2 Forslag om endringar
Med bakgrunn i framdrifta i Nødnettprosjektet og som del av ordinær kontraktsoppfølging med leverandøren, blei det hausten 2010 avtalt endringar på tidspunkt for leverings- og betalingsmilepælar. Som følgje av dette og i tråd med kravet til realistisk budsjettering, blei det behov for endringar i periodiseringa av utgiftene mellom 2010 og 2011. I Prop. 21 S (2010-2011) Endringar i statsbudsjettet for 2010 under Justis- og politidepartementet, jf. Innst. 102 S (2010-2011), blei det derfor foreslått å redusere løyvinga under kap. 456 og kap. 3456 i 2010. Det blei samtidig varsla at Regjeringa tar sikte på å kome attende til Stortinget med forslag om tilleggsløyving i 2011. Samla ramme for første utbyggingsområde blir ikkje endra som følgje av dette.
Driftsutgifter, operatør- og vedlikehaldskostnader vil forfalle til betaling for staten når leverandøren formelt har oppnådd milepælar for radionettverket og i kommunikasjonssentralleveransen til naudetatane. Regjeringa legg til grunn at denne milepælsbetalinga vil felle til betaling i byrjinga av 2011 og foreslår på denne bakgrunn ei auke av løyvinga for 2011 i samsvar med nedjusteringa under dei same kapittel og postar som blei gjort i Prop. 21 S (2010-2011). Løyvinga vil med dette vere tilstrekkelig stor for å ivareta dei pliktene staten har i tråd med kontrakta.
Kap. 456 Direktoratet for nødkommunikasjon
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga på posten dekkjer kostnadene staten har til drift av Direktoratet for nødkommunikasjon, og kostnader til leverandøren for dei områda som er bygd ut og sett i drift i 2008, 2009 og 2010, inkludert kostnader til leige av datalinjer og innplassering av nytt utstyr i eksisterande radiostasjonar.
Det blir foreslått å auke løyvinga under kap. 456, post 01 med 101,1 mill. kroner i 2011. Dette forslaget er i samsvar med nedjusteringa på same kapittel og post i Prop. 21 S (2010-2011), jf. Innst. 102 (2010-2011).
Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga på posten dekkjer investering i radionett, utstyr til naudetatane sine kommunikasjonssentralar og terminalar for det første utbyggingsområdet.
Det blir foreslått å auke løyvinga under kap. 456, post 45 med 88,8 mill. kroner i 2011. Forslaget til auka løyving er knytt til investeringar i radionettstrukturen og etatane sine kommunikasjonssentralar, som fell til betaling når krav i kontrakta med tillegg er oppfylt i 2011. Det blir foreslått å auke løyvinga under kap. 456, post 45, med 88,8 mill. kroner. Forslaget er i samsvar med nedjusteringa på same kapittel og post i Prop. 21 S (2010-2011), jf. Innst. 102 S (2010-2011).
Den foreslåtte auken i løyvinga under kap. 456, post 45 fører også med seg forslag om å auke av løyvinga under kap. 3456, post 02, jf. omtale nedanfor.
Kap. 3456 Direktorat for nødkommunikasjon
Post 02 Refusjonar
Løyvinga på posten gjeld refusjon av driftsutgifter som er vidarefakturert naudetatane. Det blir foreslått å auke løyvinga under posten med 16,3 mill. kroner i 2011, jf. omtale under kap. 456, post 45. Forslaget følgjer av eit auka behov for vidarefakturering av driftskostnader i 2011. Dette skuldast at driftskostnader for kommunikasjonssentralane, som naudetatane skal betale, først kjem til utbetaling i 2011 samt bestilte endringar frå etatane som blir levert i 2011.