Prop. 40 S (2009–2010)

Om endringar i statsbudsjettet for 2009 under Barne- og likestillingsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 840 Krisetiltak

Post 60 Tilskot til krisesenter, overslagsløyving

Tilskotet til krisesentra i 2009 er rekna til å bli 11 mill. kroner høgare enn løyvinga i vedteke budsjett. Venta utbetalingar i 2009 tilsvarar ein nominell auke på om lag 11 prosent frå rekneskapen for 2008. Meirforbruket utover saldert budsjett 2009 kjem mellom anna av auka personalkostnader grunna lønnsvekst og fleire tilsetjingar av frivillige i faste stillingar. Fleire senter har òg utvida og rehabilitert lokala sine.

Departementet føreslår å auke løyvinga under kap. 840 post 60 med 11 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 2008158 666
Løyving 2009165 000
Forslag til tilleggsløyving11 000

Kap. 842 Familievern

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Departementet føreslår å redusere løyvinga med 200 000 kroner som inndekning for lågare inntekter enn budsjettert under kap. 3842, post 01, jf. omtale under denne posten.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 2008180 515
Løyving 2009193 190
Forslag til tilleggsløyving-200

Kap. 844 Kontantstøtte

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utgiftene til kontantstøtte i 2009 er rekna til 1 515 mill. kroner, som er 23 mill. kroner meir enn løyvinga i vedteke budsjett. Meirbehovet kjem av at det er fleire barn i kontantstøttealder og færre barn i barnehage enn lagt til grunn for anslaget i vedteke budsjett. I tillegg til at det er fleire barn med kontantstøtte, er det høgare gjennomsnittleg utbetaling per barn.

Departementet føreslår å auke løyvinga under kap. 844, post 70 med 23 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 20081 690 236
Løyving 20091 492 000
Forslag til tilleggsløyving23 000

Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot

Utgiftene til barnetrygd i 2009 er rekna til 14 800 mill. kroner, 80 mill. kroner meir enn løyvinga i vedteke budsjett. Meirbehovet kjem i hovudsak av auka anslag på utbetalingar av ordinær barnetrygd, utvida stønad til einslege forsørgjarar og ein større vekst i etterbetalingane enn føresett i vedteke budsjett.

Departementet føreslår å auke løyvinga under kap. 845, post 70 med 80 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 200814 558 364
Løyving 200914 720 000
Forslag til tilleggsløyving80 000

Kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd

Post 50 Forsking, kan nyttast under post 21

Departementet føreslår å setje ned posten med 305 000 kroner som inndekning for meirforbruk på kap. 846, post 72.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 200815 570
Løyving 200910 996
Forslag til tilleggsløyving-305

Post 72 Tiltak for lesbiske og homofile

Departementet føreslår å auke posten med 305 000 kroner mot tilsvarande nedjustering av post 50.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 20087 560
Løyving 20097 593
Forslag til tilleggsløyving305

Kap. 850 Barneombodet

Post 01 Driftsutgifter

Gjeldande budsjett på posten er 10,4 mill. kroner. Barneombodet har fått 316 000 kroner til følgjande tre prosjekt:

  • Etablering av barneombodsliknande institusjonar i Kina.

  • Mekanismar for å tryggje ivaretaking av barns rettar i samfunnet.

  • Konfliktråd/meklingsprosjekt i Kina.

I 2009 har Barneombodet teke initiativ til prosjektet Skjønner du hva jeg mener?, der ungdom gjennom kunstnariske uttrykk skal formidle sitt tilhøve til det norske språket. Midlane på til saman 145 000 kroner frå den nedlagte stiftinga Framtidsfondet, vil bli nytta i samband med prosjektet. Prosjektet skal gjennomførast i samarbeid med andre aktørar.

Departementet føreslår derfor å auke kap. 850, post 01 med 461 000 kroner, tilsvarande auken under kap. 3850, post 01.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 200810 346
Løyving 200910 383
Forslag til tilleggsløyving461

Kap. 852 Adopsjonsstønad

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Gjeldande budsjett for 2009 på posten er 20,0 mill. kroner. Talet på adopsjonar og utbetalingane til adopsjonsstønad er lågare enn tidlegare lagt til grunn. Hovudgrunnen til nedgangen er at samarbeidsland har frigitt færre barn for adopsjon til utlandet enn tidlegare, samtidig som talet på adopsjonssøkjarar internasjonalt aukar. Departementet ventar at det blir adoptert 325 barn totalt i 2009. Talet på adopsjonar i 2009 ligg dermed på om lag same nivå som i 2008.

Departementet føreslår å redusere kap. 852, post 70 med 7,0 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 200812 531
Løyving 200920 045
Forslag til tilleggsløyving-7 045

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten er på 54,4 mill. kroner i 2009. Av dette er det sett av 8,0 mill. kroner til tilrettelegging av butilbod for unge under 18 år som er offer for tvangsekteskap.

Prognosen for 2009 tilseier utgifter på 4,5 mill. kroner til tiltaket på posten. Bufetat har etablert butilbod for unge utsette for tvangsekteskap. Årsaka til mindreforbruket er at behovet for butilbodet har vore mindre enn forventa.

Departementet føreslår å redusere posten med 3,5 mill. kroner

  (i 1000 kr)
Rekneskap 200837 622
Løyving 200954 393
Forslag til tilleggsløyving-3 500

Post 64 Særskilt tilskot ved busetting av einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslags­løyving

Gjeldande budsjett i 2009 er på 192,9 mill. kroner. Posten dekkjer det særskilte tilskotet som vert utbetalt til kommunane når einslege, mindreårige flyktningar og asylsøkjarar er busette. Utgifts­nivået i 2009 er rekna til om lag 148 mill. kroner, basert på ein prognose der 500 nye busette utløyser tilskot.

Departementet føreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 44,9 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 200892 036
Løyving 2009192 863
Forslag til tilleggsløyving-44 863

Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

Løyvinga skal dekkje refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak inkludert utgifter til bufellesskap og refusjon av utgifter for plassering i statlege tiltak eller ved kjøp av private plassar. Utgiftsnivået på posten avheng av kor mange barn som blir busette i kommunane og kor stor del av alle einslege, mindreårige asylsøkarar og flyktningar som har behov for barnevernteneste. Basert på prognosane frå Bufdir om venta utbetalingar i 2009, føreslår departementet å auke løyvinga på posten med 31,1 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 2008225 968
Løyving 2009268 910
Forslag til tilleggsløyving31 090

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

Etter forslag i St.prp. nr. 67 (2008-2009) Tilleggs­bevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009, blei løyvinga til det statlege barnevernet auka som følgje av klientvekst og utgiftsnivået frå 2008. Siste halvår 2009 har utgiftene per opphaldsdag auka meir enn det som vart sett føre i St.prp. nr. 67 (2008-2009). Tildelinga på posten er på 2 985,3 mill. kroner. Prognosen tilseier ein totalutgift for 2009 på 3 128,3 mill. kroner og meirbehovet på posten utgjer dermed 143,0 mill. kroner.

Departementet føreslår å auke kap. 855, post 01 med 143,0 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 20082 988 135
Løyving 20092 985 257
Forslag til tilleggsløyving143 000

Post 45 Større nyanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Tildelinga på posten er på 63,3 mill. kroner. ­Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har sett i verk investeringsstopp for å redusere meirutgiftene på kap. 855. Forbruk per andre tertial 2009 er på 22,4 mill. kroner og prognosen for totalforbruket ut året er på 32,0 mill. kroner.

Departementet føreslår å redusere kap. 855, post 45 med 31,3 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 200832 203
Løyving 200963 288
Forslag til tilleggsløyving-31 288

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asyl­søkjarar

Post 01 Driftsutgifter

Som følgje av auken i talet på einslege, mindreårige asylsøkjarar er det behov for fleire plassar i omsorgssenter for denne gruppa enn tidlegare føresett. Prognosen tilseier at det i 2009 vil vere eit gjennomsnittleg belegg på 220 einslege, mindre­årige asylsøkjarar i omsorgssentra. Dette fører til auka driftsutgifter på 53 mill. kroner i 2009.

Departementet føreslår å auke kap. 856, post 01 med 53,0 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 2008182 826
Løyving 2009383 911
Forslag til tilleggsløyving53 000

Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak

Post 21 Spesielle driftsutgifter

På kap. 857, post 71 er det tildelt midlar til drift og utvikling av innhald og tenester på nettstaden ung.no. Ein del av utgiftene til drift og utvikling av nettstaden er lønnsutgifter. For å sikre rett postering føreslår departementet å omdisponere til­delinga frå kap. 857, post 71 til kap. 857, post 21.

Departementet føreslår derfor å auke løyvinga på kap. 857, post 21 med 0,4 mill. kroner og å redusere løyvinga på kap. 857, post 71 tilsvarande.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 20082 243
Løyving 20092 217
Forslag til tilleggsløyving400

Post 71 Utviklingsarbeid, kan nyttast under post 50

Departementet føreslår å redusere løyvinga under kap. 857, post 71 med 0,4 mill. kroner og å auke løyvinga under kap. 857, post 21 tilsvarande, jf. omtale under kap. 857, post 21.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 200810 699
Løyving 200910 696
Forslag til tilleggsløyving-400

Kap. 2530 Foreldrepengar

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2009 er anslått til 12 940 mill. kroner, som er 714,5 mill. kroner meir enn løyvinga i vedteke budsjett. Venta meirutgifter kjem av eit høgare overslag på talet på fødsler og auka overslag på lønnsveksten frå 2008 til 2009. I tillegg til dette kjem utbetaling av restansar på 440 mill. kroner.

Departementet føreslår å auke løyvinga under kap. 2530, post 70 med 714,5 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 200811 576 808
Løyving 200912 225 500
Forslag til tilleggsløyving714 500

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Utgiftene til eingongsstønad i 2009 er rekna til 435 mill. kroner, som er 35 mill. kroner meir enn løyvinga. Meirbehovet kjem av fleire utbetalingar av eingongsstønad enn føresett i vedteke budsjett, medrekna restansar.

Departementet føreslår å auke løyvinga under kap. 2530, post 71 med 35 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 2008392 296
Løyving 2009400 000
Forslag til tilleggsløyving35 000

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslags­løyving

Dei samla utbetalingane av feriepengar i 2009 er på 360 mill. kroner, som er 15 mill. kroner meir enn løyvinga i vedteke budsjett.

Departementet føreslår å auke løyvinga under kap. 2530, post 72 med 15 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 2008312 659
Løyving 2009345 000
Forslag til tilleggsløyving15 000

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslags­løyving

Utgiftene til foreldrepengar ved adopsjon i 2009 er anslått til 70 mill. kroner, som er 30 mill. kroner mindre enn løyvinga i vedteke budsjett. Den årlege nedgangen i talet på adopsjonar held fram også for inneverande år, på grunn av at færre barn er tilgjengelege for adopsjon frå utlandet.

Departementet føreslår å redusere løyvinga under kap. 2530, post 73 med 30 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 200885 058
Løyving 2009100 000
Forslag til tilleggsløyving-30 000

Kap. 3842 Familievern

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene under posten er knytte til kurs, rettleiing mv. i familievernet. Tal for andre kvartal tyder på ei mindreinntekt på 200 000 kroner i høve til budsjettet. Departementet føreslår å setje ned inntektene på posten med 200 000 kroner, jf. inndekning under kap. 842 post 01.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 20081 137
Løyving 2009900
Forslag til tilleggsløyving-200

Kap. 3850 Barneombodet

Post 01 Diverse inntekter

I tråd med omtale under kap. 850, post 01 føreslår Barne- og likestillingsdepartementet å auke inntektene med 461 000 kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 2008300
Løyving 2009
Forslag til tilleggsløyving461

Kap. 3854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Dei ODA-godkjende utgiftene er rekna til å utgjere om lag 44,9 mill. kroner i 2009, noko som er 21,5 mill. kroner mindre enn tidlegare lagt til grunn.

Departementet føreslår å redusere kap. 3854, post 04 med 21,5 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 200814 904
Løyving 200966 423
Forslag til tilleggsløyving-21 523

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene på kapittel 3855, post 01 gjeld ulike prosjekt og tiltak, mellom anna refusjonar for klientutlegg og utgiftsdeling med andre statlege verksemder. Sidan 2006 er talet på barn og unge plasserte i institusjon redusert med om lag 11 prosent, og dette vil redusere refusjonane for klientutlegga. Inntektskravet på kapittel 3855, post 01 er på 40,6 mill. kroner i 2009. Prognosen per andre tertial tilseier inntekter på 24,5 mill. kroner for 2009, noko som er 2,8 mill. kroner lågare enn inntektene i 2008.

Departementet føreslår å redusere inntektene på kap. 3855, post 01 med 16,1 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 200827 299
Løyving 200940 570
Forslag til tilleggsløyving -16 070

Post 03 Refusjon for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar

Posten omfattar refusjonar utover den kommunale eigendelen for utgifter til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar som er busette i kommunane og plasserte i statlege barnevernstiltak. Inntektene motsvarar refusjonane som blir utgiftsført på kap. 854, post 65.

Prognosen for 2009 tilseier inntekter på 108,7 mill. kroner, grunna ein auke i talet på einslege, mindreårige asylsøkjarar med tiltak i det statlege barnevernet.

Departementet føreslår å auke kap. 3855, post 03 med 37,9 mill kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 200881 383
Løyving 200970 795
Forslag til tilleggsløyving37 900

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asyl­søkjarar

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan, i samsvar med OECD/DACs statistikkdirektiv, godkjennast som offisiell utviklingshjelp. I tråd med tidlegare utrekningar legg BLD til grunn at om lag 74 prosent av utgiftene per plass vil bli godkjend som ODA-midlar. Auken i ODA-godkjende utgifter utgjer dermed 39 mill. kroner.

Departementet føreslår å auke kap. 3856, post 04 med 39,0 mill. kroner.

  (i 1000 kr)
Rekneskap 2008135 200
Løyving 2009254 000
Forslag til tilleggsløyving39 000
Til forsida