2 Forslag til utgifts- og inntektsendringane på postnivå
2.1 Utgifter
Den totale utgiftsramma vert foreslått auka med 512,628 mill. kroner. Driftsbudsjettet vert totalt foreslått auka med 572,628 mill. kroner, medan investeringsbudsjettet vert foreslått redusert med 60 mill. kroner.
Nedanfor er dei viktigaste endringane forklart på post- og kapittelnivå.
2.1.1 Post 01 Driftsutgifter
Post 01 vert foreslått auka med totalt 586,590 mill. kroner.
Post 01 vert foreslått tilført 472,628 mill. kroner i meirinntekter frå dei ulike inntektskapitla. Posten vert vidare foreslått auka med 100 mill. kroner til kompensasjonsordninga for psykiske belastingsskadar som følgje av deltaking i utanlandsoperasjonar. Grunna lågare utgifter enn budsjettert vert det vidare foreslått å omdisponere 14,5 mill. kroner frå post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet og 0,7 mill. kroner frå post 73 Forsking og utvikling til post 01.
Det vert vidare foreslått å auke post 21 (0,999 mill. kroner) og post 72 (0,239 mill. kroner) av budsjettekniske grunnar.
Kap. 1719 Fellesutgifter og tilskott til føretak under Forsvarsdepartementet
Posten vert foreslått redusert med 5,789 mill. kroner for å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar.
Kap. 1720 Felles leiings- og kommandoapparat
Post 01 vert foreslått redusert med netto 88,623 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (143,1 mill. kroner).
Auken på posten gjeld m.a. omdisponering for gjennomføring av øving Gemini (5 mill. kroner), vakthald på Kolsås (3 mill. kroner) samt gjennomføring av ”felles opptak og seleksjon” (2,1 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått auka med 0,7 mill. kroner for å dekkje Forsvarets sanitets kostnader knytte til gjennomføring av ei etterundersøking av personell frå utanlandsoperasjonar, samt for eit prosjekt for å styrkje oppfølginga i misjonsområdet. I tillegg vert posten foreslått auka med 41 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kapittel 4720, post 01. I tillegg vert det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ei netto auke på 2,7 mill. kroner.
Kap. 1723 Nasjonalt tryggingsorgan
Post 01 vert foreslått redusert med 0,400 mill. kroner som gjeld ein teknisk korrigering av løyvinga i 2010.
Kap. 1725 Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben
Post 01 vert foreslått auka med netto 130,720 mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (1,2 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått auka med 100 mill. kroner knytt til løyvinga for kompensasjonsordninga for psykiske belastingsskadar som følgje av deltaking i utanlandsoperasjonar.
Auken gjeld vidare høgare kostnader til utanlandsstillingar enn opphavleg budsjettert for i 2010 (16,1 mill. kroner) samt justering av rutinene for avlønning av befal og sivile utan fast stilling (15 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått auka med 5,1 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kapittel 4725, post 01. I tillegg vert det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein netto auke på 0,4 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. omdisponeringar til kapittel 1720 som følgje av teknisk omdisponering for gjennomføring av øving Gemini (5 mill. kroner) samt gjennomføring av ”felles opptak og seleksjon” (2,1 mill. kroner).
Kap. 1731 Hæren
Post 01 vert foreslått auka med netto 49,032 mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. 13 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kapittel 4731, post 01. Auken knytt seg vidare til tekniske omdisponeringar som følgje av gjennomføring av vintertenestekurs (1,7 mill. kroner). Posten vert også foreslått auka med 50,3 mill. kroner for å skaffe meir øvingsammunisjon. I tillegg vert det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ei netto auke på om lag 0,5 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (16,5 mill. kroner).
Kap. 1732 Sjøforsvaret
Post 01 vert foreslått auka med netto 27,248 mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (24,3 mill. kroner). Auken vert vidare knytt til at uttak av personleg utrusting til Luftforsvarets rekruttar ved KNM Harald Haarfagre (15 mill. kroner) som vert skrive på Sjøforsvaret. I tillegg vert posten foreslått auka med 5,6 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kapittel 4732, post 01.
Reduksjonen på posten vert knytt til forskuva innføring av Skjold-klasse fartøy (16,1 mill. kroner). I tillegg vert det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein netto reduksjon på 1,6 mill. kroner.
Kap. 1733 Luftforsvaret
Post 01 vert foreslått auka med netto 84,386 mill. kroner.
Auken på posten gjeld m.a. teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (49,9 mill. kroner). I tillegg vert posten foreslått auka med 58,7 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kapittel 4733, post 01.
Reduksjonen på posten vert knytt til at uttak av personleg utrusting til Luftforsvarets rekruttar ved KNM Harald Haarfagre som vert skrive på Sjøforsvaret (15 mill. kroner). Reduksjonen knytt seg vidare til at utdanning av utskrive befal for Luftforsvaret vert utført og skrive på Heimevernet (6,3 mill. kroner). I tillegg vert det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein netto reduksjon på 2,9 mill. kroner.
Kap. 1734 Heimevernet
Post 01 vert foreslått redusert med netto 0,521 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (11,7 mill. kroner).
Auken på posten vert knytt til at utdanning av utskrive befal for Luftforsvaret vert utført og belasta Heimevernet (6,3 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått auka med 2,5 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kapittel 4734, post 01. I tillegg vert det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ei netto auke på 2,4 mill. kroner.
Kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon
Post 01 vert foreslått auka med netto 226,816 mill. kroner.
Auken på posten vert m.a. knytt til meirinntekter (246,5 mill. kroner). Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kapittel 4740, post 01.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (13,3 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått redusert som følgje av teknisk omdisponering til kapittel 1720 for gjennomføring av vakthald på Kolsås (3 mill. kroner). I tillegg vert det foreslått andre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein netto reduksjon på 3,4 mill. kroner.
Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg
Post 01 vert foreslått auka med 116,384 mill. kroner.
Auken på posten gjeld teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (114,3 mill. kroner). I tillegg vert posten foreslått auka med 2,1 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kapittel 4760, post 01.
Kap. 1790 Kystvakta
Post 01 vert foreslått redusert med 17,508 mill. kroner.
Reduksjonen på posten vert i all hovudsak knytt til fritak for meirverdiavgift for leigde fartøy (18 mill. kroner). Det vert vidare foreslått tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein netto auke på 0,5 mill. kroner.
Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta
Post 01 vert foreslått redusert med 3,737 mill. kroner.
Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (6,1 mill. kroner).
Auken på posten gjeld meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kapittel 4791, post 01 (2,4 mill. kroner).
Kap. 1792 Norske styrkar i utlandet
Post 01 vert foreslått auka med 44,674 mill. kroner.
Auken på posten gjeld meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kapittel 4792, post 01 (32,9 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått auka knytt til betalingsutsetting av Latvia sin del av fellesutgifter i PRT Meymaneh (10 mill. kroner). Det vert vidare foreslått tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein auke på 1,8 mill. kroner.
Kap. 1795 Kulturelle og allmennyttige føremål
Post 01 vert foreslått auka med 23,908 mill. kroner.
Auken på posten vert m.a. knytt til høgare kostnader enn budsjettert ved Forsvarets avdeling for kultur og tradisjon (FAKT) (3 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått tilført 12 mill. kroner grunna meirinntekter. Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside, jf. omtale under kapittel 4795, post 01. Det vert vidare foreslått å styrkje vedlikehaldet på dei nasjonale festningsverka (10,5 mill. kroner). Dette vil bidra til å nå målsettinga om ordinært vedlikehaldsnivå for forsvarssektorens kulturminne innan 2020.
Det vert vidare foreslått mindre tekniske justeringar mot andre kapittel som samla gir ein netto reduksjon på 1,6 mill. kroner.
2.1.2 Post 21 Spesielle driftsutgiftar
Kapitel 1735 Etterretningstenesta, post 21 vert foreslått auka med 0,999 mill. kroner.
2.1.3 Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet
Posten representerer ein reserve for Forsvarsdepartementet. I 2010 vert posten nytta til å dekkje ymse meirbehov, mellom anna kostnader i samband med vinterklede til den afghanske spesialpolitieininga Crisis Response Unit (CRU) samt økonomisk stønad til nytt ungdomens hus i Ørland kommune.
Posten vert foreslått redusert med 14 mill. kroner for å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar.
2.1.4 Post 44 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del
Posten vert foreslått redusert med 27 mill. kroner grunna noko lågare framdrift enn planlagt på prosjekta knytte til Joint Warfare Centre (JWC).
2.1.5 Post 47 Nybygg og nyanlegg
Kapittel 1710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg, post 47 Nybygg og nyanlegg, vert foreslått redusert med 9,8 mill. kroner. Dette skuldast ei teknisk omdisponering til kapittel 1792 Norske styrkar i utlandet, post 47 Nybygg og nyanlegg. Omdisponeringa er knytt til å dekkje kostnader relatert til investeringsaktivitet i Afghanistan, hovudsakleg for å ivareta tryggleiken til dei norske soldatane (9,8 mill. kroner).
2.1.6 Post 48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del
Posten vert foreslått redusert med 83,000 mill. kroner.
Reduksjonen skuldast noko lågare framdrift enn planlagt på prosjekta knytte til Joint Warfare Centre (JWC), og må sjåast i samanheng med reduserte inntekter på kapittel 4760, post 48.
2.1.7 Post 72 Overføring til andre
Posten vert foreslått auka med 0,239 mill. kroner grunna ei teknisk korrigering av løyvinga i 2010.
2.1.8 Post 73 Forsking og utvikling
Post 73 vert foreslått redusert med 0,700 mill. kroner grunna mindrebehov på posten i 2010.
2.1.9 Post 75 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, Noregs tilskott til NATOs investeringsprogram for tryggleik
Post 75 vert foreslått auka med 50 mill. kroner.
Auken vert mellom anna knytt til høgare investeringsaktivitet innanfor NATO sitt investeringsprogram for tryggleik.
2.2 Inntekter
Det vert registrert netto meirinntekter på 412,628 mill. kroner i 2010.
2.2.1 Post 01 Driftsinntekter
Post 01 driftsinntekter vert foreslått auka med 422,328 mill. kroner.
Kap. 4720 Felles leiings- og kommandoapparat
Post 01 vert foreslått auka med 41,003 mill. kroner.
Auken vert knytt til refusjon av utgifter i samband med at allierte og andre samarbeidsnasjonar har vore på øving i Noreg (31,2 mill. kroner). Auken gjeld vidare høgare inntekter enn varsla på budsjetteringstidspunktet knytte til verksemda ved Forsvarets Høgskole (9 mill. kroner) og ved Forsvarets sanitet (3 mill. kroner).
Reduksjonen på posten gjeld m.a. teknisk justering av omdisponeringar som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (2,2 mill. kroner).
Kap. 4723 Nasjonalt tryggingsorgan
Posten vert foreslått auka med 0,4 mill. kroner grunna ei teknisk korrigering av løyvinga i 2010.
Kap. 4725 Fellesinstitusjonar og -inntekter under Forsvarsstaben
Post 01 vert foreslått auka med 5,128 mill. kroner.
Auken gjeld refusjon av utgifter knytte til tenester Forsvaret har utført for Forsvarsdepartementet og Justisdepartementet (2,4 mill. kroner). Auken gjeld vidare teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (2,7 mill. kroner).
Kap. 4731 Hæren
Post 01 vert foreslått auka med 13,001 mill. kroner.
Auken gjeld ikkje-budsjetterte inntekter knytte til drift av fritidsmesser (1 mill. kroner), sal av enkeltmåltider (9 mill. kroner) samt refusjonar av oppsamla kostnader knytte til ein samarbeidsavtale med Nederland, Army Cooperation Initiative (5 mill. kroner).
Reduksjonen på posten gjeld teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (2 mill. kroner).
Kap. 4732 Sjøforsvaret
Post 01 vert foreslått auka med 5,593 mill. kroner.
Auken på posten gjeld teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (0,4 mill. kroner) samt ikkje-budsjetterte inntekter knytte til drift av fritidsmesser og sal av enkeltmåltider (5,2 mill. kroner).
Kap. 4733 Luftforsvaret
Post 01 vert foreslått auka med 58,719 mill. kroner.
Auken på posten vert knytt til samhandling med Rygge sivile lufthamn og samhandlingsavtalen med AVINOR (62 mill. kroner).
Reduksjonen på posten gjeld teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (3,3 mill. kroner).
Kap. 4734 Heimevernet
Post 01 vert foreslått auka med 2,545 mill. kroner.
Auken på posten gjeld teknisk justering av som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon.
Kap. 4740 Forsvarets logistikkorganisasjon
Post 01 vert foreslått auka med 246,545 mill. kroner.
Auken på posten vert knytt til sal av drivstoff til allierte og andre samarbeidsnasjonar på øving i Noreg (90 mill. kroner), sal av materiell gjennom Forsvarets avhendingsprosjekt (118,8 mill. kroner) samt sal av materiell (telt, sovekabinar, konteinarar m.m.) til det danske forsvaret i Afghanistan (13,6 mill. kroner). Posten vert vidare foreslått auka fordi avtalen om refusjon frå Norsk Medisinaldepot opphøyrar (12,5 mill. kroner), sal av ammunisjon til politiet (1,7 mill. kroner), sal av renovert kvartermateriell til Forsvarsbygg (1,6 mill. kroner) samt teknisk justering som følgje av organisatoriske endringar i Forsvarets logistikkorganisasjon (1,8 mill. kroner). I tillegg vert det foreslått andre mindre endringar som samla gir ein auke på 6,5 mill. kroner.
Kap. 4760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg
Post 01 vert foreslått auka med 2,088 mill. kroner. Auken gjeld tilbakebetaling av utlegg i samband med at Noreg drifter eit felles nordisk prosjektkontor knytt til Nordisk Standard Helikopter Program (HSHP).
Kap. 4791 Redningshelikoptertenesta
Post 01 vert foreslått auka med 2,423 mill. kroner som vert knytt til lønnsoppgjeret i 2010 for Justisdepartementet sin del Redningshelikoptertenesta.
Kap. 4792 Norske styrkar i utlandet
Post 01 vert foreslått auka med 32,883 mill. kroner.
Auken på posten gjeld refusjonar som følgje av forvaltingsavtalar som regulerer kostnadsdeling mellom andre samarbeidsnasjonar.
Kap. 4795 Kulturelle og allmennyttige formål
Post 01 vert foreslått auka med 12 mill. kroner.
Auken på posten gjeld meirinntekter knytt til ”Norsk Militær Tattoo” (6 mill. kroner), Forsvarets musikk (2 mill. kroner) samt inngangspengar ved Forsvarets museum og Forsvarets kommandantskap (4 mill. kroner).
2.2.2 Post 45 Store nyskaffingar
Post 45 vert foreslått auka med 50 mill. kroner.
Auken vert knytt til royalties (15,8 mill. kroner) og konvensjonalbøter (1 mill. kroner), tilbakebetaling av utlegg for oppsamla kostnader knytte til investeringsprosjekta ”Multinational Geospatial Co-production” (26,8 mill. kroner) og ”Multisensor Aerospace/Ground Joint Interoperability Coalition” (4,8 mill. kroner) samt kampflyprogrammet (1,9 mill. kroner). Midlane vert foreslått tilført kapittel 1731 Hæren for kjøp av øvingsammunisjon.
2.2.3 Post 48 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del
Post 48 vert foreslått redusert med 60,000 mill. kroner.
Reduksjonen skuldast noko lågare framdrift enn planlagt på prosjekta knytte til Joint Warfare Centre (JWC).