3 Andre forslag
Kap. 166 Miljø og berekraftig utvikling m.m.
Post 73 Klima og skogsatsinga, kan overførast
Gjeldsbrevordning under klima- og skogsatsinga i Brasil
Det vert gjort framlegg om å innføre ei gjeldsbrevordning for samarbeid med Brasil under den norske klima- og skogsatsinga. Ei gjeldsbrevordning inneber at løyvingane til Brasil under kap. 166 Miljø- og berekraftig utvikling, post 73 Klima og skogsatsinga blir utgiftsførde i takt med oppnådde avskogingsresultat og sette inn på konto i Noregs Bank.
Forslaget om etablering av ei slik ordning blir lagt fram for å ivareta målet om resultatbasert betaling relatert til nedgang i avskoginga. Dette inneber at midlane i samsvar med inngått avtale blir forplikta på grunnlag av oppnådde resultat, men blir utbetalt til mottakarlandet først når konkrete utviklingsprosjekt blir sette i verk. Etablering av gjeldsbrevordninga aukar ikkje dei norske forpliktingane overfor Brasil, men gjeldsbrevordninga er ein ny måte å organisere overføring av midlane på.
Noreg underteikna i 2009 ein avtale med Den brasilianske utviklingsbanken (BNDES), som forvaltar Amazonasfondet. Norsk samla bidrag til Brasil for perioden 2009/2010 er på 1,55 mrd. kroner. Midlane til Brasil blir forplikta på grunnlag av oppnådde resultat, men blir utbetalt til Brasil først når konkrete utviklingsprosjekt blir sett i verk. Fordi det har tatt tid å byggje opp ein prosjekt- og investeringsportefølje i Brasil, står ein overfor ein situasjon der differansen mellom inngåtte avtalar og faktiske utbetalingar er stor. Hittil er om lag 292 mill. av forplikta midlar utbetalte.
Ei gjeldsbrevordning for Brasil bør vere gjeldande frå og med 2010, slik at midlane som er forplikta, men ikkje utbetalt, kan overførast konto i Noregs Bank og bli utgiftsførde i løyvingsrekneskapen for 2010. Den samla summen som vil bli overført til konto i Noregs Bank under den nye gjeldsbrevordninga for 2010 vil vere om lag 1,3 mrd. kroner. Midlar på konto i Noregs Bank vil framstå i kapitalrekneskapen under Utanriksdepartementet. Etablering av ei gjeldsbrevordning inneber at løyvde midlar det enkelte året blir utgiftsførde i løyvingsrekneskapen i samsvar med inngått avtale, og overført konto i Noregs Bank. På den måten vil uteståande forpliktingar vere lett tilgjengelege for utbetaling i seinare budsjetterminar.
Storleiken på tilsagnsfullmakta under denne ordninga vil bli vurdert i samband med dei årlege budsjettforslaga i lys av årlege løyvingar og utbetalingar under gjeldsbrevordninga.
For å synleggjere at midlane blir utgiftsførde i budsjettet i takt med oppnådde avskogingsresultat i Brasil, er det nødvendig å fråvike løyvingsreglementet § 3 andre ledd, jf. forslag til romartalsvedtak II.