Prop. 26 S (2012–2013)

Endringar i statsbudsjettet 2012 under Nærings- og handelsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 900 Nærings- og handelsdepartementet

Post 22 Utgifter til kontrollfunksjonar

Stortinget vedtok i desember 2011 å opprette ei statleg eining som skulle forvalte ordninga med offentleg støtta eksportkredittar, jf. Prop. 34 S, Prop. 42 S og Innst. 138 S (2011-2012). Nærings- og handelsdepartementet inngjekk ein avtale med Eksportfinans ASA om ei overgangsordning fram til ei ny statleg eining var oppretta 1. juli 2012. Avtalen innebar at Eksportfinans ASA la til rette og inngjekk låneavtalar på vegne av staten med staten som långivar.

I samband med etableringa av overgangsordninga blei det oppretta ein ekstern kontrollfunksjon for låna under ordninga. Stortinget løyvde 6,5 mill. kroner til dette i samband med behandlinga av Prop. 111 S og Innst. 375 S (2011-2012). Samstundes blei det gitt ei fullmakt til å kunne overskride løyvinga.

Overgangsperioden er avslutta, og det er utbetalt om lag 5,5 mill. kroner til å dekkje utgifter til kontrollfunksjonen.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1 mill. kroner, frå 6,5 til 5,5 mill. kroner.

Kap. 904 Brønnøysundregistra

Post 01 Driftsutgifter

Brønnøysundregistra har hatt auka utgifter som følgje av mellom anna utgreiingsoppdrag og andre inntektsgjevande oppgåver enn det som låg til grunn i opphavleg løyving.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 9 mill. kroner, frå 322,6 til 331,6 mill. kroner, mot tilsvarande auking under kap. 3904, post 02.

Post 22 Forvalting av Altinn-løysinga, kan overførast

Utgifter knytt til drift og driftsrelatert applikasjonsforvaltning skal finansierast av tenesteeigarane. Altinn sentralforvaltning (ASF) blir likevel fakturert for alle utgifter. ASF viderefakturerer deretter tenesteeigarane i samsvar med gjeldande fordelingsnøkkel i inngått samarbeidsavtale. Brønnøysundregistra har hatt auka utgifter og inntekter som følgje av fleire tenesteeigarar, fleire applikasjonar og oppdrag frå Skattedirektoratet i samband med nye versjonar av Altinn II.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 15 mill. kroner, frå 202,7 til 217,7 mill. kroner, mot tilsvarande auking under kap. 3904, post 03.

Kap. 910 Sjøfartsdirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

Skipsregistra og Sjøfartsdirektoratet blei slått saman 1. januar 2012. Da Skipsregistra var eigen verksemd, blei pensjonskostnadar for medarbeidarane dekkja gjennom sentral løyving på Arbeidsdepartementet sitt budsjett. Ved samanslåinga gjekk dei tilsette i Skipsregistra inn i Sjøfartsdirektoratet si ordning der pensjonskostnadene fullt ut blir belasta arbeidsgjevar og dekkja av løyvinga under kap. 910, post 01. Verken Sjøfartsdirektoratet eller Nærings- og handelsdepartementet var merksame på denne endringa ved utarbeiding av budsjettframlegget for 2012. Sjøfartsdirektoratet vil såleis få auka utgifter til innbetaling av pensjon med om lag 1,1 mill. kroner i 2012.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1,1 mill. kroner, frå 337,85 til 338,95 mill. kroner.

Kap. 922 Romverksemd

Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)

Kontingenten i den europeiske romorganisasjonen ESA blir utbetalt i euro. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til ESA til anna valutakurs enn den som blei lagt til grunn i saldert budsjett. Samla utgjer valutakursjusteringane ei innsparing på om lag 5,6 mill. kroner.

Samstundes har det vore justering i kontingentoppkallinga frå ESA i budsjettåret, noko som gir auke på om lag 14,2 mill. kroner. Total auke i høve til budsjett for 2012 utgjer om lag 8,6 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 8,6 mill. kroner, frå 131,5 til 140,1 mill. kroner.

Post 71 Internasjonal romverksemd

Deltaking i internasjonal romverksemd utbetalast i euro og amerikanske dollar. Norsk Romsenter har hatt utbetalingar i euro til den europeiske romorganisasjonen ESA og i amerikanske dollar til det kanadiske radarsatellittprogrammet, til andre valutakursar enn dei som blei lagt til grunn i saldert budsjett. Samla utgjer valutakursjusteringane ei innsparing på om lag 13,9 mill. kroner.

Samstundes har det vore ei endring i oppkallinga av programmidlar frå ESA i 2012 på grunn av endra framdrift i gjennomføringa av programma, noko som gir ei auke på om lag 34,6 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 20,7 mill. kroner, frå 333,8 til 354,5 mill. kroner.

Post 73 Galileo

Kontingent for norsk deltaking i det europeiske satellittnavigasjonsprogrammet Galileo blir utbetalt i euro. Eurokursen har endra seg i løpet av budsjettåret samanlikna med kursen som blei lagt til grunn i saldert budsjett. I 2012 har den norske innbetalinga til Galileo blitt nedjustert med om lag 5,9 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 5,9 mill kroner, frå 103,5 til 97,6 mill. kroner.

Kap. 924 Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram

Post 70 Tilskot

Løyvinga dekkjer kontingent til Europakommisjonen for norsk deltaking i EU-program som Nærings- og handelsdepartementet har fagansvar for. I tillegg dekkjer løyvinga utgifter knytt til oppfølging av programma.

Løyvinga på 35 mill. kroner i saldert budsjett 2012 blei fastsett på grunnlag av forventa eurokurs og budsjettanslag frå Europakommisjonen. Faktiske utbetalingar til Europakommisjonen har vore vesentleg lågare enn forventa, mellom anna som følgje av lågare eurokurs enn antatt. Utgifter knytt til oppfølging av programma har òg vore lågare enn forventa.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 9 mill kroner, frå 35 til 26 mill. kroner.

Kap. 934 Internasjonaliseringstiltak

Post 74 Tilrettelegging av overgangsordning for CIRR-kvalifiserte lån

I samband med etableringa av ei overgangsordning for eksportfinansiering, jf. omtale under kap. 900, post 22, inngjekk Nærings- og handelsdepartementet og Eksportfinans ASA ein avtale om at Eksportfinans ASA skulle leggje til rette og inngå låneavtalar på vegne av staten. Eksportfinans ASA fekk eit fast vederlag for tenestene og kunne i tillegg hente inn eksterne ressursar når det var naudsynt for å gjennomføre oppdraget i avtala. Stortinget løyvde 80 mill. kroner i vederlag til Eksportfinans ASA og utgifter til eksterne ressursar i samband med behandlinga av Prop. 111 S og Innst. 375 S (2011-2012). Samstundes blei det gitt ei fullmakt til å kunne overskride løyvinga. Overgangsperioden er avslutta, og det er utbetalt om lag 77 mill. kroner under posten.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3 mill. kroner, frå 80 til 77 mill. kroner.

Post 90 Lån til førebels statleg eksportfinansieringsordning for CIRR-kvalifiserte lån, kan overførast

I samband med etableringa av ei overgangsordning for eksportfinansiering, jf. omtale under kap. 900, post 22, løyvde Stortinget 40 mrd. kroner i 2011 til lån under ordninga. Løyvinga blei gjort overførbar. Overgangsperioden er avslutta, og utbetalingane i perioden var på om lag 21,5 mrd. kroner. Av dette utgjorde utbetalingane i 2012 om lag 14,8 mrd. kroner. Ein syner til kap. 2429, post 90 for nærare omtale av låneutbetalingar i andre halvår 2012.

Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 21 Særskilde driftsutgifter

På statsbudsjettet 2012 er det løyvd 25,7 mill. kroner til å dekkje utgifter og fagleg bistand i samband med aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting. Posten skal òg dekkje konsulentbistand ved eigar- og strukturmessige vurderingar og VPS-avgifter. Det er knytt ei overskridingsfullmakt til posten.

Dei samla utgiftene for 2012 vil venteleg bli om lag 26 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 0,3 mill. kroner, frå 25,7 til 26,0 mill. kroner.

Kap. 2421 Innovasjon Noreg

Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving

Innovasjon Noreg kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Selskapet betalar òg ein låne- og garantiprovisjon på 1 pst. p.a. Innovasjon Noreg refinansierer utlånsporteføljen ved å ta opp kort- og langsiktige lån i statskassa med tilbakebetalingstid på frå to månader til fleire år avhengig av rentebindingstid på utlåna. Innlån og avdrag bruttoførast, dvs. at beløpa utgifts- og inntektsførast (akkumulerast) kvar gong Innovasjon Noreg tek opp eller tilbakebetalar eit lån i statskassa. Løyvinga vil variere meir som følgje av kor hyppig ein refinansierer innlåna enn som følgje av endringar i utlånsvolumet. Avdrag på innlåna blir inntektsført under kap. 5325. Løyvingsendringane på statsbudsjettet 2012 er basert på realiserte innlån og avdrag hittil i år og prognosar på innlån og avdrag for resten av året.

Innlåna har blitt auka noko i 2012 ut over det som låg til grunn ved salderinga av budsjettet for 2012. Dette inneber òg at avdraga blir auka, jf. omtale under kap. 5325, post 90.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 450 mill. kroner, frå 42,1 til 42,55 mrd. kroner.

Overføring av eigarskapet til Investinor AS

Regjeringa varsla i Meld. St. 22 (2011-2012) Verktøy for vekst – om Innovasjon Norge og SIVA SF, at ein etter ei samla vurdering ville fremme forslag om å overføre eigarskapet til Investinor AS frå Innovasjon Noreg til Nærings- og handelsdepartementet. Det blei løyvd og utbetalt 2,2 mrd. kroner i eigenkapital til selskapet i 2008. I tillegg er det løyvd 1,5 mrd. kroner i ny eigenkapital som enno ikkje er utbetalt til selskapet, jf. orientering om korleis kapitalen skal utbetalast i Prop. 111 S (2011-2012) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2012. Løyvinga til ny eigenkapital for 2012 på 1,5 mrd. kroner vil bli plassert på ein ikkje-renteberande fondskonto i Noregs Bank forvalta av departementet.

Investinor AS blei oppretta som eit dotterselskap av Innovasjon Noreg for at dei bedriftsretta verkemidla skulle samlast og tilpassast brukarane. Mellom anna var det vurdert at Investinor AS ville bli lett tilgjengeleg for næringslivet gjennom Innovasjon Noregs kontornettverk. Dette har vist seg å ha mindre verdi, ettersom Investinor AS opererer uavhengig av Innovasjon Noregs andre aktivitetar. Vidare har styringsmodellen blitt komplisert etter at fylkeskommunane kom inn som deleigarar av Innovasjon Noreg i 2010. Det indirekte eigarskapet medfører òg at Investinor AS ikkje formelt er underlagt retningslinene for statleg eigarskap og leiarlønn. I tillegg har Riksrevisjonen teke opp problemstillinga om Investinor AS bør underleggjast selskapskontrollen, noko som eventuelt vil gjere dagens eigarstruktur krevjande.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å overføre eigarskapet i Investinor AS frå Innovasjon Noreg til departementet i 2012. Nærings- og handelsdepartementet gjer òg framlegg om at den formelle overføringa, til kostpris på 2,2 mrd. kroner, og omklassifiseringa av eigarskapet i den statlege kapitalrekneskapen blir gjort gjennom eige romertalsforslag, jf. Forslag til vedtak II.

Kap. 2429 Eksportkreditt Noreg AS

Post 90 Utlån

Eksportkreditt Noreg AS har vært i verksemd sidan juli 2012. Selskapet forvalter den nye statlege eksportkredittordninga på vegne av staten. I samband med Stortinget si behandling av Prop. 111 S og Innst. 375 S (2011-2012) blei det løyvd 10 mrd. kroner til utlån under ordninga i andre halvår 2012. I tillegg ga Stortinget fullmakt til å kunne overskride løyvinga med inntil 30 mrd. kroner. Alle lånesøknadar som er innanfor fastsett regelverk for eksportkredittordninga, vil få tilsegn om finansiering, jf. Forskrift om eksportkredittordninga § 1. Eksportkreditt Noreg AS har òg fullmakt til å kunne overta lån frå Eksportfinans ASA som er i tråd med formålet til låneordninga og der marginbindinga hos Eksportfinans ASA tar slutt.

Nytt anslag viser at Eksportkreditt Noreg AS vil gi fleire lån enn tidlegare antatt. Det mest sannsynlege anslaget for samla låneutbetalingar i andre halvår 2012 er no 12,8 mrd. kroner. Ein syner til kap. 934, post 90 for nærare omtale av låneutbetalingar i første halvår 2012.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,8 mrd. kroner, frå 10 til 12,8 mrd. kroner.

Kap. 3902 Justervesenet

Post 01 Gebyrinntekter

Ny lov om edle metall blei sett i verk 1. januar 2011, jf. Prop. 98 L (2009-2010). Mellom anna tok Justervesenet over ansvaret for kontroll av varer av edelt metall frå Edelmetallkontrollen. Det er attende om lag kr 150 000 på bankkontoen til Edelmetallkontrollen per 1. oktober 2012. Midlane foreslås inntektsført under kap. 3902 Justervesenet, post 01 Gebyrinntekter.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 0,15 mill. kroner, frå 57,1 til 57,25 mill. kroner.

Kap. 3904 Brønnøysundregistra

Post 01 Gebyrinntekter

Omfanget av gebyrpliktige registreringar i Brønnøysundregistra har auka meir enn forventa i 2012. Dette gjeld særleg Lausøyreregisteret og meldingar om kapitalnedsetting til Føretaksregisteret som følgje av endringar i aksjelova.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 50 mill. kroner, frå 463 til 513 mill. kroner.

Post 02 Refusjonar, oppdragsinntekter og andre inntekter

Løyvinga foreslås auka med 9 mill. kroner, frå 29 til 38 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 904, post 01, jf. omtale over.

Post 03 Refusjonar og inntekter knyta til forvalting av Altinn-løysinga

Løyvinga foreslås auka med 15 mill. kroner, frå 53,2 til 68,2 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 904, post 22, jf. omtale over.

Kap. 3934 Internasjonaliseringstiltak

Forvaltninga av lån som er gitt frå staten under overgangsordninga for eksportfinansiering, jf. omtale under kap. 900, post 22, er overført til Eksportkreditt Noreg AS frå 1. juli 2012. Gebyrinntekter, avdrag og renteinntekter knyta til utlåna er budsjettert på dette kapitlet for første halvår 2012 og under kap. 5329 og 5629 for andre halvår 2012.

Post 70 Gebyr frå overgangsordning for CIRR-kvalifiserte lån

Stortinget har løyvd 1 mill. kroner i gebyrinntekter i overgangsperioden, jf. Prop. 111 S og Innst. 375 S (2011-2012). Gebyrinntekter kan mellom anna omfatte agent-, administrasjons- og arrangementsgebyr. Overgangsperioden er avslutta, og det er innbetalt gebyr på om lag 9,8 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 8,8 mill. kroner, frå 1 til 9,8 mill. kroner.

Post 71 (ny) Tilbakeføring av tilskot frå EXPO 2010

Noreg deltok på verdsutstillinga EXPO 2010 i Shanghai. EXPO 2010 blei organisert som eit prosjekt basert på eit privat og offentleg samarbeid. Det blei anslått ei total kostnad på til saman 150 mill. kroner, kor Stortinget løyvde 75 mill. kroner over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett over to år.

Det gjerast no framlegg om å opprette ein inntektspost knytte til tilbakeføring av dei gjenverande midlane frå verdsutstillinga EXPO 2010. Dette gjeld overskotet etter avvikling og sal av Noreg sin paviljong. Midlane blei tilbakeført etter ein fordelingsnøkkel i forhold til opphavleg innskot.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om ei løyving på ny post 71 på 10 mill. kroner.

Post 80 Renter frå overgangsordning for CIRR-kvalifiserte lån

Stortinget har løyvd 84 mill. kroner i renteinntekter i overgangsperioden, jf. Prop. 111 S og Innst. 375 S (2011-2012). Overgangsperioden er avslutta, og det er innbetalt renter på om lag 76 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 8 mill. kroner, frå 84 til 76 mill. kroner.

Post 90 Avdrag frå overgangsordning for CIRR-kvalifiserte lån

Stortinget har løyvd 370 mill. kroner i avdragsinnbetalingar i overgangsperioden, jf. Prop. 111 S og Innst. 375 S (2011-2012). Overgangsperioden er avslutta, og det er innbetalt avdrag på om lag 240 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 130 mill. kroner, frå 370 til 240 mill. kroner.

Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 96 Sal av aksjar

I statsbudsjettet for 2012 er det løyvd 25 mill. kroner frå mogelege statlege aksjesal. Endelege og fullstendige inntektsbeløp for dei einskilde aksjesala er føresett løyvd i løpet av budsjettåret når transaksjonane er avklara eller gjennomførde, enten i eigne proposisjonar eller i dei faste endringsproposisjonane i vår- og haustsesjonen.

Tilbakekjøpsavtalar

Generalforsamlinga i eit aksjeselskap kan gi styret fullmakt til å kjøpe tilbake eigne aksjar i den hensikt å slette desse aksjane på eit seinare tidspunkt. Slettinga inneber nedsetting av selskapskapitalen og må vedtakast av ei ny generalforsamling. Dette er ein metode der eigenkapital tilbakeførast til aksjonærane.

Nærings- og handelsdepartementet har dei siste åra inngått avtalar som forpliktar staten til å delta ved slike tilbakekjøp. Avtalane er utforma slik at staten sin eigardel blir uendra etter kapitalnedsettinga. Avtalene er offentlege og regulerer òg berekning av vederlaget som staten skal ta imot. Nærings- og handelsdepartementet inngjekk i 2011 slike tilbakekjøpsavtalar med DNB ASA, Telenor ASA og Yara International ASA.

Telenor ASA

Generalforsamlinga i Telenor ASA gav i mai 2011 styret i selskapet fullmakt til å erverve inntil 5 pst. av eigne aksjar, tilsvarande 83 mill. aksjar. Fram til april 2012 kjøpte selskapet 22 209 858 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane, og 26 035 949 aksjar frå staten, blei vedteke på ordinær generalforsamling i Telenor ASA i mai 2012. Etter at kapitalnedsettinga hadde trått i kraft fekk staten utbetalt eit vederlag på 2 323,6 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 54 pst.

Yara International ASA

Generalforsamlinga i Yara International ASA gav i mai 2011 styret i selskapet fullmakt til å erverve inntil 5 pst. av eigne aksjar, tilsvarande om lag 14 mill. aksjar. Fram til desember 2011 kjøpte selskapet 2 200 000 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane, og 1 248 895 aksjar frå staten, blei vedteke på ordinær generalforsamling i Yara International ASA i mai 2012. Etter at kapitalnedsetjinga var sette i kraft, fekk staten utbetalt eit vederlag på 318,9 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 36,2 pst.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2 617,5 mill. kroner, frå 25 til 2 642,5 mill. kroner.

Kap. 5325 Innovasjon Noreg

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Posten omfattar avdrag på lån til Innovasjon Noreg frå statskassa. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av noko høgare opptak av lån enn lagt til grunn i saldert budsjett, er det behov for å auke løyvinga.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 900 mill. kroner, frå 41,9 til 42,8 mrd. kroner.

Kap. 5329 Eksportkreditt Noreg AS

Post 70 Gebyr m.m.

I samband med Stortinget si behandling av Prop. 111 S og Innst. 375 S (2011-2012) blei det løyvd 1 mill. kroner i gebyrinntekter under eksportkredittordninga som Eksportkreditt Noreg AS forvaltar. Gebyrinntekter kan mellom anna omfatte agent-, administrasjons- og arrangementsgebyr. Nytt og betre anslag på gebyrinntekter under ordninga er 10 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 9 mill. kroner, frå 1 til 10 mill. kroner.

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

I samband med Stortinget si behandling av Prop. 111 S og Innst. 375 S (2011-2012) blei det løyvd 1,2 mrd. kroner i avdragsinnbetalingar under eksportkredittordninga som Eksportkreditt Noreg AS forvaltar. Nytt og betre anslag tyder på at avdragsinnbetalingane under ordninga vil bli om lag 880 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 320 mill. kroner, frå 1,2 mrd. kroner til 880 mill. kroner.

Kap. 5613 Renter frå SIVA SF

Post 80 Renter

SIVA SF kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Som følgje av rentestrukturen på statspapira som dei nye låna til SIVA SF i 2012 er knytt opp til, er det grunnlag for å redusere renteinntektsløyvinga med 3,3 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,3 mill. kroner, frå 29,5 til 26,2 mill. kroner.

Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg

Post 80 Renter på lån frå statskassa

Innovasjon Noreg kan ta opp innlån til låneordningane sine til valfri løpetid og ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421, post 90 ovanfor. Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognosar for resten av året er det grunnlag for å justere løyvinga ned på grunn av lågare rentesatsar enn det som var lagt til grunn ved endring av løyvinga i revidert nasjonalbudsjett 2012.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 70 mill. kroner, frå 350 til 280 mill. kroner.

Kap. 5629 Renter frå utlånsverksemda i Eksportkreditt Noreg AS

Post 80 Renter

I samband med Stortinget si behandling av Prop. 111 S og Innst. 375 S (2011-2012) blei det løyvd 278 mill. kroner i renteinntekter frå eksportkredittordninga som Eksportkreditt Noreg AS forvaltar. Nytt og betre anslag tyder på at renteinntektene under ordninga vil bli 274 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 4 mill. kroner, frå 278 til 274 mill. kroner.

Kap. 5656 Aksjar i selskap under NHD si forvalting

Post 85 Utbyte

I høve til inneliggande overslag for utbyte, som blei redusert til 12 302,635 mill. kroner i Revidert nasjonalbudsjett 2012, er innbetalt utbyte frå selskapa 20 mill. kroner høgare. Dette skuldast endringar i utbyte frå Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS, Mesta Konsern AS, Nammo AS, Entra Eiendom AS, Aker Kværner Holding AS og Norsk Eiendomsinformasjon AS.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 20 mill. kroner, frå 12 302,653 til 12 322,653 mill. kroner.

Mesta Konsern AS

Konsernstrukturen slik den er no, blei etablert i 2008. Formålet med ein slik styringsmodell var mellom anna å klargjere resultatansvar og forenkle gjennomføringa av strukturelle grep for å styrke konsernet sin konkurransekraft. Etter dette er det satt i verk fleire strukturelle endringar og effektiviseringstiltak. Fleire dotterselskap er blitt selt eller beslutta avvikla. Styret meiner at formålet med konsernetableringa er nådd, samtidig som at noverande konsernstruktur ikkje er optimal fordi ei verksemd, Mesta Drift AS, står for ein betydelig del av inntektene. Styret har såleis vedteke at fleire dotterselskap skal fusjonerast inn i morselskapet Mesta Konsern AS, med gjennomføring etter forenkla fusjonsreglar som ikkje fordrar vedtak i generalforsamlinga. Vidare vil Mesta Konsern AS endre namn til Mesta AS. Departementet har teke dette til orientering.

Til forsida