1 Innleiing
Den 14. desember 2011 blei ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Den Orientalske Republikken Uruguay om opplysningar i skattesaker underskriven i Paris. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg resolusjon av 18. november 2011. Overeinskomsten blei på vegne av Noreg underskriven av ambassadør Tarald O. Brautaset og på vegne av Den Orientalske Republikken Uruguay av ambassadør Omar Mesa. Overeinskomsten vil tre i kraft 30 dager etter at begge partane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft. Avtala får verknad for straffbare skattesaker frå denne dato og for andre saker frå og med det skatteår som byrjar på eller etter 1. januar i det kalenderåret som fylgjer etter det året da avtala trer i kraft.