Prop. 45 S (2009-2010)

Om endringar i statsbudsjettet for 2009 under Justis- og politidepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag om endringar

Kap. 400 Justisdepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Som følgje av forsinka etablering av Utmarksdomstolen for Finnmark (etableringa er avhengig av når det første kravet om rettsleg prøving av Finnmarkskommisjonen sin utgreiingsrapport blir sett fram), er det mogleg å frigjere midlar under kap. 410, post 01 til finansiering av Statsbygg sitt arbeid med planar for landsvern for eigedomane som blir nytta av domstolane over kap. 400, post 01. På denne bakgrunn vert det foreslått å omdisponere 1,1 mill. kroner frå kap. 410, post 01 til kap. 400, post 01, jf. omtale under kap. 410, post 01.

Kap. 410 Tingrettane og lagmannsrettane

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer faste og variable lønsutgifter samt lønsutgifter til tilkalla og ekstraordinære dommarar og andre ordinære driftsutgifter.

Det vert foreslått å redusere løyvinga under kap. 410, post 01 med 1,1 mill. kroner, jf. omtale under kap. 400, post 01.

Kap. 430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer ordinære driftsutgifter (løn, varer og tenester) i kriminalomsorga.

Det vert foreslått å auke løyvinga under kap. 430, post 01 med 4,2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 430, post 21, jf. omtale under kap. 430, post 21.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03. Ettersom inntekter frå husleige, sal og tilskot i 2009 er venta å bli høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2009, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 430, post 01 med 6,8 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3430, post 03.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 04. Som følgje av at tilskot frå Utanriksdepartementet til internasjonalt fengselssamarbeid i 2009 er høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga for 2009, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 430, post 01 med 0,4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3430, post 04.

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 430, post 01 med 11,4 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under kap. 430, post 01

Posten omfattar utgifter arbeidsdrifta har til materiale, vanleg utskifting av mindre maskiner og utstyr, kursing av tilsette retta mot hjelpemiddel brukt i arbeidsdrifta samt vedlikehald og drift av maskinparken. Arbeidspengar til dei innsette inngår også i løyvinga.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 21 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 02. Inntektene som vert ført under posten er venta å bli høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga for 2009. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 430, post 21 med 5,1 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3430, post 02.

Meirutgiftene i samband med arbeidsdrifta under kap. 430, post 21 er venta å bli lågare enn meirinntekta under kap. 3430, post 02. Det vert derfor foreslått å omdisponere 4,2 mill. kroner frå kap. 430, post 21 til kap 430, post 01, jf. omtale under kap. 430, post 01.

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 430, post 21 med 0,9 mill. kroner.

Kap. 3430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning

Post 02 Inntekter frå arbeidsdrifta

Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå sal av arbeidsdrifta sin produksjon.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 21 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 02. Inntektene som vert ført under posten er venta å bli høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2009. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3430, post 02 med 5,1 mill. kroner, jf. omtale under kap. 430, post 21.

Post 03 Andre inntekter

Løyvinga på posten dekkjer m.a. leigeinntekter for teneste- og leigebustad, refundert kost og husleige samt klientavhengige driftstilskot til overgangsbustadane.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 03. Inntektene frå sal og tilskot som vert ført under posten er venta å bli 6,8 mill. kroner høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2009. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 3430, post 03 med 6,8 mill. kroner, jf. omtale under kap. 430, post 01.

Post 04 Tilskot

Løyvinga dekkjer tilskot til deltaking i internasjonalt fengselssamarbeid.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430, post 01 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430, post 04. Ettersom tilskot frå Utanriksdepartementet til internasjonalt fengselssamarbeid er høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2009 vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3430, post 04 med 0,4 mill. kroner, jf. omtale under kap. 430, post 01.

Kap. 440 Politidirektoratet - politi- og lensmannsetaten

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 441, post 01

Løyvinga dekkjer alle ordinære driftsutgifter ved Politidirektoratet, politidistrikta (ikkje Oslo politidistrikt), politireserven og politiet sine særorgan (ikkje Politihøgskolen).

Det er venta ein nedgang i talet på produserte pass. Dette vil gje reduserte utgifter på til saman 8,6 mill. kroner. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 440, post 01 med 8,6 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3440, post 01.

Med bakgrunn i kravet om realistisk budsjettering vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 50 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3440, post 03.

Konsekvensar av EUs avgjerd om Schengen informasjonssystem (SIS II)

EU har vedteke å gje høgare prioritet til prosjektet, og medlemslanda har forplikta seg til å utvikle/sluttføre sine nasjonale Schengen informasjonssystem. Medlemslanda skal også gjennomføre ulike testaktivitetar i samarbeid med EU-kommisjonen mot det sentrale SIS II.

EU-avgjerda har vesentlege konsekvensar for det norske SIS II prosjektet. Aktivitetsnivået må aukast andre halvår 2009 for å kunne møte dei internasjonale pliktene opp mot EU. Auka aktivitet medfører i hovudsak behov for å ta inn fleire eksterne konsulentar med spisskompetanse i prosjektet, og kostnadene stig vesentleg som følgje av dette. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 10 mill. kroner.

Oppsummering

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 01 med 51,4 mill. kroner.

Post 23 Sideutgifter i samband med sivile gjeremål

Posten dekkjer sideutgifter i samband med dei sivile gjeremåla.

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440, post 23 med 10 mill. kroner.

Post 73 Tilskot til EUs yttergrensefond

Det er no klart at Noreg sitt tilskot til EUs yttergrensefond for 2009 ikkje vil bli krevd inn før i 2010. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 440, post 73 med 47 mill. kroner i 2009. Løyvinga for 2010 er på denne bakgrunne foreslått styrka, jf. Prop. 1 S (2009-2010) for Justisdepartementet.

Kap. 3440 Politidirektoratet - politi- og lensmannsetaten

Post 01 Gebyr - pass og våpen

Posten dekkjer inntekter frå behandlingsgebyr for pass og våpenløyvingar. Posten dekkjer også gebyr for Oslo politidistrikt.

Det vert vist til omtale under kap. 440, post 01 om redusert passproduksjon. Inntektene på posten er lågare i 2009 enn for tilsvarande periodar tidligare år. På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og venta utvikling vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3440, post 01 med 40 mill. kroner.

Post 03 Salsinntekter

På posten vert det rekneskapsført inntekter frå innbytte og sal av utskifta køyretøy m.m.

Med bakgrunn i kravet om realistisk budsjettering vert det foreslått å løyve 50 mill. kroner under kap. 3440, post 03, jf. omtale under kap. 440, post 01. Tilsvarande oppjustering er foreslått i Prop. 1 S (2009-2010) for Justisdepartementet.

Post 06 Gebyr - utlendingssaker

Posten dekkjer gebyr i samband med statsborgarskap, familieinnvandring og arbeids-, busettings- og utdanningsløyver.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3440, post 06 med 10,9 mill. kroner.

Post 07 Gebyr - Sivile gjeremål

Posten skal dekkje gebyrinntekter i samband med den sivile rettspleia på grunnplanet - dvs. gebyr for tvangsforretningar og forliksrådsbehandling.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3440, post 07 med 85 mill. kroner.

Kap. 441 Oslo politidistrikt

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer alle ordinære driftsutgifter i Oslo politidistrikt.

Som følgje av mindre aktivitet knytta til politioppdrag som gjev refusjonar, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 441, post 01 med 5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3441, post 02.

Vidare vert det på bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling foreslått å auke løyvinga under kap. 441, post 01 med 1,5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 3441, post 05.

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 441, post 01 med 3,5 mill. kroner.

Kap. 3441 Oslo politidistrikt

Post 02 Refusjonar

Posten gjeld i hovudsak refusjonar av utgifter for politioppdrag som einingane i politidistriktet har utført for organisasjonar, lag, entreprenørar og offentlege etatar i samsvar med særskilt heimel.

Inntektsmålet for posten ligg noko høgt, og hittil i år er det rekneskapsført lite på posten i høve til tidlegare år. Dette har samanheng med politikonflikten som fann stad i første halvår 2009, der polititilsette tok på seg færre privatbetalte oppdrag. Aktiviteten vil truleg ta seg opp dei siste månadene av året. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3441, post 02 med 5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 441, post 01.

Post 05 Personalbarnehage

Posten omfattar foreldreinnbetaling og statstilskot til personalbarnehage.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3441, post 05 med 1,5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 441, post 01.

Kap. 3451 Samfunnssikkerhet og beredskap

Post 01 Gebyr

Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå avgifter til dekning av utgifter for tilsyn retta mot risikofylt verksemd.

Avgiftsinnbetalingane er venta å bli lågare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2009. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3451, post 01 med 3,9 mill. kroner.

Kap. 456 Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK)

I St.prp. nr. 67 (2008-2009) vart det gjort greie for ytterlegare forseinkingar i leveransen av Nødnett, i hovudsak knytta til utsetjing i leverandøren si avsluttande testing av systemet. I St.prp. nr. 83 (2008-2009) orienterte Justisdepartementet om at prosjektet er hefta med ytterlegare utfordringar og nye forseinkingar. Dette skuldast m.a. uvisse knytta til framdrifta i utviklinga av kommunikasjonssentralane i brann- og helseetatane. Det er behov for endringar i spesifikasjonane og i funksjonaliteten til desse kommunikasjonssentralane for å kunne ta Nødnett i bruk i dei to etatane.

Regjeringa har i Prop. 1 S (2009-2010) for Justisdepartementet foreslått løyvingar for fyrste trinn av Nødnett i budsjettet for 2010. Forslag til løyvingar i 2010 kjem som eit resultat av utsette betalingsmilepælar i 2009, og det vert derfor foreslått ei nedjustering av løyvingane under kap. 456 i 2009, jf. nærare omtale nedanfor.

På grunn av forseinkinga og etatane sine behov for endringar i spesifikasjonar og funksjonalitet til kommunikasjonssentralane, kan den totale kostnaden for fyrste byggetrinn bli høgare enn tidlegare lagt til grunn. Stortinget har i Innst. S. nr. 346 (2008-2009), jf. St.prp. nr. 83 (2008-2009) gitt samtykke til at Kongen i statsråd får fullmakt til å auke kostnadsramme for fyrste byggetrinn med inntil 110 mill. kroner. Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) har i tråd med St.prp. nr. 83 (2008-2009) ført forhandlingar med leverandøren om ferdigstilling av fyrste byggetrinn. Resultatet frå forhandlingane mellom staten og leverandøren ligg til handsaming i Justisdepartementet. Forslaga til endringar i budsjettet for 2009 tar høgde for Justisdepartementet sine foreløpige vurderingar av resultata av forhandlingane. Dersom sluttføringa av forhandlingane medfører endringar i behova, vil Regjeringa kome tilbake til Stortinget på egna måte.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer staten sine kostnader til drift av Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) og kostnader til drift til leverandøren for dei områda som vert bygd ut og satt i drift i 2008 og 2009.

Justisdepartementet sine foreløpige vurderingar av framdrifta i utbygginga og av forhandlingsresultatet, tilseier at løyvinga under kap. 456, post 01 i 2009 bør reduserast. Dette har m.a. bakgrunn i at forseinkingar hjå leverandøren vil føre til ei utsetjing av utbetalingar frå DNK i 2009. Vidare vil politiet bli fakturert for utgifter knytta til transmisjonskostnader til kommunikasjonssentralar som det ikkje er tatt høgde for i budsjettet for 2009, jf. omtale under kap. 3456, post 02. DNK sine meirutgifter til forhandlingane trekk i retning av auka kostnader. Vidare vil det i 2009 kome auka kostnader til site/masteleige. Justisdepartementet tilrår vidare at driftsmessige konsekvensar i 2009 som følgje av nokre endringar initiert av etatane på 3,5 mill. kroner vert dekt gjennom ei overføring frå kap. 456, post 45, jf. omtale under kap. 456, post 45.

Oppsummering

Basert på dei foreløpige vurderingane av framdrifta i utbygginga og av forhandlingsresultatet, vert det samla foreslått å redusere løyvinga under kap. 456, post 01 med 70 mill. kroner i 2009.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på posten skal dekkje investeringar i radionett, utstyr til naudetatane sine kommunikasjonssentralar og terminalar for fyrste utbyggingsområde.

Forseinkinga fører til utsett betaling av investeringsutgifter for nettverk- og kommunikasjonssentralleveranse. Mulige endringar i betalingsmilepælar for nettverk og kommunikasjonssentralar som vert vidarefakturert etatane og Statens vegvesen vil trekke i motsatt retning, jf. omtale under kap. 3456, post 02. I fyrste utbyggingsområde av Nødnett vil det oppstå utgifter for DNK som vert refundert av leverandøren. Dei ytterlegare forseinkingane tilseier at refusjonane i 2009 vil reduserast, jf. omtale under kap. 3456, post 02. Vidare vert det foreslått å overføre 3,5 mill. kroner til kap. 456, post 01 som følgje av endringar initiert av etatane, jf. omtale under kap. 456, post 01.

Oppsummering

Basert på dei foreløpige vurderingane av framdrifta i utbygginga og av forhandlingsresultatet, vert det samla foreslått å redusere løyvinga under kap. 456, post 45 med 258 mill. kroner i 2009.

Kap. 3456 Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK)

Post 01 Brukarbetaling

DNK kan ikkje krevje betaling frå brukarane før tidlegast seks månader etter oppstart av stabilitetsperioden. Forseinking i utbygginga medfører at det ikkje kan krevjast betaling frå brukarane i 2009.

Det vert foreslått å redusere løyvinga under kap. 3456, post 01 med 4,563 mill. kroner i 2009.

Post 02 Refusjonar

I samband med fyrste utbyggingsområde av Nødnett vil det oppstå utgifter for DNK som skal bli refundert av leverandøren. Dei ytterlegare forseinkingane tilseier at refusjonane i 2009 vil bli redusert, jf. omtale under kap. 456, post 45. Vidare vil Politiet bli fakturert for utgifter relatert til transmisjonskostnader til kommunikasjonssentralar som det ikkje er tatt høgde for i budsjettet for 2009, jf. omtale under kap. 456, post 01. Også mulige endringar i betalingsmilepælar for nettverk og kommunikasjonssentralar som vert vidarefakturert etatane og Statens vegvesen vil auke behovet for løyvingar under kap. 3456, post 02, jf. omtale under kap. 456, post 45.

Oppsummering

Basert på dei foreløpige vurderingane av framdrifta i utbygginga og av forhandlingsresultatet, vert det samla foreslått å auke løyvinga under kap. 3456, post 02 med 22,5 mill. kroner i 2009.

Kap. 3462 Tinglysning

Post 01 Gebyrinntekter, burettsregister

Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå registreringar av rettar i burettsdelar.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3462, post 01 med 6 mill. kroner.

Post 02 Gebyrinntekter, fast eigedom

Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå tinglysing i fast eigedom ved Statens kartverk.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3462, post 02 med 20 mill. kroner.

Kap. 5630 Aksjar i Norsk Eigedomsinformasjon as

Post 85 Utbytte

Gjeldande løyving under posten i 2009 er 8,7 mill. kroner. På generalforsamlinga til Norsk Eigedomsinformasjon as våren 2009 vart det vedteke eit utbytte på 10,728 mill. kroner for rekneskapsåret 2008. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 5630, post 85 med 2,028 mill. kroner.

Kap. 470 Fri rettshjelp

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til sakkunnige og meddommarar m.m. i saker der det er gitt fri saksførsel.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 470, post 01 med 0,5 mill. kroner.

Post 70 Fri sakførsel

Løyvinga på posten skal gå til å dekkje utgifter til advokat i saker der det er gitt heil eller delvis fri sakførsel.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470, post 70 med 30 mill. kroner.

Kap. 3470 Fri rettshjelp

Post 01 Tilkjende saksomkostningar m.m.

Saksomkostningar tilkjent staten i benefiserte saker blir førte under posten.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3470, post 01 med 2 mill. kroner.

Kap. 471 Staten sitt erstatningsansvar

Post 72 Erstatning etter straffeforfølging, overslagsløyving

Etter straffeprosesslova kap. 30 og 31, jf. forskrift om standardsatsar for erstatning i høve av straffeforfølging, har ein sikta rett til erstatning for økonomisk tap og til oppreisning etter faste satsar for krenking eller anna skade av ikkje-økonomisk art dersom vedkomande blir frifunne, forfølginga mot vedkomande blir innstilt, eller vedkomande har vore pågripen eller fengsla i strid med sentrale menneskerettskonvensjonar. Løyvinga på posten er regelstyrt.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 471, post 72 med 4 mill. kroner.

Kap. 472 Valdsoffererstatning og rådgiving til offer for kriminalitet

Post 70 Erstatning til offer for vald, overslagsløyving

Posten er ei regelstyrt overslagsløyving og skal gå til erstatning i saker etter valdsoffererstatningslova, m.a. sakskostnader i samband med søknaden og klagebehandlinga.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 472, post 70 med 21 mill. kroner.

Kap. 475 Bubehandling

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer dei regelstyrte utgiftene til staten i samband med behandlinga av saker om tvangsoppløysing av aksjeselskap og saker om konkurs etter konkurslova § 73.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 475. post 01 med 10 mill. kroner.

Til forsida