1 Innleiing
Føremålet med denne proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning av oppstart av eit nytt investeringsprosjekt for framskaffing av ein kommunikasjonssatellitt til Forsvaret.
Stortinget vart gjennom St.prp. nr. 78 (2006-2007), St.prp. nr. 1 (2007-2008), St.prp. nr. 1 (2008-2009), samt Prop. 1 S (2009-2010) informert om framdrifta i prosjektet for å framskaffe kapasiteten til Forsvaret.