2 Programkategori 21.10 Administrasjon
Kap. 1300 Samferdselsdepartementet
Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar
Kontingentane til dei internasjonale organisasjonane som Samferdselsdepartementet er medlem i, blir stort sett betalte i euro og sveitsiske franc. Frå kontingentane blei budsjetterte og fram til utbetalingstidspunktet har valutakursane blitt høgare. Kontingentane for eit fleirtal av organisasjonane har derfor auka. Samferdselsdepartementet foreslår å auka løyvinga på kap. 1300, post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar, med 1,3 mill. kr.