1 Bakgrunn
Samferdselsdepartementet viser til omtale av Oslopakke 3 i Prop. 1 S (2009-2010) s. 77. Styringsgruppa for Oslopakke 3 har lagt fram eit forslag til handlingsprogram for veg- og jernbanetiltak for perioden 2010 - 2013. Akershus fylke ga sin tilslutning til handlingsprogram for Oslopakke 3 for perioden 2010 - 2013 ved vedtak i fylkestinget den 29. oktober 2009. Oslo kommune ved bystyret ga sin tilslutning til handlingsprogrammet den 11. november 2009. Lokalt er det lagt opp til at handlingsprogrammet skal rullerast kvart år.
Det går fram av St.meld. nr. 17 (2008-2009) at revisjon av pakken og portefølja skjer ved rullering av Nasjonal transportplan, oppfølgjande handlingsprogram og i dei årlege budsjetta. Det er vidare lagt til grunn at gjennomføringa av Oslopakke 3 og val av prosjekt/tiltak skal skje ved ei målretta styring av pakken.
Når det gjeld aktiviteten for Oslopakke 3 i 2010, vil denne i all hovudsak vera knytt til tiltak og prosjekt som allereie er sette i gang. Samferdselsdepartementet vil leggja fram ei sak for Stortinget om hovudinnretninga i handlingsprogrammet for Oslopakke 3 for perioden 2010-2013 på nyåret.