Prop. 35 S (2010–2011)

Endringar i statsbudsjettet for 2010 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringar i statsbudsjettet for 2010

Kap. 1810 Oljedirektoratet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Oppdrags- og samarbeidsverksemd

Det blir foreslått å auke løyvinga knytt til Oljedirektoratets oppdrags- og samarbeidsverksemd med 3,4 mill. kroner. Endringa har hovudsakeleg samanheng med høgare aktivitetsnivå enn tidlegare budsjettert knytt til Norad og Diskos. Utgiftsauka blir motsvara av ei tilsvarande inntektsauke under kap. 4810, post 02 Oppdrags- og samarbeidsverksemd. Det er uvisse knytt til omfanget av oppdrags- og samarbeidsverksemda.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 96,4 mill. kroner.

Geologisk kartlegging i nordlege havområde

Gjennom nordområdestrategien har Noreg ein ambisjon om å vere leiande på kunnskap for å styrke forvaltinga av havområda i nord. I denne samanheng er det viktig at norske styresmakter har kontinuitet i ressurskartlegginga.

Noreg har store havområde nord for 68. breiddegrad som per i dag ikkje er kartlagt tilstrekkeleg. Dette gjeld til dømes havområda ved Jan Mayen og deler av Barentshavet. Når det gjeld tidlegare omstridt område inn mot avgrensingslinja mot Russland, vil kartlegging måtte vente til etter ratifisering og ikraftsetjing av delelinjeavtala. I desse havområda er det naudsynt med meir kartlegging mellom anna for å kunne gjennomføre ressursutrekningar av petroleumspotensialet.

Det er behov for å samle inn seismiske data. Kartlegginga vil skje i regi av Oljedirektoratet. Dette vil gi norske styresmakter styrka geologisk kunnskap og forståing av områda.

OD har i første omgang føreslått å kartleggje nord for 68. breiddegrad gjennom innsamling av 2D-seismikk over to sommarsesongar. Kostnadene er rekna til 100 mill. kroner det første året og 80 mill. kroner det andre året.

Det blir difor foreslått at OD i 2010 blir gitt ei fullmakt til å inngå kontrakt med eit seismikkfartøy for 2011. På bakgrunn av dette blir fullmakta til å pådra forpliktingar utover gitt løyving foreslått auka frå 10 til 110 mill. kroner, jf. Forslag til vedtak II.

Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 01 Driftsutgifter

Det blir foreslått å auke løyvinga med 1 mill. kroner. Endringa har samanheng med auka utgifter knytt til mellom anna konsulentoppdrag, ekstra transportkostnader (helikopter) og overtidsgodtgjering i samband med dei ekstraordinære flaum- og skredhendingane i Nord-Noreg tidlegare i år, mellom anna i Vefsn og Lyngen.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 405,45 mill. kroner.

Post 22 Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under post 60

Det blir foreslått å auke løyvinga med netto 2 mill. kroner.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 24 mill. kroner i samband med flaum- og skredhendingane i Nord-Noreg tidlegare i år. Aukinga er mellom anna knytt til sikring av busetnad, geotekniske undersøkingar og kartlegging. Vidare er aukinga knytt til prioriterte hastetiltak som følgje av flaum- og skredhendingane. Etter sørpe- og flaumskreda i vår er det eit stort behov for hastetiltak i Nord-Noreg, spesielt i småvassdrag der skadepotensialet ved nye flaumar er stort. Hastetiltaka er preventive tiltak som skal hindre at nye mindre hendingar, spesielt i småvassdrag i same område, gir store skadar. Hastetiltaka består av opprydding, gjenreising og reparasjonar av eksisterande sikringstiltak. Tiltaka vil også føre med seg auka inntekter som følgje av distriktsbidrag, jf. kap. 4820, post 40.

I tillegg blir det foreslått å omdisponere 22 mill. kroner til kap. 1820, post 60. Omdisponeringa har samanheng med at enkelte kommunar gjennomfører skredsikrings-, flaum- og miljøtiltak i eiga regi, i staden for at arbeidet blir gjennomført i regi av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). NVE vil gi eit nettotilskot til desse kommunane, jf. kap. 1820, post 60. Omdisponeringa fører også til ein reduksjon i budsjetterte distriktsbidrag som følgje av at støtta til kommunane blir gitt som nettotilskot, jf. kap. 4820, post 40.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 122,8 mill. kroner.

Post 60 Tilskot til skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under post 22

Det blir foreslått å auke løyvinga med totalt 20,6 mill. kroner.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 17,6 mill. kroner som følgje av omdisponering av midlar frå kap. 1820, post 22. Omdisponeringa har samanheng med at enkelte kommunar gjennomfører skredsikrings-, flaum- og miljøtiltak i eiga regi, i staden for at arbeidet blir gjennomført i regi av NVE. NVE vil gi eit nettotilskot til desse kommunane, jf. kap. 1820, post 22. Omdisponeringa fører også med seg ein reduksjon på 4,4 mill. kroner i budsjetterte distriktsbidrag som følgje av at støtta til kommunane blir gitt som nettotilskot, jf. kap. 4820, post 40.

Vidare blir det foreslått å auke løyvinga med 3 mill. kroner. Endringa har samanheng med at driftsutgiftene for overvakinga av det skredfarlege fjellpartiet Nordnes er større enn det ein først rekna med. Det er behov for å auke driftsmidlane for å unngå stans i overvakinga. Dette er viktig for tryggleiken i kommunane i området. Stans ville gitt hòl i måleseriane og manglande grunnlag for å avgjere terskelverdiar. Utan å kunne fastsetje terskelverdiar vil ikkje kommunane kunne fullføre beredskapsplanen.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 40,6 mill. kroner.

Kap. 1833 CO2-handtering

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

CO2-handtering på Kårstø

Det blir foreslått å redusere løyvinga til arbeidet med CO2-handtering på Kårstø med 40 mill. kroner.

Det er sidan 2006 utført eit omfattande arbeid med å greie ut løysingar for fangst og lagring av CO2 frå Kårstø. Det samla arbeidet vil danne grunnlaget for den vidare handsaminga av prosjektet. Spørsmålet om reinsing av klimagassutsleppa på Kårstø vil bli vurdert opp mot andre klimatiltak i arbeidet med ei stortingsmelding om klimapolitikken. Årsaka til reduksjonen i løyvinga er at arbeidet med ulike utgreiingar har kravd mindre ressursar i 2010 enn det ein først rekna med.

Fullskala CO2-handtering på Mongstad – Mongstad Steg 2

Det er for tida eit stort arbeid på gong med å planleggje og førebu fullskala fangst av CO2 frå kraftvarmeverket på Mongstad. I Prop. 1 S (2010-2011) la regjeringa fram ny informasjon som gjorde greie for mogleg usikkerheit kring planane for ein raskast mogleg utbygging av fullskala CO2-fangst. I Prop. 125 S (2009-2010) og Prop. 1 S (2010-2011) blei det gjort greie for erfaringar og kunnskap frå planleggingsarbeidet med prosjektet. Læringa til no viser at det er mange tekniske, økonomiske og kommersielle utfordringar ved å byggje og drive eit fullskala anlegg for CO2-fangst på Mongstad. Det er òg retta stor merksemd og interesse for prosjektet, som er blant dei som har kome lengst i planlegginga internasjonalt. Regjeringa legg vekt på at arbeidet med fullskala CO2-fangst på Mongstad skal vere eit viktig steg vidare i utviklinga av teknologi som kan redusere utsleppa av klimagassar. Samstundes må den vidare gjennomføringa av prosjektet skje på økonomisk og teknisk forsvarleg måte. Det blir lagt opp til at arbeidet med å kvalifisere amin-teknologiar vil fortsette slik at desse teknologiane kan møte utsleppskrava for amin som vil bli stilt i framtida. Samstundes vil regjeringa vurdere om det bør leggast til grunn alternative løysningar for den vidare prosjektgjennomføringa som òg omfattar ei eventuell opning for alternative teknologiar. Dette kan medføre at prosjektplanlegginga som er byrja kan ta lengre tid og at planleggingskostnadene dermed aukar. Målet er å sikre eit godt investeringsgrunnlag. Som varsla i Prop. 1 S (2010–2011), vil regjeringa kome tilbake til Stortinget med ein nærare gjennomgang av arbeidet med CO2-fangst på Mongstad. Regjeringa tek sikte på å gjere dette tidleg neste år.

I Prop. 125 S (2009-2010) blei det gjort førebelse justeringar av budsjettbehovet for 2010 som følgje av endra framdriftsplan. Endringa i framdriftsplanen førte med seg at tidlegare planlagde aktivitetar blei flytta. Basert på arbeid som er gjort i haust, er budsjettkonsekvensane av den endra framdriftsplanen ytterligare justert. Det blir foreslått å redusere løyvinga til fullskala CO2-handtering på Mongstad med 180 mill. kroner.

Transport og lagring av CO2 frå Mongstad

Arbeidet med planlegging og førebuing av transport og lagring av CO2 er samordna med arbeidet med fullskala fangst av CO2 frå Mongstad. Etter at det tidlegare i år blei bestemt ein revidert framdriftsplan, jf. Prop. 125 S (2009-2010), er framdriftsplanen for arbeidet med transport og lagring også revidert. Som følgje av dette er aktivitetar som opphavleg var planlagt i 2010, flytta til 2011. Dette gjeld mellom anna oppbemanning av prosjektet og gjennomføring av studiar.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 176 mill. kroner knytt til transport og lagring av CO2 frå Mongstad.

Oppsummering

I tillegg til nemnde endringar er det òg grunnlag for å redusere løyvinga til ekstern bistand med 4 mill. kroner.

På bakgrunn av dei nemnde forhold blir løyvinga foreslått redusert med totalt 400 mill. kroner.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 398 mill. kroner. Totalt disponibelt budsjett under posten, inkludert overførte midlar frå 2009, utgjer om lag 680 mill. kroner for 2010.

Post 72 Lån, TCM DA, kan overførast

Gassnova har rapportert oppdaterte tidsfordelte overslag knytt til finansieringsbehovet for TCM DA i samband med investering i og driftsførebuing av teknologisenteret på Mongstad. Statens del av finansieringsbehovet for 2010 ligg an til å kunne reduserast i høve til tidlegare overslag og overslaget for 2011 ser ut til å auke. Gassnova opplyser at tidsfordelinga av budsjettet er usikkert og kan bli endra. Regjeringa foreslår difor ikkje å redusere løyvinga for 2010, men at budsjettposten merkast ”kan overførast” for å handtere usikkerheit når det gjeld tidsfordeling av utbetalingane, jf. Forslag til vedtak III. Departementet vil kome tilbake med oppdaterte budsjettoverslag for 2011 i revidert budsjett til våren. Totalestimatet for investering i testsenteret (5 213 mill. kroner eks. mva) er ikkje endra i høve til det Stortinget er informert om i Prop. 1 S (2010-2011).

Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

Forslag til nye løyvingar er basert på ein oppdatert prognose for 2010 frå Petoro AS. Prognosen frå Petoro er basert på rekneskapsføring per 30. september 2010 og overslag for resten av året.

Overslaget for kap. 2440, post 30 Investeringar er samla redusert med 5 000 mill. kroner, frå 24 000 til 19 000 mill. kroner. Det er venta reduserte investeringar mellom anna på grunn av utsette boreaktivitetar og utbyggjingsinvesteringar på fleire felt. Det er framleis knytt stor uvisse til korleis det vidare investeringsbilete blir i fjerde kvartal 2010.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er redusert med 3 700 mill. kroner, frå 157 700 til 154 000 mill. kroner. Endra prinsipp for handsaming av inntekter frå gassverksemda i USA reduserer driftsinntektene, jf. underpost 24.2 Driftsutgifter. Det er òg venta lågare oljeinntekter for 2010 på grunn av lågare volum og prisoverslag. Det er no lagt til grunn ein gjennomsnittleg oljepris på kr 468 per fat for 2010. I revidert budsjett 2010 vart det lagt til grunn ein gjennomsnittleg oljepris på kr 475 per fat. Vidare er det venta høgare gassinntekter på grunn av høgare overslag på både volum og pris.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter er redusert med 3 900 mill. kroner, frå 36 300 til 32 400 mill. kroner. Endringa skuldast endra prinsipp for føring av kostnad som følgje av kjøp av gass til SNG (Statoil Natural Gas) verksemda i USA, frå bruttometoden til nettoføring av resultatdelen. Dette er òg avspegla som redusert driftsinntekt, jf. underpost 24.1 Driftsinntekter.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.3 Leite- og feltutviklingsutgifter er redusert med 200 mill. kroner, frå 2 500 til 2 300 mill. kroner.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.4 Avskrivingar er redusert med 700 mill. kroner, frå 14 000 til 13 300 mill. kroner. Reduserte investeringar er hovudårsaka til reduksjonen i avskrivingane.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.5 Renter av statens kapital er redusert med 400 mill. kroner, frå 7 000 til 6 600 mill. kroner. Endringa skuldast hovudsakleg oppdatering av overslag for statens faste kapital. Overslaget for kalkulatorisk rente for 2010 er basert på ein rentesats på 3,42 pst.

Endringane nemnd ovanfor fører til at kap. 5440, post 24 Driftsresultat aukar netto med 1 500 mill. kroner, frå 97 900 til 99 400 mill. kroner.

Kap. 5440, post 50 Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond er budsjettert til 733 mill. kroner i faktiske utbetalingar i 2010 knytt til skadar og bortfall av inntekt på grunn av stopp i drifta på nokre felt.

Tabell 2.1 Endringar under kap. 2440/5440 Staten,s direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (i mill. kroner)

Kap./post Underpost

Nemning

Gjeldande løyving1

Forslag til ny løyving

Endring

2440

30

Investeringar

24 000

19 000

-5 000

50

Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond

1 594

1 594

Sum kap. 2440

25 594

20 594

-5 000

5440

24.1

Driftsinntekter

157 700

154 000

-3 700

24.2

Driftsutgifter

-36 300

-32 400

3 900

24.3

Leite- og feltutviklingsutgifter

-2 500

-2 300

200

24.4

Avskrivingar

-14 000

-13 300

700

24.5

Renter av statens kapital

-7 000

-6 600

400

24

Driftsresultat

97 900

99 400

1 500

30

Avskrivingar

14 000

13 300

-700

50 (Ny)

Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond

0

733

733

80

Renter av statens kapital

7 000

6 600

-400

89

Oppgjer etter garantierklæring

875

875

0

Sum kap. 5440

119 775

120 908

1 133

Kontantstraum frå SDØE:

Innbetalingar2

158 575

155 608

-2 967

Utbetalingar3

64 394

55 294

-9 100

Nettokontantstraum frå SDØE

94 181

100 314

6 133

1 Gjeldande løyving for 2010 er basert på Stortingets løyvingsvedtak av 7. desember 2009 og seinare endringar i 2010 (revidert budsjett), jf. Prop. 125 S og Innst. 350 S (2009-2010) .

2 Innbetalingar = driftsinntekter + overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond + oppgjer etter garantierklæring.

3 Utbetalingar = driftsutgifter + leite- og feltutviklingskostnader + investeringar + overføring til Statens petroleumsforsikringsfond.

Desse endringane medfører samla sett at netto kontantstraum frå SDØE blir auka med 6 133 mill. kroner, frå 94 181 til 100 314 mill. kroner.

Statens petroleumsforsikringsfond

Regjeringa vil, som varsla i Prop. 1 S (2010-2011), leggje fram forslag om å avvikle Statens petroleumsforsikringsfond. Denne saka vil bli fremma i Finansdepartementets proposisjon Ny saldering av statsbudsjettet 2010. På denne bakgrunn blir det ikkje foreslått noka endring i overslaget på premie for 2010. Det vil heller ikkje bli føreteke noka justering for faktisk premieinnsparing for 2010 i samband med revidert budsjett 2011.

Kap. 2490 NVE Anlegg

Overslaget for kap. 2490, underpost 24.1 Driftsinntekter blir foreslått auka med 6 mill. kroner, frå 54 til 60 mill. kroner. Driftsinntektene er venta høgare enn det ein først rekna med på grunn av høgare produksjon, hovudsakleg i Region Sør og knytt til eksterne prosjekt.

Overslaget for kap. 2490, underpost 24.2 Driftsutgifter blir foreslått auka med 6,2 mill. kroner, frå 47,3 til 53,5 mill. kroner. Driftsutgiftene er venta høgare enn det ein først rekna med på grunn av økte materialkostnader og innkjøp av framandytingar.

Overslaget for kap. 2490, underpost 24.3 Avskrivingar blir foreslått redusert med 0,2 mill. kroner, frå 5,6 til 5,4 mill. kroner. Avskrivingane er venta lågare enn det ein først rekna med på grunn av at ein dumper som skulle leverast i 2009 ikkje blei levert før i 2010. Dei budsjetterte avskrivingane knytt til dette utgiftsbeløpet fell difor bort.

Post 24 Driftsresultat

Tabell 2.2 Endringar under kap. 2490 NVE Anlegg (i 1 000 kr)

Kap./post/ underpost

Nemning

Gjeldande overslag

Nytt overslag

Endring

2490

24.1

Driftsinntekter

-54 000

-60 000

-6 000

24.2

Driftsutgifter

47 300

53 500

6 200

24.3

Avskrivingar

5 600

5 400

-200

24.4

Renter av statens kapital

1 100

1 100

0

24

Driftsresultat

0

0

0

Ovannemnde endringar i underpostar fører ikkje med seg noka endring i det stipulerte driftsresultatet for NVE Anlegg under kap. 2490, post 24 i høve til gjeldande løyving for 2010.

Kap. 4800 Olje- og energidepartementet

Post 70 Garantiprovisjon, Gassco

Løyvinga blir foreslått redusert med 0,25 mill. kroner. Endringa har samanheng med at forsikringspremien på Gasscos ordinære ansvarsforsikring for 2010 er venta å bli lågare enn det ein tidlegare rekna med. Garantiprovisjonen er satt til 70 pst. av ordinær ansvarsforsikring.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 1,25 mill. kroner.

Kap. 4810 Oljedirektoratet

Post 01 Gebyrinntekter

Det blir foreslått å auke løyvinga med 6,5 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2010. Gebyrinntektene skal mellom anna dekkje Oljedirektoratets utgifter i samband med handsaming og oppfølging av petroleumsregisteret og søknader om undersøkingsløyve og utvinningsløyve. Arbeidet med TFO 2010 og 21. konsesjonsrunde vil i hovudsak skje høvesvis i slutten av 2010 og første halvår 2011. Forslag til løyvinga for 2011 under kap. 1810, post 01 er foreslått auka med 6,5 mill. kroner knytt til arbeidet med 21. konsesjonsrunde, jf. Prop. 1 S (2010-2011).

Nytt forslag til løyving blir etter dette 23,9 mill. kroner.

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsverksemd

Løyvinga blir foreslått auka med 3,4 mill. kroner, jf. omtale og tilsvarande auking under kap. 1810, post 21.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 72,7 mill. kroner.

Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 01 Gebyrinntekter

Løyvinga blir foreslått redusert med 2 mill. kroner. Mindreinntekta i 2010 må sjåast i samanheng med at det ble fakturert for mye knytt til dam-, beredskaps- og miljøtilsyn i 2009. Dette skal trekkast ut av faktureringsgrunnlaget for 2010. Reduksjonen har samanheng med lågare aktivitet innan tilsyn, mellom anna som følgje av sjukdom, permisjonar og lågare rekruttering enn venta.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 52,05 mill. kroner.

Post 40 Flaum- og skredførebygging

Løyvinga blir foreslått redusert med netto 2,7 mill. kroner.

Løyvinga blir foreslått redusert med 4,4 mill. kroner knytt til reduserte distriktsbidrag som følgje av omdisponeringa frå kap. 1820, post 22 til post 60, jf. omtale under dei nemnde postane. Vidare blir løyvinga foreslått redusert med 1,6 mill. kroner som følgje av at NVE i 2010 har gjennomført fleire prosjekt utan distriktsbidrag enn det ein først rekna med.

I tillegg blir løyvinga foreslått auka med 3,3 mill. kroner som følgje av distriktsbidrag i samband med skredtiltaka i Nord-Noreg, jf. kap. 1820, post 22.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 24,55 mill. kroner.

Kap. 4833 CO2-handtering

Post 80 Renter, TCM DA

Det visast til Prop. 125 S (2009-2010) og omtala av salet av ein statlig del på 2,44 pst. i TCM DA til Sasol. Med bakgrunn i gjennomført sal av statens eigardel i TCM DA blir løyvinga foreslått oppjustert med 0,75 mill. kroner knytt til faktisk innbetalte renter som har kome til statens del av utlånet som er overdratt til Sasol.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 9,05 mill. kroner.

Post 86 Avdrag, TCM DA

Det visast til Prop. 125 S (2009-2010) og omtala av salet av ein statlig del på 2,44 pst. i TCM DA til Sasol. Med bakgrunn i gjennomført sal av statens eigardel i TCM DA blir 50,2 mill. kroner av innbetalinga frå Sasol foreslått løyva som ein reduksjon av utlånet til TCM DA som følgje av at ein del av lånet er overdratt til Sasol.

Det blir foreslått løyva 50,2 mill. kroner under ny post.