4 Høyringsinstansanes merknader
Det store fleirtalet (24) av høyringsinstansane har ikkje merknader til lovforslaget. Ingen av høyringsinstansane har merknader til teksten i lovforslaget. Det er fem høyringsinstansar som uttrykkjer at dei er positive til dei materielle sidene av forslaget, som inneber oppgåveoverføring frå ABM-utvikling til Nasjonalbiblioteket, mellom anna Biblioteksentralen. Fire høyringsinstansar er skeptiske til dei materielle sidene av forslaget, mellom anna Oslo kommune.
Norsk Bibliotekforening tek til etterretning departementets avgjerd i saka og støttar forslaget. Norsk Bibliotekforening har tidlegare vore kritisk til ei oppsplitting av fagmiljøet ved ABM-utvikling, ved at nokre av oppgåvene vert vidareførte under Kunnskapsdepartementet.
Biblioteksentralen uttalar seg slik i sitt høyringssvar:
«Nasjonalbiblioteket har vist stor styrke og stor handlekraft på de områdene de er satt til å forvalte, og vi ser på forslaget om å overføre de oppgavene som i dag ligger hos ABM-utvikling til Nasjonalbiblioteket som framtidsrettede og gir sektoren en økt mulighet for utvikling.»
Også Kulturforbundet har uttala seg om Nasjonalbiblioteket si rolle overfor biblioteksektoren:
«Nasjonalbiblioteket må nå få en helt annen rolle enn tidligere. Konsekvensen av departementets avgjørelse er, slik Kulturforbundet ser det, at Nasjonalbibliotekets målsetting og mandat må endres til også å omfatte folkebibliotekutvikling på bred basis.»
Oslo kommune meiner at forslaget til endring ikkje i seg sjølv er dramatisk, men viser til at kommunen tidlegare har gjeve utrykk for behovet for eit felles og uavhengig statleg organ på abm-området. Oslo kommune understrekar at ei overføring av ansvaret for dei fleste statlege bibliotekoppgåvene til Nasjonalbiblioteket ikkje må innebere at Nasjonalbiblioteket skal vere operativt på område som lokale og regionale bibliotek i dag tek ansvar for på ein god måte.
Nokre institusjonar frå universitets- og høgskulesektoren kommenterer høyringsnotatet si omtale av Nasjonalbibliotekets rolle overfor bibliotek i denne sektoren, men dette ligg på sida av lovendringa som høyringa gjeld og blir ikkje omtala her.