2 Endringsforslag
Kap. 820 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten skal dekkje utgifter til drift av IMDi. Det blir føreslått å flytte midlar til det pågåande arbeidet med IKT-utvikling i IMDi, jf. forslaga om flytting av midlar til denne posten under kap. 821, post 62 og kap. 821, post 71.
Fungerande og funksjonelle IKT-system er ein føresetnad for ei god gjennomføring av introduksjonsprogram og norskopplæring og for ein god dialog med kommunane. Utdaterte løysingar gjer det per i dag vanskeleg å registrere opplysningar som er nødvendige for oppfølging og evaluering av resultat i ordningane. Midlane skal bidra til å auke framdrifta i arbeidet i år og neste år.
BLD føreslår å flytte 3,66 mill. kroner til posten frå kap. 821, post 62 og 0,26 mill. kroner frå kap. 821, post 71. Totalt føreslår BLD å auke kap. 820, post 01 med 3,92 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 188 161 |
Løyving 2012 | 189 707 |
Forslag til tilleggsløyving | 3 919 |
Kap. 821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
Post 60 Integreringstilskot, kan overførast
Integreringstilskotet skal gi ei rimeleg dekking av dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har ved busetjing og integrering av flyktningar i busetjingsåret og dei neste fire åra. Tilskotet skal medverke til at kommunane gjennomfører eit planmessig og aktivt busetjings- og integreringsarbeid.
Det er anslått at behovet i 2012 auker med om lag 26 mill. kroner samanlikna med Prop. 111 S (2011-2012). Hovudårsaka til endringa er ein auke i talet på vaksne og barn som utløyser tilskot, noko som medfører ein auke i utgiftene på 56 mill. kroner. Talet på einslege vaksne som utløyser tilskot har gått ned og medfører ein reduksjon i utgiftene på 24 mill. kroner.
BLD føreslår å auke løyvinga med 26,03 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 4 220 201 |
Løyving 2012 | 4 512 341 |
Forslag til tilleggsløyving | 26 034 |
Post 61 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktninger, overslagsløyving
Kommunar som busett einslege, mindreårige flyktningar mottek eit særleg tilskot. Tilskotet kjem i tillegg til det ordinære integreringstilskotet.
Behovet i 2012 blir anslått å gå ned med 19,3 mill. kroner samanlikna med Prop. 111 S (2011-2012). Hovudårsaka til endringa er ein reduksjon i talet på personar som utløyser tilskot.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 19,30 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 303 072 |
Løyving 2012 | 360 900 |
Forslag til tilleggsløyving | -19 301 |
Post 62 Kommunale innvandrartiltak
Formålet med løyvinga er å styrkje integreringsarbeidet i kommunane. Det er eit mindreforbruk til forsøket med gratis kjernetid på 3,66 mill. kroner i 2012. Mindreforbruket gjeld særlege tilhøve i nokre av områda med gratis kjernetid i 2011, noko som får konsekvensar for utgiftene først i 2012. BLD føreslår å flytte midlane til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet sitt arbeid med utvikling av nytt IKT-system, jf. omtale under kap. 820, post 01.
BLD føreslår å flytte 3,66 mill. kroner frå kap. 821, post 62 til kap. 820, post 01.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 106 523 |
Løyving 2012 | 109 278 |
Forslag til tilleggsløyving | -3 661 |
Post 71 Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd
Løyvinga på posten er delt i 1) tilskot til frivillig verksemd i lokalsamfunn som medverkar til deltaking, dialog og samhandling, 2) tilskot til drift av nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet, 3) tilskot til frivillige organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting og 4) informasjons- og rettleiingstiltak retta mot innvandrarar. I tillegg blir det gitt midlar over denne posten til innsats for særleg utsette innvandrargrupper.
Etter avslutta klagebehandling står det under delordninga Tilskot til frivillige organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande arbeid mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting, igjen 258 000 kroner. BLD føreslår å flytte midlane til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet sitt arbeid med utvikling av nytt IKT-system, jf. omtale under kap. 820, post 01.
BLD føreslår å flytte 0,26 mill. kroner frå kap. 821, post 71 til kap. 820, post 01.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 47 010 |
Løyving 2012 | 49 462 |
Forslag til tilleggsløyving | -258 |
Kap. 822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Post 22 Norskprøver for vaksne innvandrarar
Løyvinga skal dekkje utgifter til gjennomføring av norskprøver for vaksne innvandrarar. Behovet er no venta å bli lågare enn føresett.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 2,24 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 11 998 |
Løyving 2012 | 14 325 |
Forslag til tilleggsløyving | -2 238 |
Post 60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap skal sikre at kommunane tilbyr opplæring til vaksne innvandrarar med rett og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap.
Behovet i 2012 blir anslått å auke med om lag 6,4 mill. kroner samanlikna med Prop. 111 S (2011-2012). Hovudårsaka til endringa er ein reduksjon i utgiftene til norskopplæring i mottak som følgje av ein nedgang i talet på asylsøkjarar. Ein auke i talet på personar som utløyser År 1-tilskot og ein korreksjon i anslaget til fylkesmennene for utbetaling av tilskot for 2012 utgjer ein mindre del av endringa.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 6,35 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 1 584 299 |
Løyving 2012 | 1 645 648 |
Forslag til tilleggsløyving | -6 348 |
Kap. 840 Krisetiltak
Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving
Anslaget på utgifter på posten er 0,7 mill. kroner høgare enn budsjettert. Meirutgifta kjem av at det er etablert eit nytt incest- og valdtektssenter i Førde. Utgifter til dette senteret låg ikkje inne i dei opprinnelege budsjettføresetnadene.
BLD føreslår å auke løyvinga med 0,7 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 66 832 |
Løyving 2012 | 70 000 |
Forslag til tilleggsløyving | 700 |
Kap. 841 Samliv og konfliktløysing
Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving
Prognosen for bruk av eksterne meklarar og utbetaling av meklingsgodtgjersle er 1,89 mill kroner lågare samanlikna med Prop. 111 S (2011-2012).
BLD føreslår å redusere løyvinga med 1,89 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 11 652 |
Løyving 2012 | 14 261 |
Forslag til tilleggsløyving | -1 892 |
Kap. 844 Kontantstøtte
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Utgiftene til kontantstøtte i 2012 er anslått til 1 235 mill. kroner, som er 35 mill. kroner meir enn løyvinga. Meirbehovet kjem av at fleire mottek kontantstøtte enn tidlegare lagt til grunn.
BLD føreslår å auke løyvinga med 35 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 1 347 393 |
Løyving 2012 | 1 200 000 |
Forslag til tilleggsløyving | 35 000 |
Kap. 845 Barnetrygd
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Utgiftene til barnetrygd i 2012 er anslått til 15 050 mill. kroner, som er 90 mill. kroner høgare enn løyvinga i Prop. 111 S (2011-2012). Dette kjem av auka anslag på utbetalingar av ordinær barnetrygd inkludert utvida stønad til einslege forsørgjarar, som følgje av etterbetalingar (restansenedbygging).
BLD føreslår å auke løyvinga med 90 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 14 883 109 |
Løyving 2012 | 14 960 000 |
Forslag til tilleggsløyving | 90 000 |
Kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50
Departementet føreslår at delar av midlane avsett til feiringa av Stemmerettsjubileet 2013, nyttast til tilskot til lokale og nasjonale prosjekter innanfor ramma av jubileet. Noko av forskings- og utviklingsmidlane på samlivs-, likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet vil bli nytta til tilskot til prosjekt innanfor dette politikkområdet.
BLD føreslår på denne bakgrunn å redusere løyvinga på kap. 846, post 21 med 2,3 mill. kroner mot tilsvarande auke på post 70.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 25 274 |
Løyving 2012 | 26 535 |
Forslag til tilleggsløyving | -2 300 |
Post 70 Tilskot
BLD føreslår å auke løyvinga med 2,3 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på kap. 846, post 21.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 15 576 |
Løyving 2012 | 15 501 |
Forslag til tilleggsløyving | 2 300 |
Kap. 852 Adopsjonsstønad
Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving
Løyvinga blir nytta til eingongsstønad til foreldre som adopterer barn frå utlandet. Det blir utbetalt færre eingongsstønader enn venta, og BLD føreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 3 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 11 828 |
Løyving 2012 | 15 358 |
Forslag til tilleggsløyving | -3 000 |
Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71
Løyvinga på posten dekkjer utgifter til ulike førebyggjande tiltak, som mellom anna kjøp av tenester innanfor utvikling og implementering av nye metodar i barnevernet og diverse kjøp av tenester innanfor barne- og ungdomsvernet.
BLD føreslår å redusere posten for å dekkje inn delar av meirutgiftene i det statlege barnevernet. Reduksjonen inneber å utsetje enkelte planlagde oppgåver til 2013. Prosjektet Rettledet praksis av nyutdannede og nytilsatte i barnevernet vilikkje bli gjennomført i år.
BLD føreslår å redusere kap. 854, post 21 med 9,4 mill. kroner for delvis å dekkje inn meirutgiftene på kap. 855.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 77 947 |
Løyving 2012 | 82 648 |
Forslag til tilleggsløyving | -9 400 |
Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving
Løyvinga på posten skal dekkje refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar som blir busette i kommunane.
Utgiftsnivået på posten avheng av kor mange barn som blir busette og kor stor del av alle einslege mindreårige som treng tiltak i barnevernet.
Grunna ein auke i talet på busette einslege, mindreårige asylsøkjarar og høgare refusjonar per barn, er behovet på posten høgare enn tidlegare føresett. Basert på venta utbetalingar i 2012, føreslår departementet å auke løyvinga på posten med 140 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 714 113 |
Løyving 2012 | 920 000 |
Forslag til tilleggsløyving | 140 000 |
Post 72 Tilskot til forsking og utvikling i barnevernet
Løyvinga på posten dekkjer mellom anna tilskot til Atferdssenteret. BLD føreslår å redusere løyvinga for å dekkje inn delar av meirutgiftene i det statlege barnevernet. Tilskotet til Atferdssenteret er avkorta i 2012 som følgje av for mykje utbetalt tidlegare år.
BLD føreslår å redusere kap. 854, post 72 med 4,8 mill. kroner for delvis å dekkje inn meirutgiftene på kap. 855.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 11 615 |
Løyving 2012 | 51 828 |
Forslag til tilleggsløyving | -4 800 |
Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet
Post 22 kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01
Kap. 855, postane 01, 22 og 60 må sjåast i samanheng. Løyvinga blei styrka med 50 mill. kroner i Prop. 111 S (2011-2012), for å dekkje forventa meirutgifter knytte til aktivitetsvekst i 2012.
Ein føresetnad for å oppnå budsjettbalanse i 2012 var mellom anna tilstrekkeleg kapasitetsutnytting i statens eigne institusjonar og at bruken av private institusjonar måtte reduserast. Bufetat har ikkje klart å oppfylle desse føresetnadene i tilstrekkeleg grad. Saman med ein noko høgare aktivitetsvekst enn lagt til grunn for Prop. 111 S (2011-2012), gir dette eit meirbehov i 2012 på 95 mill. kroner.
Etaten har i tillegg eit meirbehov på 40,8 mill. kroner grunna ein vanskeleg økonomisk situasjon i Region Vest. Situasjonen i Region Vest er knytt til vekst i talet på barn og unge med behov for tiltak frå det statlege barnevernet, og utfordringar knytte til institusjonstilbodet i regionen.
Meirbehovet utgjer dermed 135,8 mill. kroner, og departementet føreslår å auke kap. 855, post 22 med 90,8 mill. kroner og post 60 med 45 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 1 629 480 |
Løyving 2012 | 1 612 824 |
Forslag til tilleggsløyving | 90 800 |
Post 45 Større nyanskaffingar og vedlikehald, kan overførast
Barne-, ungdoms og familiedirektoratet har redusert investeringar for å redusere meirutgiftene på kap. 855. BLD føreslår å redusere kap. 855, post 45 med 47,4 mill. kroner for å dekkje inn delar av meirutgiftene på kap. 855.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 33 571 |
Løyving 2012 | 67 955 |
Forslag til tilleggsløyving | -47 400 |
Post 60 Tilskot til kommunane, kan nyttast under post 01
BLD føreslår å auke løyvinga på posten med 45 mill. kroner, jf. omtale under kap. 855, post 22.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 279 499 |
Løyving 2012 | 180 297 |
Forslag til tilleggsløyving | 45 000 |
Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Post 22 Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar
Løyvinga på posten skal dekkje utbetalingar til pensjonskasser der tilsette i Bufetat var medlemmer før staten overtok det fylkeskommunale barne- og familievernet. Reguleringspremien blir rekna ut årleg ut frå endringane i lønns- og trygdeoppgjeret og førre års avkastningar frå premiefond. Reguleringspremien varierer følgjeleg kvart år.
BLD føreslår derfor å auke kap. 858, post 22 med 19,2 mill. kroner som følgje av meirutgifter til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 47 632 |
Løyving 2012 | 31 035 |
Forslag til tilleggsløyving | 19 200 |
Kap. 2530 Foreldrepengar
Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving
Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2012 er anslått til 15 780 mill. kroner, som er 555,3 mill. kroner lågare enn løyvinga. Mindrebehovet kjem hovudsakleg av nedjusterte tal på barn i den aktuelle aldersgruppa og den delen det blir utbetalt foreldrepengar for.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 555,3 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 14 926 071 |
Løyving 2012 | 16 335 300 |
Forslag til tilleggsløyving | -555 300 |
Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving
Utgiftene til eingongsstønad i 2012 er anslått å bli 355 mill. kroner, som er 0,3 mill. kroner meir enn løyvinga i saldert budsjett.
Departementet føreslår å auke løyvinga under kap. 2530, post 71 med 0,3 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 364 182 |
Løyving 2012 | 354 700 |
Forslag til tilleggsløyving | 300 |
Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving
Utgiftene til feriepengar av foreldrepengar i 2012 er rekna ut til å bli 410 mill. kroner, som er 10 mill. kroner mindre enn løyvinga.
Departementet føreslår å redusere løyvinga under kap. 2530, post 72 med 10 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 396 584 |
Løyving 2012 | 420 000 |
Forslag til tilleggsløyving | -10 000 |
Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving
Utgiftene til foreldrepengar ved adopsjon i 2012 er rekna ut til å bli 90 mill. kroner, som er 25 mill. kroner mindre enn løyvinga i saldert budsjett. Nytt anslag er i hovudsak basert på ein nedgang i antall utbetalinger av foreldrepengar ved adopsjon på 15 prosent frå 2011.
BLD føreslår å redusere løyvinga under kap. 2530, post 73 med 25 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 96 437 |
Løyving 2012 | 115 000 |
Forslag til tilleggsløyving | -25 000 |
Kap. 3821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar
Post 01 Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter
Nokre utgifter knytte til busetjing av overføringsflyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
Det er anslått at behovet på posten aukar med om lag 12,8 mill. kroner frå Prop. 111 S (2011-2012). Auken kjem av at prognosen for talet på overføringsflyktningar som blir busette i 2012 er auka med 170 personar.
BLD føreslår å auke løyvinga med 12,83 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 86 010 |
Løyving 2012 | 90 099 |
Forslag til tilleggsløyving | 12 829 |
Post 02 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter
Nokre utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
Det er anslått at behovet på posten auker med om lag 16,0 mill. kroner frå Prop. 111 S (2011-2012). Auken kjem av kortare opphald i mottak før busetjing.
BLD føreslår å auke løyvinga med 16,01 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 7 079 |
Løyving 2012 | 13 332 |
Forslag til tilleggsløyving | 16 010 |
Kap. 3822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Post 01 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter
Nokre utgifter i mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
Det er anslått at behovet på posten blir redusert med om lag 6,6 mill. kroner frå Prop. 111 S(2011-2012). Reduksjonen kjem av ein nedgang i talet på asylsøkjarar.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 6,61 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 100 654 |
Løyving 2012 | 103 740 |
Forslag til tilleggsløyving | -6 608 |
Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar
Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter
Nokre innanlandske utgifter i mottak av asylsøkjarar og flyktninger kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
I følgje dei seinaste prognosane vil det i gjennomsnitt ha vore 70 barn i omsorgssentra i 2012. Dette er 10 færre enn venta ved revidert nasjonalbudsjett i år. Departementet føreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 14,43 mill. kroner.
(i 1000 kr) | |
---|---|
Rekneskap 2011 | 178 858 |
Løyving 2012 | 115 440 |
Forslag til tilleggsløyving | -14 430 |