 og kap. 3440, post 04.

Omdisponeringar

Det vert foreslått å auke løyvinga på kap. 440, post 01 med 1,84 mill. kroner mot å redusere løyvinga under kap. 441, post 01 tilsvarande, jf. omtale under kap. 441, post 01.

Flaum og naturskadetakstar

Flaumane i 2012 har påført politi- og lensmannsetaten meirarbeid med naturskadetakstar, særleg i Troms politidistrikt og i Søndre Buskerud politidistrikt. Justis- og beredskapsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 3,45 mill. kroner.

Avvikling av siviltenesta – overføring av tilsette til politiet

Siviltenesta blei avvikla med verknad frå 1. juli 2012. Som ein del av omstillinga vert dei tilsette overført til politi- og lensmannsetaten, konfliktråda og kriminalomsorga. Det vert på denne bakgrunn foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 1,795 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 450, post 01, jf. omtale under kap. 450, post 01.

Oppsummering

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 13,385 mill. kroner.

Post 22 Søk etter omkomne på havet, i innsjøar og vassdrag, kan overførast

Løyvinga på posten dekker utgifter til søk etter omkomne på havet, i innsjøar og vassdrag. Løyvinga på posten dekker også nokre personellutgifter og eventuelle utgifter til å betre søkjemetodane.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 22 med 5 mill. kroner.

Post 73 Tilskot til EU sitt yttergrensefond

Noregs tilskot til EUs yttergrensefond for 2012 er betalt, og det skal ikkje kome ytterlegare utbetalingar i 2012. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 440, post 73 med 3,083 mill. kroner.

Kap. 3440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

Post 01 Gebyr – pass og våpen

Løyvinga på posten dekker inntekter frå gebyr for pass og våpenløyve. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3440, post 01 med 11 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440, post 01.

Post 03 Salsinntekter

Løyvinga på posten dekker inntekter frå innbyte og sal av utskifta køyretøy m.m. Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 03. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3440, post 03 med 17,8 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440, post 01.

Post 04 Gebyr – vaktselskap

Løyvinga på posten omfattar eingongsgebyr til dekking av utgifter ved behandling av søknader og gebyr ved feilalarmar der politi- og lensmannsetaten rykkjer ut. Posten dekker også gebyr for Oslo politidistrikt. Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 440, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3440, post 04. Løyvinga under kap. 3440, post 04 er auka i 2012 som følgje av at vaktverksemdslova vart endra frå 2011. Då kontrollarbeidet har hatt mindre omfang enn venta, vert det foreslått å redusere løyvinga med 9,2 mill. kroner, jf. omtale under kap. 440, post 01 og kap. 441, post 01.

Post 06 Gebyr – utlendingssaker

Løyvinga på posten dekker gebyr i samband med søknader om statsborgarskap, familieinnvandring og løyve for arbeid, busetting og utdanning. Som følgje av auka gebyr og sakstilgang, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3440, post 06 med 31,52 mill. kroner.

Post 07 Gebyr – sivile gjeremål

Løyvinga på posten dekker gebyrinntekter i samband med den sivile rettspleia på grunnplanet – dvs. gebyr for tvangsforretning og forliksrådshandsaming. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3440, post 07 med 7 mill. kroner.

Kap. 441 Oslo politidistrikt

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 440, post 01

Løyvinga på posten dekker alle ordinære driftsutgifter ved Oslo politidistrikt.

På bakgrunn av forslag om å redusere løyvinga under kap. 3440, post 04, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 441, post 01 med 1,84 mill. kroner mot tilsvarande auke av løyvinga under kap. 440, post 01, jf. omtale under kap. 440, post 01 og kap. 3440, post 04.

Kap. 450 Sivile vernepliktige

Post 01 Driftsutgifter

Siviltenesta vart avvikla med verknad frå 1. juli 2012. Som ein del av omstillinga vert dei tilsette gitt tilbod om stilling ved andre verksemder i justissektoren. Politiet, konfliktråda og kriminalomsorga har i den samanheng motteke medarbeidarar frå Siviltenesta og overgang til anna verksemd vart gjennomført i løpet av juni/juli 2012, jf. omtale under kap. 430, kap. 440 og kap. 474.

Justis- og beredskapsdepartementet foreslår at lønns- og driftsmidlar for 2012 vert omdisponert frå kap. 450 til dei respektive kapitla som vert omfatta av omstillinga. På bakgrunn av ovannemnde vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 450, post 01 med 1,795 mill. kroner, mot tilsvarande auke i løyvinga under kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten, post 01 Driftsutgifter. Vidare vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 450, post 01 med 0,751 mill. kroner, mot tilsvarande auke av løyvinga under kap. 474 Konfliktråd, post 01 Driftsutgifter. Det vert også foreslått å redusere løyvinga under kap. 450, post 01 med 0,570 mill. kroner, mot tilsvarande auke av løyvinga under kap. 430 Sentralforvaltninga for kriminalomsorga, post 01 Driftsutgifter.

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 450, post 01 med 3,116 mill. kroner.

Kap. 451/3451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Fullmakter

Som følgje av avviklinga av siviltenesta vil eigedomen på Dillingøy bli selt. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap skal handtere avslutninga av rekneskapen under kap. 450/3450 i 2012. Justis- og beredskapsdepartementet har fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 451, post 01 med inntil 75 pst. av meirinntektene under kap. 3451, post 40. I tillegg har departementet fullmakt til å trekke omkostningane ved sal av fast eigedom frå inntektene ved sal før overskytande beløp inntektsførast under kap. 3451, post 40. På denne bakgrunn vert det foreslått at begge fullmaktene under kap. 3451 Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, post 40 Sal av eigedom mv. vert utvida til også å omfatte sal av eigedomar tidligare knytt til Siviltenesta, jf. Prop. 1 S (2012-2013).

Kap. 455 Redningstenesta

Post 01 Driftsutgifter

Med bakgrunn i Prop. 1 S Tillegg 1 (2011-2012) vart det gjort endringar i statsbudsjettet 2012 som følgje av Regjeringas forslag om omdanning av Luftforsvaret sin hovudverkstad Kjeller (LHK) til statsforetak, jf. Prop. 3 S (2011–2012). Budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet vart auka med 22,037 mill. kroner i 2012, som ein kompensasjon for meirkostnadar i samband med organiseringa av vedlikehaldsarbeidet av redningshelikoptra. Forsvarsdepartementet har berekna at tenesta, som følgje av omstillinga, vil utløyse ein ytterlegare meirkostnad i 2012 på 7,713 mill. kroner. Det vert i denne samanheng foreslått å auke løyvinga under kap. 455, post 01 med 7,713 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjon av løyvinga på Forsvarsdepartementets budsjett, jf. omtale i Forsvarsdepartementets proposisjon om endringar i statsbudsjettet 2012.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Posten gjeld utgifter til å engasjere private selskap, til dømes helikopterselskap, og frivillige redningsorganisasjonar i det enkelte redningstilfellet, refusjon til frivillige hjelparar for innsats i redningstenesta, forbruk og erstatning av tapt materiell mv. Forbruket på posten er vanskeleg å anslå. Utgiftene varierer med mengde og omfang av redningsaksjoner. Det har m.a. vore ei generell auke i talet på hendingar.

Rekneskapstal hausten 2012 visar at det har vore eit vesentleg meirforbruk på posten i siste halvår 2012. Dette skuldast at hendingane har kravd større bruk av sivile helikopter- og flyressursar enn før. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 455, post 21 med 6 mill. kroner.

Kap. 456 Direktoratet for naudkommunikasjon

Investeringa i nytt digitalt radiosamband over heile landet er ei stor satsing på samfunnstryggleik. Det nye naudnettet gir betre kommunikasjon internt i politiet, brannvesen og helsevesen og mellom naudetatane. Dette gir dermed raskare og betre koordinert hjelp til publikum ved ulykker og kriser. Ved å skifte ut gammalt utstyr og nyttiggjere moglegheitene i ny teknologi, vert naudetatane si daglege operative verksemd styrka.

Som opplyst i Prop. 111 S (2011-2012), jf. Innst. 375 S (2011-2012), har Direktoratet for naudkommunikasjon (DNK) oppnådd semje med leverandøren om auke av utbyggingstida med eitt år og ferdigstilling innan utgangen av 2015, i tråd med anbefaling frå ekstern kvalitetssikrar.

Naudnett trinn 1 er ferdig utbygd og i full drift. DNK betaler driftskostnader til leverandøren og kundane vert fakturerte for abonnementskostnader i tråd med inngåtte avtaler.

Hovudaktivitetane no er utbygging i Hedmark og Oppland, og planlegging i Buskerud, Vestfold, Aust-Agder og Vest-Agder. Dei første leveransane er tatt i bruk ved operasjonssentralar til politiet i Hedmark, Oppland, Vestfold samt Søndre Buskerud Politidistrikt. Det er gjennomført ytterlegare detaljplanlegging av trinn 2, noko som også har påverka og avklart betalingsmilepælar. Denne avklaringa medfører eit behov for å redusere løyvinga under post 01 og 45 i tråd med kravet om realistisk budsjettering. Det er forventa at utgiftene kjem i 2013. Forslag om redusert løyving medfører ikkje endringar i kostnadsramma på 4 700 mill. kroner, der styringsramma utgjer 3 950 mill. kroner og usikkerheitsavsetninga 750 mill. kroner.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekker staten sine kostnader knytt til drift av DNK og forpliktingane til staten som følgje av utbygginga av Naudnett sitt første utbyggingstrinn. Som følgje av Stortinget sitt vedtak om landsdekkjande Naudnett omfattar løyvinga m.a. kostnader til prosjektering i direktoratet knytt til trinn 2, driftskostnadar for innføringsprosjekt brann, tilleggselement innan brann og helse og drift av nettet i trinn 2 i utbyggingsperioden. Kostnader til drift av Naudnett inkluderer kostnader til leige av datalinjer og innplassering av nytt utstyr i eksisterande basestasjonar.

Justis- og beredskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 456, post 01 med totalt 80,5 mill. kroner. Av dette er 10 mill. kroner knytt til driftskostnadane for Naudnett trinn 1 som følgje av kontraktuelle endringar i betalingsmodellen til leverandøren. Hovuddelen av forslaget til reduksjon består av kostnader som skal dekkast av kostnadsramma for trinn 2. Det reduserte behovet i 2012 følgjer av ny utbyggingsplan, og er m.a. knytt til revidert periodisering av kostnader til prosjektorganisasjonen i DNK og lågare behov enn tidligare føresett til driftsorganisasjonen til brann. Vidare har det ikkje blitt fatta endringar og blitt nytta midlar av forventa tillegg (avsetting til usikkerheit) innanfor styringsramma som har medført auka driftsutgifter i 2012.

Det er venta at inntektene under kap. 3456, post 02 blir høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2012. Justis- og beredskapsdepartementet har i 2012 fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 456, post 01 og post 45 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3456, post 02. Justis- og beredskapsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga under kap. 456, post 01 med 7,7 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3456, post 02 og kap. 456, post 45.

Oppsummering

Samla blir det foreslått at løyvinga under kap. 456, post 01 blir redusert med 72,8 mill. kroner i 2012.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga under posten dekker statens kostnader knytt til investering i radionett og utstyr til naudetatane sine kommunikasjonssentralar- og terminalar i 2012. Det er vidare sett av midlar til støtte til naudetatane sine innføringsprosjekt.

Justis- og beredskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 456, post 45 i 2012 med 219,252 mill. kroner m.a. på bakgrunn av kontraktuelle endringar som følgje av ytterlegare detaljplanlegging knytt til utbygging, semje med leverandøren om flytting av betalingsmilepælar og endra ordning for handsaming av endringar.

Inntektene under kap. 3456, post 02 er venta å bli høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2012. Justis- og beredskapsdepartementet har i 2012 fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 456, post 01 og post 45 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3456, post 02. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga under kap. 456, post 45 med 4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3456, post 02.

Oppsummering

Samla vert det foreslått at løyvinga under kap. 456, post 45 blir redusert med 215,252 mill. kroner i 2012.

Kap. 3456 Direktoratet for naudkommunikasjon

Post 02 Refusjonar

I 2012 kjem utgifter til drift som i tråd med kontrakt vil bli fakturert vidare til etatane. Det vil også kunne kome nokre utbyggingskostnader som følgje av endringar i etatane, og som ev. vil bli vidarefakturert etatane. Vidare vil det i samanheng med andre utbyggingsområde av Naudnett kunne kome utgifter for DNK som skal refunderast av leverandøren. Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å kunne overskride løyvinga under kap. 456, post 01 og post 45 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3456, post 02.

Inntektene under kap. 3456, post 02 er venta å bli høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2012. Dette skuldast inntekter som følgje av vidarefakturering av kostnadar knyt til meirinntektsfullmakta. Justis- og bereskapsdepartementet foreslår å auke løyvinga under kap. 3456, post 02 med 11,7 mill. kroner, jf. omtale under kap. 456, post 01 og post 45.

Kap. 466 Særskilde straffesaksutgifter m.m.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker utgifter til salær og reise- og kostgodtgjering til forsvararar, bistandsadvokatar, tolkar og sakkunnige som er oppnemnd av retten i den einskilde sak eller av Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker. Løyvinga dekker òg tapt arbeidsforteneste til tolkar og sakkunnige som ikkje har krav på salær i straffesaker. Løyvinga dekker vidare visse utgifter til Den rettsmedisinske kommisjon, som honorar/godtgjering og reise- og kursutgifter. Løyvinga dekker dessutan salær og reise- og opphaldsutgifter til aktor i militære straffesaker, visse utgifter i sivile saker og utgifter i Justis- og beredskapsdepartementet til omsetting i rettsoppmodings- og utleveringssaker.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 466, post 01 med 60 mill. kroner.

Kap. 467 Norsk Lovtidend

Post 01 Driftsutgifter

Norsk Lovtidend inneheld kunngjeringar av lover, forskrifter og ein del andre vedtak. Løyvinga på posten dekker utgifter til tilverking av manuskript og arbeidet med den elektroniske utgåva av Norsk Lovtidend.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 467, post 01 med 0,9 mill. kroner.

Kap. 470 Fri rettshjelp

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til sakkunnige og meddommarar m.m. i saker der det er gitt fri sakføring. Grunna ordninga si karakter er det vanskeleg å anslå utgiftene.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 470, post 01 med 1,5 mill. kroner.

Post 70 Fri sakførsel

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til advokat m.m. i saker der det er gitt heil eller delvis fri sakførsel.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 470, post 70 med 15 mill. kroner.

Post 71 Fritt rettsråd

Løyvinga på posten dekker utgifter til advokatar og rettshjelparar i saker der det er gitt fritt rettsråd.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470, post 71 med 25 mill. kroner.

Post 72 Tilskot til særskilde rettshjelptiltak

Løyvinga på posten dekker primært tilskot for å sikre arbeid med rettstryggleik og tilskot til rettshjelpsverksemd.

Det er gitt tilskot som overstig løyvinga på posten med 70 000 kroner blant anna fordi det blei gitt tilskot til ein kommune i 2011 som fyrst blei utbetalt i 2012.

Det vert på denne bakgrunn foreslått å auke løyvinga under kap. 470, post 72 med 70 000 kroner mot tilsvarande reduksjon under kap. 476, post 01, jf. omtale under kap. 476, post 01.

Kap. 3470 Fri rettshjelp

Post 01 Tilkjende sakskostnader m.m.

Sakskostnader tilkjend staten i benefiserte saker vert ført under denne posten.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3470, post 01 med 2 mill. kroner.

Kap. 471 Staten sitt erstatningsansvar

Post 72 Erstatning etter straffeforfølging, overslagsløyving

Etter straffeprosesslova kapitla 30 og 31, jf. forskrift om standardsatsar for erstatning etter strafforfølging, har ein sikta rett til erstatning for økonomisk tap og til oppreising etter faste satsar for krenking eller anna skade av ikkje-økonomisk art dersom vedkommande vert frifunnen, forfølginga vert innstilt eller vedkommande har vore arrestert eller fengsla i strid med sentrale menneskerettskonvensjonar. Løyvinga på posten er regelstyrt.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 471, post 72 med 4 mill. kronar.

Kap. 472 Valdsoffererstatning og rådgjeving til offer for kriminalitet

Post 70 Erstatning til offer for vald, overslagsløyving

Posten er ei regelstyrt overslagsløyving og skal gå til erstatning i saker etter valdsoffererstatningslova, m.a. sakskostnader i samband med søknaden og klagebehandlinga.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 472, post 70 med 76 mill. kroner.

Kap. 473 Statens sivilrettsforvaltning

Post 01 Driftsutgifter

Justis- og beredskapsdepartementet har fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 473, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3473, post 01.

På bakgrunn av venta inntekt i 2012 under kap. 3473, post 01 vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 473, post 01 med 175 000 kroner, jf. omtale under kap. 3473, post 01.

Kap. 3473 Statens sivilrettsforvaltning

Post 01 Diverse inntekter

Inntekt på posten er refusjonar som skal dekke utgiftene som Den Rettsmedisinske kommisjon har i samband med kurs og andre mogelege inntekter.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3473, post 01 med 175 000 kroner, jf. omtale under kap. 473, post 01.

Kap. 474 Konfliktråd

Post 01 Driftsutgifter

Siviltenesta blei avvikla frå 1. juli 2012. Som ein del av omstillingsprosessen er dei tilsette i siviltenesta overført til politi- og lensmannsetaten, konfliktråda og kriminalomsorga. På denne bakgrunn foreslår Justis- og beredskapsdepartementet å auke løyvinga under kap. 474, post 01 med 0,751 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon av løyvinga under kap. 450, post 01, jf. omtale under kap. 450, post 01.

Justis- og beredskapsdepartementet har fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 474, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3474, post 02. På bakgrunn av venta inntekt i 2012 under kap. 3474, post 02 vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 474, post 01 med 1,329 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3474, post 02.

Oppsummering

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 474, post 01 med 578 000 kroner.

Kap. 3474 Konfliktråd

Post 02 Refusjonar

Inntekter på posten er refusjonar som skal dekke utgiftene til konfliktråda i samband med kurs og konferansar.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3474, post 02 med 1,329 mill. kroner, jf. omtale under kap. 474, post 01.

Kap. 476 Fyrstelinerettshjelp

post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker primært utgifter til rettshjelp i pilotprosjekt med fyrstelinerettshjelp, blant anna til utgifter til prosjektet i en rekke kommunar i Rogaland, Buskerud og Lindesnesregionen.

Det vert foreslått å redusere løyvinga under kap. 476, post 01 med 70 000 kroner mot ei tilsvarande auke i løyvinga under kap. 470, post 72, jf. omtale under kap. 470, post 72. Det vert også foreslått å redusere løyvinga under kap. 476, post 01 med 3,21 mill. kroner på bakgrunn av at venta forbruk vil vere mindre enn det som er lagt til grunn for løyvinga i 2012.

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 476, post 01 med 3,28 mill. kroner.

Kap. 490 Utlendingsdirektoratet

Post 21 Særskilde driftsutgifter, statlege mottak

Løyvinga på posten skal dekke staten sine utgifter til drift av statlege mottak for asylsøkjarar.

Som følgje av lågare driftskostnader ved ordinære mottaksplasser er det forventa eit mindreforbruk på 40 mill. kroner under kap. 490, post 21 i 2012.

Gjeldande løyving er basert på eit gjennomsnittleg belegg i mottak på 15 740, med 280 i mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar, jf. Prop. 111 S (2011-2012). Nyare prognosar viser at gjennomsnittleg belegg i mottak er venta å verte 15 700, med 270 i mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar. Mindreutgiften som følgjer av dette knytt til drift av asylmottak vert anslått til 7,07 mill. kroner.

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490, post 21 med 47,07 mill. kroner.

Post 22 Særskilde driftsutgifter, tolk og omsetting

Løyvinga på posten skal dekke utgiftene UDI har til tolking og omsetting i samband med handsaminga av asylsaker. Posten dekker også opplæring og rekruttering av verjer for einslege mindreårige.

Det er venta færre intervju som følgje av at dei nye prognosane anslår 500 færre asylsøkjarar i 2012 enn kva som tidlegare er lagt til grunn. Vidare har det i mindre grad enn forventa vore brukt tolk ved ankomstintervju. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490, post 22 med 4 mill. kroner.

Post 60 Tilskot til vertskommunar for statlege mottak for asylsøkjarar og flyktningar

Løyvinga på posten skal dekke kommunane sine gjennomsnittlege utgifter til helse, barnevern, tolk og administrasjon i samband med drift av mottak.

Det er venta eit meirforbruk på i underkant av 8 mill. kroner knytt til barnehagetilskot for 4- og 5-åringar. Vidare er det venta auka utgifter til alternativ mottaksplassering (AMOT) på om lag 6 mill. kroner. I tillegg er det venta lågare utgifter knytt til kompensasjon for talet på mottaksplassar og til særtilskot ved omsorgsovertaking og som følgje av redusert gjennomsnittsbelegg i mottak.

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 490, post 60 med 8,548 mill. kroner.

Post 70 Økonomiske ytingar til bebuarar i asylmottak

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til økonomiske ytingar til asylsøkjarar og flyktningar i tida dei oppheld seg i mottak. Satsane for økonomiske ytingar er differensierte på bakgrunn av søknadsstatus, familiestatus o.a.

Det gjennomsnittlege talet på bebuarar i mottak vert noko lågare enn det som er lagt til grunn for 2012, jf. omtale under kap. 490, post 21. Det gir eit venta mindreforbruk på om lag 1,3 mill. kroner under kap. 490, post 70. På grunn av endra samansetning av bebuarar i mottak er det eit ytterlegare forventa mindreforbruk på 8 mill. kroner.

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 490, post 70 med 9,255 mill. kroner.

Post 72 Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, kan overførast

Løyvinga på posten skal dekke både individuell økonomisk støtte ved tilbakevending, og tilskot til prosjekt som støttar opp under retur og tilbakevending. Formålet med tilskotsordninga er å legge til rette for at flyktningar kan vende tilbake til heimlandet når det er trygt, og til å motivere asylsøkjarar med endeleg avslag, samt andre personer utan lovleg opphald i Noreg, til å returnere frivillig.

På bakgrunn av forseinka framdrift i planlagde tiltak, er det venta eit mindreforbruk på posten. Løyvinga under kap. 490, post 72 vert difor foreslått redusert med 3,5 mill. kroner.

Post 75 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast

Løyvinga på posten skal dekke reiseutgifter for overføringsflyktningar, familiemedlemer til personar med vern og flyktningar som drar tilbake til heimlandet.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 490, post 75 med 1,778 mill. kroner.

Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet

Post 01 Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, ODA-godkjende utgifter

Nokre av utgiftene som er knytt til retur og tilbakevending for flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

På bakgrunn av forslag om reduksjon i løyvinga under kap. 490, post 72, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490, post 01 med 3,5 mill. kroner.

Post 03 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, ODA-godkjende utgifter

Nokre av utgiftene som er knytt til retur og tilbakevending for flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

På bakgrunn av forslag om auke i løyvinga under kap. 490, post 75, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3490, post 03 med 3,414 mill. kroner.

Post 04 Statlege mottak, ODA-godkjende utgifter

Nokre av utgiftene som er knytt til mottak for asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

På bakgrunn av at talet på asylsøkjarar som har budd meir enn eitt år i mottak har auka, og reduksjon i løyvinga under kap. 490, post 21 og post 70, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490, post 04 med 107,823 mill. kroner.

Kap. 491 Utlendingsnemnda

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til drift av Utlendingsnemnda (UNE), irekna sakshandsamingsutgifter, men ikkje utgiftene til sjølve sakshandsaminga i nemndmøter.

Justis- og beredskapsdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 491, post 01 med 1 mill. kroner mot tilsvarande auke under kap. 491, post 21, jf. omtale under kap. 491, post 21. Dette gjer det mogleg å auke saksavviklinga i UNE i 2012.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, nemndbehandling

Løyvinga på posten skal dekke utgifter knytt til handsaming av saker i nemndmøte, og er særleg avhengig av talet på asylsøkjarar og kor stor del av sakene som vert handsama i nemndmøte.

På grunn av fleire nemndhandsamingar enn tidlegare lagt til grunn, er det venta eit meirforbruk på 1 mill. kroner under kap. 491, post 21. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 491, post 21 med 1 mill. kroner, jf. omtale under kap. 491, post 01.

Til forsida