Prop. 27 S (2011–2012)

Endringar i statsbudsjettet for 2011 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringar i statsbudsjettet for 2011

Kap. 1810 Oljedirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

Det blir foreslått å auke løyvinga med 3,1 mill. kroner knytt til handsaming og oppfølging av søknader om utvinningsløyver. Utgiftsauken blir motsvara av ein tilsvarande inntektsauke under kap. 4810, post 01 Gebyrinntekter. Endringa skuldast at Oljedirektoratet har fått meir arbeid med handsaming av søknadene knytt til TFO 2011 (Tildeling i førehandsdefinerte område).

Nytt forslag til løyving er 235,3 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Det blir foreslått å redusere løyvinga knytt til Oljedirektoratets oppdrags- og samarbeidsverksemd med 4 mill. kroner. Endringa har hovudsakeleg samanheng med lågare aktivitetsnivå enn tidlegare budsjettert knytt til samarbeidsprosjektet Force. Utgiftsreduksjonen blir motsvara av ein tilsvarande inntektsreduksjon under kap. 4810, post 02 Oppdrags- og samarbeidsverksemd. Det er uvisse i høve til omfanget av oppdrags- og samarbeidsverksemda.

Nytt forslag til løyving er 194,1 mill. kroner.

Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Flaumhendingane sommaren 2011

I løpet av sommaren 2011 var det fleire store flaumhendingar. Flaumen i pinsa førte til omfattande skadar i Hedmark og Oppland, særleg alvorlege var skadane i Gudbrandsdalen. Seinare på sommaren gjorde nye flaumhendingar store skadar også i delar av Telemark, Buskerud, Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag.

Flaumhendingane har ført til eit stort behov for krise- og hastetiltak. Dette omfattar kortsiktige tiltak som blir setje i verk under og like etter ein flaum for å avverje akutt fare for skadar og sikringstiltak som må gjennomførast for å avverje nye skadar ved neste flaum. Der det er kartlagt behov for hastetiltak har årets flaumar ført til ein auka fare for skadar, særleg fordi erosjon og masseavlagring kan føre til at elvar og bekker ved neste flaum tek nye løp.

Med bakgrunn i det som er omtala ovanfor blir det foreslått tilleggsløyvingar på til saman 26 mill. kroner i 2011 til krise- og hastetiltak og meirutgifter som NVE har hatt som følgje av flaumhendingane i 2011. Vidare blir det foreslått fullmakter til å pådra forpliktingar utover gitt løyving på til saman 74 mill. kroner. Forslag til tilleggsløyvingar fordeler seg med 0,8 mill. kroner under post 01 Driftsutgifter, 25 mill. kroner under post 22 Flaum- og skredførebygging og 0,2 mill. kroner under post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald. Vidare blir det foreslått auka fullmakt til å pådra forpliktingar utover gitte løyvingar på 64 mill. kroner under post 22 Flaum- og skredførebygging og 10 mill. kroner under post 60 Tilskot til skredførebygging

Distriktsbidrag for tiltak som blir gjennomførd under post 22 er rekna til 5 pst. for hastetiltaka. Distriktsbidrag blir fyrst innbetalt etter at anlegga er ferdigstilt. Det budsjetterast difor ikkje med auka innbetaling av distriktsbidrag i 2011. Olje- og energidepartementet vil kome tilbake til dette i 2012.

Post 01 Driftsutgifter

Det blir vist til omtale ovanfor og auka driftsutgifter som NVE har hatt som følgje av flaumhendingane i 2011. Det blir foreslått å auke løyvinga med 0,8 mill. kroner på posten. Nytt forslag til løyving er 423,6 mill. kroner.

Post 22 Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under post 60

Det blir vist til omtale ovanfor. Det blir foreslått å auke løyvinga med 25 mill. kroner på posten. Nytt forslag til løyving er 125,3 mill. kroner.

Vidare blir fullmakta til å pådra forpliktingar utover gitt løyving foreslått auka frå 50 til 114 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak II.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Det blir vist til omtale ovanfor og auka utgifter som følgje av tapt utstyr etter flaumhendingane i 2011. Det blir foreslått å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner på posten. Nytt forslag til løyving er 9,2 mill. kroner.

Post 60 Tilskot til skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under post 22

Det blir vist til omtale ovanfor. Det blir foreslått ein fullmakt til å pådra forpliktingar for inntil 10 mill. kroner utover gitt løyving, jf. Forslag til vedtak II.

Kap. 1833 CO2-handtering

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Fullskala CO2-handtering på Mongstad – Mongstad Steg 2

Det er for tida eit stort arbeid på gong med å planleggje og førebu fullskala fangst av CO2 frå kraftvarmeverket på Mongstad. Utviklinga viser at det er mange tekniske, økonomiske og kommersielle utfordringar ved å byggje og drive eit fullskala anlegg for CO2-fangst på Mongstad.

I Meld. St. 9 (2010-2011) Fullskala CO2-handtering, Prop 120 S (2010-2011) og Prop. 1 S (2011-2012) har Regjeringa gjort greie for revidert tidsplan og prosjektplan for fullskala CO2-handteringsprosjektet på Mongstad.

Arbeidet med teknologikvalifisering etter den reviderte prosjektplanen har starta. Målet med det etablerte teknologikvalifiseringsprogrammet er å kvalifisere minst ein teknologi og demonstrere at denne teknologien kan skalerast opp og nyttast på kraftvarmeverket på Mongstad, samt at den vil oppfylle alle HMS-krav.

Gassnova og Statoil har inngått avtaler med fem ulike teknologileverandørar med tre ulike teknologiar. Desse leverandørane skal vere med i det vidare arbeidet med teknologikvalifisering på Mongstad.

Dagens informasjon tyder på at Regjeringa vil kunne legge fram eit samla beslutningsgrunnlag for Stortinget seinast i 2016.

Teknologikvalifiseringsprogrammet opnar likevel for raskare framdrift dersom det er mogleg. Mellom anna skal det vurderast om ny kunnskap om aminer vil kunne medføre raskare framdrift i prosjektet, jf. Prop. 1 S (2011-2012).

I Prop. 120 S (2010-2011) ble det gjort førebelse justeringar av budsjettbehovet for 2011 som følgje av endra framdriftsplan. Endringa i framdrifts- og prosjektplanen førte med seg at tidlegare planlagde aktivitetar blei flytta eller endra. Basert på arbeid som er gjort i haust, er budsjettkonsekvensane av den endra framdrifts- og prosjektplanen ytterlegare justert.

Budsjettbehovet knytt til planlegging og førebuing av fullskala CO2-handtering på Mongstad blir redusert med 73 mill. kroner. Nytt anslag er 277 mill. kroner.

Eit oppdatert kostnadsanslag for planleggingsfasen er utarbeidd i haust. Dette anslaget viser at samla kostnader, for heile planlegginga av fullskala CO2-fangst på Mongstad fram til avgjerde om investering, vil kome på om lag 3 mrd. kroner. Dette samsvarer med det førebelse anslaget omtalt i Meld. St. 9 (2010-2011), Prop. 120 S (2010-2011) og Prop. 1 S (2011-2012).

Som varsla i Meld. St. 9 (2010-2011), skal Gassnova gjennomføre eit utredningsarbeid der føremålet er å bidra til ein kartlegging av moglegheitene for å realisere fullskala CO2-handtering andre stader enn på Mongstad. Midlar til å starte dette arbeidet er rekna til om lag 8 mill. kroner i 2011.

Transport og lagring av CO2 frå Mongstad

Arbeidet med planlegging og førebuing av transport og lagring av CO2 er samordna med arbeidet med fullskala fangst av CO2 frå Mongstad. Etter at ein revidert framdriftsplan vedteke tidlegare i år, jf. Prop. 120 S (2010-2011), er framdriftsplanen for arbeidet med transport og lagring også revidert. Som følgje av dette er aktivitetar som opphavleg var planlagt i 2011, flytta ut i tid. Dette gjeld mellom anna oppbemanning av prosjektet og gjennomføring av studiar. Samstundes har Gassnova gjennomført aktivitetar i 2011 til ein lågare kostnad enn opphavleg overslag.

Budsjettbehovet for transport og lagring av CO2 frå Mongstad blir redusert med 80 mill. kroner. Nytt anslag er 140 mill. kroner.

Oppsummering

På bakgrunn av endringane nemnd ovanfor blir løyvinga foreslått redusert med totalt 153 mill. kroner.

Nytt forslag til løyving er 437 mill. kroner. Disponibelt budsjett under posten, inkludert overførte midlar frå 2010, utgjer totalt om lag 497 mill. kroner for 2011.

Post 72 Lån, TCM DA, kan overførast

Gassnova har rapportert oppdaterte tidsfordelte overslag knytt til finansieringsbehovet for TCM DA i samband med investering i og driftsførebuing av teknologisenteret på Mongstad. Statens del av finansieringsbehovet for 2011 ligg an til å kunne reduserast i høve til tidlegare overslag medan overslaget for 2012 ser ut til å auke. Det blir foreslått å redusere løyvinga for 2011 med 150 mill. kroner. Departementet vil kome tilbake med oppdatert budsjettoverslag for 2012 i revidert budsjett 2012. Overslaget for investering i testsenteret (5 774 mill. kroner eksklusiv meirverdiavgift) er ikkje endra i høve til det Stortinget er informert om i Prop. 1 S (2011-2012).

Nytt forslag til løyving er 730 mill. kroner. Disponibelt budsjett under posten, inkludert overførte midlar frå 2010, utgjer totalt 1 455 mill. kroner for 2011.

Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

Grunnlaget for forslaget til nye løyvingar kjem frå ein oppdatert prognose for 2011 frå Petoro. Denne prognosen er basert på rekneskapsføring for inntekter og utgifter per 30. september 2011 og overslag for resten av året.

Kap. 2440, post 30 Investeringar blir redusert med 4 000 mill. kroner, frå 25 000 til 21 000 mill. kroner. Det er venta reduserte investeringar mellom anna på grunn av utsett boring på Gullfaks, Oseberg, Visund og Åsgard. Som følgje av redeterminering på Heidrun vil SDØE få tilbakebetalt investeringar på om lag 800 mill. kroner. Det er inngått ei avtale med Faroe Petroleum Norge AS våren 2011 om bytte av eigardelar mellom Faroe og staten (SDØE). Dette fører til at investeringane blir redusert med 350 mill. kroner. Dette byttet er nærmare omtalt i Prop. 120 S (2010-2011). Det er framleis stor uvisse om investeringsbiletet i fjerde kvartal 2011.

Kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter blir auka med 13 200 mill. kroner, frå 167 500 til 180 700 mill. kroner, som følgje av høgare overslag for prisar for olje og gass. Det er no lagt til grunn ein gjennomsnittleg oljepris på 616 kroner per fat for 2011. I revidert budsjett 2011 blei det lagt til grunn ein gjennomsnittleg oljepris på 575 kroner per fat. Driftsinntektene er også auka på grunn av høgare overslag for sal av gass enn i revidert budsjett. Auken blir noko motverka av lågare sal av olje. Som følgje av bytteavtala som ble inngått med Faroe Petroleum er driftsinntektene redusert med 1 500 mill. kroner.

Kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter blir auka med 800 mill. kroner, frå 31 200 til 32 000 mill. kroner. Endringa skuldast auka gasspris for kjøp av gass for vidaresal. Som følgje av bytteavtala med Faroe Petroleum er driftsutgiftene redusert med 220 mill. kroner.

Kap. 5440, underpost 24.3 Leite- og feltutviklingsutgifter blir redusert med 500 mill. kroner, frå 2 500 til 2 000 mill. kroner som følgje av utsette leitebrønnar.

Kap. 5440, underpost 24.4 Avskrivingar blir auka med 100 mill. kroner, frå 16 500 til 16 600 mill. kroner. Endringa skuldast høgare overslag på avskrivingane på fjerningsutgiftene.

Kap. 5440, underpost 24.5 Renter av statens kapital blir redusert med 100 mill. kroner, frå 6 700 til 6 600 mill. kroner. Endringa skuldast hovudsakleg oppdatering av overslag for statens faste kapital. Kalkulatorisk rente for 2011 er basert på ein rentesats på 3,08 pst.

Endringane nemnd ovanfor fører til at kap. 5440, post 24 Driftsresultat blir auka med netto 12 900 mill. kroner, frå 110 600 til 123 500 mill. kroner.

Tabell 2.1 Endringar på statsbudsjettet 2011 under kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (i mill. kroner)

Kap./post Underpost

 

Nemning

Gjeldande løyving1

Forslag til ny løyving

Endring

2440

30

Investeringar

25 000

21 000

-4 000

Sum kap. 2440

25 000

21 000

-4 000

5440

24.1

Driftsinntekter

167 500

180 700

13 200

24.2

Driftsutgifter

-31 200

-32 000

-800

24.3

Leite- og feltutviklingsutgifter

-2 500

-2 000

500

24.4

Avskrivingar

-16 500

-16 600

-100

24.5

Renter av statens kapital

-6 700

-6 600

100

24

Driftsresultat

110 600

123 500

12 900

30

Avskrivingar

16 500

16 600

100

80

Renter av statens kapital

6 700

6 600

-100

Sum kap. 5440

133 800

146 700

12 900

Kontantstraum frå SDØE:

Innbetalingar2

167 500

180 700

13 200

Utbetalingar3

58 700

55 000

-3 700

Nettokontantstraum frå SDØE

108 800

125 700

16 900

1 Gjeldande løyving for 2011 er basert på Stortingets løyvingsvedtak av 13. desember 2010 og seinare endringar i 2011 (revidert budsjett), jf. Prop. 120 S og Innst. 420 S (2010-2011) .

2 Innbetalingar = driftsinntekter

3 Utbetalingar = driftsutgifter + leite- og feltutviklingskostnader + investeringar

Desse endringane medfører samla sett at netto kontantstraum frå SDØE blir auka med 16 900 mill. kroner, frå 108 800 til 125 700 mill. kroner.

Kap. 2442 Disponering av innretningar på kontinentalsokkelen

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga blir foreslått redusert med 9 mill. kroner som følgje av lågare utgifter knytt til fjerningsarbeid.

Nytt forslag til løyving er 1,6 mill. kroner.

Kap. 2490 NVE Anlegg

Kap. 2490, underpost 24.1 Driftsinntekter blir foreslått auka med 23 mill. kroner, frå 54 mill. kroner til 77 mill. kroner. Driftsinntektene aukar som følgje av vesentlig meir arbeid i Nord-Noreg for Statens vegvesen, samt etterslep av inntekter etter eksternt arbeid utført på slutten av 2010. I tillegg har det vore auka aktivitet, mellom anna som følgje av flaumhendingane i 2011.

Kap. 2490, underpost 24.2 Driftsutgifter blir foreslått auka med 23 mill. kroner, frå 47,3 mill. kroner til 70,3 mill. kroner. Endringa skuldast auka materialkostnader og ekstern bistand som følgje av auka aktivitet.

Post 24 Driftsresultat

Tabell 2.2 Endringar under kap. 2490 NVE Anlegg (i 1 000 kr)

Kap./post/ underpost

 

Nemning

Gjeldande overslag

Nytt overslag

Endring

2490

24.1

Driftsinntekter

-54 000

-77 000

-23 000

24.2

Driftsutgifter

47 300

70 300

23 000

24.3

Avskrivingar

5 600

5 600

0

24.4

Renter av statens kapital

1 100

1 100

0

24

Driftsresultat

0

0

0

Endringane i underpostar fører ikkje til endring i driftsresultatet for NVE Anlegg under kap. 2490, post 24 i høve til gjeldande løyving for 2011.

Kap. 4800 Olje- og energidepartementet

Post 70 Garantiprovisjon, Gassco

Løyvinga blir foreslått redusert med 0,15 mill. kroner. Endringa har samanheng med at forsikringspremien på Gasscos ordinære ansvarsforsikring for 2011 er venta å bli lågare enn det ein tidlegare rekna med. Garantiprovisjonen er satt til 70 pst. av ordinær ansvarsforsikring.

Nytt forslag til løyving er 1,25 mill. kroner.

Kap. 4810 Oljedirektoratet

Post 01 Gebyrinntekter

Løyvinga blir foreslått auka med 3,1 mill. kroner, jf. omtale og tilsvarande auke av løyvinga under kap. 1810, post 21.

Nytt forslag til løyving er 16,8 mill. kroner.

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsverksemd

Løyvinga blir foreslått redusert med 4 mill. kroner, jf. omtale og tilsvarande reduksjon av løyvinga under kap. 1810, post 21.

Nytt forslag til løyving er 70,4 mill. kroner.

Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 01 Gebyrinntekter

Løyvinga blir foreslått redusert med 3,5 mill. kroner. Endringa har samanheng med at det ikkje leggast opp til å krevje inn gebyr for 2011 knytt til innføring av økodesigndirektivet. Vidare skuldast mindreinntekten for mykje utfakturert i 2010 knytt til damtilsynet og beredskapstilsynet som skal trekkjast ut av faktureringsgrunnlaget for 2011.

Nytt forslag til løyving er 55,5 mill. kroner.

Kap. 5582 Sektoravgifter under Olje- og energidepartementet

Post 70 Bidrag til kulturminnevern

Løyvinga blir foreslått redusert med 6,5 mill. kroner. Endringa skuldast at det ikkje blir innbetalingar knytt til revisjons- og fornyingssakar i 2011.

Det blir ikkje foreslått løyving under posten i 2011.