1 Innleiing
Den 29. juni 2011 blei ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Republikken Costa Rica om opplysningar i skattesaker underskriven i Paris. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg resolusjon av 27. mai 2011. Overeinskomsten ble på vegne av Noreg underskriven av ambassadør Tarald O. Brautaset og på vegne av Republikken Costa Rica av ambassadør Carlos Bonilla Sandoval. Overeinskomsten vil tre i kraft 30 dagar etter at begge partane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft. Avtala får verknad for straffbare skattesaker frå denne dato og for andre saker frå og med det skatteår som byrjar på eller etter 1. januar i det kalenderåret som fylgjer etter det året da avtala trer i kraft.