Prop. 44 S (2009–2010)

Om endringar i statsbudsjettet for 2009 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

3 Bruk av fullmakter under petroleums­verksemda og SDØE

I samband med den årlege behandlinga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytte til petroleumsverksemda og SDØE, jf. St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2008–2009).

Nedanfor gjer Olje- og energidepartementet greie for bruk av slike fullmakter i 2009.

3.1 Fullmakt XII – Utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel

Fullmakt for forenkla behandling frå styresmaktene si side har blitt nytta ved to høve i 2009:

Troll prosjekt

Departementet mottok 27. juni 2008 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Troll prosjekt. Troll prosjekt omfattar to modifikasjonar som skal forlenge levetida for Trollfeltet med installering av eit tredje rikgassrøyr frå Troll A til prosessanlegget på Kollsnes og gassinjeksjon frå Troll B. Eigardelen til SDØE er 56 pst. Rettshavarane i Trollfeltet er StatoilHydro ASA (operatør), A/S Norske Shell, Total E&P Noreg AS, Conoco­Phillips Noreg AS og Petoro AS.

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 5,7 mrd. 2008-kroner.

Plan for utbygging og drift for Troll prosjekt vart vedteken ved kongeleg resolusjon 19. juni 2009.

Oselvar

Departementet mottok 9. mars 2009 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av ­Oselvar. Oselvar er planlagt som ei undervass­utbygging kopla opp mot Ula. Produksjonen er planlagt å ta til i 2011. Rettshavarane i Oselvar er DONG E&P Noreg (operatør), Bayerngas Produksjon Noreg AS, Norwegian Energy Company AS og Wintershall Noreg AS. SDØE har ikkje eigardelar i Oselvar.

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 4,6 mrd. 2009-kroner.

Plan for utbygging og drift for Oselvar vart vedteken ved kongeleg resolusjon 19. juni 2009.

3.2 Fullmakt XVI – Overføring av delar i røyrleidningar til Gassled

Olje- og energidepartementet godkjende 17. desember 2008 overføring av Norne Gas Transport System, inntektsstraumen i Etanor og Kvitebjørn Gassrøyr til Gassled. Med verknad frå 1. januar 2009 har Norne Gas Transport System og inntektsstraumen i Etanor blitt innlemma i Gassled. Med verknad frå 1. juli 2009 er Kvitebjørn Gassrøyr innlemma i Gassled. Statens del i Gassled er justert for å reflektere desse overføringane.