11 Forskrifter – lovforslaget § 15
Det kan på fleire punkt vere aktuelt å gje forskrifter til utfylling og gjennomføring av lova. Dette gjeld mellom anna
reglar om meldingar etter lovforslaget § 4,
når ein skal halde tilbake ytingar og barnebidrag etter lovforslaget § 7,
oppnemning av og betaling til sakkunnige etter lovforslaget § 9,
reglar til lovforslaget § 11 om sperra konto,
reglar om ytingar og bidrag til den attverande av foreldra etter § 12.
Ein viser til lovforslaget § 15 og til merknaden til paragrafen.
Ein viser også til omtala av behov for forskrifter i dei einskilde punkta i proposisjonen.