Prop. 42 S (2010–2011)

Endringar i statsbudsjettet for 2010 under Arbeidsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag under dei enkelte kapitla

Kap. 600 Arbeidsdepartementet

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

01

Driftsutgifter

236 160

157 589

159 033

+1 444

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga for 2010 er 157,6 mill. kroner.

I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2010 vart løyvinga på posten sett ned med 6,788 mill. kroner som følgje av endringane i departementsstrukturen. Det gjaldt mellom anna overføring av husleigemidler til KRD. I etterkant av dette er det gjort nye berekningar av arealfordelinga som viser at løyvinga vart redusert 1,444 mill. kroner for mykje på ADs område. Midla vert difor ført tilbake frå KRD.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 01 med 1,444 mill. kroner.

Kap. 601 Utredningsvirksomhet, forskning m.m.

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

21

Spesielle driftsutgifter

69 745

51 624

55 624

4 000

70

Tilskot

29 893

25 506

22 506

-3 000

Sum endringar

+1 000

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga for 2010 er 51,6 mill. kroner.

I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2010 vart 2,785 mill. kroner overført frå kap. 601, post 21, til kap. 601, post 70. Av denne overføringa viste det seg at 1 mill. kroner var prosjektmidlar, og ikkje tilskot slik en først rekna med. Desse midla vert derfor foreslått ført attende til kap. 601, post 21.

I samband med ny IA-avtale er det foreslått å utvikle ei rekkje nye tiltak retta mot sjukmelder. I Prop. 125 S (2009-2010) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2010 vart det derfor omdisponert 20 mill. kroner frå kap. 634, post 76 til kap. 605, post 01. Eit av tiltaka er å gjennomføre ein informasjonskampanje før den nasjonale IA-konferansen som skal haldast i desember 2010. 3 mill. kroner vert derfor foreslått overført frå kap. 605, post 01, til kap. 601, post 21.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 21 med 4 mill. kroner.

Post 70 Tilskot

Løyvinga for 2010 er 25,5 mill. kroner.

I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2010 vart løyvinga auka med 2,785 mill. kroner. 1 mill. kroner av denne løyvinga gjeld prosjektmidlar og ikkje tilskot som først anteke og vert derfor foreslått ført tilbake til kap. 601, post 21.

Utgiftene i 2010 vert noko lågare enn det som tidlegare vart lagt til grunn. Årsaka er mellom anna lågare utgifter til EU-kontingenter som følgje av valutasvingningar.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 70 med 3 mill. kroner.

Kap. 604 NAV-reform og pensjonsreform

(1000 kr)

Post

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

45

Større utstyrskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 21

1 014 132

725 060

645 060

-80 000

Post 45 Større utstyrskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga for 2010 er 725 mill. kroner.

Under kap. 604 NAV-reform og pensjonsreform er det i perioden 2007-2009 ført til saman 150 mill. kroner til risikoavsetjing for IKT Basis i NAV-reforma. Av dette beløpet står det igjen ei ubrukt risikoavsetjing på 94,7 mill. kroner i 2010.

Risikoavsetjinga er i utgangspunktet avgrensa til IKT Basis i NAV-reforma. NAV-reforma er i all hovudsak gjennomført, og det står igjen berre etablering av eit NAV-kontor i Kristiansand. Det kan likevel framleis stå igjen noko usikkerheit med omsyn til talet på brukarar av NAV kontora, og det kan derfor være behov for å nytte delar av ubrukt risikoavsetjing framover. Risikoavsetjinga kan derfor reduserast med 80 mill. kroner. 14,7 mill. kroner står igjen som Arbeidsdepartementet si risikoavsetjing.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 45 med 80 mill. kroner.

Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

01

Driftsutgifter

9 377 697

9 483 813

9 479 813

-4 000

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga for 2010 er 9 483,8 mill. kroner.

I samband med ny IA-avtale er det foreslått å utvikle ei rekkje nye tiltak retta mot sjukmelder. I Prop. 125 S (2009-2010) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2010 vart det derfor omdisponert 20 mill. kroner frå kap. 634, post 76 til kap. 605, post 01.

Helsedirektoratet har ansvaret for delar av utviklingsarbeidet. Ein foreslår derfor å overføre 2 mill. kroner av desse midlane frå kap. 605, post 1 til kap. 762, post 21. Vidare skal det gjennomførast ein informasjonskampanje før den nasjonale IA-konferansen som skal haldast i desember 2010. 3 mill. kroner vert derfor foreslått overført frå kap. 605, post 1 til kap. 601, post 21.

Arbeids- og velferdsetaten skal i 2011 styrkje arbeidet med å førebyggje og avdekkje trygdemisbruk jf. Prop. 1 S (2010-2011) Arbeidsdepartementet. For 2010 foreslår ein at etaten vert styrkt med 1 mill. kroner. Midlane vil verte nytta til styrking av innsatsen mot trygdemisbruk.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 01 med 4 mill. kroner.

Kap. 606 Trygderetten

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

01

Driftsutgifter

58 636

61 997

59 497

-2 500

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga for 2010 er 62 mill. kroner.

Det er venta eit mindreforbruk både når det gjelder lønn og kjøp av varer og tenester på Trygderetten sitt budsjett for 2010.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 01 med 2,5 mill. kroner.

Kap. 612 Tilskot til Statens pensjonskasse

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

01

Driftsutgifter, overslagsløyving

7 750 336

7 867 000

7 828 000

-39 000

22

Sluttoppgjer

8 676

3 000

4 000

+1 000

Sum endringar

-38 000

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 7 867 mill. kroner.

Oppdatert løyvingsoverslag for kap. 612, post 01 viser ein reduksjon på posten med 39 mill. kroner. Reduksjonen skriv seg frå fleire forhold:

  • Oppdaterte overslag for utbetalte pensjonar (alderspensjonar, uførepensjonar og etterlatnepensjonar) viser ein auke med 40 mill. kroner. Auken relaterer seg i hovudsak til ein auke i overslaget over etterbetalingar til enkemenn.

    • I Ot.prp. nr. 101 (2008-2009), jf. Prop. 10 L (2009-2010), vart det fremja forslag om endring av Statens pensjonskasselova for å kunne gjennomføre jamnlikhet for enke- og enkemannspensjon i samsvar med dom i EFTA sitt klageorgan (ESA). I nemnde Ot.prp. vart kostnadene ved at ordninga vart gjeve tilbakeverkande kraft vurdert til å vere om lag 80-85 mill. kroner.

    • Oppdatert informasjon frå Statens pensjonskasse viser no at dei samla utbetalingane i 2010 vil verte om lag 120 mill. kroner. Dette inneber ein auke med 40 mill. kroner i høve til kva som allereie ligg inne i budsjettet. Statens pensjonskasse viser til at det er fleire saker og eit høgare gjennomsnittleg utbetalt beløp enn kva som tidlegare vart lagt til grunn.

    • Dei oppdaterte utrekningane frå Statens pensjonskasse tyder óg på at dei samla kostnadene vert monaleg høgare enn tidlegare rekna med. AD vektlegg i samband med dette at Statens pensjonskasse treng meir tid til å kvalitetssikre nettoeffektane av denne saka. Departementet vil kome med eit oppdatert overslag for dei samla kostnadene i samband med revidert budsjett 2011.

  • Overslaget over arbeidsgivarpremie, inkludert AFP-premie, er auka med 29 mill. kroner i høve til overslaget i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2010. Overslaget over medlemsinnskot er auka med 74 mill. kroner i høve til overslaget i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2010. Auken i arbeidsgivarpremie og medlemsinnskot heng saman med at premiegrunnlaget for 2010 vart auka etter tariffoppgjeret for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet våren 2010.

  • Andre endringar i budsjettføresetnadene fører med seg ein netto auke av løyvingsoverslaget med 24 mill. kroner, mellom anna som følgje av auka renteutbetalingar.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 01 med 39 mill. kroner

Post 22 Sluttoppgjer

Løyvinga for 2010 er 3 mill. kroner.

Løyvinga for sluttoppgjer vert no foreslått auka med 1 mill. kroner. Auken relaterer seg i hovudsak til at det er venta gjennomført fleire sluttoppgjer i 2010 enn tidlegare lagt til grunn.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 22 med 1 mill. kroner

Kap. 614 Bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

01

Driftsutgifter

38 000

42 000

+4 000

90

Utlån, overslagsløyving

5 736 453

8 500 000

11 600 000

+3 100 000

Sum endringar

+3 104 000

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga for 2010 er 38 mill. kroner.

Nytt overslag på posten baserer seg på same føresetnader om volum som under post 90 Utlån.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 01 med 4 mill. kroner.

Post 90 Utlån, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 8 500 mill. kroner.

Oppdatert løyvingsoverslag for utlån i 2010 er auka med 3 100 mill. kroner til 11 600 mill. kroner. Auken skriv seg frå ein auke i talet på utbetalte lån per veke frå 140 utbetalte lån til 185 utbetalte lån per veke. Om lag 85 pst. av lånesøknadene er søknader om refinansiering. Vidare er det ein auke i gjennomsnittleg utbetalt beløp frå 1 150 000 kroner til 1 200 000 kroner. Auken i utlånsvolum kan mellom anna sjåast i samband med auken i låneramma som vart vedteken i tariffoppgjeret for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet våren 2010, og at Statens pensjonskasse no har ein av marknadens beste renter for bustadlån. Overslaget inkluderer og ein auke i berekna opptente renter ved utgangen av året med 14 mill. kroner til 97 mill. kroner.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 90 med 3 100 mill. kroner.

Kap. 3614 Bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirinntekt (+)

2009

2010

2010

Mindreinntekt (-)

01

Gebyrinntekter, lån

23 000

27 000

+4 000

90

Tilbakebetaling av lån

4 400 000

4 600 000

+200 000

Sum endringar

+204 000

Post 01 Gebyrinntekter, lån

Løyvinga for 2010 er 23 mill. kroner.

Nytt overslag baserer seg på same føresetnader om volum som under kap 614 og 3614 forøvrig.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 01 med 4 mill. kroner.

Post 90 Tilbakebetaling av lån

Løyvinga for 2010 er 4 400 mill. kroner.

Oppdatert løyvingsoverslag for tilbakebetaling av lån i 2010 er auka med 200 mill. kroner til 4 400 mill. kroner. Auken kan i hovudsak forklarast med ein auke i gjennomsnittleg innfridd beløp frå 632 000 kroner til 670 000 kroner.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 90 med 200 mill. kroner.

Kap. 5607 Renter av bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirinntekt (+)

2009

2010

2010

Mindreinntekt (-)

80

Renter

829 126

731 000

755 000

+ 24 000

Post 80 Renter

Løyvinga for 2010 er 731 mill. kroner.

Overslaget over renteinntektene er auka med 24 mill. kroner. I RNB 2010 vart det føresett ei gjennomsnittleg rente på 2,5 pst. No vert dei faktiske rentesatsane i 2010 lagt til grunn, seinast fastsett til 2,75 pst. for november og desember, og som dernest er rekna om til nominell rente basert på betalingsfrekvens. Auken må og sjåast i samband med høgare etterspørsel etter lån, jf. kap 614 og 3614.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 80 med 24 mill. kroner.

Kap. 615 Yrkesskadeforsikring

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

01

Driftsutgifter, overslagsløyving

71 567

86 000

75 000

-11 000

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga for 2010 er 86 mill. kroner.

Det vert foreslått ein reduksjon av løyvinga under post 01 med 11 mill. koner til 75 mill. kroner. Reduksjonen kjem i hovudsak av at faktisk utbetalte erstatningar hittil i 2010 har vore lågare enn det som vart lagt til grunn i RNB 2010.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 01 med 11 mill. kroner.

Kap. 3615 Yrkesskadeforsikring

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirinntekt (+)

2009

2010

2010

Mindreinntekt (-)

80

Premieinntekter

141 284

146 000

154 000

+8 000

Post 01 Premieinntekter

Løyvinga for 2010 er 146 mill. kroner.

Overslaget over premieinntektene vert foreslått auka med 8 mill. kroner. Auken i inntektene har si årsak i oppdatert premiegrunnlag samt etterfakturering frå tidlegare år. Overslaget er basert på fakturert premie for 2010.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 80 med 8 mill. kroner.

Kap. 616 Gruppelivsforsikring

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

01

Driftsutgifter, overslagsløyving

141 790

146 000

140 000

-6 000

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga for 2010 er 146 mill. kroner.

Det vert foreslått ein reduksjon av løyvinga under post 01 med 6 mill. kroner. Overslaget er basert på utbetalte erstatningar hittil i 2010 og prognose for utbetalingar resten av året. Forbetra dekning vart innført etter tariffoppgjeret for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet våren 2008. Det var stor uvisse til overslaget for utbetalte erstatningar i 2010, då det var ein kort periode med forbetra dekning som låg til grunn for budsjetteringa.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 01 med 6 mill. kroner.

Kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

76

Tiltak for arbeidssøkjarar, kan overførast

6 637 970

7 452 820

7 527 820

+75 000

Post 76 Tiltak for arbeidssøkjarar, kan overførast

Løyvinga for 2010 er 7 452,8 mill. kroner.

Det er behov for å gjere tekniske justeringar av tilsegnsfullmaktene.

Utgiftene til arbeidsmarknadstiltak gjennomført i 2009 som kom til utbetaling i 2010 vart noko lågare enn tidligare lagt til grunn, og dette fører med seg et behov for å redusere løyvinga med 25 mill. kroner. For perioden januar til august er det gjennomført om lag 78 200 tiltaksplassar, ifølgje tall frå Arbeids- og velferdsdirektoratet. Dette er om lag 4 100 fleire enn planlagt for denne perioden. Som følgje av dette gjeres det framlegg om å endre tilsegnsfullmakta for regnskapsmessig etterslep for gjennomføring i 2010 med utbetaling i 2011. Behovet for tilsegnsfullmaktar heng saman med tiltaksnivået ved utgangen av 2010. Da det har vore eit høgare tiltaksnivå enn planlagt i 1. halvår 2010, vert tiltaksnivået i 2. halvår lågare enn planlagt. Justeringa av tilsegnsfullmakta for regnskapsmessig etterslep for gjennomføring i 2010 med utbetaling i 2011 førar med seg et behov for å auke løyvinga med 100 mill. kroner. Samla sett medførar dei to endringane behov for å auke løyvinga med 75 mill. kroner. I tillegg er det behov for å sette ned tilsegnsfullmakta for å oppretthalde nivået på arbeidsmarknadstiltaka over årsskiftet 2010/2011 med 140 mill. kroner, noko som óg heng saman med at tiltaksnivået ved utgangen av 2010 vert lågare enn det som opphavleg vart planlagt.

Endringane fører ikkje med seg endringar i nivået på arbeidsmarknadstiltaka i 2010, som framleis vil vere på om lag 75 000 plasser i gjennomsnitt.Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 76 med 75 mill. kroner.

Arbeidsdepartementet gjer også framlegg om å redusere total tilsegnsfullmakt for 2010 med 240 mill. kroner, jf. framlegg om romertallsvedtak II.

Kap. 3634 Arbeidsmarknadstiltak

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirinntekt (+)

2009

2010

2010

Mindreinntekt (-)

85

Innfordring av feilutbetaling

2 357

1 000

1 500

+500

Post 85 Innfordring av feilutbetaling

Løyvinga for 2010 er 1 mill. kroner.

Inntekter under denne posten har samband med innfordring av feilutbetalingar til tiltaksarrangørar og enkelte tiltaksdeltakarar.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 85 med 0,5 mill. kroner.

Kap. 635 Venteløn

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

01

Venteløn, overslagsløyving

241 790

190 000

200 000

+10 000

Post 01 Venteløn, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 190 mill. kroner.

Utviklinga så langt i 2010 tilseier at utgiftene til venteløn i 2010 vert anslagsvis 200 mill. kroner. Dette er ein auke på 10 mill. kroner samanlikna med gjeldande løyving for 2010, som vart vedtatt i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2010. Til grunn for aukinga ligg ei forventning om eit uendra tal på mottakarar av venteløn, men ein auke i den gjennomsnittlege utbetalinga per mottakar.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 01 med 10 mill. kroner.

Kap. 3635 Venteløn m.v.

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirinntekt (+)

2009

2010

2010

Mindreinntekt (-)

01

Refusjon statleg verksemd m.v.

62 182

49 000

58 000

+9 000

85

Innfordring av feilutbetaling av venteløn

3 244

1 900

1 000

-900

Sum endringar

+8 100

Post 01 Refusjon statleg verksemd

Løyvinga for 2010 er 49 mill. kroner.

Utviklinga i samla refusjon avheng av utviklinga i talet på mottakarar og nytilgangen av talet på mottakarar med fullt refusjonskrav. På bakgrunn av utviklinga så langt i 2010, vert refusjonane anslått til 58 mill. kroner. Dette er ein auke på 9 mill. kroner.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 01 med 9 mill. kroner.

Post 85 Innfordring av feilutbetaling av venteløn

Løyvinga for 2010 er 1,9 mill. kroner.

NAV innkrevjing står for innfordring av feilutbetalingar av venteløn. Arbeids- og velferdsdirektoratet ventar no ei samla innkrevjing på om lag 1 mill. kroner i 2010.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 85 med 0,9 mill. kroner.

Kap. 643 Statens arbeidsmiljøinstitutt

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

50

Statstilskot

93 000

94 500

96 300

+1 800

Post 50 Statstilskot

Løyvinga for 2010 er 94,5 mill. kroner.

Det syner naudsynt å auke tilskotet til Statens Arbeidsmiljøinstitutt i 2010 som følgje av nokre naudsynte investeringar.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 50 med 1,8 mill. kroner.

Kap. 660 Krigspensjon

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

70

Tilskot, militære, overslagsløyving

197 403

190 000

195 000

+5 000

71

Tilskot, sivile, overslagsløyving

480 072

446 000

465 000

+19 000

Sum endringar

+24 000

Post 70 Tilskot, militære, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 190 mill. kroner.

Ein reknar med at talet på militære krigspensjonistar vert litt høgare enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på post 70 med 5 mill. kroner.

Post 71 Tilskot, sivile, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 446 mill. kroner.

Ein reknar med at talet på sivile krigspensjonistar og gjennomsnittleg yting vert litt høgare enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på post 71 med 19 mill. kroner.

Kap. 664 Pensjonstrygda for sjømenn

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

70

Tilskot

290 000

508 567

493 267

-15 300

Post 70 Tilskot

Løyvinga for 2010 er 508,6 mill. kroner.

Tilskotet til Pensjonstrygda for sjømenn skal dekkje delar av betalingane til pensjon etter trygdelova for pensjon for sjømenn § 15 og underskot i pensjonstrygda etter at fondet til regulering er brukt opp. Ein ventar no at utgiftene vert 15,3 mill. kroner lågare enn lagt til grunn for løyvinga i 2010.

Utviklingen i kravinngangen og en positiv utvikling i sysselsettingssituasjonen i skipsfarten gir grunnlag for å redusere utgiftene på posten.

Administrasjonsutgiftene aukar med 1,7 mill. kroner i inneverande år i samband med at etaten har flytta til nye lokalar i august 2010. Auken skuldast eingangskostnader ifm. flytting, og auka husleige.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på post 70 med 15,3 mill. kroner.

Kap. 666 Avtalefesta pensjon (AFP)

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

70

Tilskot

1 294 009

1 553 000

1 505 000

-48 000

Post 70 Tilskot

Løyvinga for 2010 er på 1 553 mill. kroner.

Ein reknar med at gjennomsnittleg yting vil bli litt lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga, og at talet på AFP-pensjonistar i snitt i 2010 vert noko lågare enn tidlegare venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på post 70 med 48 mill. kroner.

Kap 667 Supplerande stønad

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

70

Tilskot, overslagsløyving

341 131

341 600

352 000

+10 400

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er på 341, 6 mill. kroner.

Rekneskapstala for 2009 vart litt høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga, samtidig som at gjennomsnittleg yting ser ut til å bli litt høgare enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på post 70 med 10,4 mill. kroner.

Kap. 2470 Statens pensjonskasse

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

24

Driftsresultat

-13 888

14 028

-1 616

-15 644

45

Større investeringar og vedlikehald

293 063

345 943

345 943

0

Sum endringar

-15 664

Post 24 Driftsresultat

Løyvinga for 2010 er 14 mill. kroner.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 24 med 15,664 mill. kroner.

Forslaget til justering av driftsresultatet er relatert til endringar i driftsinntektene, driftsutgiftene, renter av staten sin kapital og reguleringsfondet slik det er gjort greie for nedanfor:

Underpost 24.1 Driftsinntekter (overslagsløyving)

Det vert foreslått ein auke i driftsinntektene med 21,9 mill. kroner til 484,2 mill. kroner.

Auken i driftsinntektene heng saman med auka volum i pensjoneringsområdet, låneområdet samt forsikrings- og produktområdet. Auken innan forsikrings- og produktområdet skuldast i hovudsak auka omfang av leveransar av rekneskapsberekningar til kommunesektoren.

Auken i driftsinntektene er i tillegg knytt til endringar i teljings- og faktureringssystemet til Statens pensjonskasse. Desse endringane vil bli nærmare vurderte i samband med fastsetjinga av inntektsføresetnadene til verksemda komande budsjettår, jf. fastsetjing av Statens pensjonskasse sine tenesteprisar for 2011.

Underpost 24.2 Driftsutgifter (overslagsløyving)

Det vert foreslått ein netto reduksjon i driftsutgiftene med 1,2 mill. kroner til 385,4 mill. kroner.

Statens pensjonskasse har i 2010 prioritert ressursar til gjennomføring av investeringsprogrammet PERFORM. Dette har ført til at verksemda har måtta utsette gjennomføringa av andre naudsynte investeringar på IT-området. Som følgje av dette har naudsynte investeringar for om lag 5,8 mill. kroner vorte utsett til 2011. Auka aktivitet på låneområdet aukar driftsutgiftene tilsvarande med om lag 4 mill. kroner. Netto auka kostnader på andre område utgjer om lag 0,6 mill. kroner. Det vert ut over dette vist til omtale under post 24.1 Driftsinntekter.

Underpost 24.4 Renter av staten sin kapital

Overslaget over renter av staten sin kapital vert foreslått auka med 1,6 mill. kroner samanlikna med overlaget i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2010 til 18,6 mill. kroner. Auken skuldast mellom anna auka investeringsramme som følgje av overføring av ubrukt løyving frå 2009.

Underpost 24.6 Til reguleringsfond

Reguleringsfondet til Statens pensjonskasse vert foreslått styrka med om lag 5,8 mill. kroner. Auka omfang av Statens pensjonskasse si verksemd, samt risiko på driftssida ved gjennomføringa av pensjonsreforma i 2011, tilseier ei viss styrking av reguleringsfondet.

Post 45 Større investeringar og vedlikehald

I Prop. 125 S (2009-2010) vart det vedtatt ny kostnads- og styringsramme for investeringsprogrammet PERFORM:

  • Ny kostnadsramme: 1 287 mill. kroner. Dette er samlet kostnadsramme for prosjektet (P85).

  • Ny styringsramme: 1 006 mill. kroner

I samband med den fornya KS2-gjennomgangen av investeringsprogrammet våren 2010 vart det vurdert som realistisk at systemutviklinga var kome langt nok til at Statens pensjonskasse ville vera i stand til å møte pensjonsreforma når den trer i kraft 1.1.2011. Denne vurderinga hadde som føresetnad at den økonomiske ramma vart utvida og at det vart gjennomført tiltak i SPKs prosjektstyring.

På bakgrunn av prosjektets omfang og risiko har departementet etablert eit særskilt tett styringsopplegg av prosjektet med hyppige rapporteringar og bruk av eksterne kvalitetssikrar i prosjektoppfølginga. Departementet legg opp til å vidareføre den særskilte oppfølginga av prosjektet ut 2011.

Planlagde leveransar i investeringsprogrammet er levert i samsvar med plan i 2010. Nytt saksbehandlingssystem vart satt i produksjon i oktober 2010. Dette inneber at ein sentral føresetnad for å kunne behandle pensjonssaker etter nytt regelverk frå 1.1.2011 no er på plass i Statens pensjonskasse. Ved utgangen av året er det planlagt å ferdigstille ulike sjølvbetjeningsløysingar i prosjektet som pålogging med MinID med meir.

Kap. 2542 Statsgaranti for lønskrav ved konkurs m.v.

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

70

Lønsgaranti ved konkurs, overslagsløyving

935 338

950 000

800 000

-150 000

Post 70 Lønsgaranti ved konkurs

Løyvinga for 2010 er 950 mill. kroner.

Utbetalingane gjennom lønnsgarantiordninga er sterkt konjunkturavhengig, og det er særleg talet på konkursar på landsbasis, talet på tilsette og lønnsnivået for desse som påverkar den samla utbetalinga. Økonomien i det enkelte buet har også stor betydning for utbetalingane og moglegheitene for innkrevjing av dividende.

Utviklinga i talet på konkursar i 2010 og talet på nye bu/saker til lønnsgarantieininga er usikker. På bakgrunn av utviklinga med ein nedgong i talet på konkursar på landsbasis i 2009 og vidare i 2010, og ut frå prognosane til SSB om at talet på nye opna konkursar ser ut for å bli noko lågare i 2010 enn i 2009, viser dette eit redusert behov for løyvinga i 2010.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 70 med 150 mill. kroner.

Kap. 5704 Statsgaranti for lønskrav ved konkurs

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

02

Dividende

133 117

180 000

110 000

-70 000

Post 02 Dividende

Løyvinga for 2010 er 180 mill. kroner

Dividenden kan til ei viss grad sjåast i samanheng med endringane i utbetalingar og den generelle økonomiske situasjonen i bua. Innbetalingane relaterer seg både til inneverande og tidlegare års utbetalingar. Det er eit betydeleg etterslep i innkrevjing av dividende i forhold til utbetalingane.

Ut frå utviklinga i utbetalingar til lønnskrav i 2008 og 2009 var det forventa ei auke i dividendeinngangen i 2010. Per august i 2010 er det innbetalt 69,7 mill. kroner i dividende. Dette er betydeleg lågare enn forventa. Ved framskriving av dei månadlege innbetalingane så langt i 2010 vil det samla sett bli innbetalt ca 110 mill. kroner.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 02 med 70 mill. kroner.

Kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

70

Overgangsstønad, overslagsløyving

2 451 181

2 596 000

2 550 000

-46 000

72

Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving

421 706

445 000

385 000

-60 000

73

Utdanningsstønad

53 944

64 000

48 000

-16 000

76

Forskottering av underhaldsbidrag

864 872

860 000

850 000

-10 000

Sum endringar

-132 000

Post 70 Overgangsstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 2 596 mill. kroner

Tal frå 1. halvår 2010 syner at veksten i talet på mottakarar ikkje har vore så sterk som venta. Nye tal viser også at det har vore ein reduksjon i den gjennomsnittlege utbetalinga per mottakar.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 70 med 46 mill. kroner.

Post 72 Stønad til barnetilsyn

Løyvinga for 2010 er 445 mill. kroner.

Nye tal frå 2010 syner at det har vore ein reduksjon i talet på mottakarar av stønad til barnetilsyn og ein reduksjon i den gjennomsnittlege utbetalinga per mottakar.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 72 med 60 mill. kroner.

Post 73 Utdanningsstønad

Løyvinga for 2010 er 64 mill. kroner.

Nye tal frå 2010 viser at det har vore ein reduksjon både i talet på mottakarar av utdanningsstønad og i den gjennomsnittlege utbetalinga per mottakar.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 73 med 16 mill. kroner.

Post 76 Forskottering av underhaldsbidrag

Løyvinga for 2010 er på 860 mill. kroner.

Løyvinga er fastsatt på bakgrunn av anslag gjort hausten 2009. Det vart lagd til grunn et anslag for rekneskapstala i 2009 på 896,4 mill. kroner og en forventa reduksjon i talet på barn med forskot med 6 pst i 2010 samanlikna med 2009. Dei faktiske rekneskapstala for 2009 vart på 864,9 mill. kroner og anslag for forventa reduksjon i talet på barn er endra til 4 pst i 2010 samanlikna med 2009.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga for 2010 under post 76 med 10 mill. kroner.

Kap. 2650 Sjukepengar

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

70

Sjukepengar for arbeidstakarar mv., overslagsløyving

32 092 195

33 430 000

30 420 000

-3 010 000

71

Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving

1 846 219

1 900 000

1 750 000

-150 000

72

Omsorgs- og pleiepengar ved sjukdom hos barn mv., overslagsløyving

513 052

570 000

510 000

-60 000

75

Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving

1 610 618

1 860 000

1 790 000

-70 000

Sum endringar

-3 290 000

Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar mv., overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 33 430 mill. kroner.

I Prop.125 S (2009-2010) er det lagt til grunn ein vekst på 1 pst. i talet på sjukepengedagar per sysselsett. Vidare er det lagt til grunn ein reduksjon i sysselsetjinga på 0,1 pst og ein auke i sjukepengegrunnlaget på 3 ¼ pst.

I Prop. 1 S (2010–2011) vart det på grunnlag av utviklinga til og med juli 2010 lagt til grunn ein reduksjon i det trygdefinansierte sjukefråveret per sysselsatt på 7 pst. i 2010 samanlikna med 2009. Utgiftene til sjukepengar i 2010 vart då vurdert til å bli om lag 2,6 mrd. kroner lågare enn i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2010.

Arbeids- og velferdsdirektoratet sin statistikk over sjukefråveret og rekneskapen til og med september 2010, gjev grunn til å tru at talet på sjukepengedagar per sysselsett vil reduserast med 8 pst. frå 2009 til 2010. Sjukepengegrunnlaget vil auke med 3 ¼ pst. som tidligare anslått. Vidare er det venta at sysselsetjinga vil minke med 0,2 pst. i 2010. Samla sett gjev dette betydeleg lågare sjukepengeutbetalingar i 2010 enn det ein rekna med tidlegare i år.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusera løyvinga under post 70 med 3 010 mill. kroner.

Post 71 Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 1 900 mill. kroner.

Sjukefråveret blant sjølvstendige vert lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusera løyvinga under post 71 med 150 mill. kroner.

Post 72 Omsorgs- og pleiepengar ved sjukdom hos barn mv., overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 570 mill. kroner.

Utgiftene i 2010 vert noko lågare enn venta. Årsaka er at talet på mottakarar er lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusera løyvinga under post 72 med 60 mill. kroner til 510 mill. kroner.

Post 75 Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 1 860 mill. kroner.

Utgiftene i 2010 vert lågare enn det som tidlegare er lagt til grunn.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusera løyvinga under post 75 med 70 mill. kroner.

Kap. 2651 Ytingar under arbeidsavklaring

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

70

Arbeidsavklaringspengar, overslagsløyving

28 543 000

27 640 000

-903 000

Post 70 Arbeidsavklaringspengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 28 543 mill. kroner.

Utgiftene så langt i år har hatt ei noko anna utvikling enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Spesielt vart talet på mottakarar i august og september lågare enn det som var anslått. Arbeids- og velferdsetaten valde å forlengje ein del av vedtaka om rehabiliteringspengar, attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad for å unngå at mange vedtak måtte fornyast i tida rundt innføringa av arbeidsavklaringspengane 1. mars 2010. Avgangen blant desse har likevel vore høgare enn forventa. Samla er talet på mottakarar i 2010 venta å bli noko lågare enn tidlegare på grunn av ein høgare avgang av mottakarar frå denne gruppa.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 70 med 903 mill. kroner.

Kap. 2652 Medisinsk rehabilitering

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

70

Rehabiliteringspengar, overslagsløyving

10 031 230

1 813 000

1 860 000

+47 000

71

Legeerklæringar

274 676

280 000

287 000

+7 000

Sum endringar

+54 000

Post 70 Rehabiliteringspengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 1 813 mill. kroner.

Utgiftene så langt i år har hatt ei noko anna utvikling enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Rehabiliteringspengar vart erstatta av arbeidsavklaringspengar frå 1. mars 2010. Dei venta høgare utgiftene kjem som følgje av klagesaker og revurderingssaker.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 70 med 47 mill. kroner.

Post 71 Legeerklæringar

Løyvinga for 2010 er 280 mill. kroner.

Det er venta at utgiftene vert 7 mill. kroner høgare enn løyvinga. Årsaka er nye legeerklæringstakstar.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 71 med 7 mill. kroner.

Kap. 2653 Ytingar til yrkesretta attføring

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

70

Attføringspengar, overslagsløyving

10 649 061

1 890 000

2 125 000

+235 000

71

Attføringsstønad, overslagsløyving

522 292

570 000

525 000

-45 000

Sum endringar

+190 000

Post 70 Attføringspengar, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 1 890 mill. kroner.

Utgiftene så langt i år har hatt ei noko anna utvikling enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Attføringspengar vart erstatta av arbeidsavklaringspengar frå 1. mars 2010. Dei venta høgare utgiftene kjem som følgje av etterskotsbetaling, klagesaker og revurderingssaker.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 70 med 235 mill. kroner.

Post 71 Attføringsstønader, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 570 mill. kroner.

Utgiftene så langt i år har vore lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 71 med 45 mill. kroner.

Kap. 2655 Uføre

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

70

Grunnpensjon, overslagsløyving

19 230 404

20 156 000

20 165 000

+9 000

71

Tilleggspensjon, overslagsløyving

29 911 672

31 844 000

31 475 000

-369 000

72

Særtillegg, overslagsløyving

1 918 650

2 055 000

2 040 000

-15 000

74

Tidsavgrensa uførestønad, overslagsløyving

9 072 502

1 705 000

1 595 000

-110 000

75

Menerstatning ved yrkesskade, overslagsløyving

98 354

100 000

115 000

15 000

Sum endringar

-470 000

Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 20 156 mill. kroner.

Utgiftene i 2010 har auka noko meir enn venta fordi talet på den gjennomsnittlege ytinga per mottakar er noko høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 70 med 9 mill. kroner.

Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 31 844 mill. kroner.

Utgiftene i 2010 har auka noko mindre enn venta fordi talet på mottakarar er noko lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 71 med 369 mill. kroner.

Post 72 Særtillegg, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 2 055 mill. kroner.

Utgiftene i 2010 er redusert noko meir enn venta fordi talet på den gjennomsnittlege ytinga per mottakar er noko lågare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 72 med 15 mill. kroner.

Post 74 Tidsavgrensa uførestønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 1 705 mill. kroner.

Tidsavgrensa uførestønad vart erstatta av arbeidsavklaringspengar frå 1. mars 2010. Utgiftene så langt i år har hatt ei noko anna utvikling enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Etterskotsbetaling, klagesaker og revurderingssaker har hatt eit lågare omfang enn tidlegare venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 74 med 110 mill. kroner.

Post 75 Ménerstatning ved yrkesskade, overslagsløyving

Løyvinga under posten er på 100 mill. kroner i 2010.

Utgiftene ser ut til å bli noko høgare enn rekna med når løyvinga vart fastsett.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på post 75 med 15 mill. kroner.

Kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel mv.

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

70

Grunnstønad, overslagsløyving

1 639 450

1 690 000

1 670 000

-20 000

71

Hjelpestønad, overslagsløyving

1 712 593

1 760 000

1 715 000

-45 000

73

Hjelpemiddel mv. til arbeid og utdanning

101 211

117 000

115 000

-2 000

74

Tilskot til bilar

850 181

875 000

715 000

-160 000

75

Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel

2 766 851

2 869 300

2 840 000

-29 300

76

Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel som tenester

137 764

154 000

156 000

+2 000

77

Ortopediske hjelpemiddel

868 304

925 000

950 000

+25 000

78

Høyreapparat

467 565

500 000

535 000

+35 000

Sum endringar

-194 300

Post 70 Grunnstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 1 690 mill. kroner.

Det er venta at utgiftene vert 20 mill. kroner lågare enn løyvinga. Grunnen er ein reduksjon i talet på mottakarar.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2661, post 70 med 20 mill. kroner.

Post 71 Hjelpestønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 1 760 mill. kroner.

Det er venta at utgiftene vert 45 mill. kroner lågare enn løyvinga. Årsaka er ein reduksjon i talet på mottakarar.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 71 med 45 mill. kroner.

Post 73 Hjelpemiddel mv. til arbeid og utdanning

Løyvinga for 2010 er 117 mill. kroner.

Utgiftene så langt i år har auka mindre enn venta. Utgiftene til hjelpemiddel på arbeidsplassar har gått ned. Samstundes aukar utgiftene til tolkehjelp for døve i arbeidslivet.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 73 med 2 mill. kroner.

Post 74 Tilskot til bilar

Løyvinga for 2010 er 875 mill. kroner.

Det er venta ein reduksjon i utgiftene samanlikna med det som er lagt til grunn for løyvinga. Dette har samanheng med redusert saksbehandlingskapasitet som følgje av omstillingsprosess med etablering av regionale bilkontor. Talet på restansar har auka noko gjennom 2010, men er venta bygd ned gjennom 2011. Reduserte utgifter i 2010 vil derfor delvis føre til auka utgifter i 2011.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusera løyvinga under post 74 med 160 mill. kroner.

Post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel

Løyvinga for 2010 er 2 869,3 mill. kroner.

Det er venta ein reduksjon i utgiftene samanlikna med det som er lagt til grunn for løyvinga. Utgiftene til enkelte av dei større hjelpemiddelgruppene minkar.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 75 med 29,3 mill. kroner.

Post 76 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel som tenester

Løyvinga for 2010 er 154 mill. kroner.

Utgiftene har auka noko meir enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Utgiftene samla sett er venta å bli 2 mill. kroner høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 76 med 2 mill. kroner.

Post 77 Ortopediske hjelpemiddel

Løyvinga for 2010 er 925 mill. kroner.

Utgiftene er venta å bli 25 mill. kroner høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga. Utgiftene aukar for alle enkeltstønadane.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 77 med 25 mill. kroner.

Post 78 Høyreapparat

Løyvinga for 2010 er 500 mill. kroner.

Utgiftene er venta å bli 35 mill. kroner høgare enn det som er lagt til grunn for løyvinga, grunna at volumveksten er høgare enn det som tidlegare er lagt til grunn.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 78 med 35 mill. kroner.

Kap. 2670 Alderdom

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

70

Grunnpensjon, overslagsløyving

41 791 226

43 950 000

44 110 000

+160 000

71

Tilleggspensjon, overslagsløyving

65 255 859

70 708 000

71 105 000

+397 000

73

Særtillegg, overslagsløyving

5 753 947

5 900 000

5 875 000

-25 000

Sum endringar

+532 000

Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 43 950 mill. kroner.

Ein reknar med at både talet på alderspensjonistar med grunnpensjon i snitt og gjennomsnittleg yting i 2010 vert litt høgare enn tidlegare venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 70 med 160 mill. kroner.

Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 70 708 mill. kroner.

Ein reknar med at både talet på alderspensjonistar med tilleggspensjon i snitt og gjennomsnittleg yting i 2010 vert litt høgare enn tidlegare venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 71 med 397 mill. kroner.

Post 73 Særtillegg, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 5 900 mill. kroner.

Ein reknar med at gjennomsnittleg yting vert litt lågare enn tidlegare forventa og at talet på alderspensjonistar med særtillegg vert litt høgare enn tidlegare forventa. Det er gjort mindre tekniske justeringar i anslaget på posten som medverkar til at anslaget for løyvinga samla sett setjast ned.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 73 med 25 mill. kroner.

Kap. 2680 Etterlatne

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

70

Grunnpensjon, overslagsløyving

1 290 341

1 302 000

1 295 000

-7 000

71

Tilleggspensjon, overslagsløyving

1 086 473

1 051 000

1 080 000

29 000

72

Særtillegg, overslagsløyving

97 872

99 000

102 000

3 000

74

Utdanningsstønad

567

1 350

500

-850

75

Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving

6 599

10 000

6 000

-4 000

Sum endringar

20 150

Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 1 302 mill. kroner.

Ein reknar med noko lågare gjennomsnittleg yting på mottakarar av grunnpensjon enn lagt til grunn for løyvinga som medverkar til at anslaget for løyvinga samla sett setjast ned.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 70 med 7 mill. kroner.

Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 1 051 mill. kroner.

Ein reknar med at både talet på mottakarar av tilleggspensjon og gjennomsnittleg yting i 2010 vert litt høgare enn tidlegare venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 71 med 29 mill. kroner.

Post 72 Særtillegg, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er 99 mill. kroner.

Ein reknar med at både talet på mottakarar av tilleggspensjon og gjennomsnittleg yting i 2010 vert litt høgare enn tidlegare venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 72 med 3 mill. kroner.

Post 74 Utdanningsstønad

Løyvinga for 2010 er på 1,4 mill. kroner

Utgiftene på denne posten varierer og er derfor vanskeleg å anslå. Ein reknar med at talet på mottakarar av utdanningsstønad vert lågare enn tidlegare venta

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 74 med 0,85 mill. kroner.

Post 75 Stønad til barnetilsyn, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er på 10 mill. kroner.

Utgiftene på denne posten varierer og er derfor vanskeleg å anslå. Ein reknar med at talet på mottakarar av stønad til barnetilsyn vert lågare enn tidlegare venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 75 med 4 mill. kroner.

Kap. 2686 Gravferdsstønad

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

70

Gravferdsstønad, overslagsløyving

148 117

150 000

160 000

10 000

Post 70 Gravferdsstønad, overslagsløyving

Løyvinga for 2010 er på 150 mill. kroner.

Ein reknar med at utgiftene til gravferdsstønad i 2010 vert 10 mill.kroner høgare enn lagt til grunn for løyvinga. Høgare rekneskapstal for 2009 enn det som var lagt til grunn for løyvinga samt auke i satsen for gravferdsstønad frå 1.januar 2010 gjer grunnlag for auke i løyvinga.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 70 med 10 mill. kroner.

Kap. 2690 Diverse utgifter

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirutgift (+)

2009

2010

2010

Mindreutgift (-)

70

Sjukestønadsutgifter i utlandet

287 918

180 000

175 000

-5 000

77

Pasientar frå avtaleland

120 514

125 000

90 000

-35 000

Sum endringar

-40 000

Post 70 Sjukestønadsutgifter i utlandet

Løyvinga for 2010 er 180 mill. kroner.

Utgiftene på denne posten varierer til vanleg mykje frå månad til månad og posten er derfor vanskeleg å anslå. På grunn av utviklinga til og med september vert anslåtte utgifter nedjustert med 5 mill. kroner i 2010.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 70 med 5 mill. kroner.

Post 77 Pasientar frå avtaleland

Løyvinga for 2010 er 125 mill. kroner.

Utgiftene på denne posten varierer til vanleg mykje frå månad til månad, og posten er derfor vanskeleg å anslå. På grunn av utviklinga til og med september vert anslåtte utgifter nedjustert med 35 mill. kroner i 2010

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 77 med 35 mill. kroner.

Kap. 5701 Diverse inntekter

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirinntekt (+)

2009

2010

2010

Mindreinntekt (-)

02

Diverse inntekter

197 102

295 100

355 100

+60 000

03

Hjelpemiddelsentralar m.m.

33 305

30 000

37 000

+7 000

71

Refusjon ved yrkesskade

970 296

1 090 000

972 000

-118 000

73

Refusjon bidragspliktige

404 819

380 000

385 000

+5 000

74

Refusjon medisinsk handsaming

14 598

6 000

50 000

+44 000

Sum endringar

-2 000

Post 02 Diverse inntekter

Løyvinga for 2010 er 295,1 mill. kroner.

Posten består mellom anna av innfordra misbruk av dagpengar/attføringsytingar, inntekter frå renter og avdrag på attføringslån, og diverse refusjonar i samband med feilutbetalingar. Basert på innbetalingar pr. 31. august 2010 på 272 mill. kroner, er samla inntekter venta å bli 355,1 mill. kroner på posten for 2010.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 02 med 60 mill. kroner.

Post 03 Hjelpemiddelsentralar m.m.

Løyvinga for 2010 er 30 mill. kroner.

Dei meste av inntektene er sal av bilar som det har blitt gitt stønad til, og som er bytte inn og av sal av hjelpemiddel. Inntektene så langt i år tyder på at dei samla sett i 2010 vert høgare enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 03 med 7 mill. kroner.

Post 71 Refusjon ved yrkesskade

Løyvinga for 2010 er på 1 090 mill. kroner.

På grunn av innbetalinga av refusjon av oppgjer frå forsikringsnæringa til og med skadeårgang 2009 som er innbetalt til folketrygda, vert anslaget for 2010 118 mill. kroner lågare enn budsjettert.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 71 med 118 mill. kroner.

Post 73 Refusjon bidragspliktige

Løyvinga for 2010 er på 380 mill. kroner.

På grunn av utviklinga til og med september vert anslåtte refusjonar frå bidragspliktige oppjustert med 5 mill. kroner i 2010.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga på post 73 med 5 mill. kroner.

Post 74 Refusjon medisinsk handsaming

Løyvinga for 2010 er på 6 mill. kroner.

Utgiftene på denne posten varierer mykje frå år til år, og posten er derfor vanskeleg å berekne. På grunn av utviklinga så langt i år reknar ein med at inntektene vert om lag 44 mill. kroner høgare enn venta.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 74 med 44 mill. kroner.

Kap. 5705 Refusjon av dagpengar

(1000 kr)

Post

Namn

Rekneskap

Løyving

Forslag

Meirinntekt (+)

2009

2010

2010

Mindreinntekt (-)

01

Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs

69 709

75 000

55 000

-20 000

03

Refusjon av dagpengar frå EØS-land

3 870

3 000

5 000

+2 000

Sum endringar

-18 000

Post 01 Refusjon dagpengar, statsgaranti ved konkurs

Løyvinga for 2010 er 75 mill. kroner.

Arbeids- og velferdsetaten forskotterer dagpengar til personar som vert omfatta av konkurs. Inntektene under denne posten er refusjon av dagpengar i samband med lønnsgaranti ved konkurs.

Tal frå SSB viser at det er eit fall i talet på konkursar hittil i år, samanlikna med same periode i 2009.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under post 01 med 20 mill. kroner.

Post 03 Refusjon av dagpengar frå EØS-land

Løyvinga for 2010 er på 3 mill. kroner.

Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under post 03 med 2 mill. kroner.

Til forsida