5 Merknader til dei enkelte føresegnene
§ 77 tredje ledd
I andre setning strykast “på åremål” og “for åtte år”. Tredje setning, som gjeld ny oppnemning, strykast i sin heilskap. Med desse endringane vil nemndleiarane etter lova ikkje lenger bli tilsette på åremål. Hovudregelen i tjenestemannsloven om fast tilsetjing vil gjelde. Departementet viser til merknadene i punkt 2.5.3 og grunngjevinga der.
§ 98 a Anvendelsesområdet for bestemmelsene i dette kapittelet
Føresegna fortel kven som har rett til representant. I første ledd første punktum vert det slått fast at føresegnene i kapittel 11A skal gjelde for personar under 18 år (mindreårige) som oppheld seg i landet utan foreldre eller andre som har foreldreansvaret, og som søkjer om vern, dvs. einslege, mindreårige asylsøkjarar. Definisjonen av mindreårige samsvarer med vergemålsloven 2010 § 8. Det skal oppnemnast ein representant sjølv om barnet kjem saman med ein vaksen, dersom den vaksne ikkje har foreldreansvaret for barnet.
Det skal også oppnemnast representant når omsorgspersonane til den mindreårige ikkje lenger er i stand til å utøve foreldreansvaret, jf. første ledd andre punktum. Føresegna gjeld tilfelle der foreldra varig eller mellombels er ute av stand til å utøve foreldreansvaret. Ei typisk årsak til at foreldra ikkje lenger er i stand til å utøve foreldreansvaret, vil vere at dei forlèt Noreg eller tek opphald på ein ukjend stad. Det går fram av barnelova § 30 at barnet har krav på omsorg og omtanke frå den/dei som har foreldreansvaret. Foreldra skal ta avgjerder for barnet i personlege forhold og utøve foreldreansvaret ut frå interessene og behova til barnet, og gi barnet forsvarleg oppdraging og forsørging og sørgje for utdanning til barnet. Det forholdet at foreldra manglar kunnskap om det norske samfunnet og det norske språket er ikkje tilstrekkeleg til å rekna dei for ikkje å vere i stand til å utøve foreldreansvaret. Aktuelle situasjonar er der omsorgsevna til foreldra sviktar av årsaker som rus, psykisk helse, vald osv.
Andre ledd slår fast at føresegnene i kapittel 11A gjeld tilsvarande for mindreårige som ein meiner har vore utsette for menneskehandel, sjølv om den mindreårige ikkje søkjer om vern, jf. første ledd. Det er eit vilkår at den mindreårige søkjer om opphaldsløyve etter føresegnene i utlendingsforskriften om refleksjonsperiode osv. for offer for menneskehandel, gitt med heimel i utlendingsloven § 38. Opphaldsløyve som vert innvilga etter desse føresegnene dannar ikkje grunnlag for permanent opphaldsløyve. Den mindreårige vil derfor ha rett til representant også etter at slikt opphaldsløyve er innvilga, jf. § 98 g.
Reglane i vergemålsloven gjeld så langt dei passar, jf. tredje ledd. Dette inneber m.a. at reglane i vergemålsloven om organisering av verjemålsmyndigheita, saksbehandling, rettsleg handleevne, inhabilitet, tvisteløysing, teieplikt, klagerett osv. er gjeldande. Vidare er reglane i vergemålsloven om den mindreårige si rettslege handleevne og råderett osv. gjeldande. Føresegnene i utlendingsloven kapittel 11A om oppgåvene til representanten må supplerast av føresegnene i vergemålsloven om oppgåvene til verja og utføringa av verjeoppdraget. Tilsvarande gjeld forskrifter til vergemålsloven så langt dei passar. Føresegner som vedkjem verjer i anna lovgiving enn vergemålsloven, skal også gjelde så langt dei passar. Representanten vil t.d. kunne få partsrettar etter straffeprosessloven § 83 og kompetanse etter skifteloven § 84. Vidare kan det visast til reglar om habilitet i domstolloven § 106 og forvaltningsloven § 6.
§ 98 b Oppnevning, opplæring mv.
Det følgjer av første ledd første punktum at representant skal oppnemnast straks fylkesmannen er gjord merksam på behovet. Bruk av faste representantar vil truleg lette oppnemninga i innkomstfasen. I praksis vil det ofte vere politiet eller utlendingsmyndigheitene som først kjem i kontakt med den mindreårige. Desse må så raskt som mogleg gi beskjed til fylkesmannen.
Fylkesmannen har ifølgje første ledd andre punktum ansvar for å oppnemne representant for einslege, mindreårige asylsøkjarar som har fast opphald i det aktuelle verjemålsdistriktet. Barnet skal fylgjeleg få oppnemnt representant i innkomstfasen sjølv om det ikkje kan seiast å ha bustad på transittmottaket. Barnet skal likevel ikkje få oppnemnt ny representant dersom det heilt mellombels tek opphald på ein ny stad.
Andre ledd slår fast at fylkesmannen har ansvaret for at representantane gjennomgår opplæring som er nødvendig for utføring av oppdraget. Opplæringa bør gjennomførast raskt etter oppnemninga. Representantar som skal stå på ei eventuell liste over faste representantar, bør ha gjennomgått opplæring før oppnemninga.
Fylkesmannen skal også gi rettleiing og hjelp til representantane. Rettleiingsplikta til fylkesmannen må skjønast på same måte som rettleiingsplikta etter forvaltningsloven. Bistandsplikta går noko lenger og inneber at fylkesmannen så langt som mogleg skal gi konkrete råd i den aktuelle situasjonen. Føresegna har samanheng med føresegna i vergemålsloven 2010 om at verja bør rådføre seg med fylkesmannen når han eller ho er i tvil, og når det gjeld avgjerder av særleg tyding for den som er under verjemål. Føresegna i vergemålsloven gjeld tilsvarande for representantar, jf. § 98 a tredje ledd. Fylkesmannen skal vidare føre tilsyn med representantane i distriktet sitt. Fylkesmannen kan i denne samanhengen påleggje representanten å gi opplysningar om utføringa av oppdraget.
Etter tredje ledd skal fylkesmannen gi Utlendingsdirektoratet melding om kven som er oppnemnd som representant for den einslege, mindreårige asylsøkjaren. Slik melding bør sendast så raskt som mogleg, m.a. fordi Utlendingsdirektoratet vil ha behov for løpande kontakt med den mindreårige og hans/hennar representant.
§ 98 c Hvem som kan oppnevnes som representant
Føresegna byggjer på forslaget frå utvalet til § 7 og delvis § 6. I første ledd første punktum vert det stilt krav om at representanten skal vere eigna. Det er ein føresetnad at den som vert oppnemnd som representant, har gode kunnskapar om det norske samfunnet og det norske språket og kan orientere seg i det offentlege systemet, slik at representanten kan utføre oppgåvene sine etter § 98 d. Oppdraget som representant er frivillig, og representanten må derfor samtykkje til oppnemninga. Ektefellen eller sambuaren til den mindreårige kan ikkje oppnemnast som representant, jf. første ledd andre punktum.
Ifølgje andre ledd første punktum skal representanten leggje fram politiattest. Politiattesten skal fortelje om personen er sikta, tiltalt, har vedteke førelegg eller er dømd for overtreding av straffebod i samsvar med politiregisterloven § 39 første ledd, jf. andre ledd andre punktum. Det vert påpeika at heimelen for krav om politiattest er utlendingsloven, mens innhaldet i politiattesten går fram av politiregisterloven. Det vert elles vist til dei generelle merknadene.
Andre ledd tredje punktum i føresegna inneber at overtredingane skal noterast i samsvar med politiregisterloven § 41 nr. 1. Dette inneber at sjølv om attesten sakleg sett blir avgrensa, så vert han tidsmessig uttømmande innanfor desse områda. Etter departementet sitt syn vil det ut frå formålet med attesten vere vesentleg å kjenne til den eventuelle kriminelle fortida til vedkomande utan noka tidsavgrensing.
Politiattesten skal leggjast frem for fylkesmannen, og han vil inngå i vurderinga hos fylkesmannen av om kandidaten er eigna til vervet før oppnemninga, jf. andre ledd fjerde punktum.
Dersom oppnemning pga. hasteaspektet skjer før politiattest er framlagd, jf. andre ledd femte punktum, må politiattest leggjast fram så raskt som mogleg etter oppnemninga. Om politiattesten inneheld opplysningar som tilseier at personen ikkje er eigna, skal fylkesmannen ta frå representanten vervet, jf. § 98 g andre ledd.
§ 98 d Representantens oppgaver
Føresegna fører vidare hovudelementa i utkastet § 3, og departementet sitt forslag inneber ingen store endringar i kva for oppgåver representanten skal ha. Det vert understreka at omsynet til det beste for barnet er ei overordna norm for korleis representanten skal utføre oppdraget. Etter barnekonvensjonen artikkel 3 skal omsynet til det beste for barnet tilleggjast vekt ved alle handlingar som vedrører barn. Interessene til barnet skal vere sentrale, men utelukkar ikkje at andre omsyn også får stor vekt. I første ledd går det fram at representanten skal ivareta interessene til den mindreårige i asylsaka. Det går tydeleg fram at representanten også vil kunne ha oppgåver etter anna lovgiving, som til dømes vergemålsloven og straffeprosessloven.
Andre ledd listar opp dei mest sentrale oppgåvene som representanten har i asylsaka. Opprekninga er ikkje uttømmande. Bokstav a vil bl.a. omfatte nærvær ved registrering hos politiet, samtale med Utlendingsdirektoratet/asylintervju og personleg frammøte i Utlendingsnemnda.
Andre ledd bokstav b og c er utforma slik at det tydeleg går fram at representanten skal hjelpe barnet. Det vert understreka at representanten skal handle ut frå det beste for barnet, og representanten må vurdere om det er til det beste for barnet å kome saman med foreldra sine. Det kan derfor oppstå situasjonar der representanten bør samarbeide med myndigheitene i deira arbeid med oppsporing av omsorgspersonar, sjølv om barnet gir uttrykk for at han eller ho ikkje ønskjer å finne foreldra sine.
Departementet meiner det er viktig at representanten held seg oppdatert om utlendingssaka, men utan at oppdraget grip inn i oppgåvene til advokaten. Dette kjem til uttrykk i andre ledd bokstav d. Representanten må likevel ta endeleg stilling til om eit vedtak skal påklagast, då mindreårige ikkje sjølv kan stå for rettslege handlingar, jf. vergemålsloven 2010 § 9.
Tredje ledd slår fast at representanten skal sjå til at omsorgsbehovet til den mindreårige blir ivareteke på ein tilfredsstillande måte, men avgrensar oppgåvene til representanten mot dagleg omsorg og forsørging.
Representanten skal etter fjerde ledd første punktum ta tilbørleg omsyn til bakgrunnen til barnet ved utføring av oppdraget. Representanten skal sørgje for forsvarleg kommunikasjon mellom seg og den mindreårige. Dette vil kunne innebere at tolk bør innkallast, men representanten har berre ansvar for å innkalle tolk til samtaler mellom den mindreårige og seg sjølv. I møte med offentlege myndigheiter vil desse ha ansvaret for å innkalle tolk dersom dei meiner det er behov og for utgiftsdekning i denne samanhengen. I fjerde ledd andre punktum vert Kongen gitt myndigheit til å fastsetje nærmare reglar om dekning av utgifter til tolk i forskrift. Det kan m.a. vere aktuelt å fastsetje ei øvre grense for talet på timar som vert dekte.
§ 98 e Plikten til å høre den mindreårige
Representanten si plikt til å høyre den mindreårige etter første punktum samsvarer med føresegnene i barnevernloven om høyringsplikt, jf. barnevernloven § 6-3 første ledd. Etter andre punktum skal representanten leggje vekt på utsegnene til barnet, men han/ho er ikkje tvinga til å fylgje ønskjene til den mindreårige dersom representanten meiner dette ikkje er til det beste for barnet.
§ 98 f Godtgjøring for representantoppdraget og dekning av utgifter
Føresegna byggjer på forslaget til § 10 frå utvalet. Av første ledd første punktum går det fram at arbeidet som representant skal godtgjerast, og at representanten skal få dekt nødvendige utgifter. Ifølgje første ledd andre punktum skal godtgjeringa og nødvendige utgifter dekkjast av fylkesmannen i det verjemålsdistriktet der den mindreårige har fast opphald. Det vert vist til merknad til § 98 b første ledd andre punktum.
Det må stillast opp nærmare rammer for i kva omfang arbeidet til representanten skal godtgjerast. Berre tidsbruk som er nødvendig for i tilstrekkeleg grad å ivareta den mindreårige, skal godtgjerast. Kongen vert gitt myndigheit til å regulere dette nærmare i forskrift, jf. andre ledd. Det kan m.a. fastsetjast ei øvre grense for talet på timar som vert dekte.
§ 98 g Opphør av representantoppdraget
Føresegna byggjer på forslaget frå utvalet til § 5 og § 2 andre ledd. Første ledd regulerer når oppdraget til representanten fell bort.
Når barnet fyller 18 år, er asylsøkjaren ikkje lenger å rekne som mindreårig, og oppdraget fell bort, jf. første ledd bokstav a. Oppdraget vil også falle bort dersom Utlendingsdirektoratet gjennom vedtak legg til grunn at asylsøkjaren er over 18 år. Det vert elles vist til avsnit 3.17.
Dersom den mindreårige vert innvilga opphaldsløyve i Noreg, skal barnet busetjast og har rett til verje på lik linje med andre barn i Noreg utan foreldre eller andre med foreldreansvar. I praksis kan det likevel ta noko tid før den mindreårige vert busett etter innvilga opphaldsløyve. Det er viktig at det ikkje oppstår mellomperiodar der den mindreårige står utan representasjon. Oppdraget til representanten skal derfor først avsluttast når det er oppnemnt verje etter vergemålsloven, jf. første ledd bokstav b. Dersom den mindreårige får eit opphaldsløyve som ikkje dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve, held oppdraget til representanten fram. Dette vil for eksempel vere praktisk ved innvilging av refleksjonsperiode til offer for menneskehandel.
Oppdraget fell bort etter første ledd bokstav c dersom barnet reiser frå landet, uavhengig av om asylsaka til barnet er avgjord eller ikkje. Oppdraget fell likevel først bort når det vert rekna som sannsynleg at barnet varig har forlate landet.
Dersom barnet kjem saman med foreldra sine att, vil desse ta opp att funksjonen sin som verjer, jf. første ledd bokstav d. Tilsvarande gjeld når årsaka til at dei var ute av stand til å ta vare på foreldreansvaret fell bort. Føresegna vil også omfatte tilfelle der den mindreårige vert adoptert eller det vert gjort vedtak om foreldreansvaret.
Første ledd bokstav e er ei samlenemning og kan m.a. omfatte tilfelle der verjemålsmyndigheita legg til grunn at asylsøkjaren er over 18 år.
Etter andre ledd første punktum kan ein representant krevje å bli løyst frå oppdraget. Andre ledd andre punktum skal sikre at omsynet til det beste for barnet blir ivareteke gjennom at representanten kan fråtakast oppdraget dersom omsynet til den mindreårige sitt beste tilseier det. Både barnet sjølv og andre kan melde frå om forhold som tilseier at representanten bør fråtakast vervet sitt. Fylkesmannen bør vurdere om det skal oppnemnast ein ny representant dersom barnet flyttar. Ved vurderinga må det takast omsyn til det behovet barnet har for kontinuitet i vaksenkontakten og behovet for effektiv oppfylging. Det går fram av andre ledd tredje punktum at oppdraget ikkje fell bort før ny representant er oppnemnd.
Overgangsreglar
Vedtak om oppnemning av verje for einslege, mindreårige asylsøkjarar gjort med heimel i lov 22. april 1927 nr. 3 om vergemål for umyndige, fell ikkje bort. Føresegnene i utlendingsloven om representantordninga vil likevel gjelde for oppdraget frå den tida lovendringane her trer i kraft. Dette vil m.a. seie at fylkesmannen får forvaltningsansvaret for denne gruppa. Tidlegare oppnemnde verjer for einslege, mindreårige asylsøkjarar skal etter ikrafttredinga nemnast som representantar. Føresegnene her trer i kraft samtidig med lov av 26. mars 2010 nr. 9 om vergemål (vergemålsloven).