2 Forslag til løyvingar
2 Forslag til løyvingar
Programområde 02 Utanriksforvaltning
Kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar
Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar
Det blir gjort framlegg om reduksjon i løyvinga på 251 mill. kroner.
Reduksjonsforslaget på netto 251 mill. kroner skuldast i hovudsak mindreforbruk under FNs fredsoperasjonar (220 mill. kroner) og har samanheng med vedtak om nedskalering av fleire operasjonar i Darfur, Haiti, Liberia og Øst-Timor. I tillegg er utgiftene til nokre operasjonar blitt lågare enn budsjettert fordi ein ikkje har klart å plassere ut personell i planlagt tempo, som i Sør-Sudan. Vidare kan mindreforbruket knyttast til endringar i tidspunktet for utsending av innbetalingskrav og til den perioden som krava gjeld for.
Reduksjonsforslaget skuldast vidare reviderte budsjett, herunder endra valutakurs for m.a. kontingentar til EFTA (-31,127 mill. kroner), Nordisk ministerråd (+4,3 mill. kroner), Europarådet (-2,85 mill. kroner), FNs internasjonale domstolar (- 2,37 mill. kroner), regulært bidrag til FN (+1,8 mill. kroner) Capital Master Plan (+1 mill. kroner), OECD, WTO (+0,6 mill. kroner), FAO, WHO, ILO og IRENA (netto -0,3 mill. kroner), Den internasjonale straffedomstolen (-0,3 mill. kroner) og OSSE (-0,3 mill. kroner).
Kap. 117 EØS-finansieringsordningane
Samla blir det foreslått ein reduksjon i løyvingane under kap. 117 EØS-finansieringsordningane på 735,936 mill. kroner fordelt på følgjande postar:
Post 72 EØS-finansieringsordninga 2004-2009, kan overførast
Det blir gjort framlegg om reduksjon i løyvinga på 155,936 mill. kroner.
Noreg, Island og Liechtenstein sitt sekretariat for EØS-finansieringsordningane i Brussel – Financial Mechanism Office (FMO) – som forvaltar ordninga har utarbeidd nye prognosar for kva som vil bli utbetalt under avtalen i 2012. Dei nye prognosane tilseier at løyvinga i år kan reduserast med 155,936 mill. kroner då resterande utbetalingar i 2012 blir dekka av overførd løyving frå 2011 til 2012.
Det er ikkje foreslått løyving under denne posten i statsbudsjettet for 2013. Det er lagt opp til at utbetalingar i 2013 blir dekka av attverande løyving i 2012 som blir overførd til 2013. Det blir lagt til grunn at det ikkje vil vera utbetalingar under EØS-ordninga 2004-2009 etter 2013.
Post 73 Den norske finansieringsordninga 2004-2009, kan overførast
Det blir gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 20 mill. kroner.
FMO i Brussel som forvaltar ordninga, har utarbeidd nye prognosar for utbetaling under avtalen i 2012. Nye prognosar tilseier at løyvinga i år må aukast med 20 mill. kroner. Det auka behovet skuldast at avtalefesta, attendehaldne beløp vert utbetalt når endeleg sluttrapport for prosjekta er godkjende av FMO.
Post 75 EØS-finansieringsordningen 2009- 2014, kan overførast
Det blir gjort framlegg om reduksjon i løyvinga på 300 mill. kroner.
Nye prognosar for utbetaling for 2012 frå FMO som forvaltar ordninga, tilseier at løyvinga under ordninga kan reduserast med 300 mill. kroner. Forslaget til reduksjon skuldast i hovudsak at framdrift av programma og tilhøyrande utbetalingar har vore for optimistiske. Nokre land treng meir tid på å utvikle program, og av dei innsende programma ser ein at det ofte er behov for ytterlegare informasjon frå programoperatørane før programma kan godkjennast. Dette har ført til at utbetalingane i 2012 er blitt vesentleg lågare enn forventa. Dette gjeld også post 76 Den norske finansieringsordninga under.
Post 76 Den norske finansieringsordninga 2009- 2014, kan overførast
Det blir gjort framlegg om reduksjon i løyvinga på 300 mill. kroner.
Sjå omtale under post 75 ovanfor.
2 Forslag til løyvingar
Programområde 03 Internasjonal utviklinghjelp
Kap. 151 Bistand til Asia
Post 72 Utviklingshjelp til Afghanistan og Pakistan, kan overførast
Det blir foreslått å auka løyvinga på posten med 7,55 mill. kroner for å støtte eit prosjekt om institusjonsutvikling innan hydrologi og vassforsyning i Afghanistan. Prosjektet har så langt vore finansiert over kap. 161, post 70.
Kap. 160 Sivilt samfunn og demokratiutvikling
Post 70 Sivilt samfunn, kan overførast
Det er eit meirbehov for støtte til prosjekt i regi av sivilt samfunn. Det blir foreslått at organisasjonar som arbeider med å betre mekanismen for fordeling i nokre sentrale land blir prioritert. Det vil bli lagt særskilt vekt på tiltak som støttar barns utdanning i konfliktområde og tiltak som medverkar til å kjempe mot korrupsjon og ulovleg kapitalflyt.
Det blir foreslått å auka løyvinga på posten med 30 mill. kroner.
Post 72 Demokratistøtte/parti, kan overførast
Det er motteke for få søknader til at løyvinga kan nyttast i år.
Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 4 mill. kroner.
Kap. 161 Næringsutvikling
Post 70 Næringsutvikling, kan overførast
Nye overslag tyder på at deler av løyvinga ikkje blir brukt i år. Mindreforbruket har dels samanheng med at utbetaling av ein blanda kreditt til Indonesia først skjer i 2013.
Det blir foreslått å redusere løyvinga på posten med 26,5 mill. kroner.
Kap. 163 Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar
Post 70 Naturkatastrofar, kan overførast
Det vert gjort framlegg om auka støtte til tiltak gjennom FNs naudhjelpsfond, CERF.
Det blir gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 20,241 mill. kroner.
Post 71 Humanitær hjelp, kan overførast
Det er behov for humanitær hjelp til flyktningar i leire m.a. i Kenya, Sudan og Etiopia. I denne sammanhengen er det fleire gode prosjekt for lokal integrering som motverkar sekundærstraumar både i Sudan (Transitional Solutions Initiative gjennom UNDP) og i Etiopia.
Det blir gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 32 mill. kroner.
Kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjende som utviklingshjelp (ODA)
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga på denne posten omfattar utgifter til flyktningar i Noreg som etter OECD sine retningsliner kan klassifiserast som offisiell utviklingshjelp. Dette er ordningar under Kunnskapsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet, men den delen av utgiftene som kan klassifiserast som utviklingshjelp blir dekka over budsjettet for utviklingshjelp.
Nye prognosar tilseier 105,991 mill. kroner i mindre utgifter enn rekna med tidlegare.
Det blir gjort framlegg om reduksjon i løyvinga på 105,991 mill. kroner.
Kap. 170 FN-organisasjonar m.m.
Post 76 Tilleggsmidlar via FN-systemet m.m., kan overførast
Verdas helseorganisasjon WHO ivaretek ein sentral funksjon både som leiande normativ organisasjon for global helse, og som eit samordningsorgan for internasjonalt helsesamarbeid. For å kunne oppfylle denne rollen på best mogleg måte har organisasjonen med støtte frå medlemslanda igangsett ein omfattande og ressursmessig krevjande reformprosess. Noreg har gjennom styrevervet vore ein sterk pådrivar for reforma, med særleg vekt på den administrative delen. Det er framleis behov for støtte både fagleg og finansielt, i denne kritiske fasen av reforma. Det blir gjort framlegg om ein auke i løyvinga på 10 mill. kroner.
Gjennom 2011 og 2012 har det vore eit viktig framsteg i kampen mot polio ved at polio er utrydda frå India. Det er difor viktig å intensivere innsatsen i dei tre landa som framleis har poliosmitte, Afghanistan, Nigeria og Pakistan. Det blir såleis gjort framlegg om ein auke i løyvinga på 50 mill. kroner til kampen mot polio gjennom WHO.
Det blir gjort framlegg om ein auke i løyvinga på til saman 60 mill. kroner.
Post 78 Bidrag andre FN-organisasjonar m.m., kan overførast
Det er mindreforbruk knytta til FNs fredsoperasjonar, jf. omtale under kap. 116 ovanfor.
Det blir gjort framlegg om reduksjon i løyvinga på 13,3 mill. kroner.
Andre saker
Kap. 166 Miljø og bærekraftig utvikling
Post 73 Klima- og skogsatsinga
I klimameldinga er det lagt til grunn at Noreg skal satse på fleirnasjonale mekanismar som betaler for verifiserte reduksjonar av klimautslepp. Karbonfondet i Verdsbanken (Forest Carbon Partnership Facility) er for tida den einaste fleirnasjonale mekanismen som svarar på denne føringa.
Verdsbanken har no spurt Noreg om overføring av midlar til Karbonfondet. Verdsbanken ber om overføring av eit tilskot på 300 mill. kroner som det alt er gjort avtale om. I tillegg ber Verdsbanken om at Noreg vurderer å inngå ny avtale om ytterlegare støtte.
Verdsbanken er fondsforvaltar og juridisk avtalepart med skoglanda og ønskjer at midlar blir utbetalt til Karbonfondet før Verdsbanken skriv under avtalar med nye land. Det norske bidraget vil gjere at REDD+-landa i samarbeid med Verdsbanken kan planlegge større innsatsar og vil også bidra til å gjere fondet meir attraktivt for andre gjevarar. Karbonfondet vil vere viktig for å få fleire skogland til å auke innsatsen mot avskoging.
Midlane som blir foreslått overført til Karbonfondet i år vil ikkje bli utbetalt til skoglanda med ein gong, men vil bli nytta som tryggleik for å gje tilsegn om utbetalingar ved framtidige verifiserte utsleppsreduksjonar. Dette medfører behov for unntak frå stortingsvedtak av 8. november 1984, jf. forslag til vedtak.