Prop. 26 S (2011–2012)

Endringar i statsbudsjettet for 2011 under Arbeidsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag under dei enkelte kapitla

Kap. 601 Utgreiingsverksemd, forsking m.m,

Post 21 Spesielle driftsutgifter

I samband med Prop. 1 S (2010-2011) vart det løyva 11 mill. kroner under post 21 til informasjonstiltak knytt til oppfølging av tiltak i IA-avtalen.

To av desse 11 mill. kronene vil gå til lansering av partane i arbeidslivet sitt opplæringsprogram ”Inkluderende”. Midlane vil verte utbetalt over post 70 Tilskot.

I tråd med IA-avtalen skal partane i arbeidslivet i fellesskap utvikle eit rettleiingsverktøy til bruk i verksemdene for tilrettelegging for sjukmeldte eller personar som kan unngå sjukmelding gjennom tilrettelegging. Det er i tråd med dette utarbeidd eit interaktivt opplæringsverktøy som vart lansert i september 2011.

Dette vert utbetalt over post 70 Tilskot, då det er ei overføring i form av tilskot for gjennomføring av lanseringa av programmet.

Post 22 Tiltak mot ufrivillig deltid

Departementet har delegert forvaltninga av midlane til tiltak mot ufrivillig deltid til Arbeids- og velferdsdirektoratet og Vox. Det har teke noko tid å organisere bruken av midlane, mellom anna fordi søknadsprosessen har teke lengre tid enn berekna. For å nytte midlane på best mogleg måte, gjer Arbeidsdepartementet framlegg om å knytte stikkordsfullmakta ”kan overførast” til denne posten i statsbudsjettet for 2011.

Kap. 604 Utviklingstiltak i arbeids- og velferdsforvaltninga

(1000 kr)
PostNamnRekneskap 2010Løyving 2011Forslag 2011Meirutgift (+) Mindreutgift (-)
21Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 45

136 894

65 62021 200-44 420
45Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 21

726 713

127 08042 000-85 080
Sum endringar-129 500

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 45

Løyvinga for 2011 er 65,62 mill. kroner.

Samla løyving for kap. 604 er på 192,7 mill. kroner. I tillegg er det overført midlar frå 2010. Samla ramme på kapitlet er om lag 705 mill. kroner i 2011.

På kap. 604 står det samla igjen ei ubrukt risikoavsetjing på 159 mill. kroner til IKT-pensjonsprogrammet i 2011. Sjølv om pensjonsreforma er sett i verk, fortset arbeidet med å sikre ei god forvaltning av pensjonsområdet i Arbeids- og velferdsetaten. Det skal mellom anna gjennomførast delvis skjerming av levealdersjusteringa for uføre. Som følgje av dette kan det vere behov for å nytte delar av ubrukt risikoavsetjing i 2011 og 2012. Dette beløpet er på 30 mill. kroner. Risikoavsetjinga kan derfor reduserast med 129 mill. kroner. Kap. 604, post 21 kan reduserast med 43,920 mill. kroner og post 45 kan reduserast med 85,080 mill. kroner.

I tillegg er det sett av 0,5 mill. kroner til kvalitetssikring KS1 av IKT-moderniseringsprosjektet i Arbeids- og velferdsetaten på post 21. Midlane vil ikkje verte nytta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 21 med 44,420 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga for 2011 er 127,08 mill. kroner.

Risikoavsetjinga til IKT-pensjonsprogrammet på posten kan reduserast. Vi viser til nærare omtale under post 21 ovanfor.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 45 med 85,080 mill. kroner.

Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

01

Driftsutgifter

9 991 854

9 720 818

9 723 418

+2 600

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga for 2011 er 9 720,818 mill. kroner.

Arbeids- og velferdsetaten deltek i eID-programmet. I samband med Prop. 1 S (2010-2011) vart det for å dekkje transaksjonskostnadene rammeoverført til saman 4,4 mill. kroner frå kap. 605, post 01 til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet sitt budsjett. For mykje rammeoverført skulle justerast når transaksjonsvoluma vart klare i 2011.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 605, post 1 med 2,6 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon under Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet sitt kap. 1560, post 22.

Kap. 606 Trygderetten

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

01

Driftsutgifter

59 859

247

61 747

-1 500

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga for 2011 er 63,247 mill. kroner.

Det er venta eit mindreforbruk på kap. 606, post 01 for 2011. Det har mellom anna samband med at overgangen til web-basert versjon av saksbehandlingssystemet i Trygderetten ikkje vil verte gjennomført i 2011 og at det til visse andre føremål vert lågare utgifter enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 01 med 1,5 mill. kroner.

Kap. 612 Tilskot til Statens pensjonskasse

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

01

Driftsutgifter, overslagsløyving

7 734 960

9 436 700

9 415 000

-21 700

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 9 436,7 mill. kroner.

Oppdatert løyvingsoverslag for kap. 612, post 01 viser ein reduksjon på posten med 21,7 mill. kroner. Reduksjonen skriv seg frå fleire årsaker:

  • Oppdaterte overslag for utbetalte pensjonar (alderspensjonar, uførepensjonar og etterlatnepensjonar) viser ein auke med 105 mill. kroner. Auken knytter seg i hovudsak til ein auke i overslaget over etterbetalingar til enkemenn.

    • Oppdatert informasjon frå Statens pensjonskasse syner no at dei samla utbetalingane i 2011 vil verte om lag 385 mill. kroner. Dette inneber ein auke med 121 mill. kroner i høve til kva som allereie ligg inne i budsjettet. Statens pensjonskasse viser til at det er høgare gjennomsnittleg utbetalt beløp per årsklassse enn kva som tidlegare vart lagt til grunn. Antall saker i ikkje endra med totalt 3500 saker fordelt på 1900 pensjonistar, 650 arveoppgjer og 950 refusjonar til annan ordning.

    • Oppdaterte overslag over utbetalte førtidspensjonar viser ein reduksjon på 15 mill. kroner i høve til kva som allereie ligg inne i budsjettet.

  • Overslaget over arbeidsgivarpremie, inkludert AFP-premie, er auka med 143 mill. kroner i høve til overslaget i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2011. Auken i arbeidsgivarpremie heng saman med at premiegrunnlaget for 2011 vart auka etter tariffoppgjeret for arbeidstakarar i det statleg tariffområdet våren 2011. I tillegg skyldast auken i premieinntektene at etterfakturering av premie frå tidlegare år er høgare enn det som vart lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2011. I motsatt retning trekk utbetaling til ei statleg verksemd med lukka pensjonsordning (Baneservice), grunna ei overdekning i fondsmidlar ut over framtidig berekna premiebetaling.

  • Andre endringar i budsjettføresetnadene fører med seg ein netto auke av løyvingsforslaget med 17 mill. kroner, mellom anna som følgje av reduserte refusjonar frå førtidspensjonar og reduserte renteinntekter i refusjon frå andre pensjonsordningar.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 01 med 21,7 mill. kroner.

Kap. 615 Yrkesskadeforsikring

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

01

Driftsutgifter, overslagsløyving

76 929

91 000

87 000

-4 000

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga for 2011 er 91 mill. kroner.

Det vert foreslått ein reduksjon av løyvinga under post 01 med 4 mill. kroner til 87 mill. kroner. Reduksjonen kjem i hovudsak av at faktiske utbetalte erstatningar hittil i 2011 har vore lågare enn det som vart lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2011.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 01 med 4 mill. kroner.

Kap. 616 Gruppelivsforsikring

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

01

Driftsutgifter, overslagsløyving

141 607

146 000

166 000

+20 000

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga for 2011 er 146 mill. kroner.

Det vert foreslått å auke løyvinga med 20 mill. kroner. Overslaget er basert på utbetalte erstatningar so langt i 2011 og prognose for utbetalingar ut året.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 01 med 20 mill. kroner.

Kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

76

Tiltak for arbeidssøkjarar, kan overførast

7 741 478

6 957 490

6 806 090

-151 400

Post 21 Forsøk, utviklingstiltak m.v., kan overførast

Det vart i 2011 løyva 5 mill kroner over kap. 634 post 21 til ei prøveordning med servicehund. Prosjektet starta i 2009, og det er i 2011 framleis utfordringar knytt til å rekruttere eit tilstrekkeleg antall brukarar til prosjektet. Ei rekke kommunar over heile Austlandsområdet har vore kontakta. Til saman tre brukarar er no meld opp til testing og utprøving ved Hundeskulen Veiviseren, men desse vil ikkje være klar for tildeling av hunder før i 2012. I tillegg er det innleda eit samarbeid med Hundeskulen om å rekruttere brukarar til forsøket direkte frå skulens ventelister, slik at det no kan vere mogleg å rekruttere eit tilstrekkeleg antall brukarar. Midlane som var planlagt brukt til formålet i 2011, vil på denne bakgrunn ikkje kome til utbetaling før i 2012. Ubrukte midler på posten i 2011 vil overførast til 2012.

Post 76 Tiltak for arbeidssøkjarar, kan overførast

Løyvinga for 2011 er 6 957,49 mill. kroner.

Det ligg an til eit mindreforbruk av løyvinga til arbeidsmarknadstiltak i 2011. Årsaka er at Arbeids- og velferdsetaten har teke i bruk relativt sett rimeligare tiltak enn kva som budsjetteknisk tidlegare vart lagt til grunn. Dette inneber at det er rom for å redusere løyvinga med 82,7 mill. kroner.

Det er behov for å justere utbetalinga for det rekneskapsmessige etterslepet for aktivitet i 2010 med utbetaling i 2011. Justeringa heng i hovudsak saman med at det viser seg å vere mindre behov for denne utbetalinga enn kva som budsjetteknisk er lagt til grunn. Dette inneber at det er rom for å redusere løyvinga med 68,7 mill. kroner.

Samla sett inneber desse endringane behov for å redusere løyvinga med 151,4 mill. kroner i 2011. Endringane fører ikkje med seg endringar i det planlagde nivået for arbeidsmarknadstiltaka i 2011, som framleis vil vere på om lag 71 450 plasser i gjennomsnitt.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 76 med 151,4 mill. kroner.

Kap. 3634 Arbeidsmarknadstiltak

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

85

Innfordring av feilutbetaling, Arbeidsmarknadstiltak

1 080

2 000

500

-1 500

Post 85 Innfordring av feilutbetaling, Arbeidsmarknadstiltak

Løyvinga for 2011 er 2 mill. kroner.

Inntekter under denne posten har samband med innfordring av feilutbetalingar til tiltaksarrangørar og enkelte tiltaksdeltakarar.

På bakgrunn av informasjon om innfordring av feilutbetalingar så langt i år gjer Arbeidsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga på post 85 med 1,5 mill. kroner.

Kap. 635 Ventelønn

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

01

Driftsutgifter, overslagsløyving

203 494

164 000

165 000

+1 000

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 164 mill. kroner.

Utviklinga så langt i 2011 tilseier at utgiftene til ventelønn i 2011 vert anslagsvis 165 mill. kroner. Dette er ein auke på 1 mill. kroner samanlikna med gjeldande løyving for 2011. Til grunn for auken ligg ei forventning om ein marginal nedgang i talet på mottakarar av ventelønn, men ein auke i den gjennomsnittlege utbetalinga per mottakar.

På bakgrunn av oppdaterte berekningar for 2011, gjer departementet framlegg om å auke løyvinga under post 01 Dritfsutgifter med 1 mill. kroner i 2011.

Kap. 3635 Ventelønn m.v.

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

01

Refusjon statleg verksemd m.v.

58 970

49 000

53 000

+4 000

85

Innfordring av feilutbetaling av ventelønn

2 174

1 800

2 200

+400

Sum endringar

+4 400

Post 01 Refusjon statleg verksemd

Løyvinga for 2011 er 49 mill. kroner.

Utviklinga i samla refusjon avheng av utviklinga i talet på mottakarar av ventelønn, og nytilgangen av talet på mottakarar med fullt refusjonskrav. På bakgrunn av utviklinga så langt i 2011 vert refusjonane anslått til 53 mill. kroner. Dette er ein auke på 4 mill. kroner.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 01 med 4 mill. kroner.

Post 85 Innfordring av feilutbetaling av ventelønn

Løyvinga for 2011 er 1,8 mill. kroner.

NAV innkrevjing står for innfordring av feilutbetalingar av ventelønn. Arbeids- og velferdsdirektoratet ventar no ei samla innkrevjing på om lag 2,2 mill. kroner i 2011.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 85 med 0,4 mill. kroner.

Kap. 649 Treparts bransjeprogram

Post 21 Spesielle driftsutgifter – treparts bransjeprogram

Løyvinga for 2011 er 10 mill. kroner

Posten skal dekkje kostnader knytte til etablering og gjennomføring av tiltak for å betre lønns- og arbeidsvilkår og kjempe mot sosial dumping og svart arbeid i særleg utsette bransjar. Reinhald vil vere første bransje og midlane over post 21 vil særleg dekkje kostnader til etablering av ei offentleg godkjenningsordning for reinhaldsverksemder.

Hausten 2010 og våren 2011 har det vore arbeidd med å greie ut organiseringa og gjennomføringa av ei slik godkjenningsordning, og eit forslag til forskrift vart sendt på høyring før sommaren 2011, med frist 7. oktober 2011. Det er også gjennomført ei kartleggjing av forholda i reinhaldsbransjen. Forskningsstiftinga Fafo har gjennomført kartleggjinga og den vart ferdigstilt i juli 2011.

Størstedelen av etableringskostnadene vil ut frå dette komme i 2012. Det vil på bakgrunn av dette vere behov for at ubrukt løyving i 2011 vert tilgjengeleg i 2012. Det vert derfor foreslått at løyvinga vert gjort overførbar til 2012.

Det vert foreslått at løyvinga under kap. 649 Treparts bransjeprogram, post 21 Spesielle driftsutgifter – treparts bransjeprogram vert gitt stikkordet ”kan overførast” i statsbudsjettet for 2011.

Kap. 660 Krigspensjon

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

70

Tilskot, militære, overslagsløyving

191 160

170 000

175 000

+5 000

71

Tilskot, sivile, overslagsløyving

463 547

417 000

440 000

+23 000

Sum endringar

+ 28 000

Post 70 Tilskot, militære, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 170 mill. kroner.

Ein reknar med at talet på militære krigspensjonistar og gjennomsnittleg yting vert litt høgare enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på post 70 med 5 mill. kroner.

Post 71 Tilskot, sivile, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 417 mill. kroner.

Ein reknar med at talet på sivile krigspensjonistar og gjennomsnittleg yting vert litt høgare enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på post 71 med 23 mill. kroner.

Kap. 664 Pensjonstrygda for sjømenn

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

70

Tilskot

493 000

427 562

624 562

+197 000

Post 70 Tilskot

Pensjonstrygda for sjømenn sin forvaltningsmessige status

Ved revisjonen av Arbeidsdepartementet si forvaltning og gjennomføring av statsbudsjettet i dei seinare åra har Riksrevisjonen stilt spørsmål om kva for slags tilknyting Pensjonstrygda for sjømenn (PTS) har til staten, og bedt Arbeidsdepartementet avklare om PTS er eit ordinært forvaltningsorgan underlagt løyvingsreglementet og økonomiregelverket i staten.

Arbeidsdepartementet viser til at ein i samarbeid med reiarane og sjømenna sine organisasjonar vil i 2012 setje i gong ein større gjennomgang av pensjonsordninga for sjømenn, med sikte på å finne fram til ei varig pensjonsløysing tilpassa dei grunnleggjande prinsippa i pensjonsreforma, jf. Prop. 18 L (2010-2011) Endringar i lov om pensjonstrygd for sjømenn, lov om pensjonstrygd for fiskar og i enkelte andre lover. I dette arbeidet vil også dei organisatoriske og administrative konsekvensane av aktuelle pensjonsløysingar måtte vurderast.

Etter departementet sitt syn er det ikkje tenleg å ta endeleg stilling til verksemda si tilknyting til staten, eller foreta alle tilpassingar til løyvingsreglementet og det statlege økonomiregelverket før ein veit kva for organisatoriske og administrative konsekvensar ei varig pensjonsløysing vil få.

PTS er no i ferd med å gå gjennom og kvalitetssikre si interne økonomiforvalting og rekneskapsløysingane i samarbeid med departementet og med Direktoratet for økonomistyring. Arbeidsdepartementet si styring av PTS har i praksis blitt gjennomført som for eit ordinært forvaltingsorgan. Departementet vil legge vekt på at PTS sitt rekneskap skal vere transparent og dokumentert, særleg der praksis avviker frå det som elles er reglane i staten.

Budsjettforslag for 2011

Løyvinga for 2011 er på 427,6 mill. kroner.

Arbeids- og velferdsetaten utbetalar sjømannspensjonen gjennom dei lokale NAV-kontora på vegne av PTS. Utbetalingane skjer på månadleg basis, og PTS refunderer utlegga til Arbeids- og velferdsetaten på etterskot.

I 2009 innførde Arbeids- og velferdsetaten nye utbetalingsrutinar mellom PTS og Arbeids- og velferdsetaten. Tidlegare vart pensjonsutgiftene gjort opp mellom etatane i den same månaden som dei blei utbetalte. Endringa i rutinane førte til at refusjonar som i tidlegare budsjett var føreset utbetalt i november og desember 2009, blei skove til 2010. Overslaga for pensjonsutgifter vart reduserte med 248 mill. kroner i 2009 som følgje av denne omlegginga, jf. Prop. 42 S (2009-2010) Endringar i statsbudsjettet for 2009 under Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Innst. 81 S (2009–2010).

PTS etablerte med denne løysinga ein "kreditt" i Arbeids- og velferdsetaten med opp til to månaders utlegg av sjømannspensjon. Frå 2010 førte Arbeids- og velferdsetaten pensjonsytingane i balansen som ei fordring på PTS. Det blei ikkje bokført nokon tilsvarande gjeldspost i PTS sin rekneskap for 2010. Dette førte til at Riksrevisjonen ikkje kunne godkjenne PTS sin rekneskap for 2010.

På denne bakgrunn er betalingsrutinane endra frå november 2011. PTS har no gått over til å kostnadsføre pensjonsytingar samtidig som oppmodinga til å utbetale ytingane vert sendt til Arbeids- og velferdsetaten. Endringa inneber at PTS refunderar pensjonsytingar tilsvarande 14 månader i inneverande år.

Endringane i betalingsrutinane medfører eit behov for å auke statstilskotet over kap. 664, post 70 for 2011 med om lag 198 mill. kroner. Denne summen tilsvarar tilnærma pensjonsutbetalingar i november og desember 2011. Auken er ein eingongseffekt i 2011 og inneber at staten igjen vil komme á jour med løyvingane til pensjonsutgifter gjennom PTS.

I tillegg til meirbehov som følgje av endringa i betalingsrutinane er det gjort mindre endringar i overslaga for inntekter og utgifter.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 197 mill. kroner.

Kap. 666 Avtalefesta pensjon (AFP)

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

70

Tilskot

1 525 308

1 834 000

1 830 000

-4 000

Post 70 Tilskot

Løyvinga er på 1 834 mill. kroner i 2011.

Posten gjeld statens tilskot til AFP i privat sektor. I anslaga er det skilt mellom AFP etter reglane som var gjeldande til og med 2010, og dei nye reglane som gjeld for alle arbeidstakarar som tok ut AFP med verknadstidspunkt tidlegast 1. januar 2011.

Auken i talet på pensjonistar med AFP etter dei gamle reglane ser ut til å verte litt lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Talet på mottakarar etter dei nye reglane ser ut til å verte noko høgare enn lagt til grunn for løyvinga.

Samla sett reknar ein med at utgiftene vert litt lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på post 70 med 4 mill. kroner.

Kap. 667 Supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

70

Tilskot, overslagsløyving

346 703

390 000

371 000

-19 000

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Løyvinga er på 390 mill. kroner i 2011.

Ein reknar med at talet på mottakarar og gjennomsnittleg yting vert litt lågare enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 19 mill. kroner.

Kap. 2470 Statens pensjonskasse

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

24

Driftsresultat

-5 616

27 847

15 847

-12 000

Post 24 Driftsresultat

Løyvinga for 2011 er 27,847 mill. kroner.

Underpost 24.2 Driftsutgifter

Driftsutgiftene vert forslått redusert med 12 mill. kroner til 400 mill. kroner.

Reduksjonen i driftsutgifter skyldast lågare lønsvekst, høgare refusjonar av sjukepengar og noko lågare feriepengeutbetalingar.

Øvrige underposter er uendra.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 24 med 12 mill. kroner.

Post 45 Større investeringar og vedlikehald

Løyvinga for 2011 er 329,93 mill. kroner og er uendra i høve til Revidert nasjonalbudsjett 2011.

I Prop. 125 S (2009-2010) vart det vedtatt kostnads- og styringsramme for investeringsprogrammet Perform:

  • Kostnadsramme: 1 287 mill. kroner

  • Styringsramme: 1 006 mill. kroner

Planlagde leveransar frå investeringsprogrammet er levert i samsvar med plan i 2011. Investeringsprogrammet vil verte avslutta 31.12.2011, men med noko sluttarbeid og produksjonssetting i februar 2012. Sluttprognosen for kostnadane til investeringsprogrammet ligg innanfor vedteken styringsramme.

Kap. 2541 Dagpengar

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

70

Dagpengar, overslagsløyving

12 198 508

12 100 000

11 400 000

-700 000

Post 70 Dagpengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 12 100 mill. kroner.

Departementet anslår dagpengeutbetalingane i 2011 til om lag 11 400 mill. kroner, med grunnlag i tal til og med september 2011. Det vert no lagt til grunn lågare deler av helt ledige og delvis ledige som har rett til dagpenger enn i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2011. Utbetalingane av dagpengar i perioden januar til september i år er og lågare enn for same periode i 2010.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å setje ned løyvinga under post 70 med 700 mill. kroner til 11 400 mill. kroner i 2011.

Kap. 5705 Refusjon av dagpengar

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

03

Refusjon for dagpengar frå EØS-land

5 826

6 000

3 000

-3 000

Post 03 Refusjon for dagpengar frå EØS-land

Løyvinga for 2011 er på 6 mill. kroner.

På bakgrunn av utviklinga i refusjonar så langt i år og venta utvikling for resten av året gjer Arbeidsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under post 03 med 3 mill. kroner.

Kap. 2542 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v.

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

70

Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v., overslagsløyving

658 711

650 000

690 000

+40 000

Post 70 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v., overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 650 mill. kroner

Utbetalingane gjennom lønnsgarantiordninga er sterkt konjunkturavhengig, og det er særleg talet på konkursar på landsbasis, talet på tilsette og lønnsnivået for desse som påverkar den samla utbetalinga. Økonomien i det enkelte buet påverkar også utbetalingane og moglegheitene for innkrevjing av dividende.

Utviklinga i talet på konkursar i 2011 og talet på nye bu/saker til lønnsgarantieininga er usikker. Utviklinga i talet på konkursar på landsbasis 2009-2011 viser ein nedgong samanlikna med 2008, og hittil i 2011 viser utviklinga ei stabilisering på nivå for 2010. Det har og vore noko nedbyggjing av restanse i lønnsgarantieininga i NAV i mai-juni 2011, og det er forventa ei vidare nedbyggjing av restanse. På dette grunnlag vert det anslått det ei samla utgift i 2011 på 690 mill. kroner.

Det vert foreslått at løyvinga over post 70 vert auka med 40 mill. kroner frå 650 mill. kroner til 690 mill. kroner i 2011.

Kap. 5704 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

02

Dividende

155 376

155 000

170 000

+15 000

Post 02 Dividende

Løyvinga for 2011 er 155 mill. kroner

Dividenden kan til ei viss grad sjåast i samanheng med endringane i utbetalingar og den generelle økonomiske situasjonen i bua. Innbetalingane relaterer seg både til inneverande og tidlegare års utbetalingar. Det er eit betydeleg etterslep i innkrevjing av dividende i forhold til utbetalingane.

Dividendeinngangen er slik vanskeleg å anslå og varierer mykje månad for månad og mellom år. Ut frå endra prognose gjennom 2011, grunna lågare utbetaling i 2010 enn anslått og ut frå variasjonar i dei periodiske innbetalingane gjennom 2011, vert det anslått ein dividendeinngang på 170 mill. kroner for 2011.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 02 med 15 mill. kroner.

Kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

70

Overgangsstønad, overslagsløyving

2 539 865

2 641 000

2 560 000

-81 000

73

Utdanningsstønad

50 867

52 000

57 000

+5 000

75

Tilskot til flytting for å kome i arbeid

319

300

200

-100

76

Forskottering av underhaldsbidrag

856 299

861 000

860 000

-1 000

Sum endringar

-77 000

Post 70 Overgangsstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 2 641 mill. kroner.

Nye tal syner at det så langt i år har vore ein sterkare reduksjon i talet på mottakarar enn venta. Dette kan sjåast i samanheng med den gode utviklinga som har vore på arbeidsmarknaden.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 70 med 81 mill. kroner.

Post 73 Utdanningsstønad

Løyvinga for 2011 er 52 mill. kroner.

Nye tal syner at det har vore ein sterkare vekst i talet på mottakarar av utdanningsstønad enn venta. Det har også vore ei sterkare auke i den gjennomsnittlege utbetalinga enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 73 med 5 mill. kroner.

Post 75 Tilskot til flytting for å kome i arbeid

Løyvinga for 2011 er 0,3 mill. kroner.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 75 med 0,1 mill. kroner.

Post 76 Forskottering av underhaldsbidrag

Løyvinga for 2011 er på 861 mill. kroner.

Det er gjort mindre justeringar av anslaga både for gjennomsnittleg yting og talet på mottakarar. Samla sett er det grunnlag for ei mindre nedjustering av løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 76 med 1 mill. kroner.

Kap. 2650 Sjukepengar

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

70

Sjukepengar for arbeidstakarar m.m., overslagsløyving

30 357 763

31 880 000

30 990 000

-890 000

71

Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving

1 747 375

1 780 000

1 660 000

-120 000

72

Omsorgs- og pleiepengar ved sjukdom hos barn m.m., overslagsløyving

498 457

555 000

510 000

-45 000

75

Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving

1 788 730

1 730 000

1 722 000

-8 000

Sum endringar

- 1 063 000

Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar m.m., overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 31 880 mill. kroner.

I Prop. 120 S (2010-2011) er det lagt til grunn ein nullvekst i talet på sjukepengedagar per sysselsett. Vidare er det lagt til grunn ein auke i sysselsetjinga og sjukepengegrunnlaget.

Arbeidsdepartementet legg for 2011 til grunn ein vekst i sjukepengegrunnlaget på 4 pst. og ein vekst i sysselsetjinga på 1,2 pst. Disse forutsetnadene samt Arbeids- og velferdsdirektoratet sin statistikk over sjukefråveret og rekneskapen til og med september 2011, tilseier at talet på sjukepengedagar per sysselsett reduserast med 3 pst. frå 2010 til 2011. Samla sett gir dette lågare sjukepengeutbetalingar i 2011 enn det ein rekna med tidlegare i år.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 70 med 890 mill. kroner.

Post 71 Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 1 780 mill. kroner.

Sjukefråveret blant sjølvstendige vert lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 71 Sjukepengar for sjølvstendige arbeidstakarar med 120 mill. kroner.

Post 72 Omsorgs- og pleiepengar ved sjukdom hos barn m.m., overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 555 mill. kroner.

Utgiftene i 2011 vert noko lågare enn venta. Årsaka er at talet på mottakarar er lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 72 med 45 mill. kroner.

Post 75 Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 1 730 mill. kroner.

Utgiftene i 2011 vert noko lågare enn det som tidlegare er lagt til grunn.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 75 med 8 mill. kroner.

Kap. 2651 Ytingar under arbeidsavklaring

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

70

Arbeidsavklaringspengar, overslagsløyving

27 517 646

36 309 000

35 685 000

-624 000

71

Tilleggsstønad

513 978

570 000

510 000

-60 000

72

Legeerklæringar

281 949

330 000

295 000

-35 000

Sum endringar

-719 000

Post 70 Arbeidsavklaringspengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 36 309 mill. kroner.

Utgiftene så langt i år har hatt ei noko anna utvikling enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Spesielt blei talet på mottakarar i august og september lågare enn det som var anslått. Tilgangen til arbeidsavklaringspengar er lågare enn anslått samstundes som avgangen er noko høgare. Samla er talet på mottakarar i 2011 venta å bli noko lågare enn tidlegare anslått. Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 70 med 624 mill. kroner.

Post 71 Tilleggsstønad

Løyvinga for 2011 er 570 mill. kroner.

Utgiftene så langt i år har vore lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 71 med 60 mill. kroner.

Post 72 Legeerklæringar

Løyvinga for 2011 er 330 mill. kroner.

Utgiftene så langt i år har vore lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 72 med 35 mill. kroner.

Kap. 2655 Uføre

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

70

Grunnpensjon, overslagsløyving

20 124 833

21 306 000

21 205 000

-101 000

71

Tilleggspensjon, overslagsløyving

31 426 020

33 123 000

33 125 000

+2 000

72

Særtillegg, overslagsløyving

2 044 685

2 153 000

2 115 000

-38 000

73

Førebels uførepensjon, overslagsløyving

13 280

13 000

3 500

-9 500

76

Yrkesskade gml. lovgiving, overslagsløyving

73 589

74 000

75 000

+1 000

Sum endringar

-145 5000

Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 21 306 mill. kroner.

Utgiftene i 2011 har auka mindre enn venta fordi talet på mottakarar er noko lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 70 med 101 mill. kroner.

Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 33 123 mill. kroner.

Utgiftene i 2011 er anslått å verte noko høgare enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 71 med 2 mill. kroner.

Post 72 Særtillegg, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 2 153 mill. kroner.

Utgiftene i 2011 har auka noko mindre enn venta fordi talet på mottakarar er lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 72 med 38 mill. kroner.

Post 73 Førebels uførepensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 13 mill. kroner.

Utgiftene i 2011 har vorte lågara enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 73 med 9,5 mill. kroner.

Post 76 Yrkesskade gml. lovgiving, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er på 74 mill. kroner.

Utgiftene ser ut til å verte litt høgare enn rekna med då løyvinga vart fastsett.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 76 med 1 mill. kroner.

Kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel m.m.

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

70

Grunnstønad, overslagsløyving

1 665 275

1 730 000

1 700 000

-30 000

71

Hjelpestønad, overslagsløyving

1 713 910

1 790 000

1 720 000

-70 000

73

Hjelpemiddel mv. til arbeid og utdanning

109 912

110 000

122 000

+12 000

74

Tilskot til bilar

703 289

870 000

700 000

-170 000

75

Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel

2 819 382

2 870 000

2 560 000

-310 000

76

Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel som tenester

163 630

165 000

195 000

+30 000

77

Ortopediske hjelpemiddel

950 946

1 015 000

985 000

-30 000

78

Høyreapparat

542 993

505 000

470 000

-35 000

Sum endringar

-603 000

Post 70 Grunnstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 1 730 mill. kroner.

Det er venta at utgiftene vert 30 mill. kroner lågare enn løyvinga. Grunnen er ein reduksjon i talet på mottakarar.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 70 med 30 mill. kroner.

Post 71 Hjelpestønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 1 790 mill. kroner.

Det er venta at utgiftene vert 70 mill. kroner lågare enn løyvinga. Årsaka er ein reduksjon i talet på mottakarar.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 71 med 70 mill. kroner.

Post 73 Hjelpemiddel m.m. til arbeid og utdanning

Løyvinga for 2011 er 110 mill. kroner.

Utgiftene så langt i år har auka meir enn venta. Årsaka er ein auke i utgiftene til tolkehjelp for døve i arbeidslivet.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 73 med 12 mill. kroner.

Post 74 Tilskot til bil

Løyvinga for 2011 er 870 mill. kroner.

Det er venta ein reduksjon i utgiftene samanlikna med det som er lagt til grunn for løyvinga. Dette har samanheng med at talet på saker er redusert, samt ein auke i delen avslag for gruppe 2-bilar.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 74 med 170 mill. kroner.

Post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel

Løyvinga for 2011 er 2 870 mill. kroner.

Det er venta ein reduksjon i utgiftene samanlikna med det som er lagt til grunn for løyvinga. Utgiftene til enkelte av dei større hjelpemiddelgruppene, som elektrisk rullestol og hjelpemiddel til hushald og boligtilpassing minkar.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 75 med 310 mill. kroner.

Post 76 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel som tenester

Løyvinga for 2011 er 165 mill. kroner.

Utgiftene har auka noko meir enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Utgiftene samla sett er venta å verte 30 mill. kroner høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 76 Betring av funksjonsevna, andre formål med 30 mill. kroner.

Post 77 Ortopediske hjelpemiddel

Løyvinga for 2011 er 1 015 mill. kroner.

Utgiftene er venta å verte 30 mill. kroner lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Utgiftene aukar for mange enkeltstønader. Utgiftene til protesar, som er av dei største enkeltstønadene, minkar.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 77 med 30 mill. kroner.

Post 78 Høyreapparat

Løyvinga for 2011 er 505 mill. kroner.

Utgiftene er venta å verte 35 mill. kroner lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga, som følgje av at volumveksten er lågare enn det som tidlegare er lagt til grunn.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 78 med 35 mill. kroner.

Kap. 2670 Alderdom

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

70

Grunnpensjon, overslagsløyving

44 115 647

48 060 000

48 175 000

+115 000

71

Tilleggspensjon, overslagsløyving

71 063 082

80 588 000

81 430 000

+842 000

72

Ventetillegg, overslagsløyving

34 154

25 000

26 000

+1 000

73

Særtillegg, overslagsløyving

5 875 286

6 020 000

5 755 000

-265 000

Sum endringar

693 000

Talet på pensjonistar under 67 år i 2011 vert høgare enn lagt til grunn ved fastsetjinga av løyvinga. Ein reknar nå med eit gjennomsnittleg tal på om lag 24 700 pensjonistar under 67 år. I løyvinga er det lagt til grunn eit gjennomsnittleg tal på om lag 22 000 pensjonistar. Meirutgiftene knytte til mogelegheitene for tidleg uttak av alderspensjon ser ut til å bli om lag 4,8 mrd. kroner.

Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 48 060 mill. kroner.

På grunn av auken i talet på pensjonistar under 67 år vert det gjort framlegg om å auke løyvinga på posten. For pensjonistar over 67 år er talet på motakarar og gjennomsnittleg yting om lag som forventa.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 70 med 115 mill. kroner.

Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 80 588 mill. kroner.

På grunn av auken i talet på pensjonistar under 67 år vert det gjort framlegg om å auke løyvinga på posten. For pensjonistar over 67 år vert det gjort mindre justeringar for talet på motakarar og gjennomsnittleg yting.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 71 med 842 mill. kroner.

Post 72 Ventetillegg, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 25 mill. kroner.

Ein reknar med at talet på mottakarar blir litt høgare enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 1 mill. kroner.

Post 73 Særtillegg, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 6 020 mill. kroner.

Talet på alderspensjonistar med særtillegg og gjennomsnittleg yting vil verte noko lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 73 med 265 mill. kroner.

Kap. 2680 Etterlatne

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

70

Grunnpensjon, overslagsløyving

1 294 537

1 300 000

1 315 000

+15 000

71

Tilleggspensjon, overslagsløyving

1 079 621

1 073 000

1 095 000

+22 000

72

Særtillegg, overslagsløyving

103 456

110 000

109 000

-1 000

Sum endringar

+36 000

Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 1 300 mill. kroner.

Ein reknar med at den gjennomsnittlige grunnpensjonen vil verte litt høgare enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 70 med 15 mill. kroner.

Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 1 073 mill. kroner.

Ein reknar med at den gjennomsnittlege grunnpensjonen vil verte litt høgare enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 71 med 22 mill. kroner.

Post 72 Særtillegg, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er 110 mill. kroner.

Det er gjort mindre justeringar av anslaga både for gjennomsnittleg yting og talet på mottakarar. Samla sett er det grunnlag for ei mindre nedjustering av løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 72 med 1 mill. kroner.

Kap. 2686 Gravferdsstønad

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

70

Gravferdsstønad, overslagsløyving

158 039

175 000

170 000

-5 000

Post 70 Gravferdsstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2011 er på 175 mill. kroner.

Rekneskapstala for 2010 vert litt lågare enn det som var lagt til grunn for løyvinga. Dette gir eit lågare inngangsnivå til 2011 enn lagt til grunn i vedteke budsjett.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 70 med 5 mill. kroner.

Kap. 2690 Diverse utgifter

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

70

Sjukestønadsutgifter i utlandet

237 672

195 000

310 000

+115 000

77

Pasientar frå gjensidighetsland m.v.

93 714

100 000

90 000

-10 000

Sum endringar

+105 000

Post 70 Sjukestønadsutgifter i utlandet

Løyvinga for 2011 er 195 mill. kroner.

Utgiftene på denne posten varierer til vanleg mykje frå månad til månad og posten er difor vanskeleg å anslå.

For 2011 vert det ein månadleg venta auke i utgiftene som følgje av udekka krav for behandlingsutgifter i EØS-området. Spania har den største delen av slike krav.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 70 med 115 mill. kroner.

Post 77 Pasientar frå gjensidighetsland m.v.

Løyvinga for 2011 er 100 mill. kroner.

Utgiftene på denne posten varierer til vanleg mykje frå månad til månad, og posten er difor vanskeleg å anslå. På grunn av utviklinga til og med september er det grunn til og justere ned løyvinga for 2011.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga post 77 med 10 mill. kroner.

Kap. 3614 Bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

90

Tilbakebetaling av lån

5 457 064

6 100 000

6 800 000

+700 000

Post 90 Tilbakebetaling av lån

Løyvinga for 2011 er 6 100 mill. kroner.

Oppdatert løyvingsforslag for tilbakebetaling av lån i 2011 er auka med 700 mill. kroner til 6 800 mill. kroner. Auken kan i hovudsak forklarast med ein auke i antal innfridde lån. I tillegg er det teke omsyn til forventa ekstraordinære avdrag på om lag 200 mill. kroner. Anslaget på ekstraordinære avdrag tek utgangspunkt i erfaringsmateriale frå 2010 og ein føresetnad om at lånekundane nyttar høve til å betale ekstra avdrag i ein situasjon med låg rente.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 90 med 700 mill. kroner.

Kap. 5607 Renter av bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

80

Renter

744 774

1 133 000

1031 000

-102 000

Post 80 Renter

Løyvinga for 2011 er 1 133 mill. kroner.

Overslaget over renteinntektene er redusert med 102 mill. kroner. I Revidert nasjonalbudsjett 2011 var føresetnaden ei gjennomsnittleg rente på 3 pst. for heile året. No vert den faktiske gjennomsnittlige normrenta i 2011 på 2,75 pst. lagt til grunn.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 80 med 102 mill. kroner.

Kap. 5701 Diverse inntekter

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap 2010

Løyving 2011

Forslag 2011

Meirutgift (+) Mindreutgift (-)

02

Diverse inntekter

412 824

350 100

495 000

+144 900

03

Hjelpemiddelsentralar m.m.

33 500

38 000

34 000

-4 000

71

Refusjon ved yrkesskade

971 850

1 045 000

932 500

-112 500

73

Refusjon bidragspliktige

401 913

401 000

395 000

-6 000

74

Refusjon medisinsk handsaming

26 519

20 000

8 000

-12 000

80

Renter

1 441

1 700

2 000

+300

Sum endringar

+10 700

Post 02 Diverse inntekter

Løyvinga for 2011 er 350,1 mill. kroner.

Posten består mellom anna av tilbakebetaling av for mykje utbetalt til stønadsmottakarar og legar og inntekter frå renter og avdrag på attføringslån. Innbetalingar pr. 31. august 2011 var 325 mill. kroner. Samla inntekter er venta å verte 495 mill. kroner på posten for 2011.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 02 med 144,9 mill. kroner.

Post 03 Helpemiddelsentralar m.m.

Løyvinga for 2011 er 3 mill. kroner.

Basert på utviklinga hittil i år, vert det anslått ein nedgang på 4 mill. kroner under post 03.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 03 med 4 mill. kroner.

Post 71 Refusjon ved yrkesskade

Løyvinga for 2011 er på 1 045 mill. kroner.

På grunn av innbetalinga av refusjon av oppgjer frå forsikringsnæringa til og med skadeårgang 2010, som er innbetalt til folketrygda, vert anslaget for inneverande år 112,5 mill. kroner lågare enn budsjettert.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 71 med 112,5 mill. kroner.

Post 73 Refusjon bidragspliktige

For 2011 er det budsjettert med inntekter på 401 mill. kroner.

Ein må sjå inntektene på posten i samanheng med utgiftene til forskottering på kap. 2620 post 76. Ein legg normalt til grunn at inntektene vil utgjere ein viss prosentsats av utbetalingane til forskot i den same perioden. På grunn av utviklinga så langt i år reknar ein med at inntektene vert litt lågare enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere budsjettet for inntektene på post 73 med 6 mill. kroner.

Post 74 Refusjon medisinsk handsaming

Løyvinga for 2011 er på 20 mill. kroner.

Utgiftene på denne posten varierer mykje frå år til år, og posten er difor vanskeleg å berekne. På grunn av utviklinga så langt i år reknar ein med at inntektene vert om lag 12 mill. kroner lågare enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 74 med 12 mill. kroner.

Post 80 Renter

Løyvinga for 2011 er 1,7 mill. kroner.

Basert på utviklinga hittil i år, vert det anslått ein auke på 0,3 mill. kroner under post 80.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 80 med 0,3 mill. kroner.

Til forsida