1 Innleiing
Den 15. september 2011 blei ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Kongeriket Bahrain om opplysningar i skattesaker underskriven i Paris. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg resolusjon av 18. april 2011. Overeinskomsten ble på vegne av Noreg underskriven av chargé d’affaires a.i. Vegard Brynhildsen og på vegne av Kongeriket Bahrain av finansminister H.E. Sh. Ahmed bin Mohammed Al Khalifa. Overeinskomsten vil tre i kraft 30 dagar etter at begge partane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft. Avtala får verknad for straffbare skattesaker frå denne dato og for andre saker frå og med det skatteår som byrjar på eller etter 1. januar i det kalenderåret som fylgjer etter det året da avtala trer i kraft.